Rettleiing. Nasjonale prøver i rekning for 5. trinn. Versjon: juli 2010, nynorsk

Like dokumenter
Rettleiing del 3. Oppfølging av. resultata frå. nasjonal prøve i rekning. 8. steget

Veiledning. Nasjonale prøver i regning for 5. trinn. Versjon: juli 2010, bokmål

Veiledning del 3. Oppfølging av resultater fra. nasjonal prøve i regning. 5. trinn

Veiledning del 3. Oppfølging av resultater fra. nasjonal prøve i regning. 8. trinn

Veiledning. Nasjonale prøver i regning for 8. og 9. trinn. Versjon: juli 2010, bokmål

Nasjonale prøver

Nasjonale prøver

Matematikk, barnetrinn 1-2

Årsplan i matematikk 2017/18

Årsplan i matematikk 2015/16

KOMPETANSEMÅL I MATEMATIKK 1. KLASSE.

Nasjonale prøver

Revidert hausten 2018 Side 1

Årsplan i matematikk for 6. trinn

[2017] FAG - OG VURDERINGSRAPPORT. Matematikk. 10a & 10b. For kommunane: Gjesdal Hå Klepp Sola Time. 40 elevar. Lye ungdomsskule

Merk: Tidspunkta for kor tid me arbeider med dei ulike emna kan avvika frå planen. Me vil arbeida med fleire emne samtidig.

Kunna rekna med positive og negative tal. Kunna bruka. addisjon og subtraksjon. Automatisera dei ulike rekneartane

Læreplan i matematikk fellesfag kompetansemål

ROSSELAND SKOLE LÆREPLAN I MATEMATIKK 2. TRINN

Årsplan Matematikk 8. trinn

Formål og hovedinnhold matematikk Grünerløkka skole

HARALDSVANG SKOLE Årsplan 10.trinn FAG: Matematikk

Uke Tema Læreplanmål Læringsmål Læremiddel

Læringsressurser Arbeidsmåter og tilpasset opplæring egnet til å nå kompetansemålene

Kjenna verdien til kvart siffer i både fleirsifra tal og desimaltal.

Skoleåret 2015/16 UKE KAPITTEL EMNER HOVEDOMRÅDE. Tallsystemer. Problemløsning. Proporsjoner. Regning med variabler. Pytagoras-setningen

Fag: MATEMATIKK Årstrinn: 10.klasse Skoleår: 18/19

Matematikk, ungdomstrinn 8-10

Åkra ungdomsskole- Helårsplan matematikk 2016

Fag: Matematikk. Periode Kompetansemål Grunnleggende ferdigheter. emner

Anna lærestoff: Fagbøker, aviser, video, Excel,Geogebra, internett

Bryne ungdomsskule ÅRSPLAN. FAG: Matematikk. Trinn: 8. trinn

Fag: Matematikk. Underveisvurdering Tverrfaglige emner. Periode Kompetansemål Grunnleggende ferdigheter

Nasjonal prøve i rekning

REVIDERT Årsplan i matematikk, 8. klasse,

Fag : MATEMATIKK Trinn 7. klasse Tidsperiode: Uke 1-2 Tema: Måleenheter og måleusikkerhet

UKE KAPITTEL EMNER HOVEDOMRÅDE. Tallsystemer. Problemløsning. Proporsjoner. Regning med variabler. Pytagoras-setningen. Spesielle trekanter

Måling. Geometri. Tall. Statistikk. Fagplan/årsplan i matematikk 1.trinn 2016/2017 Faglærer: Linn Katrine Hegg Vike. Hovedområde

- Positive negative tal - Titallsystemet - Standardalgoritmen. addisjon og subtraksjon - Automatisere dei ulike rekneartane

FARNES SKULE ÅRSPLAN

ÅRSPLAN I MATEMATIKK FOR 5. KLASSE 2017/2018. Bjerke m.fl, Matemagisk 5a og 5b, samt oppgåvebøker og digitale ressursar. Anne Fosse Tjørhom

Farnes skule, årsplan

Læreplan i matematikk fellesfag kompetansemål

ÅRSPLAN Øyslebø oppvekstsenter. Fag: Matematikk Trinn: 10. Lærer: Tove Mørkesdal og Tore Neerland. Tidsr om (Dato er/ ukenr, perio der.

Læreplan i matematikk fellesfag - kompetansemål

Læringsmål: Eg skal kunne..

Årsplan i matematikk, 8. klasse,

Læreplan i matematikk fellesfag - kompetansemål

Læreplan i matematikk fellesfag kompetansemål Kompetansemål etter 4. årstrinn

Skoleåret 2016/17 UKE KAPITTEL EMNER HOVEDOMRÅDE. Potenser. Kvadrattall. Forhold. Figurtall og tallrekker. Bokstavuttrykk Tall og algebra, punkt: 5

ÅRSPLAN Øyslebø oppvekstsenter. Fag: Matematikk Trinn: 10. Lærere: Siri Trygsland Solås, Trond Ivar Unsgaard og Unni Grindland

UKE KAPITTEL EMNER HOVEDOMRÅDE. Naturlige tall. Primtall. Faktorisering. Hoderegning. Desimaltall. Overslagsregning. Negative tall.

Farnes skule Læreverk: FAKTOR 1 Årsplan i MATEMATIKK. Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med:

Læreplan i matematikk fellesfag kompetansemål

Farnes skule, årsplan

Anna lærestoff: Fagbøker, aviser, video, Excel,Geogebra, internett

ÅRSPLAN Arbeidsmåter ( forelesing, individuelt elevarbeid, gruppearbeid, forsøk, ekskursjoner )

Nasjonal prøve i rekning

Anna lærestoff: Fagbøker, aviser, video, Excel,Geogebra, internett

Årsplan Matematikk trinn

Læreplan i fellesfaget matematikk 2T og 2P, Vg2 studieførebuande utdanningsprogram

Læreplan i matematikk fellesfag kompetansemål Kompetansemål etter 4. årstrinn

EMNEPLAN. Årsplan: Matematikk 3.kl Skuleåret: 2016/17 Faglærar: Stine Pedersen. Emne: Addisjon og subtraksjon 3. klasse

Hva måler nasjonal prøve i regning?

Årsplan i matematikk 9.klasse

Nasjonal prøve i rekning

ÅRSPLAN matematikk 7.klasse

Årsplan i matematikk 8.trinn, Faglærere: Lars Skaale Hauge, Hans Tinggård Dillekås og Ina Hernar Lærebok: Nye Mega 8A og 8B

Anna lærestoff: Fagbøker, aviser, video, Excel,Geogebra, internett

Emnebytteplan matematikk trinn

ØRSTA UNGDOMSSKULE MATEMATIKK

ÅRSPLAN matematikk 7.klasse

Rettleiing. Nasjonale prøver i lesing for 8. og 9. steget. Versjon: november 2010, nynorsk

Årsplan i matematikk 4. klasse

Lokal læreplan Sokndal skole. Fag: Matematikk Trinn: 6.kl Lærebok: Grunntall 6a og 6b. Ant. uker. Vurderings kriterier. Høy grad av mål-oppnåelse

Årsplan i matematikk for 5. årssteg

Årsplan i matte for 4. trinn 2015/2016

[2016] FAG - OG VURDERINGSRAPPORT. FAG: Matematikk KLASSE/GRUPPE: 10. For kommunane: Gjesdal Hå Klepp Sola Time TALET PÅ ELEVAR: 45

Halvårsplan/årsplan i matematikk for 3. trinn 2017/2018 Kompetansemål KL- 06

Timetal. Grunnleggjande ferdigheiter. Timetala er oppgjevne i einingar på 60 minutt. BARNESTEGET årssteget: 560 timar

Utdrag fra Rammeplan for barnehagen: Antall, rom og form og utdrag fra Kunnskapsløftet: Læreplan i matematikk fellesfag (MAT1-04)

Nasjonale prøver

ÅRSPLAN Hordabø skule 2015/2016

HALVÅRSPLAN I MATEMATIKK FOR 6. TRINN HØSTEN 2016

ÅRSPLAN Arbeidsmåter ( forelesing, individuelt elevarbeid, gruppearbeid, forsøk, ekskursjoner ) Stasjonsundervisning Underveisvurdering

ÅRSPLAN Øyslebø oppvekstsenter. Fag: Matematikk. Lærer: Nils Harald Sør-Reime

Nasjonale prøver

Se hvordan Hovseter ungdomsskole arbeidet før, under og etter gjennomføring av prøven.

ÅRSPLAN I MATEMATIKK FOR 6. TRINN, SKOLEÅRET

FAGPLAN i matematikk 6. trinn. Mål: Vi skal ha fokus på en praktisk tilnærming til temaene. Uke Tema Læringsmål Kompetansemål. 35 Grunnboka 6A s.

Fag matematikk Trinn 3.klasse

Årsplan i matematikk 8.trinn, Faglærere: Rolf Eide (8A og 8B) og Halldis Furnes ( 8C) Lærebok: Nye Mega 8A og 8B

Den grunnleggende ferdigheten å kunne regne. Introduksjon

Kapittel i lærebok Aktiviteter Vurdering

INSPIRIA science center: Bjørnstadveien 16, 1712 GRÅLUM Telefon: 03245/ E-post:

Bryne ungdomsskule ÅRSPLAN. FAG: Matematikk. Trinn: 9. trinn

Kjenneteikn på måloppnåing. Framlegg til aktivitetar

ÅRSPLAN I MATEMATIKK 1. KLASSE BREIVIKBOTN SKOLE Lærer: Turid Nilsen

Transkript:

Rettleiing Nasjonale prøver i rekning for 5. trinn Versjon: juli 2010, nynorsk

Nasjonale prøver i rekning for 5. steget Her får du informasjon om nasjonale prøver i rekning og kva prøva måler. Vidare er det presentert tips til korleis ein kan analysere og følgje opp resultata, og generelle råd om korleis ein kan arbeide med å utvikle rekning som grunnleggjande ferdigheit. Prøva skal gjennomførast elektronisk i prøvegjennomføringssystemet (PGS-C). Meir informasjon om den tekniske gjennomføringa står i PAS/PGS brukarrettleiing for skolen. Meir om gjennomføringa står i retningslinjer for gjennomføring. Dei er publiserte på www.udir.no/nasjonaleprover. Kva måler prøva? Nasjonale prøver i rekning skal kartleggje i kva grad rekneferdigheitene til elevane er i samsvar med kompetansemål i Kunnskapsløftet (LK06) der rekneferdigheiter er integrerte. Dette inneber at prøva ikkje er ei prøve i faget matematikk, men ei prøve i rekning som grunnleggjande ferdigheit og som del av fagkompetansen i alle fag. Prøva tek utgangspunkt i kompetansemål etter 4. steget. Eksempel på sentrale område i læreplanane for fag der rekning som grunnleggjande ferdigheit inngår, er problembehandling, logisk resonnement, tolking og analysering av diagram og tabellar. Innhaldsmessig skal prøva knytast til områda tal, måling og statistikk. Dette inneber talforståing, måleferdigheit og kunnskap i statistikk innanfor ulike faglege og daglegdagse samanhengar. Det å kunne rekne i ulike samanhengar skal vektleggjast. For å kunne løyse oppgåvene må elevane i tillegg kjenne att reknesymbol og kunne utføre rekneoperasjonar. Tal (T) Området tal omfattar korleis tal inngår i system og mønster, relasjonar mellom tal og kvantifisering av mengder og storleikar. Det omfattar vidare det å bruke tal og gjere berekningar i praktiske samanhengar og vurdere om svara er rimelege. Personleg økonomi, kjøp og sal og dei fire rekneartane er tema som inngår i dette området. Måling (M) Måling handlar om å samanlikne og knyte talstorleikar til objekt og mengder. Måling dreier seg også om å vurdere resultat og framstilling av data frå observasjonar og målingar. Tema som vekt, lengder, flater, tid og rom høyrer med i dette området. Statistikk (S) Området statistikk omfattar å organisere, analysere, presentere og vurdere data og grafiske framstillingar. I analysen av data høyrer det med å beskrive generelle trekk ved datamaterialet. Kva er viktig å vite om prøva? Prøva er elektronisk, og prøvetida er 90 minutt. Nasjonale prøver i rekning inneheld opne oppgåver og fleirvalsoppgåver. Nokre av oppgåvene er interaktive. Elevane skal ha med blyant og kladdeark. Prøva for 5. steget fokuserer på: plassverdisystemet dei fire rekningsartane i oppgåver med og utan kontekst brøk desimaltal i kontekst problemløysingsoppgåver

temperatur, tid, mynt, vekt, lengd, areal og volum grafiske framstillingar og avlesing av tabellar og diagram Eksempel på oppgåver i rekning for 5. steget ligg på nettsidene til Utdanningsdirektoratet, http://www.udir.no/tema/nasjonale-prover/eksempeloppgaver/ Problemstillingane i oppgåvene er situasjonar som elevane kan kjenne seg att i, til dømes tilverking og fordeling av mat og drikke, kjøp og sal, arbeid, sport og andre fritidsaktivitetar. For å forklare oppbygginga av oppgåvene tek vi med nokre eksempel på kompetansemål der grunnleggjande ferdigheit i rekning er integrert. Eit av kompetansemåla i mat og helse etter 4. steget er Bruke mål og vekt i samband med oppskrifter og matlaging (i hovudområdet Mat og livsstil). Dette føreset ferdigheit i brøkrekning, kjennskap til einingar for vekt og volum og ferdigheiter i å rekne om mellom desse einingane. Eit av kompetansemåla i samfunnskunnskap etter 4. steget er: Gjere samfunnsfaglege undersøkingar som krev teljing og rekning, og presentere resultata av undersøkingane. Dette inneber at elevane må kunne presentere data og grafiske framstillingar. Å organisere, presentere og vurdere data og grafiske framstillingar finn vi som grunnleggjande ferdigheit i kompetansemåla i norsk, samfunnsfag og naturfag. Vurdering av elevsvara Elevsvara blir retta automatisk i PAS, slik at læraren ikkje treng å rette prøvene. I PAS finn ein ulike rapportar som viser resultata. Meir om dette finn du i PAS/PGS brukarrettleiing for skolen. Analyse og oppfølging av resultata Her får du tips til korleis resultata frå prøva kan følgjast opp i elevgruppa og i lærarkollegiet, og generelle råd om korleis ein kan arbeide med grunnleggjande ferdigheiter i rekning. Korleis blir resultata presenterte? Resultata til elevane på nasjonale prøver blir presenterte ved hjelp av meistringsnivå. På 4. steget er det tre nivå, der 1 er det lågaste og 3 er det høgaste nivået. Elevane blir plasserte på dei ulike nivåa på bakgrunn av poengsummane dei får på prøva. Til kvart nivå følgjer ein kort tekst som beskriv ferdigheitene til ein typisk elev på dette nivået. Desse beskrivingane kan vere utgangspunkt for tilbakemelding til elevar og føresette om resultatet på prøva. Poengintervallet for kvart meistringsnivå er fastsett av Utdanningsdirektoratet på bakgrunn av analyse og vurdering av resultata på nasjonalt nivå. Det er viktig å vere klar over at elevane innafor kvart nivå har fått ulik poengsum på prøva, og at enkelte elevar kan ha fått ein poengsum som ligg nær ein grenseverdi mellom to nivå. Beskrivingane må derfor ikkje tolkast som ei absolutt eller uttømmande beskriving av den enkelte eleven, men som ei generell beskriving av ferdigheitene til alle elevane på dette meistringsnivået. Det kan hende at ein elev vanlegvis får til oppgåver som ho eller han ikkje fekk til på nasjonale prøver, eller at beskrivingane av meistringsnivået til eleven ikkje stemmer med det læraren veit om ferdigheitene til eleven. Det er difor naturleg å støtte seg til annan informasjon når resultata frå nasjonale prøver i rekning skal brukast til å følgje opp eleven. Meistringsnivå 1 omfattar også elevar som har fått null eller veldig få poeng på prøvene. Det inneber at nokre elevar får ei beskriving som er meir positiv enn det læraren veit om ferdigheitene til eleven. Beskrivinga av meistringsnivå 1 kan likevel vere til hjelp i høve til korleis eleven kan utvikle sine ferdigheiter.

Skala for nasjonale prøver i rekning Meistringsnivåa beskriv ferdigheitene til den typiske eleven. Beskrivingane for eit nivå tek ikkje opp att ferdigheiter som alt er omtalte på eit lågare nivå. Nivåa er bygde opp med ein progresjon slik at ein elev som har poengskår tilsvarande meistringsnivå 3, må ein gå ut frå har ferdigheiter som er omtalte på nivå 1 til og med nivå 3. Oppbygginga av meistringsnivåa Nedanfor er meistringsnivåa for rekning på 5. steget presenterte. Den typiske eleven på dette nivået kan Meistringsnivå 1 utføre rekneoperasjonar med heile tal i talområdet 1-100 kjenne att enkle brøkar og desimaltal samanlikne heile tal og rekne med storleikar som har same eining gjere tidsberekningar med heil, halv og kvart time finne informasjon i tabellar og i diagram teikne søylediagram Meistringsnivå 2 utføre rekneoperasjonar med heile tal utover talområdet 1-100 utføre rekneoperasjonar med desimaltal og brøkar lese av skalaer og berekne tidsintervall rekne om mellom einingane kg/g, m/cm og l/dl finne og omarbeide informasjon i tabellar og diagram Meistringsnivå 3 utføre rekneoperasjonar med desimaltal og brøkar i kontekst rekne med ulike måleiningar tolke og presentere talmateriale i tabellar og diagram løyse samansette oppgåver velje riktig rekneart og metode for å løyse oppgåver med praktisk kontekst gjere overslag og vere i stand til å vurdere om eigne svar er rimelege Vidare oppfølging av resultata frå nasjonale prøver i rekning Her får du tips til korleis resultata kan følgjast opp i elevgruppa og i lærarkollegiet, og generelle råd om korleis ein kan arbeide med å utvikle den grunnleggjande ferdigheita i å kunne rekne. Oppfølging av elevar på dei ulike meistringsnivåa Resultata frå nasjonale prøver må ein sjå på som ein del av ein større samanheng. Det er viktig at læraren ikkje berre tek utgangspunkt i meistringsnivået til elevane på denne prøva i den vidare tilrettelegginga, men tilpassar opplæringa ut frå det heilskapsinntrykket han eller ho har av eleven. Meistringsnivåa beskriv ferdigheitene til den typiske eleven på dei ulike nivåa. Likevel vil ein elev som til dømes skårar til nivå 2, kunne gjere feil som er typiske for elevar på nivå 1, og kanskje samtidig løyse oppgåver som tilhøyrer nivå 3. Slike variasjonar kan det vere innanfor nivågruppene. Nedanfor er det skissert nokre forslag til kva elevar på dei ulike nivåa kan ha utbytte av å arbeide meir med. Alle lærarar har ansvar for at elevar arbeider med grunnleggjande ferdigheiter i rekning. I tillegg til at alle emne må øvast på i matematikkfaget, kan den typiske eleven som skårar på nivå 1, ha utbytte av å arbeide med:

Dei fire rekneartane, tiarovergang, einingar for lengd, vekt, volum og tid, og tabellar og søylediagram. Plassverdisystemet er eit emne som matematikklæraren må prioritere for elevar som er på nivå 1. Den typiske eleven som skårar til nivå 2, kan ha utbytte av å arbeide med brøk og desimaltal i kontekst, rekne med ulike einingar, løyse samansette oppgåver og vurdere om eigne svar er rimelege. Den typiske eleven som skårar til nivå 3, kan ha utbytte av å arbeide vidare med samansette oppgåver, problemløysingsoppgåver og å vurdere om eigne svar er rimelege. Lærarane bør ta seg tid til å sjå på sterke og svake sider i elevgruppa i høve til prøva. Det kan vere nyttig å skaffe seg ei oversikt over oppgåvetypar eller emne som fleire av elevane har problem med. Ei slik oversikt kan vere eit godt utgangspunkt for samtalar i gruppa og planlegging av den vidare opplæringa. I høve til opplæringa vil det òg vere nyttig for lærarane å sjå nærmare på dei ulike områda som prøva omfattar. Resultatet for gruppa kan gi ein indikasjon på det elevane meistrar innanfor områda tal, måling og statistikk. Emne som fell vanskeleg innanfor dei enkelte områda, bør vere naturlege fokusområde i den vidare opplæringa. I samband med nasjonale prøver kan det vere interessant å sjå nærmare på korleis elevane meistrar fleirvalsoppgåvene. Dette er ein oppgåvetype som norske elevar førebels ikkje er så godt kjende med. Det kan derfor vere nyttig å arbeide med ulike løysingsstrategiar i fleirvalsoppgåver. Oppfølging av resultata i lærarkollegiet Ved at lærarane i fellesskap oppsummerer resultata av prøva, kan lærarkollegiet få oversikt over både kva elevane meistrar, og kva ein bør arbeide meir med i dei ulike faga med utgangspunkt i kompetansemåla for 4. trinn. Matematikklæraren har gjennom si utdanning og erfaring best fagkompetanse til å lære elevane grunnleggjande talbehandling. Lærarane i dei andre faga har likevel eit medansvar for å øve på og bruke grunnleggjande ferdigheiter i å kunne rekne i eigne fag. Rekneferdigheit i alle fag kan utviklast gjennom jamleg øving på logiske resonnement og ved problemløysing. I norsk, samfunnsfag og naturfag kan ein arbeide med grafiske framstillingar, tabellar og statistikk. I kroppsøving kan elevane arbeide med rekning med tid, måling av lengder og omrekning mellom ulike lengdeeiningar. Dette er aktivitetar som medverkar til betre talforståing. I mat og helse vil praktisk arbeid med oppskrifter, omrekning med desiliter og liter og vurdering av prisar vere aktivitetar som øver opp rekneferdigheit. I kunst og handverk kan rekneferdigheit knytast til arbeid med enkle geometriske former, proporsjonar og mønster I RLE kan rekneferdigheit knytast til arbeid med mønster, estetikk og geometri.