Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam eldreråd 29.05.2009 016/09 TRUBUE Kvam formannskap 02.06.2009 030/09 TRUBUE Kvam heradsstyre 16.06.2009 054/09 TRUBUE Avgjerd av: Saksh.: Trude Birknes Buene Arkiv: N-561.6 Objekt: Arkivsaknr 09/521 Innløysing av grunn til gangveg i Norheimsund - Strandvegen Samandrag: Reguleringsplan for Norheimsund vestre del 1 Haldeplassen Kaldestad vart endeleg vedteken i desember 2008. Det er mellom anna regulert inn ein offentleg gangveg i strandsona (strandvegen). Arbeidet med opparbeiding av vegen vil føregå som eit samarbeid mellom Kvam herad og næringslaget i Norheimsund. Det er ønskjeleg å komme i gang med planlegging og tilrettelegging så snart som mogleg. I første omgang frå området ved Sandven hotell mot meieritomta. Varsel om eventuell oreigning vart send til grunneigarane i brev datert 03.04.09 og 05.05.09, med 3 vekers uttalefrist. Eventuell uttale frå grunneigarane vil difor føreliggje etter at skrivefristen er ute i denne saka, men før den politiske handsaminga. Eventuelle uttalar må difor ettersendast. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: a. Gnr 11 bnr 9. Omlag 270 m². Eigar: Sandven AS. b. Gnr 11 bnr 13. Omlag 85 m². Eigar: Bård Sandven. c. Gnr 11 bnr 25. Omlag 160 m². Eigar: Arne Apold, Johannes Apold og d. Gnr 11 bnr 126. Omlag 110 m². Eigar: Berit Sandven og Øystein Kaldestad. grunnen i bruk før skjøn er halde. 29.05.2009 Kvam eldreråd
Framlegg frå Ole Børsheim: Rådmannen sitt framlegg med tillegg: 1. Kvam eldreråd er einig i rådmmanen sitt framlegg til vedtak om oreigning av grunn til gangveg/sykkelveg, Haldeplassen Kaldestad (Strandvegen) 2. Eldrerådet er òg einig i at det vert søkt til namsmannen (fylkesmannen) om å få ta grunnen i bruk før skjønn er halde. 3. Denne vegen er ein av dei vegane i Norheimsundområdet som vert svært viktig for dei eldre sin bruk av orrådet i sentrum, og nærområdet rundt. 4. Eldrerådet tilrår rådmannen sitt framlegg til vedtak Røysting: Framlegg frå Ole Børsheim vart samrøystes vedteke KER-016/09 Tilråding: a. Gnr 11 bnr 9. Omlag 270 m². Eigar: Sandven AS. b. Gnr 11 bnr 13. Omlag 85 m². Eigar: Bård Sandven. c. Gnr 11 bnr 25. Omlag 160 m². Eigar: Arne Apold, Johannes Apold og d. Gnr 11 bnr 126. Omlag 110 m². Eigar: Berit Sandven og Øystein Kaldestad. grunnen i bruk før skjøn er halde. 1. Kvam eldreråd er einig i rådmmanen sitt framlegg til vedtak om oreigning av grunn til gangveg/sykkelveg, Haldeplassen Kaldestad (Strandvegen) 2. Eldrerådet er òg einig i at det vert søkt til namsmannen (fylkesmannen) om å få ta grunnen i bruk før skjønn er halde. 3. Denne vegen er ein av dei vegane i Norheimsundområdet som vert svært viktig for dei eldre sin bruk av orrådet i sentrum, og nærområdet rundt. 4. Eldrerådet tilrår rådmannen sitt framlegg til vedtak 16.06.2009 Kvam heradsstyre Røysting: Rådmannen sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke. HST-054/09 Vedtak:
a. Gnr 11 bnr 9. Omlag 270 m². Eigar: Sandven AS. b. Gnr 11 bnr 13. Omlag 85 m². Eigar: Bård Sandven. c. Gnr 11 bnr 25. Omlag 160 m². Eigar: Arne Apold, Johannes Apold og d. Gnr 11 bnr 126. Omlag 110 m². Eigar: Berit Sandven og Øystein Kaldestad. grunnen i bruk før skjøn er halde. 02.06.2009 Kvam formannskap Framlegg til vedtak frå Martin Vik, Sp: Rådmannen sitt framlegg til vedtak Røysting: Framlegget vart samrøystes vedteke FSK-030/09 Tilråding: e. Gnr 11 bnr 9. Omlag 270 m². Eigar: Sandven AS. f. Gnr 11 bnr 13. Omlag 85 m². Eigar: Bård Sandven. g. Gnr 11 bnr 25. Omlag 160 m². Eigar: Arne Apold, Johannes Apold og h. Gnr 11 bnr 126. Omlag 110 m². Eigar: Berit Sandven og Øystein Kaldestad. grunnen i bruk før skjøn er halde Saksordførar: Lars Ragnvald Djupevåg Lista inneheld sentrale dokument som det er referert til eller sitert frå i saksframstillinga: JournalID Journaldato Tittel Avsendar
09/6580 03.04.09 Erverv av grunn i samband med Kvam herad bygging av gang- og sykkelveg i Norheimsund, Strandvegen. 09/6741 06.04.09 Skjønsavtale Kvam herad 09/7993 28.04.09 Uttale frå gnr 11 bnr 126 Adv. Øyvind Kvåle 09/8308 05.05.09 Erverv av grunn i samband med bygging av gang- og sykkelveg i Norheimsund, Strandvegen. Kvam herad For å opne dokument det er referert til i tabellen må du klikke på lenka under her. Skriv så inn JournalID i søkefeltet DokumentID og utfør søket. http://www.kvam.no/innsyn5/wfinnsyn.aspx?response=journalpost_sok&simple=false
Saksopplysningar: Reguleringsplanen vart endeleg vedteken i desember 2008. Planen tek for seg vidare utvikling av området frå Haldeplassen til Kaldestad. For å leggje til rette for eit tilgjengeleg sentrum for fotgjengarar, er det mellom anna regulert inn ein offentleg gangveg i heile strandsona. Strandvegen skal på ein god måte binde saman tettstaden Norheimsund. Arbeidet med opparbeiding av vegen vil føregå som eit samarbeid mellom Kvam herad og næringslaget i Norheimsund. Samla kostnad for prosjektet er ikkje kjent, men det er ønskjeleg å komme i gang med planlegging og tilrettelegging så snart som mogleg. I første omgang frå området ved Sandven hotell mot den gamle meieritomta. Kvam herad overførte kr 150.000,- til næringslaget i 2008 til vegen. Kvam herad har ikkje sett av midlar til prosjektet på budsjettet for 2009 til opparbeiding og gjennomføring av vegen. Men 28.04.09 tilrådde formannskapet å løyve 1 mill. kroner frå tiltakspakken til regjeringa til strandvegen. Dette vil bli avgjort av heradsstyret 11.05.09. Det er 6 grunneigarar som vert råka av tiltaket: - Gnr 11 bnr 9. Omlag 270 m². Eigar: Sandven AS. - Gnr 11 bnr 13. Omlag 85 m². Eigar: Bård Sandven. - Gnr 11 bnr 25. Omlag 160 m². Eigar: Arne Apold, Johannes Apold og Margrete Apold. - Gnr 11 bnr 126. Omlag 110 m². Eigar: Berit Sandven og Øystein Kaldestad. Varsel om eventuell oreigning vart send til grunneigarane i brev datert 03.04.09 og 05.05.09, med 3 vekers uttalefrist (sjå JournalID 09/6580 og 09/8308). Eventuell uttale frå grunneigarane vil difor føreliggje etter at skrivefristen er ute i denne saka, men før den politiske handsaminga. Eventuelle uttalar må difor ettersendast. Det er innkommen ein uttale frå eigar av gnr 11 bnr 126 (sjå JournalID 09/7993). Saman med varslet sende vi framlegg til skjønsavtale til grunneigarane (JournalID 09/6741 syner ein av avtalane). Dersom alle grunneigarane underskriv slik avtale, treng saka ikkje handsamast politisk. Ein slik avtale inneber m.a. at heradet kan ta grunnen i bruk i samsvar med reguleringsplanen, og at erstatninga vert fastsett ved rettsleg skjøn dersom det ikkje vert oppnådd semje om erstatninga. Forhandstiltreding. I brevet til grunneigarane har vi sagt at vi vil søkje til fylkesmannen i Hordaland om å få ta i bruk grunnen før skjøn er halde. Dette er naudsynt dersom grunneigarane ikkje underskriv avtalen, og næringslaget skal komme i gang med bygging av gangvegen i løpet av 2009. Vurdering: Næringslaget ønskjer å komme i gang med planlegging og tilrettelegging så snart som mogleg. Dermed har vi to alternativ når det gjeld framdrift i saka. Grunneigarane må underskrive den frivillige avtalen eller heradet må oreigna grunnen. Dersom næringslaget skal komme i gang med strandvegen i løpet av 2009 må det fattast vedtak om oreigning og det må søkjast fylkesmannen om forhandstiltreding så raskt som mogleg, dersom vi ikkje i mellomtida mottek underskriven avtale frå grunneigarane. Det har vore samtalar og møter med grunneigarane, men ingen har underskrevet avtalen. Fleire av eigarane har ønskjer/vilkår som må avklarast før dei vil gå med på ein frivillig
avtale. Ønskja til gnr 11 bnr 126 (JournalID 09/7993) er ikkje noko heradet kan ta stilling til i løpet av kort tid. Med atterhald om at vi så langt ikkje har fått i stand frivillig avtale med dei råka partane, vil vi tilrå at heradsstyret sluttar seg til rådmannen sitt framlegg.