Nasjonale prøver 17.08.2012



Like dokumenter
Nasjonale prøver

Rettleiing del 3. Oppfølging av. resultata frå. nasjonal prøve i lesing på engelsk. 5. steget

Nasjonale prøver

Nasjonale prøver

Nasjonale prøver

Veiledning del 3. Oppfølging av. resultater fra. nasjonal prøve i lesing på engelsk. 5. trinn

Nasjonale prøver

Vurderingsrettleiing 2012

NASJONALE PRØVER En presentasjon av resultatene til 5.trinn ved Jåtten skole, skoleåret

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Vekeplan 4. Trinn. Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag AB CD AB CD AB CD AB CD AB CD. Norsk Matte Symjing Ute Norsk Matte M&H Norsk

6. trinn. Målark Chapter 1 Nynorsk. Kan godt. Kan litt. Kan ganske godt. Read and listen

Foreldreundersøking i skule 2006

Nasjonale prøver

Kartleggingsprøve i engelsk 3. trinn

Nasjonale prøver

Nasjonale prøver

Rettleiing del 1 til nasjonal prøve i lesing 2009

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Rettleiing del 3. Oppfølging av. resultata frå. nasjonal prøve i rekning. 8. steget

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar 2016

ungdomsstrinn i utvikling Praktisk og variert undervisning

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:

Årsplan for Norsk

Prøveutviklere omfatter både de som utvikler og administrerer prøver, og de som tar politiske beslutninger for bestemte prøver.

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/ Ane Gjerde 1. mai 2014

ÅRSPLAN I ENGELSK FOR 5.TRINN 2015/2016 Hovudlæreverk: Strairs. Veke TEMA MÅL (K06) LÆRINGSMÅL INNHALD ARBEIDSFORM (Læringsstrategia r)

ÅRSPLAN I ENGELSK FOR 5.TRINN 2018/2019 Hovudlæreverk: Strairs. Veke TEMA MÅL (K06) LÆRINGSMÅL INNHALD ARBEIDSFORM (Læringsstrategia r)

INSTITUTT FOR SPESIALPEDAGOGIKK Det utdanningsvitenskapelige fakultetet Universitetet i Oslo

Kartleggingsprøver 2016

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Neon Studiebok, kapittel 1. - skriva dikt, individuelt tekster i ulike. og saman med andre. sjangere, både. - presentera dikt skjønnlitterære og

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule a

BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring INFORMASJONSHEFTE

Den grunnleggende ferdigheten å kunne regne. Introduksjon

Tys Innlevering av 2. utkast i norsk i slutten av timen. Veke 49 Mån Tys 1.12 Ons 2.12 Tors 3.12 Fre 4.12 Haustprøve i norsk hovudmål

Årsplan i norsk, skuleåret

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Retningslinjer for gjennomføring

Teknisk rapport og analyse av resultat frå Nasjonale prøvar i engelsk 2008

Årsplan. for 4. årstrinn nynorsk

Rettleiing. Nasjonale prøver i rekning for 5. trinn. Versjon: juli 2010, nynorsk

felles fag på 6. og 7. årssteget

Kurs i livsstilsendring Er det mogleg å hjelpe nokon til å endre livsstil??

Reviderte læreplaner konsekvenser for undervisningen?

Mal for vurderingsbidrag

Vurdering på barnetrinnet. Nå gjelder det

Fyll inn datoar i rutene etter kvart som du set deg mål og når dei. Mitt mål Språk: Dette kan eg

Vedrørende høring NOU 2010:7 Mangfold og mestring

Rettleiar for gjennomføring av undervisningsevalueringa ved dei vidaregåande skolane

TILSYNSRAPPORT. Skulebasert vurdering. Hordaland fylkeskommunekommune Olsvikåsen videregående skole

ÅRSPLAN I MATEMATIKK 1. KLASSE BREIVIKBOTN SKOLE Lærer: Turid Nilsen

VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE

Kartleggingsprøve i digitale ferdigheiter for 4. trinn

Læringsmiljø Hadeland. Felles skoleutviklingsprosjekt for Gran, Lunner og Jevnaker. Vurderingsbidrag

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: /2012/000/&00 Sverre Hollen,

Informasjon til foreldre om regelverket i grunnskolen (nynorsk)

Nasjonale prøver

prøver i veke 39. Her vil ein kunne korleis elevane presterer i lesefart- og forståing, diktat av enkeltord og setningar og alfabetet.

2. Sjå tiltak under punkt Ikkje aktuel

Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med:

Eksamen Bokmål side 2 5. Nynorsk side 6 9

Informasjon til elevar og føresette: Kva er nytt i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa frå hausten 2006?

Matematikk 1, 4MX1 1-7E1

ÅRSPLAN I MATEMATIKK 2. KLASSE BREIVIKBOTN SKOLE

Halvårsplan, hausten 2011

Plan for rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule. Jørn

Opplæringsloven 5-4. Unni Dagfinrud Seniorrådgiver

Trinn 4. Periodeplan 1. Gjennomgående læringsmål for alle periodene KJENNETEGN PÅ MÅLOPPNÅELSE

Fyll inn datoar i rutene etter kvart som du set deg mål og når dei. Mitt mål Språk: Dette kan eg

Svar på én av disse to oppgavene (enten oppgave 1 eller oppgave 2): Oppgave 1: Tidlig innsats og evaluering i spesialpedagogisk arbeid

Kartleggingsprøve i lesing 3. trinn

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Årsplan i norsk for 1.årssteg

6. trinn. Målark Chapter 1 Bokmål. Kan godt. Kan litt. Kan ganske godt. Read and listen. Jeg kan lytte til en tekst og forstå hvor handlingen foregår.

Retningslinjer for gjennomføringa av nasjonale prøver hausten 2010

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

4. samling for ressurspersoner pulje og 27. november Ida Large, Reidunn Aarre Matthiessen og Trude Saltvedt

LESING, LÆRING OG VURDERING PÅ STORETVEIT SKOLE

Fyll inn datoar i rutene etter kvart som du set deg mål og når dei. Mitt mål Språk: Dette kan eg

Læreplan i matematikk 2P

ENGELSK ÅRSPLAN. 6.TRINN. 2015/2016. BOK:A new scoop 6.

Reviderte læreplaner skoleåret 2013/2014

Morsmålsaktiviserende læring og muligheter. Espen Egeberg Seniorrådgiver Statped sørøst

RAPPORTSKJEMA FOR BRUK AV FOU-MIDLAR FRÅ NYNORSKSENTERET

PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen...

ORDINÆR/UTSATT EKSAMEN Sensur faller innen

8. MOTTAK AV NYTILSETTE OG SLUTTSAMTALE FOR TILSETTE SOM SLUTTAR I KOMMUNEN

Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn.

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

delta i utforskende samtaler om litteratur, teater og film

Læreplan i visuell kultur og samfunn - valfritt programfag i studiespesialiserande utdanningsprogram, programområde for formgjevingsfag

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Slope-Intercept Formula

Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune

Mat og livsstil 2. Aktuelle kompetansemål. Beskrivelse av opplegget. Utstyr ARTIKKEL SIST ENDRET: Årstrinn: 8-10.

TILSYNSRAPPORT. Skulen sin gjennomføring av nasjonale prøver. Hjartdal kommune - Sauland skule. Fylkesmannen i Telemark

Transkript:

Nasjonale prøver 17.08.2012 Rettleiing til lærarar engelsk 5. steget Nynorsk

Innhold Endringar ved årets gjennomføring 2012... 3 1 Nasjonal prøve i engelsk på 5. steget... 4 Kva måler prøva?... 5 Korleis bruke prøva i arbeidet med vurdering for læring?... 6 2 FØR PRØVA... 8 Informasjon til elevane... 8 Informasjon til føresette... 8 3 UNDER GJENNOMFØRINGA... 10 4 ETTER PRØVA... 11 Resultat og oppfølging... 11 Meistringsnivåa... 11 Oppfølging av resultata i lærarkollegiet... 13 Oppfølging av elevgruppa... 14 Prøva som ledd i engelskopplæringa... 15 Oppfølging av den enkelte eleven... 20 Ansvaret til skoleleiaren... 22 Tips til informasjon og aktuelle ressursar... 23

Endringar ved årets gjennomføring 2012 I år startar tilrettelegginga for å måle utviklinga over tid på nasjonale prøver i engelsk. Når vi gjer dette, vil skolane få betre informasjon om elevane sine resultat i engelsk utviklar seg positivt eller negativt. I dag kan skolen berre samanlikne sine resultater med nasjonalt nivå det same året. Dersom mange skolar har hatt framgang i år, så vil ein framgang på din skole ikkje alltid visast. Eit utval elevar i Noreg kjem til å få ei eiga prøve, kalla ankerprøve, der nokre av oppgåvene er like kvart år. Resultata for dei oppgåvene som er like, blir så samanlikna med resultata for dei oppgåvene som varierer frå år til år. Nokre av dine elevar kan vere ein av dei som får ei såkalla ankerprøve i år. Dette inneber at nokre av oppgåvene i denne prøva er ulike den ordinære prøva og er hemmelege. Det er altså ikkje ein feil dersom du ser at ein eller fleire elevar i di gruppe får andre oppgåver enn resten av gruppa. Fordi oppgåvene i ankerprøva må vere hemmelege, kan du ikkje få tilgang til desse oppgåvene under og etter gjennomføringa med PGS monitor. Årsaka til at oppgåvene må vere hemmelege, er at dei skal brukast fleire år på rad for å berekne utviklinga over tid på nasjonale prøver. Elevane vil ikkje merke at noko er annleis under gjennomføringa. Oppgåvene som skal haldast hemmelege, har lik vanskegrad og kan samanliknast med dei oppgåvene som resten av gruppa gjennomfører. Prøvene har like mange oppgåver og samme totale poengsum. Etter endt gjennomføring kan du hente ut resultatrapportar frå PAS på same måte som for dei ordinære prøvene. Poengsummen til eleven/elevane vil gi informasjon om kva for meistringsnivå eleven/elevane kjem på, og vil telje med i berekninga for skolens resultat.

1 Nasjonal prøve i engelsk på 5. steget Denne rettleiinga er skriven for deg som har elevar som skal gjennomføre nasjonal prøve i engelsk på 5. steget. Rettleiinga inneheld råd og retningslinjer for kva som bør gjerast før, under og etter gjennomføringa. Siste del av rettleiinga seier noko om korleis resultata kan brukast til vidare oppfølging, og gir råd til arbeidet med engelsk. Du kan lese meir om nasjonale prøver på Utdanningsdirektoratets nettsider (www.udir.no). Prøva skal gjennomførast i Prøvegjennomføringssystemet (PGS). Informasjon om den tekniske gjennomføringa står i PAS/PGS-brukarrettleiinga som du finn på Utdanningsdirektoratets nettsider. Det er viktig at du har sett deg inn i innhaldet i denne rettleiinga i god tid før sjølve prøvedagen. Ta kontakt med skoleleiinga dersom du har spørsmål om gjennomføringa. Bakarst i rettleiinga finn du ei oversikt over ansvaret til skoleleiinga før, under og etter gjennomføringa. NASJONALE PRØVER Kva er føremålet med nasjonale prøver? Prøvene skal gi informasjon til elevar, lærarar, skoleleiarar, føresette, skoleeigarar, dei regionale styresmaktene og det nasjonale nivået som grunnlag for kvalitetsutvikling i opplæringa. Kva måler nasjonale prøver? Prøvene skal undersøkje i kva grad elevane sine ferdigheiter er i samsvar med med måla i læreplanen for dei grunnleggjande ferdigheitene i rekning og i lesing og i delar av faget engelsk. Nasjonale prøver gir informasjon om elevar på alle nivåa. Må alle elevar ta nasjonale prøver? Prøvene er obligatoriske. Skoleleiaren kan berre vurdere fritak for elevar med rett til spesialundervisning eller særskild språkopplæring for språklege minoritetar, der resultatet frå prøva eleven blir friteken frå, ikkje vil ha mykje å seie for eleven si opplæring. Kan elevar få tilrettelagde prøver? Enkelte elevar kan ha behov for særskild tilrettelegging under gjennomføringa av ei nasjonal prøve. Skoleleiaren har ansvar for all slik tilrettelegging. Prøvene i rekning og lesing er tilrettelagde for punktskrift- og teiknspråkbrukarar. Kven har ansvaret for gjennomføringa av nasjonale prøver? Ved offentlege skolar er det kommunen som har det overordna ansvaret for gjennomføringa, ved private skolar er det skolestyret som har dette ansvaret. Skoleleiaren er ansvarleg for gjennomføringa av nasjonale prøver på sin skole etter retningslinjene som er gitt i rettleiinga til skoleleiarar og skoleeigarar.

Kva måler prøva? Engelsk er ikkje ei av dei grunnleggjande ferdigheitene, slik dei er beskrevet i LK06. Derfor skil prøva i engelsk seg frå dei andre nasjonale prøvene ved at ho er knytt til kompetansemåla i berre eitt fag engelsk. Oppgåvene i prøva måler ikkje alle sider av det å kunne engelsk, berre leseforståing, vokabular og grammatikk. Det er viktig å vere klar over at ein ikkje kan sjå på dei tre aspekta som prøva måler, som isolerte kompetanseområde, men at dei seier noko om hovudføremålet med dei enkelte oppgåvene. PRØVA MÅLER ELEVANE SI EVNE TIL å finne informasjon og forstå hovudinnhaldet i enkle tekstar Dette impliserer også at elevane kan: forstå vanlege ord og uttrykk knytte til daglegliv og fritid, forstå kva ord og uttrykk tyder ut frå samanhengen dei er brukte i bruke nokre vanlege grammatiske strukturar, småord og enkle setningsmønster Prøva tek utgangspunkt i kompetansemål etter 4. steget. Døme på kompetansemål lese og forstå hovudinnhaldet i tekstar om kjende emne forstå og bruke vanlege engelske ord og uttrykk knytte til daglegliv, fritid og interesser forstå kva ord og uttrykk tyder ut frå samanhengen dei er brukte i bruke nokre vanlege grammatiske strukturar, småord, enkle setningsmønster og stavemåtar Prøva er konstruert slik at nokre oppgåver måler generell leseforståing, mens andre først og fremst måler vokabularforståing eller evne til å bruke spesifikke grammatiske strukturar. Leseforståing Generell leseforståing inneber å kunne finne relevant informasjon og å forstå hovudpunkta i ein tekst; her er det ikkje nok berre å kjenne att enkelte ord. Vokabular Å beherske vokabular inneber å forstå kva enkelte ord og faste uttrykk i ein kontekst tyder. Her er det snakk om leksikalske ord (til dømes house, run, sad) heller enn funksjonsord som er meir knytte til grammatikk. Grammatikk Å beherske grammatikk inneber ei forståing av setningsstrukturen (syntaksen), til dømes ordstillinga i spørsmål, og ordformer (morfologi), til dømes goes, boxes, i ein kontekst. Funksjonsord (til dømes the, in, my) er òg viktige å forstå.

Korleis bruke prøva i arbeidet med vurdering for læring? Vurdering for læring handlar om å bruke informasjon om elevane dine til å tilpasse opplæringa og gi elevane råd om vegen vidare. Resultata frå nasjonale prøver kan brukast slik dersom resultata blir analyserte og brukte vidare i opplæringa av deg som lærar og av elevane sjølve. For å bruke resultata frå prøva til vidare arbeid med engelsk, vil det vere nyttig å sjå dette i samanheng med fire prinsipp for vurdering for læring. Desse prinsippa er sentrale i arbeidet med undervegsvurdering som er forklart i forskrift til opplæringslova. FIRE PRINSIPPER Elevane sine føresetnader for å lære kan styrkjast dersom elevane 1. forstår kva dei skal lære, og kva som er forventa av dei. 2. får tilbakemeldingar som fortel dei om kvaliteten på arbeidet eller prestasjonen. 3. får råd om korleis dei kan forbetre seg. 4. er involverte i eige læringsarbeid ved mellom anna å vurdere eige arbeid og utvikling. Elevane skal forstå kva dei skal lære, og kva som er forventa av dei Når du jobbar med prøver og vurdering, er det viktig at elevane veit kvifor dei blir vurderte, og kva som er forventa av dei. Elevane må vite kvifor det er viktig å arbeide med engelskfaget. Snakk derfor med elevane om kva som er føremålet med prøva, og kva prøva måler. Elevane må òg informerast om korleis dei skal svare på ulike oppgåvetypar, og kva dei skal gjere dersom dei ikkje forstår ei oppgåve. Prøveforma kan vere ukjend for somme elevar, og god førebuing kan gjere prøveforma føreseieleg og skape tryggleik. Elevane må vere budde på at dei kan få oppgåver som er vanskelege. Bruk gjerne eksempeloppgåvene på Utdanningsdirektoratets nettsider. Gi tilbakemeldingar og råd om vegen vidare Vurdering kan brukast til å gi elevane tilbakemeldingar som fortel dei om kvaliteten på arbeidet eller prestasjonen, og råd om korleis dei kan forbetre seg. Meistringsbeskrivingar og informasjon om oppgåvene i prøva kan gi deg eit bilete av kva elevane dine meistrar, og kva dei må arbeide vidare med. Denne informasjonen bør du sjå i samanheng med annan informasjon du har om elevane frå før, og han bør brukast i dialogen med elevane og deira føresette. Føresette må få informasjon om kva eleven meistrar, og kva dei må arbeide meir med, slik at det blir mogleg for dei å delta i oppfølginga. Involver elevane Du bør involvere elevane når du går igjennom prøva. Det å spørje elevane om kva dei trur dei har fått til, og kva dei bør øve meir på, kan medverke til at dei reflekterer over eiga meistring. Etter at resultata er gjennomgått, kan det vere nyttig å la elevane vere med på å reflektere over svara sine og planleggje kva dei kan gjere for å forbetre seg. Eigenvurderingar frå elevane kan gi deg viktig informasjon om kva dei synest er vanskeleg, og kva dei må arbeide meir med. Eigenvurdering kan òg medverke til at elevane får eit meir bevisst forhold til sin kompetanse i engelsk.

Viktig å tenkje igjennom før prøvegjennomføringa Korleis skal eg førebu elevane i forkant av prøva? Korleis skal eg bruke resultata i tilbakemeldingar eg gir til elevar og føresette for å fremje vidare læring? Korleis skal eg involvere elevane i arbeidet med resultata?

2 FØR PRØVA Før prøva er det viktig at både elevane og deira føresette kjenner til dei nasjonale prøvene og føremålet med å gjennomføre dei. Elevane må bli kjende med nasjonale prøver i forkant av prøvegjennomføringa ved å bruke eksempeloppgåver og tidlegare oppgåver som du finn på Utdanningsdirektoratets nettsider. Føremålet med å gjennomgå eksempeloppgåvene er at elevane skal bli kjende med oppgåveformatet og bli trygge på prøvesituasjonen. Eksempeloppgåvene er ikkje fullverdige prøver, men gir eksempel på oppgåvetypar som elevane møter i prøva. Det finst ikkje vurderingsrettleiingar eller fasit til desse oppgåvene, og resultata skal ikkje registrerast i PAS. Informasjon til elevane Det er viktig at du i forkant av prøva fortel elevane kva prøva måler, og kvifor det er viktig å arbeide med faget engelsk. Elevane skal vite at prøva er laga slik at ho måler kompetanse og ferdigheiter på alle nivå, og elevane må vere førebudde på at dei kjem til å få oppgåver som dei synest er vanskelege. INFORMASJON TIL ELEVANE FØR PRØVA Prøva måler delar av faget engelsk med fokus på leseforståing, vokabular og grammatikk. Prøva skal gi læraren informasjon om kva den enkelte eleven treng for å bli betre i engelsk. Det blir laga nye oppgåver og prøver kvart år. Oppgåvene er laga til kompetansemål for 4. steget. Prøva har både lette, middels og vanskelege oppgåver. Rett svar på oppgåva gir 1 poeng, det blir ikkje gitt delpoeng eller trekt poeng for feilsvar. Prøva skal gjennomførast elektronisk. Prøva består av ulike oppgåvetypar (fargeleggje, flytte på bilete, klikke på enkeltord, bilete, tekstblokker eller rett svaralternativ). Dersom elevane ikkje er sikre på svaret, bør dei svare det dei trur er rett. Prøvetida er 60 minutt, og elevane må sitje tida ut. Elevane skal ha med seg blyant og kladdeark. Ingen andre hjelpemiddel er tillatne. Informasjon til føresette Det er viktig at føresette får god informasjon om prøva i forkant av gjennomføringa. Skolen får ein foreldrebrosjyre i trykt versjon på bokmål og nynorsk. I denne brosjyren blir det informert om alle dei nasjonale prøvene. Føresette til elevar som skal gjennomføre nasjonale prøver, skal få utdelt ein slik brosjyre ved skolestart. Brosjyren er omsett til samisk (nord-, sør- og lulesamisk) og engelsk, og kan lastast ned som pdf-filer frå Utdanningsdirektoratets nettsider. Etter gjennomføringa er det viktig at resultata og råd om vegen vidare blir kommunisert med føresette, slik at dei kan følgje med på og støtte opp om utviklinga til sitt eige barn.

SJEKKLISTE FOR LÆRAREN Eg har gjennomført eksempeloppgåvene til prøva snakka med elevane om føremålet med prøva snakka om at prøva skal hjelpe elevane vidare i opplæringa sytt for at føresette er informerte om gjennomføringa, og at dei har fått foreldrebrosjyren vore tilgjengeleg for føresette som har spørsmål om prøva sett av tid i vekeplanen til gjennomføringa

3 UNDER GJENNOMFØRINGA Prøva skal gjennomførast i Prøvegjennomføringssystemet (PGS). Informasjon om den tekniske gjennomføringa står i PAS/PGS-brukarrettleiinga for skolen. Rettleiinga finn du på Utdanningsdirektoratets nettsider. ELEVANE SI PÅLOGGING Elevane skal logge seg på den elektroniske prøva i engelsk på: https://pgsc.udir.no Pålogginga føreset at brukarnamn og passord som elevane skal bruke for å gjennomføre dei elektroniske prøvene, er henta frå PAS. Elevane treng eit dagspassord. Korleis dei får dette, er forklart nærmare i brukarrettleiinga for PAS/PGS. Elevane bør sitje slik at dei ikkje ser prøvene til kvarandre under gjennomføringa. SJEKKLISTE FOR LÆRAREN Eg har informert elevane om føremålet med prøva og oppgåvetypar prøvetid og eventuell tilrettelegging Eg skal støtte og gi tryggleik til elevane som skal gjennomføre prøva

4 ETTER PRØVA I denne delen får du informasjon om korleis resultata blir presenterte, og korleis du kan bruke resultata i den vidare oppfølginga av elevane dine. Resultat og oppfølging Dei endelege resultata frå nasjonale prøver blir publiserte i Skoleporten 6 til 8 veker etter gjennomføringa. Elevane blir fordelte på dei ulike mestringsnivåa etter den poengsummen dei får på prøvene. For å betre oppfølginga av elevane dine får du tilgang til førebelse poenggrenser for meistringsnivåa i PAS kort tid etter gjennomføringa. Dei viser kva for meistringsnivå elevane dine mest sannsynleg vil vere på. Det er viktig å vere klar over at den førebelse utrekninga kan avvike noko frå dei endelege poenggrensene som blir publiserte i Skoleporten. Etter at resultata er registrerte, kan du hente ut ulike resultatrapportar i PAS som du kan bruke i oppfølginga av elevane dine. Dette finn du i PAS rapport med poengsummar per elev per oppgåve og totalt (rapporten heiter NP 01) rapport med fordeling på dei ulike svaralternativa, til dømes at 25 prosent av elevane svarte svaralternativ A (rapporten heiter NP 06) førebelse poenggrenser for meistringsnivåa Meistringsnivåa Elevane blir fordelte på dei ulike meistringsnivåa etter den poengsummen dei får på prøva. På 5. steget er det tre meistringsnivå, der nivå 1 er det lågaste nivået og nivå 3 det høgaste. Til kvart nivå følgjer det ein kort tekst som beskriv ferdigheitene til den typiske eleven på dette nivået. I beskrivinga for eit nivå blir ikkje ferdigheiter tekne opp att som allereie er beskrivne på eit lågare nivå. Nivåa er bygde opp med ein progresjon, slik at ein elev som har poengskår tilsvarande meistringsnivå 3, må ein gå ut frå har dei ferdigheitene som er beskrivne på nivå 1 til og med nivå 3. Krav til ferdigheiter som evne til refleksjon, analyse og vurdering av eigne svar, aukar med stigande meistringsnivå. Det er viktig å vere klar over at elevane innafor kvart nivå har fått ulike poengsummar på prøva, og at enkelte elevar kan ha fått ein poengsum som ligg nær ein grenseverdi mellom to nivå. Beskrivingane må derfor tolkast som ei generell beskriving av ferdigheitene til alle elevane på dette meistringsnivået. Det kan hende at ein elev til vanleg får til oppgåver som ho eller han ikkje fekk til på nasjonale prøver, eller at beskrivinga av meistringsnivået til eleven ikkje stemmer med det du veit om ferdigheitene til eleven. Derfor er det òg viktig at du støttar deg til annan informasjon du har om elevane frå før. Meistringsnivå 1 omfattar også elevar som har fått null eller svært få poeng på prøva. Det vil seie at nokre elever kan få ei beskriving som er meir positiv enn det prøveresultatet til eleven viser. Beskrivinga av meistringsnivå 1 kan likevel vere til hjelp for korleis eleven kan utvikle ferdigheitene sine. Nedanfor er meistringsnivåa for engelsk på 5. steget presenterte. Ein typisk elev på dette nivået kan: Meistringsnivå 1 Vokabular: kjenne att og forstå ein del vanlege engelske ord og Dette vil i praksis seie: forstå svært enkle instruksjonar, til

uttrykk når emnet har med personlege og kvardagslege tema å gjere forstå ein del engelske ord som liknar på norske ord Lesing: forstå nokre svært korte og enkle setningar få meining ut av nokre svært korte og tydelege tekstar Grammatikk: bruke nokre få enkle grammatiske strukturar, småord og svært enkle setningsmønster Meistringsnivå 2 Vokabular: kjenne att og forstå vanlege engelske ord og uttrykk når emnet har med daglegliv, fritid og interesser å gjere Lesing: forstå enkle setningar finne hovudinnhald i tekstar som består av fleire setningar med enkelt språk finne enkel og tydeleg informasjon i korte tekstar, ev. med støtte i bilete Grammatikk: bruke nokre enkle grammatiske strukturar, småord og enkle setningsmønster Meistringsnivå 3 Vokabular: forstå mange vanlege engelske ord og uttrykk når emnet har med daglegliv, fritid og interesser å gjere forstå ein del ord som har med kjensler og sinnsstemning å gjere Lesing: finne hovudpoeng og informasjon i korte og klart strukturerte tekstar, når språket er ganske enkelt forstå kva nokre ord og uttrykk tyder ut frå samanhengen dei er brukte i, når språket elles er ganske enkelt kople informasjon som er uttrykt på ulike måtar, når språket er ganske enkelt Grammatikk: bruke nokre vanlege grammatiske strukturar, småord og enkle setningsmønster dømes read, write, draw, colour forstå svært enkle og korte faktatekstar forstå ein enkel teikneserie ved å gjette kva nokre ord tyder lese og kjenne att nokre dikt og songar. forstå kva som står på nokre plakatar eller skilt Dette vil i praksis seie: forstå nok til å vite kva korte og enkle forteljingar handlar om forstå nokre korte og enkle faktatekstar forstå nokre enkle instruksjonar, til dømes oppgåver i engelskbøkene forstå hovudpunkt i nokre e-postar og postkort forstå nokre enkle dikt, rim eller songar Dette vil i praksis seie: forstå det viktigaste innhaldet i korte og enkle forteljingar forstå det viktigaste innhaldet i korte faktatekstar finne relevant informasjon i korte tekstar forstå det som står i nokre e-postar og postkort forstå nok til å vite kva tekstar i nokre aviser, blad og nettsider handlar om

Meistringsnivåa kan òg tolkast i høve til Europarådets Europeiske rammeverk, som er grunnlaget for Utdanningsdirektoratets språkpermar (www.fremmedspraksenteret.no). I rammeverket er det gjort greie for andrespråk/framandspråk på seks nivå: A1, A2, B1, B2, C1 og C2. A1 viser til begynnarferdigheiter, mens C2 viser til språkferdigheiter til ein vaksen på eit svært avansert nivå. Meistringsnivå 1 inneber at elevane beherskar ferdigheiter i lesing og ordforråd på engelsk i nokon grad slik dei er definerte for nasjonale prøver, og tilsvarer nivå A1 eller under på skalaen til Det europeiske rammeverket. Meistringsnivå 2 inneber at elevane beherskar ferdigheiter i lesing, ordforråd og grammatikk på engelsk i middels grad slik dei er definerte for nasjonale prøver, og inneber at elevane har ferdigheiter som er omtalte for A1, samtidig som dei er på god veg mot å kunne det som er omtalt for A2. Meistringsnivå 3 inneber at elevane beherskar ferdigheiter i lesing, ordforråd og grammatikk på engelsk i stor grad slik dei er definerte for nasjonale prøver, og tilsvarer ferdigheiter som er omtalte for A2 eller over. SJEKKLISTE FOR LÆRAREN Eg skal syte for at elevane og foreldra får tilbakemelding om resultata snakke med elevane om resultata og følgje dei opp sjå resultata i samanheng med annan informasjon om eleven Oppfølging av resultata i lærarkollegiet Det er naturleg å diskutere resultata frå nasjonale prøver i lærarkollegiet. Ved at lærarane i fellesskap oppsummerer resultata av prøvene, kan dei få oversikt over kva elevane meistrar, slik at dei kan samarbeide vidare. Resultata vil i dei aller fleste tilfella variere mellom elevgrupper. For å få mest mogleg informasjon frå den nasjonale prøva i engelsk kan ein samanlikne ei elevgruppe med andre elevgrupper, skolen samla, kommunen, fylket eller det nasjonale gjennomsnittet. Ved å sjå på gjennomsnittet og den prosentvise fordelinga på meistringsnivåa. Når skolen analyserer prøveresultata, er det viktig å ta omsyn til lokale forhold, mellom anna lokalt læreplanarbeid, satsingsområde eller kjenneteikn ved det enkelte årskullet eller den enkelte klassen. Spesielt ved små skolar og kommunar kan nokre få elevar som presterer veldig svakt eller veldig sterkt, gi store utslag på resultata. Resultata må også vurderast ut frå det generelle inntrykket av ferdighetene, motivasjonen og arbeidsinnsatsen til elevane.

Spørsmål til refleksjon og diskusjon Ser vi mønster eller tendensar i resultata for vår skole? Har vi annan informasjon som stadfestar eller avkreftar resultata frå nasjonale prøver? Viser resultata frå nasjonale prøver at det er behov for ytterlegare kartlegging? Kva for konsekvensar får resultata for den vidare praksisen ved skolen? Kva kan vi gjere for å forbetre dei resultata vi ikkje er nøgde med? Vidare arbeid med engelsk Korleis integrere engelsk i andre fag? Korleis kan vi vurdere elevane sin kompetanse i engelsk? Korleis veit vi kor flinke dei er, og kva dei er klare for å lese? Har vi materiell som passar til elevar på forskjellig alderssteg og forskjellig kompetansenivå? Korleis veit vi kva for bøker som passar til kven? Korleis involvere elevane i å vurdere eigen kompetanse og eigen framgang? Korleis motivere elevane til å lese meir engelsk? Korleis utnytte ressursane som finst på Internett? Oppfølging av elevgruppa Når resultata til elevane skal følgjast opp vidare, kan meistringsnivåa vere eit utgangspunkt. I praksis er leseforståing avhengig av vokabular og kunnskap om grammatikk. Til dømes: for å forstå det ein les, må ein òg ha kjennskap til orda i teksten. Ein tekst med enkle grammatiske strukturar er lettare å lese enn ein tekst med meir komplekse strukturar. Det er derfor viktig at du ikkje fokuserer for mykje på isolerte delferdigheiter i oppfølginga, men ser det som tendensar i resultata til elevgruppa. Generell leseforståing involverer å få ei god oversikt over kva teksten handlar om, og å finne relevant informasjon eller detaljar i ein tekst; det inneber også å kunne forstå og reflektere over aspekt ved innhaldet som ikkje er uttrykte eksplisitt i teksten. I tabellen under får du ei oversikt over faktorar som har noko å seie for vanskegraden i tekstar. Faktorar som har noko å seie for vanskegraden i tekstane Emne Ord og uttrykk Meistringsnivå 1 Meistringsnivå 2 og 3 Personlege og kvardagslege forhold Ein del svært vanlege ord og uttrykk som dei ofte støyter på Fleire ulike emne, til dømes daglegliv, fritid og interesser Dei fleste vanlege ord og uttrykk i tilknyting til dei aktuelle emna. Elevar på meistringsnivå 3 kan forstå kva ein del ukjende ord og uttrykk tyder ut frå samanhengen dei står i Setningar med varierte grammatiske strukturar Grammatiske strukturar og setningstypar Enkle setningar med relativt enkel og forventa struktur Tekstlengd Svært korte tekstar Tekstar som inneheld fleire setningar med ein klar

Kor tydeleg informasjonen er uttrykt Eintydig og klar informasjon. Svaret er lett å finne struktur Informasjonsstrukturen er noko meir kompleks. Noko konkurrerande informasjon. Teksten må lesast meir grundig Prøva som ledd i engelskopplæringa Alle elevar har noko kunnskap som kan utnyttast når dei lærer engelsk. Dette kan vere ting dei har lært både i og utanfor skolen, til dømes kjennskap til tekstar og konvensjonar frå førstespråket, og til dei vanlegaste sambanda mellom lyd og bokstav. Dei fleste vil òg kjenne til ein del engelsk vokabular og grunnleggjande setningsstruktur. I arbeidet med å utvikle elevane sin kompetanse i engelsk er det viktig å passe på at dei må bruke alle dei fire ferdigheitene å lytte, å lese, å snakke og skrive parallelt. Samtidig er det velkjent at ein elev som er flink til å lese engelsk, ofte har lese mykje engelsk, og ein elev som er flink å skrive engelsk, ofte har skrive mykje. Utviklinga av ferdigheiter i engelsk kan ein derfor ikkje sjå på isolert: Språket i opplæringa bør alltid vere engelsk. Du bør bruke engelsk i klasserommet og i størst mogleg grad unngå å omsetje frå engelsk til norsk eller omvendt. Munnleg arbeid lytte og tale er svært viktig når det gjeld å utvikle språkferdigheit. Elevane sine kommunikative ferdigheiter blir gradvis bygde opp frå enkle ord, frasar og strukturar til meir kompleks kommunikasjon. Elevar treng nødvendig vokabular og grammatiske strukturar for å bli flinke språkbrukarar. Du kan syte for å gi elevane den informasjonen dei treng for å meistre ein tekst/eit tema. Dersom det finst ein særskild struktur i ein tekst til dømes a/an, eintal/fleirtal, verbtider/bøying - nytt høvet til å lære/repetere det. For at elevane skal kunne lære eit nytt ord eller ein ny frase, same kva det er, bør dei få lov til å høyre, snakke, lese og skrive det, både isolert og i kontekst. Sjølv om dei har høyrt eit ord, gjer ikkje det at dei nødvendigvis kan skrive det. La elevane bruke nye ord, ikkje berre pugge og gjengi dei. Skriving er viktig på dette stadiet. Elevar bør oppmuntrast til å lage sine eigne tekstar utan å vere urolege for at alt nødvendigvis må vere korrekt. Har eleven staveproblem, prioriter da dei vanlegaste orda (til dømes with, were, I), ord som følgjer eit klart stavemønster (til dømes clock, nice), eller lydlike ord som lett kan forvekslast (to/two/too their/there/they re osv.). Det er viktig at elevane har tilgang på variert lesestoff (tekstar tilpassa elevar med ulik lesekompetanse, og tekstar med ulike tema og i ulike sjangrar). Sjå lenkjer til slutt i dette dokumentet. Arbeid i elevgruppa eit døme Ein enkel tekst kan vere utgangspunkt for mange ulike aktivitetar, og ein slik tekst kan brukast i arbeidet med å utvikle elevane sin kompetanse i lesing, vokabular og grammatikk. Teksten under er henta frå nasjonale prøver på 5. steget for nokre år sidan, og vi ønskjer å gi døme på korleis du kan bruke ein slik tekst i klasserommet.

Tekst : ----- Camping behind the house Last summer Hal and his friends camped in the woods behind his house. Benjamin had a three-man tent. It kept falling down though. One of the poles was broken. Hal found a big branch that they used instead. In the middle of the night, Jason woke up. He wanted a drink. It was dark and he couldn't see the tent door. Then his hand touched something frightening. It felt like a bunch of bones. He screamed and woke the others. Benjamin got up quickly and fell over. He knocked the branch and the tent fell on top of them. Hearing the screams, Hal's father, Mr Brown, came rushing to their rescue. They all had a good laugh. Førlesing Hugs at all kommunikasjon går føre seg på engelsk. Du kan bruke kroppsspråk, bilete, ting osv. for å illustrere. Mål Aktivitetar og lesestrategiar Døme Førebu elevane på teksten dei skal lese. Aktivere og utvikle elevane sitt vokabular. Her er det viktig å få tak i ord elevane allereie kan, og ikkje oppgi alle nye ord på førehand. Nokre ord må elevane kunne gjette seg til kva tyder. Samtale om tema «friends» og «camping». Utvikle tankekart. Lage ordlister eller ordbank med ord frå tankekartet som elevane vil «samle» på (til dømes: finne ord som liknar på /er forskjellige frå norske ord). Legg gjerne til nokre få ord du meiner dei treng for å forstå teksten. What sort of things do friends do together? What do you need if you are going to spend the night outside? Do any of the words in the mind map surprise you? Are there words you do not understand? Which words would you like to write in your own word wall (glossary)? Døme på ord: Tent, camp, sleeping bag, weekend, night, campfire, forest, trees, branch, yard, garden Lesing undervegs arbeid med tekstforståing og bruk av lesestrategiar og vokabular Mål Aktivitetar og lesestrategiar Døme Trene på å forstå hovudpunkt i teksten Trene på å finne spesifikke opplysningar i Lese med tidsfrist - maks 5 minutt for denne teksten. Fortel elevene at dei ikkje rekk å lese kvart ord, men at dei skal skumlese for å forstå hovudinnhaldet. Lese med kort tidsfrist - 30 sekund per spørsmål. Skanne etter opplysningar. Spørsmål på førehand: What do you think this story is about? What are the names of the persons in this story? How many persons are mentioned in the text?

teksten Trene på å sjå samanhengar i teksten Kontrollere eiga forståing og bruk av lesestrategiar Gjette kva ord tyder ut frå konteksten. Pararbeid: Lage ei tidslinje for kronologien i historia. Trene på å sjå logikken og samanhengar i handlinga ved hjelp av spørsmål. Be elevane vurdere kva for lesestrategi dei syntest var lettast å bruke for å forstå teksten. What does the word pole mean in this context? What happened first/next/then/finally? What frightened Jason? What do you think Jason touched? How was Mr. Brown able to come so quickly? Can we learn something from this story? Which reading strategy was easiest for you to use (skimming for main content, scanning for information, guessing words from context, making a timeline to see the order of events)? How did this help you understand the text? Etterlesing Mål Aktiviteter og lesestrategiar Døme Kontrollere eiga forståing Respons til teksten Utvikle vokabular Sjå på tankekartet og ordbanken som vart laga i førlesinga. Er det fleire ting dei vil leggje til i tankekartet om «friends» og «camping» no? Er det fleire ord dei vil leggje til i ordbanken sin om desse tema? Sjå på tidslinja elevane lagde undervegs mens dei las. Ønskjer dei å endre eller leggje til noko? Snakke og skrive om eit aspekt av teksten, til dømes dialog, brev, nyheitsrapport. Kjenne att og bruke dei nye orda, munnleg og skriftleg, i ei rad kontekstar eller oppgåver/spel. Arbeide med ordbank, synonym, antonym, beslekta ord. Do you want to add ideas or words to the mind map we made? Do you want to add any words to your word wall (glossary)? Do you want to change anything in your timeline, or add something? Jason phones his mother the next day: try to act out the phone call with a partner The friends are going camping again. In a small group imagine you are the friends, and decide on a list of things to take with you. How many words can you find that contain 'fright' (e.g. 'Frighten'). Which other words can you use that means almost the same as fright? Word bingo in groups, using words from the text. Pupils each make their own bingo cards, choosing any nine words. Write down five words from the text that you haven't used before. In small groups try to make a short factual text, story or poem, using all the words you have chosen.

Utvikle grammatisk kompetanse Bli merksam på nye former/strukturar i teksten. Samtale om og arbeide med korleis eit omgrep (til dømes fleirtal, tidsperspektiv) blir uttrykt. Ta i bruk nyleg lært form/struktur i eigen 'fri' språkproduksjon. The story is written in the past tense because it describes something that happened in the past. Find the verbs in the story that tell what happened. Sort them into those that end with ed and those that do not, making two lists. What is the difference between the verbs in the two lists? Try to tell the story in the present tense, as if it happens right now: Imagine you are Hal s pet dog, Patch, watching what is happening in the tent. With a partner try to describe what Patch sees as the night goes on. Read out your description to another pair. What happened to the verbs now? Make a list of the verbs you used now. When would you like to use verbs in the past tense? When would you use verbs in the present tense? Dei nasjonale prøvene i engelsk tek utgangspunkt i nokre av kompetansemåla i læreplanen, lesing, vokabular og grammatikk. Teksten i dømet over kan òg vere utgangspunkt for andre pedagogiske aktivitetar i klasserommet, som enkle rollespel, dialogar, lytteøvingar, osv. Bruk gjerne fleire tilsvarande tekstar for å trene elevane i å utvikle og bruke lesestrategiar. Nokre generelle råd om lesing på engelsk på 5. steget Det er nyttig for elevane å lese sjølvvalgde tekstar. Elevane bør få velje mellom ulike typar lesestoff - bøker, teikneseriar, faktatekstar, osv. Av og til kan det organiserast rolege lesestunder, og elevane kan bli oppmuntra til å lese utanom skoletida. Når det gjeld lesing, er kvantitet og hyppigheit truleg viktigare enn kvalitet. Elevane bør krediterast for kor mykje og kor ofte dei les. Det er viktigare at dei les på engelsk enn kva dei les. Da må elevane vere motiverte for å lese, og dei må få høyre at det er like verdifullt å lese sakprosa som skjønnlitterære tekstar. Spesielt for gutar kan dette vere motiverande. Nokre idear i samband med val av tekstar: Mange forlag gir ut readers for yngre elevar på ulike nivå til ein svært rimeleg pris. Det gjeld både faktaog fiksjonsbøker, og slike bøker er ofte graderte etter ferdigheitsnivå. Mange forlag har òg oppgåver på sine heimesider, men elevane kan gjerne oppmuntrast til å lese ein tekst utan å måtte gjere oppgåver til teksten etterpå. Eventuelt kan dei lage meldingar (munnleg eller skriftleg) for å anbefale teksten dei har lese, til andre elevar. Internett er ei viktig kjelde til variert lesemateriale, sjå til dømes British Council kids, BBC. Sjå lenkjer til slutt i dette dokumentet. Det er eit viktig mål å få elevane til å lese på eiga hand. Du kan hjelpe dei til å utvikle strategiar som vil gjere dei i stand til å meistre eiga lesing.

Nokre idear til lesestrategiar Førlesing: Å memorere (memorize): Bygg opp eit forråd av litt uvanlege lyd-/stavingsmønster (til dømes vokallydane ai/ay/a-e, sluttkonsonantane ck, grammatiske endingar ed, -es). Gå helst frå lyden til måten (-ane) ord kan stavast på. Dette gjeld òg grammatiske endingar, til dømes fleirtalsendingane på books, babies, foxes, knives. Elevane kjenner kanskje regelen teoretisk, men knyter han ikkje til den korrekte lyden. Å utdjupe (elaborate): Venn elevene til å aktivere eigne forkunnskapar før dei begynner å lese. Kva veit dei om temaet frå før? Kva for ord og uttrykk kan dei allereie som passar til dette temaet? Dei kan gjerne notere ned dette i tankekart, ordbank eller andre diagram. Å utdjupe (elaborate): Utfordre elevane til å tenkje i samband med lesetekstar. Dersom du les høgt for elevane, stopp opp av og til, la elevane kommentere, spørje, gjette kva som kan komme til å hende, osv. Å organisere (organize): Gi elevane mønster for korleis ord skal stavast. Dette kan ein gjere ved at elevane blir presenterte for stavingsmønster og aktivitetar som stimulerer til å tenkje rundt mønster for staving. Til dømes kan dei gruppere ord som lyder likt, men som blir stava på ulike måtar (homophones: to/two/too their/there/they re etc.). Lesing undervegs: Å kontekstlese (context): Når nye ord dukkar opp, må elevane få hjelp til å sjå kva for haldepunkt teksten gir for å forstå kva ordet tyder, til dømes kva slags ord det er (ein ting, ei handling, eit beskrivande ord). Syt for at elevane veit korleis ordet blir uttalt. Å skanne (scan): Få elevane til å identifisere skrivne ord når dei høyrer dei, til dømes kan du lese høgt nokre ord som dei har i ein tekst, og be elevane finne dei. Å memorere (memorize): Husk at ein ofte lærer språk i klumpar (chunks) og frasar. Gjer elevane merksam på slike i staden for berre på enkeltord. Dersom elevane legg merke til heile frasar, til dømes wait for me, vil lesinga utviklast raskere. Å organisere (organize): Få elevane til å ta notat mens dei les ein tekst, for å organisere eiga forståing av innhaldet, til dømes i tankekart og tidslinje. Minn dei på å sjå over desse notata etter lesinga. Etter lesinga: Å kontrollere (control): Minn elevane på å sjekke eiga forståing. Be dei sjå på notata dei har teke (i tankekart, ordbank, tidslinje, osv.) i førlesinga og undervegs i lesinga. Er det fleire ting dei vil leggje til eller endre? Spørsmåla på neste side kan brukast i dialogen med elevgruppa di eller enkeltelevar etter gjennomføringa.

Spørsmål til elevgruppa Kva spør oppgåva om? Kva prøver oppgåva å finne ut om de kan? Er det vanskelege ord og uttrykk de ikkje forstår? Kva for lesemåtar og løysingsstrategiar kan de bruke? Er det skilnad på korleis de tenkjer når de skriv svaret sjølv (ope), og når du vel svar (fleirval)? Kva slags tekstar, oppgåver og oppgåvetypar får vi til? Kva slags tekstar, oppgåver og oppgåvetypar bør vi arbeide meir med i klassen? Oppfølging av den enkelte eleven Meistringsnivåa kan brukast som utgangspunkt i samtale med eleven og i planlegging av den vidare oppfølginga. I samarbeid med eleven kan du setje opp læringsmål for vidare arbeid med ferdigheita i engelsk og snakke om korleis eleven kan nå måla. Det er viktig å fokusere på nokre få, realistiske mål om gongen. Fokuser på kva som er neste steg i eleven si utvikling. Under er det presentert forslag til korleis du kan arbeide vidare med lesing med elevar på alle nivåa. Nivå 1 Elever som skårar på nivå 1, kan ha utbytte av at du legg til rette for at ord og frasar eleven kjenner til, blir synleggjorde, til dømes på tavla, skilt, plakatar eller i boka til eleven. På denne måten kan eleven både forstå og uttale det som er skrive, i arbeid med det skriftlege språket (lesing og skriving). Det er òg viktig at lesenivået på morsmålet til eleven blir kontrollert (følg ev. råd om lesevanskar). Elevane kan mellom anna arbeide med: Å lese kjende tekstar, til dømes eigne tekstar eller regler og songar dei kan utenåt Å lese enkle tekstar med lyd og/eller bilete Å identifisere skriftleg form av ord dei høyrer Å skrive ned nokre ord og frasar eleven kjenner, og lese dei høgt for deg Å jobbe med nytt vokabular med varierte munnlege og skriftlege aktivitetar Nivå 2 Elevar som skårar på nivå 2, kan ha utbytte av at du legg til rette for at eleven får tilgang til variert lesestoff som han/ho trivst med og stort sett kan forstå. Elevane bør bruke språket munnleg og skriftleg knytt til ei rad situasjonar og tema. Elevane kan mellom anna arbeide med: Å lese/høyre på tekstar som passar for nivå og interesse Å gjette ukjende ord i ein tekst ut frå bilete og kontekst Å sortere ord innafor tema eller kategoriar Å utvikle ulike lesestrategiar, til dømes ved å jobbe med tekstar med luker (gap), og drøfte kva for ord/uttrykk som kan passe inn i ei spesifikk luke Å lese eigne tekstar for kvarandre

Å finne informasjon på engelske nettsider for barn Å bruke språk munnleg og skriftleg knytt til ei rad situasjonar og tema Å skrive ei setning som passar til eit bilete Nivå 3 Elevar som skårar på nivå 3, kan ha utbytte av at du legg til rette for at eleven har tilgang til varierte bøker som passar for alderen/interessene, og som er såpass vanskelege at dei gir ei utfordring. Eleven kan få rolle som ressursperson, til dømes ved å finne informasjon til eit prosjekt, og bør lærast opp til å hjelpe seg sjølv, til dømes å finne ut kva eit ord tyder, eller korleis det blir uttalt. Elevane kan mellom anna arbeide med: Å lese ulike typar tekstar som passar for nivå og interesse, til dømes tekstar skrivne for engelske barn Å bruke språk munnleg og skriftleg knytt til ei rad situasjonar og tema Å utvikle lesestrategiar for å forstå ein tekst sjølv om ein ikkje forstår alle orda Å utvikle ulike lesestrategiar før dei skal lese ein tekst, til dømes aktivere forkunnskapar om temaet og eigna vokabular Å utvikle ulike lesestrategiar dei kan bruke mens dei les, til dømes å ta notat i diagram som tankekart og tidslinje Å utvikle ulike lesestrategiar dei kan bruke etter å ha lese ein tekst, til dømes å lage eit samandrag av teksten Å bruke språk munnleg og skriftleg knytt til ei rad situasjonar og tema Å arbeide med vokabular ved å finne synonym, antonym, beslekta ord Å lage eigne kryssord Å bruke oppgitte ord til å skrive ei historie eller ein faktatekst Å beskrive ei hending ut frå bilete Å finne fram til informasjon om spesifikke saker på Internett.

Ansvaret til skoleleiaren Her er ei enkel oversikt over ansvaret til skoleleiaren før, under og etter gjennomføringa. Oversikta tek utgangspunkt i innhald i rettleiinga til skoleeigarar og skoleleiarar. FØR UNDER ETTER syte for at gjennomføringa av nasjonale prøver på skolen er i tråd med dei retningslinjene som er gitt i rettleiinga til skoleeigarar og skoleleiarar syte for at alle aktuelle lærarar er knytte til prøvegruppa i PAS distribuere/syte for at læraren får dagspassord syte for at alle elevane på steget er påmelde i PAS ha god kjennskap til PAS/PGS og yte brukarstøtte til lærarane sine testet skolens datamaskiner og nettverk vere tilgjengeleg for lærarane når dei treng hjelp og støtte til å førebu gjennomføringa å syte for at alle elevane på eigen skole er registrerte i PAS å ha testa skolen sine datamaskiner og nettverket, og ha eit system for brukarstøtte sjå eigne punkt i brukarrettleiinga til PAS/PGS vere tilgjengeleg for lærarane når dei treng hjelp og støtte i gjennomføringa sjekke registreringa av frieken og ikkje friteken syte for at talet på elevar registrerte i PAS stemmer overeins med det reelle elevtalet på skolen følgje opp resultata på skolenivå i det lokale forbetrings- og utviklingsarbeidet leggje til rette for at alle lærarane følgjer opp resultata i klassen og i samtale med elevar og føresette

Tips til informasjon og aktuelle ressursar OM NASJONALE PRØVER OG VURDERING Kvar finn eg meir informasjon om nasjonale prøver? Korleis blir nasjonale prøver utvikla? Kva er rektor og kommunen sine oppgåver med nasjonale prøver? Korleis gjennomfører elevane prøva elektronisk? Kvar finn eg ei kort oversikt over nasjonale prøver? Kvar kan eg lese meir om vurdering for læring? Vurdering på www.udir.no Rammeverk for nasjonale prøver Rettleiar til skoleleiaren og skoleeigaren Brukarrettleiing til PAS/PGS Brosjyre om nasjonale prøver Vurdering for læring på www.udir.no/vfl OM ENGELSK Kva skal elevane kunne i faget engelsk? Kvar kan eg lære meir om europeiske språkpermar? Kvar kan eg finne meir ressursar og materiell om engelsk? Læreplan til Kunnskapsløftet Utdanningsdirektoratets språkpermar www.fremmedspraksenteret.no British Council kids - http://www.britishcouncil.org/kids.htm BBC - http://www.bbc.co.uk/skillswise/ Fact monster - http://www.factmonster.com/ English club - http://www.englishclub.com/learnenglish.htm Oxford English teachers club - http://www.oup.com/elt/teachersclub/?cc=global Nettstader med forslag til bøker som er tilpassa ulike nivå Damms Galaxy - http://www.cappelendamm.no/vedlegg/galaxy _brosjyre.pdf MacMillan Children`s readers - http://www.macmillanenglish.com/default.aspx?id=349 Penguin Longman readers - http://www.longman.ch/languageteaching/pe nguinyoungreaders Oxford University Press - http://www.oup.com/elt/catalogue/general/re aders/?cc=gb

Schweigaards gate 15 Postboks 9359 Grønland 0135 OSLO Telefon 23 30 12 00 utdanningsdirektoratet.no