Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam eldreråd 15.04.2005 009/05 INGR Kvam formannskap 19.04.2005 085/05 INGR Kvam heradsstyre 03.05.2005 041/05 INGR Avgjerd av: Saksh.: Ingunn Grevstad Vidare drift av Kvam statlege mottak Arkiv: N-391 Objekt: Arkivsaknr 04/446 Samandrag: Kvam herad er inne i siste fase av gjeldande avtale med Utlendingsdirektoratet for drift av Kvam statlege mottak. UDI informerer i brev til Kvam herad datert 30.03.05 at dei vil nytta opsjonsretten,og vil forlenge driftsavtalen i inntil 3 år. Kvam herad er ein sentral busettingskommune i regionen, og har opparbeidd seg solid kompetanse på området av busetting av flyktningar og drift av asylmottak. Etter fagleg og økonomisk vurdering har me kome til at Kvam herad har ressursar og kapasitet til vidare drift av asylmottak. Reduksjon av talet på asylsøkjarar i Strandebarm er med i vurderinga. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: 19.04.2005 Kvam formannskap Framlegg frå Vigdis Håland, Ap: Tilsynsrapporten frå tilsynet som skal vera 28.04.05, vert lagt fram muntleg på møtet i Kvam heradsstyre 03.05.05. Framlegg frå ordførar Astrid Kristin Selsvold, Ap:
Formannskapet ber om at Mo-utvalet uttaler seg i god tid før heradsstyretmøtet 03.05.05, innan 25.04.05. Rådmannen sitt framlegg til vedtak med tillegg frå Håland og Selsvold fekk 8 røyster og vart tilrådd. 1 røyst mot. FSK-085/05 Tilråding: Formannskapet ber om at Mo-utvalet uttaler seg i god tid før heradsstyretmøtet 03.05.05, d.v.s. innan 25.04.05. Tilsynsrapporten frå tilsynet som skal vera 28.04.05, vert lagt fram muntleg på møtet i Kvam heradsstyre 03.05.05. Saksordførar: Astrid Kristin Selsvold, Ap. 15.04.2005 Kvam eldreråd Fellesframlegg: Drifta av Kvam statlege mottak må gå i økonomisk balanse uansett talet på personar i mottaket. Dessutan ynskjer Kvam eldreråd at bruken av skular i samband med opplæring må koma i bruk att. Det er særs viktig at folk kjem seg ut av mottaket. Fellesframlegget vart samrøystes tilrådd med 6 røyster. KER-009/05 Tilråding:
Drifta av Kvam statlege mottak må gå i økonomisk balanse uansett talet på personar i mottaket. Dessutan ynskjer Kvam eldreråd at bruken av skular i samband med opplæring må koma i bruk att. Det er særs viktig at folk kjem seg ut av mottaket. 03.05.2005 Kvam heradsstyre Leiar for flyktningeavdelinga Ingunn Grevstad orienterte om tilsynet på mottaket som var gjennomført 28.04.05. Framlegg frå Herleif Tveit, Sp: 2.setning i tilrådinga skal lyde: Kapasiteten totalt i mottaket vert 60 ordinære plassar og 20 stykkprisplasser, reduksjonen skal skje i Strandebarm. Framlegg frå Oddvar Brakestad, H: Kvam heradsstyre ber administrasjonen leggja til rette for at asylsøkjarane vert aktiverte i meiningsfyllt arbeid. Kvam heradsstyre ber om tilbakemelding om aktuelle tiltak som vert starta. Grendautvala kan og kontaktast for forslag til praktiske tiltak som har samfunnsmessig betydning. Tilrådinga frå formannskapet vart sett opp mot framlegget frå Herleif Tveit, Sp. Tilrådinga frå Kvam formannskap fekk 20 røyster og vart vedteken. Framlegget frå Herleif Tveit, Sp, fekk 7 røyster. Deretter vart det røysta over framlegget frå Odvar Brakestad, H: Framlegget frå Oddvar Brakestad, H, fekk 27 røyster og vart vedteke.
HST-041/05 Vedtak: Kvam heradsstyre ber administrasjonen leggja til rette for at asylsøkjarane vert aktiverte i meiningsfyllt ardeid. Kvam heradsstyre ber om tilbakemelding om tiltak som kan og vert starta. Grendautvala kan og kontaktast for forslag til praktiske tiltak som har samfunnsmessig betydning. Lista inneheld sentrale dokument som det er referert til eller sitert frå i saksframstillinga: JournalID Journaldato Tittel Avsendar 04/8558 22.06.04 Vidare framdrift av asylmottak Pol.sak heradstyre 05/5033 01.04.05 Forlengelse av driftsavt.for Kvam Udi-region vest x
Saksopplysningar: Heradstyret fatta 22 juni 2004 vedtak (088/04) om forlenga driftsavtale med Utlendingsdirektoratet (UDI) om drift av asylmottak med Kvam herad som driftsoperatør. Grunnlaget for saka den gongen var at staten skulle byggja ned talet på asylmottaksplassar i heile landet. Kvam herad vart bedne om å koma med tilbakemelding på korleis kommunen vurderte ein slik reduksjon i Kvam. På den bakgrunnen gjorde heradsstyret vedtak om reduksjon av plassane frå 100 til 60 faste plassar samt å halda på dei 20 stykkprisplassane. I Hordaland vart fleire mottak avvikla. Nedbygginga av statlege mottak er no avslutta, men det kan igjen bli behov for auka kapasitet. Kvam statlege mottak er eit av mottaka UDI ynskjer å halda fram samarbeidet med. Heradet driv eit godt etablert mottak, har stabil arbeidskraft med god kompetanse, er desentralisert og samarbeidet med kommunen som driftsoperatør er godt. Kommunale tenester er tilgjengelege. I samband med reforhandlingane om vidare drift, etter at avtaleperioden er slutt 31.05.05 har UDI i brev til Kvam herad datert 30.03.05 gjeve melding om at dei ynskjer å nytta opsjonsretten og ber om forlenging av driftsavtalen i inntil 3 nye år. UDI ber samstundes om å oppretthalda dagens kapasitet på 100 ordinære plassar pluss 20 stykkprisplassar. Det er såleis punkt 2 i heraddstyrevedtaket frå 22.06.04 som treng vurderast på nytt. I saka 22.06.04 vart det gjeve ei grundig vurdering av fylgjene for eit redusert mottak. Det siste året har mottaksdrifta vore skilt meir direkte ut frå anna kommunalt flyktningarbeid. Dette har ført til at økonomien for mottaksdrifta vert tydeleg. Drift av mottak krev ein viss grunnbemanning uansett storleik. UDI betaler husleiga for både ordinære plassar og stykkprisplassar. Utrekning viser at Kvam herad treng meir enn 60 faste plassar for å koma i balanse økonomisk. Dersom samla antal asylsøkjarar skal reduserast og samlast ved husmorskulen i, som har kapasitet til 64 asylsøkjarar vert motaket eit lite mottak (i nasjonal samanheng) og økonomien vert dårleg. Vurdering: Kvam heradsstyre 22.06.04 gjorde vedtak om å forlenga driftsavtalen med UDI om drift av asylmottak for ein periode på 3 år frå 01.06.05. Grunnen til at det vart ei sak da, var UDI sitt ynskje om å redusera tal mottaksplassar. Heradsstyret gjekk inn for ein reduksjon til 60 faste + 20 stykkprisplassar, og at reduksjonen skal skulle skje i Strandebarm. Vurderinga no, på bakgrunn av UDI sine nye ynskje, er at Kvam herad går inn for å forlenga gjeldande avtale når det gjeld tal plassar. Ved å halda oppe delt mottak med plassar både i Strandebarm og Norheimsund vil ein kunne redusera talet totalt, med noko reduksjon i Strandebarm. Drifta desse tre åra har gjeve god kvalitet på tilbodet, og det er opparbeidd stadig betre kontakt mot lokalmiljøa.