MØTEBOK SAMNANGER SOKNERÅD /KYRKJESTYRE Torsdag 18. februar 2016 Møtebok for Samnanger kyrkjestyre/ sokneråd 18.02.2016 Desse møtte: Frå soknerådet: Varamedlem Kommunal representant: Skrivar: Forfall: Leiar Hilde Aarvik, nestleiar Anlaug Røen Hauge, Anne- Kjersti Steinsvoll, Alfred Bruvik, Jostein Loe og sokneprest David Vogel Rune Flatabø Sture Tveit Kyrkjeverje Britt Haukanes Inger Odland og 1.vara Åshild Aa. Haga Møtestad/tid: Haga kyrkje kl.19.00 21.30 Opning v. Britt Haukanes, Frå artikkel av Karl Johan Halleråker om folkekyrkja og bedehusland Samtale med utgangspunkt i handboka kap. 3 «Oppgåver i soknet» Kapittel 3, side 33-50. (Siste del av kapitlet vart utsett til neste møte.) Sakliste Sak 08/16 KS Sak 09/16 KS GODKJENNING AV INNKALLING OG MØTEBOK MELDINGAR OG RÅDET SITT KVARTER Sak 10/16 KS FASTSETJING AV REKNESKAPSRESULTAT 2015 FOR SAMNANGER KYRKJESTYRE Sak 11/16 SR FASTSETJING AV REKNESKAPSRESULTAT 2015 FOR SAMNANGER SOKNERÅD Sak 12/16 SR Sak 13/16 SR INNKJØP AV BIBLAR OG SALMEBØKER NY INSTRUKS FOR KANTOR - HØYRINGSUTTALE
Sak 08/16 KS GODKJENNING AV INNKALLING OG MØTEBOK Vedlegg: Møtebok for 14. januar og vedlegg til vedtak Innkalling til møtet 18. februar og møtebok frå møtet 14. januar vart godkjende. Sak 09/16 KS MELDINGAR OG RÅDET SITT KVARTER Gudstenester utan prest. Soknepresten har hatt samtaler med prosten og biskopen om gudstenesteordninga. Dei seier at dei ikkje kjem til å setja presten sine frihelger opp med forordna gudsteneste. Det vil seia at ein gong i månaden vert utan prest. Då er heller ikkje kommunen pliktige til å løna dei andre tilsette for arbeidet denne helga. Soknerådet må ta stilling til om det skal vera noko anna enn gudsteneste desse søndagane. Utval for kyrkjeliv skal sjå på saka når det kjem svar frå biskopen. Namn på kyrkjene. Audun Aase var svært bestemt på at soknekyrkja skulle ha namn etter soknet, og kyrkja på Ådland har difor dei siste 28 åra offisielt heitt «Samnanger kyrkje». No har presten snakka med dei på bispedømekontoret, og dei seier at dei ikkje kjenner til nokon slik regel, og at kyrkjene i Samnanger dessutan er likestilte no. Kyrkjestyret ynskjer at me skal laga ei sak til neste møte om å byta namnet attende til «Ådland kyrkje». Postjournal Vedl. 9 A Postjournal vert lagt fram på møtet Handlingsliste Vedl. 9B Handlingsliste Kurskveld med KA i Norheimsund 29.02 kl. 16.00. Felles skyss med Hilde Aarvik 15.15 frå Haga. Forfall: Anlaug R. Hauge, David Vogel og Jostein Loe. Hjorteplaga på kyrkjegarden. Kulleseid på teknisk ynskjer å høyra soknerådet si meining om tiltak. Me hadde ikkje høve til å laga sak på dette, no. Soknerådet ber Kulleseid undersøkja kva andre gjer med tilsvarande plager, og koma med eit framlegg til løysing som kan takast opp som sak på eit seinare møte. Det må leggjast vekt på estetikken om ein skal laga høge gjerde med eller utan straum. Kyrkjeverja kan også ta kontakt med landbrukskontoret og høyra om det er høve til å fella dyr på «skadeløyve» utanom jaktsesongen. Mange spør kvifor ikkje presten heiser flagg på gravferdsdagane, slik det har vore gjort tidlegare. Presten har ein travel morgon med små born, og er ikkje van med å heisa flagg. Det er ei ekstra belastning for han å passa på dette flagget som først skal på halv stong, så på heil, og så ned att i rett tid ofte i regn og vind. Det er ikkje lenger ei offentleg flaggstong og det må vera opp til presten kva han vil gjera. Det beste ville vera om stonga kunne flyttast til Ådland og at kyrkjetenaren/ gravaren kunne ta seg av å heisa det og ta det ned att. Kyrkjeverja arbeider vidare med den saka. Kyrkja har brukt over 68 tusen på brannalarm i 2015, - inkludert ny sentral til kyrkja på Haga, og fleire reparasjonar på Ådland. Berre årleg kontroll av alarmane kostar 8-10 tusen for kvar kyrkje. Det bør undersøkjast om det ikkje er andre som kan ta seg av kontroll av sentralane rimelegare. Kyrkjeverja har alt ei sak gåande med Eissmann som leverer tenesta. Førebuingar til den store marknadsdagen på Tysse er i rute. Marknaden kyrkja står for, skal vera til inntekt for trusopplæringa. Det er 670 lopper med salspris på til saman 55-60 tusen, i tillegg skal det vera auksjon. Det vert mange andre aktørar med, jeger og fiskelaget skal ha fiskekonkurranse og det vert marknadsbuer ved Tyssegata. Kjersti Bruvik har gjort ein kjempeinnsats med å leia dette tiltaket, og fått mange med seg.
Sak 10/16 KS FASTSETJING AV REKNESKAPSRESULTAT 2015 FOR SAMNANGER KYRKJESTYRE Dagleg leiar har i samarbeid med økonomisjefen i kommunen, arbeidd med å slutta av rekneskapen for Samnanger kyrkjestyre for 2015. Driftsrekneskap: Samnanger sokn fekk i 2015 ei løyving frå Samnanger kommune på 2 135 000 kr. I tillegg kjem tenesteyting verdsett til 40 000 kr. Me har seinare fått 14 004 kr. til kompensering for lønsauke, til saman 2 149 004 kr. Driftsrekneskapen til kyrkjestyret for 2015 er gjort opp med eit underskot på 865 kr. Fordeling av kommunalt tilskot høve til budsjettet: 110 Kyrkjeleg administrasjon: Meirforbruk 7 785 kr. 121 Ådland kyrkje Mindreforbruk 31 823 kr. 122 Haga kyrkje Meirforbruk 52 748 kr. 130 Kyrkjegarden Meirforbruk 8 kr. 140 Anna kyrkjeleg verksemd Mindreforbruk 13 850 kr. Utgifter som gjeld valet, er dekka av tilskot frå bispedømet på 31 579 kr. Auke i kyrkjetenarstilling for reinhald i tilknyting til dagsenteret, er dekka av husleigeinntekter. Det er i tillegg overført frå soknerådet: 54 422 kr. til kyrkja på Haga. Meirforbruket på Haga knyter seg for ein stor del til feil på elektrisk anlegg og skifte av brannalarmsentral. Mindreforbruket på Ådland knyter seg til sjukepengerefusjon. Dessutan er innsparingar m.a. gjort på lågare utgifter til KLP og straum, og på mindre utgifter til konfirmantarbeid. Investeringsrekneskap: Eigenkapitaltilskotet i KLP vert ført som investering. Dette er på 8 592 kr. Det er ingen andre investeringar for 2015 Vedlegg: Vedl.10 Rekneskap KS 2015 Framl. Samnanger kyrkjestyre godkjenner dagleg leiar sitt framlegg til rekneskapsresultat for 2015. Underskotet på 865 kr skal dekkast av disposisjonsfond frå tidlegare rekneskapsoverskot. et var einstemmig og som framlegget Sak 11/16 SR FASTSETJING AV REKNESKAPSRESULTAT 2015 FOR SAMNANGER SOKNERÅD Dagleg leiar har i samarbeid økonomisjefen i kommunen, arbeidd med å slutta av rekneskapen for Samnanger sokneråd for 2015. Inntektene til soknerådet er:
Gåver, offer, innsamlingar, konsertinntekter og betaling frå deltakarar ca.384 000 Tilskot frå bispedømet til trusopplæring 329 905 Overføring av klokkarløn frå kyrkjestyrebudsjettet 55 000 Andre tilskot korforbund, kulturmidlar o.l. ca. 20 000 I tillegg er 205 024 kr samla inn til andre, 128 278 kr av desse til skuleprosjektet i Zambia. Sjå vedl. med oversikt over gåver og innsamlingar. Soknerådet gjorde i 2015 vedtak om at ungdomsleiarstillinga ikkje skulle vidareførast då Hilde Aarvik sa opp etter permisjonen. Det var ikkje midlar til dette. Ei mindre stilling som ungdomsarbeidar skulle koma i staden, men stillinga skulle stå vakant frå august og minst eit par månader for å ikkje overskrida budsjettet for trusopplæring. Stillinga stod vakant til 1.1.2016. Dette er hovudgrunnen til at trusopplæringskapitlet går med overskot. I tillegg har me hatt innsparingar på pensjon og på dei tiltaka som ikkje har vore sett i verk, hausten 2015. (m.a Basement) 210 Kyrkjelydsarbeid Underskot 1 435 Dekka av fond 219 Ofringar til andre org./tiltak Balanse 0 12 598 sett på fond Zambia 222 Trusopplæring Overskot 89 403 Sett på fond til TO Då er innsamla midlar sett av til det dei var tenkte til, anten på fond eller inn i driftsrekneskapen til kyrkjestyret. I kyrkjeverja sitt framlegg, vert det og gjort nokre andre overføringar som soknerådet lyt ta stilling til. Overføringar, bruk av fond og avsetjing til fond: Overført til kyrkja på Haga 54 422 kr Total overføring til kyrkjestyret sitt driftsbudsjett frå soknerådet. Av dette må 24 091 kr brukast av fond, resten av innsamla midlar i 2015 til kyrkja på Haga. Brukt til lys i kyrkjerommet, musikkutstyr, uteplantar og benkeputer. Sett av til fond Ådland kyrkje 24 455 kr Offer til Ådland kyrkje sett på fond. Sett av til fond for Zambia 12 598 kr Sett på fond til seinare oversending. Bruk av fond kyrkjelydsarb. 1 435 For å dekka underskot på kyrkjelydsarbeids-kapitlet Avsett til fond for trusopplæring 89 403 Overskot frå trusopplærings-kapitlet. 11 A - Rekneskap for soknerådet Vedl. 11 B Gåveoversikt for soknerådet Samnanger sokneråd godkjenner dagleg leiar sitt framlegg til rekneskapsresultat for 2015. 54 422 kr. skal overførast til kyrkjestyret, til kyrkja på Haga. 24 091 kr. skal brukast av «Gåvefond Haga kyrkje» 55120592. 24 455 kr. skal setjast av på «Gåvefond Ådland kyrkje.» 55120593 1 435 kr. skal brukast av «Gåvefond kyrkjelydsarbeid» til å dekka underskot på ansvar 210. 89 403 kr. skal setjast av på «Fond for trusopplæring» et var einstemmig og som framlegget
Sak 12/16 SR INNKJØP AV BIBLAR OG SALMEBØKER Fakta Iflg. tidlegare vedtak, skal det vera kjøpt inn ti salmebøker til kyrkja på Haga og 70 til kyrkja på Ådland. Kyrkjetenaren meiner det berre er om lag 60 bøker på Ådland. På Haga er det ti. Nye bøker kostar 339 kr pr. bok. Får me kyrkjelydsrabatt, på ti-pakkar som tidlegare, kostar dei 299 pr. stk. 20 salmebøker vil kosta 5 980 kr. 30 stk. 8 970 kr. Biblane på altaret i begge kyrkjene, er ikkje av den nye omsetjinga. Pris på skinnbibel med register er 1290 kr., utan register1090kr. Farge svart eller brun. Preging av tekst kostar 170 kr. Vurderingar Det er ofte for lite salmebøker når det er dåp, og dette gjer at me ofte må trykkja opp ark til dåpsgudstenestene. Dette gjev både meirarbeid og stort forbruk av papir. Biblane på altaret bør vera av ny omsetjing, slik tekstane i tekstbøkene er. Dei er ikkje ofte i bruk, men det kan verta nytta andre tekstar enn dei som står i tekstboka, og då bør Bibelen vera i ny omsetjing. Framlegg til vedtak Soknerådet kjøper inn 20 nye salmebøker til kyrkja på Ådland og to store skinnbiblar, ein til kvar kyrkje. Biblane skal ha namnet på kyrkja prega inn på baksida. Utgiftene skal dekkast av gåvefond for kyrkjelydsarbeid, konto 55120590. Soknerådet kjøper inn 30 nye salmebøker til kyrkja på Ådland og to store skinnbiblar, ein til kvar kyrkje. Biblane skal ha namnet på kyrkja prega inn på baksida. Utgiftene skal dekkast av gåvefond for kyrkjelydsarbeid, konto 55120590. Sak 13/16 SR NY INSTRUKS FOR KANTOR - HØYRINGSUTTALE Kantor har ein gamal instruks, vedteken av kommunestyret i 1989. Denne er forelda, sett i høve til både tariffavtaler, den nye kyrkjelova, forskrifta «Tenesteordning for kantorer» og det arbeidet kantor gjer og skal gjera i kyrkjelyden no. Administrasjonsutvalet har laga eit framlegg til instruks, med grunnlag i mal frå KA og «Forskrift om tenesteordning for kantorer», fastsett av kyrkjemøtet i 2004. I følgje forskrifta skal kantor, sokneprest og sokneråd ha høve til å uttala seg før stillingsomtalen vert vedteken av kyrkjestyret. Vedlegg: Vedl.13 Framlegg stillingsomtale kantor Soknerådet sluttar seg til framlegget til stillingsomtale for kantor, med ei omformulering: «samarbeid med lokale, frivillige og offentlege instansar», bør endrast til: «Samarbeid med lokalt, frivillig og offentleg kultur og musikkliv i soknet.» Soknerådet ber om at det kvart halvår vert laga arbeidsplan for kantor sitt arbeid i samsvar med arbeidsmiljølova 10-3.