Protozoa eincella parasittar av Bjørn Gjerde 2007-2014 Bjørn Gjerde 1
Protozoa morfologi, formeiring Organismen/parasitten består av berre ei celle. Små/mikroskopiske; dei fleste 5-100 µm store. Stor formeiringevne inni verten, slik at moderat smitte likevel kan føra til kraftig infeksjon etter ei tid med oppformering. Formeirar seg ukjønna ved todeling og/eller mangedeling; somme grupper har i tillegg kjønna formeiring (utveksling eller saman-smelting av DNA frå to celler/individ). Somme grupper lever intracellulært inni vertens celler, andre grupper er ekstracellulære i tarmkanalen eller i blod/vevsvæsker. 2007-2014 Bjørn Gjerde 2
Protozoa utvikling, overføring Stor variasjon i utviklinga hos ulike grupper; frå eitt til ca. 15 ulike utviklingsstadium. Direkte eller indirekte livssyklus. Mange av artene i magetarmkanalen produserer miljøresistente stadium (cyster, oocyster, sporar) som overfører smitte. Mange arter blir overførte av blodsugande insekt eller flått (viktigast i varmare land). 2007-2014 Bjørn Gjerde 3
Protozoa aktuelle grupper Sporozoar, spesielt koksidiar Flagellatar Amøber Mikrosporidiar Ciliatar Myxozoar (blir også oppfatta som primitive fleircella organismar) 2007-2014 Bjørn Gjerde 4
Sporozoar - koksidiar Alle er intracellulære parasittar hos vertane. Direkte (einverts) eller indirekte (toverts) syklus. Koksidiar med direkte syklus er typiske tarmparasittar, medan koksidiar med indirekte utvikling vekselvis er tarmparasittar i den eine verten og vevsparasittar (m.a. i muskulatur og indre organ) i den andre verten. Utviklinga i tarmen hos begge gruppene fører til produksjon og utskiljing av store mengder med oocyster, som liknar på egga til fleircella parasittar. 2007-2014 Bjørn Gjerde 5
Tarmkoksidiar - Eimeria og Isospora Spelar ei svært viktig rolle som årsak til sjukdommen koksidiose hos husdyr ved moderne, intensiv husdyrproduksjon med stor konsentrasjon av dyr og smitte. Viktig hos lam, kalv, spedgris og kylling i Noreg. Yngre dyr blir hardast ramma; eldre dyr er ofte beskytta av immunitet, men dei kan skilja ut moderat med smitte. Formeirar seg i tarmslimhinna, særleg i tarmepitelcellene, slik at desse cellene blir skadde og får nedsett funksjon eller blir øydelagde. Dette kan føra til store sår i tarmslimhinna og blødningar og lekkasje av vevsvæske til tarmlumen. Livstruande diaré med fare for uttørking. Ved lettare infeksjonar er symptoma mindre dramatiske, men tilveksten kan bli redusert. 2007-2014 Bjørn Gjerde 6
Tarmkoksidiar - Eimeria og Isospora Blir overførte av oocystestadiet, som blir utskilt i enorme mengder i løpet av ein infeksjon (over 1 million oocyster pr. gram avføring). Oocystene kan overleva i månadsvis i miljøet; enkelte arter toler frysing og kan overvintra ute. Påvising av koksidieinfeksjonar skjer ved mikroskopisk påvising av oocyster i avføringsprøvar, som regel ved hjelp av flotasjonsmetodar. Ulike arter har karakteristiske oocyster (storleik, form). God hygiene er viktig for å hindra smitteoverføring. Artene er vertsspesifikke og smittar ikkje mellom ulike dyreslag. 2007-2014 Bjørn Gjerde 7
Tarmkoksidiar - Eimeria Livssyklus. Tarmslimhinne (lam) med ulike utviklingsstadium; oocyster (oo). Blindtarm frå kylling med koksidiose og blødning til lumen; lam med koksidiose, tilgrising av hale og lår pga. diaré. 2007-2014 Bjørn Gjerde 8
Kryptosporidiar Kryptosporidiane (ulike Cryptosporidium-arter) utviklar seg på liknande måte som tarm-koksidiane og blir overførte av oocyster frå avføring. Enkelte arter kan smitta både dyr og menneske (er zoonotiske), særleg arta C. parvum hos spedkalv. Enkelte arter finst hovudsakleg hos dyr; og ei art vesentleg hos menneske. Smitte gjennom direkte kontakt med avføring, eller via oocyster i fekalt ureina matvarer, drikkevatn eller vatn i badebasseng. Kan føra til kraftig diaré. Størst problem hos spedkalv og menneske. 2007-2014 Bjørn Gjerde 9
Cryptosporidium kryptosporidiar Livssyklus; tuntflytande feces frå kalv med kryptosporidiose; oocyster (immunfluorescensfarging) 2007-2014 Bjørn Gjerde 10
Vevskoksidiar Nyttar gjerne ulike kjøttetande/altetande dyr som endevert og planteetande dyr og menneske som mellomvert. Hos endeverten er det utvikling av parasitten i tarmveggen og til slutt utskiljing av oocyster. Hos mellomverten formeirar parasitten seg i ulike vev, og dette kan føra til stor vevsskade og alvorleg sjukdom. Viktigaste art: Toxoplasma gondii 2007-2014 Bjørn Gjerde 11
Toxoplasma gondii - toxoplasmose Nyttar katt som endevert og menneske og talrike dyrearter som mellomvert. Hos menneske og andre mellomvertar formeirar parasitten seg i veva utanfor tarmkanalen og dannar såkalla vevscyster, som inneheld infektive organismar. Mellomvertane og endeverten katt kan bli smitta av vevscystene ved å eta rått kjøtt/byttedyr. Hos gravide/drektige kan parasitten formeira seg i fosteret og skada dette, slik at det blir abort, eller barnet blir fødd med ulike skader, m.a. synsskadar. Hos katt formeirar parasitten seg i tarmepitelet, og katt skil ut oocyster med avføringa. Oocystene kan smitta menneske og husdyr ved direkte kontakt med kattefeces eller via ureina fôr/mat eller drikkevatn. 2007-2014 Bjørn Gjerde 12
Toxoplasma gondii Livssyklus og smittevegar; oocyster frå kattefeces; abortert foster hos sau med toxoplasmose 2007-2014 Bjørn Gjerde 13
Sporozoar i blodet - Babesia divergens Erythrocyttar med Babesia divergens-organismar (piler); skogflått (2 hoer) på storfe Hos storfe; kan også smitta menneske utan milt. Overført av skogflåtten Ixodes ricinus. Formeirar seg i og øydelegg erythrocyttane hos storfe. Fører til hemoglobinuri (med kaffifarga urin), høg feber og ofte død. 2007-2014 Bjørn Gjerde 14
Giardia duodenalis (=G. intestinalis) Livssyklus; aktivt stadium i tarmen; cyster (ufarga, og immunfluorescensfarga) Hos menneske og mange dyrslag. Enkelte typar hos dyr kan smitta menneske; andre typar smittar berre mellom dyr. Smitte gjennom direkte kontakt med avføring, eller via cyster i fekalt ureina matvarer, drikkevatn eller vatn i badebasseng. Stort vassbore utbrot i Bergen i 2004; minst 1500 blei smitta. Langvarig diaré eller fordøyelsesproblem. 2007-2014 Bjørn Gjerde 15