VESTNES KOMMUNE Ungdomsrådet Innkalling til møte i Ungdomsrådet Møtestad: Dato: Formannskapssalen, Rådhuset, 29.04.2014 Kl.16:00 Dei som er inhabile i ei sak vert bedne om å gje melding, slik at varamedlemar kan bli innkalla, - jf. 8, 3. ledd i forvaltningslova. Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte. Saksdokumenta ligg frå i dag til gjennomsyn i servicekontoret, biblioteket og på heimesidene til kommunen. Dersom du ikkje kan møte på grunn av lovleg forfall må du snarast melde frå til politisk sekretariat på e-post ellen.forland@vestnes.kommune.no,tlf.: 71 18 40 08 eller til servicekontoret på e-post servicekontoret@vestnes.kommune.no, tlf.: 71 18 40 05. Ev. spørsmål til saksutgreiinga kan rettast til administrasjonssjefen før møtet enten på e-post: tone.roaldsnes@vestnes.kommune.no, eller tlf. 909 84 000. ordførar Side1
Saksliste Saksnr Innhald Lukka PA 12/2014 PA 13/2014 PA 14/2014 Godkjenning av innkalling Godkjenning av protokoll frå siste møte Tildeling av ungdomsstipend for 2014 frå Vestnes kommune PA 15/2014 Yrkesmessa onsdag 1. oktober 2014 PA 16/2014 Ungdomsrådshøyring av nytt bustadfelt under planlegging. "Ramberget." Side2
PA12/2014Godkjenningavinnkalling PA13/2014Godkjenningavprotokollfråsistemøte Side3
VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: C19 Arkivsaksnr.: 2013/1015 Saksbehandlar: Odd Jarle Talberg Dato: 14.04.2014 Tildeling av ungdomsstipend for 2014 frå Vestnes kommune Utval Møtedato Utvalssak Ungdomsrådet 29.04.2014 14/2014 Innstilling Ungdomsstipenda for 2014 blir tildelt: SAKSUTGREIING: Bakgrunn: Ungdomsrådet har lyst ut tildeling av ungdomsstipend for 2014 med søknadsfrist 25. april 2014. Ungdomsrådet har tidligare bestemt korleis ein skal gå gjennom alle søknadane (førebels unntatt offentlegheit i første fase) og deretter gjere tildelinga kjend. Vurdering: Ungdomsstipend for 2014 blir søkt tildelt i desse tre kulturkategoriane: 1) Sang og musikk, 2) Sport/Idrett og 3) Anna kulturkategori Vedlagt saka ligg kunngjeringsteksten som også inkluderer retningslinene. Ungdomsrådet må vurdere alle innkomne søknader i møtet. Siste år vart sjølve stipendtildelinga vedtatt i møtet, men først formelt utdelt på det følgjande ungdomsrådsmøtet. Då kunngjorde ein også ei detaljert grunngjeving for kvar tildeling. Kven som ikkje nådde opp i årets tildelingsrunde, blir ikkje kunngjort. Særutskrift til: Prisvinnar / forslagstillar Vedlegg: 1 Kunngjering av ungdomsstipend for 2014 frå Vestnes kommune Side4
Kunngjering i Vestnesavisa og Bygdebladet To innrykk - veke 13 og veke 15 ----------------------- kommunevåpen Vestnes kommune ----------------------- UNGDOMSSTIPEND FRÅ UNGDOMSRÅDET Vestnes Ungdomsråd lyser ut tre ungdomsstipend á kr 2 500. Som etter forslag eller søknad kan tildelast ungdom som har utmerka seg i kategoriane song/musikk, idrett og anna kulturkategori. Forslag og søknader skal grunngjevast og sendast til postmottak@vestnes.kommune.no. Eller sendast skriftleg pr. post til Vestnes kommune, rådhuset, 6390 Vestnes. Frist: Fredag 25.april 2014. Endeleg vedtak om ungdomsstipenda blir gjort av ungdomsrådet den 29.04.2014. ---------------- Side5
VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: C19 Arkivsaksnr.: 2013/1015 Saksbehandlar: Odd Jarle Talberg Dato: 14.04.2014 Yrkesmessa onsdag 1. oktober 2014 Utval Møtedato Utvalssak Ungdomsrådet 29.04.2014 15/2014 Innstilling Vidare detaljplanlegging av yrkesmesse 01.10.2014 må drøftast og vedtakast i møtet. SAKSUTGREIING: Bakgrunn: Ungdomsrådet kan vurdere å etablere arbeidsgrupper i møtet og kanskje fordele ansvar for oppfølginga med yrkesmessa også - (med gruppeleiarar.) Kvar gruppe kan då også tenke vidare på detaljplanlegginga av den lokale yrkesmesse til hausten. Vurdering: Saka blir sett på sakslista i samråd med tidligare drøfting. Første punkt kan gjelde invitasjonsbrevet til aktuelle adressatar i samråd / forståing med samarbeidspartane våre. (Vestnes Næringsforum /ungdomsskulane/kommunalsjef.) Ungdomsrådet (ei gruppe) kan vurdere og bestemme korleis invitasjonsbrevet skal sjå ut og sendast ut. (Jamfør invitasjonsbrev frå siste år vedlegg 1.) Andre punkt kan gjelde om ungdomsrådet seier seg nøgd med deltakinga dei siste åra? Både frå vidaregåade skular og frå lokalt næringsliv? (Sjå vedlegg 2 som viser deltakinga frå siste år.) Tredje punkt kan gjelde elevoppgåvene og korleis ein kan invitere og motivere føresette til å delta på yrkesmessa. (Jamfør vedlegg 3 og elevspørsmål frå siste år.) Særutskrift til: Aktuelle partar Vedlegg: Side6
1 Yrkesmesseinvitasjonsbrev frå siste år 2 Deltakarar på Yrkesmessa siste år 3 Elevspørsmål på yrkesmessa siste år Side7
VESTNES KOMMUNE Ungdomsrådet Til aktuelle vidaregåande skular Til aktuelle bedrifter Dato Dykkar ref. Vår ref. Saksnr. Saksbehandlar / Tlf 08.05.2013 Ungdomsrådet Yrkesmesse Ym-2013 Odd Jarle Talberg 90 18 71 48 Invitasjon til Vestnes Ungdomsråd si yrkesmesse onsdag 2. oktober 2013 Vestnes ungdomsråd følgjer opp suksessen frå dei siste åra og inviterer til deltaking på årets yrkesmesse i Vestnes. Ambisjonen er å utruste ALLE 10. KLASSINGAR I KOMMUNEN, med endå betre kunnskap om vidaregåande opplæring og kunnskap som har med yrkesval å gjere. Klokkeslett og stad: (onsdag 2. oktober) Kl. 14:30-15:30 i aulaen på Helland skule Her vil aktuelle vidaregåande skular frå regionen - framfor eit samla kommuneårskull - KORT, MEN FYNDIG, KUNNE PRESENTERE SINE SÆRLEGE TILBOD. (3 minutt kvar) Etter at det innleiingsvis er gjennomført ein generell presentasjon som gjeld alle skulane. Kl. 15:30-18:00 i Vestneshallen (enkel kioskservering) Her vil dei vidaregåande skulane kunne presentere seg ytterlegare på stands. Og her kan bedrifter og lokalt næringsliv ha sine stands og fortelje interesserte elevar om yrke og yrkesutdanningar. Teikningar av hallen vedlagt. Bordplan med el-kontaktar vil bli ordna. Både ungdomsrådet og Vestnes kommune har stor fokus på å førebu elevane i kommunen på overgangen mellom grunnskule og vidaregåande opplæring, slik at flest mogleg kan gjere eit godt og gjennomtenkt val. Med dette tiltaket ønskjer vi også å redusere talet på elevar som ikkje fullfører den vidaregåande opplæringa som tenkt, på grunn av feilval. NB! Foreldre/føresette blir også invitert til Vestneshallen. Faglærarar blir i år særleg oppfordra til - saman - å førebu elevoppgåver i samband med Yrkesmessa. Ungdomsrådet vonar at din vidaregåande skule og di bedrift vil bidra på yrkesmessa vår. Send eit førebels - JA VI VIL BIDRA på yrkesmessa 2.oktober 2013. Og oppgi e-postadresse og kontaktperson til ungdomsrådet sin koordinator: Odd.jarle.talberg@vestnes.kommune.no Med helsing Veronika Alstadsæter Ungdomsrådsleiar Geir Inge Lien medlem / ordførar Postadresse: Telefon: Telefaks: Org.nr. Rådhuset 71 18 40 00 71 18 40 01 939 901 965 6390 Vestnes www.vestnes.kommune.no E-post:postmottak@vestnes.kommune.no Side8
Påmeldingar (førebels) til Yrkesmessa i Vestnes 2. oktober 2013 Bedrift Kontaktperson Adresse E-post Telefon Nettstad Med stand (kl 15:30-17:30): Aas Mek. Verksted AS VARD, Langsten Bjørn Magne Aas Hilde-Marit Fjærestad Fiksdal Vestnesbukta, 6390 Vestnes bjorn.magne@aasmek.no 71 18 98 00 6393 Tomrefjord hilde.marit.fiksdal@vard.com 71 18 35 37 www.aasmek.no http://www.vard.com/pages/default.aspx Vard - Elektro Ds Ds Ds Ds Ds Økonomisenteret Molde / Vestnes Kurt Aaram Helland og Molde Kurt.Aaram@okonomisenteret.no 916 88 734 www.okonomisenteret.no Sparebanken Møre Finn Tangen Vestnes finn.tangen@sbm.no 91199483 www.sbm.no Sparebank 1 SMN Marianne 6390 Vestnes Marianne.Froland@smn.no 901 02 www.smn.no Frøland 398 Vestnes Roald Fiksdal Livneset, 6390 roald@vestnes.biz 995 www.vestnes.biz Næringsforum Vestnes 89 040 Vestnes kommune Karin Hovde MOT-koordinator www.vestnes.kommune.no SKULAR: (stands frå 15:30) (Info i aulaen frå 14:30 15:30) NB! Ta med minnepenn til aulaen seinast kl.14:00! Molde vgs Hilde Myrland hilde.myrland@molde.vgs.no Gjermundnes vgs Marit Årseth Vike Marit.Arseth.Vike@mrfylke.no Romsdal vgs Kjell Inge Ugelvik Kjell.Inge.Ugelvik@mrfylke.no 92666940 http://www.romsdal.vgs.no Vestborg vgs Bodil Breivik Bø 47645053 bodil.bo@vestborg.no Fagerlia vgs Dag Sigurd Mæle 90993928 Dag.Maele@mrfylke.no Ålesund vgs Brit Harsem 70107865 Brit.Harsem@mrfylke.no Akademiet Molde Per Gjerde 982 33 123 per.gjerde@akademiet.no Arrangørar: Vestnes Ungdomsråd Ida Lunde Naalsund Leiar idaln@hotmail.com Vestnes Ungdomsråd Vestnes kommune Odd J Talberg Ungdomsrådskoord. odd.jarle.talberg@vestnes.kommune.no 90187148 www.vestnes.kommune.no OJT 01.10.2013 Side9
Di oppgåve er å gå rundt å spørje minst 4 bedrifter forskjellige spørsmål - Namn på bedrift - - Årstal bedrifta vart starta- - Kor i kommunen ligg bedrifta? - - Finn tre eksempel på yrke i bedrifta, og spør gjerne kva utdanning som krevst, kva oppgåver som blir utført og kva gjennnomsnittslønna er. 1. 2. 3. - Namn på bedrift - - Årstal bedrifta vart starta- - Kor i kommunen ligg bedrifta? - - Finn tre eksempel på yrke i bedrifta, og spør gjerne kva utdanning som krevst, kva oppgåver som blir utført og kva gjennnomsnittslønna er. 1. 2. 3. Side10
- Namn på bedrift - - Årstal bedrifta vart starta- - Kor i kommunen ligg bedrifta? - - Finn tre eksempel på yrke i bedrifta, og spør gjerne kva utdanning som krevst, kva oppgåver som blir utført og kva gjennnomsnittslønna er. 1. 2. 3. - Namn på bedrift - - Årstal bedrifta vart starta- - Kor i kommunen ligg bedrifta? - - Finn tre eksempel på yrke i bedrifta, og spør gjerne kva utdanning som krevst, kva oppgåver som blir utført og kva gjennnomsnittslønna er. 1. 2. 3. Side11
VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: C19 Arkivsaksnr.: 2013/1015 Saksbehandlar: Odd Jarle Talberg Dato: 14.04.2014 Ungdomsrådshøyring av nytt bustadfelt under planlegging. "Ramberget." Utval Møtedato Utvalssak Ungdomsrådet 29.04.2014 16/2014 Administrasjonssjefen si innstilling Det er ønskjeleg at Ungdomsrådet uttalar seg om denne bustadfeltplana med fokus på tema som gjeld barn og unge. SAKSUTGREIING: Bakgrunn: Saksutgreiing, kartvedlegg og forslag til reguleringsbestemmelser gjeldande for Ramberget ligg på kommunen sin nettstad. Lenke her: http://www.vestnes.kommune.no/modules/article.aspx?objecttype=article&article.id=4314&c ategory.id=592 Vurdering: På førre ungdomsrådsmøte i sak 10/2014, behandla ungdomsrådet ei sak med fokus på statlege retningsliner for barn og unge i kommuneplanlegginga. (T-2/08.) Fleire spørsmål kan vurderast og drøftast under saka til dømes: Er det såpass kort avstand til Vestnes Idrettspark og Kråkvika friområde at det ikkje er nødvendig med litt større områdeleikeplassar for litt større ungar i feltet? Er det planlagte gangvegsystemet i området godt nok samanhengane ovanfor? Ungdomsrådet har medlemmer frå elevrådet ved den næraste skulen. Side12
Ungdomsrådet har også på generelt grunnlag kompetanse til å kunne seie noko om det planlagte leikeplassarealet er tilstrekkeleg stort og tilstrekkeleg trygt. Og om den planlagte skulevegen og fritidsvegen i området er godt nok vurdert og planlagt. Særutskrift til: Vestnes kommune Side13