VOLDA KOMMUNE SAKSDOKUMENT Sakshandsamar: Runa Bakke Arkivsak nr.: 2013/134 Arkivkode: G09 Utvalsaksnr Utval Møtedato Kommunestyret TILBOD INNAN SPESIALISERT REHABILITERING I HELSE MØRE OG ROMSDAL. FRAMTIDIG DRIFT AV MORK REHABILITERINGSSENTER. Administrasjonen si tilråding: 1. Volda kommune opplever at økonomi er motiv for at Helse Møre og Romsdal forserer prosessen med å definere endra ansvarsområde for spesialisert rehabilitering. Vi er urolege for at kommunane får overført auka oppgåver og ansvar utan tilstrekkeleg finansiering og fagleg oppbygging, og at pasientane får eit dårlegare tilbod. 2. Volda kommune ber Helse Møre og Romsdal om ein prosess i tråd med samarbeidsavtalen mellom kommunane og helseføretaket når det gjeld oppgåveog ansvarsdeling innan rehabiliteringsfeltet. Ein ser med uro på at ei nedbygging av spesialisert rehabilitering i Helse Møre og Romsdal ser ut til å skje utan at ein følgjer verkemidla i vedlegg 1 til samarbeidsavtalen, og at prinsippet om helseføretaket og kommunane som likeverdige partar ikkje blir fylgt. 3. Volda kommune føreset at helseføretaket har tilstrekkelig kapasitet og kompetanse til å løyse sine oppgåver innan spesialisert rehabilitering. 4. Mork rehabiliteringssenter har svært god kompetanse innfor spesialisert rehabilitering og har også utvikla gode samhandlingsmodellar mot kommunane. Ein er bekymra for at helseføretaket vil tape viktig kompetanse dersom senteret blir lagt ned. 5. Volda kommune ønskjer ikkje å inngå samarbeid om drift av Mork rehabiliteringssenter. Vedleggsliste:
Uprenta saksvedlegg: Brev til kommunane i Sunnmøre regionråd vedk. framtidig driftsmodell av Mork rehabiliteringssenter, datert 14.12.12. Vedlegg 1 til samarbeidsavtalen mellom kommunane og Helse Møre og Romsdal. IS-1947 Avklaring av ansvars- og oppgavedeling mellom kommunene og spesialisthelsetjenesten på rehabiliteringsområdet Samandrag av saka: Styret i helse Møre og Romsdal handsama i styresak 2011/48 det framtidige tilbodet innan spesialisert rehabilitering. Ein ville mellom anna sjå på framtidige driftsmodellar for rehabiliteringssentra på Mork og Aure. Styret såg føre seg ulike modellar der kommunane fekk høve til å kome med i drifta av desse sentra. Det vart nedsett ei gruppe som skulle sjå på dette, der Sunnmøre regionråd hadde med to representantar. Gruppa har hatt eitt møte der det kom fram at kommunane ønskjer å bygge opp eigne tilbod innanfor kommunal rehabilitering og ikkje gå inn i dei driftsmodellane som styret skisserer. Det vart samstundes peika på uro over nedbygginga av spesialisert rehabilitering i Helse Møre og Romsdal utan at det vert utgreidd kva konsekvensar dette har for det faglege tilbodet. Ein stiller seg spørsmål om endringane er tufta på økonomiske og i liten grad faglege vurderingar. Ein har lenge opplevd ei oppgåveforskyving til kommunane ved tidlegare utskriving frå rehabiliteringsinstitusjonane og også ved nedlegging av Nevrohjemmet. Samhandlingsreforma legg opp til auka fokus på førebygging og rehabilitering. Rehabilitering skjer i mange tilfelle best der pasienten bur og det vil vere rett å byggje opp rehabiliteringsinnsats i kommunane. Ein vil likevel ha behov for gode spesialiserte rehabiliteringstenester for å sikre gode rehabiliteringsforløp for pasientane og for å ha kompetansemiljø som kan støtte kommunane i deira arbeid. Samarbeidsavtalane mellom kommunane og helseføretaka er juridiske dokument. I vedlegg 1 som omhandlar ansvarsfordeling, er ein samde om verkemiddel som skal nyttast når det gjeld avklaring av ansvarsfordeling og endring av oppgåvefordeling. Det er også peika på at partane er likeverdige. Ein kan ikkje sjå at verkemidla har blitt nytta i denne prosessen så langt. Ein kan også stille spørsmål ved om helseføretaket og kommunane er likeverdige partar, då det kan sjå ut til at det er helseføretaket som sit med definisjonsmakta i høve oppgåvefordeling. Saksopplysningar: I samband med samhandlingsreforma drøftar ein oppgåvefordeling mellom kommunane og spesialisthelestenesta. Bakgrunnen er at samhandlingsreforma legg opp til at meir av tenestilbodet skal bli gitt i kommunane, då dette både er rimelegare og i mange tilfelle betre for pasientane. Det er inngått juridisk bindande avtalar mellom helseføretaka og kommunane om korleis samhandling skal skje og også om korleis prosessar for å avklare ansvarsfordeling skal skje. I vedlegg 1 til samhandlingsavtalen mellom kommunane og Helse Møre og Romsdal står følgjande: Partane er likeverdige og skal nytte følgjande verkemidlar for å avklare ansvarsfordeling og endring av oppgåvefordeling: Dialog og høyringar før avgjerd Planlegge endringar i god tid God gjensidig prosess Heilskapleg pasientforløp
Ressursar skal følgje endringar i pasientforløp i form av kompetanse og økonomi Partane forpliktar seg til å halde seg oppdaterte og tilpasse seg faglege standardar og nye behandlingsmetodar Kommunane har lenge opplevd ei forskyving av oppgåver over til kommunane innanfor mange område, også når det gjeld rehabilitering. Pasientane blir tidlegare utskrivne og i 2011 blei Nevrohjemmet lagt ned. Ofte er denne oppgåveforskyvinga over til kommunane rett fordi utbyttet av rehabilitering, etter indviduelt behov, kan vere best når den skjer i pasienten sitt nærmiljø. Det er likevel slik at i ein rehabiliteringsfase vil det vere behov både for spesialisert rehabilitering og rehabilitering på kommunalt nivå. Dette er skissert i dokumentet IS-1947 Avklaring av ansvars- og oppgavedeling mellom kommunene og spesialisthelsetjenesten på rehabiliteringsområdet. I dette dokumentet blir det peika på at ein er uroa over nedbygginga som skjer i spesialisthelsetenesta i lys av satsinga som er tenkt innafor rehabiliteringsfeltet. Helse Møre og Romsdal ber i brev til kommunane i Sunnmøre regionråd, datert 14.12.12, om tilbakemelding på deira syn på framtidig driftsmodell for Mork rehabiliteringssenter. Når ein skal vurdere dette spørsmålet, må ein også vurdere oppgåvefordelinga når det gjeld spesialisert og kommunal rehabilitering. Det er også viktig å peike på at Mork rehabiliteringssenter er eit tilbod for heile fylket og ikkje berre for Sunnmøre. Endring av drift knytt til Mork rehabiliteringssenter må difor sjåast i ein heilskap når det gjeld rehabiliteringstilbodet i helseføretaket. Det er helseføretaka som skal drive kompleks og spesialisert rehabilitering. Dette er også tydeleggjort i dokumentet IS-1947 om oppgåve- og ansvarsdeling innanfor rehabiliteringsfeltet. Særpreget til spesialisert rehabilitering er at det er behov for spesialisert kompetanse, sjukdomsbiletet er komplekst og det er behov for intensitet i behandlinga. Rehabilitering på kommunenivå har andre kvalitetar og særpreg enn spesialisert rehabilitering. Mellom anna er nærleik til pasienten sitt heimemiljø viktig. Med bakgrunn i dette, kan eg ikkje sjå noko grunnlag for at kommunane skal inngå i eit samarbeid om vidare drift av Mork senter. Kommunane på Søre Sunnmøre gir også klart uttrykk for at ein ikkje ønskjer modellar der helseføretaket og kommunar driv tilbod i lag. Det er heller aktuelt for kommunane å sjå på samarbeid med nabokommunar for å få til gode løysingar innafor sine ansvarsområde. Det vert også peika på at det er behov for ein viss dimensjon i den spesialiserte rehabiliteringa, både fordi pasientar med komplekse vanskar har behov for slik tilnærming og også fordi kommunane har behov for "støttefunksjon" i sitt rehabiliteringsarbeid. Mork rehabiliteringssenter driv i dag kompleks og spesialisert rehabilitering og har opparbeidd svært god kompetanse på området. Dei har også opparbeidd svært god kompetanse på og har gode rutinar for samhandling med kommunane. Ein er urolege for kva som vil skje med denne kompetansen dersom senteret blir lagt ned og funksjonar flytta inn i sjukehus, slik helseføretaket har gitt signal om. Kompetansemiljø tek tid å få bygd opp og det er lite truleg at mange av dei som i dag jobbar ved Mork senter vil flytte over til sjukehuset i Ålesund. Dette kompetansemiljøet vil difor truleg forvitre og dermed vil også kompetansen i helseføretaket verte redusert. For kommunane er det uklart kva Helse Møre og Romsdal tenkjer med omsyn til kva kapasitet dei skal ha i sitt rehabiliteringstilbod. Gjennom vedtak i styret for Helse Møre og Romsdal den 13.12.12 vert arbeidet med funksjonsfordeling forsert med bakgrunn i at det er vanskeleg å halde fram med driftsnivået innanfor gitte budsjettrammer. Helseføretaket ber
difor kommunane om tilbakemelding på deira syn på framtidig driftsmodell av Mork rehabiliteringssenter. Vi vil peike på at endring av oppgåvefordeling skal skje i tråd med samhandlingsavtalane og at partane er likeverdige. Samhandlingsavtalane legg også til grunn at overordna føringar er styrande for kva som er kommunane sine og kva som er helseføretaket sine oppgåver. I denne saka er det naturleg å legge til grunn IS-1947 om ansvars- og oppgåvedeling innanfor rehabiliteringsfeltet. Vurdering og konklusjon: Volda kommune ønskjer ikkje å inngå samarbeid om drift av Mork rehabiliteringssenter. Kommunen ønskjer å bygge opp eige kommunalt rehabiliteringstilbod enten åleine eller i samarbeid med nabokommune. I eit rehabiliteringsforløp, må ein ha tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse både innafor spesialisthelsetenesta og i kommunane, slik at rett teneste kan bli gitt til rett tid. Med dei raske omstillingane som helseføretaket ser ut til å legge opp til, vil kommunane ikkje klare å bygge opp verken kompetanse eller kapasitet. Helseføretaket må også syte for nok kapasitet innafor spesialisert rehabilitering. Ein ser med uro på at endring av oppgåvedeling innan feltet rehabilitering skjer utan nok konsekvensutgreiing. Helseføretaket sin prosess grip inn i nasjonale problemstillingar kring oppgåve-/ansvarsdeling mellom helseføretaka og kommunane, og kva konsekvensar dette vil få i høve kommunal finansiering, fagleg oppbygging av tenesta og tilbodet til pasientane. Vi må unngå at helseføretaket kan vere i ein situasjon der ein balanserer eigne budsjett ved å skyve oppgåver over på kommunane. Ved endring av oppgåvefordeling må prinsippa i vedlegg 1 til samarbeidsavtalen mellom helseføretaket og kommunane ligge til grunn. Helse og miljøkonsekvensar: Gode samanhengande rehabiliteringstenester der rett teneste blir gitt til rett tid, er avgjerande for at personar som har behov for rehabilitering kan ha eit liv med best mogleg funksjons- og meistringsevne, sjølvstende og deltaking sosialt og i samfunnet. Dette vil ha stor verdi for den enkelte og også for samfunnet. Økonomiske konsekvensar: Flytting av oppgåver frå spesialisert rehabilitering til kommunalt tilbod vil medføre auka kostnad for kommunane. Dette ligg det ikkje føre finansiering for. Beredskapsmessige konsekvensar: Ingen Rune Sjurgard rådmann Utskrift av endeleg vedtak: Helse Møre og Romsdal
Klageinstans: