Aurland fjellstyre Møtedato: 12.12.14 Stad: Holo. Budsjettforslaget legg opp til eit årsoverskot på kr. 40.600.



Like dokumenter
Aurland fjellstyre Møtedato: Stad: Holo

Aurland fjellstyre Møtedato: Stad: Tokvam. Budsjettforslaget legg opp til eit årsunderskot på kr

Aurland fjellstyre Møtedato: Stad: Åbelheim. Budsjettforslaget for 2017 legg opp til eit årsunderskot på kr

Resultatregnskap AURLAND FJELLSTYRE

Kommune Styre, råd, utval Møtestad Møtedato Frå kl Til kl Erling Nesbø, May Britt Martinsen, Bente Steine, Bjørn Ebne, John Håland.

Kommune Styre, råd, utval Møtestad Møtedato Frå kl Til kl Erling Nesbø, John Håland, May Britt Martinsen, Bjørn Ebne.

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jortveit, Halvor Fehn

Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

BUDSJETT KONTROLLORGAN

Kommune Styre, råd, utval Møtestad Møtedato Frå kl Til kl Erling Nesbø, May Britt Martinsen, John Håland, Bente Steine.

Kommune Styre, råd, utval Møtestad Møtedato Frå kl Til kl Aurland fjellstyret Fjordsenteret

Kommune Styre, råd, utval Møtestad Møtedato Frå kl Til kl Erling Nesbø, Bjørn Ebne, Bente Steine, May Britt Martinsen, John Håland.

Aurland fjellstyre Møtedato: Stad: Fjordsenteret

MØTEBOK. Desse møtte: Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING

Note 1 Resultatrekneskap med fordeling

Handlingsplan EKSTERN TENESTE Gol kyrkjelege fellesråd

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Kommune Styre, råd, utval Møtestad Møtedato Frå kl Til kl Erling Nesbø, John Håland, May Britt Martinsen, Bente Steine, Bjørn Ebne.

NTL Sentralforvaltningens representantskapsmøte mars 2014 Sak 3 Regnskap

10/60-14/N-211//AMS

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

RAULAND FJELLSTYRE ÅRSMELDING 2014

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: rådhuset Møtedato: Tid: 12.30

Styresak. Halfdan Brandtzæg Rapportering frå verksemda per november Arkivsak 2014/805/ Styresak 068/2014 A Styremøte

Luster kyrkjelege fellesråd, 2. tertialrapport 2016

AU - Nasjonalparkstyre for Reinheimen

ÅRSMELDING FOR EIDFJORD FJELLSTYRE 2007

DB

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

Tilsynsutvalet i Hordaland. Møteprotokoll. Møtedato: Møtetid: Kl. 15:45 18:15. Møtestad: Heradshuset i Kinsarvik Saksnr.

FINANSFORVALTNINGA I 2011

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

FINANSRAPPORT PR. AUGUST 2010

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2013.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Oversyn over økonomiplanperioden

Nytt Gebyrregulativ for lokal forskrift for VA-gebyr

Lønnsundersøkinga for 2014

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 137/2017 Formannskapet PS Kommunestyret

GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

VATN OG AVLØP I KOVSTULHEIA-RUSSMARKEN

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Kommune Styre, råd, utval Møtestad Møtedato Frå kl Til kl Aurland Fjellstyret Marianne Bakeri og kafè

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Orientering om jakt, fiske og hytteutleige på Suldal statsallmenning.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Kommune Styre, råd, utval Møtestad Møtedato Frå kl Til kl Aurland fjellstyret Fjordesenteret

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Budsjett Økonomiplan Revidert budsjettgrunnlag 1. november 2013

Kommune Styre, råd, utval Møtestad Møtedato Frå kl Til kl Aurland fjellstyret Fjordsenteret

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Årsmelding. for Aurland fjellstyre 2013

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

NY PENSJONSORDNING FOR FOLKEVALDE

Sak 15/16. Hjortejakta i Nordheimsdalen utlysing av jaktfelt nr. 1 (nedre felt)

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

FINANSFORVALTNINGA I 2012

Møteprotokoll for møte i

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

HORDALANDD. Utarbeidd av

Møtebok for Ulvik fjellstyre

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Tertialrapport 2 tertial 2015

RAULAND FJELLSTYRE ÅRSMELDING 2011

FJORDVARMENYTT. Kjære kundar! Her kjem juleavisa vår! Informasjon om drifta av fjordvarmeanlegget. Statistikk og økonomi:

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Innkalling til møte i Ullensvang fjellstyre

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Styresak. Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld:

Møtebok for Ulvik fjellstyre

Stemnehandboka for NKSF

MØTEBOK. Desse møtte: Jarle Nordjordet, Marit Jortveit, Tor Aage Dale, Marit Kåsa

BUDSJETT KONTROLLORGAN

ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Bustadmarknaden i Sogn. Presentasjon for Sogn Regionrådsdag Tirsdag 21.april 2015 Leikanger

Team Hareid Trygg Heime

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

Transkript:

Sak 38/14. Fjellstyrebudsjettet for 2015 Budsjettframlegg er utarbeidd. Som samanlikningsgrunnlag er medteke rekneskapstala for 2013, budsjett og prognose for 2014. I prognosen for 2014 er det m.a. teke utgangspunkt i rekneskapstala pr. 31.10. Budsjettforslaget legg opp til eit årsoverskot på kr. 40.600. Kommentarar til postane i budsjettet: INNTEKTSSIDA: 3011 Utleige arbeidskraft/snøscooter Gjeld avtalen om utleige av ½ årsverk til Aurland Setjefisk BA, ½ årsverk til Lærdal kommune (viltforvalting), tenestesal til SNO i samband med jervregistrering og rovdyrskadedokumentasjon, i tillegg til anna arbeid for SNO og andre. Arbeidsomfang litt mindre enn inneverande år, sidan det i år var eit ekstraordinært tenestesal til kommunen etter brannen i Lærdal. Inntekta vert justert i samsvar med auka timekostnad. 3012 Villreinutvalet - refusjon oppsyn/sekretær Reknar med omlag tilsvarande arbeidsmengd som i 2014. 3300 Statskog - ref. oppsynsutgifter Etter fjellova skal 50 % refunderast, men statsbudsjettet avgjer reèll refusjon (ingen auke i samla refusjonspott til fjellstyra i statsbudsjettet for 2015). Eige budsjett for oppsynet i Aurland er sendt til Statskog SF. Går i budsjettframlegget ut frå at tildelt sum vert noko avkorta i høve til omsøkt tilskot, ut frå kva som har vore normalen dei siste åra. 3302 Erstatningar Eco Vannkraft Desse vert indeksregulerte med visse mellomrom (kvart 4. år) Regulering skjedde sist ved utbetalinga i juli i 2014. 3303 Tilskot grunneigarfondet/ Statskog Ingen aktuelle prosjekt i 2015. Tilskot til friluftstiltak for born og unge skulefiskedagane - er teke med her. Dette vert utbetalt av Statskog SF, men vert fordelt av regionalt oppsynsutval (ROU). Det er transporten av skuleborn til fiskedagar i fjellet fjellstyret har avtalt med skulane å dekka. 3304 Oppsynstilskot grunneigarar For oppsyn på privat grunn, 1 øre pr. daa., i følgje avtale med grunneigarlaget.

(Sak 38/14, side 2) INNTEKTER, FRAMHALD: 3306 Fiske Interessa for fiske i Aurland er stor, så eg reknar med at fiskekortinntektene (garnfiske + fjellstyret sin del av Aurlandskortsalet) held seg minst på det nivået dei har lege på dei siste par åra. Prisane er samordna med kortprisane på dei private sonene i fiskekortordninga, og vart auka før sesongen 2013. 3307 Sal av fellingsløyve rein Går ut frå like stor kvote som i 2013. Prisane vart sist justerte i 2012. Fjellstyret bør vurdera ny prisjustering i 2015, for at ikkje prishoppet skal bli for stort ved kvar justering. 3308 Sal av fellingsløyve hjort/elg Inntekta her avheng litt av om elgen vert skoten eller ikkje. Avtalane om hjort- og elgjakt i Nordheimsdalen vart forhandla på nytt i 2012. Då vart prisane noko oppjusterte. Avtalen med jakt- og fiskelaget varer ut jakta 2015. 3309 Småviltjakt Fjellstyret sitt vedtak om 2 veker utsett jaktstart i 2012 førde til eit stort fall i inntektene frå sal av jaktkort - salet vart ned mot 20 % av det som har vore vanleg, slik som ein hadde rekna med då vedtaket vart gjort. Sjølv med like sein jaktstart i år har inntektene av jaktkortsalet auka att. Det kan verka som om mange jegerar tilpassar seg seinare jaktstart, og jaktar så sant ver og føre gjer det mogeleg i år fram til midten av oktober. 3310 Festeavgifter Fjellstyret har krav på 50 % av dei festeavgiftene som vert innbetalte til Statskog SF for hytter og overnattingsverksemder. 3311 Overnatting fjellstyrehytter Bra auke i tal overnattingar på hyttene til fjellstyret i år, m.a. grunna den fine sommaren. Reknar med at desse inntektene vil halda seg på 2014-nivået framover, eller auka litt, sidan fleire no har vorte kjende med tilbodet. Det bør vurderast å justera prisane på utleiga av hytta i Håbergsholene, som har vore uendra sidan tilbodet kom i 2007. Interessa for å leiga hytta har auka mykje sidan tilbodet vart lagt ut på Inatur for eit par år sidan. 3312 Sal av trykksaker fjellstyrekontoret Salet av bladet "Villreinen" og valdkartet for Nordfjella. 8070 Renteinntekter Renter av bankinnskot og av lån til Aurland Setjefisk BA. Rentenivået har vore lågt dei siste åra, og vil truleg halda seg lågt.

(Sak 38/14, side 3) UTGIFTSSIDA: 5001 Løner oppsyn (refusjonsgjevande) Omlag 42 % av dei samla lønskostnadene for 2014 gjeld refusjonsgjevande arbeid for fjellstyret reknar med om lag same fordeling av arbeidstida neste år. Det er teke utgangspunkt i tala i oppsynsbudsjettet for 2015 som er vedteke av fjellstyret og sendt Statskog SF til godkjenning. Der var det rekna med ein lønsauke på 3,5 %. I tillegg til 2,5 årsverk faste tilsette, er det rekna med innleige av ferievikar tilsvarande 1 månadsverk til ettersyn med setjefiskanlegg og anna arbeid. 5001 Oppsyn anna arbeid (ikkje refusjonsgjevande) Lønskostnader i samband med arbeid for andre instansar, som er inntektsgjevande for fjellstyret. Utgjer i 2014 omlag 58 % av arbeidsmengda. 5401 Arbeidsgjevaravgift (refusjonsgjevande) 10,6 % av lønsutgiftene som gjeld arbeid for fjellstyret. 5401 Arbeidsgjevaravgift (ikkje refusjonsgjevande) 10,6 % av ikkje-refusjonsgjevande lønskostnader (Oppsyn anna arbeid og Møtegodtgjersle). 5451 Pensjons- og yrkesskadeforsikring I samsvar med inngåtte avtalar med dei tilsette (4 % av løn). 7101 Bilgodtgjersle Oppdrag frå andre instansar (som t.d. SNO og Aurland Setjefisk) fører til mykje køyring. På den andre sida kjem ein del av dette att på inntektssida, ved at køyringa vert fakturert. Det vart lagt opp til ei halvering av utbetalinga til bilgodtgjersle i 2014, då fjellstyret sist vinter kjøpte inn ein fimabil til å ta den tyngste køyringa og dei lengste turane. Det ser ut til at dette langt på veg held stikk. 7151 Diettgodtgjersle Nivået på denne er nokså stabil. 5331 Møtegodtgjersle Kommunestyret vedtok i januar 2009 godtgjersler til fjellstyremedlemane. Eg har lagt desse til grunn i budsjettframlegget.

(sak 38/14, side 4) 6471 Driftsutgifter materiell Drifts- og vedlikehaldsutgifter av snøscooter, tilhengar, båtar m.v. Det er særleg vedlikehald av snøskuter som kan dra opp denne kostnaden. 6472 Firmabil Månadleg leasingavgift, drivstoff, årsavgift, forsikring og andre utgifter til bilhald. Det er laga eit eige notat med utrekningar av kostnader med bilhaldet. Kostnaden vert lågare enn i 2014, grunna eingongsinnbetalinga ved inngåinga av kontrakten. 6475 Andre utgifter oppsynsordninga Skal dekka arbeidsklede, pålagt sikringsutstyr og godtgjersle for bruk av eige utstyr i samsvar med tariffavtale, og supplering og fornying av dette. Avgifter for sikringsradio og abonnement og bruk av mobiltelefon kjem og på denne budsjettposten. 6700 Rekneskap/revisjon Må rekna med ein viss auke, i samsvar med kostnadsnivået elles. 6710 Kontorutgifter Litt oppjustert i høve til 2013-2014. Auka kostnader til kopiering, sidan det er kjøpt ny kopimaskin på Fjordsenteret der fjellstyret ikkje har subsidiert pris. 7000 Reinsjakt (fellingsavg. m.m.) Omlag på same nivå som i 2014. Fellingsavgifta for hjort og elg ligg og inne i denne summen. 7001 Fiske Hovuddelen av summen gjeld betaling av setjefisk kjøpt frå Aurland Setjefisk BA. 7002 Hytter, drift Den oppsette summen skal dekka kostnadene med drift og rutinemessig vedlikehald av fjellstyrehyttene. 7003 Tilskot til tiltak i allmenningen Ingen større planlagde tiltak me veit om no. Kostnaden med planlagde fiskedagar for skuleklassar vert ført her. 7004 Tilskot til allmennyttige føremål Kan løyvast av overskotet i fjellkassa, jfr. 11 i Fjellova. 7010 Møte/kurs/reiser Skal m.a. dekka kurs- og møteutgifter både for fjellstyremedlemar og tilsette.

(sak 38/14, side 5) 7020 Hytter, bygningstiltak Det vart i 2011 utført el-sjekk av fjellstyret si hytte i Håbergsholene, og det var budsjettert med utbetring av anlegget i år, berekna å kosta kr. 21.000. E-co Energi har teke på seg å ta jobben med eigne folk, difor er summen stroken frå budsjettet no. Ein vasslekkasje under hytta vart ordna i fjor. Det er mogeleg at dette eliminerer problemet ein har hatt med grunnforholda. Me vil følgja med på korleis dette utviklar seg framover - om hytta framleis hever og senkar seg etter årstida, eller om ho roar seg. Føreslær difor å venta med eventuelle nye dreneringstiltak til ein har fått klårlagt dette. 7420 Kontingent Norges fjellstyresamband Landsmøtet til fjellstyresambandet i 2014 vidareførde tidlegare nytta kontingentsats, som seier at kontingenten skal vera 4 % av bruttoinntektene til fjellstyret året før (3 % for fjellstyre med bruttoinntekt under 200.000). 7425 Kontingent og tilskot villreinutvalet Fjellstyret betalar fast kontingent. I tillegg er det innført eit oppsynstilskot for å dekka noko av villreinutvalet sitt oppsyn. For fjellstyra er dette på 3 øre pr. daa (2 øre for dei private jaktfelta). 7426 Kontingent Samarbeidsorganet for fjellstyra på Hardangervidda Dette er ein informasjonskontingent" som fjellstyret betalar for å få all informasjon som vert utsend. Fjellstyret har møterett i dette organet. 7510 Forsikring hytter og materiell Går ut frå same nivå på forsikringspremien som det siste året. 7005 Trykkeutgifter og informasjonstiltak Utlegging av informasjon om tilboda i Aurland på Inatur sine sider og på fjellstyret si eiga nettside. Utgifter til trykking av jakt- og fiskekort og anna infomateriell kjem og på denne posten, sameleis annonsering av fjellstyremøta. Kjøp av bladet «Villreinen» til alle som tek ut jaktkort for villrein utgjer ein vesentleg kostnad. 7006 Mobiltelefon/sikringsradio Ny sikringsradio vart kjøpt i år. Ingen planlagde kjøp i 2015, men ein liten sum vert avsett i tilfelle det vert trong for utskifting.

(sak 38/14, side 6) 7007 Båt/naust/motor Det er ikkje forslag om kjøp av nye båtar dette året, heller ikkje andre kostnader som gjeld båtmotorar eller naust. 7008 Kontorutstyr Ein liten skrivar på fjellstyrekontoret bør erstattast med ein ny. 7009 Byte av snøskuter/kjelke/tilhengar Det vart for nokre år sidan kjøpt ein stor skuterkjelke. Det syner seg at denne er i tyngste laget å lasta av og på bilhengar for ein mann. Me ser difor etter ein mindre og lettare kjelke som på mange turar kan nyttast i staden for den store. Pris er ikkje undersøkt truleg kr. 5000-10.000. Ein gammal biltilhengar som fjellstyret eig, 1982-modelll, er så sliten at han bør skiftast ut. Denne vert no mest nytta til å frakta dei minste båtane. Difor vil ein liten båthengar gjera vel så god nytte pris knappe 10.000. 7021 Garasje Garasjeleiga som fjellstyret betalar til Aurland Setjefisk BA er i dag kr. 11.000 i året. Det vert lansert planar om å byggja eit overbygg eller halvtak på tomta ved fiskehuset, slik at tilhengarar, båtar o.a. som no vert lagra ute kan stå under tak. Dersom Aurland Setjefisk byggjer, vil dette auka årleg leigepris for fjellstyret til om lag kr. 20.000. Saka må drøftast med styret for Aurland setjefisk SA, som må gjera dei naudsynte vedtaka. 8169 Finansutgifter Gebyr og rentekostnader. Fjellstyrekontoret, den 4.12.14 Harald Skjerdal