Austevoll kommune Tilleggsinnkalling Kommunestyre Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 17.12.2015 Møtetid: 10:00 Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 5508 10 00 servicekontoret eller til postmottak@austevoll.kommune.no. Varamedlemmar møter etter nærare innkalling. Møtet er ope for tilhøyrarar. Saksdokument er lagt ut til offentleg gjennomsyn på nettsida til kommunen. Sak nr Tittel Sakliste 182/15 Søknad om kjøp av nausttomter i Kolbeinsvik 183/15 Søknad om kjøp av kommunal eigedom Storebø, 15.12.2015 Morten Storebø Ordførar 1
Saksframlegg Saksnr Utval Type Dato 078/15 Formannskapet PS 26.11.2015 Saksnr Utval Type Dato 182/15 Kommunestyre PS 17.12.2015 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Lars Erling Horgen FA - V60 15/1214 Søknad om kjøp av nausttomter i Kolbeinsvik Formannskapet - 078/15 Handsaming: Vedtak: Austevoll kommunestyre kan ikkje gå inn for sal av desse tomtane til den pris som kjem fram i søknaden. Austevoll kommunestyre gjev rådmannen fullmakt til å få ny takst på tomtene og får fullmakt til å selja desse for takst eller bud over takst. Tilråding frå rådmannen: Austevoll kommunestyre kan ikkje gå inn for sal av desse tomtane til den pris som kjem fram i søknaden. Austevoll kommunestyre gjev rådmannen fullmakt til å få ny takst på tomtane og får fullmakt til å selja desse for takst eller bud over takst. Vedlegg: Molo Kolbeinsvik Molo Kolbeinsvik Kartkopi
Bakgrunn for saka: To interessentar har søkt om å få kjøpa kvar sin nausttomt ved moloen i Kolbeinsvik. Dei tilbyr kr. 30.000 for kvar tomt. Austevoll kommune har att 6 av 7 nausttomter som er klar for sal i dette området. Det er berre ein som er seld så langt. Ved utlysing i januar 2006 var det ingen som søkte, prisen var sett til kr. 150.000 + omkostnader og kjøpar skulle vera busett i Austevoll. Vi har tid om anna hatt førespurnad på desse tomtane, men bere seld den eine. Det er ikkje veg fram til tomtane som er vanskeleg tilgjengeleg frå land. Vurdering: Rådmannen tilrår at det vert sett ny takst på desse tomtane av ein innleigd takstmann, og at kommunestyret etter det gjev rådmannen fullmakt til å selja tomtane for takst eller bod over takst.
Fra: Geir Bergflødt [Geir.Bergflodt@austevoll-kraftlag.no] Sendt: 9. september 2015 09:08 Til: Lars-Erling Horgen Emne: Molo Kolbeinsvik Oppfølgingsflagg: Status for flagg: Følg opp Flagget Hei Lars Erling! Jeg har sett litt på kaitomtene borte ved moloen i Kolbeinsvik. De ligger brakk og det er ingen utvikling. Jeg og min nye nabo - Bernt Atle Tveitsme (begynner bygging i høst) - kan tenke oss å kjøpe hver vår tomt. I første omgang for å ha et landfeste for båt, men på sikt å få prosjektet videre - gjerne med en gangvei fra Kolbeinsvik ut til moloen. Vi vil forsøke oss med 30.000,- pr tomt (som vi oppfatter er ca 90 kv.meter). Det blir 333,- pr kv.meter. Dersom dette er ok, kan Austevoll kommune lese dette som en aksept på kjøp. For øvrig ønskes en fortreffelig dag! Hilsen Geir
Saksframlegg Saksnr Utval Type Dato 079/15 Formannskapet PS 26.11.2015 Saksnr Utval Type Dato 183/15 Kommunestyre PS 17.12.2015 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Lars Erling Horgen 15/102 Søknad om kjøp av kommunal eigedom Formannskapet - 079/15 Handsaming: Vedtak: Austevoll kommunestyre godkjenner at restarealet på gnr. 66, bnr. 12 på ca 2,7 da., som er vist på kart i søknad, kan seljast til Ole Ansgar Halstensen for takst. Rådmannen får fullmakt til å gjennomføra takst og sal av parsellen. Tilråding frå rådmannen: Austevoll kommunestyre godkjenner at restarealet på gnr. 66, bnr. 12 på ca 2,7 da., som er vist på kart i søknad, kan seljast til Ole Ansgar Halstensen for takst. Rådmannen får fullmakt til å gjennomføra takst og sal av parsellen. Vedlegg: Forespørsel om overtakelse av 66/12 i Bekkjarvik. Forespørsel om overtakelse av 66/12 i Bekkjarvik Bakgrunn for saka: Ole Ansgar Halstensen søkte om makebyte i 2013 med kommunen der tilbodet vart akseptert med vedtak i formannskapet slik:
Melding om vedtak Gnr 66 Bnr 0011. Søknad om makebytte Austevoll formannskap handsama ovannemnde sak i møte den 20.08.13, sak 071/13. Formannskapet gjorde følgjande vedtak: Austevoll formannskap godkjenner at det vert gjort makebyte slik det er søkt om mellom gnr. 66 bnr. 11 og gnr. 66 bnr. 12. Ole Ansgar Halstensen må ta kostnadane med oppmåling og skøyting for begge parsellane. Rådmannen får fullmakt til å gjennomføra makebyte. Ved klarering for makebytte viser det seg at det ikkje er vegrett til kommunen sin eigedom, og Ole Ansgar Halsensen fann derfor å gå frå tilbudet frå kommunen. Han ynskjer likevel å overta kommunen sin eigedom på ca. 2,7 da., og leggja det til sin eigedom. Viser til søknad som er vedlagt. Vurdering: Rådmannen rår til at arealet kan seljast som tilleggsareal til Ole Ansgar Halstensen for takst.
Søknad om å overta en inneklemt område 66/12 i Bekkjarvik Viser til vedtak i kommunestyret tidligere ang denne tomten Da det viste seg at det ikke var veirett til denne, så ble det mindre interessant å bytte areal slik som tidligere anført. Men det kunne vært interessant å overta den slik den ligger, da den vil kunne knyttes mot 66/11 På en grei måte. Ønsker å overta denne tomten som ligger igjen. Med bakgrunn i avståelse på en grei måte både tomt til fotballbane og Idrettshall i tur og orden Håper jeg at vi kunne komme frem til en rimelig overtakelse av dette stykke som står igjen Tror det kan drei seg om 2-3 mål Vennlig hilsen Ole Halstensen Rosland veien 320 4343 Orre Telefon : 90695590