1 Styresak Går til: Føretak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld: Styremedlemmer Helse Fonna HF 08.06.15 Haldis Økland Lier Norsk Pasientskadeerstatning årsrapport for Helse Fonna 2014 Styresak 50/15 O Styremøte 19.06.15 Forslag til vedtak: Styret tek saka til orientering.
2 Bakgrunn for saka Om NPE NPE er eit uavhengig statleg forvaltningsorgan underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. NPE behandlar erstatningskrav frå pasientar som meiner dei er blitt påført skade i helsetenesta, avgjer om pasienten har krav på erstatning og storleiken på erstatninga. For å ha rett til erstatning må helsehjelpa som er gitt, vera årsak til skaden. I tillegg må skaden som hovudregel skuldast svikt ved helsehjelpa. Med svikt meiner ein at helsehjelpa ikkje har vore i tråd med gjeldande medisinske retningslinjer og prinsipp på behandlingstidspunktet. Det er ikkje krav om at nokon skal kunne lastast for slik svikt. Unntaksvis vert det gitt erstatning sjølv om det ikkje føreligg behandlingssvikt. Dette gjeld særleg dersom skaden er spesielt stor eller uventa og ikkje er eit utslag av risiko som pasienten må akseptere. Vidare må skaden som hovudregel ha ført til økonomisk tap og skaden må ikkje vera for gammal. Erstatningssummen vert sett fast etter allmenne erstatningsrettslege reglar. Erstatningsutmålinga er individuell, og skal først og fremst dekke direkte tap eller utgifter ein har fått som følgje av skaden. Dersom skaden er varig og omfattande, kan ein i tillegg ha rett til meinerstatning. Føretaka har plikt til å informere pasientar/ pårørande om høvet til å søkje erstatning i NPE når skade etter behandlingssvikt kan ha eller har førekome. Saksbehandlinga er gratis. Nærare opplysningar er å finne på www.npe.no NPE ynskjer å vera ein aktiv bidragsytar til helsesektoren sitt kvalitetsforbetringsarbeid, gjennom formidling av kunnskap om pasientskader. NPE har utvikla ein nettbasert statistikkportal til bruk for helseføretaka. Her kan ein hente oppdaterte tal for sitt sjukehus, helseføretak og regionalt føretak. I Helse Vest er det tre regionale prosjekt innafor ortopedi, trygge fødslar og gastroenterologisk kirurgi som baserer seg på NPE-materiale. NPE-sakene er vidare utgangspunkt for læring og kvalitetsforbetring internt i einingar og føretaka og mellom føretak. Årstala frå NPE for 2014 Årstala frå NPE for 2014 viser ein auke i erstatningsutbetalingane. I 2014 blei det utbetalt 757 millionar kroner, som er det høgaste beløpet utbetalt i eit år. For alle dei regionale helseføretaka sett under eitt, var det ein auke i utbetalingane på seks prosent frå 2013 til 2014. Talet på mottekne (nye) saker i NPE 2009-2014, Helse Vest og Helse Fonna Kor mange pasientar som søkjer erstatning, vil vera avhengig av kor godt tenesta er kjend, kor stor grad tilsette i helsetenesta informerer aktuelle pasientar om at dei kan søkje erstatning ved skade, og direkte og indirekte informasjon gjennom media. Det er likevel grunn til å tru at personale, pasientar og pårørande i aukande grad kjenner til ordninga.
3 Talet på mottatte saker til NPE frå Helse Vest har minka frå 2012, frå 2013 til 2014 var reduksjonen på fire prosent. I Helse Fonna var det reduksjonen frå 2013 til 2014 på 14 prosent Helse Fonna sakene utgjorde 15 prosent av det totale talet på mottatte saker frå Helse Vest. Vedtak og medhald Helse Vest RHF og Helse Fonna Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i NPE var 245 dagar for ansvarsvurderinga og 315 dagar erstatningsberegning.
4 I 2013 er medhaldsprosenten nasjonalt 29 % og i 2014 32%. Til samanlikning var medhaldsprosenten 30% i Helse Vest i 2013 og 32% i 2014. I Helse Fonna var andel medhald 27% i 2013 og 39 % i 2014. Det er små tal når ein ser på medhaldsaker fordelt på sjukehus. Det var ein nedgang i talet på medhaldsaker frå 2012 til 2013, men ein auke frå 2013 til 2014. Med så små tal skal ein vera varsam med å trekkje slutningar. Medisinsk område På nasjonalt nivå utgjer dei ti største områda 84% på alle vedtaka frå perioden 2010 til 2014. Flest saker gjeld ortopedi, med 37% av det totale talet på vedtak, svulstar og kreftsjukdom er nest størst med 15%. Gastroenterologisk kirurgi har den høgaste medhaldsandelen, psykiatri har lavast andel medhald. Medhaldsprosenten i 2014 var 40% for ortopedi og 43% for gastroenterologisk kirurgi. I Helse Fonna er medhaldsprosenten var 41 % for ortopedi og 38 % for gastroenterologisk kirurgi i 2014.
5 Vedtak fordelt på fagområde, Helse Fonna, 2013 2014 2013 2014 Medhald Avslag Avvist Medhald Avslag Avvist Anestesiologi 0 1 0 0 0 0 Anna 0 1 0 0 1 0 Blodsjukdommar 0 0 0 0 1 0 Endokrinologi og metabolske 0 0 0 1 0 0 sjukdommar Fordøyelsessjukdommar 0 2 0 0 1 1 Føde 1 1 0 1 1 0 Fødsels- og kvinnesjukdommar 2 3 1 2 1 0 Gastroenterologisk kirurgi 3 4 1 3 5 0 Generell indremedisin 0 0 0 Generell kirurgi 0 1 0 0 0 0 Hjartesjukdom 0 3 1 0 1 0 Hudsjukdom 0 2 0 0 1 0 Infeksjonssjukdom og 1 1 0 0 0 0 venerologi Karsjukdom 0 1 0 2 1 0 Lungesjukdom 0 0 2 0 0 0 Nevrokirurgi 0 2 0 0 1 0 Nevrologi 1 3 0 3 5 0 Nyfødtmedisin 1 0 0 2 0 0 Nyresjukdom 0 0 0 0 0 0 Odontologi 0 0 0 Ortopedi 3 7 2 5 10 0 Ortopedisk kirurgi 8 14 4 11 13 4 Plastikk kirurgi 0 1 0 0 0 0 Psykiatri/psykologi 0 4 3 2 3 1 Revmatologi 0 1 0 Svulstar og kreftsjukdom 1 4 3 2 7 1 Urologi 0 4 4 0 0 1 ØNH 0 1 0 0 1 0 Augesjukdom 1 0 0 0 1 1 Medhaldssaker per år 2009-2014 for dei fire største gruppene: Fagområde 2009 2010 2011 2012 2013 2014 Ortopedi, ortopedisk kirurgi 2+ 12 2+ 18 7+ 11 3+ 10 3+ 8 5+ 11 Svulstar/kreft 3 3 5 9 1 2 Gastrokirurgi 4 3 8 6 3 3 Føde/kvinnesjukdom 2 1 5 2 3 3 Sum 23 27 36 30 17 24 Tala er små, og det er viktig å understreke at når ein bryt tala ned i små einingar, vil tilfeldige variasjonar gje store utslag. Svikt i behandling (55% av sakene) og svikt i diagnostikk/forseinka diagnostikk (27 % av sakene) er dei hyppigaste årsakene til medhald. Dette gjeld nasjonalt, regionalt og i Helse Fonna. Smitte og infeksjon er også blant årsaker som gjentek seg.
6 Utbetaling av erstatningar 2009-2014 Det kan gå fleire år mellom innmeldt sak og erstatningsutbetaling særleg i tilfelle der det er naudsynt å fylgje pasienten over tid for å kunne bedømme kor stor skaden er og kva fylgjer den får. Vi ser særleg eksempel på dette innan fødselshjelp med skade på barnet. Forseinking i erstatningsutmåling og tilfeldige opphopningar av saker som medfører store utbetalingar fører til store variasjonar frå år til år. NPE har aldri før utbetalt så mykje i erstatningar som i 2014. Helse Fonna, erstatningsutbetalingar NPE 2009-2014: Skadevaldar 2009 2010 2011 2012 2013 2014 Helse Fonna HF 29 247 18 361 004 28 896 054 13 138 114 31 861 941 28 979 335 918 Helse Fonna HF, Haugesund 20 629 12 857 004 19 101 034 11 012 502 26 414 477 18 519 056 sjukehus 503 Helse Fonna HF, Klinikk for 0 3 400 000 230 000 30 000 0 80 000 psykisk helsevern Helse Fonna, Odda sjukehus 973 000 782 000 1 260 000 1 185 612 1 955 000 3 791 000 Helse Fonna, Stord sjukehus 7 575 415 1 172 000 6 014 020 910 000 3 492 464 6 589 279 Helse Fonna, utbetaling av eigenandelar ved NPE- erstatningssaker, 2009 14: Skadevaldar 2009 2010 2011 2012 2013 2014 Helse Fonna HF 1 491 670 1 514 778 2 115 601 1 165 217 1 089 355 1 826 444 Helse Fonna HF, Haugesund 813 722 1 005 684 1 086 517 1 010 886 663 500 1 170 370 sjukehus Helse Fonna HF, Klinikk for 0 100 000 34 970 10 825 0 0 psykisk helsevern Helse Fonna, Odda sjukehus 126 375 170 039 145 771 0 143 645 18 150 Helse Fonna, Stord sjukehus 537 650 239 055 655 808 125 863 282 210 637 924
7 Helse Fonna erstatningsutbetalingar 2009 2014 fordelt på fagområde: Fagområde 2009 2010 2011 2012 2013 2014 Anestesiologi 1 000 000 0 633 800 82 000 0 0 Anna 0 0 0 0 145 000 0 Blodsjukdommar 0 0 5000 0 0 0 Endokrinologi og 2 794 503 0 0 10 000 151 000 0 metabolske sjukdommar Fordøyelsessjukdommar 0 0 335 000 130 000 72 500 0 Føde 6 175 091 3 225 640 6 131 000 0 10 309 486 12 399 800 Fødsel- og 435 000 690 000 1 510 000 130 000 626 000 1 059 000 kvinnesjukdommar Gastroent. kirurgi 1 547 000 1 257 699 4 700 000 2 693 050 1 188 169 2 820 000 (Mage-tarm-kirurgi) Generell indremedisin 0 0 0 0 0 Generell kirurgi 95 000 0 0 0 0 Hjartesjukdom 0 0 0 0 0 Hudsjukdom 0 0 0 0 0 Infeksjonssjukdom og 0 0 0 25 000 8 484 220 venerologi Karsjukdom 1 892 224 225 000 82 000 0 1 234 000 365 000 Lungesjukdom 0 320 000 0 0 0 Nevrokirurgi 0 0 0 0 0 Nevrologi 4 809 000 630 000 775 000 875 000 163 000 976 000 Nyfødtmedisin 0 3 115 240 5 070 000 0 0 2 795 250 Nyresjukdom 0 0 0 0 Odontologi 0 0 0 0 (tannsjukdom) Ortopedi 3 225 000 307 000 970 000 1 319 612 1 494 964 4 918 231 Ortopedisk kirurgi 5 926 100 3 392 425 5 191 234 3 184 000 5 294 000 3 065 548 Plastikkirurgi 155 000 0 0 0 150 000 Psykiatri/psykologi 0 3 400 000 230 000 30 000 0 140 506 Revmatologi 0 0 0 0 0 Svulstar og 924 000 1 558 000 3 013 000 4 477 452 2 549 602 355 000 kreftsjukdommar Urologi 0 200 000 190 000 167 000 0 85 000 ØNH 0 0 0 0 0 Øye 270 000 40 000 60 000 0 0 Totalt 29 247 918 18 361 004 28.896 054 13 123 114 31 861 941 28 979 335 Oppsummering/konklusjon Det er viktig å lære av NPE-sakene. Sakene vert utgreia og handsama internt i linja, og vert gjennomgått i Kvalitetsutvalet med etterspurnad etter tiltak for å redusere risiko for gjentaking. Klinikkane brukar NPE-sakene aktivt i sitt kvalitetsforbetringsarbeid. Materiale frå NPE vert også nytta i det regionale Pasientsikkerheitsprogrammet. Talet på nye saker frå Helse Fonna har vore nokså stabilt dei tre siste åra. Helse Fonna skil seg ikkje ut med omsyn til kva pasientgrupper/fagområde som hyppigast får medhald (ortopedi, svulstar og kreftsjukdommar, fødselshjelp og kvinnesjukdommar, mage/tarmkirurgi), ei heller når det gjeld årsak til skade (behandlingssvikt, diagnosesvikt/forseinka diagnose, infeksjonar). Når det gjeld utbetalingar av erstatningsbeløp, er det viktig å vere klar over at utbetalingane er korrelert til og rekna ut frå tapt arbeidsforteneste. Har skaden medført arbeidsuførhet, skal erstatninga dekke inntektstap. Naudsynte og rimelege utgifter som følgjer av skaden skal også dekkast av erstatninga. I tillegg har pasienten rett til meinerstatning dersom skaden har ført til varig mein på minst 15 % medisinsk invaliditet. Utbetalingane vil kunne svinge betydeleg frå år til år, avhengig av typen skader og tilfeldig opphoping av avslutta saker som gjer store utbetalingar. (Data er henta ut frå NPE-databasen mai 2015 og ved gjennomgang av årsrapport for 2014).