Kvalitetsplan mot mobbing

Like dokumenter
Kvalitetsplan mot mobbing

Kvalitetsplan mot mobbing

Kvalitetsplan mot mobbing

Kvalitetsplan mot mobbing

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

KVALITETSPLAN FOR VEVRING SKULE. Introduksjon. Skulen sin visjon og pedagogiske grunnsyn: «Rom for alle, blikk for den enkelte»

Revidert mai 15. Kvalitetsplan for Lye ungdomsskule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

HEIDAL SKULE. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule.

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

PLAN MOT MOBBING VED STORD UNGDOMSSKULE (OLWEUS)

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Olweusarbeidet i Luster kommune Felles årshjul

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Skulestart Repetisjon

Plan for trivsel ved Helland skule. VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule.

Handlingsplan mot mobbing

KVALITETSPLAN FOR HÅKVIK SKOLE

Kvalitetsplan for Gaupne skule

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Handlingsplan. Åheim skule. mot. mobbing og anna krenkjande åtferd. ved

FORELDREMØTE. September 2019

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

Erfarings- og kunnskapsinnhenting - tilbakemelding frå Hatlestrand oppvekstsenter

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKINGAR. Danielsen Ungdomsskule Osterøy

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Rosendal ungdomsskule er ein trygg og utviklande læringsarena for alle elevane. VISJON. Partar: Rektor.

Handlingsplan for godt skulemiljø for skuleåret (Olweus) Revidert oktober 2016

Handlingsplan for godt skulemiljø for skuleåret (Olweus) Revidert mai 2017

Handlingsplan mot mobbing og antisosial åtferd ved Indre Hafslo oppvekstsenter

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Plan for å sikre elevane eit godt psykososialt miljø på Tuv og Ulsåk skular og sfo

FEVIK SKOLE. Sosial handlingsplan. Handlingsplanen revideres hvert år i april.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Langevåg skule

VENNSKAP. * Me vil at alle skal føla seg trygge på skulen og på skulevegen. * Me vil at alle skal gje melding dersom dei eller andre vert plaga

Handlingsplan. Åheim skule. Elevane sitt skulemiljø. ved. Godkjent i SU den..

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen.

Utviklingsplan skuleåret 2017/2018 Bryne skule

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Heilt einig. Litt einig

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

BAKGRUNN FOR HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANTISOSIAL ATFERD

FEVIK SKOLE. Handlingsplan mot mobbing. Handlingsplanen revideres hvert år i april

KVALITETSPLAN. for Olweusprosjektet ved Skauen kristelige skole. skoleåret

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule

Plan mot mobbing og mistrivsel

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKENDE ATFERD

Arbeid med det psykososiale miljøet. Byåsen skole

Frakkagjerd ungdomsskole

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

GISKE OPPVEKSTSENTER SKULE OG SFO

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT KRENKJANDE ÅTFERD. Horpestad skule. Alle elevane på skulen vår skal oppleve eit trygt og godt arbeidsmiljø som er fritt for mobbing.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Føreord side 2. Innhald side 3. Førebyggjande arbeid side 4. Avdekking av mobbing side 5. Problemløysing side 6

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

Handlingsplan mot mobbing

KVITESEID SKULE. Planen er handsama i FaU , Samarbeidsutvalet og i TPO team med PPT

Tiltaksplan. mot mobbing og rasisme. Oma skule. Alle tilsette skal arbeide for nulltoleranse mot mobbing.

Opplæringslova 9A Frå 1. august 2017 er det vedteke eit nytt regelverk om skulemiljø

NESSET KOMMUNE Indre Nesset barne- og ungdomsskole. Plan for arbeidet med det psykososiale miljøet

FEVIK SKOLE. Handlingsplan mot mobbing. Handlingsplanen revideres hvert år i april.

TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE

TILTAK MOT MOBBING Geiranger skule og barnehage 2012

Skolens visjon: Med arbeidsglede mot nye mål

PRIVATSKOLESAMLING. Stavanger 7.mars 2013

Handlingsplan mot mobbing og antisosial atferd Ankenes skole

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Plan for oppfølging av elevenes skolemiljø.

HEIDAL SKULE. Plan for arbeidet med elevane sitt skulemiljø Heidal skule SKULEMILJØARBEID. Heidal skule har nulltoleranse mot krenkjande åtferd!

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

VIGRESTAD SKULE PLAN FOR EIT GODT PSYKOSOSIALT MILJØ. Vigrestad skule

PLAN MOT MOBBING SMØRÅS SKOLE. Gjelder fra mai 2013.

PLAN FOR Å SIKRE ET GODT PSYKOSOSIAL LÆRINGSMILJØ PÅ ÅSTVEIT SKOLE

Øystese barneskule April - 08

1. AVDEKKING AV MOBBING

Tiltaksplan mot mobbing

ANDEBU SKOLE - kunnskap og utvikling

Transkript:

Kvalitetsplan mot mobbing Bryne skule 2016-2017

INNHALD KVALITETSPLAN: s. 2 Introduksjon av verksemda Programerklæring s. 3 Kva er mobbing? Kvalitetsprogrammet s. 4 Oversikt over rapporteringsansvar s. 5 Olweus-standard s. 6 Strategiplan ved mistanke om mobbing s. 7 Tiltak for å hindra mobbing s. 8 Plan for Olweusarbeidet i klassane på Bryne skule s. 10 Vedlegg - Opplegg på trinn - Tips for å hindra mobbing 1

INTRODUKSJON AV VERKSEMDA Bryne skule er ein 1-7 skule med om lag 460 elevar. Skulen ligg i Bryne sentrum og er i stor vekst. Skulen har ei stor SFO-avdeling. Det er eit fargerikt fellesskap på skulen vår. Om lag 20% av elevane har annan kulturell bakgrunn og anna morsmål enn norsk. Det er opp mot 40 pedagogar som har arbeidsplassen sin på Bryne skule, i tillegg er det fagarbeidarar og miljøarbeidarar. Skulen si leiing består av rektor, assisterande rektor, to undervisningsinspektørar, dagleg leiar i SFO og ein administrasjonskonsulent. Skulen har sidan 2003 nytta Olweus sitt antimobbeprogram som reiskap i antimobbearbeidet. I 2010 vart skulen ein sertifisert Olweus-skule. Skulen sin visjon er: Me vil gje elevane lyst på livet og evne til å meistra det. Denne visjonen skal og prega arbeidet vårt i forhold til arbeid med elevane sitt læringsmiljø. I mai 2014 vart det gjennomført ny revisjon, og då fekk skulen ny sertifisering som gjeld fram til juli 2018. Det er leiinga ved skulen som utgjer skulen si Olweusgruppe og som saman skal sikra at skulen sitt antimobbearbeid skjer etter intensjonane i Olweusprogrammet. PROGRAMERKLÆRING Bryne skule har null-toleranse overfor mobbing og antisosial åtferd. Målet med antimobbearbeidet er at skulen skal vera ein godt plass å vera for alle elevar. Alle elevane, uavhengig av kjønn og nasjonalitet, skal kjenna seg trygge og trivast på skulen. Heile personalet skal saman gjennomføra og sikra Olweusprogrammet. Skulen sitt mål er at ingen elevar skal bli mobba. Me trur at alle mobbesaker kan løysast. 9a-3 i Opplæringslova handlar om det psykososiale miljøet til elevane. Denne lovparagrafen forpliktar oss til å driva eit aktivt og systematisk arbeid for å fremja eit godt psykososialt miljø, der den enkelte eleven kan oppleva tryggleik og sosial tilhørigheit. 2

KVA ER MOBBING? Definisjonen på mobbing er: «Ein elev er mobba eller plaga når han eller ho gjentekne gonger og over ei viss tid, vert utsett for negative handlingar frå ein eller fleire andre personar, og han/ho som vert mobba, har vanskar med å forsvara seg.» (D. Olweus) Mobbing er kjenneteikna ved: - aggressiv eller «vondsinna» åtferd - som vert gjenteke over ei viss tid - ofte prega av fysisk eller psykisk ubalanse i maktforholdet mellom den som blir mobba og den/dei som mobbar Mobbinga skjer ofte utan nokon openbar provokasjon frå offeret si side. KVALITETSPROGRAMMET Skulane er pålagde å ha internkontroll jamfør Opplæringslova 9-4, og har utarbeidd denne kvalitetsplanen. Planen er laga med utgangspunkt i Olweus-programmet og System for Kvalitetssikringa av Olweus-programmet. Det er utvikla prosedyrar ein skal bruka ved mistanke om mobbing, samt for situasjonar der mobbing skjer. Alt arbeidet skulen gjer, blir skriftleg dokumentert. Dersom det vert avvik, er det rutinar for korleis dette skal handterast. 3

OVERSIKT OVER RAPPORTERINGSANSVAR Aktivitet Ansvar for rapportering Tidspunkt Sjekkliste rektor Rektor/inspektør Ved slutten av skuleåret Sjekkliste kontaktlærar, Kontaktlærar, sosiallærar Desember og mai levera inn perm til sosiallærar Referat Olweus klassemøte Kontaktlærar Rett etter gjennomført møte Sjekkliste personalmøte, Rektor/sosiallærar Rett etter gjennomført møte haust Referat samtalegruppe Gruppeleiar Rett etter gjennomført møte Introduksjonskurs for Olweus-instruktør Hausten nytilsette Referat introduksjonskurs Olweus-instruktør Rett etter gjennomført kurs for nytilsette Sjekkliste elevråd Kontaktlærar for elevråd Rett etter gjennomført møte Melding om avvik Den som oppdagar avviket Umiddelbart Avvikshandsaming Rektor Ved behov Sakshandsaming 9a Rektor Ved behov Henstilling om mobbing, skjema Rektor, kontaktlærar Når ein får varsel om/mistanke om mobbing Fatta enkeltvedtak Rektor Etter gjennomført undersøking Det er viktig at ein har ei trygg og god sakshandsaming i mobbesaker, og skulen har rutinar og prosedyrar som skal kvalitetssikra dette arbeidet. Det er forvaltningslova som er gjeldande i dette arbeidet. Dersom skulen mottar ei henstilling om mobbing, vert det gitt svar i løpet av ein månad etter at henstillinga er motteken. Enkeltvedtaka blir fatta i tråd med forvaltningslova. I enkeltvedtaket blir det tydeleggjort kven som har oppfølgingsansvar. Enkeltvedtaka kan påklagast til Fylkesmannen. Alle sakene vert arkiverte og journalførte. 4

OLWEUS-STANDARD TILTAK TID ANSVAR DOKUMENTASJON 1. To gonger i året skal det arrangerast personalmøte der hovudelementa i det tidlegare og framtidige antimobbearbeidet blir gjennomgått og diskutert Måndagstid haust Måndagstid vår Leiinga Referat 2. Det blir gjennomført 5 pedagogiske samtalegrupper for personalet i løpet av året 3. Det blir halde minst ein dags innføringskurs om Olweusprogrammet for nytilsette 4. Det blir gjennomført undersøking med Olweus spørjeskjema om mobbing blant elevane ein gong i året 5. Inspeksjonsplanen blir gjennomgått, kritisk vurdert og eventuelt revidert minst ein gong i året 6. Lærarane og resten av personalet gjer aktivt bruk av dei fire skulereglane mot mobbing og handhevar dei så konsekvent som mogleg Reglane er: - Vi skal ikkje mobba andre - Vi skal prøva å hjelpa elevar som vert mobba - Vi skal også vera saman med elevar som lett blir åleine - Dersom vi veit at nokon blir mobba, skal vi fortelja det til dei vaksne på skulen eller til dei vaksne heime 7. Trinna har minimum 2 Olweusmøte i elevgruppa pr. månad om mobbing og liknade tema 8. Mobbing blir tatt opp som tema på minst 2 elevrådsmøter pr. år 9. Mobbing skal vera tema i dei faste elevsamtalane 10. Dei føresette blir halde godt orienterte om skulen sitt førebyggjande og problemløysanse antimobbearbeid, minst på 1 trinnforeldremøte pr. år, i dei faste utviklingssamtalane og i FAU. Anitmobbearbeidet er og tema på foreldremøte for nye førsteklasseforeldre 11. Skulen skal kjenna og bruka dei prosedyrane som er lista opp i Olweusprogrammet og som skal brukast i arbeidet med mobbesaker 12. Rektor skriv enkeltvedtak etter henstilling om mobbing. Enkeltvedtaket kan fattast både dersom det har skjedd mobbing og dersom ein har avdekka at det ikkje har skjedd. 3 haust 2 vår Haust Oktober/november Leiinga Olweusgruppa i kommunen Sosiallærar/inspektør og kontaktlærarane Referat Referat Oppsummering av undersøkinga frå Olweusgruppa sentralt August Rektor Laminert lapp til dei som går vakt med inspeksjonsreglar Kontiuerleg Alle Reglane skal henga i alle klasseromma. To gonger pr. mnd Kontaktlærarane Referat skal samlast i perm og leverast inn 2 gonger i året Haust og vår Kontaktlærar for Referat skal leverast elevråd inspektør (Elin)) Haust og vår Kontaktlærarane Elevsamtaleskjemaet Vår og haust Kontinuerleg Informasjon til nytilsette Kontaktlærarane Leiinga Kontaktlærarane Leiinga Referat Ved avvik skal skjema for avviksbehandling leverast til rektor Ved behov Rektor Kopi av enkeltvedtaket 5

STRATEGIPLAN VED MISTANKE OM MOBBING Punkta under er retningsgjevande for arbeidet vårt for å hindra mobbing. Me må likevel i alle saker utøva profesjonell tvil samt profesjonelt skjønn. Dette blir og poengtert i Å høre til, NOU 2015:2 (Djupedalsutvalget) 1. Kontaktlærar snakkar kort med dei involverte elevane ein og ein. Kontaktlærar skriv notat frå desse samtalane (bruk mobbe-skjema) og legg desse notata i Olweus-permen. Elevane kan eventuelt sjølv i tillegg skriva ned deira versjon av hendinga/hendingane. 2. Etter at undersøkingane er gjennomførte, må ein vurdera; er dette mobbing eller er det noko anna? Dersom det er mobbing, må ein gjera fylgjande: (Dei neste punkta kan kontaktlærar, sosiallærar, rektor eller kontaktlærar i samarbeid med sosiallærar og rektor ta ansvar for.) 3. Samtale med den som er utsett for mobbinga. Her må den mobbeutsette få lov til å fortelja kva som har skjedd. I tillegg må den mobbeutsette få vita kva som kjem til å skje vidare. Føresette til den om har blitt mobba, må kontaktast. Hugs notat frå samtalen. Dette notatet skal inn i Olweus-permen, samt kopi i elevmappa. 4. Alvorleg konfronterande samtale med den/dei som mobbar. Samtale med ein om gongen der ein fortel kva som vil skje vidare. I denne samtalen bør det vera 2 vaksne tilstades. Det skal skrivast referat frå dette møtet (bruk mobbeskjema). Det skal kopi av dette referatet i elevmappa. Informer føresette til mobbarane om kva som har skjedd samt kva som skal skje vidare. 5. Avtal nytt møte, både med den som har blitt mobba og mobbarane. Dette for å forsikra at mobbinga tek slutt. 6. I tillegg må kontaktlærar fylgja opp både den som har blitt mobba samt mobbarane over tid (Spørja etter korleis det går). 7. Dersom tiltaka over ikkje nyttar, må føresette til mobbarane kallast inn til møte på skulen. 8. Rektor skal fatta eit enkeltvedtak på grunnlag av henstilling frå føresette, elevar og lærarar. Ein kan skriva enkeltvedtak både når ein har avdekka mobbing, men òg når ein har funne ut at det som har skjedd, ikkje er mobbing. Dersom tiltaka ikkje fungerer, må ein vurdera skulebytte. Hugs at dersom det har blitt avdekka mobbing, skal det fyllast ut eit avviksskjema. Det er dessutan viktig at ein dokumenterer alle samtalar med dei involverte, ikkje med referat, men med korte oppsummeringar. 6

TILTAK FOR Å HINDRA MOBBING: - Skulen er med i trivselsleiarprogrammet. Programmet skal gjennom organisert leik redusere konfliktar, bygge gode vennskapsrelasjonar og fremme vennlegheit og respekt. - Skulen tolererer ikkje banning og krenkjande ordbruk. Dersom dette gjentek seg, skal elevane få med seg melding heim. - Godt tilsyn i friminutt og i ustrukturerte situasjonar - Friminutt til ulik tid, «time-out» i delar av eller i heile friminutt - Eleven skal ha ekstra oppfølging i friminutt - Eleven får ha friminutt på eit avgrensa område - Eleven må vera i ein annan klasse, eventuelt på eit anna trinn, utanfor klasseromma, i ein periode - Endra eleven si plassering i klasserommet - Orientera tilsette om situasjonen slik at alle kan følgja med ute og inne -Jamlege samtalar med skulen sine sosiallærarar - Involvera føresette 7

PLAN FOR OLWEUSARBEIDET I KLASSANE PÅ BRYNE SKULE Ansvar for kontaktlærar 1. trinn Klassemøte anna kvar veke om mobbing Innføra dei fire mobbereglane Innføra ja-regelen og stopp-regelen Ha mobbing som tema i elevsamtalane og i utviklingssamtalane Fokus på vennskap og god åtferd Evaluera mobbing/trivsel saman med elevane Sjekka at mobbeplakatane heng oppe 2. trinn Klassemøte anna kvar veke om mobbing Repetera mobbereglane Innføra mobbesirkelen Ha mobbing som tema i elevsamtalane og i tviklingssamtalane Bruka ja-relgen og stopp-regelen Fokus på vennskap og god åtferd Sjekka at mobbeplakatane heng oppe Evaluera mobbing/trivsel saman med elevane 3. trinn Klassemøte anna kvar veke om mobbing Repetisjon av mobbereglane og mobbesirkelen Bruka ja-regelen og stopp-regelen Bruka rollespel Enkel mobbeundersøking kvar månad Ha mobbing som tema i elevsamtalane og i utviklingssamtalane 4. trinn Klassemøte anna kvar veke om mobbing. Repetisjon av mobbereglane og mobbesirkelen Ha mobbing som tema i elevsamtalane og i utviklingssamtalane Bruka rollespel Enkel mobbeundersøking kvar månad Olweusundersøking kvart år som skal gjennomomgås i klassane i etterkant 5. trinn Klassemøte anna kvar veke om mobbing. Repetisjon av mobbereglane og mobbesirkelen Tema: Jentemobbing, gutemobbing,, digital mobbing Ha mobbing som tema i elevsamtalane og i tviklingssamtalane Enkel mobbeundersøking kvar månad Bruka rollespel Olweusundersøking kvart år som skal gjennomomgås i klassane 6. trinn Klassemøte anna kvar veke om mobbing. Repetisjon av mobbereglane og mobbesirkelen Ha mobbing som tema i elevsamtalane og i tviklingssamtalane Enkel mobbeundersøking kvar månad Bruka rollespel Ha tema jentemobbing, gutemobbing og digital mobbing Olweusundersøking kvart år som skal gjennomomgås i klassane 7. trinn Klassemøte anna kvar veke om mobbing. Repetisjon av mobbereglane og mobbesirkelen Ha mobbing som tema i elevsamtalane og i tviklingssamtalane Enkel mobbeundersøking kvar månad Bruka rollespel Ha tema jentemobbing, gutemobbing og digital mobbing Olweusundersøking kvart år som skal gjennomomgås i klassane Info til føresette Tema på foreldremøte Tema på foreldremøte Tema på foreldremøte Tema på foreldremøte Tema på foreldremøte Tema på foreldremøte Tema på foreldremøte 8

Elevrådet Tema om mobbing på minst 1 møte om hausten og 1 møte om våren. Informera i klassane om antimobbearbeider. Snakka om resultata av Olweusundersøkinga 9

Forslag til materiell/bøker/filmar: 1. og 2. trinn: Materiell: Dragehola (med song, leikeperm), Det er mitt val, Lions Quest Bøker: Johannes og kjærligheten, Albert og Milla Filmar: Være venner (NRK super) Songar: «Stopp, ikkje mobb», La oss være venner, Sabeltall venne sang Leikar: Bli kjent leikar, namneleik Anna: 3. og 4. trinn: Materiell: Det er mitt val, Steg for steg Bøker: Gummitarzan av Ole Lund Kirkegaard, Ronja Røverdatter av Astrid Lindgren, Harry Potter Filmar: Være venner, Sånn er jeg og sånn er det (NRK super), Vennskap mot mobbing (Udir), For the birds (You Tube), Mens du står utenfor, Superdrømmaren av Klaus Hagerup, Johannes Jensen føler seg annerledes Anna: Songar: Venner, Kaptein Sabeltann, Vi er barn som har mye å gi 5. 7. trinn: Materiell: Det er mitt val, udir.no/mmm, NFF Fair Play, Du bestemmer, Bruk huet Tema 7. trinn: Førebuing til ungdomsskulen (tankar, følelsar, utfordringar, besøk av lærar, sosiallærar, elevar frå ungdomsskulen, læra seg strategiar for å takla nye vennskap, motgang...) 5. trinn: Rollespel gjennom Ipad (puppet pals) Bøker: Elsker deg av hele mitt jærte (opplegg til boka ligg på internett), forslag til bøker på udir.no, Vaffelhjarte, Kampen mot superbitchene Filmar: Kjetil og Kjartan, «Varje dag», Sånn er jeg og sånn er det Anna: Bitching (står om dette på Time kommune si Olweus side), ha eigne jente- og guttegrupper Gode lenker: Nrk super Olweus si heimeside 10

Leikar: Organiserte TL-leikar 11

TIPS FOR Å HINDRA MOBBING Rutinar på klasse/trinn-nivå for å hinda mobbing Trinna/klassane må ha fokus på Olweustimane Aktuelle tema må ein ta opp i Olweustimane Ein må innarbeida Olweusrutinane i klassane Lærarane må visa overfor elevane at dei trivest saman Modellera positiv åtferd, trekka fram positiv åtferd Dei vaksne må vera synlege i elevmiljøet Bruka elevsamtalar regelmessig Dei vaksne på trinnet bør kjenna alle elevane, ein kan t.d. eta i ulike grupper Den som oppdagar ei uønska hending, må ordna opp i det som har skjedd Visa tydeleg at ein bryr seg om elevane Grensene på trinnet må vera klara og dei vaksne må handheva desse likt Læra elevane å leika Bruka friminuttsvenn Rutinar når det skjer uønska åtferd Ikkje gje dei elevane som er i konflikt med andre fred før me er heilt sikre på at åtferda har slutta Ordna opp i konfliktar som skjer med ein gong Hjelpa elevane til å avslutta konfliktar Ha ekstra vakt der mobbinga skjer Vera i dialog med heimen Følgja opp avtalar 12

13