Revidert Komposthandboka. - ein guide for alle NGIR-kompostørar

Like dokumenter
hjemmekompostering Gratis kurs!

BRUN DUNK. Slik reduserer du vond lukt om sommeren STAVANGER KOMMUNE. Dette skal ikke oppi den brune dunken. Dette skal oppi den brune dunken

Sortering av mat, glas og metall heime hos deg

BRUN DUNK SANDNES KOMMUNE Bruksanvisning

Ny avfallsordning hausten 2018/ våren 2019

6-åringar på skuleveg

MØTEBOK. Styret innstiller overfor kommunane å vedta framlegg til gebyrforskrift for 2017 med ein auke på 4 %, slik forskrifta går fram av denne saka.

Kompostering Kompostering er å utnytte en grunnprosess i naturen, basert på omsetning av organisk materiale under tilgang på luft.

Jorakomposten ditt eget økologiske kretsløp

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

HJEMME- KOMPOSTERING. Slik starter du med hjemmekompostering

MØTEBOK 21/15 SOS RENOVASJONSGEBYR FOR 2016

MØTEBOK. Gebyrforskrifta for 2018 er ei vidareføring av gebyrforskrifta for 2017, men med tillegg i gebyrsatsane på 6,5 %.

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

mmm...med SMAK på timeplanen

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

MØTEBOK. Styret innstiller overfor kommunane å vedta framlegg til gebyrforskrift for 2015 med ein auke på 3%, slik forskrifta går fram av denne saka.

Jorakompost ditt eget økologiske kretsløp

Sortering av avfall i burettslag, sameige og tettbygde område

Ute mat Korleis laga god mat UTE

NGIR-nytt. NGIR-nytt NGIR-nytt. Informasjon til hushald. Tema: Gjenvinningsstasjonane. Informasjon til hushald og hytter

REIN JORD! Handbok i heimekompostering

Innhald. frå jord til bord quiz. bondesjakk

Forskrift for hushaldsavfall i Skodje kommune, Møre og Romsdal

UNIVERSITETET I OSLO

La meg få ein sjanse til...

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 136/2017 Formannskapet PS Kommunestyret

Brukarrettleiing E-post lesar

Kva er økologisk matproduksjon?

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Farleg avfall i Nordhordland

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Spørsmål og Svar - Jorakompost

3 dl havregryn 3 ss kakao ¼ ts kanel Ei klype salt 1 ts vaniljesukker 200 g kesam 5 ss honning Kokos

FABRIKKEN. Kompost i skolen

NGIR-nytt. NGIR-nytt NGIR-nytt. Tema: Kva skjer med avfallet? Informasjon til hushald. Informasjon til hushald

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Ein kald fisk. Nedbryting

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF

Kostholdsplan for Gardstunet barnehage

Søk regionale miljøtilskot elektronisk

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

Brukarrettleiing. epolitiker

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

oppskrifter kornartane Innhald Baketips Kornblanding Di ega Kornblanding Fine rundstykke

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Haustetilrådingar per 12. sep (etter prøveuttaking11. sep.)

Då har august månad fyke forbi i stor fart med tilvenning av nye barn, og for dei barna som har gått her før. Etter ein lang sommarferie så treng dei

Informasjonshefte om hjemmekompostering

Månadsbrev for ROSA mars 2015

La meg få ein sjanse til...

Rankekompostering. Hørthe 18. februar 2015

SIGNES VOTTAR. strikketeigen.com

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Å løyse kvadratiske likningar

Tilleggsopplysningar om avfallsmengder og lagringstid

2. Kompostbeholderen skal være godkjent av Avfall Sør og plasseres og brukes slik at den ikke sjenerer naboer eller andre.

Søk regionale miljøtilskot elektronisk

HAUSTE. ÅRIM vil ha meir avfall til sortering. La oss gjenvinne meir MILJØBLADET. Side 4. Det norske matkastebordet Side 2

Elevundersøkinga 2016

Søk regionalt miljøtilskot elektronisk

1P eksamen våren 2017

NGIR-nytt. NGIR-nytt NGIR-nytt. Informasjon til hushald. Informasjon til hushald. Grønare julefeiring. NGIR ynskjer alle ei gledeleg jul!

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Refleksjon og skriving

FABRIKKEN. Kompost i skolen

Kan industriell storskala kompostering med fokus på effektivitet gi god nok kompost?

SAMARBEID HEIM OG SKULE

Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no

Forskrift om husholdningsavfall i Sula kommune

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Hjemmekompostering. en liten bioreaktor. Anne Bøen

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Introduksjon til undervisningsmateriellet

MEKLING FOR FORELDRE MEKLING FOR FORELDRE FORELDRE FOR MEKLING

Presentasjonsmalar - Powerpoint. Kort rettleiing i bruk av malane

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Haustetilrådingar per 5. sep (etter prøveuttaking 4. sep.)

Vintervèr i Eksingedalen

BLI KJENT MED ALUMINIUM

9. Ukesoppdrag. Vi er no godt inne i oktober, og dette oppdraget står i vinterens teikn. Denne veka skal dere:

Askjellrud Huseierforening har nå fått montert nedgravde avfallsløsninger fordelt på tre miljøtorg.

Haustetilrådingar for Nordfjord 25. september 2017

Kom skal vi klippe sauen

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

Innhald. Arme riddarar AV grovt brød Sandwich

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

MARS. Grøn og oransje. Skogatufto barnehage

RÅD OG TIPS TIL BU OG VEDLIKEHALD AV KOMMUNALE BUSTADAR

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim

VERNERUNDE/HANDLINGSPLAN FYSISIK ARBEIDSMILJØ UTDANNINGSAVDELINGA 2011

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen.

BLI KJENT MED ALUMINIUM

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

OST- OG SKINKEMUFFINS

Hjemmekompostering i Grenland

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Transkript:

Revidert 2016 Komposthandboka - ein guide for alle NGIR-kompostørar

Innhaldsoversikt NGIR sine kompostvilkår s. 2 Kvifor kompostera? s. 3 Kva føregår i komposten? s. 3 Kva utstyr treng du? s. 4 Plassering av kompostbingen s. 4 Klar til start/legging av komposten s. 6 Dette kan du kompostera s. 8 Dette skal ikkje komposterast s. 8 Strø s. 9 Når du får problem s. 10 Når kompostbingen er full s. 14 Den ferdige komposten s. 15 NGIR sine kompostvilkår: 1. Kompostbingen skal nyttast heile året. 2. Alt bioavfall frå hushaldet som er eigna til kompostering, og som ikkje vert nytta som dyrefor, skal komposterast. 3. NGIR har rett til å føra kontroll med at kompostbingen vert nytta etter føresetnadane. 4. Varmkompostbingen er NGIR sin eigedom og kan ikkje seljast, gjevast vekk eller flyttast ut av regionen. Om det vert oppdaga feil eller manglar ved kompostbingen, skal NGIR varslast. 5. Dersom du ønskjer å slutta med heimekompostering, skal NGIR ha melding og bingen returnerast. 2

Kvifor kompostera? Biologisk avfall (matrestar, plantar og anna) utgjer heile 35 prosent av vekta i vanleg hushaldsavfall. Verdifulle ressursar i matavfallet blir verande i krinsløpet. Avfallet blir handsama heime, og me sparar kostbar og miljøskadeleg transport. Du får eit ypperleg jordforbetringsmiddel til hagen. Du får redusert renovasjonsgebyret med fem hundre kroner per år, og lån av kompostbinge er gratis. Kva føregår i komposten? Eit stort tal mikroorganismar (bakteriar og sopp) står for nedbrytinga av matavfallet. Dei forterer det me ikkje et, og treng mykje oksygen for å leva. Under denne prosessen vert det frigjeve varme, vatn og karbondioksyd (CO 2 ). Temperaturen vil svinga alt etter kva matavfall ein har, og kan komma opp i 60 70 gradar. Avfallet vert fullstendig omdanna i løpet av få veker og krympar om lag 80 prosent i volum! Kundane til NGIR er mellom dei flinkaste i landet til å kompostera. Omlag 30 prosent av alle hushald i regionen tek hand om matavfallet sitt på denne måten. 3

Kva utstyr treng du? Godkjend varmkompostbinge. Denne får du låna gratis hjå NGIR. Bøtte og bioposar til det komposterbare avfallet. Bøtta får du utdelt saman med kompostbingen, posane får du utdelt når du ber om det. Sjå nedanfor. Greip eller liknande til omrøring av kompostmassen. Strø til å blanda i komposten. Sjå side 9. Plassering av kompostbingen Kompostbingen bør stå på fast, men drenert underlag, då det kan renna vatn frå bingen. Har bingen dreneringshol, bør den stå litt på skrå med holet nedst. Kompostbingen bør stå lett tilgjengeleg både sommar og vinter. Unngå å plassera bingen kloss oppi hagemøblar eller under glas i huset. Du må rekne med å gå ut med komposten to gonger i veka. Nye bioposar får du ved å leggja eit plastnett under loket på ein av bossdunkane dine på hentedagen. Det er same kva dunk. 4

Klar til start/legging av komposten I botnen av kompostbingen legg du omlag 20 cm med småkvist, lyng eller einer. Materialet skal vera lett samanpressa. Opp på dette legg du eit par ark med avispapir, og eit lag med grov og tørr flis på toppen. No kan du tøma fyrste spannet med matavfall i kompostbingen. Store bitar må delast opp, til dømes er eit halvt brød for stort. Bioposen kastar du oppi etter at han er tømt. Ta så på tørr strø. Seinare går du fram slik: Snu om på det øvste laget i bingen med greipa og lag ei grop i midten. Tøm bioavfallet i gropa og bioposen etter. Jamn til komposten og dekk med tørr strø. Om vinteren legg du innerloket på komposten. I sommarhalvåret bør du IKKJE bruka innerloket. Komposten bør rørast i kvar gong, men minimum kvar 14. dag. Du treng berre snu på dei øvste 20 30 cm. Luft er heilt nødvendig for at komposteringa skal bli vellukka. For lite luft i komposten fører raskt til plager som dårleg lukt, insekt og tung kompost. Tre gode komposttips: Ikkje for store bitar matavfall i kompostbingen. Ikkje spar på strø. Hugs god lufting og omrøring. 6

07

Dette kan du kompostera: Kjøt- og fiskerestar (krev ekstra strø). Frukt- og grønsaksrestar. Kaffigrut, kaffi- og teposar (la dei renne av seg). Brød og kakerestar. Saus-, suppe- og grautrestar. Egge- og rekeskal (mykje rekeskal kan gje litt lukt eit par dagar, og krev ekstra strø). Andre matrestar. Tørkepapir og serviettar (ikkje farga). Planterestar som ikkje er handsama med gift. Bioposen som avfallet var samla i (må tømast først). Hageavfall og plengras i store mengder bør komposterast for seg sjølv. Varmkompostbingen er ikkje dimensjonert for så store mengder. Del opp store bitar med matavfall slik at nedbrytingsprosessen går raskare. Dette skal ikkje komposterast: Store kjøtbein (= restavfall). Kattesand og støvsugarposar (= restavfall). Oske og kalk (skadar komposteringsprosessen) (= restavfall). Stoff som er giftige eller som ikkje kan brytast ned (=farleg avfall). I matavfallet finst det fosfor og næringsstoff. Når du leverer avfallet i biodunk eller komposterar, bidreg du til at verdifulle næringsstoff går tilbake til sitt naturlege kretsløp. 8

Strø Bruk av tørt strø er ein føresetnad for å lukkast med komposteringa. Strøet regulerer fukt og sikrar ein luftig kompost. Strøsekken bør stå under tak for å halda seg tørr. Alle hushald som komposterer matavfallet, har tilbod om å henta gratis kompoststrø. Utleveringsstader er: Gjenbruksstasjonane i Manger, Litlås, Mjåtveit og Kjevikdalen, sjå www.ngir.no Gjenbruksbutikken til KIM i Knarvik, tlf: 56 37 55 27 Dagsenter for funksjonshemma i Knarvik, tlf: 56 37 54 15 Einekavane på Matre i Masfjorden, tlf: 56 36 74 22 Modalen kommune, teknisk avdeling, tlf: 56 59 90 00 Gulen kommune, teknisk avdeling, tlf: 57 78 20 00 Solund kommune, teknisk avdeling, tlf: 57 78 62 00 Det går og fint å nytta heimelaga strø, men det er viktig at strøet er tørt og har litt grov struktur. Tørt lauv er ypparleg strø. Avklipp frå hagen, helst lauvtre, kan malast opp og nyttast som strø. Andre ting som kan nyttast er sagflis, halm, bork, torvstrø, strimla avis og oppdelte eggekartongar. Svært fint sagmjøl åleine, flis frå trykkimpregnert trevirke og plengras egnar seg ikkje som strø. Opprivne eggekartongar har god oppsugingsevne og fungerer svært godt som strø. 9

Når du får problem Komposten luktar vondt Sur lukt kjem av at kompostmassen er for tett og fuktig. Ammoniaklukt (stikkande) kjem av for mykje nitrogen i komposten. Ein kan og få lukt av til dømes mykje fiskeavfall, rekeavfall og liknande i bingen. Alle luktproblem løyser ein best ved å blanda inn rikelege mengder med tørt strø. Bruk då meir strø i framtida og pass alltid på å dekka til ferskt avfall i bingen. Fluger/larvar (kvite makkar) i komposten Temperaturen er for låg, og kanskje luktar komposten. Då vil flugene trivast og legga egg der. Slik blir du kvitt flugelarvar: 1. Bland opp komposten med strø til han vert porøs og luftig. 2. Kok opp 2 5 liter vatn med ein neve sukker per liter. 3. Tøm det kokande sukkervatnet jamt over komposten. 4. Dekk godt med avispapir og dryss stø langs kantane. Etter to til tre dagar er larvane kompostert og du kan halda fram som før. Du kan fylle på sukkervatn fleire gonger, dersom det er naudsynt. NGIR sel kompostjord som fint kan brukast til større hageog jordforbetringsprosjekt. 10

For å unngå flugeplager: Unngå lukt frå bingen. Dekk alltid til fersk avfall i komposten. Bruk ekstra strø til større mengder kjøt og fisk. Hald god temperatur i bingen. Ved 45 grader utviklar ikkje flugeegg seg (litt plengras i komposten gjer god futt ). Fjern innerloket i flugesesongen. Dette for å unngå «flugetemperatur» mellom dei to loka. Komposten luktar ikkje, men er kald. Dette er i grunnen ikkje noko problem. Forklaringa kan vera at du ikkje har så mykje matavfall, og det er jo fint! Komposten kan og vera for tørr. Du kan då tilsetja litt vatn og bruka mindre strø. For å få fart på kald kompost kan du bruka ei varmeflaske: Fyll opp ei stor plastflaske med skikkeleg varmt vatn. Skru att korka og legg flaska i kompostbinga som ei varmeflaske. Grav flaska litt ned midt i bingen. Der vil den liggja og gje varme til komposten i mange timar. Dei små organismane som skal gjera jobben, vert vekt til liv att, og det vert produsert varme. Fruktfluger Mengder av bittesmå fluger i komposten. Desse blir du kvitt ved å sørge for god lufttilgang og alltid dekke til ferskt matavfall. Sjå og til at dreneringa i bingen fungerer. www.ngir.no Me oppmodar alle våre kundar til å kompostera heime, men det er sjølvsagt opp til kvar enkelt å velja det som høver best; kompostera heime eller levera i biodunk. På www.ngir.no kan du sjølv oppretta eller endra abonnementet ditt. 12

Når kompostbingen er full Matavfallet vert nedbrote i løpet av eit par månader. Det er likevel best å vente med tøming til bingen er heilt full. For ein gjennomsnittleg nordhordlandsfamilie tek det om lag eit år å fylla opp ein kompostbinge. Når bingen skal tømmast, fjernar du den lause delen av bingeveggen. Det øvste laget, omlag 20 cm, er enno ikkje ferdig omdanna, og dette spar du ut og legg til sides medan du tek ut den ferdige råkomposten. Spyl gjerne bingen, og sjekk at dreneringa fungerer. Det er lett å sjå skilnaden mellom ferdig råkompost og uferdig kompost på toppen: Det er ikkje mogleg å sjå kva råkomposten inneheld med unntak av den grove flisa. I det uferdige topplaget vil du sjå restar etter mat. Når bingen er tømt, startar du igjen på same måte som fyrste gongen, med kvist, avispapir og strø. Deretter legg du oppi topplaget som var lagt til sides, og fortset komposteringa som før. NGIR har konsulent som rettleiar både nye og meir erfarne heimekompostørar. Ta kontakt om du treng råd eller er interessert i å byrja å kompostera. NGIR har som mål at alle heimekompostørar skal få personleg oppfylgjing. 14

! Den ferdige komposten Råkomposten bør liggja til modning i 6 8 månader før du nyttar han i hagen. Då vil du vera sikker på at nedbrytinga er heilt ferdig. Altfor fersk kompost kan skada plantar og frø. Komposten kan leggjast i haug, eller i open binge. For å unngå utvasking av verdfull næring, er det best å dekka til med plast eller annan presenning. Råkomposten kan og stå i perforerte plastsekkar. Hausten er ei fin tid for tøming av kompostbingen. Då vil komposten vera ferdig til bruk komande vår, og du får god plass til matafvfallet gjennom vinteren. Ferdig modna kompost er særs verdfull som gjødsel og jordforbetring. Til plantejord: 1 del kompost til 5 deler mager jord/torv. Til jordforbetring og hagegjødsel: Bland 3 10 liter kompost per m3 i overflata. I rosebed kan du leggja eit 5 10 cm tjukt lag på overflata kvart år. Vil du vite meir? På nettsidene til Grønn hverdag finn du fleire tips om kompostering. Sjekk gronnhverdag.no Har du gjeve plantane kompost, skal du vera forsiktig med meir gjødsling - det kan bli for mykje. 15

1. Kompostbingen skal nyttast heile året 2. Alt bioavfall frå hushaldet som er eigna til kompostering, og som ikkje vert nytta som dyrefor, skal komposterast. 3. NGIR har rett til å føra kontroll med at kompostbingen vert nytta etter føresetnadene. 4. Varmkompostbingen er NGIR sin eigedom og kan ikkje seljast, gjevast vekk eller flyttast ut av regionen. Om det vert oppdaga feil eller manglar ved kompostbingen, skal NGIR varslast. 5. Dersom du ynskjer å slutta med heimekompostering, skal NGIR ha melding og bingen returnerast. Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonselskap Lindåsvegen 1260 5956 Hundvin 56 34 33 10 post@ngir.no ngir.no facebook.com/ngirrenovasjon Oppsett: NGIR. Trykk: TrykkService AS. NGIR sine kompostvilkår