-Ein tydeleg medspelar Overordna rammeverk for handtering av beredskaps- og krisesituasjonar i Møre og Romsdal fylkeskommune HMS-modul 2 18. februar 2016
Rammeverket Oppbygging av rammeverket Administrativ del Mål for og administrasjon av planverket Beredskapsprinsipp, ansvars- og rollefordeling Overordna organisering av verksemda ved beredskapssituasjon Operativ del Hovudprinsipp for varsling og mobilisering. Beredskap for psykososial omsorg. Informasjonshandtering i beredskapssituasjonar. Normalisering Innsatsplaner for ulike typar ulykkeshendingar med tilhøyrande oppgåvefordeling for nøkkelpersonell som skal handtere hendinga. Varslingslister mm.
Mål Legge grunnlag for ei effektiv og god krisehandtering i Møre og Romsdal fylkeskommune. Sentral beredskapsplan er leiingas verktøy for krisehandtering, samt at den gir føringar for lokale beredskapsplaner i dei fylkeskommunale einingane. Avklare grensesnitt og forventningar ovafor avdelingar/fagseksjonar/administrative einingar, og ovafor eksterne samarbeidspartnarar og redningsetatane.
Generelle prinsipp Ansvarsprinsippet: Den som har ansvaret i ein normalsituasjon har også ansvaret ved ekstraordinære hendingar. Likhetsprinsippet: Den organisasjonen ein opererer med under kriser, skal vere mest mogleg lik den ein har i det daglege. Nærhetsprinsippet: Ei krise skal handterast på lågast mogelege nivå i organisasjonen. Samvirkeprinsippet: Den som har ansvaret for ei krise har og ansvaret for å sikre best mogleg samvirke med relevante aktørar og verksemder i arbeidet med førebygging, beredskap og krisehandtering.
Beredskap er eit leiaransvar Fylkesrådmannen er beredskapsansvarleg og har det overordna administrative ansvaret for beredskapsarbeidet. Toppleiargruppa, med fylkeshovudverneombodet og personalsjefen, utgjer beredskapsplanleiinga, som er styringsgruppe for arbeidet med beredskap.
Beredskap er eit leiaransvar Fylkesrådmannen er beredskapsleiar og har ansvar for å leie fylkeskommunen si handtering av beredskapssituasjonar når dei oppstår. I tillegg har beredskapsleiar ansvar for utarbeiding, revisjon, opplæring og øvingar knytt til sentral beredskapsplan. Alle avdelingssjefar/rektor har ansvar for utarbeiding, revisjon, opplæring og øvingar knytt til eiga krise- og beredskapsplanar. Dei skal også leie handteringa av beredskapssituasjonar når dei oppstår på eiget nivå.
Beredskap er alles ansvar Det er også alle tilsette sitt ansvar å vise aktsemd, og melde frå om alvorlege hendingar eller situasjonar som kan utvikle seg til å bli alvorlege. Det er viktig med tidlegast mogleg varsling. Det er betre å varsle ein gong for mykje enn ein gong for lite.
Organisering beredskap
Nivå 1 sentral beredskapsleiing Den sentrale beredskapsleiinga skal handtere situasjonar som påverkar heile/store delar av organisasjonen, hendingar som omfattar fleire avdelingar, og hendingar der fylkeskommunen sitt omdømme er truga. Beredskapsleiar vurderer, og eventuelt tek avgjersle om heva beredskap og at sentral beredskapsplan trer i kraft.
Nivå 2 lokal beredskapsleiing Lokal beredskapsleiing skal handtere mindre omfattande hendingar som har tilknyting til avdeling/administrativ eining. Beredskapsleiar i lokal beredskapsleiing vurderer og ev. avgjer at lokal beredskapsplan trer i kraft og varslar sentral beredskapsansvarleg. Lokal beredskapsleiing ber om bistand frå sentral beredskapsleiing ved behov, og informerer/rapporterer til sentral beredskapsansvarleg (fylkesrådmannen). Sjølv om sentral beredskapsleiing har/overtar den overordna kriseleiinga, vil lokal beredskapsleiing fortsatt ha det primære oppfølgingsansvaret ovafor eigne tilsette og elevar. Ved hendingar som påverkar drift, vil den lokale beredskapsleiinga ha oppfølgingsansvar for at eiga verksemd raskast mogleg kjem tilbake i normal drift.
Hendingar og ansvar elev
Opplæring Alle tilsette skal ha kjennskap til fylkeskommunens beredskapsarbeid, beredskapsplanen og kor den er tilgjengeleg på http://www.mrfylke.no/beredskap. Dette skal inngå i opplæringa ved tilsetting. Alle tilsette og leiarar som har eit definert ansvar i høve beredskapsplanen, skal få ei innføring i sine oppgåver. Rektor/avdelingssjef har ansvar for at nødvendig opplæring i beredskapsarbeid inngår som ein del av opplæringa for dei tilsette. Han/hun har også ansvar for at eininga har ein plan som inneheld opplæring i beredskapsarbeid. Som ein del av opplæringa av dei tilsette skal det vere ei årleg overordna gjennomgang av beredskapsplanen. Det skal skje i løpet av 1.kvartal. Beredskapsansvarleg og personalsjefen er ansvarleg for å gi ev. innspel om det er spesifikke forhold som det skal vere fokus på.
Øvingar Øvingar er eit viktig element i kvalitetssikringa og handteringa av hendingar man normalt ikkje får trening i. Det finnast ulike øvingsformer. Det kan vere alt frå enkle varslingsøvingar, via såkalla skrivebords-/simulerings-/spilløvingar, til store øvingar med markørar og faktisk ressursinnsats. Krav om lokale og sentrale øvingar
Innsatsplaner/sjekklister 1. Skade/død på elev, tilsett eller besøkande 2. Brann, eksplosjon og evakuering 3. Truslar, vald, terror eller gisseltaking 4. Kriminell handling utført av elev/tilsett i teneste 5. Spreiing av smitte og utbrot av smittefarleg sjukdom/pandemi 6. Bortfall av kritisk infrastruktur og ressursar
Plan for psykososial omsorg
Psykososial omsorg forts.