RV 555 Hovudsambandet Sotra - Bergen Siling: Kulturminneregistrering Sepember 2006
OMRÅDA: Område 1. Område med naustbebyggelse, brygger og eldre bro. Naustmiljøet: Naust og brygger ligg på begge sider av Bildøystraumen. Nausta, ligg hovudsakeleg på austsida av straumen, i ei fin, naturleg og ujamn rekke. Nausta er ei blanding av eldre og nyare. Nausta varierar i storleik, farge og eksteriør, er godt tilpassa kvarandre, og utgjer til saman eit svært fint miljø. Dei fleste av dei eldre nausta finnest i sefrak-arkiva, og fleire av dei er bygd på 18800-talet. Mange av dei nye nausta står på murar etter gamle naust. På vestsida av straumen er det meir prega av færre, større og nyare sjøhus og stordelen av arealet er bryggjer. Her ligg mellom anna den gamle Prestabryggja. Prestabryggja ved Bildøybakken var lendingsplass for prestar og kyrkjefolk gjennom generasjonar. Bryggja er truleg bygd før eller omkring 1840-åra. Bryggja er ei karakteristisk trappebryggje i stein. Bryggje utgjorde ein viktig del av det gamle veg- og rutenettet i Fjell generelt og til Fjell kyrkje spesielt. Etter at det vart bygt bru over Bildøysundet i slutten av 1920-åra, innhenta forfallet den gamle bryggja. Hausten 2003 vart den gamle bryggja sett i fullgod stand. Brygga er vurdert som fredingsverdig, og verneverdien er sett til høg. Konklusjon: Området har stor lokal verdi og alternativ med trasear som kjem inn på området vert ikkje tilrådd.
Område 2. Dette er eit område med eldre gardsmiljø. Dei fleste eldre bygningane i gardsmiljøet er Sefrak- registrerte, og er bygd kring førre hundreårskifte. Gardane på Storhaugen ligg som ei oase frå gamle dagar midt i eit område prega av nyare utbygging og skulesenter. Bruka er godt haldne, innmarka vert slegen og i utmarka beiter suene. Mellom bruka er det svært fine steingardar. Her finn du og grinder som må lukkast på grunn av beitedyr. Området framstår som autentisk, og alle hus og uthus er godt tekne vare på. Ingen av bygningane har høg einskildverdi, men miljøet utgjer ein heilskap med høg lokal verdi. Det er ei grøn lunge i eit elles karrig kystlandskap med utbygde områder. Gardsmiljøet har og ein høg identitetsverdi for nærmiljøet og for heile Bildøy. Ein annan kvalitet i miljøet er gamlevegen, som fleire stader ligg med fine murar på ei eller begge sider, og nokre stader har stabbesteinar. Konklusjon. Området har lokal stor verdi og alternativ med trasear som kjem inn på området vert ikkje tilrådd.
Område 3. Arefjorden. Område med blanding av gammal og ny bebyggelse. Her er gardar med dyrka mark, beitemark og bustadhusbegyggelse. I dette området er det viktig at ikkje moglegheitene for beiting vert øydelagt, fordi beiting er viktig for å oppretthalde kulturlandskap og andre landskapskvalitetar. Området er under stadig bustadutbygging. I Straumen er det naust og sjøhusbebyggelse. Over straumen ligg ei eldre bru. I Arefjordpollen er det hyttebebyggelse, både eldre og nyare. Inst i pollen er det mura opp ein lang stor mur, truleg i første halvdel av førre århundre. Det er ukjent kva dette er, det ser ut som ei stor brygge, noko det ikkje vere fordi pollen er alt for grunn. Konklusjon. Området har lokal middels til låg verdi. Område 4. Område med industribebyggelse; fabrikkanlegg og arbeidarbustadar. Knarrevikanlegget vart bygd under første verdskrig i 1917-18. Fabrikken produserte då gjødsel. Alle arbeidarbustadane (de kvite husa i skolebakken ) vart bygd for arbeidarar og funksjonærar på anlegget. Industristaden Knarrevik slik han står fram i dag vart reist i åra 1915-1922. Desse
bygningane avspeglar dei den hierarkiske ordninga ved verksemda den tida; husa er inndelt i arbeidar-, formanns- og funksjonærbustader. Bygningane er ferdighus teikna av arkitekt Einar Oscar Schou. Etter 1917 vart det oppretta fast skule på Knarrevik. Først heldt skulen til i brakkene,sidan flytta mellom ulike husvære inntil den nye skulen sto ferdig i 1922. Skulehuset Utsigten vart også teikna i nyklassistisk stil av Schou. Etter ein konkurs i 1922 vart mange av husa selde og flytta til andre industristader som Sauda, Odda og Høyanger i perioden 1928-1935. Det var ingen aktivitet på anlegget før Norwegian Talc starta opp si verksemd i 1935. I 1969 vart heile produksjonsavdelinga med maskiner og utstyr totalskadd ved brann. Men fabrikken vart bygd opp igjen, og er i dag i full drift. På området står og den gamle Knarrevikløa, som var i bruk som stall og løe for fabrikken. Sotrabrua sto ferdig i 1971, og var då landet si lengste bru. Brua kjem i land midt i området. Konklusjon. Området har lokal, regional og nasjonal stor verdi. Innanfor området er det einskildobjekt med både stor og middels til stor verdi. Arbeidarbustadene i Knarrevik inngår i eit heilskapeleg bygningsmiljø, med fabrikkbygningar, funksjonærbustader og direktørbustad med meir. Miljøet er tidstypisk for relativ tidleg industrialiseringsfase. I tillegg til bygningane knytte til fabrikken er Sotrabrua eit byggverk av stor verdi. På grunn av området sin karakter, med no moderne industri og allereie store veganlegg, kan det kanskje tole ytterlegare vegutbygging. Men berre om ein tek omsyn til eksisterande bygningar og miljø. Om einskiltobjekt eller viktige delar av miljøet kjem i direkte konflikt med ein trase, bør traseen flyttast. Område 5. Søre Drotningsvika. Gammal stoppestad for dampbåtar. Konklusjon. Dersom det vert direkte konflikt mellom dette kulturminnet og eit alternativ, må det undersøkjast nærmare.
Kjelder. www.fjell.kommune.no www.fylkesmannen.no Sefrakarkiva Kulturhistorisk vegbok for Hordaland