Revidert mai 15. Kvalitetsplan for Lye ungdomsskule

Like dokumenter
KVALITETSPLAN FOR VEVRING SKULE. Introduksjon. Skulen sin visjon og pedagogiske grunnsyn: «Rom for alle, blikk for den enkelte»

Kvalitetsplan for Gaupne skule

KVALITETSPLAN FOR HÅKVIK SKOLE

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

Kvalitetsplan mot mobbing

Kvalitetsplan mot mobbing

Kvalitetsplan mot mobbing

Plan for godt skolemiljø. Sædalen Skole

Plan for godt skolemiljø. ved Sædalen Skole

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

Handlingsplan mot mobbing og antisosial atferd Ankenes skole

KVALITETSPLAN. for Olweusprosjektet ved Skauen kristelige skole. skoleåret

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

Olweusarbeidet i Luster kommune Felles årshjul

Kvalitetsplan mot mobbing

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR

Kvalitetsplan mot mobbing

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

Handlingsplan. Åheim skule. Elevane sitt skulemiljø. ved. Godkjent i SU den..

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

HEIDAL SKULE. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule.

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Skulestart Repetisjon

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Handlingsplan. Åheim skule. mot. mobbing og anna krenkjande åtferd. ved

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Opplæringslova 9A Frå 1. august 2017 er det vedteke eit nytt regelverk om skulemiljø

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKINGAR. Danielsen Ungdomsskule Osterøy

Handlingsplan for godt skulemiljø for skuleåret (Olweus) Revidert oktober 2016

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

SAMARBEID HEIM OG SKULE

Handlingsplan for godt skulemiljø for skuleåret (Olweus) Revidert mai 2017

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd

Erfarings- og kunnskapsinnhenting - tilbakemelding frå Hatlestrand oppvekstsenter

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

1. AVDEKKING AV MOBBING

Barnerettane i SKULEN

Tiltaksplan. mot mobbing og rasisme. Oma skule. Alle tilsette skal arbeide for nulltoleranse mot mobbing.

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Hvordan håndtere mobbesaker? Prosedyre i mobbesaker ved Montessoriskolen i Bergen

Internkontroll vedkomande elevane sitt skulemiljø kap 9a i opplæringslova

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen.

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

SYSTEMATISK ARBEID FOR EIT GODT SKULEMILJØ FOR ELEVANE KLØVHEIM SKULE

Arbeid med det psykososiale miljøet. Byåsen skole

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

Plan for å sikre elevane eit godt psykososialt miljø på Tuv og Ulsåk skular og sfo

Handlingsplan mot mobbing

Frakkagjerd ungdomsskole

Plan for trivsel ved Helland skule. VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule.

Plan for oppfølging av elevenes skolemiljø.

PLAN MOT MOBBING VED STORD UNGDOMSSKULE (OLWEUS)

Denne planen består av fire deler 1. AVDEKKING AV MOBBING 2. PROBLEMLØYSING AV MOBBESAKER 3. FØREBYGGING 4. KONTINUITET

ANDEBU SKOLE - kunnskap og utvikling

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Strategiplan for arbeid med sosial kompetanse og psykisk helse -Rosseland skule- Sosial kompetanse og psykisk helse

Retten til et godt psykososialt miljø etter opplæringsloven kapittel 9a

Utviklingsplan skuleåret Skule: Undheim «Mot til å meina, lyst til å læra. Tryggleik og trivsel.»

NESSET KOMMUNE Indre Nesset barne- og ungdomsskole. Plan for arbeidet med det psykososiale miljøet

Handlingsplan mot mobbing og antisosial atferd for Håkvik skole

HANDLINGSPLAN FOR ET GODT PSYKOSOSIALT MILJØ OPPLÆRINGSLOVEN 9a-3

Vigra skule BESKRIVING AV PROSEDYREN. Ansvar

Overordnet handlingsplan mot mobbing og krenkende atferd

KLASSEKONTAKT. Kva kan eg gjere? Kven er eg til for? Korleis kan eg jobbe? Lysarka bygger på FUG - hefte ABC for foreldrekontaktar.

BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18

Handlingsplan mot mobbing og antisosial atferd for Håkvik skole

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

FORELDREMØTE. September 2019

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Handlingsplan ved urovekkande fråvær

Nytt kap 9A opplæringslova. Prop 57 L ( )

GISKE OPPVEKSTSENTER SKULE OG SFO

Nissedal kommune Eining for skule Plan og rutinar for arbeid med elevane sin rett til eit godt psykososialt miljø etter 9a-3 i Opplæringslova

Plan mot mobbing/krenkende atferd Bergen Katedralskole

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Handlingsplan for å sikre eleven et trygt og godt psykososialt skolemiljø ved Rosenborg skole

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

FEVIK SKOLE. Sosial handlingsplan. Handlingsplanen revideres hvert år i april.

Skjemaet brukes både i forbindelse med saker som angår det fysiske og det psykososiale miljøet.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Langevåg skule

PRIVATSKOLESAMLING. Stavanger 7.mars 2013

Transkript:

Revidert mai 15 Kvalitetsplan for Lye ungdomsskule Introduksjon av verksemda Lye ungdomsskule ligg på Lye og er ein av ni skular i Time kommune i Rogaland fylke. Skulen ligg midt i eit byggjefelt med Lye skule som næraste nabo. Uteområdet vårt er i seg sjølv svært lite, men vi har gode naturområde rundt oss som vi bruker. Vi er ein rein ungdomsskole som tek imot elevar frå Lye skule. Elevtalet vårt har gått noko ned, men ser ut til å liggja stabilt på ca. 110-120 elevar dei neste åra. Skulen sin visjon er: Alle skal ha det godt. Alle skal læra så mykje som mogeleg. Læring er skulen sin viktigaste misjon, men ingen kan læra dersom dei ikkje har det godt. Me har på lik linje med dei andre skulane i Time kommune, nytta Olweusprogrammet i antimobbearbeidet sidan 2003. Skulen vart sertifisert som ein Olweusskule i 2010. I mai 2014 vart det gjennomført ein ny revisjon, og skulen fekk då ny sertifisering som gjeld fram til mai 2017. Det er rektor, assisterande rektor og sosiallærar som utgjer skulen si Olweusgruppe. Gruppa skal sikra at skulen sitt antimobbearbeid skjer etter standarden i Olweusprogrammet. Dei har møte ein gong i veka der aktuelle sosiale saker blir diskutert. Målet med møtene er å få ei oversikt over kva som føregår på skulen, og hindra at antisosiale hendingar får utbreia seg. Programerklæring Lye ungdomsskule har nulltoleranse mot mobbing. Målet med antimobbearbeidet vårt er at foreldra som sender ungdommen sin til skulen vår, skal vera trygge på at eleven blir teken vare på. Olweusprogrammet gjev heile personalet ein systematisk reiskap og ei felles plattform i arbeidet mot mobbing. Me arbeider på ulike nivå: elevar, lærarar og andre tilsette skal alle kjenna til, kunne bruka og vita korleis skulen arbeider med antimobbearbeidet. Saman skal me arbeida for å få ned talet på mobbing, slik at alle skal kjenna seg trygge på Lye ungdomsskule. Side 1 av 10

Utgreiing om kvalitetssikringssystemet Vi er pålagt å ha internkontroll jf Opplæringslovas 9a-4. I lova blir det psykososiale miljøet omtalt spesielt. Der blir det slått fast at alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremmar helse, trivsel og læring jf Opplæringslovas 9a-1. Det blir vidare understreka at skulane aktivt og systematisk må arbeida for å fremja eit godt psykososialt miljø der den enkelte eleven kan oppleva å vera trygg og sosialt å høyra til, jf Opplæringslovas 9a-3 første ledd. Skulen har derfor utvikla denne kvalitetsplanen som handlar om kvalitetssikring på det psykososiale området. Planen gjer greie for dei systematiske tiltaka som skal gjennomførast for å sikre kvalitet, i ressursane som må vere til stades og rekkefølgja av aktivitetane. Hovudfundamenta i dette arbeidet er Olweus-programmet og System for kvalitetssikring av Olweus-programmet. Kvalitetssikringssystemet dekkjer alle punkta i Olweus-programmet mot mobbing og antisosial åtferd. I tillegg vert også krava i Opplæringslovas kapittel 9a om det psykososiale miljøet dekte her. Hovudkomponentane i System for kvalitetssikring System for kvalitetssikring av Olweus-programmet har to hovudfundament: Olweusprogrammet mot mobbing og antisosial åtferd og Olweus standard. Det inneheld også ei aktivitetskjerne med ei kvalitetssløyfe og ein kvalitetsplan. Det er utvikla prosedyrar for kritiske situasjonar der mobbing skjer eller der det er mistanke om mobbing. I tillegg er skulen sine planlagde og systematiske kvalitetssikringsaktivitetar delt inn i sjekklister, referat, skjema og prosedyrar. Det som blir praktisert i samband med kvalitetssikringa, vil bli skriftleg dokumentert. For handtering av avvik er det klare og eintydige rutinar, og det blir dokumentert kva som blir gjort for å følgje opp avvik. Kvart år vil det bli føretatt ein gjennomgang av heile kvalitetssikringssystemet for å fastslå om aktivitetane og praksis stemmer overeins med det som er planlagt. Denne kvalitetsrevisjonen dannar grunnlaget for vår sertifisering som Olweus-skole. Gjennomføring av kvalitetssikringssystemet Lye ungdomsskule har lagt opp eit kvalitetssikringssystem som skal ha hovudfokus på rapportering, oppfølging, evaluering og utvikling. Det blir lagt opp til rutinar som er meiningsfulle for involverte partar og som stimulerer til forbetring og utvikling. Ansvarsforholda i kvalitetssikringssystemet kan oppsummerast i følgjande punkt: Side 2 av 10

Skoleeigar har gjennom 13-10 i opplæringslova ansvar for å sikre at krava i kapittel 9a blir ivaretatt på den enkelte skolen. Rektor/skoleleiinga har hovudansvaret for kvalitetssikringsarbeidet ved Lye ungdomsskule jf Opplæringslova 9a-4. Rektor/skoleleiinga har ansvar for ein forsvarlig forvaltningspraksis ved å registrere saker og fatte enkeltvedtak slik lova krev. Sakene skal registrerast i kommunen sitt saksbehandlingssystem. Rektor har ansvar for å rapportera om kvalitetssikringsarbeidet til skulemiljøutvalet. Skulemiljøutvalet har ein rådgivande funksjon overfor rektor i alt skolemiljøarbeidet. Alle i personalet har plikt til å undersøke og rapportere til leiinga ved skolen ved mistanke om mobbing og å gripa inn og stoppa når mobbing skjer jf Opplæringslova 9a-3. Kontaktlærar er hovudansvarleg for å rapportere til rektor/skoleleiing og å setja i verk planlagde førebyggjande tiltak. Elevane skal delta som samarbeidspartnarar i kvalitetssikringsarbeidet jf Opplæringslovas 9a-5. Oversikt over rapporteringsansvar og beslutningsnivå Aktivitet Ansvar for rapportering Tidspunkt Sjekkliste rektor Rektor Ved slutten av skoleåret Sjekkliste kontaktlærar Kontaktlærar Desember og april Referat Olweus-møte Kontaktlærar Rett etter gjennomførte møte Sjekkliste personalmøte haust Rektor Rett etter gjennomført møte Sjekkliste personalmøte vår Rektor Rett etter gjennomført møte Referat samtalegrupper Instruktør/ansvarleg Etter gjennomførte møte Introduksjonskurs Instruktør Rett etter gjennomført kurs Referat introduksjonskurs Instruktør Rett etter gjennomført kurs Sjekkliste elevråd Kontaktlærar for elevrådet Etter gjennomførte møte Referat møte i elevråd Kontaktlærar for elevrådet Etter gjennomførte møte Side 3 av 10

Melding om avvik Den som oppdagar avviket Umiddelbart Avviksbehandling Rektor Kontinuerleg Saksbehandling kapittel 9a Rektor Kontinuerleg Ved Lye ungdomsskule er det oppretta skolemiljøutval jf Opplæringslovas 11-1a. Eit velfungerande skolemiljøutval er viktig for at arbeidet med å skape eit godt arbeidsmiljø for elevane skal lykkast. Det skal bidra til å skape ryddige tilhøve mellom skule og heim ved at det blir oppretta klare linjer for samarbeidet. Det er eit mål at skulemiljøutvalet skal utøva innverknad gjennom å vera ein utviklingspartnar i skulemiljøarbeidet og kvalitetssikra rutinar og prosedyrar. I skulemiljøutvalet ved Lye ungdomsskule er elevane, foreldra, dei tilsette, skuleleiinga og kommunen representerte. Skolemiljøutvalet er sett saman slik at representantane for elevane og foreldra til saman er i fleirtal. Elevane er den primære gruppa i skolen si verksemd, og deira læringsutbytte er avhengig av eit godt læringsmiljø. Elevrådet oppnemner 3 representantar til skolemiljøutvalet. Elevane blir tatt med i planlegging og gjennomføring av det systematiske arbeidet ved skolen jf 9a-5 om elevdeltaking i skolemiljøarbeidet. Som elevrådsrepresentantar eller elevrepresentantar i skolemiljøutvalet, skal det vere mogleg for elevane å påverka og bidra i dette arbeidet. Det er svært viktig å sikre trygg saksbehandling. Lye ungdomsskule har rutinar for å kvalitetssikra alt som kjem av informasjon til oss på dette området, og vi handsamar sakene etter retningslinjer om enkeltvedtak i forvaltningslova. Alt blir registrert på eige skjema, og førebels svar blir gitt dersom ein ikkje kan svare i løpet av fire veker. Enkeltvedtak om skulemiljøet til elevar kan påklagast Fylkesmannen. Alle sakene blir journalført. Prosedyrer Skulen har prosedyrar for kva som skjer i saker der det er mistanke om mobbing og saker der mobbing har funne stad. Det er viktig for arbeidet vårt at alle dei vaksne på skulen kjenner til desse prosedyrane og veit å jobba etter dei. Side 4 av 10

Ei henstilling kan kome både frå elevar, føresette, lærarar og andre. Prosedyre Ansvar Utført,dato Henstilling skal leverast til rektor (eige skjema) Info til kontaktlærar. Den som tek imot henstillinga Informasjon til faglærarar som er involverte i Kontaktlærar gruppa. Høyre med dei om dei har registrert noko spesielt med dei aktuelle elevane. Informasjon heim til den eleven henstillinga gjeld. Fokusert observasjon av dei aktuelle plagarane og den utsette eleven både i skulegarden, klasserommet og elles i elevgruppa. Faglærarar/kontaktlærar/and re involverte vaksne Observasjonane skal dokumenterast i loggbok eller skriftleg referat. Kontaktlærar/faglærarar/ andre involverte vaksne Forslag til tiltak for å skaffe informasjon: Ta opp temaet trivsel på Olweusmøtet -og be elevane skrive ned korleis dei ser på trivsel i Kontaktlærar gruppa. Korte personlege intervju med alle i gruppa. Eventuelt berre med 5-6 elevar. Sosiometrisk undersøking Eventuelt loggbok Kontakte dei andre føresette for å få meir Kontaktlærar informasjon. Oppsummerande/konkluderande møte med kontaktlærar/ faglærarar/ rektor (og eventuelt Kontaktlærarane Olweuskoordinator) Enkeltvedtak skal fattast Rektor (innan 4 veker etter at henstilling er mottatt). Oppfølging av tiltak: Kontaktlærar - Samtalar - Anna Lukka saka Kontaktlærar og rektor Side 5 av 10

Plan over Olweusarbeidet på trinn Ansvar kontaktlærar 8. Hovudtema: NY PÅ SKULEN, VENNSKAP, KLASSEMILJØ, SAMARBEID, EMPATI Gjennomgang av mobbereglane. Sjekka at plakatane heng oppe Aktivitet i samband med nasjonal mobbekampanje v. 36 Skriva logg for å høyra korleis elevane opplever overgang til ny skule, ny klasse Sosiometrisk undersøking Kontakt med føresette Snakka om Olweusarbeidet på skulen på foreldremøte på hausten, kva forventer me av heimen: læringsplakaten Snakka om resultatet av Olweusundersøkinga på våren Tips til samtale: kva er ein god venn? Trivsel, kva er med på å skapa eit godt miljø? Korleis kan du bidra? Korleis få venner? Drama: utestengjing. Visa empati: case og diskusjon. Digitalmobbing: kurs: korleis ta screenshot, kva er forskjellen på venner på nett og elles? Kva legg me ut på nettet? Fast tema på samtalar Gjennomføra Olweusundersøking, gå gjennom definisjonar Gjennomgå resultatet frå Olweusundersøkinga Materiell Film: Sommerfugleffekten, Være venner: nrksuper, PitbullTerje Bøker: Lek på ramme alvor, Thor Annika Pitbullterje, Endre Lund Novelle: Innflytteren, frå novellesamlinga Svart salt og gule toner Ansvar kontaktlærar Kontakt med føresette Side 6 av 10

9. Hovudtema: GRUPPEPRESS, GRENSESETJING, GUTTE OG JENTEMOBBING, SJØLVHEVDING Repetisjon av mobbereglane. Sjekka at plakatane heng oppe Aktivitet i samband med nasjonal mobbekampanje v. 36 Tips til samtale: Ha fokus på klassemiljø, gruppepress. Å få andre til å gjera noko gale. Korleis setja eigne grenser? Skilnad på gutter og jenter, mobbing og generelt. Snakka om Olweusarbeidet på skulen på foreldremøte på hausten Snakka om resultatet av Olweusundersøkinga på våren Fast tema på samtalar Drama: Å få vera med i gruppa. Gruppepress. Ta val. Digitalmobbing: kurs: korleis ta screenshot. Kva er rett og gale på nett? Korleis setja grenser på nettet? Gjennomføra Olweusundersøking, gå gjennom definisjonar Gjennomgå resultatet frå Olweusundersøkinga Materiell Film: Let s fight it together, Cyberbullying Bøker: Det som er sant, Magnhild Bruheim (nettmobbing, gruppepress), Bitching Novelle: Svart Salt, frå novellesamlinga Svart salt og gule toner Ansvar kontaktlærar Kontakt med føresette Side 7 av 10

10. Hovudtema: PSYKISK HELSE, SNART NY IGJEN, Å VERA ANSVARLEG Repetisjon av mobbereglane. Sjekka at plakatane heng oppe Aktivitet i samband med nasjonal mobbekampanje v. 36 Tips til samtale: Stress. Korleis halda på ein god venn? Kva er viktig å tenka på i overgang til ny skule, hugs korleis det var å vera ny. Vennskap, nytt og gammalt. Å ta ansvar for det ein har gjort, val ein har tatt. Snakka om Olweusarbeidet på skulen på foreldremøte på hausten Snakka om resultatet av Olweusundersøkinga på våren Fast tema på samtalar Drama: Idol. Digitalmobbing: kurs: korleis ta screenshot. Kva gjer likes og antal følgjerar på nettet med sjølvkjensla vår? Gjennomføra Olweusundersøking, gå gjennom definisjonar Gjennomgå resultatet frå Olweusundersøkinga Materiell Film: Gjenforeningen. Bøker: Kvifor sa vi ingenting? Jan De Sanger Novelle: Stjernene, frå novellesamlinga Dugg Ansvar kontaktlærar Kontakt med føresette Elevråd Personal Fast tema på to møter Seks møter i løpet av året Side 8 av 10

Tiltaksplan Kva Når Ansvar Dokumentasjon Personalmøte. Innhald: Gjennomgang av Kvalitetsplan Gjennomgang av ordensreglane for skulen Inspeksjon. Gjennomgang av rutinar. Ved semesterstart vår og haust Administrasjon Samtalegrupper i personalet 5 gonger Administrasjonen. Klassemøte med tema mobbing og andre tema som liknar. Dei første skal innehalda: 1. Kva er mobbing? 2. Gjennomgang av mobbereglane 3. Gjennomgang av mobbesirkelen Elevsamtalar 2 pr. månad August/ september Minimum 2 pr. semester Alle Kontaktlærar Kontaktlærar Logg Ved behov Kontaktlærar Kartlegging av elevar som treng ekstra oppfølging i friminutta Heile året Alle Skjema dersom Mobbing tema for elevrådet Vår og haust Kontaktlærar Foreldremøte Gjennomføring av spørjeundersøking Ved skulestart. Etter resultat av undersøkinga. Haust elevråd Kontaktlærar Kontaktlærar/ sosiallærar ein oppdagar noko. Resultat Side 9 av 10

Gjennomgang av resultat for Med ein gong spørjeundersøkinga skulen har a) personalet tilgang. a) Administrasjon b) elevrådet b) Kontaktlærar elevråd c)elevane c) Kontaktlærar og tillitsvald i klassen d)foreldre d) Trinnleiar - kontaktlærar Tiltak i høve til Når res. er Administrasjon, Eigen tiltaksplan spørjeundersøkinga gjennomgått trinnleiar om nødvendig Innføringskurs for nye 2 halve dagar Nytilsette Referat tilsette sept./okt. Evaluering av planen Slutten av Administrasjonen, Skjema. Referat vårsemesteret alle Oppsummering Målet med denne kvalitetsplanen er å redusera mobbinga ved Lye ungdomsskule og å bidra til eit godt miljø på dei ulike nivåa: klasse, trinn og skule. Me må jobba systematisk og i lag for å nå dette målet. Alle skal kjenna seg trygge på Lye ungdomsskule! Side 10 av 10