D4.3 Handbok. G. Cebrat, FGM. Bidrag: Ivan Ivanov, IVECOL



Like dokumenter
6-åringar på skuleveg

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing E-post lesar

Til deg som bur i fosterheim år

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Vegbygging eit klimatiltak?

Lotteri- og stiftingstilsynet

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

10 punkter for grønnere kjøring

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Økokjøring. Tenk miljø og spar penger Enkle tips for å redusere dine drivstoffutgifter og CO 2. utslipp med minst prosent

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Plassebakken Barnehage

Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Netcan Utvikling. Forretningsplan

Vegbygging eit klimatiltak? - betydninga av vegstandard for drivstofforbruk og klimautslepp -

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Lukkar, blendar, ISO. Innføring i teori Korleis utnytte dei kreativt. Arnold Hoddevik

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

SØKNADER OM TEST OG UTVIKLING AV TEKNOLOGI FOR BIOGASSHYBRIDBUSSAR FYLKESKOMMUNAL EIGENANDEL

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Eksamen S1 hausten 2014

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Eksamen REA3026 Matematikk S1. Nynorsk/Bokmål

mmm...med SMAK på timeplanen

KF BedreStyring. KF brukarkonferanse. Oslo 22. mars Pål Sandal

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Handbok i informasjonstryggleik. Presentasjon Geir Håvard Ellingseter, dokumentsenteret

Kvalitetsplan mot mobbing

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

FJORDVARMENYTT. Kjære kundar! Her kjem juleavisa vår! Informasjon om drifta av fjordvarmeanlegget. Statistikk og økonomi:

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

ehandel og lokalt næringsliv

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Dialogkonferanse Nye ferjeanbod

SIKKERHETSKONTROLL OPPGÅVER TIL SIKKERHETSKONTROLL KLASSE B INVIA AS TRAFIKKSKULE STORD / KVINNHERAD

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Bruk av reiserekning i Agresso

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Ny strategiplan for Høgskulen


Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Metodiske verktøy ved kursleiing

DB

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Fag: EL6019 VKII/Bedrift Elektrikar/Elektriker, Område: El. byningsinstallasjonar/el. bygningsinstallasjoner

Skyss, Bergen Adm. direktør Bernt Reitan Jenssen, Ruter As. Ruter sine strategiar på miljøområdet - kva fungerer?

Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse

UNIVERSITETET I OSLO

Arbeidsbok (mal for eigenprodusert HMS-dokumentasjon)

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Lønnsundersøkinga for 2014

Nytt HFK Intranett

Synspunkter på Bygningsmeldinga

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Frå novelle til teikneserie

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

La meg få ein sjanse til...

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

Den nye seksjon for applikasjonar

Å løyse kvadratiske likningar

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Kartlegging av verksemder sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12a

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Taubruer. Leik med tau Utvikla av Friluftsrådet for Ålesund og omland ved Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Transkript:

D4.3 Handbok G. Cebrat, FGM Bidrag: Ivan Ivanov, IVECOL Denne handboka er til hjelp i øving/undervisning. Sidan vi her legg fram copyrightmateriale, må ikkje dette seljast eller offentleggjerast før ein har klarlagt tredjepart sin copyrightstatus. 07/09/09 /65 G. Cebrat, FGM 1

1. INNHALD 1. INNHALD... 2 2. Atterhald... 5 3. Forord... 6 4. Element i berekraftig drift av bilpark... 7 4.1. Motivasjon aksjonær eller interessent... 7 4.2. RECODRIVE - tilnærming og hovudelement... 9 4.3. Innkjøp... 13 4.4. Sjåfør... 21 4.5. Vedlikehald... 21 4.6. Overvaking... 21 4.7. Belønning og anerkjenning... 21 5. Energibruk under køyring kva ligg bak drivstofforbruk?... 21 5.1. Krefter, motor, energi... 21 5.2. Tap frå luftmotstand... 21 5.3. Tap ved kraftoverføring... 21 5.4. Tap hjul og dekk... 21 5.5. Ekstrafunksjonar og kraftbehov... 21 6. Kvar oppnår ein størst innsparing drivstofforbruk og val av køyretøy 21 6.1. Type køyretøy... 21 6.2. Kvalitet køyretøy... 21 6.3. Køyretøy i bruk... 21 07/09/09 /65 G. Cebrat, FGM 2

6.4. Støtte- og tilleggsutstyr... 21 7. Klargjering av bilen for drivstoffeffektiv køyring... 21 7.1. Bli kvitt bosset i bilen... 21 7.2. Noko fastmontert på bilen som aukar luftmotstanden?... 21 7.3. Sjekk lufttrykket i dekka... 21 7.4. Når undersøkte du sist filter og eksospotter?... 21 7.5. Vil lekkasje eller defekt auke energibruken?... 21 7.6. Slepp belte og kløtsj taket?... 21 7.7. Finn den mest energiøkonomiske ruta... 21 7.8. Er alle stropper fastspente?... 21 8. Effektiv bilkøyring... 21 8.1. Unngå drag redusére kraftbehov... 21 8.2. Strategisk køyring (køyring i tett trafikk)... 21 8.3. Tomgangsforbruk... 21 8.4. Rapportering av energirelaterte problem... 21 8.5. Køyring med høg kraft og lågt/middels turtal... 21 8.6. Oppsummering... 21 8.7. Redusere forbruk frå tilleggsutstyr... 21 9. Korleis kan vedlikehald gje betre drivstoffeffektivitet?... 21 9.1. Bremser... 21 9.2. Aksling ute av stilling... 21 9.3. Det som har med dekk å gjere: Dekktrykk, Hjulstilling... 21 9.4. Informasjon om oljekvalitet... 21 9.5. Reinhald av varmevekslarar aircondition (A/C)... 21

9.6. Lekkasje i lufttrykksystemet... 21 9.7. Sjekk av filter/eksospotte... 21 9.8. Tennpluggar... 21

2. Atterhald Forfattarane har det fulle ansvaret for innhaldet av dette produktet. Det representerer ikkje meininga til EU. Såleis er ikkje EU-kommisjonen ansvarleg for bruk av innhaldet. Sjølv om vi gjer vårt beste for å presentere den best mogleg kunnskapen, tek vi ikkje ansvaret for hendingar som skulle kome som resultat av denne informasjonen. RECODRIVE formidlar denne informasjonen for å auke kunnskapen om drivstofføkonomi i transportsektoren. Vårt siktemål er å gje oppdatert og nøyaktig informasjon, men vi tar på ingen måte ansvar for den informasjonen som er formidla her. Denne informasjonen er: av generell karakter og er ikkje meint for nokon bestemt instans eller individuell person; ikkje nødvendigvis fullstendig, omfattande eller heilt à jour. Legg merke til publikasjonsdato for denne versjonen og bruk rettleiinga for å skaffe betre innsikt. 5

3. Forord I dette dokumentet viser vi materiale som kan brukast til utdeling på kurs. Legg merke til at innhaldet ikkje er fullt gjennomarbeidd. Vi ventar at du tilpassar innhaldet til dine målgrupper og læresituasjonar. Ulike målgrupper har ulike interesser: - Toppleiarar er interesserte i verdiar for aksjonær eller interessent Hovudsakleg økonomisk motivasjon - Leiing på mellomnivå er interessert i god og effektiv drift Motivasjon: god drift gjev meir tid for strategisk utvikling - Sjåførane er interesserte i å minske stress og uhell Mindre helserisiko er eit viktig gode Praktisk førarhus fører til meir effektiv køyring - Tilsette elles er interesserte i belønning og mindre stress Sjekklister og praktisk arbeidsmiljø vil føre til høgare kvalitet i arbeidet 6

4. Element i berekraftig drift av bilpark Denne oppsummeringa presenterer dei viktigaste elementa for berekraftig drift av bilparkar. Målgruppa for denne delen er leiarstaben. 4.1. Motivasjon aksjonær eller interessent Ulike typar organisasjonar har ulike prioriteringar: For langdistansetransport er drivstofføkonomi per godseining det viktigaste, for offentleg bussdrift er største utfordringa å unngå skade eller tap. Tabell 1 Fokus på økonomisk køyring for ulike selskap og type service Type selskap Type service Fokus Privat eige Langdistanse lastebil Hovudfokus drivstofføkonomi og fleksibilitet ved henting av last Privat eige Pakkeleveranse Hovudfokus fleksibilitet, drivstofføkonomi i andre rekke Bedrift Langdistanse lastebil Hovudfokus drivstofføkonomi Offentleg Service/dekningsområde Hovudfokus operativ effektivitet, drivstofføkonomi sekundært Bedrift Pakkar, off. service Hovudfokus indirekte kostnad, drivstoff sekundært Offentleg Regional persontransport Hovudfokus indirekte kostnad, drivstoff sekundært Bedrift Langdistanse Hovudfokus drivstoff passasjertransport Privat eige Taxi Hovudfokus indirekte kostnad, drivstoff sekundært 7

Offentleg Tenestebilar Hovudfokus indirekte kostnad, drivstoff sekundært Bedrift Bedriftsbilar, stabsbilar Hovudfokus indirekte kostnad, drivstoff sekundært Analysen viser at i tre typar verksemder bør drivstofføkonomi ha første prioritet (Private og bedrifter som driv lastebilar, og pakkelevering). For dei andre kan sjåførane sitt lønsnivå påverke kor mykje ein prioriterer drivstofføkonomi. I låglønsland kan drivstoff ha første prioritet, fordi det utgjer ein stor del av utgiftene til bedriftene. Miljøvennleg køyring kan òg indirekte redusere andre kostnader, ved at det vil påverke sjåføren sin oppførsel og tryggleik og redusere påkøyrsler bakfrå og køyrefeil. I det store og heile er RECODRIVE si tilnærming basert på forbetring av leiing og kvalitet: Forklaring til figur 1 RECODRIVE si tilnærming 8

Spesifisere: System for belønning og anerkjenning; overvake metode; kontrollsystem Implementere: Opplæring; drivstoffkontroll; system for anerkjenning og belønning Evaluere: Innsparing drivstoff; anerkjenning; sideverknader; innføring Forbetre: Tilnærming; læremateriale; innhald; distribusjon; fokus og metodar RECODRIVE sin metode vil hjelpe di bedrift på følgjande måte: Du får ein systematisk metodikk for å forbetre organisasjonen. Framgang og resultat blir lett synlege, slik at organisasjonen står fram som truverdig. I ein god organisasjon er det større sjanse for at dei tilsette er tilfredse og lojale, og dermed blir det mindre utskifting av personell. Resultatet er tilfredse kundar, som er ein del av evalueringa. Heilskapsfokuset på totale kostnader vil gjere det lettare å konsentrere seg om dei viktige spørsmåla. Innføring av eit systematisk metodisk opplegg i verksemda er ein fordel for effektiviteten når ein gjennomfører andre tiltak. Å vise at ein er oppteken av drivstofføkonomi gjer at bedrifta di framstår som meir seriøs og truverdig. Konklusjon: RECODRIVE vil anten forbetre bedrifta sine resultat ved å redusere totalkostnad ved eigarskap, eller indirekte auke verdien av selskapet ved at det kan flagge sin miljøprofil. 4.2. RECODRIVE - tilnærming og hovudelement Detaljane er ulike for ulike bilparkar, men vi ser for oss følgjande aktivitetar etter RECODRIVE sin metode, som element i ein integrert styringsmodell for bilparken: 9

Integrated Fleet Planning Resale Cost Management Fleet Management Maintenance Management Controlling Information & Communication systems Figur 2 Element i berekraftig drift av bilparken Ord i figuren: Integrert planlegging av bilparken Kostnadsstyring Overvaking Informasjons- og kommunikasjonssystem Vedlikehaldskontroll Sal av køyretøy Integrert plan for bilparken har ikkje berre som siktemål å optimalisere status quo, men stiller også spørsmål om korleis ein kan utvikle seg for å oppnå best service, inkludert drift og logistikk. I ulike måtar å drive på vil det vere ulik fokus på verkemiddel: 10

Tabell 2 Fokus ved køyring i by, innan region, på langdistansetur Fokus Drift By Regional Langdistanse Tur-relatert Optimalisert logistikk Planlagt melkerute Utveksling av fraktgods etter behov Type køyretøy Hybrid elektrisk? Mellomtype Topp effektivitet på sentrale stoppestader Val av køyretøy Utveksling eller trailer? Om mogleg Ikkje relevant Om vi differensierer mellom passasjer- og godstrafikk, kan vi legge merke til følgjande moment ved ulike driftsformer: Fokus Drift By Regional Langdistanse Hovudfokus gods Val av køyretøy Vegval Optimalisere etter behov. Utnytting av bremseenergi, unngå tomgangskøyring. Multifunksjonelle køyretøy Tilpasse trekkraft til topografien effektivitet ved stopp og start Kommunisere under køyring om henting av gods (logistikk) Hovudfokus Same Tilpasse trekkraft til Komfortutstyr med lite passasjertransport topografien kraftbehov, t.d. kupévarme, setevarme, aircondition. 11

Når vi tek omsyn til alle slike element, blir det lettare å oppnå ISO1401 og EMAS godkjenning. Framgangsmåten for slik godkjenning er: Ta kontakt på direktørnivå Kontakt med personale på alle nivå: 1. Godkjenningsstad og distrikt 2. Føremål med godkjenninga 3. Kva skal godkjennast 4. Verifisering av lovbestemte krav 5. Vurdering av intern politikk og prosedyrar 6. Slå fast kva som er noverande praksis 7. Identifisere forbetringspotensial Godkjenninga vil normalt omfatte områda vist i tabellen under. Tabellen viser òg RECODRIVE sitt bidrag på desse områda: Tabell 3 RECODRIVE sitt bidrag til miljøvennleg drift, for sertifisering. Emne Materialforvalting, innsparing Energistyring og sparing Avfallsproduksjon, styring og avhending av avfall Reduksjon, evaluering og kontroll av støy Kontroll (internt og eksternt) Utslepp til luft og innandørs luftkvalitet Transport og køyrerutinar Staben er miljøbevisst og tek del i miljøforbetringar Publisere informasjon om miljøspørsmål Respons til spørsmål og klager frå publikum Miljøstyringssystem, tilpassing og funksjonalitet RECODRIVE sitt bidrag RECODRIVE foreslår bruk av delar som reduserer forbruk av drivstoff, men som også kan forlenge levetida. Dette er RECODRIVE sitt hovudfokus, bidrag til sparing av drivstoff. RECODRIVE legg opp til økokøyring, som slit mindre på køyretøya. RECODRIVE fører òg til redusert køyrestøy, sidan ein tek sikte på låg RPM (omdreiingar pr minutt) RECODRIVE reduserer også helseskadelege utslepp Dette er hovudfokus i RECODRIVE Dette er hovudfokus i RECODRIVE Dette er hovudfokus i RECODRIVE Dette er ein del av RECODRIVE (tilbakemelding). Ved persontransport er det særleg viktig å unngå bråbremsing og slik hindre klager Støtta av RECODRIVE sine aktivitetar 12

4.3. Innkjøp Introduksjon Innkjøp blir påverka av interne og eksterne faktorar. Begge kan påverke totalkostnaden for eigarskap. Interne faktorar er faktorar som kan sjå ut som dei ikkje kan endrast, men dette er ikkje alltid riktig. Når det til dømes gjeld firmabilar, er det ikkje ein god idé å halde fast ved eit spesielt merke eller motorstorleik. Nye drivstoff og motorar gjer det mogleg å spare drivstoffutgifter. Eit godt val av nytt køyretøy kan resultere i opptil 40 prosent innsparing i kostnad og CO 2 -utslepp. Ved innkjøp av køyretøy har følgjande mykje å seie: Pris, reservedelar, utslepp, type og forbruk av drivstoff. Det er viktig å finne den rette balansen mellom desse elementa. Ditt val av køyretøy kan vise både miljøansvar og god forretningssans. Å velje rett køyretøy er ei gjennomtenkt avgjerd drivstofføkonomi finn ein gjerne fram til gjennom praktisk testing. Levetidskostnad for eit køyretøy kjem fram ved å kombinere innkjøpspris, driftskostnad (delar og vedlikehald) og drivstoffkostnad med restverdi. Vanlegvis kan seljar legge fram denne informasjonen, eller med litt ekstra innsats kan du sjølv gjere eit overslag. Det er svært viktig at innkjøpsavdelinga har kunnskap om motor og bilteknologi, eller i det minste kan drøfte brukarvennlege spesifikasjonar med folk som har slike kunnskapar. Det er viktig å velje bilar med passe storleik. Ofte vil behovet variere når det gjeld storleik på bilane. I slike tilfelle, og når årleg køyredistanse er høg, vil feil storleik på eitt køyretøy gje høgare kostnad enn om ein hadde to køyretøy å velje mellom. Kvalitetsvurdering skal ikkje medføre unødvendige kontrollar eller prosedyrar, men ta med aspekt som har vesentleg verknad for totalkostnad av eigarskap og/eller drivstofforbruk. Denne oppgåva krev ein kunnskapsrik person som har brei erfaring med drift av bilpark, relevante typar køyretøy og bruk. Denne personen treng ikkje nødvendigvis høyre til driftspersonalet; kvalitetsvurdering kan også gjerast av eksterne rådgivarar eller gjennom bruk av sjekklister. Her er nokre sentrale spørsmål å stille i ei kvalitetsvurdering: Vart det undersøkt om val av køyretøytype er basert på energiforbruk? Er innkjøpet basert på totalkostnad ved å eie, inkludert vedlikehald og vidaresal? Er kostnadsberekningane basert på framtidig utvikling i drivstoffprisar og lønsnivå? 13

Kan modifikasjonar med alternative reservedelar bidra til å redusere drivstofforbruk? Har det vore kvalitetsvurdering med tanke på innkjøp i flåten som heilskap (kan ein til dømes skalere opp erfaringar frå enkelte bilar til å gjelde heile flåten)? Når du tingar eit køyretøy må du be om at motor og drivkraft som tilfredsstiller dine krav. Høg toppfart er ikkje nødvendig i by- og regional trafikk. Mindre motorar, dekk for låg fart osb. kan halde nede innkjøpskostnader. Ofte vil planlegging i innkjøpsprosessen bidra til å senke driftskostnadene, så bruk god tid på dette. Korleis kontrollere drivstofforbruk for type/modell? Første steg undersøk drivstofføkonomien Spesifikasjonen frå seljar/fabrikant gir den første grove indikasjonen på om bilen er drivstofføkonomisk eller drivstoffslukar. Om seljaren reknar drivstoff pr. sete, sei då frå om kva som er det reelle behovet for tal på seter. Andre steg teste forbruket i bykøyring og på landeveg Dersom du har høgt køyrevolum, kan det vere lurt å teste det faktiske drivstofforbruket til bilen, då det ikkje alltid er heilt slik spesifikasjonen seier. Du bør gjere dine eigne observasjonar under ulike tilhøve by, regional eller langdistanse. Når ein samanliknar ulike drivstofftypar, vil den mest presise metoden for samanlikning vere verkeleg forbruk i liter per kilometer. Alternative drivstoff Bruk av alternative drivstoff kan redusere utslepp og kostnad. Likevel er samanlikning berre av forbruket ikkje nok for å oppnå problemfri og kostnadseffektiv drift. Kostnad knytt til forsikring, drivstofflagring, tryggleik, utsleppsrelaterte avgifter osb. må vere med i reknestykket, i tillegg til driftstilhøve. Avgifter og drivstoffpris kan redusere totalkostnad. Men før ein går over til alternative drivstoff bør ein undersøke om dette fører til tillegg i vekt og lastekapasitet. Denne figuren viser kor mykje plass ekstra plass alternative drivstoff tek, noko som vil kunne redusere disponibelt lastevolum viss ein ikkje byggjer inn tankane i chassiet. 14

Figur 3 Vekt og volum med alternative drivstofftankar Konklusjon: LNG/naturgass og bio-olje/biodiesel er beste alternativ med omsyn til volumbehov. Når det gjeld elektrisk drift, må ein velje den mest effektive batteritypen, innanfor kostnadsramma. Alternativ kraftoverføringsmekanikk omfattar batteridrift og elektrisk hybridteknikk: Batteridrift gir mest energi og høver til innanbys frakt om ein har tilgang til ladestasjon. Hybridelektrisk teknikk sparar ein del effektiv driftsenergi og høver best for stopp-og- køyr trafikk, eller når drivstoffutgiftene utgjer ein stor del av totale utgifter. Det finst allereie hybridelektriske drosjar, det er mogleg at slike bussar snart kjem på marknaden også. Aktuelle alternative drivstoff kan vere biodiesel, etanol, naturgass, metan (biogass) eller planteolje. Type gir Val av girtype har vesentleg innverknad for drivstofforbruk. Med automatgir er det viktig å differensiere mellom kontinuerleg og variabel overføring, planetgir med eit par gir, og automatisk sekvensskifta giring med mange gir. Førstnemnde har større tap, medan dei siste har same tap som manuelle gir. Einaste skilnad mellom dei to siste og manuelle gir er at kløtsjen vert aktivert automatisk, og at val av gir er datastyrt. Di fleire gir eit system har, dess betre kan det nærme seg optimal effektivitet. Men fleire gir medfører ofte større vekt som krev litt meir kraft. Fleire gir er likevel ein fordel for å redusere forbruk over tid. 15

Vekt som drivstoffsluk I dei seinare åra har personbilar stadig blitt tyngre. Figuren nedanfor viser auke over tid for ulike modellar: Figur 4 Vektauke for mellomstore personbilar over tid¹ Tysk Gewichtsentwicklung in der Mittelklasse Gewicht Quelle: RWTH Aachen Norsk Vektauke mellomstore bilar Vekt Kjelde: RWTH Aachen For tunge lastebilar har ikkje komfortutstyr ført til så mykje auke i vekt, men for bussar har innføring av aircondition gitt auka vekt. 16

Figur 5 Historisk utvikling for vekta av bussar, døme frå Prévost Cars Intercity Bus Men til forskjell frå personbilar har auka tal på seter i bussen gjort at vekta pr. sete ikkje har blitt høgare. Auken i vekta på køyretøy kjem frå krav til komfort, tryggleik, motorkraft og andre forbetringar. Dette skaper behov for sterkare motor, noko som krev stivare og tyngre understell. Dette fører igjen til plassproblem og behov for større tank. Auka vekt gjer at ein må gjere nye vurderingar av stabilitet, med behov for betre understell og hjelpemiddel for sjåfør. Det viktigaste om ein skal bryte denne vonde spiralen, er å vurdere spesifikasjonane med omsyn til maksimal fart, komfort og liknande på nytt. Ein kan oppnå fleksible løysingar med flyttbare delar som ikkje gir auka vekt ved regulær køyring. Eit døme er flyttbar tredje seterad i stasjonsvogner og minibussar. 17

Figur 6 Vektauke BMW over tid, og årsakene til vektendringar TYSK Woher die Kilos kommen Gewichtsentwicklung der BMW-3er-Reihe; Oben: Maßnahmen zum Leichtbau Unten: zusätzliche Serienausstattung Sonstiges Antrieb Fahrwerk Karosserieausstattung Rohkarosserie 5-Gang Getriebe Außenspiegel rechts Elektr. verstellbare Außenspiegel NORSK Kvar kjem kiloane frå Vektauke BMW Topp: tiltak for lettvektskonstruksjon Nede. Auka standard vekt Anna Drivverk Understell Karosseriutrustning Berre karosseriet 5-gir overføring Ytre spegel høgre side Elektrisk regulerbare ytre speglar 4 Türen 4-dørs Servolenkung Servostyring ABS ABS Katalysator Katalysator Airbags vorne Luftputer framme 18

Sitzbelüftung Ventilasjon sete Schlupfkontrolle Kontrollsystem luftdrag Kurvenbremsassistent Kurvebremseassistanse 3. Bremsleuchte 3. bremselys Kopf- und Seitenairbags Front- og sideluftputer 6-Gang Getriebe 6-gir transmisjon 3. Kopfstütze hinten Tredje nakkestøtte bak 5 Sterne im Crashtest 5 stjerner i kollisjonstest Elektr. Fensterheber Elektrisk vindaugsheis Figuren viser fleire årsaker: Fleire gir Kraftkopla hjelpefunksjonar (anten elektrisk eller kopla direkte til drivverket) Tryggleiksfunksjonar Utsleppskontroll Airconditionutstyr Sjølvsagt er det ikkje vår meining å tilrå fjerning av alt tryggleiksutstyr, men enkelte ting er ikkje nødvendig når bilen berre blir brukt i bykøyring med låg fart. På motorvegar kan ein lengre girsekvens vere svært nyttig, men i byen vil det gje tilleggsvekt og tap utan fordelar. I RECODRIVE blir det også tilrådd å hoppe over gir når det lar seg gjere, som å bruke sekvensen 1-3-5. I motbakke er fleire gir nyttig om ein vil halde konstant fart. Elektrisk parkeringsbrems kan vere effektiv ved pakkeleveranse, og nødvendig som handikaputstyr, men elles er det unødvendig vekt. Vektreduksjon går litt på bekostning av komfort. Strategisk design med meir enn ein funksjon i delane kan gje vektreduksjon, men dette er opp til fabrikant. Praktisk vedlikehald av køyretøy og reservedelar Lett vedlikehald og indikatorar for total effektivitet er praktisk. Ved kjøp bør ein stille desse spørsmåla : Korleis sjekke kvaliteten på motor- og girolje? Bør det vere to oljekvalitetar i driftsopplegget? Korleis kan ein lett sjekke trykktap i luftfilter? Korleis kan ein raskt sjekke tennpluggane (i tennpluggmotorar)? Har køyretøyet diagnoseverktøy for motoren m.o.t. drivstofføkonomi (drivstoffinnsprøyting og forbrenningskontroll)? 19

Utstyr i bilen og drivstofforbruk Informasjonsteknologi kan vere eit nyttig verktøy for å få oversikt over drivstofforbruk: Oversikt ved tankfylling (t.d. tankkort) Drivstoffindikator ombord (summering, logg) Registrering ombord av køyrerutinar (utnytting av CAN-bus ved hjelp av ISO11898). Feedbackutstyr ombord m.o.t. forbruk og køyrestil Drivstoffregistrering reduserer også juks. Drivstoffindikator trengst berre på eldre køyretøy utan CAN-bus eller utan direkte eller indirekte kvantifisering av forbruk. Internregistrering av køyrestil kan registrere tomgang, kontroll av drivverk og bruk av ABS, variasjonar turtal, gjennomsnitt turtal, akselerasjonstid osb. Å finne den rette løysinga krev at alle avdelingar som er involverte i verdikjeda set seg saman og utarbeider den mest praktiske løysinga for bilparken. For individuelle opplegg med påskjøning der det er meir enn ein sjåfør, kan spesielle ordningar der ein fokuserer på køyretøyet vere nyttige. Korleis oppnå optimal drivstofføkonomi? Når du skal kjøpe mange like køyretøy, vil talet på kjøpte bilar avgjere om du kan få det du ønskjer av utstyr. Men til og med for mindre ordre kan du forhandle med den som skal ferdigstille bilane om ein del forbetringar. Likevel er det avhengig av nasjonal standardtilpassing kor mykje du kan oppnå med: Ekstra hjuldeksel, luftmuffe/spoiler for betre aerodynamikk Erstatning av dekk med låg motstand Få spesielle smøreoljer Modifisere val av automatgir Fjerne bildelar eller erstatte med vektsparande komponentar 20

Figur 7 Eksempel på ein aerodymanisk front av ECO-køyretøymodell For høg fart på motorveg er aerodynamikk svært viktig. I bytrafikk vil hybridelektriske bilar spare mest drivstoff. ICE Generat or E- Motor Transmission Power controller Sun gear: Generator Planet gear: ICE Outer gear: Electric motor/transmision Energy storage Figur 8 Eksempel på hybridelektrisk drivverk To slags motorkraft tillet elektrisk drift aleine, og lading av batteri når forbrenningsmotor er innkopla. Passasjerbilar Med passasjerbilar kan du orientere deg etter tala for liter/mil. I tillegg kan du sjekke 21

følgjande for å sjå om du kan spare meir drivstoff: Har bilen indikator for girskift? Kan bilen bruke olje med låg viskositet? Kan ein montere dekk med låg rullemotstand? Har bilen regulerbar airconditioning? Når ein samanliknar bilar, bør ein sjekke drivstofforbruk ved ulike køyremønster. Eit køyretøy med generelt god drivstofføkonomi treng til dømes ikkje vere det beste alternativet ved bykøyring (fig Verknad av køyremønster på forbruk av drivstoff). Figur 9 Verknad av køyremønster på forbruk av drivstoff Du bør velje hybrid og spesielle ØKO-variantar der det er mogleg. Lastebilar Sentrale spørsmål ved kjøp av lastebilar: Har trekkvogna deflektor som kan tilpassast (sjå figur 10)? 22

Har semitraileren overvakingssystem for lufttrykk i dekk? Er presenningane stramme og blir semitrailer oppblåst frå framsida? Er det deksel på alt ein kan ha deksel på? Er det motorvarmar på bilen? Kan du bruke super enkeltdekk i staden for doble dekk (som vist på figur 10)? Figur 10 Detaljar på lastebil deflektor og super enkeltdekk Super enkeltdekk kan redusere problem, som at dekk kjem i kontakt med kvarandre (energisløsande), opptak av småstein, osb. Trykkovervaking (sjå figur 11) burde vere standard dersom regulær manuell sjekk av alle hjul tek for mykje tid, eller nå, dekka er gamle. Risikoen for trykktap er særleg høg når du køyrer på dårlege vegar, og ved store vêr- og temperatursvingingar. Figur 11 Sensor for dekktrykk Dersom trekkvogna er i bruk over ein lengre tidsperiode med jamn trekkraft, t.d. har same lastevekt og køyrer ei fast rute, kan ein grundigare analyse av motoreffekt og akseloverføring optimalisere drivstofforbruk. 23

Bussar Ved kjøp av buss er følgjande spørsmål relevante: Finst det alternativ med lågare vekt? Kan ein bruke motorvarmar før start, og dermed redusere tomgangskøyringa? Om det ikkje er tilfelle, kor lang tomgangstid tek det før ein kan køyre? Blir aircondition eller oppvarming slått av automatisk når dørar og vindauge blir ståande opne? Nokre spørsmål gjeld også for andre typar køyretøy: Kan bussen kommunisere med flåtestyringssystem slik at parameter for miljøvennleg køyring kan bli registrerte? Kan ein bruke super enkeltdekk? Kan ein skifte oljetype for å redusere friksjon? Kan ein sjekke trykktap i luftfilter? Skal du kjøpe mange bussar, bør du teste dei først. Slik kan du finne ut kva forbruket vil bli. Pass på at testing er for regulær drift med realistisk beleggsprosent. Bussen bør vere tilpassa til om han skal brukast til bykøyring eller langdistansekøyring. 4.4. Sjåfør For å gjere drifta effektiv, må leiaren setje seg inn i sjåførane sin arbeidsdag. Sjåførane sin arbeidssituasjon kan til dømes vere prega av: Tidspress ved faste eller siste leveringstidspunkt Passasjerar som klagar eller oppfører seg dårleg Manglande forkjørsrett ved trafikklys Billettsal RECODRIVE tar opp desse spørsmåla for å kompensere, investere i sosial omsorg og dermed legge til rette for betre drivstofføkonomi. Samtidig bør busselskapet arbeide for at buss får prioritet ved utkøyring frå stoppeplass (sett opp skilt bak på bussen) og ved vegkryss (i dialog med Vegvesenet). Kvalifiserte sjåførar er mangelvare, og det er dyrt å utdanne sjåførar. Derfor bør ein unngå at sjåførane har ein for stressande kvardag. Dette er viktig for sjåførane, men også for selskapet ved at ein får mindre gjennomtrekk av tilsette. Økokøyring er nøkkelelement i RECODRIVE. Den beste måten å lære økokøyring på, er 24

opplæring i praksis, ute på vegen. Då kan ein vente raske resultat. Teoretisk opplæring har liten effekt på sjåførar som alt har køyrt lenge. Dei vil berre bli overtydde når dei får sjå effekten og resultatet på drivstoffmålaren. Opplæringa kan skje på to eller tre turar: På første turen målar ein referanseverdien når ein ikkje har instruktør om bord, eller ein har ein instruktør som berre observerer. Dette kan skje utan teoretisk innføring på førehand. På andre turen vil instruktøren gje råd til sjåføren. På tredje turen blir endeleg resultatet av opplæringa målt. Før du tingar opplæring bør du undersøke kvaliteten på kurset. Det bør vere ulike opplæringsopplegg for diesel- og bensinmotorar. I tillegg kan ein prøve ut effekten av ulik motorkraft, meir lastevekt, airconditioning, opne vindauge, osb. 4.5. Vedlikehald Ved sjekk av kvalitet på vedlikehald bør ein passe på: Ekstra vekt som ein køyrer rundt med utan at det tener noko føremål Deflektor på tak som ikkje er tilpassa konteinar eller lastehøgde Dekk med for lågt trykk Tvillinghjul som gnir mot kvarandre Dårleg kapasitetsutnytting Lekkasje i trykkluftsystem (lett å oppdage i drift når kompressoren startar for ofte, eller støy frå slangebrot, eller lekkasje) Enkelte problem er vanskelegare å oppdage, og krev grundigare undersøking: Feilstilling aksel Dekksprik Slurande bremser Tilstoppa luftfilter Smålekkasje i trykkluftssystem Motorstyring (innstilling på drivstoffinnsprøyting, tenninnstilling for tennpluggmotorar, etc.) 4.6. Overvaking Det finst to ulike strategiar for å overvake drivstofforbruket. Ein kan bruke eit system for sjekking av drivstoff, eller nytte utstyr på køyretøyet for å overvake køyremønster og optimalisere logistikk. I tillegg kan ein velje køyretøy med mindre motor eller installere 25

fartssperre. Største innsparing ligg i at sjåføren les trafikkbiletet godt. Han bør vere tidleg merksam på når han skal stanse, og førebu seg ved å sleppe opp gassen tidleg og trille mot stoppunktet. Overvakingssystem gjer eldre køyretøy meir verdifulle og aukar potensialet for innsparing. Dei eldste køyretøya utan CAN bussystem kan krevje andre løysingar. 4.7. Belønning og anerkjenning Opplegg kan være felles belønning for heile grupper, eller individuell for kvar enkelt. Kombinasjon er også eit alternativ. Her er to tilfelle i kvar sin ende av skalaen: Plakett og trofé tildelt sjåførar eller grupper på årleg bedriftsbankett Individuelle bonusopplegg Ettersom tildelinga kan skape diskusjon i gruppene eller ikkje ha den verknad som ein ønskjer, kjem vi med nokre råd: Årleg eller månadleg påskjøning kan føre til missunning for dei som ikkje får noko. Hemmeleg pengebonus motiverer ikkje personale som treng oppmuntring. Det bør vere semje om kva type påskjøning ein vil ha. Det er viktig at opplegget er rettferdig og at påskjøning ikkje må bli oppfatta som ein del av regulær løn. Belønnings- og anerkjenningsprogram bør helst ha basis i redusert drivtofforbruk. Dersom dette ikkje er mogleg, kan ein ha eit poengsystem. Eit eksempel kan vere poeng for gjennomførte rutinar. Etter at opplegget er klart, bør ein bruke sjekkliste for sikre seg at systemet blir oppfatta som rettferdig av heile personalet: Blir program for påskjøning og vurderingssystem oppfatta som klart og rettferdig av alle? Kan kven som helst i gruppene oppnå påskjøning med lik innsats, eller blir enkelte favoriserte og gratispassasjerar? Blir all innsparing retta mot den relevante gruppa? Skjer tildelinga nær arbeidsplassen, og ofte nok til å halde oppe engasjementet? Medfører ulike variantar av påskjøning likskap for alle personar i bedrifta? Vil opplegget forsterke lagånd? 26

Er det sjanse for dei som heng etter å ta igjen andre gjennom opplæring og samtalar med innkjøps- og vedlikehaldsstaben? Om økonomisk belønning er valgt, tek inntektsskatt for mykje av påskjøninga? Kommunikasjon med dei tilsette er viktig, og positiv uttrykksform heilt nødvendig. Sjåførar eller grupper som ikkje oppnår påskjøning bør få vite grunnen til det. Når nokon blir heidra bør det kome klart fram i høve til dei andre kvifor det er vel fortent. 27

5. Energibruk under køyring kva ligg bak drivstofforbruk? Dette kapitlet gir teoretisk bakgrunn for drivstoffinnsparing i køyretøy. 5.1. Krefter, motor, energi Nødvendige krefter for å flytte eit køyretøy kjem av fire hovudkomponentar: Aeodynamisk drag Figur 12 Køyretøy med høgt aerodynamisk drag Arealet av tverrsnittet på køyretøyet er ofte høgare enn nødvendig, særleg for SUVar, varebilar eller tankbilar der tilhengar er smalare og lågare enn trekkvogn (fig. 13): Figur 13 Arealet av tverrsnittet blir større med feil trekkvogn. Alle opningar i køyretøyet aukar luftmotstanden (fig.14). 28