Luster kommune Handsama: Vedteke av Luster kommunestyre 22.11.2012, sak 95/12
1. BAKGRUNN FOR PLANARBEIDET Kommuneplan skal vera Luster kommune sitt overordna styringsdokument for korleis ein ynskjer samfunns-utviklinga i kommunen skal vera, og ein reiskap for korleis ein skal møta nye og endra utfordringar i eit langsiktig perspektiv. Samla kommuneplan skal reviderast i kvar valperiode. Det er utarbeidd framlegg til planstrategi for Luster kommune. Her vert det lagt opp til at kommunen skal ha ein kommuneplan som består av ein samfunnsdel og ein arealdel. I tillegg skal kommunen også ha tematiske kommunedelplanar som gjer nærare greie for viktige oppgåver kommunen skal løysa. Luster kommune har kommuneplan vedteke slik: Samfunnsdelen 22.02.2007 K-sak 15/07 Arealdelen 04.12.2008 K-sak 100/08 I tillegg har kommunen ei rekkje tematiske kommunedelplanar. 1.1 Planprogram Plan- og bygningslova har innført eit lovbestemt krav ( 4-1) til at det vert utarbeidd eit planprogram ved revisjon av kommuneplanen. Planprogrammet skal minst gjera greie for føremålet med planarbeidet planprosessen deltakarar, fristar opplegg for medverknad skildring av evt alternativ som vert vurdert behov for utgreiingar spesielt i høve til forskrift om konsekvensutgreiingar Føremålet med kommuneplanen er og trekkja opp dei langsiktige utviklingslinjene og gjera prioriteringar av oppgåver som skal løysast. Planprogrammet skal leggja til rette for ein god planprosess, og skapa best mogeleg rammer for arbeidet. I framlegg til kommunal planstrategi, som skal handsamast i kommunestyret 27.09.2012, er det framlegg om revisjon av kommuneplanen både samfunnsdelen og arealdelen. I tillegg er det framlegg om kva kommunedelplanar som skal reviderast/utarbeidast i planperioden Planprogrammet skal leggjast ut til offentleg ettersyn i 6 veker og deretter fastsetjast av kommunestyret. 1.2 Samfunnsdelen - skal vera eit verktøy for overordna strategisk styring av kommunen og utviklinga av kommunesamfunnet - skal synleggjera utfordringar, mål og strategiar for kommunen som organisasjon, og skal gje overordna mål for sektorane Viktige føringar for Samfunnsdelen - Planen skal gje innbyggarane informasjon og realistiske forventningar om prioriterte oppgåver i kommunen og leggja til rette for medverknad. - Den ferdig reviderte kommuneplanen skal etter vedtak i kommunestyret vera førande for komande prioriteringar og politiske avgjersler. Handlingsdel er viktig for å få til dette. - Planen må vera i samsvar med økonomiplan og kommunal planstrategi. - Planen skal ikkje vera detaljerande, men gje rammer for kommunen sitt arbeid innafor dei prioriterte tema. Dette vil gje betre føringar for ressursbruken. - Samfunnsdelen skal vera førande for kommuneplanen sin arealdel, og gje føringar på utviklingsretningar for arealbruken.
1.3 Arealdelen Føremålet med revisjon av arealdelen til kommuneplanen er å sikre ein langsiktig og berekraftig arealbruk som legg til rette for ønskt vekst og utvikling i Luster kommune. Arealdelen skal vere eit effektivt styringsverktøy for politikarar og administrasjon. Det skal vera ein arealdel for heile kommunen. Det er viktig og sikra god samanheng mellom kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel. Sosiale, økonomiske, kulturelle og teknologiske utviklingstrekk i samfunnet er med på å bestemma arealbruken. Endringar i folketalsutviklinga, næringsstruktur og sysselsetjingsutvikling vil ha innverknad på lokaliseringa av byggeområde. Arbeidet med arealdelen startar opp når samfunnsdelen er ferdig. Eige planprogram for arealdelen vert utarbeidd våren 2013. 2. OVERORDNA UTVIKLINGSTREKK OG UTFORDRINGAR Luster står overfor mange muligheiter og utfordringar i tida som kjem i høve til å stå fram som ein attraktiv kommune for innbyggjarane, besøkjande og næringslivet. Kommunen sine sentrale roller er: Kommunen som tenesteytar og velferdsprodusent Kommunen som tilretteleggar og samfunnsutviklar Kommunen som forvaltar av fellesskapet sine verdiar I kommuneplanprosessen er det ynskjeleg at det vert sett opp felles målsetjingar for kommunen og at det vert utforma klare strategiar for korleis desse ein skal nå desse måla. Som grunnlag for planarbeidet er det utarbeidd ein faktadel som også skal vera grunnlaget for både planprogram, samfunnsdel og arealdel. Folketalsutvikling Dei siste åra har det vore ein gradvis folketalsauke i Luster. Denne kjem hovudsakleg av auka tilflytting frå utlandet med vekt på Aust-Europa og då hovudsakleg frå Polen. Trenden viser også auka familietilflytting slik at dei som i utgangspunktet kom som sesongarbeidarar no buset seg med familiar. Statistisk Sentralbyrå sine framskrivingar tyder på at denne utviklinga vil halda fram nokre år til. Auka tilflytting frå utlandet vil medføra at kommunen får utvida oppgåver m.a. språkopplæring i grunnskulen og kulturtilbod. Luster kommune legg vekt på gode tilbod i alle delar av kommunen. Likevel er det ei utviklinga der folketalet aukar i Gaupne og på Hafslo og nedgang i dei andre krinsane. Gaupne og Hafslo har også størst del av den yngre befolkninga. Ei slik fordeling av befolkninga gjer at det vil vera behov for ulike typar offentlege tenester i dei ulike delane av kommunen i åra framover som barnehage/skule og eldreomsorg. Ei ny eldrebølgja vil fyrst slå inn i 2025-2030. Offentleg økonomi Den vedtekne budsjett og økonomiplan for perioden 2012 2015, må salderast mot bruk av kommunen sitt disposisjonsfond for å balansera. Dette er ikkje berekraftig over tid. Hovudutfordringa for den kommunale økonomien er å setja i verk tiltak som sikrar eit godt tenestenivå samstundes som inntekter og utgifter skal balansere over tid. 2
Formannskapet har fått i oppdrag å koma med ei tilråding til kommunestyret om korleis økonomiplanen (2013-15) skal tilpassast for at inntekter og utgifter skal balansere over tid. Ei slik tilråding skal liggja føre innan 1. september 2012. For at kommunen ikkje skal binde opp for mykje av sine framtidige driftsutgifter til avdrag og renter, er det viktig at den langsiktige lånegjelda vert stabilisert. Det er i økonomiplanen lagt opp til at nye låneopptak er noko lågare enn dei årlege avdraga slik at den langsiktige gjelda vert stabilisert og svakt redusert. Næring og sysselsetjing Landbruket har tradisjonelt vore viktigaste næringsvegen i Luster. Nedgangen i årsverk i landbruksnæringa som ein ser i heile landet finn ein også i Luster. På mange bruk står ein overfor eit generasjonsskifte og korleis dette vil slå i næringa er uvisst. Ei utfordring for landbruksnæringa i kommunen er m.a. å finna nye løysingar for samarbeid mellom gardsbruk. Utfordringar for landbruksnæringa i kommunen er bruksutbygging i eiga regi eller i samarbeid mellom gardsbruk. Nedgang i landbruket påverkar også i stor grad folketalsutviklinga i grendene i kommunen. Det er ei positiv utvikling i fleire av industriverksemdene i kommunen. Dei to største industriverksemdene i kommunen har no internasjonalt eigarskap. Innafor vasskraft er det mange, både større og mindre utbyggingar som er til konsesjonshandsaming. Kraftutbygging vil dei kommande 10-15 åra vere ein aktivitet der bygg og anleggssektoren vil kunne vinne oppdrag. Reiselivet har synt stor investeringsinteresse dei siste åra, og aktiviteten i næringa er god. Det er ei interessant utvikling at personar med kapital har valt å satse betydeleg i reiselivet i Luster. Bygg og anlegg er framleis ei stor næring i Luster, fleire av selskapa har kompetanse til å stå ansvarleg for store prosjekt og har marknad i heile sogneområdet. Privat tenesteyting inkludert handelsnæringa held posisjonen sin. Luster har mange innbyggjarar som arbeider i nabokommunane. I Sogndal og Leikanger er det dei siste åra etablert fleire offentlege kompetansearbeidsplassar. Utviklinga av den regionale arbeidsmarknaden er viktig for Luster. 3. BEHOV FOR UTGREIINGAR Mange av dei tema som er foreslått i planstrategien er vidareføring av gjeldande samfunnsdel. Dei andre tema er kome til som fylgje av endringar i PLBL og krav til kommuneplanen sitt omfang. Med utgangspunkt i faktadel og at også nokre tema skal få ei grundigare handsaming gjennom eigne kommunedelplanar (Folkehelse og Risiko- og sårbarheit) ser ein ikkje behov for omfattande utgreiingar i samband med samfunnsdelen. Samfunnsdelen vil også gje føringar for arealdelen og i denne prosessen vil det også verta klarlagt behov for utgreiingar i samband med arealdelen. Stadanalyse Gaupne er ei utgreiing som skal leggjast til grunn for arealdelen. 4. TEMA I SAMFUNNSDELEN Kommunestyret summerte i 2011 opp kommuneplanarbeidet i førre periode gjennom ei kommuneplanmelding. Gjeldande kommuneplan vart evaluert og dåverande kommunestyre sitt råd til det noverande kommunestyre var at samfunnsdelen vert revidert innafor rammene av strukturen 3
som er i gjeldande plan. I tillegg skal også nye nasjonale føringar jfr endringar i lovverket innarbeidast i planen. Oppbygging og tema i gjeldande plan skal vidareførast i revidert plan. I tillegg vert nye viktige oppgåver med utgangspunkt i overordna føringar trekt inn. Planstrategien har framlegg til at samfunnsdelen skal omfatta desse tema: I Visjon og verdigrunnlag II Fokusområde: Næringsverksemd og infrastruktur Luster sine utfordringar innafor "næring og sysselsetjing" dei kommande åra vil vere: få ein ny ung generasjon inn i landbruket motivera for større driftseiningar innan husdyrnæringa auke innteninga/utvikle sesongane i reiselivet skape vidareutvikling innan industriverksemdene i kommunen utvikle Luster som ein attraktiv plass å busetje seg, ha tomtar tilgjengeleg, få tome gardsbruk ut på sal og auke talet på bustader som kan leigast tilrettelegga for satsing på kultur- og naturbasert verdiskaping Viktig å gje den kommunale infrastrukturen (VAR) ein standard som gir innbyggarar og næringsliv tilbod med tilstrekkeleg kapasitet og kvalitet, samt sikrar gode miljømessig løysingar til så gunstige priser som mogleg. Senterstruktur Luster er ein vidstrakt kommune med kommunesenter, 3 bygdesenter og 6 bygdelag. Folketeljingane viser ei indre sentralisering med aukande folketal i Gaupne og Hafslo og nedgang i dei andre bygdene. Dette kan også ha samanheng med tilbakegangen i jordbruksnæringa. Det er eit overordna mål at alle bygder og større grender skal ha tilgang til eit lokalt kulturhus i nærområdet. Nærområdet vert definert som maks 4 km frå sentrum av grenda. Det lokale kulturhuset skal dekka grenda sitt behov for forsamlingslokale. I inneverande planperiode vart skulen i Fortun lagt ned grunna svært lågt elevtal. Dette kan koma til å skje også med andre skular i eit lengre perspektiv dersom folketalsstrukturen held fram å endra seg slik den har gjort i seinare år. Regionalt samarbeid Luster kommune etablerer stadig nye samarbeidstiltak med nabokommunar og/eller kommunane i Sogn regionråd. Faktastatusoversikta viser kva samarbeidstiltak kommunen tek del i pr mars 2012. Dei fleste samarbeidstiltaka er i lag med nabokommunar og kommunar i Sogneregionen. Nokre gjeld og heile Sogn og Fjordane. Sogn regionråd er ein felles arena med fokus på å sikra og vidareutvikla rammevilkår, busetnad og næringsliv i regionen. Samarbeidet er innafor både eigne rettssubjekt, tenestekjøp, prosjekt m.m. Luster kommune er ikkje vert for nokon av samarbeidstiltaka. Oppvekst Det har vore ei god utvikling på å dekka behovet innan både barnehage og skule. Det er ikkje gjeldande kommunedelplanar innan oppvekst, men derimot fleire fagplanar som vert vidareført. Utfordringar knytt til dette området vert teke opp som tema i samfunnsdelen. Ei sentral utfordring er m.a. at det strukturelle grunnlaget for skular/barnehagar vert endra som fylgje av den indre sentraliseringa. Kultur og fritid Forventningar til eit variert og engasjerande kulturtilbod er klårt gitt uttrykk for, seinast i innbyggjarundersøkinga 2011. Kulturlova er ei understreking av at dette også skal sikrast både gjennom planmessig utvikling, men også i form av konkret satsing. Formidling av lokale informasjonar og data vert eit verkemiddel for å sikre lokalsamfunnet rask og enkel oppdatering. Tilleggsfunksjonar som er verdsett er t.d. kunnskapsformidling og underhaldning. Over tid er store datamengder samla inn med den hensikt å danne grunnlag for auka kunnskap og nytte. Offentlege instansar har løyst 4
formidlinga på ulikt vis. Rapporten Lustraidentitet peikar på ei utvikling av ulike trendar, men også av kvalitetar i lokalsamfunna / kommunen. Gode kulturtilbod vert stadig viktigare for å rekruttera og halda på kompetent arbeidskraft. Lokal mediepolitikk, og korleis utnytta potensiale i lokale mediakanalar som Radio Luster og lokale nettportalar og Lustra- Nytt. Dokumentasjon av lokal kunnskap, sikre munnlege kjelder og lage presentasjonsverktøy for formidling. Folkehelse Folkehelse er kome inn som nytt tema i offentleg planlegging frå 2012 med heimel i folkehelselova og PLBL. Ein årleg folkehelseprofil frå folkehelseinstituttet skal vera ei hjelp til kommunane i det nye arbeidet med å skaffa oversikt over helsetilstanden i befolkninga og kva for faktorar som kan påverkast. Profilen har tema innan folketalsutvikling, levekår, miljø, skule, levevanar, helse og sjukdom. Luster kommune har gode plasseringar på alle indikatorar, unnateke type 2 diabetes, legemiddelbrukarar og høg fødselsvekt. Årsaker til dette er som regel relatert til dårleg kosthald og lite fysisk aktivitet. Til liks med landet er det utfordringar i kommunen i forhold til fysisk aktivitet. Spesielt frå 15 års alder og oppover vert det registrert ein betydeleg nedgang. Ei kartlegging viser at dei fleste bygder i kommunen har bra med aktivitetstilbod. Framover vert det viktig og oppretthalda denne aktiviteten gjennom å ha fokus på godt samarbeid med frivillige organisasjonar. Helsevesenet peikar stadig på utfordringar knytt til liten fysisk aktivitet og feil ernæring i befolkninga. Utfordringar i eit lengre perspektiv kan vera at både unge og vaksne med mangelfullt kosthald, mykje passiv aktivitet får auka kroppsmasseindeks (KMI). Miljø og berekraftig utvikling Miljø- og berekraftig utvikling er kome inn som nytt tema i kommuneplanarbeidet i medhald av hovudføremålet i ny PLBL og Naturmangfaldslov. Luster kommune vedtok Miljøplanen i 2009 der det vart sett fokus på m.a. energi, klima og ureining. Ei hovudutfordring i lokalt klimaarbeid er at kommunen manglar data som kan sei noko om klimautsleppa i Luster lokalt. Dei ein kan finna er nasjonale tal som er brotne ned etter ulike modellar med svært store feilkjelder. Utan talgrunnlag er det vanskeleg å avdekka problemområde og det let seg ikkje gjera å måla effekten av tiltak. Det har synt seg vanskeleg å få prioritet på målsetjingane i kommunedelplan for energi, klima og ureining, som vart vedteken i 2009. 5. NASJONALE OG REGIONALE PLANFØRESETNADER Nasjonale og regionale planar og retningsliner/politikkdokument skal leggjast til grunn for planarbeidet i kommunane. Sentrale dokument er: Plan- og Bygningslova av 2008 Naturmangfaldslova av 2009 Folkehelselova av 2011 Statlege planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen. 25.3.2011 Rikspolitiske retningsliner for samordna areal- og transportplanlegging. (T-5/93) Rikspolitiske retningsliner for å styrke barns og unges interesser i planlegginga. (T-5/95) 5.1 Nasjonale forventingar til kommunal planlegging jfr PLBL 6 Med bakgrunn i endringane i PLBL i 2008 kom det inn reglar om at det kvart fjerde år skal utarbeidast eit forventingsdokument med nasjonale forventingar til både kommunal og regional planlegging. Dokumentet (T-1497), som er ein del at det formelle plansystemet, kom ut i 2011. Det vert forventa at kommunane fylgjer opp den politikken som vert formidla gjennom forventingane som har følgjande hovudtrekk: Verdiskaping og næringsutvikling det vert forventa at det vert teke omsyn til verksemder og næringar sine behov for lokalisering og eigna areal, samstundes som arealbruken vert avklart mot andre interesser. Det vert lagt til grunn eit breitt verdiskapingsperspektiv der eksisterande og nye næringar basert på lokale natur- og kulturressursar vert vektlagt. Forvaltninga av kultur- 5
og naturverdiane er bærekraftig og ivaretek naturmangfald og kulturhistoriske verdiar. Planlegging hjelper til med å oppretthalda og vidareutvikla landbruket. Samferdsel og infrastruktur- det vert forventa at statlege, fylkeskommunale og kommunale planprosessar som omfattar samferdsel vert samordna. Natur, Kulturmiljø og landskap det vert forventa at planlegginga byggjer på oppdatert og tilgjengeleg kunnskap om arealbruk og natur, kulturminne, kulturmiljø og landskapsverdiar. By- og tettstadutvikling det vert forventa at kommunane bidreg til å hindra nedbygging av verdifulle landbruksområde. Helse, livskvalitet og oppvekstmiljø det vert forventa at kommunane har oversikt over helsetilstanden i befolkninga og dei faktorar som kan verka inn på denne og tek omsyn til desse. Klima og energi det vert forventa at kommunane tek omsyn til klimautfordringane og norsk energiomleggingspolitikk i planlegginga 5.2 Regionale føringar Sogn og Fjordane fylkeskommune som regional planstyresmakt har ei rekkje overordna planar som er vedtekne eller under utarbeiding som gjev føringar for kommunen sitt planarbeid. Regional planstrategi for Sogn og Fjordane Fylkeskommune er utarbeidd og lagt ut til offentleg ettersyn i perioden juli-september med høyringsfrist 15.09.2012. Planstrategien skal handsamast i fylkestinget 17.10.2012 og vil då verta førande for fylkeskommunen sitt planarbeid. 6. PLANPROSESSEN Målet er at Luster kommune skal få etablert ein «4-års-syklus» for kommuneplanarbeidet som omfattar desse delane Planstrategi Samfunnsdelen med planprogram Arealdelen med planprogram Kommuneplanmelding Dette skal igjen koplast nær opp til kommunen sit «årshjul» som omfattar årsmelding, handlingsdel med budsjett, økonomiplan, planprogram og tenestplan og handlingsprogram. Kommuneplanarbeidet 4-års syklus: 2012 2013 2014 2015 2. kv 3. kv 4. kv 1.kv 2. kv 3. kv 4. kv 1.kv 2. kv 3. kv 4. kv 1.kv 2. kv 3. kv 4. kv Planstrategi Planprogram* samfunnsdel Samfunnsdelen Planprogram arealdel Arealdelen Kommuneplan -melding VAL Planstrategi Planprogram S. * her er me no 6
Med bakgrunn i den nye Plan- og bygningslova der planstrategi er teke inn som ein del av planprosessen og krav om planprogram kom inn etter oppstart av gjeldande kommuneplan, vert det ved neste revisjon lagt vekt på samkøyring av planstrategi og planprogram for Samfunnsdelen. 7. MEDVERKNAD FRAMDRIFT Luster kommune som planmynde skal (jfr PLBL 5-1) syrgja for ein open og brei medverknadsprosess. Ansvar for kommuneplanarbeidet er lagt til kommunestyret (jfr PLBP 9-1), medan formannskapet er kommuneplannemnd og leiar planarbeidet. Rådmannen har det administrative ansvaret for planarbeidet (PLBL 9-2). Kommunen legg opp til ein slik prosess i arbeidet: Fasar i planarbeidet Samarbeid og medverknad Ansvarleg Fristar / Framdrift Skisse til planprogram Rådmann Juli august 2012 Vedtak utlegging Kommuneplannemnd September 2012 Planprogrammet Kunngjering varsel om oppstart planprogram X Rådmann September 2012 og arbeid med kommuneplan - samfunnsdelen Planforum samråd med offentlege X Rådmann Sept/okt 2012 sektormyndigheiter, nabokommunar og regionråd Høyringsfrist Planprogram og innspel til X Oktober 2012 samfunnsdelen Handsaming av innkomne merknader. Rådmann November 2012 Utarbeiding av framlegg til endeleg planprogram Vedtak av planprogram Kommunestyret November 2012 Utarbeiding skisse til samfunnsdel Rådmann Okt nov 2012 Arbeidsmøte kommuneplan X Kommunestyret Januar 2013 Tema/bygdemøter Gaupne Hafslo X Rådmann Januar 2013 Skjolden Jostedal Innspel til samfunnsdel X Februar 2013 Samfunnsdelen Utarbeida framlegg til kommuneplan Rådmann Nov mars 2012/2013 1. g. handsaming Kommuneplannemnd Mars 2013 Offentleg ettersyn av planframlegg 6 veker X Mars april 2013 Ope møte X Rådmann / Mars 2013 kommuneplannemnd Samråd med offentlege sektormyndigheiter X Rådmann Februar - mars 2013 Handsaming av merknader, utarbeiding av Rådmann Mai 2013 endeleg planframlegg 2. g. handsaming av planframlegget Kommuneplannemnd Mai 2013 Vedtak samfunnsdelen Kommunestyret Juni 2013 7
Føresetnad for denne framdrifta er m.a. at endringane etter 1.g. offentleg ettersyn ikkje er så omfattande at det medfører krav om ny utlegging. I så fall kan det føra til ytterlegare forlenging av planarbeidet. 8. HANDLINGSDEL Kommuneplanen skal ha ein handlingsdel (PLBL 11-2) som viser korleis planen skal fylgjast opp dei fire komande åra, og reviderast årleg. Økonomiplanen vil gå inn som ein del av handlingsdelen. Kommuneplanen sin handlingsdel gjev grunnlag for kommunen sine prioriteringar av ressursar, planleggings- og samarbeidsoppgåver og konkretiserer tiltaka innafor kommunen sine økonomiske rammer. For å få ein betre og meir målbar samanheng mellom kommuneplan og kommuneplanmelding, budsjett og rekneskap bør kommuneplanen sin handlingsdel få ei form som gjer det lettare å sjå denne samanhengen. Eit slikt system kan også gjera det lettare å få fram års, eller kvartalsrapportar. Dette kan gje både politikarar og administrasjon eit godt styringsverktøy. Handlingsdelen kan få ei utforming som vert om lag slik som under, der det er teke med døme for folkehelsearbeidet: Døme - handlingsdel: Hovedmål Delmål Tiltak Mål i Gode aktivitetstilbod i kvardagen Leggja til rette for eit aktivt friluftsliv i kvardagen Fleire friareal og grøntområde planperioden Oppgradera x kvm fri- og grøntområde Budsjett Tid Ansvar Resultat / status 100 000 Heile Oppv X kvm perioden oppgradert friog grøntområde Fleire turstiar 4 km meir turveg 2013 X km nyetablert turveg Fleire båtplassar Etablera 20 nye båtplassar X Tal nye båtplassar Ivareta allemannsretten Nasjonale retningslinjer Heile perioden Rekneskap Avvik 80 000 +20 000 8