IDRETTSKRINSTINGET 2016 9. april2016. Protokoll. Det 44. ordinære Idrettskrinsting



Like dokumenter
EKSTRAORDINÆRT IDRETTSKRINSTING Protokoll. Ekstraordinært Idrettskrinsting

SAKLISTE. Ekstraordinært idrettskrinsting. Førde 15.desember Sogn og Fjordane Idrettskrins - 1 -

Pro toko1t. Det 45. ordinære Idrettskrinsting

NVBF REGION SOGN OG FJORDANE 38. ORDINÆRE TING 2014 TINGSAKER. STED: Idrettens hus Concordbygget. TID: Onsdag 22. april 2014 kl.

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

IDRETTSRÅDET - EIT FELLESORGAN FOR IDRETTEN I DIN KOMMUNE

NVBF NORGES VOLLEYBALLFORBUND REGION SOGN OG FJORDANE PROTOKOLL

REGION SOGN OG FJORDANE PROTOKOLL. REGIONSTING, 24. april Bufetat Skei. Side 1 av 5

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

Innkalling til idrettskrinstinget 2016

Velkommen til. årsmøte!

PROTOKOLL ETTER ORDINÆRT ÅRSMØTE I ÅIL for 2013

ÅRSMØTE I OSTERØY IDROTTSLAG Protokoll frå årsmøte

PROTOKOLL ÅRSMØTE INU - FSF

Innkalling og sakspapir er dermed sendt ut innanfor dei fastsette fristane.

Sak 1 Konstituering. Vedlegg: Forslag til saksliste Forslag til tidsplan Forslag til forretningsorden. Godkjenning av innkalling

Årsmøte Sogn og Fjordane skiskyttarkrins i Honndalshallen 4.6 kl

Innkalling til ekstraordinært idrettskrinsting 2016

LOV FOR SOGN OG FJORDANE VOLLEYBALLKRINS Stiftet

Konstituering. Vedlegg: Forslag til saksliste Forslag til tidsplan Forslag til forretningsorden. Godkjenning av innkalling

Årsmøte Valldal Idrettslag 2. mars 2016

Kommunedelplan for oppvekst

Flora kontrollutval SEKOM-sekretariat

MØTEPROTOKOLL. Forfall og møtande varamedlemar: Marte Åsmul hadde forfall pgs eksamen. Vararepresentant hadde også forfall.

Alle lag i krinsen pliktar å rette seg etter NIF og særkrinsen sine lover og retningslinjer.

Innkalling. til. Ordinært Årsmøte SKÅNEVIK ØLEN KRAFTLAG. Torsdag 25. april 2013 KL. 1900, SØK sitt kontor i Ølen.

NVBF REGION SOGN OG FJORDANE 43.ORDINÆRE TING 2019 OG AVSLUTTANDE TING

Årsmøte. Ørsta idrettslag Kl på klubbhuset

1.0 KONSTITUERING 1.1 Godkjenning av de frammøtte representanter 1.2 Godkjenning av innkalling og saksliste 1.3 Godkjenning av forretningsorden

Idrettskrinstinget Sogndal laurdag 14. april 2018

LOV FOR SOGN OG FJORDANE IDRETTSKRINS

Idrettskrinstinget Florø laurdag 9. april 2016

VEDTEKTER FINNÅS SPORTSKLUBB. vedteke med seinare endringar, siste av

SEKOM-sekretariat MØTEBOK Styret for SEKOM-sekretariat Møtedato: Møtetid: Møtestad: Faste medlemar Møtte Forfall Merknader

Styret for SEKOM-sekretariat SEKOM-sekretariat

Laget har sete i Stranda kommune, og er medlem av Idrettsrådet i kommunen.

Sak 1 Konstituering. Godkjenning av innkalling. Godkjenning av sakliste

Innkallinga vart samrøystes godkjent. Det vart registrert 24 røysteføre medlemmar blant dei 27 frammøtte.

VESTFOLD IDRETTSKRETSTING

Evaluering av ordninga "Spissa idrettstilbod i vidaregåande opplæring"

Årsmøte. Ørsta idrettslag Kl i klubbhuset

Tid : Mars 2017 (kurs og lagsmøte laurdag, og kretsting søndag)

Postboks SOGNDAL - Tlf: MØTEPROTOKOLL. Faste medlemmar: Medlemmar med tale- og framleggsrett:

PROTOKOLL. Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Øyvind Sandvik medlem Organisasjon Per Are Sørheim medlem H

SEKOM-sekretariat Styret for SEKOM-sekretariat

HØYRINGSNOTAT VEDTEKTER ORGANISASJONSKART FRAMLEGG FRÅ:

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

S. og Fj. Skiskyttarkrins har gode resultat både nasjonalt og internasjonalt der utøverane viser gode resultat.

Program lørdag 16.november. Saksbehandling. Sak 1 Godkjenne de fremmøtte representantene. Kl.10:30 Fremmøte og registrering. Kl.

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Leiarmøte Søndag 25.november, Scandic Hotell, Førde NFF Sogn og Fjordane

Det vert med dette kalla inn til generalforsamling i Sogn og Fjordane Energi AS

Etne E-lag. 7. Fastsetje godtgjersle for tillitsvalde

Møteleiar: valt Terje Moe Skrivar: valt Inger Marie Beheim Underskrive protokollen: valt Stig Laberg Øvstetun og Morten Brandsdal

Vedtekter for studentidrettslaget Studentspretten Sogndal

: Lilly Schøyen, Atle Hamar, Martin Hopland og Yngve Thorsen (adm.)

Innkalling. til. Ordinert Årsmøte SKÅNEVIK ØLEN KRAFTLAG SA. Onsdag 27. april 2016 KL. 1900, SØK sitt kontor i Skånevik.

SEKOM-sekretariat Styret for SEKOM-sekretariat

Protokoll for generalforsamling i Sogn og Fjordane Energi AS 21. juni kl på Strandtun, Sandane

LOV FOR SOGNDAL IDRETTSRÅD

Protokoll fra årsmøte i Lindås idrettslag

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål

SAK 1 OPNING. Framlegg til køyreplan: Fredag 21. mars. Laurdag 21. mars. Innsjekking og brødmat

4 Medlemmene som måtte få kjennskap til ulovlig jakt eller fiske har plikt til å melde frå om dette til foreininga sitt styre.

Vestfold idrettskrets 40. ordinære kretsting Lørdag Oslofjord Convention Center

LOV FOR LÆRDAL IDRETTSLAG

Referat frå årsmøte i Jotunfjell Fjordane EHK, Vågå Hotell 13.februar 2010.

ÅRSMØTE I V.I.L. Tid: kl kl Stad: Klubbhuset på Omenås

PROTOKOLL GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKSLISTE

Finnmark Idrettskrets ting 2018

Innkalling til valmøte eigenkapitalbeviseigarar

LOV FOR SOGN OG FJORDANE IDRETTSKRINS

LOVNORM FOR IDRETTSLAG (nynorsk) (Vedteken av Idrettsstyret 28. november 2011)

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BØMLO BÅTLAG

TROMS IDRETTSKRETS TING 2016

Finnmark idrettskrets ting 2014

Regionsting Søndag 19. april 2015, kl Miljørommet (Blindheimshallen), Ålesund

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

LOV FOR KVINNHERAD IDRETTSRÅD Vedteken av årsmøtet [dato], og godkjend av Hordaland idrettskrins

Eid kontrollutval SEKOM-sekretariat

Velkommen til årsmøte for KORSSUND DYKKEKLUBB. Dale, 09. februar 2013

Forum for Kontroll og Tilsyn Møteprotokoll

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

LOVNORM FOR IDRETTSLAG (nynorsk) (Vedteken av Idrettsstyret 28. november 2011)

Vedtekter (Gjeldande frå årsmøte )

MØTEBOK. Per Kjøllesdal Ingelin Skadal Anne Karin Lysne Siri Nedland Eilert Årseth

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

2. Val av ein person til å skrive under møteboka saman med møteleiar 3. Godkjenning av innkalling og sakliste

SAKSDOKUMENTER TIL DET 11. ORDINÆRE KRETSTING I AKERSHUS IDRETTSKRETS, LØRDAG 16. APRIL 2016 SCANDIC OSLO AIRPORT GARDERMOEN

ÅRSMØTE Det vert halde årsmøte i Fitjar Kraftlag SA tirsdag 12. mai kl i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, kultursalen.

Møtedato: Møtetid: Kl. 13:00 15:45. Møtestad: Møterom NAV, kommunehuset Saksnr.: 01/14 05/14

KONTROLLUTVALGET I FORSAND KOMMUNE PROTOKOL

TING Nord-Trøndelag Gymnastikk - og Turnkrets. Lørdag 1.april 2017 Levanger

Årsmøte Valldal Idrettslag 4. mars 2015

Vedtekter for studentidrettslaget Studentspretten

NORGES FLERIDRETTSFORBUNDS TING 2013

Lov for Voss Idrottsråd Voss Idrottsråd Skipa 4/2 1970

Vedtekter for Fusa Kraftlag

Transkript:

IDRETTSKRINSTINGET 2016 9. april2016 Protokoll Det 44. ordinære Idrettskrinsting Florø

IDRETTSKRINS TINGET 2016 9. april2016 SAKLISTE Opning Helsingstalar 1.0 Konstituering 1.1 Godkjenning av dei frammøtte representantane. 1.2 Godkjenning av innkallinga. 1.3 Godkjenning av forretningsorden. 1.4 Godkjenning av saklista. 1.5 Val av dirigent. 1.6 Val av sekretærar. 1.7 Val av to representantar til å skrive under møteprotokollen. 2.0 Årsmelding 2014-2015 3.0 Rekneskap 2014-2015 4.0 Revisjon 4.1 Engasjere revisor. 4.2 Fastsette revisor sitt honorar. 5.0 Innkomne saker 5.1 Lovsaker 5.1.1. Endringar i Lov for Sogn og Fjordane idrettskrins som følgje av vedtak på Idrettstinget 2015. 6.0 Handlingsplan og langtidsbudsjett 2016-2020 7.0 Val 7.1 Idrettskrinsstyre 7.2 Kontrollkomite 7.3 Representantar til Idrettstinget 7.4 Valnemnd til neste Idrettskrinsting 8.0 Fråsegn AVSLUTNING

IDRETTSKRINSTINGET 2016 SAKSHANDSAMING: Opning Leiar Nils R. Sandal opna tinget med sin helsingstale til tinget. Deretter vart det halde minnestund over avlidne idrettsleiarar i fylket i perioden. Helsingstalar Følgjande helsa deretter tinget Ordførar i Flora, Ola Teigen Fylkesordførar Jenny Følling NIF v/ styremedlem Jorodd Asphjell Høgskulen i Sogn og Fjordane v/ Wiggo Hustad 1.0 Konstituering 1.1 Godkjenning av dei frammøtte representantane. Idrettskrinsstyret har kontrollert lista over fullmakter. Ved konstitueringa av tinget var det 45 representantar med røysterett. VEDTAK: Idrettskrinstinget godkjenner fullmaktene. Organisasjon: Namn: Idrettskrinsstyret Leiar Nils R. Sandal Nestleiar Arve Heimdal Styremedlem Aud Kari Isane Styremedlem Ruth-Sølvi Helland Styremedlem Lilly Schøyen Særkrins/region Sogn og Fjordane Fotballkrets Robert Endestad Sogn og Fjordane Fotballkrets Britt Leni Berge Sogn og Fjordane Fotballkrets Marianne Laugerud Sogn og Fjordane Fotballkrets Rune Sunde Norges Håndballforbund Region Vest Oddny Grete Njøten Norges Håndballforbund Region Vest Morten Mortensen Norges Håndballforbund Region Vest Trine Merete Vokuhl Sogn og Fjordane Skiskyttarkrins Eline Fannemel forfall NVBF Region Sogn og Fjordane Terje Steinar Vallestad NVBF Region Sogn og Fjordane Martine Viken Sogn og Fjordane Gymnastikk og Turnkrets Susanne Wilhelm Sogn og Fjordane Gymnastikk og Turnkrets Aslak Holmen forfall Sogn og Fjordane Skikrins Inge Fænn Sogn og Fjordane Skikrins Hallvard Nygård Sogn og Fjordane Skikrins Ingrid Gjerde forfall Sogn og Fjordane Orienteringskrins Jan Magne Herstad Sogn og Fjordane Friidrettskrins Linn Katrin Bakke

IDRETTSKRINS TINGET 2016 Sogn og Fjordane Friidrettskrins Håkon Løseth Sogn og Fjordane Friidrettskrins Tone Strømmen Kjerpeset Sogn og Fjordane Vektløftarkrins Ola Bergheim Sogn og Fjordane Skyttarkrins Magnar Anton Støyva Sogn og Fjordane Skyttarkrins Kjell Jomar Heitne Sogn og Fjordane Symjekrins Jan-Ole Haus Sogn og Fjordane Symjekrins Elisabeth K. Vindfjell Idrettsråd Stryn idrettsråd Terje Raftevold Førde idrettsråd Oddvar Huseklepp Førde idrettsråd Kirstin Bruland Førde idrettsråd Kari Anne Indrebø Flora idrettsråd Stein Strømsnes Askvoll idrettsråd Astri Thorsen Landøy Sogndal idrettsråd Dina Kristine Skare Malmen Sogndal idrettsråd Christoffer Honningsvåg Idrettslag Askvoll og Holmedal idrettslag Anne Kari Iversen Værlandet idrettslag Helge Landøy Eid Symjeklubb Ottar Vindfjell Eikefjord idrettslag Kisten Stæger-Breisnes forfall Florø sportsklubb Tore Havn Fjellhug/Vereide IL Else Margrethe Larsen Sandane Turn og Idrettslag Svein Kristiansen forfall Jølster idrettslag Laila Tefre Florø Turn og Idrettsforening Mette Gundersen IL Jotun Ruth Laberg Hafslo idrettslag Erna Hamrum Sogndal idrettslag Cecilie Thaule Løvlid Studentspretten IL Trine Ludvigsen Rygg Gjester NIF - styremedlem Jorodd Asphjell Sogn og Fjordane fylkeskommune, Jenny Falling fylkesordførar Sogn og Fjordane fylkeskommune, Karen Marie Hjelmeseter leiar hovudutval for næring og kultur Ordførar i Flora kommune Ola Teigen Sogn og Fjordane fylkeskommune, Ingebjørg Erikstad ass. fylkesdirektør for næring og kultur Høgskulen i Sogn og Fjordane, Wiggo Hustad dekan NIF - fagkonsulent idrett for menneske Thea Lunde Christiansen med funksjonsnedsetting Sogn og Fjordane idrettskrins, Synne Aafedt Liljedahl klubbutviklar barne-/ungdomsidrett Tale og forslagsrett Organisasjonssjef Anne Leversund

IDRETTSKRINSTINGET 2016 Dirigent Dirigent Reidar Sandal Valnemnd Leiar valnemnd Gunnar Harstad Administrasjonen IK Fagkonsulent Ingar Breilid Plan- og utviklingsleiar Ingrid Narum Økonomikonsulent Erling Benjaminsen Tilsette særkrins Sogn og Fjordane Skikrins Yngve Thorsen Sogn og Fjordane Friidrettskrins Narve Heggheim Gjester Stryn Turn og Idrettslag Aslaug Thingnes Bø Stryn Turn og Idrettslag Klemet Bø Svelgen Turn og Idrettsforening Ståle Mulehamn Hornindal IL Nils Haugen Hornindal IL Nils Haugen (følgje) Fjellhug/Vereide IL Else Tystad Magnhild Breilid 1.2 Godkjenning av innkalling. VEDTAK: Idrettskrinstinget godkjenner innkallinga. 1.3 Godkjenning av forretningsorden. Idrettskrinsstyret gjer slikt framlegg til forretningsorden: 1. Tinget vert leia av 1 valt dirigent. Protokollen vert ført av dei valde sekretærane, som sjølv fordeler arbeidet seg i mellom. 2. Ønskjer ein representant ordet, varslar han dirigenten om det, og ordet vert gjeve etter tur. Ordet vert gjeve frå ein tilvist plass i salen. 3. På tinget kan ikkje handsamast framlegg om lovendring som ikkje er ført opp på den utsende saklista. Andre saker kan handsamast når 2/3 av dei frammøtte representantane vedtek det, ved godkjenning av saklista. 4. Ingen representant får ordet meir enn 3 gonger i same sak. Taletida vert sett til 5 min første gong, 2 min andre og tredje gong, med unnatak for innleiingsforedraget og for representantar som har framlegg på saklista. Dirigenten kan gjere framlegg om avvik frå dette i omfattande saker, t.d. Handlingsprogram. Representantar som forlangar ordet til forretningsorden har 1 min taletid. Dirigenten kan gjere framlegg om kortare taletid og strek for dei inntegna talarane.

IDRETTSKRINSTINGET 2016 5. Alle framlegg må leverast skriftleg til dirigenten, underskrivne med namnet til representanten og organisasjonsleddet. Tidlegare framlegg kan ikkje trekkast attende og nye framlegg kan ikkje settast fram etter at det er sett strek eller etter at saka er teken opp til votering. Framlegg kan berre gjerast i saker som står på saklista. 6. Alle vedtak og val vert avgjort med fleirtal av dei avleverte stemmene, med dei unntak lova fastset. Blanke stemmesetlar tel ikkje og vert rekna som ikkje avleverte. 7. Framlegg og vedtak vert ført inn i protokollen, med tal på avleverte stemmer for og i mot. 8. Protokollen vert gått gjennom og underskriven av 2 to - valte representantar. VEDTAK: Idrettskrinstinget godkjenner forretningsorden. 1.4 Godkjenning av saklista. VEDTAK: Idrettskrinstinget godkjenner utlagd sakliste. 1.5 Val av dirigent. Idrettskrinsstyret gjer slikt framlegg til val av dirigent: Reidar Sandal VEDTAK: Idrettskrinstinget godkjenner framlegget til val av dirigent. 1.6 Val av sekretærar. Idrettskrinsstyret gjer slikt framlegg til val av sekretærar: Ingrid Narum (tilsett ved idrettskrinsen sitt kontor) Vara: Ingar Breilid (tilsett ved idrettskrinsen sitt kontor) VEDTAK: Idrettskrinstinget godkjenner framlegget til val av sekretærar. 1.7 Val av to representantar til å skrive under møteprotokollen. VEDTAK: Representanten: Representanten: Hallvard Nygård, Sogn og Fj. Skikrins Kirstin Bruland, Førde idrettsråd 2.0 Årsmelding 2014-2015 Idrettskrinsstyret gjer slikt framlegg til VEDTAK: Idrettskrinstinget godkjenner årsmeldinga for 2014-2015. Bakgrunn: Idrettskrinsstyret la fram for tinget årsmelding for 2014-2015 til godkjenning.

IDRETTSKRINSTINGET 2016 9. april2016 Innleiing v/ leiar i idrettskrinsen, Nils R. Sandal. Følgjande hadde ordet i saka: Gunnar Harstad (leiar valnemnd), Nils R. Sandal (leiar idrettskrinsen), Synne Aafedt Liljedahl (klubbutviklar barne-/ungdomsidrett idrettskrinsen), Jan Magne Herstad (Sogn og Fjordane Orienteringskrins), Ola Bergheim (Sogn og Fjordane Vektløftarkrins), Terje Steinar Vallestad (NVBF Region Sogn og Fjordane), Thea Lunde Christiansen (fagkonsulent NIF, idrett for menneske med funksjonsnedsetting), Inge Fænn (Sogn og Fjordane Skikrins), Jorodd Asphjell (styremedlem NIF). Følgjande vert teke inn som rettingar i Årsmelding 2014-2015: Idrettskrins styret summerer opp perioden, s. 17: Under omtale av dei fire etablerte kompensasjons- og tilskotsordningane blir det lagt til kva desse er. Lokale aktivitetsmidlar, momskompenasjon idrettsanlegg, momskompensasjon varer og tenester, og grasrotandelen. 3.0 Rekneskap 2014-2015 Idrettskrinsstyret gjer slikt framlegg til VEDTAK: Idrettskrinsstinget godkjenner framlagd rekneskap for 2014-2015. Bakgrunn: Rekneskap for 2014-2015 er tekne inn i årsmeldinga. Idrettskrinsstyret syner til meldingar frå tilsett revisor og kontrollkomiteen, tekne inn i årsmelding. Anne Leversund (org. sjef idrettskrinsen) la fram rekneskapen for 2014-2015. 4.0 Revisjon 4.1 Engasjere revisor. Idrettskrinsstyret gjer slikt framlegg til VEDTAK: Idrettskrinstinget gir idrettskrinsstyret fullmakt til å engasjere statsautorisert/registrert revisor til å revidere idrettskrinsen sitt rekneskap. Bakgrunn: I følgje NIF-lov 5-9, pkt. g og SFIK - lov 14 pkt. (1), skal idrettskrinstinget engasjere statsautorisert/registrert revisor til å revidere idrettskrinsen sitt rekneskap. 4.2 Fastsetting av revisor sitt honorar. Idrettskrinsstyret gjer slikt framlegg til VEDTAK: Idrettskrinstinget gir idrettskrinsstyret fullmakt til å fastsette revisor sitt honorar.

IDRETTSKRINS TINGET 2016 5.0 Innkomne saker 5.1 Lovsaker 5.1.1 Endring i Lov for Sogn og Fjordane idrettskrins som følgje av vedtak på Idrettstinget 2015. Idrettskrinsstyret gjer slikt framlegg til VEDTAK: Idrettskrinstinget gir idrettskrinsstyret fullmakt til å oppdatere idrettskrinsen si lov i samsvar med vedtak på Idrettstinget 2015 og Idrettskrinstinget 2016 si handsaming av saka. Lova skal sendast Norges idrettsforbund for godkjenning. Bakgrunn: Idrettstinget 2015 gjorde ei rekkje vedtak om lovendringar. Det vart også gjort vedtak om endringar som må takast inn i idrettskrinsen si lov. Lovendringar som følgje av endringar i NIF si lov, trer i kraft straks. Lovendringar vedtekne av idrettskrinsen sjølv trer ikkje i kraft før dei er godkjende av Idrettsstyret eller den Idrettsstyret gir fullmakt. 6.0 Handlingsplan og langtidsbudsjett 2016-2020 Idrettskrinsstyret si innstilling: Idrettskrinstinget vedtek Handlingsplan 2016-2020 og ber idrettskrinsstyret, særkrinsar/regionar, særidrettar, idrettsråd og idrettslag følgje opp hovudutfordringar, hovudmål og delmål i planen. Langtidsbudsjett 2016-2020 blir lagt til grunn for det vidare arbeidet. VEDTAK: Bakgrunn: Idrettskrins styret legg fram handlingsplan med langtidsbudsjett for tingperioden 2016-2020. Handlingsplan 2016-2020 er nedfelt med utgangspunkt i programerklæring, idrettspolitiske føringar og mål i Idrettspolitisk dokument 2015-2019 (IPD). IPD er ein felles plan og skal vere styrande for heile norsk idrett. IPD definerer eit felles planverk og planhierarki med strategisk plan, felles utviklingsplanar for særforbund og idrettskrinsar, og handlingsplanar på krinsnivå. Denne felles handlingsplanen for idrettsorganisasjonane i Sogn og Fjordane legg retninga og mål på fellesidrettslege innsatsområde i organisasjonsledda sitt arbeid med å vidareutvikle og styrke idrettstilbodet for medlemane. Ved å løfte saman på tvers av arbeidsdelinga i idretten, kan vi betre løyse ut den beste innsatsen som gir vekst og utvikling for idrettsaktiviteten i fylket. Saman skal vi gjere vårt beste for å skape trygge oppvekstmiljø og vennskap, yte aktivitetstilbod etter ønskje frå medlemane og spreie idrettsglede. I framlegget til Handlingsplan 2016-2020 har idrettskrinsstyret lagt opp til at idretten i Sogn og Fjordane set særleg fokus på ungdomsidretten, flest mogleg lengst mogleg,ein verdibasert idrett og god samhandling på tvers av organisasjonsledda.

IDRETTSKRINS TINGET 2016 9. april2016 Innleiing v/ leiar i idrettskrinsen, Nils R. Sandal. Følgjande hadde ordet i saka: Ruth-Sølvi Helland (styremedlem idrettskrinsen), Thea Lunde Christiansen (fagkonsulent NIF, idrett for menneske med funksjonsnedsetting), Aud Kari Isane (styremedlem idrettskrinsen), Lilly Schøyen (styremedlem idrettskrinsen), Arve Heimdal (nestleiar idrettskrinsen), Ola Bergheim (Sogn og Fjordane Vektløftarkrins), Trine Ludvigsen Rygg (Studentspretten IL), Christoffer Honningsvåg (Sogndal idrettsråd), Martine Viken (NVBF Region Sogn og Fjordane), Rune Sunde (Sogn og Fjordane Fotballkrets), Jan Magne Herstad (Sogn og Fjordane Orienteringskrins), Dina Kristine Skare Mølmen (Sogndal idrettsråd), Terje Steinar Vallestad (NVBF Region Sogn og Fjordane), Ola Bergheim (Sogn og Fjordane Vektløftarkrins), Morten Mortensen (Norges Håndballforbund Region Vest), Nils R. Sandal (leiar idrettskrinsen), Ola Bergheim (Sogn og Fjordane Vektløftarkrins). Framlegg til endring frå Trine Ludvigsen Rygg (Studentspretten IL): Punkt 6. Prioriteringar, (s. 110) vert endra til: Legge til eit nytt punkt: Bli det mest attraktive treningstilbodet for vaksen. Punkt 8. Idrettsmål (s. 112) vert endra til: Legg til nytt underpunkt: Vaksenidrett. Mål: Idrettslaga og særkrinsane/regionane legg til rette for eit variert og inkluderande idretts- og leiartilbod for vaksne. Boble: «Vi er opptekne av at vaksne har eit idrettsfellesskap» Delmål: utøvarane er i eit idrettsmiljø prega av utviklings- og meistringsorientering i tråd med Olympiatoppen sine tilrådingar idrettslaga og særkrinsane/regionane stimulerer til kompetanseutvikling, læring og samarbeid Vedtak:

IDRETTSKRINS TINGET 2016 9. april2016 7.0 Val Valnemnda sitt framlegg: Innleiing v/gunnar Harstad, leiar i valnemnda. 7.1 I drettskrins s tyre: Verv Namn Stad Idrettslag Ny/ Attval Leiar: Nils R. Sandal Byrkjelo Breimsbygda IL Attval Nestleiar: Arve Heimdal Jølster Stårheim IL Attval Styremedlem: Ruth-Sølvi Helland Florø Florø Sportsklubb Attval Styremedlem: Lilly Schøyen Sogndal Sogndal IL Attval Styremedlem: Martine Viken Viksdalen Viksdalen IL/Førde VBK Ny 1. varamedlem: Ingrid Heien Sandane Gloppen HK Attval 2. varamedlem: Stian Grimseth Naustdal Tambarskjelvar IL Attval 7.2 Kontrollkomite Verv Namn Stad Idrettslag Ny/ Attval Medlemar: Terje Gjertsen Førde Førde IL Attval Bjørg Eikum Tang Sogndal Sogndal IL Attval Varamedlemar: Ann Kristin S. Vindheim Førde Førde IL Attval Terje Steinar Vallestad Viksdalen Viksdalen IL Attval 7.3 Representantar til idrettstinget Framlegg til VEDTAK: Idrettskrinstinget gir idrettskrinsstyret fullmakt til å nemne opp representantar til Idrettsting og eventuelle ekstraordinære Idrettsting. 7.4 Valnemnd til neste Idrettskrinsting Idrettskrinsstyret sitt framlegg: Leiar: Magne Knudsen, Årdalstangen IL Medlem: Siss May Edvardsen, Tambarskjelvar IL Medlem: Jorunn Åsfrid Røyrvik, Vik IL Varamedlem: Sindre Roska, Førde VBK

IDRETTSKRINSTINGET 2016 8.0 Fråsegn FRÅSEGN LANDSLINJE FOR LANGRENN OG SKISKYTING I STRYN Idrettskrinstinget gjev full støtte til arbeidet med å etablere ei landslinje for langrenn og skiskyting i Stryn. Det politiske vedtaket om nedlegging av idrettslinja ved Stryn vidaregåande skule er beklageleg for Sogn og Fjordane idrettskrins v/ Idrettskrinstinget, når ein ser kva som er bygd opp av kompetanse og anlegg med stor fylkeskommunal støtte over tid. Fylkeskommunen har i mange samanhengar gått inn med økonomisk støtte, m.a. med den grunngjeving at det skaper merksemd. Få har vel skapt større merksemd enn nettopp utøvarane med bakgrunn i idrettslinja ved Stryn vidaregåande og skianlegget Ullsheim i Markane. Alternativet til tilbodet i Stryn er at dei beste utøvarane reiser til skular på Austlandet. Dei lokale miljøa blir utvatna, og dei nest beste vel andre utdanningstilbod og legg skia på hylla. Dermed har ein valt ei løysing som byggjer ned utviklingsmoglegheitene innan idretten, i staden for å bygge opp. Også i dag er det utøvarar som vel tilbod på Austlandet, men ved å etablere ei landslinje vil endå fleire utøvarar bli i heimefylket, medan dei fullfører vidaregåande skule. Det vil truleg også auke sjansen for å flytte heim seinare. Med dagens politiske system står fylkesgrensa til Møre og Romsdal som ein usynleg «mur» mellom utøvarane. Ullsheim er treningsstaden for utøvarar frå Volda, Ørsta og indre Sunnmøre. Til tider også Molderegionen. Ved å få i stand ei landslinje vil ikkje fylkesgrensa vere til hinder for at desse ungdomane kan få eit samla trenings- og utdanningsmiljø knytt opp mot den kompetansen som alt er utvikla ved Stryn vidaregåande og anlegget som er bygd opp i Markane. Trenarkompetansen finst fortsatt ved skulen, men denne vil truleg forsvinne om tilbodet ikkje kjem tilbake innan 2016-2017. Sogn og Fjordane idrettskrins v/ Idrettskrinstinget støttar arbeidet med å etablere ei landslinje for langrenn og skiskyting i Stryn. Idrettskrinsstyret gjer slikt framlegg til VEDTAK: Idrettskrinstinget støttar fråsegna. Bakgrunn: Sogn og Fjordane Skiskyttarkrins og Sogn og Fjordane Skikrins kom med innspel til styret i idrettskrinsen til fråsegn om landslinje for langrenn og skiskyting i Stryn. Idrettskrinsstyret la fram fråsegna for Idrettskrinstinget.

IDRETTSKRINS TINGET 2016 Utmerkingar: Prisen «Årets frivillig i fylket - Idrettsnamnet 2016» vart delt ut til Elisabeth K. Vindfjell frå Eid Symjeklubb. Idrettskrinsstyret vedtok at årets pris skulle delast ut til ein frivillig under 26 år, med bakgrunn i at 2016 er idretten sitt ungdomsår. 40-års idrettsmerke m/ NIF-diplom: 50-års idrettsmerke m/ NIF-diplom: Aslaug Thingnes Bø, Stryn Turn og Idrettslag Else Tystad, Fjellhug/Vereide IL Ståle Mulehamn, Svelgen Turn og Idrettsforening Nils Haugen, Hornindal IL Følgjande vart takka med blomsterhelsing: Aslaug Thingnes Bø, Klemet Bø, Reidar Sandal, Aud Kari Isane, Gunnar Harstad, Ingar Breilid, Thea Lunde Christiansen, Synne Aafedt Liljedahl, Ingebjørg Erikstad, Nils R. Sandal, Arve Heimdal, Ruth-Sølvi Helland, Lilly Schøyen. Før opninga av Idrettskrinstinget var det innslag frå Florø Taekwondoklubb. Etter lunsj var det innslag frå Friskis & Svettis Florø. Nils R. Sandal takka tingforsamlinga og heva tingsetet. Idrettskrinstinget 2016 vart heva kl. 16.27 laurdag. ~;~ 0 Ø Hallvar ygård Kirstin Bruland