Skriftlig skuleeksamen i Religion, Livssyn og Etikk (RLE) RLE2 5-10, 3. året, 4RLE25-10 A + LVUT8041 A 30 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 07.05.14 Sensur fell innan 28.05.2014. NYNORSK Resultatet vert tilgjengeleg fortløpande på studentweb, seinast den første virkedagen etter sensurfrist. (se http://www.hist.no/studentweb). Timar: 6 timar Hjelpemidlar: LK 06. (Nettutgåve eller trykt utgåve Læreplanverket for Kunnskapsløftet (2006) eller «Kunnskapsløftet, fag og læreplaner i grunnskolen» (2010), utgjeven av Pedlex Norsk Skoleinformasjon.). Informasjon: Oppgåva består av to delar, ein kortsvarsdel og ein langsvarsdel. Det er 10 spørsmål i kortsvarsdelen, og studenten skal svara på alle 10 spørsmåla. Det er mogleg å få opp til to poeng på kvart spørsmål. For at denne delen skal være bestått må studenten ha fått poeng på fem ulike spørsmål. Kortsvarsdelen må være bestått for at eksamen samla kan vurderast som bestått. Kortsvarsdelen tel omlag 25% av karakteren. Det er to oppgåver i langsvarsdelen, og studenten vel å svare på den eine av dem. Kortsvarsoppgåver: 1. Kva karakteriserer overgangen frå mythos til logos? 2. Kva er paideia? 3. Kven var sofistane? 4. Kva handlar Platons idélære om? 5. Kva kjenneteiknar estetikken i islam? 6. Kva for tre dimensjonar har eit livssyn? 7. Nemn to saker som vart handsama på kyrkejmøtet i Nikea i 325. 8. Nemn to av Richard Dawkins innvendingar mot religion. 9. Gje eksempel på både ekstern og intern religionskritikk. 10. Kva er ein er ein Mandala? Langsvarsoppgåver:
Alternativ 1 1a. Gjer greie for Paulus sitt syn på omskjering slik det kjem til utrykk i Galatarbrevet. Jfr.: Brevet til Galatarane, kap.2 Paulus vert godteken av dei andre apostlane. Fjorten år etter drog eg på nytt opp til Jerusalem, saman med Barnabas; eg hadde òg Titus med meg. 2 Eg reiste dit på grunn av ei openberring. Og i eit særskilt møte med dei mest framståande la eg fram det evangeliet eg forkynner mellom folkeslaga. For eg ville ikkje springa, eller ha sprunge, til inga nytte. 3 Men ikkje eingong Titus, som var med meg, og som er grekar, vart nøydd til å la seg omskjera. 4 Det kravet kom frå nokre falske sysken som hadde lurt seg inn; dei ville spionera på den fridomen vi har i Kristus Jesus, for å gjera oss til slavar. 5 Men ikkje ein augneblink gav vi etter og bøygde oss for dei. For vi ville at sanninga i evangeliet skulle stå fast hos dykk. 6 Og dei som gjekk for å vera noko kor store dei var, er det same for meg, for Gud gjer ikkje forskjell på folk dei la ikkje nye krav på meg. 7 Tvert imot skjøna dei at det var tiltrudd meg å forkynna evangeliet for dei uomskorne, slik det var tiltrudd Peter å forkynna for dei omskorne. 8 For han som med si kraft gjorde Peter til apostel for dei omskorne, han gjorde meg til apostel for heidningfolka. 9 Og då Jakob, Kefas og Johannes, dei som blir rekna for å vera sjølve søylene, skjøna kva nåde eg hadde fått, gav dei meg og Barnabas handa til teikn på fellesskap. Vi skulle gå til heidningfolka, dei skulle gå til dei omskorne. 10 Men vi måtte hugsa på dei fattige, og akkurat det har eg lagt vinn på å gjera. 1b. Drøft korleis du vil undervisa om omskjering av jødiske gutteborn som rituell praksis i ein ungdomsskuleklasse der det og er ein jødisk elev. Alternativ 2 2. Innleiing til oppgåva (obs: fortsett under bileta) Utgangspunktet for denne oppgåva er at du har fått med deg en gruppe 7.trinnselever på ekskursjon til eit hindutempel, for eksempel det på Tiller. Der blir de, som avtalt, tatt imot av eit av medlemmane som talar godt norsk. Sidan det er like før Navaratri er det og ein prest i tempelet, men han kan korkje norsk eller engelsk, berre hindi og sanskrit. Fordi brahminen er der får du og elevane likevel lov til å vera i tempelet og gjennomføre ekskursjonen, sjølv om medlemmen som tok imot dykk får ein telefon og plutseleg må dra sin veg, når alle elevene har fått av seg skoa i gangen. Det er difor du som må stå for den faglige formidlinga i tempelet. Nedanfor finner du attgjeve nokre av de bilda som heng i tempelet:
Kilde: http://4.bp.blogspot.com/- EZ8o3CGDU3I/UFuBIIeLavI/AAAAAAAAAK8/cBLGdOA-2-Y/s1600/lord-ganeshasitting-on-lotus-BD33_l%255B1%255D.jpg
Kilde: http://4.bp.blogspot.com/- wjagwdty6l8/tbjj2ck0mwi/aaaaaaaaaxy/rtvcjajf4ta/s1600/skanda+003+palani. jpg
Kilde: http://dazzlingwallpaper.com/image/1355418871_shiva-parvati.jpg
Kompetansemåla knytt til hinduisme i læreplanen er at elevane etter 7. trinnet skal kunne samtale om sentrale fortellinger i hinduismen samtale om hinduisme, hinduistisk livstolkning og etikk med vekt på noen guder og gudinner, synet på tilværelsen og det guddommelige, menneskesyn, aktuelle etiske utfordringer og utvalgte tekster forklare hinduistisk høytidskalender og beskrive hinduistiske høytider og sentrale ritualer beskrive tempelet og reflektere over dets betydning og bruk og nytte digitale verktøy til å søke informasjon og lage presentasjoner presentere ulike uttrykk fra kunst og musikk knyttet til hinduismen Gjer greie for forteljingsstoff som er sentralt i hinduismen og som ekskursjonen gjev høve til å fokusere på. Drøft muligheiter og utfordringar knytt til det å nytta bilete og bygg som utgangspunkt for undervisning om hinduisme på mellomtrinnet.