Ullensvang herad Møteinnkalling Plan- og ressursutval Møtedato: 29.04.2014 Møtestad: Heradshuset Møtetid: Kl. 08:30 Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melda frå så snart råd er, tlf. 53 67 15 00 slik at varamedlem kan kallast inn. Varamedlemer møter etter nærare innkalling. Dokument som ikkje er tilsende, kan du få kopi av på heradshuset. Dokument som ikkje er offentlege, vil berre verta sende til dei faste medlemene. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedl. vert innkalla Parti T I L L E G G S S A K S K A R T N R. 1 Sakliste Sak nr. Saktittel 034/14 Gnr.75, bnr.5 - Søknad om dispensasjon. Mellombels lagring av 30000 liter c-veske (disel) - Tiltakshavar: Kyrkjetangen AS Ullensvang herad 24. april 2014 Steinar Langesæter Leiar Side 1 av1
Ullensvang herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, del. vedtaksmynde. Møtedato Saksnr Sakshands. Plan- og ressursutval 29.04.2014 034/14 DHAR Endeleg vedtak i: Plan- og ressursutvalet Saksansv.: Dag Haraldsen Arkiv: GBNR- 75/5, N-511 Objekt: J.post id. 14/4679 Arkivsaknr 14/516-5 GNR.75, BNR.5 - SØKNAD OM DISPENSASJON. MELLOMBELS LAGRING AV 30000 LITER C-VESKE (DISEL) - TILTAKSHAVAR: KYRKJETANGEN AS Dokumentliste: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 I 06.04.2014 Stein Sekse Tekniske Gnr.75, bnr. 5 - Søknad om løyve til tiltak - Lagringsplass for 30000 liter c-veske (disel) - Tiltakshavar: Kyrkjetangen AS 2 I 11.04.2014 Stein Sekse Gnr.75, bnr. 5 - Søknad om dispensasjon - Løyve til lagringsplass for 30000 liter c-veske (disel) - Tiltakshavar: Kyrkjetangen AS 3 I 14.04.2014 feilregistrering feilregistrering 6 U 16.04.2014 SS Tekniske Meling om vedtak. Løyve til mellombels plassering av dieselanlegg på gnr.75, bnr.5 7 I 22.04.2014 John Ove Rørnes Søknad om ansvarsrett Saksnr: 059/14 Vedlegg: Søknad om dispensasjon datert 11.04.2014 Situasjonskart i M = 1:500 Merknad til nabovarsel av 31.03.2014 Reguleringsplan for Kyrkjetangen med føresegner av 2004 Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Plan- og bygningslova av 27.juni 2008 Saksutgreiing:
Det er søkt om dispensasjon frå gjeldande reguleringsplan for Øyra/Kyrkjetangen i samband med mellombels plassering av eit prefabrikkert tankanlegg for lagring av 30m 3 diesel, væske klasse 3 (tidlegare c-væske). Norled A/S leier i dag kaia på Øyra til bunkring av hurtigbåtar. Det er no ynskjelig at det vert montert ein ståltank med dobbel vegg for lagring av diesel. Den planlagde tanken stettar krav gitt av DBE. Reguleringsplanen opnar ikkje direkte for eit tankanlegg på området, men det er regulert inn eit spesialområde for småbåtanlegg slik at aktivitet i strandsona er akseptert i planen. Etter nabovarsling er det kome inn ein merknad. Merknaden går i korte trekk ut på at det omsøkte tiltaket ikkje er heimla i reguleringsplanen og at tiltaket vil vera øydeleggande for det spesielle natur og kulturlandskapet som Øyre er. Det vert i denne samanheng synt til fråsegn gjeve av regionale styresmaketer i samband med utarbeiding av reguleringsplanen. Det vert vidare hevda at anlegget medførar fare for forureining. Fylkesmannen i Hordaland har i skriv av 23.4.2004 gjeve fylgjande fråsegn:
Hordaland fylkeskommune har i skriv av 22.04.2004 gjeve fylgjande fråsegn: Vidare vert det hevda at anlegget medførar fare for forureining. Vurdering: Reguleringsplanen opnar ikkje direkte for eit tankanlegg på området, men det er regulert inn eit spesialområde for småbåtanlegg slik at aktivitet i strandsona er akseptert i planen. Dessutan er reguleringsplanen ikkje sett ut i livet og eit mellombels tiltak som omsøkt, fram til 01.05.2016, vil ikkje ha varig innverknad i området. Grunnlaget for søknaden er ein prøveordning, med eit nytt ruteopplegg, for skyssbåt med start frå Lofthus. Skyssbåtane er avhengige av bunkring og det er difor naudsynt med ei løysing på lagringsspørsmålet.
Rådmannen kan ikkje sjå at eit mellombels løyve til plassering av tankanlegget undergraver reguleringsplanen som avgjerdsgrunnlag. Planen vert ikkje endra, og tiltaket fører ikkje til varige endringar i arealbruken som vil vera til hinder for framtidig gjennomføring av reguleringsplanen. Rådmannen meiner vidare at det viktig at skyssbåtane får eit trygt alternativ for bunkring. Fare for forureining er minimal. Tanken som skal monterast er ny dobbeltvegga ståltank som vert installert etter alle naudsynte krav frå DSB og den er utstyrt med lekasjevarslar som vil gje varsel om det vert brest i innertanken. Med bakgrunn i ovannemnde meiner rådmannen at det kan gjevast mellombels dispensasjon frå gjeldande reguleringsplan for Øyre/Kyrkjetangen Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Med heimel i plan- og bygningslova 19-3 vert det gjeve mellombels dispensasjon frå reguleringsplanen for Øyre/Kyrkjetangen til plassering av dieseltank på gnr.75, bnr.5 på Øyre i samsvar med søknad, men på fylgjande vilkår: - tankanlegget skal fjernast innan 01.05.2016 og terrenget tilbakeførast til opphavleg utsjåande Klage av 31.03.2014 vert ikkje teken til fylgje. Grunngjeving for vedtaket går fram av saksutgreiinga