Samla oversyn over utvalet sine framlegg til tiltak

Like dokumenter
Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Ungdomspanelet

Høyring - NOU 2015:2 Å høre til - Virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø

ULLENSAKER Kommune HØRINGSINNSPILL - NOU 2015:2 Å HØRE TIL. VIRKEMIDLER FOR ET TRYGT PSYKOSOSIALT SKOLEMILJØ. Side 1 av 6

Nytt kap 9A opplæringslova. Prop 57 L ( )

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Felles nasjonalt tilsyn Tema: Skulemiljø

Høringssvar fra Oppland fylkeskommune til NOU 2015:2 Å høre til - Virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø

Velkommen til høringskonferanse. NOU 2015: 2 Å høre til. Virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

elevar og foreldre viss to ulike instansar skal behandle ulike delar av ei klagesak. Det blir viktig med informasjon mellom Barneombudet og

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Høyring - NOU 2015:2 Å høre til. Virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

NOU 2015:2 Å høre til - Virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø

Høring - Virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø. Saksordfører: Siv Iren Hansen

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

NOU 2015:2 Å høre til Virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø Djupedalsutvalget

L nr. 61 Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).

NYTT KAPITTEL 9A OM SKOLEMILJØ

Nytt kapittel 9 A. Elevane sitt skolemiljø

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Elev- og lærlingombod i HFK

Fjell kommune Arkiv: 210 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

Kunngjort 9. juni 2017 kl PDF-versjon 9. juni Lov om endringer i opplæringslova og friskolelova (skolemiljø)

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule

Høyringssvar - endringar i opplæringslova og friskulelova - nytt kapittel om elevane sitt skulemiljø

PLAN FOR KOMPETANSE- UTVIKLING

Handlingsplan. Åheim skule. Elevane sitt skulemiljø. ved. Godkjent i SU den..

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

NOU 2015: 2 Å høre til. Virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø

Endringer i Opplæringsloven 9A Trygt og godt skolemiljø

Uttalelse om Djupedalutvalgets innstilling

Inkluderande barnehage og skulemiljø Plan for arbeidet med inkluderande barnehage og skulemiljø i Sogn

Opplæringslova nytt kapittel 9A

Kvinnherad kommune Sekretariat for kontrollutvalet

Opplæringslova 9A Frå 1. august 2017 er det vedteke eit nytt regelverk om skulemiljø

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

Overordnet handlingsplan mot mobbing og krenkende atferd

Plan for oppfølging av elevenes skolemiljø.

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

NOU 2015:2 Å høre til - Virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø

Ny 9a- Eit trygt. og godt skulemiljø. Kvinnherad kommune - rutinar. Anne Sofie Bjelland Kjeka KVINNHERAD KOMMUNE

Tiltaksplan Tett på realfag Nasjonal strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæring a ( )

Samlet saksfremstilling Arkivsak 1678/15 HØRING - NOU Å HØRE TIL - VIRKEMIDLER FOR ET TRYGT PSYKOSOSIALT SKOLEMILJØ

Å høyre til. Vondt er av alle andre Bli trakka på og trengd. Men vondare å veta At du er utestengd

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

9 A-2 Retten til eit trygt og godt skolemiljø Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

Høyringsuttale endring i opplæringslova nytt kapittel om skulemiljø

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Svar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Høyring av NOU 2012:1 Til barns beste

Forslag til endringer i opplæringsloven

Gol ungdomsskule (Utval for Kultur og Levekår)

NOU 2015:2 Å høre til - Virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Nytt kap. 9A Fagsamling, 3. og 4. mai 2017.

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring

Rettleiing i forkant av FNT

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Naustdal kommune, Naustdal barne og ungdomsskule. Avslutting av tilsyn.

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Innstilling frå rådmannen: Levekårskomiteen sluttar seg til framlegg til uttale slik det går fram av saksutgreiinga.

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Korleis statlege verkemiddel kan få god effekt for elevane sitt læringsutbytte? Statlege signal for 2015

Barnekonvensjonen + Nytt kap. 9 A i opplæringslova = Samsvar i praksis? til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Nye kapittel 9a. Nye kapittel 9A. Fylkesmannen i Finnmark Vadsø ungdomsskole 2. oktober 2017

HØRING - NOU 2015:2 Å høre til. Virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø

Kompetanseutvikling i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Skuleåret 2015/2016

Fylkesmannen i Finnmark viser til brev av 19.mars 2015 der NOU-2015 :2 «Å høre til» ble sendt ut på høring.

Samling for skole- og barnehageansvarlige i kommunene

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden Vedteken av Ørskog kommunestyre

Høyanger kommune erfaringar etter tilsyn og politisak

Handlingsplan for å sikre eleven et trygt og godt psykososialt skolemiljø ved Rosenborg skole

Handlingsplan. for. grunnskulen i Vestnes

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

Fag Fordyping Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

PRIVATSKOLESAMLING

Masfjorden kommune. Kompetanseutviklingsplan. for grunnskulen. Kultur. for. læring. Vedteke i kommunestyret den

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

FØREBELS TILSYNSRAPPORT

PLAN FOR EIT INKLUDERANDE BARNEHAGE- OG SKULEMILJØ

TILSYNSRAPPORT. Kommunen som barnehagemyndigheit. Vågsøy kommune

TRYGT OG GODT SKOLEMILJØ! Frå Fylkesmannen: seniorrådgivar Hjalmar Arnø

Vår ref.: 16/5216 Deres ref.: 16/4099 Bergen,

Nasjonale signal og satsingar 2018

Transkript:

Vedlegg 1 Samla oversyn over utvalet sine framlegg til tiltak Kapittel 12 Frå menneskerettar til praksis Barnekonvensjonen må implementerast betre i utdanningssektoren Det må utarbeidast ein nasjonal handlingsplan for trygge oppvekstmiljø utan krenking, mobbing, trakassering og diskriminering for barn og unge Staten ska framleis ha ein nullvisjon om og ein nullvisjon for krenking, mobbing og trakassering og diskriminering i norsk skule Det nasjonale målet for arbeidet «Elevar skal ha eit trygt og inkluderande skulemiljø» må brukast i alle samanhengar og forankrast i skulen Ei ny statleg satsing på ein Inkluderande skule utan krenking, mobbing, trakassering og diskriminering Kapittel 13 Arbeid med å fremje eit trygt skulemiljø og å førebyggje krenkingar, mobbing, trakassering og diskriminering a) Skulekultur Prinsippa i barnekonvensjonen, inkludering og sosial tilhøyrigheit skal innarbeidast tydeleg i generell del av læreplanverket. Det må utarbeidast eit nytt inkluderingsomgrep for ein mangfaldig skule Menneskerettsopplæringa i fag må styrkast Ei ny satsing knytt til psykososialt skulemiljø må ha førebygging av krenkingar, mobbing, trakassering og diskriminering knytt til diskrimineringsgrunnlaga som eit særskilt innsatsområde. Det er nødvendig med eit systematisk arbeid retta mot dette i skulen. Sametinget må i samarbeid med Utdanningsdirektoratet få i oppdrag å utarbeide læremiddel og ressursar på samisk som bidreg tilå skape eit trygt psykososialt skulemiljø, og å vurdere behovet for andre særskilte tiltak for å førebyggje krenkingar, mobbing, trakassering og diskriminering. Det må setjast av økonomiske ressursar for tilpassing og oversetting av eit skuleomfattande evidensbasert program til samisk. Dette må føljast av ei utprøving og ei effektevaluering. Eit normkritisk perspektiv må innarbeidast i lærarutdanningane, rektorutdanninga og i etterog vidareutdanning av lærarar. Normkritikk bør innarbeidast i relevante læreplanar for fag, og det bør utviklast undervisningsopplegg om normkritikk for elevar. Det må byggast opp fagmiljø med spisskompetanse om krenkingar, mobbing, trakassering og diskriminering knytte til diskrimineringsgrunnlaga i skulen. Departementet bør sjå på ordninga for å gje stønad til organisasjonar som tilbyr kompetanseheving til skular om trakassering, slik at stønaden vert meir føreseieleg. b) Elevane på skulen Elevane si forståing av og kompetanse i korleis dei kan førebyggje og handtere krenkingar, mobbing, trakassering og diskriminering må styrkast Utdanningsdirektoratet får i oppdrag å tydeleggjere krava i læreplanverket for å styrke elevane sin digitale kompetanse, inkludert digital dømmekraft Senter for IKT i utdanninga skal vidareutvikle eit program for digital dømmekraft, med verknad frå 2016-2018. Utdanningsdirektoratet får i oppdrag å tydeleggjere sosial og emosjonell kompetanse i læreplanverket som ein fagovergripande kompetanse som vert innarbeidd i alle fag c) Foreldresamarbeid Skuleeigarar bør oppmode skulane til å gjennomføre Utdanningsdirektoratet si Foreldreundersøking ein gong i året. Kunnskapsdepartementet vert bede om å gjennomgå FUG sitt mandat med mål om å gjere oppgåvene tydelegare, med særleg blikk på auka innsats knytt til det psykososiale

skulemiljøet d) Brukarorgana Elevorganisasjonen og Utdanningsdirektoratet får i oppdrag å utvikle ein kompetansepakke for elevar og elevråd, som skal innehalde informasjon om elevar sine retar, elevdemokrati, tilpassa opplæring, råda og utvala sine roller og korleis realisere elevmedverknad. Kunnskapsdepartementet bør vurdere om driftsstønaden til Elevorganisasjonen bør aukast. Skuleeigar og skuleleiar sitt ansvar for at brukarorgana har tilstrekkeleg kompetanse vert lovfesta i opplæringslova, kap.9a. e) Bruk av program mot mobbing Stønaden til programma vert vidareført Skulane sin generelle kapasitet til endringsarbeid og implementering må betrast. Det må skje gjennom opplæring av skuleleiarar og oppfølging av skuleeigarar. Kunnskapsdepartmentet bør inngå eit samarbeid med Datatilsynet for å utarbeide ei rettleiing med tiltak for å auke skuleeigar og skulen sin kompetanse om handsaming av personopplysningar. Program som skal få stønad frå utdanningsdirektoratet i framtida må fylle følgjande nye kriterium for innhald og kvalitet: - Programmet må ta høgde for skulen sitt behov. Det betyr at antimobbeprogram bør innehalde tema skjult mobbing, digital mobbing og psykisk helse - Programma må tilfredsstille føringar som er gitt i aktuelt regelverk, særskilt opplæringslova og personopplysningslova - Programeigar må vektleggje eige ansvar for implementering og kvalitetsutvikling Kapittel 14 Handtering av krenkingar, mobbing, trakassering og diskriminering i skulen Det må utarbeidast ei rettleiing om handtering av krenkingar, mobbing, trakassering og diskriminering som byggjer på kunnskap om kva som verkar og på den nye aktivitetsplikta Kapittel 15 Auka rettstryggleik gjennom tydeleggjering av kapittel 9a Sentrale prinsipp i barnekonvensjonen skal skalfestast i opplæringslova kap. 1 og kap. 9a Innhaldet i eleven sin rett til eit trygt psykososialt skulemiljø skal presiserast i lova, og ulovsfesta prinsipp skal regulerast i 9A-1 (ny nemning) Skuleeigar si plikt til å setje inn tiltak for å fremje eit trygt psykososialt skulemiljø for alle elevar skal tydeleggjerast i kap.9a Eleven sin rett til eit trygt fysisk miljø skal regulerast i 9A-2 Kravet til systematisk HMT-arbeid og internkontroll knytt til elevane sitt skulemiljø i kap 9a skal presiserast. Reguleringa av ordensreglement, inkludert bortvising, skal flyttast til kap.9a. Det vert foreslått endringar i reglane som gjeld brukarmedverknad, særleg skulemiljøet. Skuleeigar får ei lovpålagd plikt til å gje medlemmer i brukarorgana opplæring, slik at verva kan utførast på ein forsvarleg måte. Det vert foreslått ein aktivitetsplikt, med lovfesta krav til korleis skular skal handsame krenkingar av elevane. Nulltoleransen for personale som krenkjer skal lovfestast. Det skal presiserast ei skjerpa aktivitetsplikt for skuleeigar og skulen dersom tilsette mistenkjer eller har kunnskap om at tilsette krenkjer elevar. Ansvarsområdet for skulen si plikt til å gripe inn i samband med krenkingar skal presiserast, slik at det går fram av lova at plikta gjeld for alle ord og handlingar som krenkjer ein elev, og som har samanheng med skulen si verksemd. Dette inkluderer digitale krenkingar. Eit forbod mot hemn overfor elevar eller foreldre som melder frå om krenking skal lovfestast. Departementet vert bede om å greie ut behovet for rettsleg grunnlag for bruk av tvang i opplæringa.

Kapittel 16 Styrkt handheving av brot på kapittel 9a Dagens klageordning må endrast. Årsak til klage vert endra til krenkingar, og om skulen har sett inn tilstrekkelege og eigna tiltak for å sikre at eleven har eit trygt psykososialt skulemiljø. Førsteinstans skal vere Barneombudet, som eit lågterskeltilbod skal handsame klager etter 9A-10. Barneombudet får mynde til å sanksjonere skuleeigarar som ikkje har gjort nok for å stoppe krenkingane og syte for at elevane får eit trygt psykososialt skulemiljø i etterkant. Barneombodet sine vedtak skal kunne klagast til «Skolemiljøklagenemnda» Tilsyn skal vidareførast som i dag, men fylkesmennene bør gjennomføre fleire hendingsbaserte tilsyn. Departementet må sikre at fylkesmannen har tilstrekkelege ressursar til dette. Det må lovfestast ein heimel for å påleggje administrative sanksjonar og reaksjonar mot skuleeigarar som ikkje fyller krava i kap.9a, for tilsynsmyndigheita, Barneombudet og klageinstansen. Strafferegelen i kap.9a vert vidareført. Det skal lovfestast ei oppreisingsordning for krenkingar dersom skulen ikkje har gjort nok for å førebyggje, avdekke eller handtere krenkingar. Dette skal vere erstatning for ikkjeøkonomisk tap på grunn av at skuleeigar eller skulen med vilje eller ved aktløyse ikkje har oppfylt pliktene i kap.9a. Regelen om erstatning på grunnlag av arbeidsgjevaransvaret skal vidareførast. Departementet vert bede om å greie ut om saksøkjarar i saker som gjeld erstatning på grunnlag av arbeidsgjevaransvar bør omfattast av ordninga om fri rettshjelp, og om fristen for forelding bør forlengast. Det bør etablerast eit utdanningsrettsleg fagmiljø ved eit av dei juridiske fakulteta i landet. Alle utdanningsinstitusjonar som tilbyr lærarutdanning eller etter- og vidareutdanning for lærarar eller skuleleiarar, bør undervise i utdanningsrett. Kapittel 17 Skuleeigar si styring og støtte Skuleeigar sitt ansvar og kapasitet for førebyggjande arbeid og etterleving av regelverket må gjerast tydelegare Den årlege tilstandsrapporten, jf opplæringslova 13-10 skal omhandle elevane sitt psykososiale miljø, og den einskilde skule skal evaluerast. I tillegg bør alle planar for arbeid med det psykososiale skulemiljøet leggjast fram for kommunestyret eller fylkestinget. Utdanningsdirektoratet får i oppdrag å revidere og digitalisere rettleiaren om forsvarleg system etter opplæringslova 13-10. rettleiaren bør og gi døme på korleis systemet kan brukast i praksis. Det bør setjast i verk tiltak for å betre oppfølginga av Elevundersøkinga lokalt. Mandatet til PP-tenesta må endrast slik at arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling vert knytt til opplæringa og det psykososiale skulemiljøet til alle elevar. Det bør overførast ressursar frå Statped til skuleeigar for å styrke PPT. Kunnskapsdepartementet vert bede om å greie ut om det bør utarbeidast ei rettleiande norm for bemanning i PPT Utdanningsdirektoratet får i oppdrag å revidere forskrift til opplæringslova kap.22, slik at den sosial-pedagogiske rådgjevinga får ein meir førebyggjande funksjon. Statlege myndigheiter bør halde fram med å finansiere etter- og vidareutdanning i sosialpedagogisk rådgjeving. Det bør setjast inn fleire tiltak for å auke kompetansen til sosialpedagogiske rådgjevarar, og departementet bør vurdere om ressursen til sosialpedagogisk rådgjeving på skulane bør styrkast. Utdanningsdirektoratet bør i samarbeid med Faglig råd for helse- og oppvekstfag revidere læreplanen for barne- og ungdomsarbeidarutdanninga for å betre denne yrkesgruppa sin kompetanse om psykososialt skulemiljø, krenkingar, mobbing og psykisk helse.

Departementet bør vurdere å lovfeste fleire kvalitetssikrande reglar for skulefritidsordninga i opplæringslova. Kapittel 18 Styrkt samarbeid med andre eit betre støttesystem Det må gjerast ein grundig gjennomgang av heile det statlege støttesystemet som rettleiarkorpsa, dei nasjonale sentra, Senter for IKT i utdanninga og Statped utgjer, for å greie ut korleis dagen system kan gi meir relevant, likeverdig og fagleg heilskapleg støtte system for alle skuleeigarar og skular. Alle kommunane må gå gjennom ansvarsfordeling, oppgåver og tiltak i samarbeid med skulane, skulehelsetenesta, BUP, barnevern og politi. Målet er å sikre heilskap i det kommunale og statlege hjelpetilbodet til barn og unge. Det må løyvast 400 mill. kroner i fire midlar til kommunane for å styrke skulehelsetenesta. Målet er at talet på årsverk skal vere i samsvar med dei rettleiande nasjonale normene. Alle kommunane bør utarbeide førebyggingstiltak og handlingsplanar mot krenkingar, mobbing, trakassering og diskriminering på alle arenaer der barn og unge er. Frivillige organisasjonar må kunne dokumentere at dei arbeider aktivt mot mobbing og ekskludering, for å kunne få offentleg støtte og finansiering. Frivillige organisasjonar må sikrast driftsvilkår slik at dei kan arbeide mor krenkingar, mobbing, trakassering og diskriminering som eit supplement til den offentlege innsatsen. Kapittel 19 Å styrke kompetansen a) Lærarutdanningane Kunnskap om regelverket knytt til eleven sitt psykososiale skulemiljø vert innarbeidd som tydelege og konkrete læringsutbyteskildringar i alle lærarutdanningane. Læringsutbyteskildringane i grunnskulelærarutdanningane må gåast gjennom forå gjere desse meir realistiske for studentane. Det normkritiske perspektivet må integrerast i alle lærarutdanningane. Rammeplanen for Lektorutdanningen 8-13 bør endrast slik at den er tydelegare på at studenten skal kunne leggje til rette for eit trygt psykososialt skulemiljø og kunne førebyggje og handtere krenkingar, mobbing, trakassering og diskriminering Temaet psykisk helse og psykososiale risikofaktorar vert innarbeidde som eit emne i læringsutbyteskildringa i alle lærarutdanningane Kompetanse i korleis lærarane skal førebyggje og handtere digital mobbing må gjerast tydelegare i alle lærarutdanningane Utdanningsinstitusjonane må sikre at den nye femårige masterutdanninga for grunnskulelærarar skal ha eit sentralt mål om å gje kunnskap, kompetanse og ferdigheiter som er avgjerande for å sikre alle elevar eit trygt psykososialt skulemiljø som fremjar helse, trivsel, læring og sosial tilhøyrigheit. b) Etter- og vidareutdanning for lærarar Skulebasert kompetanseutvikling bør prioriterast i framtidige etter- og vidareutdanningstiltak. Det betyr at departementet må vri bruken av dei statlege kompetansemidla frå vidareutdanning til skulebasert etterutdanning. Det bør særleg prioriterast å utarbeide etterutdanningsprogram der formålet er å gje lærarar kompetanse i å handtere krenkingar, mobbing, trakassering og diskriminering, inkludert digital mobbing. Bruk av eksisterande mobbeprogram og tiltak som verkar kan vere døme på slik etterutdanning. Klasseleiing må bli eit gjennomgåande tema, og det må inkluderast som eit perspektiv i alle dei faga som lærarane skal ta vidareutdanning i. Utvalet viser til regjeringa sitt arbeid med å vurdere korleis ein rett og ei plikt til etter- og vidareutdanning kan utformast. Utvalet meiner at kompetanse i å skape trygge psykososiale skulemiljø og handlingskompetanse i å gripe inn når det er mistanke om at elevar vert utsette for krenkingar, mobbing, trakassering og diskriminering, bør vurderast som tema

som må vere del av denne plikta. c) Etter- og vidareutdanning for skuleleiarar Den statleg initierte rektorutdanninga bør vidareførast. Kjennskap til regelverket om det psykososiale skulemiljøet og kunnskap om tryggare skulemiljø bør gjerast tydelegare i utdanninga. I tillegg bør rektorutdanninga gje nødvendig kompetane i arbeidsrett og sikre at rektorane kjenner faktorane som bidreg til eit godt miljø for heile skuleorganisasjonen. Statlege myndigheiter bør setje høgare måltal for kor mange skuleleiarar som årleg får plass på rektorutdanninga. Utvalet foreslår at talet på skuleleiarar såm årleg får plass vert sett til 625. Det må etablerast eit nasjonalt opplæringsprogram i psykososialt skulemiljø for alle skuleleiarar. Kapittel 20 Forsking Norges forskingsråd vert tildelt 20 mill.kr. over ein fireårsperiode til å lyse ut forskingsprosjekt som handlar om krenkingar, mobbing, trakassering og diskriminering. Statlege tiltak må evaluerast i større grad enn i dag. Det må setjast av øyremerkte midlar til forsking på mobbing i den samiske skulen. Læringsmiljøsenteret får ansvaret for å gjennomføre Elevundersøkinga. Det skal opprettast ein database som vert administrert av Læringsmiljøsenteret i samarbeid med forskarar frå andre miljø. Kapittel 21 Inkluderande skulemiljø ei ny statleg satsing Ei ny statleg satsing på Inkluderende skole i perioden 2016-2023 som omfattar alle nivå i grunnopplæringa Etablering av partnarskap for Inkluderende skole, der partane forpliktar seg og vert ansvarleggjorde. Det vert utarbeidd ein strategi for satsinga, som også inneheld ein plan for implementering. Utdanningsdirektoratet og Læringsmiljøsenteret. Som fagleg ansvarlege, utarbeider eit nasjonalt rammeverk for skulebasert kompetanseutvikling i samarbeid med andre relevante fagmiljø. Det vert utvikla mål for satsinga, indikatorar og analyseverktøy, for å følgje med på skuleeigar og skulen si utvikling og måloppnåing. Skular som ikkje har gode nok resultat skal påleggjast tettare oppfølging. Satsinga må innehalde storskala kapasitetsbygging, både for å auke den generelle kapasiteten til skuleutvikling og implementering, og for å auke den spesifikke kapasiteten når det gjeld psykososialt skulemiljø, krenkingar, mobbing, trakassering og diskriminering. Kapasitetsbygginga må vere differensiert og tilpassa skulen sitt behov. Satsinga skal vere forskingsbasert. Arbeidet skal fokusere på 1) å fremje eit trygt psykososialt skulemiljø 2) førebygging og handtering av krenkingar, mobbing, trakassering og diskriminering og 3) utvikling av skulen som organisasjon. Arbeidet med å fremje eit trygt psykososialt skulemiljø må byggje på faktorane i del 3; skulekultur, skuleleiing, relasjonsbasert klasseleiing, elevrelasjonar og samarbeid med heimen. Arbeidet mot digital mobbing skal vere gjennomgåande i satsinga. Støttesystemet må styrkast slik at det kan hjelpe skulane i det systematiske og langsiktige arbeidet med skulemiljøet. Sentrale innsatsområde i satsinga er skulebasert kompetanseutvikling, målretta tiltak mot det psykososiale skulemiljøet, krenkingar, mobbing, trakassering og diskriminering, involvering av elevar og foreldre og auka regelverkskompetanse og etterleving. Satsinga Inkluderende skole skal ta utgangspunkt i skuleeigar og skulane sin gjeldande praksis, og kan kombinerast med andre tiltak, t.d. program.