RUNDE KOMMUNE. Runde kommune skal vere - ein global spydspiss for havbasert verdiskaping - den mest attraktive kommunen å busette seg i på Sunnmøre

Like dokumenter
RUNDE KOMMUNE. Runde kommune skal vere - ein global spydspiss for havbasert verdiskaping - den mest attraktive kommunen å busette seg i på Sunnmøre

RUNDE kommune. Intensjonsavtale Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven UTKAST Innhald:

Intensjonsavtale Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven RUNDE kommune -ei båtlengde føre

Intensjonsavtale Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven RUNDE kommune -eit hav av mulegheiter

Utkast til intensjonsavtale

Intensjonsavtale. Ny kommune Balestrand og Høyanger. Dato: Balestrand og Høyanger kommune - Intensjonsavtale, dato

Ytre Søre i same båt?

KOMMUNEREFORMA GJENNOMGANG AV INTENSJONSAVTALEN

informasjon om kommunerformen

Kommunereform. Informasjonsmøter mars 2015

Kommunedelplan for oppvekst

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

SAKSDOKUMENT. Kommunestyret vedtek å legge intensjonsavtalen datert fi-am for rådgjevande folkerøysting 27. februar 2017.

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg?

Vers /EMS/rev INTENSJONSAVTALE. Samanslåing av kommunane Vågsøy, Selje og Vanylven

Saman eller singel? Informasjonsmøte om kommunereformen: intensjonsavtalen, Giske aleine etter 2020, folkerøysting, framdriftsplan.

Informasjon til innbyggarane i Ørskog kommune om kommunereforma

Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Modalen, Radøy og Solund

Ny kommune i Sogn Sogn kommune. Balestrand, Leikanger, Vik og Sogndal

Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Modalen og Solund

KOMMUNEREFORM 2016 INFORMASJON TIL INNBYGGARANE. Kvar står Hareid kommune om 20 år?

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

OFFENTLEG INFORMASJON KOMMUNEREFORMA. Intensjonsavtale mellom Herøy og Sande Folkerøysting Utanfor allfarveg - heldigvis!

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

SAKSDOKUMENT. Kommunestyret vedtek å legge intensjonsavtalen datert fram for rådgjevande folkerøysting 19. januar 2017.

Referat frå folkemøta:

Ny regionkommune HØNSSHUSSGÅSS

KLIPPFISK-KONFERANSEN Dato

ORGANISERING AV SEKTOR FOR SAMFUNNSUTVIKLING

Kommunereform. Ope møte i Volda

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

Forfall meldast snarast til Pia Rørby Ruud ( ) eller tenestetorget ( ). Saker til behandling

Vers /EMS/rev INTENSJONSAVTALE. Samanslåing av kommunane Vågsøy, Selje og Vanylven

Trygg og framtidsretta

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

SOGN driftig raus ekte

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Balestrand, Leikanger, Vik og Sogndal,

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023

MØTEREFERAT. Regionkommune Sunnmøre 4. forhandlingsmøte Dato/Sted Finnøy Havstuer 15. og 16. mars 2016 kl 12:00 til 12:00

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref John Tveit 16/343-56

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Ko K mmuner o e mmuner f e orm f på Jær e Jær n e «nabopraten»

Utkast til intensjonsavtale. Ny kommune i Sogn. Balestrand, Lærdal, Leikanger, Sogndal, Vik og Årdal kommunar. Versjon 3-2,

«Nordhordland kommune»

? Foto: Simen Soltvedt?

Kommunereforma - eit val mellom to alternativ

Regionreform status. Trond Nerdal fylkesrådmann. Fellesmøte 28. september

INTENSJONSAVTALAR MELLOM

ARBEIDSUTKAST "INTENSJONSAVTALE OM SAMANSLÅING KOMMUNANE FLORA OG VÅGSØY TIL KINN KOMMUNE"

POLITISK PLATTFORM - SVELVIK KOMMUNE - DRAMMEN KOMMUNE

Utkast Ny intensjonsavtale om kommunesamanslåing mellom Sykkylven og Stranda kommunar Storfjorden kommune

Kommunikasjonsstrategi for Ulstein kommune

Folkemøte Presentasjon av intensjonsavtalar Rådmann Oddbjørn Ese

Intensjonsavtale for ny kommune. Forhandlingsutvala i kommunane Fusa og Os

TILTAK FOR REALISERING AV FRAMTIDAS BERGENSBANE

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Korleis kan det samarbeidast for eit best mogleg barnevern framover? Samarbeid mellom kommune og stat (BUFETAT)

Leiing- Nøkkelen til betre helse- og omsorgstenester Flora som døme. Jan Helge Dale Kommuneoverlege

Kommunereform og fylkesmansstruktur

HALLINGDAL EIN FELLES BU- OG ARBEIDSMARKNADSREGION

INTENSJONSAVTALE FOR NYE ØYGARDEN KOMMUNE. Fjell - Sund - Øygarden

"INTENSJONSAVTALE OM SAMANSLÅING KOMMUNANE FLORA OG VÅGSØY TIL KINN KOMMUNE" Flora og Vågsøy vil slå seg saman til ein kommune frå

VINJE KOMMUNE MØTEBOK. Utval Stad Dato Kl. Rådet for eldre og funksjonshemma. Formannskapssalen :00 1/5

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Andrea Fivelstad Arkivsak: 2014/1159 Løpenr.: 9907/2014

Q1c Korleis stiller du deg til at Skodje kommune skal danne ei ny kommune med andre kommuner? Er du

Kommunikasjonsplan. Fase 2: Førebuande fellesnemnd. - desember 2016 juni 2017

Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune

Regional utvikling er mangfoldig både som innsatsområde og kunnskapsbehov

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Kommunestyret

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

OSTERØY KOMMUNE. Kommunereform kva vert verknadane for Osterøy kommune

HEMSEDAL KOMMUNE ARBEIDSGJEVAR STRATEGI

KOMMUNEREFORMA. Har hovudmåla i kommunereforma noko å gjere med helse- og omsorgstenestene? v/prosjektleiar Vigdis Rotlid Vestad 24. sept.

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Fellesnemnda mndr 14 dagar til 1. januar 2020

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

STRATEGIPLAN

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Dei tre kommunane har sett ned kvart sitt politiske forhandlingsutval som skal sjå på alle aspekt ved ein eventuell ny stor kommune.

Arkiv FE-140. Kommuneplan Samfunnsdel - Offentleg ettersyn

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

INTENSJONSAVTALE OM SAMANSLÅING AV KOMMUNANE FLORA OG VÅGSØY TIL KINN KOMMUNE

Overrca avtale samhandling mellom det kommunale barnevernet i omrle Fonna cget statlege barne i Region Vest

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

Kommunedelplan for oppvekst

KOMMUNEREFORM VELKOMEN TIL FOLKEMØTE

Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Masfjorden og Gulen kommunar

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV EIDFJORD KOMMUNE, GRANVIN HERAD OG ULVIK HERAD

Program OSTERØY HØGRE

«Nordhordland kommune»

Avtale mellom Fitjar og Stord kommunar om kommunesamansla ing

FAG OG PROFESJON I LEDERJOBBEN - A N N E S I S S E L FA U G S TA D V I S E A D M. D I R E K T Ø R

MØTEPROTOKOLL. Forfall og møtande varamedlemar: Marte Åsmul hadde forfall pgs eksamen. Vararepresentant hadde også forfall.

VELKOMEN TIL TREFF FOR tilsette i Eid og Selje

Transkript:

1 Runde kommune skal vere - ein global spydspiss for havbasert verdiskaping - den mest attraktive kommunen å busette seg i på Sunnmøre gjennom - attraktive og definerte tettstadar og bustadområde - ein interessant og mangfaldig arbeidsmarknad - eit framifrå kultur- og idrettsmiljø. RUNDE KOMMUNE INTENSJONSAVTALE HAREID, HERØY, ULSTEIN,SANDE,VANYLVEN Forhandlingsutvala i dei fem kommunane Utkast 23.03.16

2 Innhald 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 1. Innleiing 2. Visjon 3. Samfunnsutvikling 4. Kommunal organisering 5. Målform 6. Gode tenester 7. Arbeidsgjevarpolitikk/tilsette 8. Lokaldemokrati 9. Kommuneøkonomi 10. Fellesnemnd 11. Innbyggarinvolvering 12. Verdiar i det vidare arbeidet 27 28 29 1

30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50 51 52 53 54 55 56 57 58 59 60 61 62 63 64 65 66 67 68 69 70 71 72 73 74 75 1. Innleiing Stortinget har vedtatt å gjennomføre ei nasjonal kommunereform der alle kommunar skal utgreie alternativ til dagens struktur. Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein og Hareid har som intensjon å danne ein ny felles kommune frå 1.januar 2020 - Runde kommune. Det er kommunestyra som avgjer om kommunane skal slå seg saman eller ikkje, etter dialog med og medverknad frå innbyggjarane. Måla for reforma er gode og likeverdige tenester til innbyggarane, ei heilskapleg og samordna samfunnsutvikling, kommunar som er berekraftige og økonomisk robuste og eit styrka lokaldemokrati. Dei fem kommunane er for dei fleste ein kvardagsregion med felles bu- og arbeidsmarknad, høg pendlingsfrekvens mellom kommunane, relativt korte avstandar, og sterke samhandlande næringsklynger. Kommunane har allereie i dag eit omfattande interkommunalt samarbeid. Ei samanslåing kan i tillegg gi ei rekkje mulegheiter og gevinstar: betre politisk samordning og overordna prioritering betre strategisk og administrativ styring større samla innovasjonskraft betre utnytting av dei einskilde geografiske områda sin eigenart og preferanse større kraft som samfunnsutviklar gi kommunen fleire oppgåver og større mynde solide fagmiljø, robuste og fleksible tenester kostnadseffektivitet 2. Visjon Runde kommune skal vere nyskapande og attraktiv, med lokal identitet og regional slagkraft. Vi skal vidareutvikle kommunen som global spydspiss for havbasert verdiskaping. Prioriterte mål den mest attraktive kommunen å busette seg i på Sunnmøre samordna innsats, større handlekraft og omstillingsevne på alle område bygge ut viktig infrastruktur, betra kollektivtilbod, større samordna satsing på næringsutvikling, nye og eksisterande arbeidsplassar, yte tenester av god kvalitet nær innbyggarane, utvikle sterke fagmiljø og abeidsplassar i alle kommunedelsenter, ha eit aktivt forhold til tenesteinnovasjon og ny velferdsteknologi samarbeid mellom kommune, vidaregåande skular og høgare utdanning eit levande lokaldemokrati der innbyggarar, næringsliv og organisasjonar har reell medverknad sunn økonomi, effektiv kommunal drift og å levere gode tenester arbeidet med ein ny felles kommune skal vere prega av tillit, respekt, rausheit og likeverd 2

76 77 78 79 80 81 82 83 84 85 86 87 88 89 90 91 92 93 94 95 96 97 98 99 100 101 102 103 104 105 106 107 108 109 3. Samfunnsutvikling Runde kommune skal vere den mest attraktive kommunen å busette seg i på Sunnmøre gjennom attraktive og definerte tettstadar og bustadområde, ein interessant og mangfaldig arbeidsmarknad og eit framifrå kultur- og idrettsmiljø. Attraktive tettstadar blir vurdert som ein føresetnad for vidare vekst og utvikling. Sterke teneste- og næringsklynger i Fiskå, Larsnes, Fosnavåg, Ulsteinvik og Hareid vil vere ein fordel for omlandet og bygdene rundt. Både små og store tettstadar og bygder skal bestå, og utvikle seg ut frå sin eigenart og potensiale. Ein felles samla kommune vil ha ei heilt anna utviklingskraft dei neste tiåra gjennom felles planverk, økonomisk handlekraft, større fleksibilitet og handlingsrom, meir areal til bustad og næring og koordinert utbygging av infrastruktur i heile kommunen. Samordna innsats, større handlekraft og omstillingsevne. Sentralisering har vore ei konstant utfordring dei siste tiåra og er ein del av samfunnsbildet. Uavhengig av framtidig kommunestruktur vil sentralisering, demografi og manglande tilflytting vere ei utfordring også i tiåra som kjem. Ein større kommune kan møte desse utfordringane offensivt med samordna innsats, større handlekraft og omstillingsevne. Dei vidaregåande skulane og høgskule/universitet er viktige for kompetansebygging og samfunnsutvikling. Runde kommune vil aktivt støtte opp under eit breitt tilbod av vidaregåande opplæring. Kommunen ønsker eit aktivt samspel med fylkeskommunen og høgskulane i Volda og Molde og NTNU Ålesund. Regionale utdanningsinstitusjonar er viktig for sikre tilflytting til regionen og rekruttering til arbeidslivet. Strategi Runde kommune skal løfte fram eit felles planverk med ledig næringsareal i heile kommunen, og med attraktive buareal, slik at næringslivet får tak i arbeidskrafta dei treng. Kommunen skal ha fokus på nyskaping og samhandling med næringsliv og utdannings- og forskingsinstitusjonar, slik at vår region i sterkare grad vinn fram i konkurransen om kapital og arbeidskraft. Slik kan Runde kommune ta rolla som leiande regional samfunnsutviklar og fremje funksjonelle tettstadar med god infrastruktur og kommunikasjon i alle delar av kommunen vere eit kraftsenter for IKT og teknologi. Samarbeide med næringslivet for å skape eit innovativt IKT-miljø for å utvikle arbeidsplassar på sikt yte tenester av god kvalitet til innbyggarane, utvikle sterke fagmiljø, og varierte og framtidsretta arbeidsplassar til begge kjønn 110 111 112 113 114 115 116 117 118 119 120 121 122 123 Tiltak: Bygge ut viktig infrastruktur: Sande fastlandssamband, Rovdefjordsambandet (Kystvegen) og HAFAST (E-39) må realiserast snarast råd. Inntil alle er landfaste er målet døgnkontinuerlege ferjesamband. Arbeide for å utbetre hovudtransportårene og fjerne flaskehalsar i kommunen. Prioritere vidare utbygging av digital infrastruktur. Kollektivtilbodet må styrkast gjennom betre samordning og frekvens. Viktige transportaksar og knutepunkt må identifiserast og prioriterast. Stad skipstunell vil muleggjere ny kysthurtigbåtrute mellom Bergen og Ålesund. Oppretthalde samfunnsbåten/pendlarruta i Sande til fastlandssambandet er realisert. Arbeidsplassar og næringsutvikling: Større koordinert satsing på risikokapital, gründerveiledning, attraktive næringsareal, infrastruktur, samarbeid næringsliv-skule, og 3

124 125 126 127 128 129 130 131 132 133 134 135 136 137 138 139 140 141 142 143 144 145 146 147 148 149 150 151 152 153 154 155 156 157 158 159 160 161 162 163 164 165 166 167 168 169 170 171 172 173 174 samfunnsplanlegging. Den nye kommunen må saman med næringsliv og utdannings- og forskingsinstansar utvikle gode næringsplanar, herunder marin næringsplan. Reiselivet i regionen har stort potensiale som kan gi positive ringverknader i ei samordna satsing, f.eks ved å utvikle ei klynge for kystturisme. Tenesteinnovasjon: Ein større kommune med tyngre fagmiljø vil kunne sette av økonomiske og personalmessige ressursar til å drive tenesteinnovasjon innan fleire tenester, og slik utvikle og førebu kommunen for framtida. Aktiv dialog med fylkeskommunen og næringsliv for å sikre samfunnsrolla til dei vidaregåande skulane i Ulstein, Herøy og Vanylven. Arbeide for å fornye og utvikle studietilbod og skulane. Handel og service: Ulsteinvik er det største handel- og servicesenteret på Søre Sunnmøre. Den nye kommunen skal legge til rette for å oppretthalde og styrke denne posisjonen. Det skal utarbeidast tettstadsutviklingsplanar for alle dagens kommunesenter og det skal stillast disponibelt investeringsmidlar til å gjennomføre tiltak for å auke trivsel og bulyst i alle sentra. Investeringsmidlane skal fordelast etter folketal. Eventuell medfinansiering frå andre skal ikkje kome til fråtrekk frå den kommunale delen. 4. Kommunal organisering Målet med Runde kommune er å skape ein ny sterk organisasjon for å utvikle regionen i samspel med næringslivet og frivillig sektor inn i framtida. Både tettstadar og bygder skal ta del og finne sin plass i ei heilskapleg utvikling. Runde kommune vil vere ein stor arbeidsplass med om lag 2500 tilsette der dei aller fleste har sitt arbeid spreidd på ulike stadar som i dag. Dei kommunale tenestene og dermed arbeidsplassane skal vere nær brukarane, samtidig som dei tilsette vil vere del av eit større og meir robust fagmiljø med spesialiserte tenester tilgjengelege. Fagstillingane og fagleg leiing skal i størst muleg grad vere lokaliserte på eller nær tenestestaden. Strategisk leiing (politisk og administrativ toppleiing) med nødvendige stabsfunksjonar skal lokaliserast til nytt rådhus i Myrvåg. Alternativ formulering, Hareid: Kommunesenteret skal leggjast til Myrvåg Her skal den strategiske leiinga med ordførar, rådmann og rådmannen sitt leiarteam, samt andre stabsfunksjonar med koordinerande funksjonar på tvers av fag og tenester, og som dermed bør liggje tett opp til rådmannen, vere lokalisert. Alternativ formulering, Ulstein: Kommunesenteret og rådhuset skal leggjast til Hareid eller Fosnavåg. Her skal ei brei strategisk leiing og strategiske stabsfunksjonar som bør liggje tett opp til rådmannen vere lokalisert. Øvrige fagstillingar og stabsfunksjonar skal fordelast mellom dei andre kommunedelsentra. Følgjande prinsipp vil ligge til grunn for Runde kommune: Basistenestene (barnehage, SFO, skule, kulturskule, eldreomsorg, legesenter, helsestasjonar, bibliotek, servicetorg, symjebasseng) skal i hovudsak vere plasserte som i dag. Spesialiserte fagmiljø/mellomleiing som ikkje er lagt til Myrvåg vert fordelt slik Hareid 20%, Ulstein 25%, Herøy 25%, Sande 15% og Vanylven 15%. Politisk og administrativ leiing i Myrvåg skal ikkje vere ein del av dette reknestykket. Dette skal samle og styrke fagmiljøa, samstundes som alle kommunedelsentra får viktige kompetansearbeidsplassar og eit ansvar som dei forvaltar for heile kommunen. Alternativ formulering Ulstein: Spesialiserte fagmiljø/mellomleiing som ikkje er lagt til rådhuset vert fordelt slik: Hareid 20%, Ulstein 25%, Herøy 25%, Sande 15% og Vanylven 15%. 4

175 176 177 178 179 180 181 182 183 184 185 186 187 188 189 190 191 192 193 194 195 196 197 198 199 200 201 202 203 204 205 206 207 208 209 210 211 212 213 214 215 216 217 218 219 220 221 222 223 224 Rådhusfunksjonane skal vere ein del av dette reknestykket og gå til frådrag for den kommunen som har fått tildelt rådhuset. Målsettinga er å samle og styrke fagmiljøa, samstundes som at alle kommunedelsentra får viktige kompetansearbeidsplassar og eit ansvar som dei forvaltar for heile kommunen. Fellesnemnda (kap 8) skal innan 2019 føreslå konkret tenesteorganisering etter ein grundig prosess der alle kommunane, arbeidstakarorganisasjonar og politisk nivå er involvert. Fellesnemnda skal også ta stilling til om krinsgrensene skal endrast for best muleg å møte venta folketalsutvikling vurdert mot eksisterande tenesteorganisering, samt vurdere normer for minimums- og maksimumsavstandar til barnehagar og skular. Tenester og oppgåver som i dag er organiserte i interkommunalt samarbeid må vurderast der siktemålet er at flest muleg av desse oppgåvene skal løysast av den nye kommunen. 5. Målform Språk er og skaper identitet. Runde kommune skal ha nynorsk som målform. Den nye kommunen skal ha ein medviten språkbruk og ha ein eigen språkbruksplan. 6. Gode tenester Kommunen skal vektlegge å gi eit heilskapleg, likeverdig og tverrfagleg tilbod til alle innbyggarane i den nye kommunen. Kommunal tenesteyting som barnehagar, skular og omsorgstenester skal framleis vere lokaliserte i nærleiken av der folk bur. Runde kommune skal harmonisere dagens tenester i dei fem kommunane, og vidareføre kvalitativt gode tenester på ein koordinert måte for heile regionen. Den nye kommunen skal utvikle tenestene slik at dei møter utfordringane i framtida. Strategi og tiltak Innbyggjarane i kommunen skal oppleve kvalitativt gode tenester der dei bur Utvikle nye eller ta over tenester som ein tidlegare ikkje har klart i eigen regi Innovasjon og ny velferdsteknologi i kommunal service og tenester Utvikle likeverdige tenester lett tilgjengeleg for brukarane, der kvalitet, økonomi, nyskaping og berekraft står sentralt Bygge solide fagmiljø i alle delar av kommunen. Samarbeide med frivillig sektor 7. Arbeidsgivarpolitikk/ tilsette Den nye kommunen skal ha ein tydeleg, raus og inkluderande arbeidsgjevarpolitikk, og legge til rette for mangfald blant dei tilsette i den nye kommunen. Den administrative omorganiseringa skal gjennomførast i ein god prosess og i nært samarbeid med dei tillitsvalde og medarbeidarane. Ein ny kommune skal vidareutvikle dei inspirerande fagmiljøa, og sikre ein godt innretta organisasjon for å realisere visjon, mål og gode tenester. Strategi og tiltak Alle tilsette sine noverande rettar vert aksepterte i ein ny kommune i samsvar med lov- og avtaleverk. Ingen tilsette må slutte som følgje av kommunereforma. 5

225 226 227 228 229 230 231 232 233 234 235 236 237 238 239 240 241 242 243 244 245 246 247 248 249 250 251 252 253 254 255 256 257 258 259 260 261 262 263 264 265 266 267 268 269 270 271 272 273 274 Over tid er det naturleg å ta ut effektiviseringsgevinstar gjennom naturleg avgang for å frigjere ressursar til utvikling og tenesteproduksjon Dei tilsette vil framleis vere sikra pensjonsordning gjennom KLP, SPK eller kommunal pensjonskasse Fellesnemnda skal lage eit omstillingsdokument som harmoniserer ulike reglement 8. Lokaldemokrati Engasjement, deltaking og ei kjensle av å ha påverknad er avgjerande for eit levande lokaldemokrati. Politikarane i den nye felleskommunen må tenkje heilskap og langsiktig utvikling. Ei større kommune kan gi visse utfordringar for nærdemokratiet. God lokal forankring i ein større kommune krev at ein politisk og administrativt er aktiv overfor innbyggarane. Dette kan gjerast til dømes ved å etablere områdeutval eller liknande. Den nye kommunen skal ha ein organisasjonsmodell, politisk og administrativt, som fremjar eit levande lokaldemokrati, muleggjere medverknad, og evne til omstilling og innovasjon. Strategi og tiltak Runde kommune skal vere organisert etter formannskapsmodellen (som dagens kommunar). I første periode skal kommunestyret ha 47 medlemmar og formannskapet 15. Vurdere ei ordning med kommunedelutval med direkte val etter 12 Kommunelova. Det må drøftast nærare kva delegasjon/ økonomimynde som skal ligge til desse utvala. Eit breitt samansett Ungdomsråd i den nye kommunen skal bli aktivt involvert gjennom til dømes talerett i kommunestyret, høyringar og ulike invitasjonar. Kommunen skal stå for ein meir aktiv kommunikasjon gjennom nye digitale plattformer, fleire folkemøter, innbyggjarundersøkingar, formannskapshøyringar, og liknande. Vurdere frikjøp for politikarar for sikre balanse til administrasjonen Kommunen er avhengig av og skal støtte den frivillige innsatsen. Utvide ansvaret til politisk sekretariat til også å ivareta /engasjere frivillig sektor 9. Kommuneøkonomi Runde kommune skal ha ein sunn økonomi, drive effektivt og levere gode tenester. I perioden fram mot samanslåing pliktar kommunane å utøve ei forsvarleg drift. Kommunane skal ta kollektivt ansvar for gode prosessar og føreseielege handlingar, og må i fellesskap ta stilling til prosjekt som belastar drifta etter samanslåing. Etter 2020 vil eit nytt felles kommunestyre ha ansvaret for økonomiske prioriteringar basert på felles og heilskapleg utvikling. Strategi og tiltak Alle fem kommunane skal levere positive driftsresultat og arbeide kontinuerleg med naudsynte omstillings- og effektiviseringsprosessar. Nivå for kommunale avgifter og brukarbetalingar blir harmonisert frå 2020. Runde kommune skal ha ein sunn økonomi utan eigedomskatt Kommunane skal rapportere viktige økonomital til kvarandre gjennom tertialrapportar, og ha tett dialog omkring vesentlege endringar i driftsnivå, gjeldsnivå og om investeringar som har netto kostnad inn i perioden for ny kommune. 6

275 276 277 278 279 280 281 282 283 284 285 286 287 288 289 290 291 292 293 294 295 296 297 298 299 300 301 302 303 304 305 306 307 308 309 310 311 312 313 314 315 316 317 318 319 320 321 10. Fellesnemnd Fellesnemnda har etter Inndelingslova 26 ansvar for å samordne og førebu samanslåinga i perioden frå det er gjort endeleg vedtak i Stortinget våren 2017 og fram til samanslåinga vert sett i verk 1. januar 2020. Kommunestyra veljer etter lokale vedtak om samanslåing tre medlemmar kvar til eit samordningsutval som fungerer fram til Fellesnemnda formelt er valt. Kommunane skal oppnemne tre medlemmar frå kvar kommune til Fellesnemnda. Dei konkrete arbeidsoppgåvene til Fellesnemnda skal vedtakast av kvart kommunestyre som likelydande tekst. Det operative arbeidet skal utførast av ein prosjektorganisasjon utifrå ein prosjektplan. Dei tilsette vil ha medverknad gjennom eit nytt partssamansett utval for den nye kommunen. 11. Innbyggarinvolvering Dei fem kommunane vil alle ha ei tett innbyggarinvolvering og koordinere tidspunkt for dette. Det skal gjennomførast innbyggarhøyring/ rådgivande folkeavstemming innan 19.05.16. Offentleg informasjon frå kommunane skal vere grundig og balansert. 12.Verdiar i det vidare arbeidet Arbeidet med ein ny felles kommune skal vere prega av tillit, respekt, rausheit og likeverd. Vi vil arbeide for ei best muleg ny kommune der vi skal tenkje mulegheiter og løysingar for vekst og velstand i tettstadar og bygder. Fosnavåg 30.03.16 -------------------------------------- ---------------------------------------- ---------------------------------------- Anders Riise Arnulf Goksøyr Dag Vaagen Ordførar Ordførar Ordførar Hareid kommune Herøy kommune Sande kommune ----------------------------------------------- ---------------------------------------------- Knut Erik Engh Lena Landsverk Sande Ordførar Ordførar Ulstein kommune Vanylven kommune 7