VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL UTVAL: Formannskapet Møtestad: Rådmannens kontor - Rådhuset, Fiskå Dato: 28.05.2013 Møtet tok til 09:00 Møtet slutta 11:30. Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert 23.05.2013. Ordførar Jan Helgøy leia møtet. Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Jan Helgøy Ordførar KRF OG H Idar Brekke Medlem KRF OG H Lena Nordal Vedeld Medlem KRF OG H Ottar Jan Løvoll Varaordførar AP Magne Løvoll Medlem SP OG V Leon Svein Stranden Medlem SP OG V Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Nils Olav Moen Medlem FRP 6 av 7 medlemar møtte. Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Gudmund Sandnes Rådmann Terje Kolstad Leiar plan- og utviklingsavd. (Sak 62/2013)
Underskrifter: Vi stadfestar at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. 6143 Fiskå, den
SAKLISTE Saksnr. Sakstittel Arkivkode PS 59/2013 Godkjenning av innkalling PS 60/2013 Godkjenning av møteprotokoll frå siste møte PS 61/2013 Skriv og meldingar PS 62/2013 Skår Kraftverk, Syvde - dispensasjon frå LNF-føremålet S11 for bygging av kraftverk PS 63/2013 Opplæringskontoret Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, 026 Vanylven - Omorganisering/endring av vedtektene. PS 64/2013 Utsikten Fjellkro AS - flytting av skjenkeløyve/utviding av U63 skjenkeløyve 31. mai - 2. juni 2013 PS 65/2013 I. Sandnes Invest AS v/inger Sandnes - serveringsløyve U63 Bakerie Fiskå PS 66/2013 TV-Aksjonen 2013 - Nasjonalforeningen for folkehelsen - X03 kommunekomite PS 67/2013 B-SAK: Avskriving gamle kommunale avgifter 203
PS 59/2013 Godkjenning av innkalling Innkallinga vart godkjend. PS 60/2013 Godkjenning av møteprotokoll frå siste møte Møteprotokoll frå siste møte vart godkjend. PS 61/2013 Skriv og meldingar Brev av 27.05.2013 frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal: Vanylven Røde Kors Møteplassen Brukthandel får løyve til å halde søndagsopen butikk 02.06.2013. Brev av 21.05.2013 frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal: Invitasjon til fagsamling for kommunale beredskapsmedarbeidarar 12. og 13. juni 2013. Det vart opplyst at Per Almlov trekkjer søknaden om flyttig/utviding av skjenkeløyve for Utsikten Fjellkro AS; jfr. f-sak 64/2013. Framlagde skriv og meldingar vart tekne til vitande. PS 62/2013 Skår Kraftverk, Syvde - dispensasjon frå LNF-føremålet for bygging av kraftverk Samrøystes vedtak som framlegget. Med heimel i plan- og bygningslova 19-2 gis dispensasjon frå vedtatt kommuneplan arealdelen, slik at Skår Kraftverk kan etablerast i tråd med godkjende planar og dei krav som er sett av NVE ved handsaming av konsesjonssøknaden. Det vurderast slik at LNF- interessene som arealkategorien LNF skal ta i vare ikkje vert vesentleg satt til side ved at det vert gitt varig dispensasjon. Etter ein samla vurdering vil fordelane ved å tillate tiltaket verte større enn ulempa.
PS 63/2013 Opplæringskontoret Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven - Omorganisering/endring av vedtektene. Samrøystes tilråding som framlegget. Formannskapet tilrår: Vanylven kommune godkjenner dei nye vedtektene for Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre i tråd med vedlagde utkast. Det er ein føresetnad at kommunen får innsyn i samsvar med Retningsliner og rutiner for eigarskapskontroll og oppfølgjing av økonomisk engasjement. PS 64/2013 Utsikten Fjellkro AS - flytting av skjenkeløyve/utviding av skjenkeløyve 31. mai - 2. juni 2013 Saka går ut då søknaden er trekt. PS 65/2013 I. Sandnes Invest AS v/inger Sandnes - serveringsløyve Bakerie Fiskå Samrøystes vedtak som framlegget. Det vert gitt serveringsløyve til Bakerie Fiskå v/i. Sandnes Invest AS for kafe/konditori i Combisenteret, Fiskå, med Inger Sandnes som dagleg leiar. Ein tek atterhald om evt. merknader frå Mattilsynet. PS 66/2013 TV-Aksjonen 2013 - Nasjonalforeningen for folkehelsen - kommunekomite Samrøystes vedtak som framlegget. Formannskapet vert kommunekomite for TV-aksjonen 2013.
PS 67/2013 B-SAK: Avskriving gamle kommunale avgifter. Samrøystes vedtak vart fatta. Eventuelt: Magne Løvoll bad om at innmelding av evt. saker/spørsmål vert å melde i god tid før møtet, slik at svar kan gjevast i møtet. Varaordførar Ottar Jan Løvoll orienterte om asfaltering av fylkesvegane i kommunen i 2013: - Eikrem Vik i Syltefjorden i august 2013. - Eidså Fiskå: Dersom det vert frigjeve ny midlar. - Statens vegvesen vil fylgje opp evt. reklamasjon på div. vegdekke på fylkesvegnettet. Leon Stranden tok opp fylgjande saker: Mangelfull informasjon om flytting av ferjer i sambanda på Søre Sunnmøre. Særleg Volda Lauvstad. Heimesida til Norled er ikkje oppdatert. Drøfting av gravsituasjonen på Åheim. Idar Brekke tok opp desse sakene: Stor mangel på utleigebustadar på Fiskå. Samrøystes vedtak: Formannskapet bed rådmannen om ei utgreiing av kommunen sine evt. moglegheiter til å initiere til fleire rimelege utleigebustadar. Gymnastikksaltilhøva på Fiskå skule. Etter synfaring vart det gjort følgjande samrøystes vedtak: Oppgradering av sal og dusj/sanitærrom vert å fremje i samband med budsjetthandsaminga 2014. Rett utskrift 29.05.2013 Kåre Kvangarsnes