HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 200909874-2 Arkivnr. 107 Saksh. Nøttveit, Egil Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 20.05.2010 08.06.2010-09.06.2010 ENDRING AV REGLEMENT FOR FINANSFORVALTNINGA I HORDALAND FYLKESKOMMUNE. SAMANDRAG Fylkestinget vedtok i mars 2002. Reglement for finansforvaltninga i Hordaland fylkeskommune. Reglementet vart endra i juni 2006. Reglementet omfattar ledig likviditet og andre midlar til driftsføremål lån Reglementet omfattar ikkje forvaltning av langsiktige finansielle aktiva. Kommunal- og regionaldepartementet fastsette 9. juni 2009 ny forskrift om finansforvaltninga i kommunar og fylkeskommunar. I den nye forskrifta vert det stilt meir detaljerte krav til innhald i reglementet, og krava til rapportering er styrka. Noko av bakgrunnen for dette synes vera tap på plasseringar som nokre kommunar hadde under finanskrisa. Forskrifta tek til å gjelda frå 1. juli 2010. I denne saka vil fylkesrådmannen gjera framlegg om mindre endringar i forvaltninga av gjeldsporteføljen og også ta omsyn til dei auka rapporteringskrava. FORSLAG TIL INNSTILLING Fylkestinget godkjenner nytt reglement for finansforvaltninga i Hordaland fylkeskommune. Paul M. Nilsen Vedlegg: Johnny Stiansen
FYLKESRÅDMANNEN, 03.05.2010: Fylkestinget handsama den 12. mars 2002, sak nr 9, Strategi for finansforvaltninga i Hordaland fylkeskommune. Det vart vedteke eit Reglement for finansforvaltninga i Hordaland fylkeskommune. Reglementet omhandla særleg plassering og forvaltning av kortsiktig likviditet og retningslinjer for forvaltning av gjeldsporteføljen. Det vart ikkje utarbeidd retningslinjer for forvaltning av langsiktige finansielle aktiva. Fylkestinget endra reglementet 13. juni 2006, sak 22. Endringa galt rammer og retningslinjer for plassering av ledig likviditet og andre midlar rekna for driftsføremål. Reglementet omfattar ledig likviditet og andre midlar til driftsføremål lån Kommunal- og regionaldepartementet fastsette 9. juni 2009 ny forskrift om finansforvaltninga i kommunar og fylkeskommunar. Forskrifta skal gjelda frå 1. juli 2010. Forskrifta slår fast at kommunane og fylkeskommunane skal utarbeida og vedta finansreglement minst ein gong i kvar kommunestyre- eller fylkestingsperiode. I den nye forskrifta vert det stilt meir detaljerte krav til innhald i reglementet, og krava til rapportering er styrka. Det skal leggjast fram rapporter for kommunestyret eller fylkestinget om status for finansforvaltninga minst 2 gongar om året. Fylkesrådmannen vil ikkje gjera framlegg om særlege endringar på forvaltninga av ledig kapital. Fylkesrådmannen vil derimot gjera framlegg om endringar i forvaltninga av gjeldsporteføljen. Ein må også ta omsyn til dei auka rapporteringskrava. Fylkesrådmannen vil ikkje kommentera dei einskilde paragrafane i forskrifta, men avgrensa det til dei endringane som det vert gjort framlegg om i fylkeskommunen sitt finansreglement. Rammer og retningslinjer for forvaltning av gjeldsporteføljen I gjeldande reglementet heiter det at fylkeskommunen kan ha maksimalt 40 % av låna til flytande rente. Fylkesrådmannen vil gå inn for ei endring av denne prosentfordelinga. Dei siste åra har det vore store endringar i det flytande rentenivået. Dersom ein ikkje hadde bunde renta på noko av låneporteføljen, ville uventa endringar i renteutgiftene vore store Ein har difor bunde renta på delar av låneporteføljen, slik at verknaden av ei renteendring blir svekka på kort sikt. Men fylkeskommunen har også renteinntekter av sine midlar, anten det er direkte plasseringar eller midlar på driftskonti. Fylkeskommunen får også inntekter via renterefusjonsordninga for skulebygg. Ein vil etter kvart også få renterefusjonar for veganlegg. Desse renteinntektene/refusjonane aukar/minkar i stor grad i takt med den flytande renta, slik at ei renteendring på lån på kort sikt vert delvis nøytralisert. Ei forventa renteendring vert også i stor grad innarbeidd alt i budsjettfasen. Over tid synes det vera dyrare å binda renta enn å ha flytande rente. Ulempene med flytande rente er at uventa endringar i rentenivået kan bli så store at dei i vesentleg grad kan påverka fylkeskommunen sine driftsresulat og dermed tenesteproduksjonen. På bakgrunn av dei store renteinntektene som varierer i samsvar med rentenivået, meiner fylkesrådmannen likevel at ein bør kunna ha ein høgare del flytande rente på låneporteføljen. 2
Etter noverande reglement kan maksimalt 40 % av låna ha flytande rente. Fylkesrådmannen går inn for å auka andelen flytande rente. Det er også ønskjeleg med større fleksibilitet med omsyn til når ein bør/skal binda. Med tronge rammer for kva tid ein skal/må binda ut frå reglementet, kan ein bli tvinga til å binda på tidspunkt ein ellers ikkje ville ha gjort det. Ut frå ovanståande gjer fylkesrådmannen framlegg om at delen av flytande lån skal utgjera mellom 40 og 60 %, rekna ut frå brutto låneopptak. Med aukande lånegjeld vil det vera naturleg å vurdera dette punktet på ny etter nokre år. Rapportering, rutiner og kontroll Reglementet som gjeld er utforma slik: 8. Rapportering, rutiner og kontroll Føremålet med rapporteringa er å informera om faktiske resultat av finansforvaltninga, samt finansforvaltninga si eksponering i høve til dei rammer og retningslinjer som er fastsette i strategien. Det skal rapporterast til fylkestinget årleg. Rapporteringa skal visa -renteinntekter -lånekostnader -prognoser for likviditet, renteutvikling, refinansiering etc. -ymse posisjonar for lån og innskot i høve til rammer I 6 i dei nye forskriftene for finansforvaltninga heiter det m.a.: Administrasjonssjefen skal minst 2 ganger i året legge fram rapporter for kommunestyret eller fylkestinget som viser status for kommunens eller fylkeskommunens finansforvaltning. I tillegg skal administrasjonssjefen etter årets utgang legge fram en rapport for kommunestyret eller fylkestinget som viser utviklingen gjennom året og status ved utgangen av året. Etter dei nye krava må ein spesifisera aktivasida meir enn det som er gjort til no. Ein tek sikte på å rapportera slik: Kontanter/bankinnskot Sertifikat/obligasjoner Pengemarknadsfond Utlån Ein vil etablera rutiner for å få fram desse oversyna automatisk. Eit av føremålet med finansforvaltninga er god utnytting av fylkeskommunen sine ressursar. I utgangspunktet vert alle likvider plasserte i bank. Dersom ein får større avkastning ved anna plassering, bør ein i utgangspunktet utnytta dette best mogeleg. Meiravkastning i høve til innskotsvilkåra i bank kan soleis vera ein nyttig målestokk for forvaltninga av midlane. Dette føreset m.a. at innskotsrenta ligg om lag på det marknaden tilbyr. Ved god innskotsrente i hovedbanken er det godt mogeleg at dette vil gje den beste avkastninga. Ein bankavtale er likevel ikkje berre avtale om innskotsrente. Den gjev også høve til å overtrekkja på kontoen til ei rente som ligg ikkje mykje over innskotsrenta. Verdien av dette gjer at innskotsrenta ikkje treng vera det beste målet på kva som er god avkastning. Som samanlikningsgrunnlag bench mark kan det vera naturleg å nytt 3 mndr. Nibor. 3
På passivasida vil ein spesifisera/gruppera dei einskilde låna i større grad enn no. Det er naturleg å gje oversikt over durasjon for låna, rentebinding for dei einskilde lån og for porteføljen samla. Fylkeskommunen installerer våren 2010 eit finansrapporteringssystem, Escali Financials, for å få betre oversyn over lånegjeld, forfallsdatoer og ymse posisjonar i høve til rammer. Utskrifter herifrå vil verta nytta nytta i samband med m.a den halvårlege og årlege rappoteringa. Forslag til nytt punkt 8: 8. Rapportering, rutiner og kontroll Rapporteringa skal informera om faktiske resultat av finansforvaltninga, samt finansforvaltninga si eksponering i høve til de rammer og retningslinjer som er fastsette i strategien. Det skal 2 gonger i året leggjast fram rapporter for fylkestinget som viser status for fylkeskommunen si finansforvaltning. I tillegg skal det etter utgangen av året leggjast fram ein rapport for fylkestinget som viser utviklinga gjennom året og status ved utgangen av året. Rapporteringa skal visa Samansetjinga av aktiva Marknadsverdi, samla og fordelt på dei ulike typar aktiva Samansetjinga av passiva Verdi, samla og fordelt på dei ulike typar passiva Bindingstid rente Andel fast/flytande rente Vidare skal det kommenterast: Vesentlege marknadsendringar Endringar i risikoeksponering Avvik mellom faktisk forvaltning og krava i finansreglementet Marknadsrenter og eigne marknadsvilkår Renteinntekter/Lånekostnader Fylkeskommunen legg opp til rapportering ved utgangen av kvart tertial, første gong etter 2. tertial 2010 til fylkestinget i oktober. 4
Vedlegg Forslag til nytt Reglement for finansforvaltninga i Hordaland fylkeskommune 1. Formål Hordaland fylkeskommune sin strategi for finansforvaltninga skal ivareta grunnprinsippet i kommunelova sine føresegner om god utnytting av fylkeskommunen sine samla ressursar. Føremålet med dette reglementet er å gje rammer og retningsliner for fylkeskommunen si finansforvaltning ved å definera kva risikonivå som er akseptable for likviditets- og låneforvaltninga. Fylkeskommunen skal utøve si finansforvaltning slik at ein ikkje tek vesentlig finansiell risiko, og slik at fylkeskommunen har midlar til å dekka sine utgifter ved forfall. Finansverksemda skal utøvast i samsvar med gjeldande lover og regelverk, samt god forretningsskikk. Dette reglementet omfattar ledig likviditet og andre midlar til driftsføremål lån Fylkeskommunen vil seinare utarbeida reglement for langsiktige finansielle aktiva dersom det skulle verta behov for dette. Reglementet gjeld for fylkesrådmannen og dei fylkesrådmannen peikar ut til å utøva finansforvaltninga for fylkeskommunen i samsvar med pkt. 6 i dette reglementet 2. Heimel Heimelen for dette reglementet er lov av 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner 52 og forskrift om kommuner og fylkeskommuners finansforvaltning av 9. juni 2009 3. Risikoformer og definisjonar: Kredittrisiko: Risiko for at fylkeskommunen ikkje får tilbakebetalt sitt tilgodehavande ved forfall. Likviditetsrisiko: Risiko for at fylkeskommunen ikkje får tilbakebetalt sitt tilgodehavende til rett pris i løpet av ein avgrensa tidsperiode. Finansieringsrisiko: Risiko for ikkje å kunne finansiere sine lånebehov. Renterisiko: Risiko for endringar av verdiar som følgje av renteendringar. Valutarisiko: Risiko for endring i verdiar som følgje av endring i valutakursar. 5
4. Rammer og retningslinjer for plassering og forvaltning av ledig likviditet og andre midlar rekna for driftsformål Hovudmålsetjinga for plassering og forvaltning av ledig likviditet er å få størst mogeleg avkastning på midlane til minimal likviditets- og kredittrisiko. Utstedar sin soliditet og plasseringa sin likviditet blir vektlagt framfor avkastning. Fylkeskommunen skal ikkje ta valutarisiko. Instrument/Plasseringsformer. Fylkeskommunen kan nytta følgjande instrument ved plassering av kortsiktig overskotslikviditet; bankinnskott sertifikat obligasjonar pengemarknadsfond med inntil 12 månaderi gjennomsnittleg løpetid. Renterisiko Ein skal ikkje binda midlane for meir enn 12 månader Kredittrisiko. Rammer for kredittrisiko for den samla likviditetsporteføljen: Sertifikat Maks pr. Maks pr. emittent kategori innan kategori Utstedt eller garantert av staten, (her også statsføretak) fylkeskommunar eller kommunar 100% 100% Utstedt eller garantert av finansinstitusjonar 100% 100% med minimum rating BBB- Utstedt eller garantert av andre med minimum 50 mill kr rating BBB- Pengemarknadsfond 100% 5. Rammer og retningslinjer for forvaltning av gjeldsporteføljen Hovudmålsetjinga med forvaltninga av låneporteføljen i fylkeskommunen er å oppnå ein stabil rentekostnad over tid til lågast mogeleg kostnad og risiko. Låneporteføljen skal vera diversifisert med omsyn til løpetid og rentebinding. Låneopptak skal vurderast i høve til likviditetsbehov og investeringsframdrift. Gjeldsporteføljen bør bestå av eit mindre tal lån, likevel skal refinansieringsrisiko avgrensast ved at det enkelte lån ikkje kan utgjera meir enn 20 % av den samla gjeldsporteføljen. Gjeldsporteføljen skal vera sett saman av flytande og fast rente. Halvparten av lånegjelda bør som hovudregel ha fast rente. Andelen fast rente kan likevel variera mellom 40 % og 60 % ut frå om ein finn vilkåra for binding gunstige elller ikkje. Fylkeskommunen kan ta opp ordinære avdragslån og avdragsfrie lån (bulletlån). 6
Fylkeskommunen kan nytta obligasjons- og sertifikatmarknaden i tillegg til institusjonelle långjevarar. Som hovudregel skal det innhentast konkurrerande tilbod. Renterisiko Gjennomsnittleg bindingstid på renta vert i låneporteføljen sett til minimum 1 år og maksimum 4 år. For å styra renterisikoen i låneporteføljen kan fylkeskommunen nytta følgende rentesikringsinstrument: a) Framtidige renteavtaler (FRA) b) Rentebytteavtaler (Renteswaps) Desse 2 instrumenta skal berre nyttast som rentesikringsinstrument. Dei kan vidare berre nyttast i tilknyting til det einskilde lånet, og netto uteståande sikringsinstrument skal ikkje på noko tidspunkt overstige summen av uteståande og godkjende plasserings- eller finansieringsvolum. Realisering av tap eller gevinst kan vurderast, likevel slik at posisjon etter realisering framleis fell inn under øvrige punkter i finansieringsstrategien. Valutarisiko. Fylkeskommunen skal ikkje ta valutarisiko. 6. Rammer og retningslinjer for forvaltning av langsiktige finansielle aktiva. Dersom fylkeskommunen får ytterlegare midlar som kan plasserast langsiktig i kapitalmarknaden skal fylkeskommunen utarbeida strategi og instruksar for slik plassering. Strategien og instruksane skal oppfylla dei krav som er sette i Forskrift om kommuners og fylkeskommuners finansforvaltning av 9. juni 2009. 7. Fullmakter Innanfor de generelle retningslinjer vert følgjande fullmakter delegerte til fylkesrådmannen: Med basis i finansieringsstrategien gjennomføre opptak av nye lån, herunder val av lånegjevar, finansieringskjelde, rentevilkår, bindingstid og vilkår elles. Gjennomføre refinansiering av eksisterande lån. Gjennomføre den løpande forvaltninga av ledig likviditet og andre midlar til bruk for driftsføremål. Gjennomføre forvaltninga av langsiktige aktiva, herunder inngå avtalar om aktiv forvaltning når det er gjort vedtak om slik forvaltning. Inngå avtalar om kjøp og sal av rentesikringsinstrument. 8. Rapportering, rutiner og kontroll Rapporteringa skal informera om faktiske resultat av finansforvaltninga, samt finansforvaltninga si eksponering i høve til de rammer og retningslinjer som er fastsette i strategien. Det skal 2 gonger i året leggjast fram rapporter for fylkestinget som viser status for fylkeskommunen si finansforvaltning. I tillegg skal det etter utgangen av året leggjast fram ein rapport for fylkestinget som viser utviklinga gjennom året og status ved utgangen av året. 7
Rapporteringa skal visa Samansetjinga av aktiva Marknadsverdi, samla og fordelt på dei ulike typar aktiva Samansetjinga av passiva Verdi, samla og fordelt på dei ulike typar passiva Bindingstid rente Andel fast/flytande rente Vidare skal det kommenterast: Vesentlege marknadsendringar Endringar i risikoeksponering Avvik mellom faktisk forvaltning og krava i finansreglementet Marknadsrenter og eigne marknadsvilkår Renteinntekter/Lånekostnader 9. Evaluering av reglement for finansforvaltning Fylkesrådmannen skal gjennomføre ei årlig evaluering av reglementet for finansforvaltninga. Ved vesentlige endringar i rammevilkåra, skal fylkesrådmannen snarast legge frem forslag til endringar i reglementet for fylkestinget. 8