Innlegg mistillitssak Anundsen

Like dokumenter
Møte tirsdag den 19. mai 2015 kl. 10 President: O l e m i c T h o m m e s s e n

MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?»

Det er et mål at personer uten lovlig opphold returneres raskt, og primært med assistert retur, men om nødvendig med tvang.

MEDBORGERNOTAT. «Stortingsval Veljarvandring»

MEDBORGERNOTAT. «Sympatibarometer for norske politiske parti i perioden »

Innst. 238 S. ( ) Innstilling til Stortinget fra kommunal- og forvaltningskomiteen. Sammendrag. Dokument 8:46 S ( )

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

MEDBORGERNOTAT. «Ei oversikt over spørsmåla i Meningsfelle-testen» Marta Rekdal Eidheim Universitetet i Bergen August 2017

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Til deg som bur i fosterheim år

Fyll inn datoar i rutene etter kvart som du set deg mål og når dei. Mitt mål Språk: Dette kan eg

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Skuleåret 2017/2018.

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Å FORME DEN NYE KOMMUNEN DIN?

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015

MEDBORGERNOTAT #12. «Med KrF i sentrum ei analyse av partisympatiane til KrFveljarar

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Brukarrettleiing. epolitiker

Etiske retningslinjer. for. folkevalde og tilsette. i Voss kommune

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Tilleggsavtale til Samarbeidsavtalen mellom Regjeringen, Venstre og KrF.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

System og forvaltning

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Søknad om auke i fellingsløyver på hjort jakta 2017 Lærdal bestandsplanområde for hjort

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

Finnøy og Rennesøy kommunar

6-åringar på skuleveg

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Høyring - Forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

1. Oppretting og vedlikehald av utvekslingsavtalar i FS

Du må tru det for å sjå det

Partifinansiering 2017, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Dilemma ved ei folkerøysting. Oddvar Flæte og Jan Øhlckers

BARNEVERNET. Til beste for barnet

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Partifinansiering 2016, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Vedtak om å krevje tilbake feil utbetalt bustøtte

Foreldremøte 19. september 2018

UNIVERSITETET I OSLO

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Handlingsplan ved urovekkande fråvær

Brukarrettleiing E-post lesar

Miljøretta helsevern har ikkje avdekka avvik ved skulen i 2012.

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Nytt kap 9A opplæringslova. Prop 57 L ( )

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Bømlo kommune

Info til barn og unge

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. KLAGE - behandling deling - gnr bnr 149/2 -- Sunde - Jenny Grønstøl

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

St.meld. nr. 10 ( )

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Informasjonshefte Tuv barnehage

Vel nynorsk for barnet ditt!

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2014

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Krav til sakshandsaming. Samnanger kommune

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Ørsta, Volda og Hornindal

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

Fylkesmannen sin praktisering av jordlova, konsesjonslova og odelslova i 2015

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Alle grunnskular. Fagavdeling barnehage og skole

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Dersom du står fast tek du kontakt med Malin Olivia Dahlberg på eller telefon

Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

Transkript:

Innlegg mistillitssak Anundsen President La meg først få takke komiteen for godt samarbeid i denne saka, departementet og statsråden for å ha bidratt med informasjon og alle dei ulike personar og instansar som gjennom å delta på høyringa belyste saka. President, det å innvilge asyl til menneske som er forfulgt er eit av dei tidlege kjenneteikna på sivilisasjon. Det er vanleg å rekne at det går tusenvis av år tilbake, kanskje så mykje som 3500 år. Retten er også nedfelt i verdenserklæringa om menneskerettar av 1948, artikkel 14: 1. Enhver har rett til i andre land å søke og ta imot asyl mot forfølgelse. Asylinstituttet er viktig. Det gjer at menneske som er forfølgde eller på flukt kan finne ein ny heim. Ein viktig og naudsynt del av asylinstituttet er også at mange får avslag på søknaden sin dei oppfyller ikkje krava. Dei skal sendast tilbake til landet dei 1

kom frå. Ein del av desse kan ikkje sendast tilbake, til dømes fordi situasjonen i heimlandet er så farleg at det ikkje er tilrådeleg. For ein god del menneske har det medført at dei blir verande i Noreg på ubestemt tid. Lenge. Det gjeld også relativt mange barn. Dei lærer seg norsk. Dei går i barnehage og på skule. Dei blir del av lokalsamfunn over heile landet. Dei leikar og ler som andre barn. Dei treng kos og trøst som andre barn. Dei er barn. Også kjent under betegnelsen asylbarn. President Regjeringa gjorde for 2014 ei endring i tildelingsbrevet til Politidirektoratet, som er bakgrunnen for denne saken. Under delmål 4.2 «Rask retur av utlendinger utan lovlig opphold» står det at «Saker som omfatter barn skal prioriteres». Dette var ei endring frå 2013, då det stod «Saker som omfatter barn som har oppholdt seg lenge i Norge uten tillatelse skal prioriteres» 2

Basert på tildelingsbrevet, sender Politidirektoratet (POD) ut eit såkalla disponeringsskriv for Politi- og lensmannsetaten. I dette brevet hadde POD ikkje gjort den same endringa. Den blei dermed ikkje vidareformidla til dei som som står for returane, Politiets Utlendingsenhet (PU). Først heilt i slutten av 2014, den 2. desember, vart feilen oppdaga. Bergens Tidende kunne fortelje at endringane i tildelingsbrevet frå Justisdepartementet ikkje hadde blitt fulgt opp av Politidirektoratet. Justisministeren vart på kort varsel innkalla til Stortinget, der han erkjente og beklaga feilen. Etter ei tid vart det opna kontrollhøyring i saka, med utgangspunkt i tre problemstillingar. 1. Hvordan ble formuleringen forstått og implementert av underliggende etater? 2. Hadde departementet grunnlag for å forstå, og burde det forstått, at denne endrede formuleringen ikke ble videreformidlet til underliggende etater? 3. Har statsrådens opplysninger til Stortinget vært korrekte og fullgode, og i tråd med de faktiske forhold? 3

President, la oss ta dei tre spørsmåla for oss i rekkefølge. Korleis forstod og implementerte underliggande etatar politikkendringa? I Stortinget 2.desember gjorde justisministeren det klart at han ville til bunns i det spørsmålet. Allereie kort tid etter gjekk Politidirektoratet ut og sa at politikkendringa var forstått, og at feilen ikkje hadde fått konsekvensar. Justisministeren vidareformidla denne bodskapen til Kontrollkomiteen i brevs form. Denne forklaringa heldt statsråden og statsministeren fast i fram til høyringa i februar 2015, sjølv om det var få eller ingen teikn som tyda på at politikkendringa var forstått. Høyringa avdekka at svaret på dette spørsmålet i røynda var langt enklare, og i grunn logisk. Det ein ikkje har fått med seg, kan ein heller ikkje forstå. Politikkendringa var ikkje formidla vidare, og var då heller ikkje forstått. Ikkje av direktoratet, ikkje i Politiets Utlendingsenhet. 4

Burde så departementet og statsråden forstått at ingen oppfatta det, president? Det mangla i alle fall ikkje på signal. Først fikk departementet ein kopi av disponeringsskrivet frå Politidirektoratet, utan å leggje merke til at politikkendringa deira ikkje var sett i verk. Så fekk dei eit brev med spørsmål frå Politidirektoratet om den konkrete formuleringa. I sitt svar lot departementet vere å oppklåre, men gjentok den same formuleringa som dei hadde brukt i tildelingsbrevet og sa at «saker som omfatter barn skal prioriteres i 2014». Utover det kom ikkje departementet med noko påpeiking av politikkendringa som låg i punktet, eller ei presisering av at dette var ei endring. Med andre ord; - dokumentasjonen på at endringa ikkje var formidla vidare var i departmentet. - Eit klårt teikn på at Politidirektoratet ikkje forstod den var der også. Utover hausten 2014, og i særs i september, aukar talet på utsendingar kraftig. Dei første varsla tikkar inn til departementet i form av brev frå NOAS, og media skriv om 5

utsendingar av lengeverande barn. Dette når også Stortinget, og representantar for fleire parti tek opp spørsmål om det i Stortinget. Allereie 29. september fekk statsråd Anundsen sitt fyrste spørsmål om dette denne hausten. I trontaledebatten tidleg i oktober held spørsmåla fram med å kome, ikkje minst frå regjeringa sine støtteparti, KrF og Venstre. Justisministeren svarer, men ikkje på noko tidspunkt undersøker han eller den politiske leiinga om politikken blir sett ut i livet. President I sin redegjørelse for Stortinget 2. desember 2014 kalte justisministeren den omtalte politikkendringa for «ei viktig endring» og «klar politikkendring». Dersom ein statsråd ynskjer å gjennomføre ei viktig, politisk endring, er det ikkje berre vanleg, men absolutt naudsynt å formidle det på ein tydeleg måte nedover i systemet. Så må det takast opp i møte, forklårast, presiserast, understrekast og kommuniserast igjen og igjen på alle nivå. Er det problem med gjennomføringa, må det gripast fatt i. Problema må 6

løysast. Slik justisministeren gjorde når det gjaldt måltalla for retur i 2014. President, kunnskapen om at politikken ikkje vart sett ut i livet fantes i justisdepartementet. Tala gjekk i veret, og frå Stortinget, organisasjonar og advokatar kom det spørsmål om det som kunne vore fulgt opp. Men det finst ikkje snev av dokumentasjon på at kunnskapen vart følgt opp, eller at informasjon vart etterspurt. Det er etter mitt skjønn liten tvil om at departementet kunne og burde forstått at politikkendringar ikkje vart sett ut i livet. Har så justisministeren informert Stortinget på ein korrekt og fullgod måte? Det er eit kjernespørsmål. Han har gitt mykje informasjon til komiteen i etterkant. Eg meiner likevel svaret på nokre kritiske tidspunkt er nei. Vi skal stoppe opp ved hausten 2014 igjen, fordi det er då langt fleire barn verdt sendt ut og fordi det er då mange spør om det i Stortinget. 7

Allereie 29. september fekk statsråd Anundsen sitt fyrste spørsmål om dette denne hausten. SVs Karin Andersen spurde om justisministeren kunne talfeste kor mange barnefamiliar med opphald i Noreg på meir enn tre år og endeleg avslag som var blitt sendt ut av landet sidan 28. februar. Dette gav statsråden ein sjanse til å undersøke situasjonen. I sitt svar, som kom 3. oktober 2014, svarte statsråden med tal til og med august, utan å ta med september, ein månad der talet på utsendingar hadde gått kraftig opp. I Trontaledebatten 6. oktober 2014 kjem spørsmålet for alvor opp, mellom anna frå Trine Skei Grande. Ho spør «Så mitt spørsmål til statsråden er: Har han gitt noen beskjeder i systemet som gjør at vi får en massiv utsending før det nye regelverket trer i kraft?» Til det spørsmålet innleiar statsråd Anders Anundsen sitt svar slik: «Jeg er veldig glad for det spørsmålet det har vi ikke gjort. Vi har økt måltallet for returer generelt, og det fører også til at flere blir sendt ut.» Det er ein ny sjanse til å undersøke korleis det ligg an med politikkendringa. Og eg vil legge til, president, 8

at det ville vere særs vanleg om ein statsråd sjekkar status etter gjentatte spørsmål frå Stortinget. Samstundes har det skjedd ei rekke ting som påverkar talet på returar av lengeverande barn. Måltala for utsendingar har gått kraftig opp sidan regjeringsskiftet i 2013. Mens dei raudgrøne partia føreslo eit måltal på 4900 utsendingar i 2014, blei dette auka til 6700 av Solberg-regjeringa. I revidert statsbudsjett for 2014 blei dette nok ein gong auka, denne gongen til 7100 utsendingar. Denne politikkendringa blei tett fulgt opp av statsråd Anundsen. Særleg i andre del av 2014 førte dette til eit kraftig press på dei underliggande etatane. I august 2014 ga Politiets Utlendingsenhet beskjed til Politidirektoratet og Justisdepartementet om at det ville bli vanskeleg å nå måltalet. Det vart sett i verk ein tiltaksplan for å nå måltala, med mellom anna ei omdisponering av ressursar. Hausten 2014 var det så ein sterk auke i talet på uttransporterte lengeværande barn, frå september. Auka er tydeleg, både når 9

ein ser på absolutte tal og desse som andel av det totale talet på uttransporterte. I følgje justisministeren i høyringa er tala for september klåre i departementet frå 8.oktober. Heller ikkje desse tala når Stortinget. Det var også andre tilhøve rundt utsendinga av lengeverande barn i 2014 som Stortinget kunne hatt interesse av å vite denne hausten. For det fyrste at regjeringa hadde endra praksis for tilbakesendingar til Afghanistan, slik at barnefamiliar blei sendt attende i gradvis aukande tempo. For det andre at det 24. september 2014 gjekk eit charterfly til Nigeria med 26 lengeværande barn. Det er dette som direkte påverkar september-tala. Det er ikkje slik at justisministeren vart spurt om måltala, eller Nigeria-charteren, og så gav feilaktig informasjon. Men det er slik at han lot vere å formidle informasjon vi i ettertid kan slå fast hadde noko å seie for at det vart sendt ut fleire ikkje færre barn. Informasjon som kunne belyst spørsmåla, og kanskje vist at politikkendringa faktisk ikkje var sett ut livet. President, justisministeren burde delt informasjon med Stortinget i haust, informasjon som kunne belyst saka. Etter at 10

BT avslører den, kjem han imidlertid i skade for å gje uriktig informasjon. Eg har allereie vore innom at Justisministeren fortel komiteen og Stortinget at politikkendringa «var forstått og lagt til grunn», basert på POD sitt utsagn om det. I brevs form, men også i stortingssalen vert det gjenteke. Men, som vi no veit, er det feil. Dette forstod han, i følgje seg sjølv, under høyringa, då han høyrde sine eigne underliggande etatar. La meg tillate meg ein liten kommentar til det. Ein statsråd har konstant tilgong til informasjon frå sine underliggande etatar. Muntleg og skriftleg, direkte eller via embetsverket. Han kan spørje og grave for å forstå, og få vite. Det framstår difor vanskeleg å feste lit til, at justisministeren den med best tilgong til informasjon frå etatane først under høyringa forstod det mange av oss andre då såg som openbart. At politikkendringa ikkje var forstått og implementert. President På eit anna punkt er informasjonen misvisande. 11

Seint på hausten byrja Kontroll- og konstitusjonskomiteen jobbe med denne saka. I eit brev til komiteen 19. desember skreiv Anundsen at auka i returar hausten 2014 i det vesentlege kom på grunn av endra returføresetnader til Nigeria og Afghanistan. Han skriv: «Det åpnet seg en returmulighet til to land der det tidligere har vært vanskelig å returnere barnefamilier til.» Eit av dei var Afghanistan. Statsråden viste i sitt brev 4. mars 2015 til at det var «dialogen samla sett» som tilsa at det var mogleg å tvangsreturnere. Vanlegvis betyr eit uttrykk som at «det åpnet seg en mulighet» at noko har endra seg, som skaper ei opning. I vårt arbeid har ikkje fleirtalet i komiteen funne spor av dekning for å seie at det opna seg ein moglegheit for returar til Afghanistan. Ingenting opna seg. Det ser heller ut som om Noreg på eige initiativ har endra utsendingspraksis. 2. mars 2015 ba afghanske styresmakter Noreg om å slutte med tvangsreturar av barnefamiliar til Afghanistan. Tidlegare hadde også dei afghanske styresmaktene protestert på desse returane. Desse breva styrkar inntrykket av at regjeringa tok 12

sjansen på å auke uttransporteringane til Afghanistan kraftig på eige initiativ, ikkje at det blei ei opning på afghansk side. Oppsummert President, 1.Justisministeren har fortalt Stortinget om en «klar politikkendring» som er «viktig» og som «myket opp fokuset» på lengeværende asylbarn. Men denne endringa vart ikkje sett ut i livet. Det er ikkje gjort andre forsøk på å sette endringa ut i livet enn eit enkeltståande brev, med ei uklår formulering. Den fremstillinga Stortinget blei gitt stemte ikkje, og det vart ikkje gjort vesentlige forsøk på å få den til å stemme. 2.Justisministeren svarte Stortinget på gjentatte spørsmål om lengeværende asylbarn høsten 2014. I desse svara var viktig informasjon utelatt: Tiltak og omprioriteringer for å nå måltall for uttransporter, endring i utsendingar til Nigeria og Afghanistan, auka uttransporteringstall for september. Han valgte heller ikke å undersøke desse tilhøva i etterkant av ei rekke spørsmål fra Stortinget, og han informerte ikkje Stortinget om dei før Bergens Tidende skreiv om saka. 3.Etter at saken vart offentleg, og kontrollkomiteen stilte spørsmål om den, har Justisministeren også gitt fleire uriktige 13

opplysninger til Stortinget. Han har forklart at politikkendringa blei forstått av politiet. Det stemmer ikkje. Seinere forklarte han at dei høge talla på returnerte, lengeværende barn til Afghanistan skyldtes at «det åpnet seg en mulighet». Men det er ingenting som tyder på at det åpna seg ein mulighet. President, dette er ei veldig alvorleg sak. For det fyrste handlar dette om ekte menneske, om ekte barn som får si skjebne bestemt av Stortinget. Asylbarn er ei av dei mest sårbare gruppene i samfunnet vårt. Mange har flykta frå krig. Mange har levd liva sine utan å vite kor i verda dei vil vere neste år. Dei har ikkje den tryggleiken klassekameratane har på at dei har ein trygg heim i framtida. Vi skuldar alle dei barna at Stortingsfleirtalet tar sine avgjerder basert på balansert og korrekt informasjon. For det andre handlar dette om korleis demokratiet vårt fungerer. Stortinget må kunne stole på at regjeringa gir balansert og fullstendig informasjon om viktige saker. Det er statsrådane sjølv som har ansvar for å sikre at informasjonen dei får frå sine underliggande organ er korrekt. Og objektivt 14

sett er det brot på opplysningsplikta dersom ein vidareformidlar uriktig eller villeiande informasjon til Stortinget. Eg meiner statsråden har bidratt til å villeie Stortinget, og på minst eit punkt gitt Stortinget uriktig informasjon. På den måten har han ikkje overhaldt sin opplysningsplikt slik den følgjer av Grunnlovas paragraf 82. President, det må vere rom for feilvurderingar i politikken. Alle gjer feil. Feil kan dessutan rettast opp. Eg tar ikkje til orde for eit system som gjer det umogleg å vere politikar. Men det er samstundes sånn at alvorlege feil bør få konsekvensar for den som er ansvarleg. Dersom nokon ikkje gjennomfører det dei har sagt til Stortinget at dei skal gjennomføre, og dersom opplysningane dei har kome med til Stortinget i den same saka ikkje er korrekte, er det snakk om graverande og systematiske feil. Desse feila må få konsekvensar. 15

Det er heller ikkje slik at brot på opplysningsplikta automatisk fører til mistillit. Det er andre moglege sanksjonar knytt til eit slikt brot som er hjemla i grunnlova. Men manglande tillit er eit politisk uttrykk for at vi meiner: - At politikkendringa ikkje vart sett ut i livet - At justisministeren burde skjøna det - At Stortinget ikkje er informert som det skal President, på denne bakgrunn har eit mindretal i komiteen frå SV, Senterpartiet og Arbeiderpartiet konkludert med at vi ikkje har tillit til statsråd Anders Anundsen. 16