ØRSTA KOMMUNE Byggesak MELDING OM DELEGERT VEDTAK Sakshandsamar: Thomas Winther Leira Arkivsak nr: 204/228 Delegert sak nr: 25/4 Arkiv: 32/24 Vedtaksdato: 03.02.204 ENKELTVEDTAK med klagerett i samsvar med forvaltningslova kap. 6 DELEGERT VEDTAK - GNR/BNR 32/24 - DISPENSASJON - LØYVE TIL OPPFØRING AV FRITIDSBUSTAD - BILL JENSEN VEDTAK: A. Med heimel i 9-2 i plan- og bygningslova (pbl) vert det gjeve dispensasjon frå arealføremålet i kommuneplan LNF vist som LNF sone C, slik at det kan oppførast fritidsbustad på Gnr/bnr 32/24. Kommunen legg vekt på at bruk av eigedomen i realiteten er vurdert og gjeve dispensasjon for i frådelingsvedtak i landbruksnemnda 06.2.2, sak 75/2. Etter ei samla vurdering finn kommunen at omsyna som arealføremålet i kommuneplan skal ivareta ikkje vert vesentleg tilsidesette, og at fordelane med å gi dispensasjon er klart større enn ulempene, jf. plan- og bygningslova 9-2 og vurderingar under. B. Med heimel i 2-4 i pbl av 27. juni 2008 nr. 7, med tilhøyrande forskrifter, vedtekter og delegasjonar frå teknisk sjef datert 6.08.200, vert det gitt løyve til oppføring av fritidsbustad under dei føresetnadar som vist under. C. Følgjande dokument ligg til grunn for godkjenninga:. Situasjonsplan, datert 30.0.203, innreg. 29.0.204. 2. Plan-, snitt- og fasadeteikningar, daterte 5.0.204, innreg. 20.0.204. 3. Perspektivteikningar, daterte 5.0.204, innreg. 20.0.204. 4. Terrengsnitt, datert 30.0.204, innreg. 29.0.204. 5. Gjennomføringsplan, datert 5.0.204, innreg. 20.0.204. D. Det vert sett følgjande vilkår i saka:. Før rørleggjararbeidet kan starte må vilkåra i PBL 27- og 27-2 vere stetta. 2. Tiltaket må stikkast ut (plasserast i terrenget) av kvalifisert personell. 3. Bygningen skal plasserast i høgde og horisontalplan som vist i søknaden innanfor ein toleranse på max ± 0,2 m, jf. byggesaksforskrifta 6-3. Toleransekrav gjeld ikkje avstand til regulert byggegrense, byggegrense langs offentleg veg (veglova 29) eller avstand til nabogrense (pbl 29-4).
E. Følgjande føretak vert godkjende i samband med denne saka, jf. kap. 9 i byggesaksforskriften (SAK 0) og pbl 22-3 : Føretak og organisasjonsnr. Eiken hytter AS,99636369 Egge Entreprenør AS 97580925 Egge Entreprenør AS 97580925 Funksjon (SØK, PRO, UTF, kontroll) SØK, PRO PRO UTF Saure Bygg AS 89643982 UTF Per Mulvik AS 9498756 Brændes Rørleggerforretning AS 8332492 Murer Thor Maring Holen 955920368 PRO, UTF PRO, UTF UTF Beskriving av ansvarsområdet (arbeid) Bygningsutforming, terrengtilpas, situasjonsplan, grunntrykk, mur, betong, pipe, eldstad, radonsikr og trehus med detaljer, våtrom, membran påstøp og tettesjikt, fall til sluk. Grunnarbeid med stikkledninger. Grunnarbeid med stikkledning, gravearbeid for kloakkrenseanlegg med grøfter. Netongarbeider med radonsikring, tømrararbeid, montering av elementpipe. Utstikking av hytte. Sanitæranlegg innvendig. Montering av ildsted. Tiltaksklasse F. Før bygget kan takast i bruk, må søknad om ferdigattest eller eventuelt mellombels bruksløyve leverast inn og vere godkjent av kommunen, jf. pbl 2-0. Dette løyvet og dei kart og teikningar det viser til, skal alltid vere tilgjengeleg på byggeplassen. Utskrift: Eiken Hytter AS Sol Næringssenter 4596 EIKEN Kopi til: Bill Jensen Skulevegen 3 6030 LANGEVÅG Saksdokument: I 3.0.204 29.0.204 Søknad om dispensasjon Eiken Hytter v/kjell Torfinn Verdal Saksopplysningar: Beskriving av tiltaket Det ligg føre søknad, datert 24.0.203, innregistrert 20.0.204, om løyve til oppføring av fritidsbustad på Gnr/bnr 32/24. Tiltaket gjeld ein fritidsbustad oppført med ei etasje og loft. Bygget ligg i skråande terreng og skal knytte seg på tilkomstveg mot vest.
Ansvarleg søkjar er Eiken Hytter AS, og tiltakshavar er Bill Jensen. Saka var komplett for handsaming den 29.0.204. Gjeldande plangrunnlag Eigedomen ligg i eit område der det ikkje er godkjent reguleringsplan. Området er i kommuneplan LNF vist som LNF sone C. Dispensasjon Det er søkt om dispensasjon, jf. pbl 9-, frå arealføremåla i kommuneplan LNF, vist som LNF sone C. Nabovarsling (pbl 2-3) Tiltaket er nabovarsla, utsendt rekommandert 24.0.203. Det ligg ikkje føre merknader frå varsla naboar eller gjenbuarar. Grad av utnytting Grad av utnytting er i søknaden oppgitt til 84 m 2 BYA. Tiltakets areal / bygningsopplysningar som vert ført i matrikkelen Eksisterande bygg Ny del Sum Utbygd areal (BYA) 0 m² 84m² 84 m² Bruttoareal 0 m² 83 m² 83 m² Antall brukseiningar 0 Antall etasjar 0 2 2 Fordeling av bruksareal (BRA) pr. etasje L0 0 m² 26 m² 26 m² H0 0 m² 86 m² 86 m² U0 0 m² 0 m² 0 m² Sum BRA for bygningen 0 m² 2 m² 2 m² Antall rom 0 7 7 Antall bad 0 2 2 Antall WC 0 3 3 Utforming av tiltaket / visuelle kvalitetar (pbl (28-7,) 29- til 29-3) Tiltaket er vurdert til å ha ei tilfredsstillande estetisk utforming. Sikkerheit mot naturpåkjenningar (pbl 28-) Det er opplyst at bygningen skal plasserast i område som ikkje er utsett for fare for flom, skred eller andre natur- og miljøtilhøve. Plassering av tiltak (pbl 29-4) Bygningens plassering er vurdert som tilfredstillande. Tilkomst og parkering (veglova 40-43 og pbl 27-4 og 28-7) Tiltaket medfører ingen ny eller endra tilkomst.
Vassforsyning og avløp (pbl 27- og 27-2) Eigedomen skal ha privat vassforsyning og avløpsanlegg. Søknad om dette kjem i eigen søknad ved eit seinare tidspunkt. Ansvar og kontrollomfang (pbl 23- og SAK 9-3, 4-3 og 4-5) Eiken Hytter As søkjar ansvarsrett som ansvarleg søkjar og prosjekterande for bygningsutforming, terrengtilpassing, situasjonsplan, grunntrykk, mur, betong, pipe, ildsted, radonspikring, trehus med detaljer, våtrom, membran, påstøp, tettesjikt og fall til sluk. Føretaket har sentral godkjenning som er dekkjande for tiltaket. Egge Entreprenør AS søkjer ansvarsrett som ansvarleg prosjekterande for grunnarbeid med stikkledningar og utførande for grunnarbeid. Føretaket søkjer lokal godkjenning for tiltaket. Murer Thor Martin Holen søkjer ansvarsrett som ansvarleg utførande for montering av ildsted. Føretaket søkjer lokal godkjenning for tiltaket. Brændes Rørleggerforretning AS søkjer ansvarsrett som ansvarleg prosjekterande og utførande for sanitæranlegg innvendig. Føretaket har sentral godkjenning som er dekkjande. Per Mulvik AS søkjer ansvarsrett som ansvarleg prosjekterande for utstikking av hytte. Føretaket har sentral godkjenning som er dekkjande. Gjennomføringsplan Det er innlevert gjennomføringsplan frå ansvarleg søkjar, datert 5.0.204. Ved søknad om ferdigattest / mellombels bruksløyve må oppdatert gjennomføringsplan innleverast til kommunen. Ansvarleg søkjar skal datere og signere planen kvar gong den skal innsendast, jf. 5-3 i byggesaksforskriften (SAK0). Vurdering og konklusjon: Tiltaket litt i del av kommuneplanen, LNF sone C, avsett til bygging og frådeling i samband med tradisjonell stadbunden næring som har direkte tilknyting til landbruket. Kommunen legg vekt på at bruk av eigedomen i realiteten er vurdert og gjeve dispensasjon for i frådelingsvedtak i landbruksnemnda 06.2.2, sak 75/2. Etter ei samla vurdering finn kommunen at omsyna som arealføremålet i kommuneplan skal ivareta ikkje vert vesentleg tilsidesette, og at fordelane med å gi dispensasjon er klart større enn ulempene, jf. plan- og bygningslova 9-2 og vurderingar under. Kåre Hjelle einingsleiar Thomas Winther Leira avdelingsingeniør
Sakshandsamingsgebyr: Bustad og fritidsbygning (også rorbu) (bygningstypekode -72 og 93-99): kr. 9000,- Handsaming av søknad om ansvarsrett, pr. ansvarsrett eller lokal godkjenning:5 kr. 2250,- Dispensasjon handsama administrativt: kr. 5000,- Sum: kr. 6250,- Generelle opplysningar Bortfall av løyve, jf. plan- og bygningslova 23- Er tiltaket ikkje sett i gong seinast 3 år etter at rammeløyve / byggeløyve er gjeve, fell løyve bort. Det same gjeld dersom tiltaket vert innstilt i lengre tid enn 2 år. Føregåande avgjerd gjeld tilsvarande for dispensasjonar. Fristane kan ikkje forlengast. Vert eit tiltak innstilt i lengre tid enn 3 månader, kan kommunen krevje at stillas og innhegning som støyter mot veg / gate som er open for offentlig trafikk skal fjernast, og at gate og fortau vert rydda og sett i stand. Vert eit tiltak ståande utan framdrift i lengre tid enn år, skal stillas fjernast og anlegget / tiltaket setjast i slik stand at det verkar minst mogleg til sjenanse for omgjevnadane. Varer dette lenger enn 2 år, kan kommunen krevje at tiltaket skal fjernast og at tomta / anlegget vert rydda. Ved reparasjon / ombygging, avgjer kommunen i kva for utstrekning byggverket skal førast tilbake til sin opphavlege stand. Løyve til tiltak etter 20- første ledd bokstav m fell bort dersom det ikkje er rekvirert oppmålingsforretning etter lov om eigedomsregistrering innan tre år etter at løyve vart gjeve, eller dersom matrikkelføring vil vere i strid med lov om eigedomsregistrering. Opplysningar om rett til å klage over forvaltningsvedtak Klagerett De har rett til å klage over eit forvaltningsvedtak. Kven kan De klage til? Klagen skal sendast til det kommunale organet som har gjort vedtaket. Dersom dette organet ikkje endrar vedtaket som følgje av klagen, vil den bli oversendt til Fylkesmannen til endeleg avgjerd Fristen til å klage Klagefristen er 3 veker frå den dagen melding om vedtaket kom fram til Dykk. Det er nok at klagen er postlagt innan fristen er ute. Dersom De klagar så seint at det kan vere uklårt for oss om De har klaga i rett tid, ber vi Dykk opplyse når De mottok denne meldinga. Om De har særleg grunn til det, kan De likevel søkje om å få forlenga klagefristen. Årsaka til behovet for forlenga klagefrist bør då oppgjevast. Rett til å krevje grunngjeving Dersom De ikkje alt har fått grunngjeving for vedtaket, kan De setje fram krav om å få det. Eit slikt krav må setjast fram før klagefristen er ute. Klagefristen blir i så fall avbroten, og ny frist blir rekna frå det tidspunktet De får grunngjevinga. Innhaldet i klaga I klagen skal De skrive kva for eit vedtak De klagar på, og nemne den eller dei endringane som De ønskjer. De bør også grunngi kvifor De klagar, og ta med eventuelle andre opplysningar som kan telje med når ein skal vurdere klagen. Klagen må underskrivast Utsetjing av vedtak Sjølv om De har klagerett, kan vedtaket vanlegvis setjast i verk straks. De kan likevel søkje om å få dette utsett til klagefristen er ute eller til klagen er avgjort. Rett til å sjå saksdokumenta og til Med visse avgrensingar har De rett til å sjå saksdokumenta. De må i så fall vende Dykk å krevje rettleiing til det kommunale organet som har sendt denne meldinga. De kan også få nærare rettleiing om klageretten, om korleis De skal gå fram når De klagar, og om reglane for saksbehandlinga elles Klage til Sivilombodsmannen Det er også mogeleg å be Stortingets ombodsmann for forvaltningssaker / Sivilombodsmannen om å sjå på sakshandsaming / eventuelt avgjerd hos fylkesmannen. Sivilombodsmannen har ikkje høve til å behandle saker som er avgjorde av Kongen i statsråd. Dersom klaga Dykkar blir avgjort i statsråd fordi Kongen er klageinstans, kan De difor ikkje seinare få saka Dykkar inn for Sivilombodsmannen.