Informasjonsleiaren REKRUTTERING 2013 gjennomføring 2013 (oppdatert oktober) Denne rapporten gir ei kort oppsummering av tiltak 2013. eringa er kopla til tiltaksplanen i Rekrutteringsplanen 2013. Sjå også eigne rapportar for kampanjane for barnevern og sosionom GLU og BHL ny faglærarutdanning deltid og nett* * Ikkje laga enno Organisering av arbeidet Rekrutteringsplanen er skriven i samarbeid mellom informasjonskontoret og studieadministrasjonen. Informasjonskontoret og rekrutteringsgruppa, med representantar frå avdelingane, studieadministrasjonen og Kontor for etter og vidareutdanning, vil arbeide vidare med å konkretisere rekrutteringstiltaka og gjennomføre tiltaka. Rekrutteringstiltaka vert organiserte i fleire kampanjar retta mot ulike prioriterte målgrupper i ulike fasar av opptaket. Døme: Kampanjar for heiltidsstudenten regionalt og nasjonalt Kampanje for deltidssegmenta deltid og reine nettstudium Ulike kampanjar fram mot semesterstart Kampanje for studium med studiestart våren 2014 I tillegg til kampanjane og tiltaka som er nemnde under, kan det i samarbeid med avdelingar og institutt vere aktuelt å lage tiltak for nye studium, studium som slit med rekrutteringa osv. 1.1. Kampanje retta mot heiltidsstudenten regionalt og nasjonalt 1.1.1. Overordna mål for kampanjen Målsettingar: auke talet på søkjarar til heiltidsstudia ved HVO auke søknaden gjennom SO med 5 % 1.1.2. Kva skal det informerast om? For heiltidsstudenten er det viktig å nå fram med: Side 1 av 15
god og rekrutterande studieinformasjon med vekt på dei strategiske studietilboda (60 stp eller meir) karrierevegar og vidare studium internasjonalisering god og rekrutterande informasjon om studentliv og studiemiljø god og rekrutterande studieinformasjon om studentbyen Volda 1.1.3. Målgrupper og mottakargrupper Innsatsen vil i hovudsak rette seg mot potensielle søkjarar i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane og i folkerike område i Sør-Noreg. Viktige mottakargrupper er eigne studentar og tilsette, rådgjevarar, føresette, media. 1.1.4. Kort om tiltaka Dei tyngste tiltaka i denne kampanjen vert avvikla før 15. april og er knytte til tilboda vi har på Samordna opptak (SO). Erfaringar frå restetorget viser at det er viktig at vi også har ressursar til å gjennomføre rekrutteringstiltak mot denne målgruppa heilt fram til semesterstart. Det vart skal gjennomførast eigne kampanjar for barnevern, sosionom, GLU og kulturfaga. 1.1.4.1. HVO-veven, nyhende (pressemeldingar) og sosiale medium Optimalisere brukaropplevinga og informasjonsutbyttet for søkjarane. Vidareføre satsinga på sosiale medium. juni 2013: Vi arbeidde hausten 2012 med å implementere forbetringar etter brukarundersøkinga «HVO-veven og søkjarar v-2012». Denne undersøkinga og fleire evalueringar av kommunikasjonstiltak finn de her: www.hivolda.no/nyn/innsida/fellesadministrasjonen/informasjonskontoret/studentundersoking ar. Undersøkinga viste at HVO på mange måtar er på rett veg med veven, men der finns forbetringspotensiale. Vi ønskjer mellom anna å differensiere informasjonen meir i høve behova til dei ulike søkjargruppene. Prioriterte tiltak her har vore heimesida, nyheiter om studietilbod, studentaktivitetar osv., engelske sider, informasjonen for søkjarane våre under menyvalet «Utdanning» og Nexus studiekatalog og studiehandbok. : HVO-veven: Nytt design (ryddigare og meir oversikteleg sideoppsett med betre navigasjon, meir robust, moderne og praktisk koding av HVO-veven), nytt og betre filbibliotek, klargjering for responsiv design (design som tilpassar seg t.d. mobile einingar og små skjermar). Nye «engelske sider» (design, struktur, innhald). Facebook (4240 likes) og andre sosiale kanalar: meir aktiv bruk av Instagram, nytt responsivt design for Voldablogg. Side 2 av 15
Forbetra søkemotor er eitt av tiltaka som er komne på plass på HVO-veven. Nyheiter på kampanjesida for lærarutdanningane våre. Desse prøvar vi også å «selje inn» til media i form av pressemeldingar. Sjå også pkt. 1.1.4.8. om sosiale medium. Side 3 av 15
1.1.4.2. Studieorientering i vidaregåande skular og folkehøgskular i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane Verkemiddel: personleg kommunikasjon, HVO-filmen, PowerPoint/PDF på videokanon, katalogar og brosjyrar. Annonsering og redaksjonell omtale i forkant. Bruk av studentar. : HVO-ambassadørane har som planlagt vore på vegen i fire veker i januar og februar og møtt elevar frå nesten 40 ulike vidaregåande skular/folkehøgskular i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Mange av studentane har publisert om dette på Voldablogg: 1.1.4.2.1. GNIST og GLØD På studieorienteringane vil vi ha eigne tiltak for GLU og barhehagelærarutdanninga i samarbeid med GNIST regionalt og GLØD. : Det vart ikkje eigen stand GNIST/GLØD i studieorienteringane i dei vidaregåande skulane i år slik det har vore dei siste åra. Vi la likevel vekt på profilering av GLU her ved å styrke studentkorpset med GNIST-ambassadørar frå AHL/GNIST. I januar arrangerte vi «Ut i jobb-dagen». Dette er også eit tiltak forankra i den regionale GNISTpartnarskapen. Dagen er fagdag for rekrutteringsansvarlege i kommunane og ein møteplass for grunnskule- og førskulestudentar ved HVO og framtidige arbeidsgjevarar innanfor skule- og barnehagesektoren. Side 4 av 15
Oppslag om Ut i jobb-dagen. 1.1.4.3. Utdanningsmesser Ålesund, Bergen, Trondheim og Lillestrøm. Sentrale verkemiddel: Stand med ymse AV-utstyr, katalogar og brosjyrar, personleg kommunikasjon. Bruk av studentar. Som i dei siste åra har HVO-standen vore på messer i Ålesund, Bergen, Trondheim, Oslo og Lillestrøm. På messene kjem det tydeleg fram at HVO/studiebygda Volda har eit gode rykte. Elles er det størst interesse for medieutdanningane og lærarutdanningane. Elevane set pris på å møte ambassadørane våre (studentar). Studentane synest det er veldig positivt at tilsette ved opptakskontoret er med på standen. Standen treng ei oppgradering til neste år. Evalueringa viser at vi har å gå på når det gjeld bildekvalitet, plassering og storleiken på logo, tema, utrustning, bruk av merksemdskapande virkemiddel m.m. Standen i nytt design. Ein student rapporterer frå ei messe på Voldablogg. Side 5 av 15
1.1.4.4. Karrieredagar og Utdanningsdagar I grove trekk som i 2012. Informasjonskontoret vil også ta imot elevgrupper til rettleiing og omvising når dei ber om det. Karrieredagane er retta mot elevar i 10-klasse i grunnskulen som får informasjon, rettleiing og innsyn i ulike bransjar, bedrifter og utdanningar i regionen/fylket. Karrieredagane er ein del av faget Utdanningsval i grunnskulen. På Søre Sunnmøre vart karrieredagane avvikla 25. og 26. september i Volda, og ca. 700 elevar deltok. Karriereavisa 2012. Side 6 av 15
Dei vidaregåande skulane på Eid, Stryn, Sandane og Stranda. Akademiet i Ålesund, samt folkehøgskular i geografisk nærleik (Ørsta, Volda, Eid, Ålesund) vil delta på Utdanningsdagane 6., 7. og 8. november. Det er venta at det kjem ca. 800 elevar til høgskulen i løpet av desse tre dagane. Frå Utdanningsdagane 2012. 1.1.4.5. Trykksaker 1.1.4.5.1. Studiekatalog Den vil bli distribuert på YO, utdanningsmesser, K-dagar, Utdanningsdagar. DM til elevar i vidaregåande skular i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, ulike institusjonar som Forsvaret osv. 1.1.4.5.2. Trykksaker for master-, bachelor- og yrkesutdanningane Desse vil i hovudsak bli distribuerte av tilsette og studentar knytte til dei ulike studieprogramma. Blir brukt ved Utdanningsdagane, Karrieredagane. Studiekatalogen i eit opplag på 12000 vart ferdig rett før nyttår. Den har blitt distribuert på studieorienteringar (SO) i vidaregåande skular og folkehøgskular i S&Fj og M&R, på utdanningsmesser, sendt som post (DM) til avgangselevar vi vidaregåande i dei to fylka nemnde over osv. den vil også bli delt ut på Karrieredagane og Utdanningsdagane. Studiekatalogen 2013: framsida og eit oppslag. Informasjonskontoret lagar også i samarbeid med avdelingar og institutt brosjyrar for master- og bachelorutdanningane, nye studietilbod, studietilbod som treng ekstra marknadsføring m.m. Vi vil kontakte avdelingane før Utdanningsdagane i november med tanke på oppgradering/nye opplag. Side 7 av 15
Bachelorbrosjyre for kunst og handverk. Faldar for Faglærar i kunst og handverk Faldar for master i kulturmøte. A4 flygeblad. 1.1.4.6. Rådgjevarsamling Vi vil saman med dei to andre høgskulane i fylket arrangere samling i januar 2013 for rådgjevarar i vidaregåande skular og grunnskulen. Sentral målsetjing: Oppdatere rådgjevarane på studietilboda vi har. Høgskulen i Volda arrangerte i januar rådgivarseminar for rådgivarar, kontaktlærarar, avdelingsleiarar og andre interesserte i grunn- og vidaregåande skular i Møre og Romsdal. Seminaret var eit samarbeidsprosjekt med dei to andre høgskulane i fylket (Ålesund og Molde). I tillegg til å informere om det siste innan studietilbod, opptakskrav osv. var der også faglege innlegg retta mot rådgjevarane under seminaret. Side 8 av 15
1.1.4.7. Annonsar Vi vil bruke annonsar i dagspresse, fagpresse, magasin, Internett m.m. for å «minne om» og «vise veg til» meir informasjon om HVO og studietilboda på HVO-veven, på utdanningsmessene, yrkesorienteringane osv. Vi har brukt mykje ressursar på annonsering. Før og parallelt med sentrale tiltak som SO i vgs og utdanningsmessene, annonserar vi med styrke regionalt (S&Fj og M&R) og nasjonalt (med hovudvekt på Sør-Noreg). Vi følgjer opp med ein annonsekampanje før hovudopptaket i Samordna opptak 15. april. Annonsar var også viktig virkemiddel i kampanjane for ny faglærarutdanning kampanje for sosionom og barnevern kampanje for GLU og BHL kampanje for ABLU kampanjen for deltid- og nettstudium Alle masterutdanningane får også eit marknadsføringsopplegg der annonser gå inn som eitt av fleire virkemiddel. I år har vi i større grad enn før brukt nettannonsar med god effekt. I tillegg til midlane som er avsett på fellesnivået, kan også avdelingane bruke eigne midlar på annonsering. 1.1.4.8. Sosiale medium Vi vil aktivt bruke YouTube, Twitter, blogg og FaceBook som kanalar i rekrutteringa. I 2013 skal vi samarbeide med studentar frå GLU, PR, sosialfag, AKF, GNIST og GLØD. Side 9 av 15
Når det gjeld sosiale medium, satsar vi i hovudsak på Facebook. Av dei såkalla sosiale kanalane er FB mest brukt av målgruppene (jf. t.d. undersøkinga til StudiebygdA v-2013). Vi har også brukt andre kanalar som twitter, Instagram, Voldablogg og YouTube. Nokre stikkord: Vi har i vårsemesteret auka talet på likes på FB-sidene frå vel 3500 til 3800 Fotokonkurransen «Typisk Volda». Premie: ei «draumehelg i Volda» på HVO si rekning. Fekk inn 650 bilder og 1112 stemmer. Bilete blir framleis merka med #TypiskVolda, og dette viser vi til i magasinet som blir sendt ut til dei nye studentane. Nettmøte mellom studentar på sosionom og barnevern og potensielle søkjarar HVO-ambassadørane har skrive innlegg på Voldablogg. Vi har også hatt reisebrev frå praksis og utveksling her i forbindelse med kampanjen for sosionom og barnevern. Aktivt bruk av SOME i kampanjane for sosionom og barnevern, GLU og BHL, faglærar GNIST-ambassadør Jo Øiamo skriv på Voldablogg. 1.1.4.9. Informasjon til registrerte søkjarar / nye HVO-studentar 1.1.4.9.1. Søk-korpset Vi vil saman med SA som før etablere ei teneste (med tre studentar) som skal fange opp initiativ og spørsmål frå søkjarane våre. Denne tenesta skal også ringje opp førsteprioritetssøkjarar. Korpset var på plass ca. 1. juni. Desse skal styrkje HVO sitt grensesnitt mot HVO-søkjarara og potensielle søkjarar. Dei skal også kontakte 1. prioritetssøkjarar per telefon. Ann Karene Rasmussen er vår kontaktperson. Side 10 av 15
1.1.4.9.2. Utsending av informasjon til registrerte studentar Vi vil i samarbeid med SA sende ut praktisk og rekrutterande informasjon til søkjarar som har fått tilbod om plass. Ei viktig målsetjing er å få søkjaren til å møte opp i Volda. Vi er i full gang med å produsere magasinet til dei som får tilbod om plass. HVO-magasinet til nye studentar har fått ny design og nytt namn: Meir! 1.1.4.9.3. Studiestartportalen og praktisk informasjon på HVO-veven Studiestartportalen yter sørvis til nye søkjarar. Ei viktig målsetting er å få søkjaren til å møte opp i Volda. Har vore på lufta ei stund no og blir drifta av SA, info og søk-korpset. Side 11 av 15
1.1.4.9.4. Tiltak ved semesterstart Vi vil i samarbeid med SA, STIV (fadderordninga), avdelingane og andre viktige funksjonar gjere møtet med HVO og Volda så godt som mogleg for dei nye studentane. Eit sentralt tiltak er Vegvisar for nye studentar. Informasjonskontoret er med i ei planleggingsgruppe for studiestart under leiing av Ingun Nordal (SA). HVO samarbeider med StudiebygdA om dette. Viktig bidrag her er «Vegvisar for nye studentar» 1.2. Kampanje retta mot deltidsstudenten 1.2.1. Overordna mål for kampanjen Skaffe nok søkjarar til deltidsstudia våre. 1.2.2. Kva skal det informerast om? For deltidsstudenten er det viktig å nå fram med god og rekrutterande studieinformasjon god og rekrutterande informasjon om korleis og når studia vert avvikla (organisering), god og rekrutterande studieinformasjon om koplinga til praksisfeltet/regionen karrierevegar og vidare studium FoU studentprofilar 1.2.4. Målgrupper og mottakargrupper Innsatsen vil i hovudsak rette seg mot potensielle søkjarar i Møre og Romsdal og Nordfjord samt folkerike område i Sør-Noreg basert på kunnskapar om søkjargruppene for dei enkelte studia. Viktige mottakargrupper er eigne studentar og tilsette, rådgjevarar, aktørar i praksisfeltet, samarbeidspartnarar, media. 1.2.5. Kort om tiltaka 1.2.5.1. HVO-veven Optimalisere brukaropplevinga for søkjarane på heimesida, i portalen Studietilbod og i studiekatalogen på nett. 1.2.5.2. Trykksaker Vi vil lage ei lita trykksak og vise til meir informasjon på HVO-veven. Distribusjon: DM til aktuelle sektorar og målgrupper i heile landet. Side 12 av 15
1.2.5.3. Annonsar Vi vil bruke annonsar til å «minne om» og «vise veg til» meir studieinformasjon om tilboda på HVOveven. 1.3. Kampanje retta mot nettstudenten Nettstudia rekrutterer frå heile landet. Nettstudenten er særleg oppteken av Sjå elles 1.2. god og rekrutterande studieinformasjon god og rekrutterande informasjon om korleis og når studia vert avvikla (organisering), teknologi, «den virtuelle høgskulen» god og rekrutterande studieinformasjon om koplinga til praksisfeltet/regionen karrierevegar og vidare studium FoU studentprofilar Det vart sendt ut eit nyheitsbrev om deltid- og nettstudium til alle som tidlegare har vore studentar på høgskulen (i alt 13500 e-post-adresser). 203 personar har klikka seg vidare frå nyheitsbrevet og inn på nettsidene, noko som vi synest er veldig bra. 1.4. Kampanje retta mot internasjonale studentar 1.3.1. Overordna mål for kampanjen Å sikre studentar til dei internasjonale studieprogramma. 1.3.2. Kva skal det informerast om? god og rekrutterande studieinformasjon god og rekrutterande informasjon om studentliv og studiemiljø Side 13 av 15
god og rekrutterande studieinformasjon om studentbyen Volda / Noreg karrierevegar studentprofilar 1.3.3. Målgrupper og mottakargrupper Potensielle søkjarar og tilsette ved dei institusjonane vi samarbeider med. 1.3.4. Kort om tiltaka 1.3.4.1. HVO-veven Optimalisere brukaropplevinga for søkjarane på den engelske versjonen av HVO-veven. Ny versjon av dei engelske nettsidene våre i 2013. Internasjonalt kontor fekk prosjektmidlar til vidareutvikling av dei internasjonale sidene våre. 1.3.4.2. Internasjonal studiekatalog Distribusjon: Internasjonalt kontor. I samarbeid med internasjonalt kontor har informasjonskontoret i vår laga den internasjonale studiekatalogen, med lik form som i fjor. Katalogen var ferdig trykt i midten av mai. Det vart trykt opp 3000 eksemplar av Birkeland Trykkeri. Side 14 av 15
1.4. Lokale opptak og suppleringsopptak 1.4.1. Overordna mål for kampanjen Skaffe nok søkjarar til studia vi fram til studiestart lyser ut gjennom det lokale opptaket og suppleringsopptaket til SO. 1.4.2. Kva skal det informerast om? Avhengig av målgruppa, sjå tidlegare punkt. 1.4.3. Målgrupper og mottakargrupper Innsatsen vil i hovudsak rette seg mot potensielle søkjarar i Møre og Romsdal og Nordfjord og i folkerike område i Sør-Noreg basert på kunnskapar om søkjargruppene for dei enkelte studia. Viktige mottakargrupper er eigne studentar og tilsette, rådgjevarar, aktørar i praksisfeltet, samarbeidspartnarar, media. 1.4.4. Kort om tiltaka 1.3.5.1. HVO-veven Synleggjere kampanjane på heimesida vår. Optimalisere brukaropplevinga for søkjarane på heimesida, i portalen «Studietilbod» og i studiekatalogen på nett. 1.3.5.2. Annonsar Bruken av annonsar er effektive når det gjeld deltidssegmentet. Vi vil bruke annonsar til å minne om og vise veg til meir informasjon om tilboda på HVO-veven. Nettannonse (vg.no) for ledige studieplassar, ca. 20. juli Side 15 av 15