1 Innleiing! 2 Talet på språk i verda. Språkdaude, purisme og språkleg revitalisering



Like dokumenter
Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Til deg som bur i fosterheim år

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Nynorsk i nordisk perspektiv

Norsk Bremuseum sine klimanøtter


Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Jon Fosse. For seint. Libretto

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Vurderingsrettleiing 2011

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

HORDALANDD. Utarbeidd av

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Brukarrettleiing E-post lesar

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

11. Bøker og bokomsetning

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

6. trinn. Veke 24 Navn:

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Lønnsundersøkinga for 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Frå novelle til teikneserie

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland

Kva er økologisk matproduksjon?

Kvifor ikkje berre bruke engelsk? Ei haldningsundersøking blant økonomistudentarar.

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Brukarrettleiing. epolitiker

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Med tre spesialitetar i kofferten


BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Å løyse kvadratiske likningar

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Samansette tekster og Sjanger og stil

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

IKT-kompetanse for øvingsskular

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Vintervèr i Eksingedalen

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Informasjon til elevane

Illustrerte ordbøker for brukarar på alle språkmeistringsnivå. Tove Bjørneset Prosjektleiar, Uni Computing, Bergen

nye bøker i 2004

Reisevanekartlegging i Hordaland fylkeskommune Fylkesbygget og Skyss.

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

Det europeiske rammeverket og læreplanen for fremmendspråk

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Årsplan i samfunnsfag 10.klasse

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

13. Sendetida på TV aukar

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

SPØRJEGRUPPE: HORNINDAL SKULE KLASSE

Alderspensjonistar som bur i utlandet

Forsøk på å flytte ein koloss EU/Norge landbruk 1993/94. Presentasjon NILF 1. mars 2007 Alf Vederhus

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Kan ein del. Kan mykje Du skriv ei god forteljing som du les opp med innleving.

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Konklusjon for 4 grupper

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Transkript:

1 Innleiing! Språkdaude, purisme og språkleg revitalisering Trond Trosterud, Tromsø Pattedyr- og planteartar forsvinn for aldri å komma att, dette er ein effekt av industrialisering og modernisering som folk med rette er bekymra for. I følgje The 1997 IUCN Red List of Threatened Plants er 12,5 % av verdas planteartar utryddingstruga, og i følgje The 1996 IUCN Red List of Threatened Animals er 11 % av alle fugleartar og 25 % av alle pattedyrartar utryddingstruga.. Sjølv om ureining og multinasjonale skogselskap held fram for fullt, er det og etter kvart mange ulike organisasjonar som arbeider for å bremse denne utviklinga. Samtidig breier eit anna fenomen om seg, eit fenomen som får mykje mindre merksemd. Av verdas ca. 6000 levande språk kan så mange som halvparten vera forsvunne om tre generasjonar, og så mange som 90 % vil gå inn i neste hundreår med færre talarar enn dei gjekk inn i dette med. Kva så, vil mange seie. Med litt velvilje kan vi gå med på at vi saknar geirfuglen, at ulike artar høyrer i hop i eit økosystem, og at ein sjeldan plante i Brasil kanskje kan gje oss ny medisin i kampen mot kreft. Men færre språk fører vel berre til færre barrierar folka imellom? Særleg i Noreg vil mange likevel sjå det slik at samanhengar mellom språk og identitet gjer språkmangfald til eit mål i seg sjølv. I alle fall blir språk utrydda med slik kraft og fart at prosessen skrik etter merksemd. Språk er det avgjerande skiljet mellom menneske og dyr, å forstå korfor vi kan komma til å miste halvparten av dei, bør dermed stå høgt på lista hos alle som forskar på menneskelege aktivitetar. Purisme er på godt og vondt ein viktig faktor i spelet om språka. Det første steget når det gjeld språkdaude er å kartlegge han, sjå kor mange av språka i verda som er i ferd med å forsvinne, og kva språk som får skeive alderspyramidar. På bakgrunn av desse opplysningane er det mogleg å prioritere kva språkfamiliar som må bli dokumentert før dei forsvinn, og det blir mogleg å oppdage språkskifteprosessar tidleg, før prosessen skyt fart. Deretter kan allmennlingvistane berre gå i gang og skrive referansegrammatikkar. Neste steg blir å utvikle teoriar for korleis og framfor alt korfor språkskiftet skjer. Resultatet, ein språkskifteteori, er sjølvsagt eit mål i seg sjølv, men i tillegg kan det òg vera til hjelp for dei språksamfunna som vil reversere språkskifteprosessen. Eit første steg mot ein slik teori finn vi i Sasse 1992. I denne artikkelen vil eg prøve å gje ei grov oppsummering av status quo, slik vi kjenner det i dag, med ei litt meir nærgåande framstilling av eit par regionar. I tillegg vil eg sjå på korleis språkskiftet skjer, korleis det kan målast, kva som får det til å skje, og kva som evt. kan hindre det. Eg går først gjennom kor mange språk det er i verda, og prøver å seie noko om kor mange av dei som held på å forsvinne. Deretter ser eg nærare på eit par regionar som har hatt ei ulik utvikling, og eg ser på faktorar som hindrar språkdaude. Eg tar og opp sambandet mellom språkdaude og purisme, og konsekvensar situasjonen for verdas språk har for språkforskarar. Til slutt kjem ei oppsummering. 2 Talet på språk i verda Den beste kjelda til verdas språk er Ethnologue: Languages of the World, som blir publisert av Summer Institute of Linguistics, ein organisasjon som har som mål å omsette Bibelen til alle språka i verda. Ethnologue er tilgjengeleg i bokformat (Grimes 1992), og på Internett (http://www.sil.org/ethnologue). Dessverre er data der organisert stat for stat, slik at det er vanskeleg å få ei global oversikt, og dei fleste språka blir snakka i fleire enn eitt land. Harmon 1995 har gått gjennom Grimes 1992, side for side for å få eit oversyn over status quo på verdsbasis. Oversynet nedanfor bygger dels på Harmon, og dels på Krauss 1992, 1997 (for arktiske språk). I følgje Harmon gir Grimes 1992 opplysningar om 6760 ulike språk, der 234 får status som utdøydde, og altså 6526 framleis hadde talarar i 1992. Men desse språka har ikkje like mange talarar. Av dei i overkant av 6500 levande språka hadde omtrent ein tredel meir enn 15000 talarar, omtrent ein tredel meir inn 1000, og omtrent ein tredel mindre enn 1000. Går vi eit tiår fram i tid (7 år etter publisert dato, men data frå 1992 er litt eldre), til dei mest oppdaterte opplysningane i Ethnologue, dei frå 1999 (http://www.sil.org/ethnologue), ser vi at situasjonen har endra seg markant i løpet av det vesle tiåret:! Publisert i: Helge Sandøy, Randi Brodersen og Endre Brunstad (red): Purt og reint. Om purisme i dei nordiske språka, s. 181-216.. Takk til Rolf Theil Endresen, Michael Everson, Tove Skutnabb-Kangas og Helge Sandøy for kommentarar og synspunkt. Eventuelle feil og manglar står eg sjølvsagt sjølv ansvarleg for. 1 2

talarar >1 mill. 15000-1 mill. 1001-15000 101-1000 1-100 0 alle språk 306 1996 2198 999 559 724 6782 Tabell 1 Gruppering av verdas språk etter talarar (data frå Grimes 1999) Framleis har i underkant av 1/3 av språka over 15000 talarar, og i underkant av 1/3 av språka mellom 1000 og 15000 talarar. Den store skilnaden ligg i språka med 1000 talarar eller færre. Her er talet på språk utan registrerte talarar tredobla sidan 1992, til 724, og i tillegg har 559 språk under 100 talarar. I den andre enden av tabellen ser vi at dei 306 største språka, eller 5 % av språka, blir snakka av i underkant av 95 % av folket på jorda. Det er med andre ord slik at 95 % av den språklege variasjonen er representert av 5 % av folket på jorda. 3 Kor mange språk forsvinn? 3.1 Korleis veit vi at eit språk er i ferd med å døy? Kjelder som Ethnologue fortel kor mange talarar kvart språk har, men det i seg sjølv fortel ikkje så mykje om framtidsutsiktene til språket. I det føragrare jegersamfunnet hadde kvart språk sannsynlegvis ikkje meir enn eit par tusen talarar i gjennomsnitt. Språk med få talarar kan vera stabile i fleire tusen år (som fleire av dei små språka i Sibir), mens språk med mange talarar kan forsvinne i løpet av få generasjonar. Bretonsk er eit godt døme på eit millionspråk som har mista storparten av talarane sine i løpet av eit par generasjonar. Den beste måten å undersøke om eit språk er i ferd med å forsvinne på, er å ta for seg medlemmane av den etniske gruppa som snakkar språket, dele dei inn etter kjønn og alder, og gå gjennom språkkunnskapane deira. Resultatet blir to alderspyramidar, ein for heile den etniske gruppa, og ein for kva språkkunnskapar medlemmane har. Eit døme på dette er Hallamaa 1997, 1998 som viser utviklinga for aleutisk, skoltesamisk og vepsisk (Hallamaa 1998 inneheld og ei drøfting av det metodologiske grunnlaget for denne innfallsvinkelen til språkskifte). I tabellen nedanfor er data frå 1966 samla inn av Pekka Sammallahti, og frå 1986 av Panu Hallamaa. Aldersklassene mellom dei vassrette linene representerer nøyaktig same aldersgrupper, og kvart symbol representerer ein talar. 1966 1986 Aldersgruppe Menn Kvinner Menn Kvinner Aldersgruppe 80- S 70-79 S 60-69 SS 50-59 SSS SSSS 40-49 SSSSSS SS 80-89 35-39 SSSS SSS S S 70-79 30-34 SSSS SS [u]ssss S 60-69 25-29 SS SS SSSSS SSSSS 50-59 20-24 SSSSS usssss S [u] 40-49 15-19 SSSSSSSS SSSSSSSS SSSSSS SSSu 35-39 10-14 SSSSSSSS SSSSSSSSSSS [u]ss SSSSu 30-34 5-9 SSSSSS SSSSSS [u]ssss SS 25-29 0-4 ussss suu SSSS S 20-24 Tabell 2 Profilar for atkaaleutisk, 1966 og 1986 (Hallamaa 1997 s. 198) Teiknforklaring til symbolane står i denne tabellen: UUUSSS S 15-19 U ssuuuu 10-14 uuuu Uuuuuu 5-9 u Uu 3-4 u uuuxx 0-2 S Kunnskapsrik morsmålsbrukar U Forstår ein del S Snakkar flytande, og føretrekk atkaaleutisk u Forstår litt S Snakkar flytande, men føretrekk engelsk u Forstår ca. to dusin ord s Snakkar med mindre feil, lett engelsk aksent u Forstår minst 5-6 ord s Snakkar med store feil, har engelsk aksent x Forstår ikkje U Forstår godt [ ] Er ikkje aleut Hallamaa 1997 s. 198. Dette er sjølvsagt ei svært så finmaska inndeling. Det er mogleg å få eit tilnærma likt bilete med ei grov tredeling ( snakkar / forstår / ingen av delane, ved å slå saman dei ulike variantane av S, U og x i tabellen ovafor). Slike undersøkingar er gjort for nokre få språk, men slett ikkje for alle. For mange språk kan vi likevel estimere ein slik alderspyramide. Relevant for språkbevaring er ei tredeling i barn, vaksne i fruktbar alder, og vaksne over fruktbar alder. Korleis folket fordeler seg i desse tre gruppene, varierer sterkt frå land til land: 3 4

Elfenbeinskysten Kamerun Indonesia Chile Russland 0-15 år 47 % 45 % 35 % 30 % 22 % 16-44 år 42 % 40 % 48 % 48 % 45 % over 45 år 11 % 14 % 17 % 22 % 33 % Tabell 3 Alderspyramidar for ulike land, i prosent (Kjelde: Opplyst av Statistisk Sentralbyrå) Vi har med andre ord tre ulike kurver, ei med ei generasjonsfordeling på omtrent 1/2 + 1/3 + 1/6 (Elfenbeinskysten), eit mønster der mellomgenerasjonen er størst og den eldste generasjonen minst (Indonesia), og eit mønster der mellomgenerasjonen er størst og den yngste generasjonen minst. Mønsteret frå Tabell 2 og Tabell 3 kan vi bruke i lag med opplysningar om språkkunnskap og etnisitet til å vurdere kor langt språkskiftet har komme. Ethnologue sitt oppslag for jicarilla-apasje, eit språk i USA, viser korleis det kan gjerast: APACHE, JICARILLA [APJ] 812 speakers (1990 census), out of 2,000 population (1977 SIL). Northern New Mexico, area of Dulce. Na-Dene, Nuclear Na-Dene, Athapaskan-Eyak, Athapaskan, Apachean, Navajo- Apache, Eastern Apache. Most adults speak the language. Many young adults may prefer English. Some children may speak the language, many can understand it, but tend to prefer English. Survey needed. (Ethnologue 1997) Viss vi går ut ifrå at talarane fordeler seg etter det chilenske mønsteret (barn foreldre - besteforeldre), og at språkskiftet skjer like fort i heile området, vil alle besteforeldra og 2/3 av foreldregenerasjonen snakke jicarilla-apasje, mens ingen av ungane gjer det. Ein tregenerasjons alderspyramide for jicarilla-apasje vil kanskje sjå ut som i Tabell 4 nedanfor (med svart, grå og lysegrå farge for snakkar, kan snakke, forstår). Sannsynlegvis er den yngste generasjonen størst, og sannsynlegvis finst det område der språket står sterkare (øvst i dalen, osb.), men tendensen er likevel klår. Med mindre noko drastisk skjer, vil jicarilla-apasje om to generasjonar berre ha eit par talarar att. besteforeldre foreldre barn Menn Tabell 4 Estimert alderspyramide for jicarilla-apasje Kvinner Som vist i Silver 1975 kan statistikk som skil mellom første- og andrespråkskunnskap brukast til å estimere kor langt assimilasjonsprosessen har komme, men dessverre er det svært få land som har så gode statistikkar. Ethnologue baserer seg på svært mange kjelder, særleg eigne feltarbeidarar. Førstespråkskunnskap er systematisk ført opp, men dessverre er ikkje opplysningar om kunnskapar i majoritetsspråket sett opp like systematisk. Offentleg statistikk er som regel til lita hjelp, fordi mange land (t.d. Noreg) av politiske eller andre grunnar underslår opplysningar om både etnisitet og morsmål i folketeljingane sine. Eitt unntak her er Sovjetunionen, som hadde grundige folketeljingar med ti års mellomrom frå 1939 til 1989 (det er desse statistikkane Silver utarbeidde formelen sin til). Sovjetisk statistikk gav tal for storleiken på dei ulike folka i Sovjetunionen, og for kor mange som hadde språket til folket som førstespråk (E1) og som andrespråk (E2), og for kor mange som hadde majoritetsspråket, her: russisk, som førstespråk (M1) og som andrespråk (M2) (der E = eige språk, M = majoritetsspråk, og 1, 2 = førstespråk, andrespråk). I tillegg gir statistikken opplysningar om kunnskap i andre, regionale språk, men det ser eg bort frå i gjennomgangen her. Dermed er det mogleg å dele eit folk i fire kategoriar 1. Dei fire kategoriane tilsvarar nokolunde inndelinga i fire grupper i Skutnabb- Kangas 1981 (ho har S1, S1s1, s1s2, S2, der S er det dominerande og s det dominerte språket). Poenget med Silver-formelen er måten han får fram assimilasjonsprosessen frå eit datagrunnlag som gjer opplysningar om første-, andre- og tredjespråkskunnskap hos eit folk. Som døme kan vi ta mansisk, eit uralsk språk som blir snakka i vestlege Vest-Sibir, langs Ob og Ob sine sideelver. Etter den sovjetiske folketeljinga i 1989 hadde 3140 mansiar mansisk som morsmål mens 252 hadde det som andrespråk. 5232 av mansiane hadde russisk som førstespråk, mens 2788 hadde det som andrespråk (vi ser bort ifrå ei lita feilkjelde for tredjespråkskunnskapar). Sett inn i Silver-formelen får vi dette resultatet: mansisk Gruppe 1.språk 2.språk formel data utrekna prosent 1. Uassimilerte einspråklege folket sitt eige språk E1-M2 3140-2788 352 4,2 % 2. Uassimilerte tospråklege folket sitt eige språk majoritetsspråket M2 2788 2788 33,3 % 3. Assimilerte tospråklege majoritetsspråket folket sitt eige språk E2 252 252 3,0 % 4. Assimilerte einspråklege majoritetsspråket M1-E2 5232-252 4980 59,5 % Tabell 5 Silver-formelen (omsynet til evt. tredjespråk er ikkje med) Som vi ser, er under 5 % av mansiane einspråklege. 1/3, eller grovt sett dei over førti, snakkar framleis mansisk (jf. alderspyramiden i Tabell 3), mens ungane og dei fleste i foreldregenerasjonen allereie er assimilert. Skiftet har sjølvsagt ikkje komme like langt overalt, tabellen gir berre eit gjennomsnitt. Typisk for minoritetssamfunn er det at gruppa av assimilerte tospråklege (E2, line 3 i 1 Dei sovjetiske statistikkane er lagt ut på http://www.uit.no/a/trond/isam.html. Nettstaden inneheld og bibliografisk referanse til originalmaterialet, ei innføring i Silver-formelen, også for korrigeringa av misvisinga ved kjennskap til tredjespråk. Nettstaden har og rekna ut prosentfordelinga tilsvarande dei i Tabell 5 for samtlege sovjetiske språk. Sjølve inndelinga i kategoriar som i Tabell 5 følgjer Silver, dei ligg ikkje i originalmaterialet. 5 6

tabellen over) er lita. Når talarane er komme over til majoritetsspråket, ser dei liten grunn til å lære seg minoritetsspråket som framandspråk, og majoritetsspråket er i alle fall etablert som lingua franca i området. Det sovjetiske originalmaterialet inneheld òg opplysningar om alder, slik at det er mogleg å dele data i Tabell 5 ovafor inn i alderskohortar. Resultatet blir då eit oversyn ganske likt det som er presentert i Hallamaas arbeid. Ein språkskifteprosess kan gå så fort som over tre generasjonar, der besteforeldra vil vera uassimilerte einspråklege, foreldra uassimilerte tospråklege, eventuelt assimilerte tospråklege med passiv kunnskap i språket til den etniske gruppa, og ungane vil vera assimilert einspråklege. Også for andre språksamfunn finst det tilsvarande statistikkar. T.d. inneheld Friis sine etnografiske kart over Nord-Noreg frå 1861 (jf. http://www.dokpro.uio.no/omfriis.html) opplysningar om både etnisitet, første- og andrespråk, så med Silver-formelen referert til ovafor er det mogleg å følgje korleis dei ulike bygdelaga i meir eller mindre grad var opne for den assimileringsprosessen som skulle komma med omlegginga av den statlege politikken rundt hundreårsskiftet 2. kortvarige deportasjonar får konsekvensar: Fleire kvenar fortel at norsken fekk feste blant ungane den vinteren dei var sørpå etter at tyskarane hadde svidd av Finnmark, og den bygda der kvensk har halde seg best, er òg den einaste bygda i Finnmark som ikkje vart evakuert, nemleg Bugøynes. Mange ser fenomenet med språkdaude som ein del av det såkalla globaliseringsfenomenet, og sameinar dermed språkdaude og utbreiinga av engelsk. At globaliseringa og framveksten av Internett fører til ei favorisering av engelsk, er heilt klårt. Jf. t.d. tala i tabellen nedanfor, frå Grefenstette & Nioche 2000, som målar mengda av ein del språk med latinsk alfabet på Internett. Dei finn at 60 milliardar ord frå språk som blir skrive med det latinske alfabetet, fordeler seg som i kolonne B i tabellen nedanfor, der kolonne C viser den prosentvise fordelinga av språka i utvalet (tala i kolonne B og D er i tusen) 3 : 3.2 Korfor døyr språka? Årsakene til språkdauden kan kort og overforenkla summerast opp i to ord: modernisering og statsdanning. I løpet av dei siste 200 åra har stadig større delar av folket på jorda vorte drege inn i det kapitalistiske systemet, inn i pengeøkonomien og den stadig større marknaden. Det moderne samfunnet blir administrert av statar, og der dei er sterke nok driv statane gjennom at det skal vera eitt språk som fellesspråk for innbyggarane i landet. Der det sjølvbergingsbaserte agrarsamfunnet var interessert i skattepengane til folket, men ikkje i språket deira, vart det kapitalistiske samfunnet avhengige av arbeidarar som kunne klokka, og som snakka, las og skreiv same språk som arbeidsformennene sine. Eit anna moment som kan takast med er migrasjon. Viss eit folk blir flytta frå eit område til eit anna, får det språklege konsekvensar. Etterkommarar etter innvandrarar skiftar språk, sjølv der dei blir flytta samla. Skoltesamane i Finland, som måtte flykte 15 mil vestover som resultat av at Finland mista land etter Fortsettingskrigen, innleidde eit massivt språkskifte på slutten av 60-talet, då den første generasjonen som var fødd i diaspora sjølv fekk ungar (jf. Hallamaa 1999). Også 2 Her ligg det eit tema til ei hovudoppgåve i språksosiologi og ventar. 3 100 % tilsvarer!the Formula Not In Table ord. Absolutte tal er bytta ut med prosentar, og esperanto, latinsk og kroatisk er fjerna frå den originale tabellen, pga. samanlikninga med data frå Ethnologue i kolonne D (Ethnologue oppgjev ikkje morsmålstalarar for esperanto og latinsk, og kroatisk kjem inn under serbokroatisk). 7 8

A B C D E F G språk ord på Internett % av utval talarar % av utval % ord / % t. ord / talar islandsk 53167000 0,09 % 250000 0,02 % 4,5 213 irsk 49778000 0,08 % 260000 0,02 % 4,1 191 engelsk 47264700000 78,70 % 322000000 25,08 % 3,1 147 norsk 453391000 0,75 % 5000000 0,39 % 1,9 91 svensk 644740000 1,07 % 9000000 0,70 % 1,5 72 baskisk 28296000 0,05 % 580000 0,05 % 1,0 49 estisk 43257000 0,07 % 1100000 0,09 % 0,8 39 slovensk 74998000 0,12 % 1940000 0,15 % 0,8 39 dansk 206167000 0,34 % 5326000 0,41 % 0,8 39 finsk 192105000 0,32 % 6000000 0,47 % 0,7 32 nederlandsk 622063000 1,04 % 20000000 1,56 % 0,7 31 fransk 2208418000 3,68 % 72000000 5,61 % 0,7 31 tysk 3068760000 5,11 % 98000000 7,63 % 0,7 31 italiensk 1240205000 2,06 % 41000000 3,19 % 0,6 30 slovakisk 140909000 0,23 % 5606000 0,44 % 0,5 25 tsjekkisk 269310000 0,45 % 12000000 0,93 % 0,5 22 bretonsk 9975000 0,02 % 500000 0,04 % 0,4 20 katalansk 126324000 0,21 % 6565000 0,51 % 0,4 19 ungarsk 268944000 0,45 % 14500000 1,13 % 0,4 19 valisisk 7590000 0,01 % 580000 0,05 % 0,3 13 latvisk 21925000 0,04 % 1500000 0,12 % 0,3 15 litauisk 20927000 0,03 % 4000000 0,31 % 0,1 5 rumensk 63846000 0,11 % 26000000 2,03 % 0,1 2 malayisk 113236000 0,19 % 19984000 1,56 % 0,1 6 polsk 235726000 0,39 % 44000000 3,43 % 0,1 5 portugisisk 924965000 1,54 % 170000000 13,24 % 0,1 5 spansk 1595489000 2,66 % 332000000 25,86 % 0,1 5 albansk 9203000 0,02 % 5000000 0,39 % 0,0 2 tyrkisk 100548000 0,17 % 59000000 4,60 % 0,0 2 Total 60058962 100,00 % 1283691 100,00 % 0,00 % 47 Tabell 6 Relativ utbreiing på Internett og blant morsmålsbrukarar for ein del språk skrive med det latinske alfabetet. Data i kolonne B frå Grefenstette & Nioche 2000, i kolonne D frå Ethnologue 1999. Tala i kolonne B og D er i heile tusen. rommet, absolutt sett den aller største forfordelinga, utan samanlikning mest forfordelt, med 78,7 % av nettet mot 25 % av talarane, dvs. med ein posisjon på nettet tre gonger så sterk som den det har som morsmål. På dei fire neste plassane kjem dei andre språka som har større plass på nettet enn det folketalet gir dei, det er mindre språk frå ein del rike land. Resten av språka er underrepresentert, og på slutten av tabellen kjem dei som er mest underrepresentert. Det er likevel ikkje utan vidare slik at språkdaude og globalisering er to sider av same sak. Folk skiftar språk når dei blir dregne inn i den kapitalistiske økonomien, men sjølv om kapitalen er global, er arbeidsmarknaden og dei sosiale nettverka regionale. Når språk forsvinn, er det fordi talarane tar til å snakke eit anna språk, og det språket dei snakkar vil vera det dominerande språket i området, stort sett alltid det offisielle språket i landet. Minoritetsspråk i Latin-Amerika eller på det eurasiatiske kontinentet bukkar ikkje under for engelsk, men for majoritetsspråka, som er portugisisk eller spansk. Kor underrepresentert spansk og portugisisk enn er på Internett er det likevel desse språka som vinn fram i Latin-Amerika. Til og med i Afrika har engelsk framleis ein marginal posisjon som morsmål, sjølv om det dominerer som skriftspråk i alle britiske ekskoloniar. I Kenya og Tanzania skiftar folk til swahili, ikkje til engelsk. I Noreg skiftar, eller i alle fall skifta, samar og kvenar over til norsk, og ikkje til engelsk. Språkdaude er eit lokalt fenomen, verda over. 3.3 Oppsummering Språk forsvinn over heile verda, og med ei fart historia ikkje har sett tidlegare. Grunnen til det er at lokalsamfunn verdas over blir modernisert, og integrert i det kapitalistiske systemet verda over. Likevel er det store regionale skilnader, og nokre av dei er tema for neste avsnitt. Viss vi så samanliknar tekstmengd på Internett med data for talarar frå Ethnologue, finn vi ein del interessante skilnader. Kolonne D fortel kor mange talarar kvart språk har (i tusen), og kolonne C gjev den prosentvise fordelinga av ord i utvalet. Kolonne F er kvotienten mellom kolonnane C og E; språk med verdi over 1,0 er overrepresenterte, og språk med verdiar under 1,0 er underrepresenterte på nettet. Kolonne G gjev talet på ord på Internettet per talar. Som det går fram av kolonne F og G, er to språk relativt sett betre fordelt enn engelsk, sjølv om dei har ei forsvinnande lite mengd ord på Internett har dei heller ikkje mange talarar. Når det gjeld engelsk, ser vi at sjølv om det blir snakka av berre 1/4 av dei som er dekt av denne undersøkinga, okkuperer engelsk 3/4 av det språklege 4 Regionale skilnader Her går eg gjennom ein del regionar der det er mogleg å sjå fellestrekk. Framstillinga er skissemessig, og mange delar av verda er ikkje omhandla i det heile, noko meir er det ikkje plass til her. Det er eit direkte samsvar mellom busettingshistorie og språkrikdom. Eg vil dele verda i tre, grovt sett, i område som er dominert av føragrare samfunn (i praksis område dit jordbruksrevolusjon og industrialisering av ulike grunnar ikkje har nådd), i jordbrukssamfunn som har vakse fram av 9 10

føragrare samfunn, og i settlarsamfunn, resultatet av store migrasjonsbølgjer i nyare tid. Der heile verdsdelar er dominerte av same språket, er dét nettopp eit resultat av emigrasjon i moderne tid, dette gjeld både den dyrkbare delen av Amerika, Australia og den midtre delen av Sibir. I gamle jordbrukssamfunn, som i Europa og Søraust-Asia, finn vi språk som blir snakka over langt mindre område enn det engelsk, spansk og russisk blir snakka, og desse språka har og mykje større dialektrikdom enn det dei dominerande emigrantspråka har. Desse stadbunde språka har gjerne fleire millionar talarar, men med einskilde unntak (som kinesisk, hindi, som blir snakka i område med intensivt jordbruk) har desse språka langt færre talarar enn dei dominerande emigrantspråka. Dei verkeleg små språka finn vi i område med føragrare samfunn. Kor språkintensive desse områda er, er avhengig av klima: Regnskogane i Brasil og på Papua Ny Guinea er i stand til å livnære langt fleire folk enn den arktiske tundraen i Sibir, men målt i språk/talarar er det ikkje så stor skilnad på desse områda. Kvart språk har fleire kvadratkilometer i Sibir, men ikkje så mange fleire talarar. Den drastiske språkskifteprosessen som går føre seg no, kan bli sett på som ei endring av grensene mellom desse tre hovudtypane. Når utnyttinga av naturressursane på jorda når ut til stadig nye område, blir fleire og fleire autonome språksamfunn inkorporert i større språksamfunn, med assimilering som resultat. 4.1 Sirkumpolare språk Viss vi ser bort ifrå nabospråk, jiddisk, romani og nyinnvandring, er alle minoritetsspråka i Norden sirkumpolare språk, språk som blir snakka i dei arktiske og subarktiske områda rundt Nordpolen. Desse språka har mykje til felles med dei andre sirkumpolare språka; dei blir snakka i tynt befolka område som ikkje er eigna for jordbruk, og dei blir snakka i sterkt sentraliserte og moderniserte statar. Vi sett dei nordiske minoritetsspråka i eit større perspektiv og handsamar dei i lag med dei andre sirkumpolare språka, til saman 60 språk, snakka i Norden, Russland USA og Canada. Område Sirkumpolare språk Språk med barn som talarar % av språka talt av barn Talarar i % av heile folket, for alle språka Grønland 1 1 100 % 100 % Canada 18 5 27,8 % 61,5 % Noreg 3 1-2 50,0 % Russland 40 13 32,5 % 45,0 % Finland 3 1 33,3 % 45,0 % Sverige 3 1-2 33,5 % Alaska 21 2 9,5 % 27,9 % Tabell 7 Sirkumpolare språk, ulike aldersklassar (tal frå Krauss 1997:27ff) Ein del av språka blir snakka i fleire enn eitt land, og har ulik status i ulike land, så dei ulike kolonnane kan ikkje summerast. Biletet er likevel eintydig. Berre grønlandsk (Krauss ignorerer austgrønlandsk) blir snakka like mykje på alle alderssteg. Det området som har flest språk med talarar i alle generasjonar er Russland, eit resultat av den sovjetiske språkpolitikken. Her har 13 av 40 språk, eller 32,5 % av språka, talarar i alle aldersgruppene. Den siste kolonnen i tabellen summerer opp talarar for alle dei sirkumpolare språka i kvart einsild land, og viser det som prosent av kor mange det er som reknar seg som medlem av dei tilsvarande etniske gruppene. I Russland er det t.d. slik at bortimot halvparten av dei som reknar seg som nenetsar, hantiar, mansiar, osb. verkeleg snakkar nenetsisk, hantisk, mansisk osb. På Grønland snakkar alle (vest)grønlendingane (vest)grønlandsk. Det som ikkje går fram av tabellen, er at to av dei seks store språka (meir enn 15000 talarar), nemleg inuktitut og nordsamisk, er i ferd med å snu språkskifteprosessen, som resultat av ein ny og meir positiv språkpolitikk i Canada og Norden. Sovjetunionen gjekk meir eller mindre bort frå den leninistiske språkpolitikken etter at Stalin døydde, og i det postsovjetiske Russland er det ikkje lett å få auge på politikk i det heile. Det som kanskje kan verke positivt inn på språkbevaringa i ein del språksamfunn, er det totale samanbrotet i den russiske økonomien, som tvinger dei nordlege folka attende til tundraen, ut i ein sjølvbergingsøkonomi, der dei faktisk klarar seg betre enn russarane som sitt att inne i teknisk avanserte byar utan verken pengar eller sentralvarme. Dei språka som står sterkast i Russland, er tundranenetsisk (på Jamal-halvøya), austog nordhantisk (mellom Ob og Jenisej), og tsjuktsji og evenkisk (i Aust-Sibir). Alle desse språka har likevel skeive alderspyramidar, med færre talarar i den yngste generasjonen. Viss vi ser dei nordlege språka som representantar for urfolksspråk i ei modernisert verd, gir det ikkje gode framtidsutsikter for små språk i andre delar av verda, etter kvart som moderniseringsprosessen skyt fart i språkrike område som Oseania, Afrika, og det sørlege Asia. Det at desse språka blir snakka i område som er ueigna for jordbruk, har vore viktig for utviklinga deira. Då indoeuropearane kom med jordbrukskulturen til Nord-Europa og seinare til Sibir, assimilerte eller marginaliserte dei jegersamfunna. I nokre unntakstilfelle tok urfolka i området opp jordbruket og vart dermed store nok til å unngå assimilering (som finnar, estarar, mordvinarar og komiar), men i regelen er det berre i strok ueigna til jordbruk minoritetane har fått vera uassimilerte. I moderne tid har likevel modernisering og industrialisering komme til der det var for kaldt for jordbruk, og utviklinga for dei sirkumpolare språka gir eit forvarsel om kva som er i vente i resten av verda. I dei siste åra har dei nordiske landa og Canada utvikla politikk for språkbevaring, om dei 11 12

vil ha nokon effekt, eller om dei kom for seint, er det tidleg å seie noko sikkert om. 4.2 USA, Canada og Australia Den delen av verda der moderniseringsprosessen har komme lengst, er også den med mest språkleg assimilering. Her står dei engelskspråklege emigrantsamfunna i ei særstilling, og særleg USA og Australia har ført ein språkfiendtleg politikk. Av 437 språk i USA, Canada og Australia, er 372 utryddingstruga. Område språk ikkje snakka av barn prosent ikkje snakka USA + Canada 187 147 80 % Australia 250 225 90 % Sum 437 372 85 % Tabell 8 Canada, USA og Australia, språk (data frå Krauss 1992) Det er med andre ord i det vi kan kalle dei engelskspråklege settlarsamfunna språkskifteprosessen har komme lengst. Ethnologue 1997 oppgjev 149 språk med USA som viktigaste land, 143 av desse er opprinnelege amerikanske språk (resten er språk som angloromansk, cajunfransk og pennsylvaniatysk), og 106, eller 2/3, har mindre enn 500 talarar. Sjølv for dei største opphavlege språka er situasjonen dårleg, som vist i tabellen nedanfor, der data frå Ethnologue er sett inn i Silver-formelen. Gruppe 1.språk 2.språk navaho dakota chocktaw Uassimilerte einspråklege eige språk 7616 31 80 Uassimilerte tospråklege eige språk engelsk 148,530 15355 9131 Assimilerte tospråklege engelsk eige språk Assimilerte einspråklege engelsk 70668 2645 15789 Tabell 9 Tre av dei største innfødde språka i USA, i Silver-formelen (rådata frå Ethnologue 1997) Biletet er ikkje heilsvart, t.d. har det neste språket på lista (vestapasje) 12693 talarar, og, seier Ethnologue, Language use is vigorous. Men når 80 % av dei 187 innfødde språka i USA og Canada ikkje blir snakka av ungar, ligg det an til at berre 30-40 av dei vil overleve dette hundreåret, kanskje nokre fleire, viss arbeidet med å reversere språkskifteprosessen får effekt. 4.3 Latin-Amerika Status quo i Latin-Amerika skil seg drastisk frå situasjonen nord for Rio Grande. Her er Krauss sitt oversyn: Område Talet på språk Talet på språk ikkje snakka av barn Språk ikkje snakka av barn, i prosent Mellom-Amerika 300 50 17 % Sør-Amerika 400 110 30 % Tabell 10 latinamerikanske språk, ulike aldersklasser (data frå Krauss 1992) Dei innfødde språka i Latin-Amerika kan delast i to grupper, etter den statusen dei hadde før europearane kom. På den eine sida har vi språka til aztekar-, maya- og inkaindianarane (dvs. nahuatl (1,4 mill. talarar, ulike mayaspråk (framfor alt k'ichee' (=quiché, 600000 talarar) og quechua (8 mill. talarar), som har erstatta tidlegare indianarspråk i store område både før og etter den europeiske erobringa, og på den andre sida finn vi språka til små jegersamfunn, som gjerne hadde 500-1000 talarar kvar. Grinevald 1998) si vurdering er at det einaste amerikanske språket som ikkje står i fare for å forsvinne, er guaraní. Guaraní er majoritetsspråk i Paraguay, der det blir snakka av 95 % av folket, uavhengig av etnisk bakgrunn. Grunnen til at det finst så store språk i Latin-Amerika, er ikkje at dei latinamerikanske statane har hatt nokon betre språkpolitikk enn USA og Canada, men at moderniseringsprosessen ikkje har vore like gjennomgripande, og at dei amerikanske språka i utgangspunktet sto sterkare. Spansk misjonsverksemd skjedde t.d. på quechua og guaraní, det eldste professoratet i quechua ved San Marcos -universitetet i Lima er over 400 år gammalt (Grinevald 1998:147). I den andre enden av skalaen finn vi dei små språka. Slik ser det ut i Brasil: Talarar Språk >10000 4 5001-10000 4 3001-5000 4 2001-3000 8 1001-2000 6 601-1000 12 401-600 18 201-400 29 101-200 31 1-100 50 Tabell 11 Brasilianske språk, ordna etter talarar for kvart språk (Grinevald 1998:141) Av tabellen ser vi at 128 av dei 166 språka i Brasil, eller tre fjerdedelar av språka, har mindre enn seks hundre talarar. Berre fire språk har meir enn 10 000 talarar. Når det gjeld kor store språka er, er det ikkje så stor skilnad mellom Brasil og t.d. USA. Skilnaden ligg framfor alt i aldersstrukturen, og 13 14

i kor langt assimileringsprosessen har komme. Jf. jicarilla-apasje ovafor med Ethnologue sitt oppslag for arára, eit språk snakka i det nordlege Brasil: ARÁRA, PARÁ (AJUJURE) [AAP] 110 (1994 SIL). Pará in 2 villages. Carib, Northern, Northern Brazil. There are uncontacted groups. The closest extant languages are Txicão and Bakairí. A few can speak a little Portuguese. Hunter-gatherers, fishermen. Work in progress. [Ethnologue 1997] Arára har færre talarar enn jicarilla-apasje, men her er språkkunnskapen likt fordelt over alle generasjonane. Dei er einspråklege, fleire av dei har ikkje vore i kontakt med den moderne verda i det heile ( There are uncontacted groups ). Når arára står så sterkt, er det sjølvsagt ikkje fordi Brasil har ein positiv språkpolitikk, men fordi den brasilianske økonomien ikkje har vore sterk nok til å meie ned heile regnskogen. Korleis det vil gå med arára og tilsvarande språk i framtida, er dermed direkte avhengig av korleis det går med regnskogen. 4.4 Afrika sør for Sahara Stort sett samtlege land sør for Sahara har språka til dei tidlegare kolonmaktene som offisielle språk (unntak er Etiopia og Tanzania). Afrika sør for Sahara skil seg likevel frå t.d. Amerika ved at dei europeiske imperialistspråka ikkje blir snakka som morsmål av andre enn ein liten elite 4. Fleirspråklegheit er vanleg i heile Afrika, dei europeiske språka kjem inn i dette biletet som eitt språk mellom fleire, og dei blir brukt i ein avgrensa kontekst, nemleg som skole-, administrasjonsog skriftspråk. Ei handfull land har afrikanske språk som offisielle språk 5, men i praksis står dei europeiske språka svært sterkt som administrasjons- og skolespråk. Dei landa der afrikanske språk står sterkast også som administrasjonsspråk, er Tanzania og Etiopia, dei landa der kolonistyret var kortast (England styrte ein generasjon i Tanzania) eller ikkje til stades i det heile (Etiopia). Som talespråk blant folk flest er dei europeiske språka likevel marginale. Dei fleste afrikanske land har eitt eller fleire afrikanske linguae francae som i dei fleste tilfelle spelar ei viktigare rolle i samfunnet enn dei tidlegare kolonispråka, t.d. bambara i Mali, wolof i Senegal, hausa i Niger og Nord-Nigeria, fulfulde i Nord-Kamerun og swahili i Tanzania og Kenya. Desse språka breier seg sterkt og trugar i mange tilfelle andre afrikanske språk - på ein måte som dei europeiske kolonispråka aldri har gjort. Skilnaden mellom Afrika og Amerika kjem klart fram viss vi ser på USA og Tanzania, to land med omtrent like mange språk (146 språk er lista med USA og 112 med Tanzania som primært land i Ethnologue 1997). Viss vi ser bort ifrå dei ti største språka, har språka i USA 801 talarar i gjennomsnitt, mens dei i Tanzania har 118337. I Tanzania finn vi berre 4 språk med mindre enn 5000 talarar, mens heile 114 av språka i USA, eller brorparten av dei, har under 5000 talarar 6. Med i biletet høyrer òg at fleirspråklegheit er regel og ikkje unntak i Tanzania, som elles i Afrika. Om det kjem til å halde fram slik eller ikkje, er likevel eit ope spørsmål. I dei tidlegare franske koloniane står afrikanske språk svakare i skoleverk og administrasjon enn dei gjer i dei tidlegare engelske koloniane, den franske politikken var å handsame koloniane som om dei var del av Frankrike. Samtidig er ingen afrikanske språk truga av fransken. Sjølv om fransk er bortimot einerådande som administrasjonsspråk, var den franske politikken så elitistisk at han knapt fekk følgjer for språksituasjonen i desse landa. Det er dermed ikkje mange som kan fransk i dei tidlegare franske koloniane i Afrika. Bell 1997 gjev tal for kor mange frankofone det finst i frankofone land, jf. tabellen nedanfor, der L1 viser kor mange som har fransk som morsmål (L1), som andrespråk (L2), og som manglar franskkunnskapar. Andrespråkskategorien er delt i to, L2a og L2b, der L2a er dei som har studert fransk i meir enn seks år på skolen, og L2b dei som har studert fransk i to år eller meir, men som har hatt lite høve til å bruke språket seinare. 4 Takk til Rolf Theil Endresen for kommentarar til dette avsnittet, for opplysningar om stoda i det frankofone Afrika, og for å ha gjort meg merksam på statistikken i Bell 1997. 5 Desse er: Rwanda (kinyarwanda), Tanzania (swahili), Somalia (somali), Madagaskar (gassisk), Botswana (setswana) og Lesotho (sesotho), i tillegg til Etiopia (amharisk), som aldri vart kolonisert. I tillegg har eit par land (Nigeria, Togo, Kenya og Sør-Afrika) ein fleirspråkleg politikk som gjev eit par afrikanske språk ein del rettar som offisielle språk i visse regionar og på visse samfunnsområde. Opplysningane er frå Bokamba 1995:16f. 6 Vurderinga av stoda i Tanzania er avhengig av korleis ein ser på tospråklegheita der. Phillipson 1992 ser stoda som stabil to- og fleirspråkleg, mens Batibo 1992 spår at fleire av folka som er tospråkleg er på veg mot ein situasjon der L2 (swahili eller eit større regionalt språk) blir meir og meir dominerande. Fleire av dei språka Batibo meiner er snakka av tospråklege med et anna språk som dominerande språk er svært store, t.d. kjem kami (315 000 talararar), rufiji (200 000), zinza (138 000) og bondei (80 000) inn under denne kategorien. At språkskifteprosessen i Tanzania har kome kortare enn han har i USA er likevel klårt. 15 16

Fransk Fransk Fransk som Ikkje franskkunnskapar som L1 som L2a L2b Elfenbeinskysten 0 % 14 % 34 % 52 % Kamerun 0 % 13 % 27 % 60 % Kongo (Zaire) 0 % 9 % 30 % 61 % Senegal 0 % 9 % 15 % 76 % Guinea 0 % 5 % 15 % 80 % Madagaskar 0 % 9 % 6 % 85 % Burkina Faso 0 % 4 % 11 % 85 % Niger 0 % 3 % 8 % 89 % Mali 0 % 5 % 5 % 90 % Tabell 12 Franskkunnskapar i ein del frankofone land (etter Bell 1997:10f) Ei god framstilling av kolonimaktene sin språkpolitikk i det postkoloniale Afrika er Phillipson 1992. Phillipson legg òg vekt på den skandinaviske modellen for engelskundervisning (på eigne premissar, som framandspråk, og med lærarar som har same morsmålet som elevane) heller enn den afrikanske modellen, som innfører engelsk tidleg i opplæringa, kopierer britiske læreplanar, underviser i engelsk som om det var eit morsmål for elevane, har undervisning i andre fag på engelsk, og ikkje har morsmålsundervisning i det heile. Ulike stader i Afrika blir det no arbeidd med å få eit meir autonomt skolesystem (t.d. i Zimbabwe og Nigeria), men på den andre sida er det òg tendensar til at Skandinavia vil innføre den afrikanske modellen. 4.5 Det tidlegare Sovjetunionen Språkstoda i det tidlegare Sovjetunionen er forma av Sovjetunionen sin språkpolitikk, og av dagens økonomiske situasjon. Sovjetunionen moderniserte heile landet, og gjorde russisk til lingua franca også for dei ca. 140 ikkje-russiske folkeslaga. Folkeflyttingar, sentralisering, og på sekstitalet tømming av landsbyar splitta tidlegare organiske språksamfunn. Samtidig praktiserte dei ein leninistisk språkpolitikk, laga skriftspråk til samtlege språk, og innførte obligatorisk skoleutdanning og minoritetsspråkleg presse og radio. Som resultat av dette samansette biletet forsvann berre eitt av tsarrikets språk i løpet av Sovjettida, stikk i strid med t.d. finske språkforskarar sine dystre spådommar før 1917 (jf. t.d. Karjalainen 1983 (1898)). Kreindler 1989 deler sovjetisk språkpolitikk i perioden 1917-1987 inn i tre periodar, først 20 år med dei nasjonale språka i sentrum (Lenin, Stalin), deretter 20 år med balanse mellom russisk og dei nasjonale språka (Stalin), og til slutt 30 år med russisk dominans (Krutsjov, Bresjnev, Gorbatsjov). Sjølv perioden med russisk dominans hadde likevel morsmålsopplæring eit par timar i veka, eigne radioprogram og aviser, eller i det minste eit par sider i ei russiskspråkleg lokalavis. For eit oversyn over den sovjetiske politikken, sjå Trosterud 1995, 1997. Dei nordlege folka er handsama i Janhunen 1991, kolasamane i Rantala 1994. 4.6 Oppsummering Det er store skilnader dei ulike områda i mellom, men ein raud tråd er at skilnadene er avhengige av kor gjennomgripande moderniseringsprosessen har vore. Språksamfunn som har halde på dei føragrare og førindustrielle busetnadsmønstra, er dei mest språkrike. Dei mest språkleg homogene områda på kloden (med få språk og få dialektar) er immigrantsamfunn, t.d. snakkar brorparten av etterkommarane til dei europeiske immigrantane til Amerika berre fire språk (spansk, engelsk, portugisisk og fransk). Motsett finn vi dei mest språkrike samfunna i føragrare samfunn i område der det er vanskeleg eller umogleg å drive jordbruk, og den største trusselen mot desse samfunna kjem av modernisering og industriell utnytting av områda deira. 5 Faktorar som hindrar språkdaude Den raude tråden i denne framstillinga er tospråklegheit. Tospråklege individ kan sjølv velje kva språk dei vil formidle til ungane sine, og når eit heilt minoritetssamfunn er tospråkleg, kan dei kvar morgon kollektivt bestemme seg for å slutte å bruke minoritetsspråket. Med einspråklege individ er folkemordet den einaste måten eit språk kan forsvinne på, og sjølv om det og er ein velprøvd metode i utbreiinga av sivilisasjon og framsteg (tasmansk på 1850-talet er det mest kjende dømet), er det i dag tospråklegheit som er det første steget på vegen mot assimilasjon. 5.1 Einspråklege språksamfunn i eigne nasjonalstatar Lekfolk ser på einspråklege språksamfunn i eigne nasjonalstatar som normalsituasjonen, men ved ein gjennomgang av verdas sjølvstendige statar (189 medlemsstatar i SN) kom eg til i underkant av 100 offisielle språk, så offisiell status er eit privilegium for berre 1,5 % av verdas språk. For dei språka det gjeld er det likevel viktig nok, islandsk med sine 250000 talarar ville aldri ha stått så sterk viss sagaøya hadde vore ein del av Danmark, islendingane hadde vore tospråklege 17 18

dansk/islandsk, og med ein stor del av folket som einspråklege danskar. Tilsvarande vil dansk i framtida stå i ein situasjon meir lik den bretonsk har i dag. Når heile folket er tospråkleg dansk/engelsk, og dei er del av ei større statseining (EU), er plutseleg dei to viktigaste faktorane som sikrar språkets eksistens (einspråklege individ, eigen stat) forsvunne. snakka i fleire statar (Hermon 1996). Mange statsgrenser er heller ikkje språkgrenser, i Latin- Amerika er t.d. berre halvparten av dei 23 statsgrensene samtidig ei grense mellom ulike offisielle språk, resten av grensene har spansk på begge sider. Berre ein liten del av språka har dermed ei slik majoritetsspråksgrense til å hjelpe seg. 5.2 Apartheid Skal eit lite språk halde fram å eksistere, er det beste talarane kan gjera å halde seg for seg sjølv. Ein nyoppdaga indianarstamme i Brasil bør halde seg i regnskogen, pennsylvaniatyskarane bør halde fram med eit liv i isolasjon som religiøs minoritet, og nenetsane på tundraen bør halde seg der. Vi ser og at regime som fører ein marginaliseringspolitikk mot minoritetane sine, ikkje får dei til å skifte språk, tvert i mot. Kurdarane som vil halde fram med å vera kurdarar, har ingenting å hente frå den tyrkiske staten, og held seg dermed like godt til kurdisk språk. Liberale støttespelarar i vest er ofte ikkje i stand til å sjå dei negative sidene ved moderniseringa. Eit skriftlaust nomadefolk som lever på tradisjonelt vis, vil halde på eigen kultur og språk. Det å troppe opp med skriftspråk og skoleundervisning på eige språk til desse folka vil verken bevare eige språk eller eige levesett, tvert i mot vil det føre til assimilering viss det samtidig inneber at folket må bli ein del av majoritetssamfunnet. Sjølv ikkje skolebøker og eit par skoletimar på eige språk kan endre det faktum at den boklege verda og det moderne samfunnet blir dominert av heilt andre språk. 5.3 Majoritetsspråksgrense tvers gjennom minoritetsspråksområdet Majoritetsspråksgrense tvers gjennom språkområdet inneber at minoritetsspråket ofte er einaste felles språk. Nordsamisk står t.d. sterkare enn dei andre samiske språka. Dels blir det rett nok snakka i område der det er umogleg å drive jordbruk, slik at samane er i fleirtal i eit samanhengande område, men dette gjeld også samar lenger sør. Det særeigne med nordsamisk er at det blir snakka av folk både med finsk og skandinavisk som andrespråk, slik at samisk i mange kommunikasjonssituasjonar er einaste felles språk. Skal ei majoritetsspråksgrense vera til hjelp, trengst det sjølvsagt kontakt over denne grensa. Språkleg sett like variantar av austsamisk blir snakka i Finland og Russland, men med ei til no hermetisk lukka grense har dette ikkje fått språklege konsekvensar. Først etter oppløysinga av Sovjetunionen har vi fått kontakt over grensa, men då gjerne slik at kolasamar lærer seg nordsamisk. Berre 18 19 % av språka i verda blir 5.4 Ein språkpolitikk til fordel for minoritetsspråket Ei samanlikninga mellom samisk og kurdisk viser at det ikkje er noko direkte samsvar mellom minoritetsvenleg språkpolitikk og overlevnad. Språkpolitikken blir likevel viktig med ein gong minoritetsspråkstalarane sluttar å leva for seg sjølv. Dei må vera tospråklege for å kunne fungere i storsamfunnet, og dei må ha tilgang til ein språkleg infrastruktur på eige språk for å kunne bruke sitt eige språk utafor heimen. Internasjonalt går det no føre seg mykje arbeid for å etablere språklege menneskerettar, dvs. for å gjere spørsmålet om språklege rettar til ein del av spørsmålet om menneskerettar. Dette arbeidet har resultert i ein del internasjonale avtaler og deklarasjonar. To viktige er desse (for drøfting av dei ulike tekstane, sjå Skutnabb-Kangas & Phillipson 1994, Skutnabb-Kangas & Phillipson 1998): Declaration on the Rights of Persons Belonging to National or Ethnic, Religious and Linguistic Minorities http://srch.un.org/documents/ga/res/47/a47r135.htm European charter for regional or minority languages http://www.coe.fr/eng/legaltxt/148e.htm Av desse har t.d. Noreg ratifisert det europeiske sjarteret om regionale språk eller minoritetsspråk, noko som har ført til betra rettar for kvenar og romanitalande. Når det gjeld samisk, følgjer Noreg i praksis ein politikk som minner om den sovjetiske, der språklege rettar er avhengige av territorium. Av dei tre samiske språka som blir snakka i Noreg, fell to utanfor det samiske administrative området (som består av 6 kommunar, ein i Troms, resten i Finnmark, med samiskspråklege som majoritet i to av dei), og dei har dermed færre språklege rettar. Til skilnad frå den sovjetiske politikken har den norske politikken gjort at samane likevel har fleire individuelle rettar til sitt eige språk (t.d. andrespråksopplæring), også der dei bur utanfor det samiske administrative området 7. 7 Frå og med 1.1.2003 er også tysfjord kommune (og dermed lulesamisk) med i det samiske administrative området. 19 20

5.5 Skriftspråk som redning? Om det berre er i underkant av 100 offisielle språk i verda, er det fleire skriftspråk. Bortimot to tredelar av verda sine språk har eit skriftspråk. Jf. følgjande oversyn over bibelomsettingar, talet på bibelomsettingar stemmer nok rimeleg godt med talet på skriftspråk. språk bibel tilgjengeleg 1000 heile bibelen 3500 delar av bibelen 2500 heilt utan skriftspråk Tabell 13 Verdas skriftspråk (etter opplysning av Barbara Grimes, i 1998) Det er ingenting som tyder på at eit skriftspråk i seg sjølv er nok til å halde liv i eit språk. Tvert i mot er Ethnologue full av opplysningar om utdøydde språk som fekk skriftspråk og bibel for både to og tre hundreår sidan. På same måten som ei bru ut til ei øy langs norskekysten kan vera vegen å køyre flyttelasset over, kan òg kontakten med det skriftbaserte samfunnet som danninga av eit skriftspråk inneber, vera dødskysset for eit lite brasiliansk språk. Førskriftlege samfunn er kjenneteikna ved ein svært rik munnleg tradisjon, noko skandinavisk litteratur er eit godt døme på. Det same ser vi i Sibir i dag, der t.d. nganasansk er eit munnleg språk med rike tradisjonar, der folk held seg i teltet gjennom dei lange vintrane på Taimyr-halvøya og fortel kvarandre segner og historier. Uansett kor mange skolebøker for småskolen det russiske skoleverket skulle finne på å lage på nganasansk (og det blir ikkje mange), vil det vera ei fornærming mot denne munnlege tradisjonen å komma med dårlege omsettingar av prosaiske og pedagogiske tekstar skrive av russiskspråklege lærarar. Om det er skriftkulturen aleine som øydelegg den munnlege tradisjonen, eller om det er overgangen til eit moderne samfunn som følgjer med han, er ikkje godt å seie, poenget her er at etableringa av eit skriftspråk i seg sjølv ikkje løyser problemet med språkbevaring, og at det fører med seg ein del problem i tillegg. Standardisering er eitt av dei, enten ein av dialektane blir løfta fram til standardmål, eller språket blir skriftfesta på aasensk vis med ei samlande form. Skal folket ha med seg språket sitt inn i det moderne samfunnet, må dei ha skriftspråk, tastaturoppsett til datamaskinbruk, og automatiske retteprogram. Men å leva på eigne premiss, i utkanten eller til og med utanfor det moderne samfunnet, inneber og eit liv utan skriftspråk. Så kan lingvistane eventuelt lage seg sitt eige system for å notere ned denne munnlege tradisjonen. Om folket vil ta dette systemet i bruk eller ikkje, bør vera deira eiga sak. 5.6 Revitalisering, eller reversering av språkskifte Det berømte dømet på revitalisering er hebraisk, som vart forvandla frå eit daudt liturgisk språk til språket for staten Israel. Andre folk står likevel ikkje i den spesielle stoda som jødane gjorde i tida etter 2. verdskrigen, så det er lita von om at det eksperimentet kan bli kopiert på same måten. I dei mest industrialiserte landa, der språkskifteprosessen har komme lengst, har det også komme i gang spreidde forsøk på å revitalisere språk. Heller enn å dele folk inn i talarar og ikkje-talarar, deler folk i fleire språksamfunn no seg inn i talande og lærande. Den mest verknadsfulle metoden er språkbadet, at ungar blir plassert i reint minoritetsspråklege omgjevnader i lang tid, t.d. i minoritetsspråklege barnehagar, med besteforeldregenerasjonen som barnehagelærarar. Døme på dette finn vi for indianarspråk i USA, skoltesamisk har òg vorte lært vidare på denne måten. I tilfelle der språkskifteprosessen har komme langt nok, blir mellomgenerasjonen rett og slett hoppa over, og sambandet går frå besteforeldre til barn. Eit mindre drastisk opplegg er å lære bort språket som framandspråk eit par timar i veka (såkalla morsmålstimar ). Resultatet for ungar som ikkje bruker minoritetsspråket utanfor skolen, blir i heldigaste fall at dei oppnår passiv kunnskap i minoritetsspråket. I verste fall fungerer slik undervisning som ei sovepute, foreldra trur at no tar skolen på seg arbeidet med å føre språket vidare, no treng ikkje vi snakke minoritetsspråket til dei. Revitaliseringspolitikk har i visse tilfelle (t.d. valisisk) ført til at ein pågåande språkskifteprosess har vorte snudd. Vi har framleis ingen døme på at språksamfunn har klart å snu ein språkskifteprosess i sluttfasen. Ei grundig og optimistisk framstilling, typologi og metodologi for språkleg revitalisering er Fishman 1991. 5.7 Oppsummering Berre 1,5 % av språka i verda er offisielle språk i ein nasjonalstat, desse representerer dermed unntaket og ikkje regelen. Viss tidlegare koloniar skulle ta i bruk eigne språk som offisielle språk ville talet på offisielle språk bli bortimot dobla, men også då vil over 97 % av verdas språk ikkje vera statsspråk. Demografiske, økonomiske og sosiale faktorar tilseier at språksamfunn i mindre grad enn før vil kunne halde fram som sjølvstendige sosiokulturelle einingar, i staden vil vi få 21 22

integrering og dermed massiv språkdaude. I dei tilfella der språkskifteprosessen er sett i gang, vil han bli fullført, og svært mange av dei minoritetane som enno ikkje har hatt noko særleg kontakt med større språksamfunn, vil få meir kontakt som følgje av sentralisering og urbanisering. Når det gjeld planmessige revitaliseringsforsøk, er det framleis tidleg å seie noko. I Noreg har nordsamisk styrkt seg i kjerneområda. Det er i alle fall framleis berre ein liten del av dei språka som held på å forsvinne, som blir prøvd revitalisert. Paradoksalt nok ser det ut til at eit folk må gå langt i å miste språket sitt før dei ser det som eit tap. 6 Språkdaude og purisme Før eit språk forsvinn, har det tospråklege talarar, og tospråklege talarar må til for å ha nokon å vera puristisk overfor. Desse fenomena heng med andre ord tett saman. Her ser eg først på konsekvensane av tospråklegheit, og deretter på argument for og imot leksikalsk purisme, sett i lys av språkdaude som fenomen. 6.1 Tospråklegheit og interferens Tospråklege talarar vil oppvise interferens i begge språka. Viss ein minoritet er tospråkleg, vil dermed heile minoritetssamfunnet snakke ein variant av majoritetsspråket som er påverka av minoritetsspråket, og ein variant av minoritetsspråket som er påverka av majoritetsspråket. Skilnaden er at for minoritetsspråket vil det ikkje eksistere andre reinare variantar. Her er dermed konsekvensane langt større. Innlån av nye ord speglar alltid makttilhøva i samfunnet. Dei makteslause tospråklege låner ord frå dei mektige einspråklege. Viss ei heil språkgruppe er tospråkleg, og snakkar majoritetsspråket i tillegg til språket til si eiga gruppe, vil i prinsippet samtlege ord i majoritetsspråket vera potensielle ord også i minoritetsspråket. I og med at både talar og tilhøyrar veit kva eit kvart lånord betyr, opnar ein slik situasjon for spontanlån i stor skala. Eit døme på ein dette finn vi i situasjonen for minoritetsspråka i Russland. Det er ganske enkelt umogleg å forstå ein mordvinsk tekst utan samtidig å kunne russisk. Denne stoda er resultat av ein planmessig politikk. Etter to tiår med minoritetspolitikk på minoritetsspråkas vilkår gjekk Sovjetunionen i 1937 over til ein politikk med vidtgåande rettar for minoritetsspråka, men på russisken sine premiss. I den føregåande tiårsperioden hadde alle språka i Sovjetunionen fått eigne skriftspråk, i seg sjølv ei imponerande bragd. No vart alle skriftspråka overført til det kyrilliske alfabetet, dels av praktisk-tekniske grunnar (typesetting, osb.), av pedagogiske grunnar (ungane fekk berre eitt alfabet) og dels for å konsolidere Sovjetstaten i ei verd der verdsrevolusjonen ikkje akkurat stod for døra. Alfabetskiftet opna òg for ein ny politikk for russiske lånord. Under slagordet obogasjtsjenie (auking og styrking (av ordforrådet)) proklamerte sovjetstaten at det å importere ord direkte frå Lenin sitt eige språk og inn i minoritetsspråka innebar at desse språka vart rikare, og at Sovjetunionen tok nye steg på vegen fram mot sosialismen. Vi kan kanskje smile av dette, men det er det ingen grunn til. Ein tilsvarande situasjon har vi nemleg i norsk. Også her har vi spontanlån frå engelsk, sjølv om det så langt har vore i mindre omfang enn for mordvinsk. Men det blir vanskelegare og vanskelegare å finne engelske ord som vi heilt sikkert kan seie at ikkje er norske ord. Berre ved å nemne desse engelske orda når vi snakkar norsk og ikkje engelsk er vi med på å gjera dei norske. 6.2 Argument for leksikalsk purisme På bakgrunn av data i Ethnologue slår Harmon 1995 fast at 87 % av verdas språk blir snakka i fleire enn eitt land. Dermed har det store fleirtalet av språk meir enn eitt normsentrum å rette seg etter. Viss nordsamisk i Noreg ukritisk importerer alle kulturord frå norsk, mens nordsamisk i Finland på same måten importerer samtlege kulturord frå finsk, blir resultatet at samane på begge sidene av grensa blir ute av stand til å forstå kvarandre. I akkurat dette tilfellet er fleire faktorar med og hjelper forståinga (finske samar har svensk på skolen, samar på begge sider av grensa er ofte trespråklege), men for dei fleste fleirstatlege minoritetsspråksamfunn er det ikkje slik. Det næraste dømet er austsamane. Tilsvarande problem nærskylde språk i mellom har t.d. inuitar og inuktitutar på Grønland og i Canada. Eitt svar på dette problemet er ein planmessig purisme. Viss nye kulturord blir danna med basis i heimlege ord, vil talarar på begge sider av majoritetsspråksgrensa forstå og bruke dei same orda. Leksikalsk purisme kan òg vera naudsynt for å oppretthalde eit sjølvstendig ordforråd i det heile. Viss alle minoritetsspråkstalarane også forstår majoritetsspråket, er det ikkje mogleg å skilje mellom dei ordforråda. Heile det opne ordforrådet kan skiftast ut med ordforrådet i majoritetsspråket. Som eit resultat av dette er det umogleg å lære å skrive mordvinsk utan å kjenne russiske ortografiske reglar, på same måten som det etter kvart blir umogleg å skrive norsk utan å kjenne engelske ortografiske reglar. Dette er kanskje det viktigaste argumentet for Språkrådet sin kampanje for norsk skrivemåte av engelske ord. 23 24

Det er gode demokratiske argument for purisme viss berre overklassen er tospråkleg i kolonimakta sitt språk og det heimlege språket, og viss alle kulturorda i det heimlege språket er henta frå kolonimaktspråket. Overklassen vil umiddelbart forstå kulturorda, og han vil ikkje minst bli i stand til å uttale dei rett, slik at klasseskiljet blir overført inn i det heimlege språket også. Døme på dette finn vi i Afrika. Afrikanske språk har ein fonotaks som skil seg radikalt frå den i engelsk. Både yoruba, hausa og swahili har t.d. opne stavingar (stavingsrimet kan evt. innehalde nasalar), og dei har ikkje stavingsinitiale konsonantsamband. Både anglosaksiske ord som strict og romanske ord som progress fell dermed utanfor afrikansk fonotaks. Viss det veks fram eit klassedelt språksamfunn, med ein engelsk/afrikanskspråkleg overklasse, og ein reint afrikanskspråkleg underklasse, der heile kulturordforrådet i det afrikanske språket blir henta frå engelsk, vil folket stå att med eit språk der dei ikkje er i stand til å uttale ord for fenomen frå moderne samfunnsliv på sitt eige morsmål. Purisme kan òg representere nasjonal samling om det reine og eigne, i kontrast til det dominerande språket. Purismen blir dermed å fungere som ein agitator, som ein grunn til å bruke eige språk heller enn majoritetsspråket. Språkhistorisk er det sjølvsagt svært tvilsamt å hevde at eit puristisk minoritetsspråk er meir verd enn eit mindre puristisk eitt. Graden av purisme er heeer ikkje alltid like lett å måle. Finsk auto er ikkje meir finsk enn kvensk biili, og når finnar (framleis) held på helppo lett i staden for det nyinnførde engelske lånordet iisi, blir ikkje resultatet meir finsk av den grunn, helppo er eit gammalt germansk lånord, frå urgerm. *xelpó hjelp. Frå eit standardiseringssynspunkt er ein term betre enn to: Når bilen går sund, må du vita om du skal sjå under auto eller under biili i telefonkatalogen. I valet mellom dei to er det likevel ikkje sikkert at purismen kan hjelpe. 6.3 Argument mot leksikalsk purisme I den offentlege purismedebatten står synspunkta gjerne steilt mot kvarandre. Der den eine vil unngå (nye) lånord, vil den andre ha fri språkutvikling. Purismemotstandarar snakkar gjerne om fri språkutvikling, mot nasjonalisme og for at utviklinga ikkje kan endrast, osb. Men det finst faktisk gode argument mot leksikalsk purisme og. Nokre av argumenta vart drege fram i framstillinga av skilnaden mellom puristiske og ikkje-puristiske talarar i ulike språksamfunn ovafor, andre argument kan hentast frå språkstrukturen sjølv. Det er ingenting i vegen for å låne inn nye røter i språket så lenge dei rettar seg etter dei fonologiske, morfologiske og ortografiske reglane i mottakarspråket. Å løfte eit språk inn i eit modernisert samfunn berre med ordformene frå det tradisjonelle samfunnet inneber ei sterk belastning på det fonologiske materialet. For finsk brukte språkplanleggarane to teknikkar: Dels tok dei i bruk gamle ord i ny tyding, som når ordet kone gjekk over frå den gamle tydinga verkty, trolldomsmiddel til å få den moderne tydinga maskin, og dels tok dei utgangspunkt i etablerte røtter, og laga svært mange samansettingar. Ordet kirja bok har t.d. avleiingane kirjaaja registrator, kirjaamo skrivestove, kirjailla skrive, kirjailija forfattar, kirjailu broderi, kirjaimellinen bokstavleg, kirjaimisto alfabet, kirjain bokstav, kirjake blytype, kirjallinen skriftleg, kirjasin typeflate, kirjallisuus litteratur, kirjanen pamflett, kirjasto bibliotek, kirjata registrere, kirjava brokut. I tillegg kjem avleiinga kirje brev, og tilsvarande avleiingar av dette ordet. Det seier seg sjølv at eit slikt system dreg store vekslar på eit relativt lite sett røter, eit par nye, friske greskromerske grunnformer hadde kanskje ikkje vore av vegen. For nylaging utanfor språkplanleggarane sin kontroll har det også komme inn mange nye røter, som meikata sminke seg, meilata sende e-brev, faili fil (vanlegare er tiedosto, ei avleiing av tieto- kunnskap, som er ei avleiing av det finskugriske ordet tietää å vita.og kollektivsuffikset-sto. Tilsvarande heiter directory hakemisto, men det er laga av hakea, som er eit lån frå urgermansk *sák(e)jan, (jf. norsk søke ). Det er som vi ser eit stort prosjekt å innarbeide eigne ord for t.d. heile det gresklatinske internasjonale vokabularet. Dei språka som enno ikkje har funne løysingar på korleis desse orda skal inkorporerast, vil sannsynlegvis heller ikkje ha ressursar til å gjera som finnane og islendingane, og finne eigne røter. Frå eit grammatisk synspunkt vil det beste vera å sette opp klåre reglar for korleis slike ord skal transponerast språka imellom. Jf. det engelske nonsensordet antiphylogenicity som vi veit vil få følgjande form på tysk, norsk og nordsamisk. engelsk tysk norsk nordsamisk the antiphylogenicity die Antiphylogenezität anifylogenesiteten antifylogenesitehtta Tabell 14 Nonsensord i ulike språknancy Dorian har i ein artikkel (Dorian 1994) lagt vekt på dei negative sidene ved grammatisk og leksikalsk purisme: Det kan hindre revitalisering, skilje velutdanna språkbevararar frå dialektbrukarar, fungere som barriere mot nydanning av ord, og ta motet frå ungdom som vil lære seg språket. Døme hentar ho frå tiwi, irsk, gælisk og nahuatl. På den andre sida kan Dorian vise til vellukka ikkje-puristisk språkbevaring, frå pennsylvaniatysk, frå albansk i Hellas, og frå det irskspråklege lokalsamfunnet i Shaw s Road i Belfast. Felles for dei 25 26

problema purismen fører med seg, er at han deler språksamfunnet i to, slik at tradisjonalistar (eldre talarar eller velutdanna, historisk orienterte puristar) forkastar den forma av minoritetsspråket som faktisk er i bruk. Konfrontert med denne fordømminga vel potensielle minoritetsspråkbrukarar heller å bruke majoritetsspråket, enn å få høyre at språket deira ikkje er bra nok. Det australske språket tiwi representerer eit klårt døme: Eldre talarar snakkar tradisjonell tiwi seg i mellom, mens kommunikasjon både yngre i mellom og mellom eldre og yngre skjer på moderne tiwi, eit språk som skil seg radikalt frå tradisjonell tiwi grammatisk sett. T.d. er det slik at der verbbøyinga i tradisjonell tiwi utrykker person og tal både for subjektet og objektet, har moderne tiwi eit system der verba er lånt frå pidginengelsk, og berre uttrykker aspekt og tempus og ikkje person og tal, og der subjekt og objekt ikkje kan utelatast. Ungane lærer tradisjonell tiwi i skolen, men dei snakkar likevel moderne tiwi. Dei eldre ser ikkje nokon grunn til å lære ungane tradisjonell tiwi, i og med at dei lærer det på skolen. Men, fortel Dorian (op.cit. p.481ff), då læraren produserte skolemateriell skrive på moderne tiwi, kom de skarpe reaksjonar frå eldre talarar (sjølv om materialet var i ein så uskuldig sjanger som teikneserien), og skolen var nøydd til å dra materialet attende. Resultatet vart dermed at tiwi-ungane no står utan opplæring i morsmålet sitt, men berre lærer eit framandspråk, eit språk besteforeldra snakkar seg i mellom, men korkje til barna eller barnebarna. Dorian viser òg til nahuatl (mexicano), der purismen er spesielt retta inn på leksikon, og der unge talarar heller bruker spansk enn nahuatl, fordi puristane fordømmer nahuatlen deira for å vera for spanskinfluert. Ho viser òg til eit par språksamfunn der det er dei minst puristiske talarane som held best på språket sitt: for pennsylvaniatysk held eldre, verdslege talarar på ein rein tysk, mens ungane deira har gått over til engelsk, mens religiøst uassimilerte anibaptistar i alle aldersklassar held på ei tysk med engelsk fonologi og engelske lånord. Tilsvarande har ungane på Shaw s Road i Belfast faktisk irsk som morsmål, som resultat av medvite språklege val gjort av foreldra deira. Irsken deira skil seg likevel markant frå den irsken som blir snakka i tradisjonelle irskspråklege samfunn, og er meir engelskpåverka, men altså meir utbreidd blant yngre talarar. Felles for desse tilfella er at det er andre enn språklege faktorar som skil dei to språkgruppene. I ein situasjon der modernisering medfører tospråklegheit. vil alle dei unge som held fram med minoritetsspråket, faktisk vera tospråklege, og dermed i ein situasjon der majoritetsspråket er i stand til å påverke minoritetsspråket deira. Dei negative sidene ved purisme kan dermed summerast i følgjande slagord: Viss du ikkje snakkar minoritetsspråket ditt reint, kan du heller snakke majoritetsspråket. Resultatet blir ein daude som eit vakkert lik. I siste instans er dette eit spørsmål om eigedomsrett til språket. I praksis er det ein høg terskel for bruk av språket til tospråklege folk med minoritetsspråk: Viss ein utanforståande kjem til England og snakkar dårleg engelsk, vil engelsk likevel vera einaste alternativ å få kontakt med den einspråklege folkelyden på. I Noreg, derimot, vil ein stotrande utlending fort merke at folk slår over i engelsk, og i Finnmark vil stotrande nordsamisk og bli møtt med norsk. For å komma inn i minoritetssamfunnet trengst langt høgare språkkunnskap enn det som trengst for å komma inn i eit majoritetssamfunn. På den siste plata si syng den norske artisten Anneli Drecker ein song på nordsamisk. I eit avisintervju i samband med lanseringa fortel ho at det var ei problematisk avgjerd, men det at ho fekk positiv attendemelding frå det samiske samfunnet, m.a. frå den samiske artisten Mari Boine, gjorde at Drecker valde å legge skepsisen til side og synge på samisk. Poenget her er at den same plata òg inneheld songar på engelsk utan at det har falle verken Drecker eller andre norske artistar inn om å be om lov før dei tok dronningas engelsk i sin munn. Små språk blir dermed handsama som privateigedom, store språk som felleseige, og jo mindre dei blir, desto meir private blir dei. 6.4 Oppsummering All tospråklegheit fører til interferens på eitt eller anna nivå, og dermed til påverknad på det dominerte språket. Det er klare ulemper med ikkje å føre ein puristisk politikk, eit språk med sterk påverknad frå eit anna vil i praksis berre fungere for tospråklege individ, i ekstreme tilfelle kan brorparten av ordforrådet i det opprinnelege språket bli borte, og språket blir på ein måte ete opp innanfrå. Det er òg fordelar, ein overgang til eit moderne samfunnsystem utan å låne ord for alle dei ulike omgrepa er ein prosess som krev store ressursar og sterk styring, ressursar små språksamfunn ofte ikkje har. Løysinga bør dermed bli å låne, men på eigne grammatiske premiss. 7 Lingvistikk og språkdaude Som fagfolk er vi opptekne av at halvparten av det empiriske materialet vårt forsvinn framfor augo våre. Via arbeidet vårt med grammatisk struktur ser vi kva slags ufatteleg rikdom som ligg i kvart einskild språk, vakre mønster som ligg der og fortel om talarane si forståing av verda og seg sjølv. Når språk forsvinn, går språksamfunna gjennom det såkalla tregenerasjonsfenomenet: Første 27 28

generasjon blir sosialt stigmatisert, og snakkar majoritetsspråket til ungane sine men minoritetsspråket seg i mellom. Neste generasjon snakkar ikkje minoritetsspråket, men forstår det, og ber med seg foreldra si stigmatisering. Tredje generasjon er heilt majoritetsspråklege, men deler etnisk identitet med foreldre og besteforeldre, og dei ville ha grave det tapte språket opp av jorda med berre hendene om dei hadde kunna. I mange tilfelle ser ikkje folk kva konsekvensar handlingane deira får for språksamfunnet. Dei snakkar majoritetsspråket til ungane sine for å gjera dei flinkare i majoritetsspråket enn dei sjølv var, utan å sjå at dei samtidig tar frå ungane sine fullverdig medlemskap i si eiga etniske gruppe, og dømmer si eiga etniske gruppe til undergang. Ofte trur dei at dei ikkje treng å snakke minoritetsspråket til ungane, dei har jo eit par timar i veka til slikt, og skolen kan jo dette. Når det gjeld samfunnsmessige tiltak for språkbevaring, er det lett å vera for optimistisk. For at eit språk skal kunne fungere i eit moderne samfunn, treng det både skriftspråk, dataløysingar, litteratur og ordforråd for moderne fenomen. Det trengst skoleundervisning og lærebøker. Alt dette er likevel bortkasta så lenge språket ikkje blir vidareført til nye generasjonar. Skal ein språkskifteprosess bli snudd, er det foreldra som må stå for snuoperasjonen, og ikkje skole og stat. Deretter treng foreldra skole og stat som støttespelarar, men nøkkelrolla er det foreldra som speler. 8 Konklusjon Den største språkskifteprosessen verda til no har sett, starta heilt i slutten av det andre tusentalet. Mellom Ethnologue sine registreringar frå 1992 og 1999 står 490 fleire språk utan talarar. Med eit svært forsiktig overslag kan vi seie at halvparten av verdas språk kjem til å stå att utan eller med svært få talarar om hundre år. Det er sett i gang revitaliseringsforsøk, men det er enno ikkje rapportert gode resultat, i alle fall ikkje for mange språk. Lingvisten si oppgåve i tida framover er todelt: Dels må vi dokumentere så mykje vi kan før det er for seint. Denne tida kjem ikkje att. Dels må vi fortelje talarane av språka i verda kva ein språkskifteprosess er, korleis han artar seg, og, viss desse talarane vil halde på språka sine, bør vi komma med gode råd og hjelp på vegen. 9 Litteratur 9.1 Nettstader Declaration on the Rights of Persons Belonging to National or Ethnic, Religious and Linguistic Minorities http://srch.un.org/documents/ga/res/47/a47r135.htm Ethnologue http://www.sil.org/ethnologue/ European charter for regional or minority languages http://www.coe.fr/eng/legaltxt/148e.htm Foundation for Endangered Languages http://www.ogmios.org/ Friis, Jens Andreas: Ethnografisk Kart over Finmarken. No. 1-5. 10 Bl. Udg. af Videnskabsselskabet i Christiania, med Bidrag af Oplysningsvæsenets Fond 1861-62. http://www.dokpro.uio.no/omfriis.htm Terralingua. Partnership for linguistic and biological diversity. http://www.terralingua.org/ The International Clearing House for Endangered Languages http://www.tooyoo.l.u-tokyo.ac.jp/ichel.html Trosterud, Trond: Språk og samfunn. Artikkelsamling og database, inneheld m.a. data frå dei sovjetiske folketeljingane. http://www.uit.no/a/trond/isam.html 9.2 Trykt litteratur Amery, Rob 2000. Warrabarna Kaurna! Reclaiming an Australian Language. Series Multilingualism and Linguistic Diversity. Lisse: Swets & Zeitlinger Bell, Rodney 1997: The French-Speaking World. A practical introduction to sociolinguistic issues. Routledge, 1997. Bokamba, Eyamba G. 1995: The politics of language planning in Africa: Critical choices for the 21st century. Martin Pütz (red.): Discrimination through Language in Africa? Perspectives on the Namibian Experience. s. 11-28. Mouton de Gruyter: Berlin New York. Brenzinger, Mathias (red.) 1992: Language Death. Facual and Theotical Exploiations with Special Reference to East Africa. Berlin-New York: Mouton de Gruyter. Crystal, David 2000: Language Death. Cambridge University Press. Dorian, Nancy C. 1994: Purism vs. compromise in language revitalization and language revival. Language in Society 23:479-494. 29 30

Fishman, Joshua A. (red.) 2001: Can Threatened Languages Be Saved : Reversing Language Shift, Revisited : A 21st Century Perspective (Multilingual Matters (Series), 116.) Fishman, Joshua A. 1991: Reversing language shift : theoretical and empirical foundations of assistance to threatened languages. Multilingual matters ; 76.Clevedon : Multilingual Matters. Grefenstette, Gregory & Julien Nioche 2000: Estimation of English and non-english Language Use on the WWW. Xerox Research Centre Europe. Grimes, Barbara F. 1996-99: Ethnologue. Languages of the World. Thirteenth Edition. Consulting Editors: Richard S. Pittman & Joseph E. Grimes Hallamaa, Panu 1997: Unangam Tunuu and Sugestun: A Struggle for Continued Life. Hiroshe Shoji and Juha Janhunen (eds.) Northern Minority Languages. Problems of Survival. Senri Ethnological Studies 44:187-224. Osaka: National Museum of Ethnology. Hallamaa, Panu 1998: Fieldwork among speakers of endangered languages: Methodology, reality and social advocacy. Jussi Niemi, Terence Odlin & Janne Heikkinen (red.) Language contact, variation and change, 70-97. Studies in Languages 32. University of Joensuu, Faculty of Humanities, Joensuu. Harmon, David 1995: The Status of the World's Languages as Reported in Ethnologue. Southwest Journal of Linguistics 14: 1-28. Huffines, Marion Lois 1989: Case usage among the Pennsylvania German secterians and non-secterians. Nancy C. Dorian (ed.): Investigating obsolescence 211-226. Cambridge & New York: Cambridge University Press. Itogi vsesojuznoj perepisi naselenija 1959 goda (svodnyj tom). Tsentral'noe statistitsjeskoe upravlenie pri sovete ministrov SSSR. Moskva 1962. (1959) Itogi Vsesojuznoj perepisi naselenija 1970 goda. Moskva. Statistika (1970) Janhunen, Juha 1989: Ethnic death and survival in the Soviet North. Journal de la Société Finno-Ougrienne 83:111-121. Helsinki Karjalainen, K.F. 1983 (1898): Ostjakit. SKS, Helsinki. Krauss, Michael E 1992: The World's languages in crisis. Language 68:4-10. Krauss, Michael E 1997: The indigenous languages of the North: a report on their present state. Hiroshe Shoji and Juha Janhunen (eds.) Northern Minority Languages. Problems of Survival. Senri Ethnological Studies 44:1-34.. Osaka: National Museum of Ethnology. Kreindler 1989: Sociolinguistic Perspectives in Soviet National Languages Kreindler, Isabelle T. (ed.): 1985. Sociolinguistic Perspectives on Soviet National Languages. Berlin: Mouton de Gruyter. Lallukka, Seppo 1990: The East Finnic Minoritites in the Soviet Union. An Analysis of the Erosive Trends. Annales academiæ scientiarum Fennicæ ser. B tom. 252. Phillipson, Robert 1992: Linguistic Imperialism. Oxford University Press. Randen, Olav 1997: Farvel til språkmangfaldet? Gol: Boksmia forlag. Rantala, Leif 1994: Kolasamerna i dag Journal de la Société Finno-Ougrienne 85:200-204. Helsinki Sasse, Hans-Jürgen 1992: Theory of language death. Brenzinger (red.) s. 7-30. Silver, B: 1975: Methods of Deriving Data on Bilingualism from the 1970 Soviet Census.Soviet Studies 27:4. Skutnabb-Kangas, Tove 1981: Tvåspråkighet. Skutnabb-Kangas, Tove 2000: Linguistic genocide in education : or worldwide diversity and human rights? Mahwah, N.J. : Lawrence Erlbaum, Skutnabb-Kangas, Tove Robert Phillipson in collaboration with Mart Rannut. 1994: Linguistic human rights : overcoming linguistic discrimination. Contributions to the sociology of language ; 67, Berlin : Mouton de Gruyter. Skutnabb-Kangas, Tove & Phillipson, Robert (1998). Linguistic human rights. In Hamelink, Cees J. (ed.) (1998). Gazette. The International Journal for Communication Studies. Special volume, Human Rights 60:1, 27-46. The 1996 IUCN Red List of Threatened Animals IUCN Publications Service Unit, 219c Huntingdon Road, Cambridge CB3 0DL, United Kingdom The 1997 IUCN Red List of Threatened Plants. IUCN Publications Service Unit, 219c Huntingdon Road, Cambridge CB3 0DL, United Kingdom Tove Skutnabb-Kangas 2000: Linguistic genocide in education : or worldwide diversity and human rights?. Mahwah, N.J. : Lawrence Erlbaum, 2000. Trosterud, Trond 1997: Sovjetisk språkpolitikk og dei små minoritetane. Nordisk Østforum 3:71-78. Trosterud, Trond 1995: Sovjetisk språkpolitikk. Finsk-ugriske språk i Russland i eit historisk-politisk perspektiv. Nordisk Østforum 3:40-45. 31 32

Tsjislennost' i sostav naselenija SSSR Po dannym Vsesojuznoj perepisi naselenija 1979 goda. Moskva. Finansy i statistika. 1984. Vestnik Statistiki 10/1990. Moskva. Finansy i statistika. (1989) Vikør, Lars (red.) 1994: Språkplanlegging. Prinsipp og praksis. 2. utg. Oslo: Novus forlag. Vsesojuznaja perepis naselenija 1939 goda. Osnovnye itogi.rossijskaja Akademija Nauk. Moskva 1992. (1939) 33