REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 15 FEBRUAR 2013, STORD RÅDHUS Desse møtte: Edvard J. Stangeland Odd Harald Hovland Sverre Olav Svarstad Sigve Sørheim Elling Hetland Wenche Tislevoll Synnøve Solbakken Trond Sætereng Liv Kari Eskeland Magnus Mjør Jarle Jacobsen Bjarne Aksnes Martinsen Steinar Dalland Observatørar: Stål Alfredsen Austevoll kommune Bømlo kommune Bømlo kommune Etne kommune Etne kommune Fitjar kommune Kvinnherad kommune Kvinnherad kommune Stord kommune Stord kommune Sveio kommune Sveio kommune Tysnes kommune Haugesund kommune Administrasjonen: Gro Jensen Gjerde Reidun Rykkje Forfall: Rolf Nøstdal, Austevoll kommune Atle Tornes, Fitjar kommune Kjetil Hestad, Tysnes kommune. Då var føre: Sak 01/13 Godkjenning av referat frå møte i Samarbeidsrådet 30. november 2012 Sak 02/13 Skriv og meldingar a) Bokprosjekt ein dag i Sunnhordland b) Økonomiplan c) Fellesmøte med ORK d) Sunnhordlandsfilm val av produsent e) E39 ferjefri kyststamveg f) Markering av nedbetalt Trekantsamband 30.april g) Craft International Economuseea h) Interkommunalt samarbeid innan helse Helse Fonna regionen i) Skulebruksplan for Hordaland Sak 03/13 Nasjonal fiskerihamn på Bømlo Sak 04/13 Flytting av alarmsentral Sak 05/13 Strategisk plan - revidering Sak 06/13 Regionalt næringsfond rapport 2012 Sak 07/13 Regionalt næringsfond plan 2013 Sak 08/13 Val av to næringslivsrepresentantar til regionalt næringsfond Sak 09/13 Bocuse d`or vegen vidare Regionrådet for kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes A Postboks 444, 5403 Stord T 53 45 67 90 Orgnr. 971 492 910 E firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no W samarbeidsraadet-sunnhordland.no
Sak 10/13 Ymse a) Planmidlar til 0-alternativet mellom Skånevik og E134 Håland i Etne kommune b) Brannsamarbeid Det var i møte lagt inn styringsgruppemøte for Interkommunal strandsoneplan. Eige referat frå dette møte ligg ved. Sunnhordland, 18 februar 2013 Gro Jensen Gjerde dagleg leiar
REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 15 FEBRUAR 2013, STORD RÅDHUS Sak 01/13 Godkjenning av referat frå møte i Samarbeidsrådet 30. november 2012 Sak 02/13 Skriv og meldingar a) Bokprosjekt ein dag i Sunnhordland b) Økonomiplan c) Fellesmøte med ORK d) Sunnhordlandsfilm val av produsent e) E39 ferjefri kyststamveg f) Markering av nedbetalt Trekantsamband 30.april g) Craft International Economuseea h) Interkommunalt samarbeid innan helse Helse Fonna regionen i) Skulebruksplan for Hordaland På møte: a) Bokprosjekt ein dag i Sunnhordland Samarbeidsrådet drøfta saka og vart samde om at kommunane ikkje ønskjer å binde seg til kjøp av eks antall bøker før ein ser det ferdige resultatet. Samarbeidsrådet vil oppmoda om at det vert søkt regionalt næringsfond om midlar til bokprosjektet. c) Fellesmøte med ORK Arbeidsutvalet i Samarbeidsrådet drøfter i møte 1. mars kva saker som er viktige for Sunnhordland å ta opp i fellesmøte i juni. e) E39 Ferjefri kyststamveg Ordførar Liv Kari Eskeland orienterte om at handsaming av NTP i Stortinget er utsett til april. Samarbeidsrådet har skrive eit brev som skal sendast Samferdselsdepartementet, med underskrifter frå kommunar som går for den midtre traseen. Brevet vil verta sendt når Byrådet i Bergen har hatt saka til handsaming 20 februar. f) Markering av nedbetalt Trekantsamband 30. april Arbeidsutvalet arbeider vidare med saka. g) Craft International Economuseea Terje Inderhaug, Hordaland fylkeskommune orienterte om prosjektet. Administrasjonen vart beden om å følgja dette opp. h) Interkommunalt samarbeid innan Helse-fonna regionen Ordførar Synnøve Solbakken og rådmann Sverre Olav Svarstad orienterte frå møte 1 februar. Helse Fonna vil kartlegge ressursar på brukargruppene og gje ein prognose på kva ein kan forventa i tida framover. Saka vil koma tilbake til Samarbeidsrådet.
i) Skulebruksplan for Hordaland Ordførar Wenche Tislevoll stilte spørsmål om Samarbeidsrådet skulle gjera ei ny hendvendig til fylkespolitikarane før vidare handsaming i fylkesutval og fylkesting. Ein konkluderte med at det hadde vore svært nyttig å stå samla i uttalen til skulebruksplan, men at politikarane no må arbeida mot sine eigne parti. Innstillinga frå opplærings- og helseutvalet i fylkeskommunen til vidare handsaming i fylkesutvalet og fylkestinget: a. Austevoll vgs vert vidareført, med fagtilbod og dimensjonering som vist i saksutgreiinga. Dette inneber at utdanningsprogramma naturbruk (NA), teknikk og industriell produksjon (TIP) og TO-tilbodet ved skolen vert vidareført med uendra kapasitet. Elektrofag (EL) og studiespesialiserande (ST) vert lagt ned. b. Bømlo vgs og Rubbestadneset vgs vert slått saman til ein skole, lokalisert til Rubbestadneset. PÅ og TO-tilbodet vert overført til Stord Saghaugen vgs. Service og samferdsel (SS) vert overført til Rubbestadneset vgs. c. Rubbestadnes vgs vert vidareført, med fagtilbod og dimensjonering som vist i saksutgreiinga med tillegg av ST og Vg2 TIP. Dette inneber at utdanningsprogramma elektrofag (EL) og teknikk og industriell produksjon (TIP) vert vidareført. EL får auka kapasitet. Helse- og oppvekstfag (HO) og innføringskurs for minoritetsspråklege vert og vidareført. Blåbygget og internatbygget vert utfasa og erstatta med eit noko mindre, men betre tilrettelagt tilbygg. d. Fitjar vgs vert vidareført som i dag med same fagtilbod og dimensjonering. e. Stord vgs vert delt i to einingar, ein kombinertskole på Stord Saghaugen vgs og ein rein yrkesskole på Stord Vabakkjen vgs. Opplæringssenteret vert vidareført som ei avdeling under Stord Vabakkjen vgs. f. Stord Saghaugen vgs vert oppretta med fagtilbod og dimensjonering som vist i saksutgreiinga. Dette inneber at skolen vil tilby idrettsfag (ID), musikk, dans og drama (MDD), studiespesialiserande (ST), påbygg (PÅ), TO-tilbod og innføringskurs for minoritetsspråklege. ID, MDD og PÅ vert regionale tilbod for region Sunnhordland. Skolen vert knutepunktskole for TO i regionen, og er felles tilbod for Fitjar, Bømlo og Stord. Skolen får nybygg/tilbygg og rehabilitering av eldre bygningsmasse. g. Stord Vabakkjen vgs vert oppretta med fagtilbod og dimensjonering som vist i saksutgreiinga. Dette inneber at skolen vil tilby bygg- og anleggsteknikk (BA), elektrofag (EL), medium og kommunikasjon (MK), og teknikk og industriell produksjon (TIP). I tillegg vil skolen tilby teoriundervisning for elevar med full opplæring i bedrift (lærlingskole), og administrere det regionale VO-senteret. Skolen får nybygg/tilbygg og rehabilitering av verkstadareal. h. Etne vgs vert vidareført, med fagtilbod og dimensjonering som vist i saksutgreiinga. Dette inneber at utdanningsprogramma design og handverk (DH), medium og kommunikasjon (MK) og teknikk og industriell produksjon (TIP) vert vidareført som tilbod ved skolen. Kapasiteten på tilboda vert uforandra. Samordning av utdanningstilbod med Ølen vgs i Rogaland skal tilstrebast. Den vidare drifta av skolen vert vurdert på nytt når gjenkjøpsavtalen med Etne kommune kan innfriast. i. Kvinnherad vgs vert vidareført, med fagtilbod og dimensjonering som vist i saksutgreiinga. Dette inneber at utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk (BA), elektrofag (EL), helse- og oppvekstfag (HO), teknikk og industriell produksjon (TIP), studiespesialiserande (ST), restaurant og matfag (RM), TO-tilbodet og innføringskurs for minoritetsspråklege vert vidareført som tilbod ved skolen. Service og samferdsel (SS) og påbygg (PÅ) vert lagt ned og flytta til Stord vgs.
Samarbeidsrådet for Sunnhordland tek orienteringa til følgje. Sak 03/13 Nasjonal fiskerihamn på Bømlo Samarbeidsrådet for Sunnhordland gjev si tilslutnad til at Bømlo kommune sitt arbeid med revisjon av noverande fiskerihamn skal få status som Nasjonal fiskerihamn. Sak 04/13 Flytting av alarmsentral 1. Samarbeidsrådet for Sunnhordland meiner det er viktig for Haugaland og Sunnhordland at 110 sentralen i Haugesund vert oppretthalden. 2. Det er ikkje eit alternativ for kommunane i Sunnhordland å verta knytt til sentralen i Stavanger. 3. Dersom Stavanger vert alternativet, krev kommunane i Sunnhordland å verta knytt til 110 sentralen i Bergen. På møte: Rådmann Sverre Olav Svarstad, Bømlo kommune sette fram nytt forslag til nytt punkt 1: 1. Samarbeidsrådet for Sunnhordland meiner at 110 sentralen for kommunane i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt ikkje må flyttast til Stavanger. Ei avgjersle om kva som skal skje med 110 sentralen i Haugesund må utstå til det ligg føre ein avklaring på strukturen i politidistrikta. Fleire av kommunane i regionen har ikkje hatt saka oppe til drøfting og det vart difor vedteke å ta vekk punkt 2 og 3 i framlegg til vedtak og erstatte med nytt punkt 2: 2. For vidare tilknyting til kva alarmsentral kommunane i Sunnhordland skal høyre til, syner ein til kommunevise uttalar. 1. Samarbeidsrådet for Sunnhordland meiner at 110 sentralen for kommunane i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt ikkje må flyttast til Stavanger. Ei avgjersle om kva som skal skje med 110 sentralen i Haugesund må utstå til det ligg føre ein avklaring på strukturen i politidistrikta. 2. For vidare tilknyting til kva alarmsentral kommunane i Sunnhordland skal høyre til, syner ein til kommunevise uttalar.
Sak 05/13 Strategisk plan revidering 1. Samarbeidsrådet for Sunnhordland startar arbeidet med ny strategisk plan i møte 13. og 14. juni. 2. Rådmann Trond Sætereng, Kvinnherad kommune vert prosessleiar. På møte: Rådmann Trond Sætereng, Kvinnherad kommune sette fram forslag om å starta arbeidet med ny strategisk plan i møte 15 mars. 1. Samarbeidsrådet for Sunnhordland startar arbeidet med ny strategisk plan i møte 15. mars. 2. Rådmann Trond Sætereng, Kvinnherad kommune vert prosessleiar. Sak 06/13 Regionalt næringsfond rapport 2012 1. Samarbeidsrådet for Sunnhordland godkjenner rapport for regionalt næringsfond 2012. 2. Samarbeidsrådet for Sunnhordland vedtek at restmidlar frå 2012 på kr. 158 128,- vert overført til regionalt næringsfond for 2013. 3. Tilbaketrekt tilsegn på kr. 202 990,- vert overført til regionalt næringsfond for 2013. 4. Styret i regionalt næringsfond gjer endeleg vedtak på korleis restmidlane skal fordelast mellom dei ulike postane i 2013. Sak 07/13 Regionalt næringsfond plan 2013 1. Samarbeidsrådet for Sunnhordland godkjenner framlegg til fordeling av regionalt næringsfond for 2013. 2. Samarbeidsrådet for Sunnhordland prioriterer og søkje fylkeskommunen om skjønsmidlar til prosjektet Matkultur i Sunnhordland og omdømme/ rekrutteringsprosjektet.
Sak 08/13 Val av to næringslivsrepresentantar til regionalt næringsfond Administrasjonen føreslo at det vert lagt opp til val av nye næringslivsrepresentantar kvart 2 år. Det kom i møte framlegg om å spør følgjande næringslivsrepresentantar etter nemnt rekkefølgje om å vera med i styre for det regionale næringsfondet: 1. Styrk Bekkenes, Noreq 2. Magne Møklebust, pensjonist (tidlegare adm.dir i Servogear) 3. Bjørg Tislevoll, ABB 4. Kjell Lien, Vaagen 5. Arne Birkeland, Westcon Det skal vera to faste representantar med to vararepr. Samarbeidsrådet vil verta orientert i neste møte om kven som går inn i styre for det regionale næringsfondet for perioden 2013-2015. VEDTAK Sak 09/13 Bocuse d`or vegen vidare 1. Samarbeidsrådet for Sunnhordland går inn for oppstart av eit forprosjekt innan matkultur i regionen. 2. Samarbeidsrådet set av kr. 80 000 til delfinansiering av prosjektet. 3. Midlane skal takast frå tiltakspotten. Sak 10/13 Ymse a) Planmidlar til 0-alternativet mellom Skånevik og E134 Håland i Etne kommune Administrasjonen la i møte fram ei ny sak som gjeld støtte til Etne kommune om planmidlar til 0 alternativet mellom Skånevik og E134 Håland. Bakgrunn: Kommunestyret i Etne vedtok i desember 2008 ein kommunedelplan på tunell mellom Skånevik og Etne. I fleire møter med Fylkeskommunen og Statens vegvesen i ettertid er kommunen blitt oppmoda om å ta ein intern runde i høve til denne prioriteringa og om opprustning av eksisterande veg kan vera eit alternativ. Det er gjort i samband med
uttale til Regional transportplan. Eit fleirtal i kommunestyret ynskjer no ein planprosess på oppgradering av Rv48 frå E134 til Skånevik med to mindre tunellar. Kostnaden med kommunedelplan mellom Skånevik og Etne var på om lag 2,5 mill. kr. finansiert av kommunale og private midlar. I tillegg har Etne kommune forskottert 15.mill til fortau langs Fv 34 i Skånevik, planarbeid for nytt Mørkelidkryss på E134, og held på med reguleringsplanlegging av gang-/ sykkelveg langs E134 frå Etne og austover. Det vil seia at Etne kommune dei siste åra har brukt ein god del midlar på planarbeid som ulike vegeigarar har ansvar for. I møte i Samarbeidsrådet for Sunnhordland 30.november 2012 bad ordførar Sigve Sørheim, Etne kommune om støtte frå rådet til kravet om at Hordaland fylkeskommune set av planleggingsmidlar til utgreiingsarbeidet. Administrasjonen vart beden om å laga ein uttale. Framlegg til uttale Samarbeidsrådet for Sunnhordland vil peika på at det er naudsynt med vesentleg auke i fylkesvegrammene til fylkeskommunen jamf. handlingsprogrammet til Regional Transportplan. I programmet er det prioritert: Markert styrking av tiltak for å ta vare på eksisterande vegnett Gjennomføring av allereie prioriterte prosjekt Opptrapping av tilbakebetaling (refusjonar) av tidlegare godkjente forskotteringar. Samarbeidsrådet for Sunnhordland er gjort kjent med utfordringa Etne kommune står ovanfor ved at det er gjort eit planarbeid med tunell mellom Skånevik og Etne, men at både Statens vegvesen og Hordaland kommune no rår kommunen til å utgreia 0-alternativet. Samarbeidsrådet for Sunnhordland ber, med bakgrunn i ovannemnde om at Hordaland fylkeskommune set av planleggingsmidlar av tilstrekkeleg storleik til at eksisterande veg / ny veg mellom Skånevik og E134 kan planleggast på ein slik måte at opprustningsarbeid kan setjast i gang snarast råd. Framlegg til vedtak Samarbeidsrådet for Sunnhordland godkjenner uttalen slik den ligg føre. På møte: Det vart i møte drøfta om Samarbeidsrådet skal gje støtt uttale til einskild kommunar i denne type saker. Samarbeidsrådet vart samde om at framlegg til uttale vert endra til å verta meir prinsipiell. Nytt framlegg vert sendt ut til godkjenning. Administrasjonen lager ein ny uttale som vert sendt ut til godkjenning.
b) Interkommunalt brannsamarbeid Rådmann Sverre Olav Svarstad, Bømlo kommune tok opp ei sak vedrørande interkommunalt brannsamarbeid. Det er kome eit brev til kommunane frå varaordførar Helge Thorheim som er leiar i interimstyre for utredning av brannsamarbeid på Haugalandet og Sunnhordland, der Samarbeidsrådet vert beden om å peika ut to representantar til styringsgruppa. Samstundes vert det gjennomført ei utredning for eit interkommunalt brannsamarbeid i Sunnhordland. Etter ei drøfting konkluderte Samarbeidsrådet med at administrasjonen lagar ei sak på brannsamarbeid til neste møte 15 mars, og at det vert gjeve ei tilbakemelding til ORK på at det ikkje vart utpeikt representantar frå Samarbeidsrådet før dette møte.