Møteprotokoll Komité for oppvekst og utdanning Møtedato: 25.09.2012 Tid: 14:00 16:00 Møtestad: Formannskapssalen Møte leiar: Nina Ø. Borrevik Silje Vatna i PS 14/12 Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Nina Østensjø Borrevik, ugild PS Nestleiar H 14/11 Silje Vatna Medlem Sp Geir Angeltveit Medlem V Jan Reinemo Medlem Krf Katrin Innvær Ankervold Medlem Ap Edgar Inge Damås Medlem Ap Pim Joeanna Taraldsøy Medlem Ap Varamedlemer som møtte: Namn Møtte for Representerer Jarle Halland, H Jakob Bjelland, Sp Bjørnar Helgesen Stig Louis Myklevold Frp Me stadfester med våre underskrifter at møteprotokollen er ført i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Frå administrasjonen møtte: Namn Mariann Jacobsen Hilt Hege Etterlid Marit Kjelby Kjell Nesbø Stilling Kommunalsjef Økonomisjef Skulefagleg rådgjevar Prosjektleiar Stord, 25.09.2012 Marit Annie Åkra møtesekretær
SAKER TIL HANDSAMING GK 7/12 Godkjenning av innkalling, sakliste og møteprotokoll frå Politiske saker PS 13/12 Langeland skule - forslag til forsering av utbygging byggesteg 2 PS 14/12 Høyringsutale til skulebruksplan Hordaland fylkeskommune 2012-2025 side ORIENTERINGAR: Skulebruksplanen status v/prosjektleiar Kjell Nesbø Økonomistatus v/økonomisjef Hege Etterlid økonomistatus pr d.d. vart delt ut Symjing i Stordskulen, status pr juni 2012 notat datert 29.06.12 vart delt ut side 2 av 7
GK 7/12 Godkjenning av innkalling, sakliste og møteprotokoll frå Vedtak Innkalling, sakliste og møteprotokoll frå 28.08.2012 vart samrøystes godkjent. Politiske saker PS 13/12 LANGELAND SKULE - FORSLAG TIL FORSERING AV UTBYGGING BYGGESTEG 2 Innstilling: 1. Kommunestyret vedtek oppstart byggesteg 2 ved Langeland skule hausten 2012. 2. Finansiering ved bruk av unytta lånemidlar på prosjekt 1574 Stord kyrkjegard. Handsaming Samrøystes tilrådd PS 14/12 HØYRINGSUTTALE TIL SKULEBRUKSPLAN HORDALAND FYLKESKOMMUNE 2012-2025 Vedtak: 1. Komié for oppvekst og utdanning sluttar seg til Samarbeidsrådet for Sunnhordland sin høyringsuttale til skulebruksplanen som følgjer: Samarbeidsrådet for Sunnhordland har drøfta framlegg til ny Skulebruksplan. For Samarbeidsrådet for Sunnhordland er det avgjerande at regionen skal kunna gje fullgode tilbod i alle undervisningsprogram. Samarbeidsrådet har forståing for at Hordaland fylkeskommune vurderer skule og tilbodstrukturen, både ut frå økonomiske og skulefaglege perspektiv vurderingar. Samarbeidsrådet meiner at det er naturleg at det må kosta meir å driva skule i Sunnhordland enn i Bergen og Rogaland. Samarbeidsrådt har følgjande merknader og kommentarar til planen: Planen gjer eit godt bilde av viktige moment ved Hordaland fylkeskommune sin skule og tilbodsstruktur. Planen peike på framlegg til framtidige prioriteringar og endringar. Grunngjeving for føreslegne endringar er blant anna følgjande: Skule og tilbodstrukturen syner at dei fleste utdanningsprogramma er fordelt på for mange skular og at det difor vert ein konkurranse mellom naboskular der begge kan verta taparar. Fylkeskommunen bruker store ressursar på å halda oppe ein desentralisert skule Alternativ for framtidig skule og tilbodstruktur er utarbeidd med grunnlag i ei kriterieliste som gjer føringar for kva som vert vurdert som viktig for skule og tilbodstrukturen. Samarbeidsrådet for Sunnhordland meiner at det er for lite samanheng mellom ein del av Hordaland fylkeskommune sine andre planar og satsingsområder og skulebruksplanen i framlegg 1 og 1B i side 3 av 7
høyringsframlegget. Dette er blant anna planar som Regional Næringsplan, LUK satsinga, Klimaplan for Hordaland og "Rekruttering i marin sektor 2011-2014". For Sunnhordland er det viktig å sjå skulestrukturen i høve til ønska utvikling av regionen. Regionen har ein geografi og ein samferdslestruktur som gjer at noko av dei endringane som er framlagt i Regionrådet for kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Svelo og Tysnes planen ikkje let seg praktisk gjennomføra ut i frå dei kriteria som ligg til grunn i utkast til plan. Dette gjeld blant anna reisetid. Planen legg for stor vekt på sentralisering og for lite vekt på desentralisering. Eit spørsmål vert då kva konsekvensane ei nedlegging /samanslåing av skular i distrikta vil verta, samanlikna med tilsvarande i sentrale strøk. Ei sentralisering vil kunna påverka busetjingsmønster og elevane si tilknyting til heimstaden. Ikkje minst den gode tilknytinga ein har i dag til lokalt arbeidsliv. Dette vil igjen kunna påverka framtidige val av arbeidsplassar. Ei slik sentralisering vil og føra til auka transportbehov og gå ut over elevane sine fritidsaktivitetar. Sunnhordland er ein region med variert næringslivmed ein sterk industri, og yrkesfaga er sterkt knytt til eksisterande industri. Næringslivet konkurrerer internasjonalt, og yrkesfaga har ein høgare status her enn mange stader det er naturleg å samanlikna seg med. Regionen ynskjer å oppretthalda denne kompetansen, og det må difor leggast til rette for at skuletilboda finnes i regionen. Elevane må sleppa å reisa ut for å få kompetanse. Det syner seg og at elevar som bur på hybel har større fråfall i motsetnad til dei som kan bu heime. Teknisk fagskule er eit døme på at bedriftene i regionen prioriter utdanning. Tilbodet er utvikla i tett samarbeid mellom skule og industri og er tilpassa eit regionalt behov. Dette tilbodet må verta permanent. Rekrutteringa til helse- og omsorgsfaga må ha høg prioritet sidan det er stor mangel på slik arbeidskraft i regionen innanfor dette fagfeltet. Det er viktig å halda på dei gode fagmiljøa ein har i Sunnhordland mtp. rekruttering. Det ligg mykje kompetanse i eit tett samarbeid mellom skule næringsliv. Ved fleire av skulane har ein lukkast med eit slikt godt, lokalt samspel. Fagmiljøet er ikkje berre på lærarrommet, men i heile samfunnet. Difor er det god distriktspolitikk å oppretthalda og utvikla dette samarbeidet. Samarbeidsrådet har drøfta framlegg til endringar i høve til kvar skule i skulebruksplanen og har følgjande kommentarar og innspel til utvikling av desse: Austevoll Samarbeidsrådet meiner at det er viktig å oppretthalda eit brett kompetansemiljø innan nautikk og akvakultur som er Austevoll sine skular sine hovudfelt. Austevoll vgs og Austevoll maritime fagskule framstår i dag på ein god måte med svært god dialog med næringslivet skulen skal utdanna for. Samarbeidsrådet kan ikkje godta framlegg om å ikkje ha fagskule for nautikk i Austevoll med eit komplett maritime cluster, og med store internasjonale rederi som ein del av fagmiljøet rundt skulen. Austevoll vgs er nyleg utbygd og er viktig som lokal skule for Austevoll kommune sine innbyggjarar, då kommune ikkje er landfast. Samarbeidsrådet kan difor ikkje godta dei framlegg som svekker tilboda i Austevoll. Bømlo Bømlo kommune avviser alternativ 1 og 1b i Hordaland fylkeskommune sin skulebruksplan. Samarbeidsrådet støttar dette. Skulebruksplanen vitnar om for lite kunnskap om Bømlo kommune hjå planleggjarane. Ei gjennomføring av planen vil gje alvorlege negative ringverknader for Bømlosamfunnet, for næringslivet, for unge sine moglegheiter til å delta i organisasjons- og samfunnsliv, for side 4 av 7
folketalsutviklinga og for kommunen si utvikling generelt. Ei slik negativ utvikling vil ikkje gagna Sunnhordlandsregionen Samarbeidsrådet vil ikkje stille seg avvisande til ei samanslåing av Bømlo Vidaregåande skule og Rubbestadneset vidaregåande skule, lokalisert til Rubbestadneset under følgjande føresetnader: Alle noverande tilbod på Rubbestadneset vgs vert oppretthalde og at Rubbestadneset vidaregåande skule vert utvida til eit regionalt opplærings og kompetansesenter for TIP -faget. Helse og sosialfag vert vidareført og lagt til Rubbestadneset. Studiespesialiserande retning inkludert påbyggingskurs til studiekompetanse vert vidareført og lagt til Rubbestadneset. Service og Samferdsel vert vidareført og lagt til Rubbestadneset Tilbod til minoritetsspråklege og vaksenopplæring som i dag vert gjeven på Bømlo vgs må følgje over til ny Rubbestadneset vgs. Tilbodet om særskilt tilrettelagt opplæring må vidareførast ved ny Rubbestadneset vgs Samlokalisering må skje i eit tidsmessing pedagogisk eigna bygg som har kapasitet for over 600 elevar (jamfør prognosane for folketalsutviklinga på Bømlo) Dersom Hordaland Fylkeskommune ikkje finn å kunne gjera ei slik endring, er det viktig å oppretthalde Bømlo Vidaregåande skule og Rubbestadneset Vidaregåande skule med dei opplæringstilboda desse skulane har i dag. Bømlo kommune høyrer heime blant dei 10 største kommunane i Hordaland Fylke og er ein kommune i vekst. Å byggje ned dei vidaregåande studietilboda i kommunen harmonerer ikkje med det. Etne Etne Vidaregåande skule har hatt ei positiv utvikling dei seinare åra, og har fått eit nytt løft etter ny lokalisering i Skakke senteret. Ei utfordring for skulen i Etne er at det er oppretta mange like linjer ved Ølen Vidaregåande skule. Her bør skuleleiingar og fylkeskommunane setja seg saman og laga ei fordeling av linjer som gjer at det ikkje vert konkurranse om elevane. Dette vil tena alle. Fitjar Samarbeidsrådet for Sunnhordland meiner at Fitjar Vidaregåande skule må vidareførast og styrkjast. Samarbeidsrådet meiner at det er viktig å oppretthalda det sterke og breie kompetansemiljø ein har på skulen. Ein må vurdera om Fitjar kan bli et kompetansesenter innan helse og oppvekstfag, restaurant og matfag. Fitjar har eit godt samarbeid med næringslivet i kommunen og arbeider godt og aktivt med ungt entreprenørskap. Fitjar har og ein fagskule innan m.a. eldreomsorg, som vil vera med på å forsterka statusen som eit oppvekst og kompetansesenter innan helse- og oppvekstfag. Skulen har i tillegg ansvar for eit desentralisert tilbod. Dette tilbodet er med på å auka andel tilsette med fagbrev innan helse og i barnehagar, og er svært viktig for kommunane i regionen. Kvinnherad I framlegg til skulebruksplan er Kvinnherad Vidaregåande skule føreslege nedbygd frå 400 til 364 elevplassar. Det er føreslege å sentralisera linjer til Stord og eventuelt Fitjar. Samarbeidsrådet meiner at denne løysinga ikkje kan gjennomførast, då dette vil føra til alt for lang reisetid for elevane. Tilboda ved Kvinnherad Vidaregåande skule må styrkjast, og for arbeidslivet i kommunen er det viktig at det studiespesialiserande utdanningsprogrammet vert vidareført på same nivå som no. Og at det også vert gjeve tilbod innan dei yrkesfaga skulen har. For mange av elevane frå dei yrkesfaglege programområda er VG3 påbyggingsåret eit like naturleg fagval som det å gå ut i lære. Påbyggingsåret medverkar både til god breidde i programfagstilbod for elevar på VG2 og VG3 studiespesialiserande, og til eit større fag- og lærarmiljø innan studiespesialiserande programområde. Det må nødvendigvis kosta meir å driva skule i Sunnhordland enn i Bergen og Rogaland. Stord Stord Vidaregåande skule er ei samanslåing av tidlegare Stord Vidaregåande og Stord Yrkeskule. Samarbeidsrådet føreset at ei samlokalisering av skulen kjem inn i planen. Skulen er blant dei største side 5 av 7
i Hordaland og det er lite rom for større utviding av elevtalet. For "smale" linjer er det likevel viktig at desse vert lagt sentralt i regionen, og då peikar Stord Vidaregåande skule seg ut. Anna Regionen må få på plass ei linje med studiespesialisering innan formgjeving. Dette er ei linje som og har design. Dette er kompetanse som og er viktig innan industri. Det må arbeidast for å få til ei eller fleire samlokaliseringar av elevar med framandspråk. "I regional plan for senterstruktur og lokalisering av service og handel i Hordaland" er Haugesund definert som regionsenter for Sveio. Skulebruksplanen må difor omtala kjøp av skuleplassar over fylkesgrensa, slik at elevar frå Sveio også i framtida kan søkje plass ved vidaregåande skular i Rogaland. 2. Komiteen ønskjer å ha følgjande tillegg med i høyringsuttalen for Stord: Komité for oppvekst og utdanning ønskjer å oppretthalde dagens skolestruktur med barneskole, ungdomsskole og vidaregåande skole. Komité for oppvekst og utdanning på Stord ønskjer å komme med ei presisering i høve til 8-13 skule på Stord. Stord kommune ser på forslaget om 8-13 skule som ei samlokalisering av bygningsmassen. Kor fylkeskommunen og kommunen kan dra ut synergi effektar av t.d. felles mediatek, gymsal / fleirbrukshall. Det skal ikkje ha faglege og sosialpedagogiske konsekvensar som t.d. i form av ei felles skuleleiing eller felles vrimleareal for elevane. Det skal vera eit klart mål at alle skulane i regionen, Hordaland skal tilby ungt entreprenørskap. Innføringskurs for minoritetsspråklege elevar bør vera i elevane sitt nærmiljø. Denne gruppa kan være sårbar og har opplevd mykje vondt. Nokre har det vanskeleg og krev ekstra oppfølging. Noen er utan føresette. Dette er for å skapa ro og tryggleik som denne gruppa treng i sitt nye tilvære. Handsaming Pkt 1 Pkt 2 Vedteke med leiaren si dobbeltrøyst. Desse røysta for rådmannen sitt framlegg (Krf, V, H og Frp) Samrøystes vedteke (8 røyster) Habilitet: Katrin Ankervold (Ap) stilte spørsmål om habiliteten til leiar, Nina Ø. Borrevik (H), under handsaminga av saka. Borrevik er prosjektleiar for Ungt Entreprenørskap i Sunnhordland og tredde frå under handsaminga av habilitetsspørsmålet. Vara var ikkje kalla inn. Silje Vatna (Sp) vart valt som setteleiar. Komiteen handsama habilitetsspørsmålet og fatta følgjande vedtak: Borrevik vart kjent inhabil med 7 mot 1 røyst (Jarle Halland, H), jf fvl 6 2. ledd. ****** Silje Vatna, Sp kom med framlegg om å nytta Samarbeidsrådet sin høyringsuttale slik det ligg føre i pkt 1 i vedtaket. Jan Reinemo, Krf kom med framlegg om kulepunkt 1 i nr 2, slik det ligg føre i vedtaket. Komiteen kom med framlegg om kulepunkt 2 i nr 2, slik det ligg føre i vedtaket. Jarle Halland, H kom med framlegg om kulepunkt 3 i nr 2, slik det ligg føre i vedtaket. Pim Taraldsøy, Ap kom med framlegg om kulepunkt 4 i nr 2, slik det ligg føre i vedtaket. ****** side 6 av 7
Geir Angeltveit, V kom med følgjande framlegg: Stryk avsnitt om Bømlo, Austevoll, Fitjar, Etne og Kvinnherad. Framlegget fekk 1 røyst (V). Rådmannen sitt framlegg som fall: Komiteen sluttar seg til rådmannen sitt framlegg til høyringsuttale. side 7 av 7