NY NÆRING UNDER GAMLE TAK Låveprosjekt. Det er to sider ved en bygning; bruken og skjønnheten. Bruken tilhører eieren, skjønnheten hele verden



Like dokumenter
Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Frå dikt til teikneserie

IPT Telemark. Årsmelding Arbeidsutval. Valnemnd

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Tilskot til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket - 2. utlysing 2015

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

«Ny Giv» med gjetarhund

SMIL Spesielle miljøtiltak i landbruket

Naturvernforbundet i Midt-Telemark har per 14. januar medlemmer. Styret har bestått av:

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Prosjektplan - «Liv i Vinje»

NYHEITSBREV FRÅ USH BUSKERUD NR

Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd)

Prosjekt: Velferdsteknologi og automasjon Eid omsorgssenter. Pilotprosjekt i Nasjonalt program for Leverandørutvikling

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

Oslo, 7. april møte i gjetarhundnemnda måndag den 6. april kl på lagskontoret i Parkveien 71.

SLUTTRAPPORT TRENINGS- OG SAMTALEGRUPPE FOR PÅRØRANDE 2017/HE

Forslag frå fylkesrådmannen

Prosjektplan for kommunereforma i Vest-Telemark

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Høyring- revidering av forskrift om hausting av tare i Sogn og Fjordane

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen

hoppid.no - Nyheiter Gründeråret 2015 Vårens mobiliseringsdugnad er i gang:

Prosjektavslutning Kompetanse og nyskaping for landbruket i Osterfjord

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

ÅRSMELDING FOR OPPLAND JOURNALISTLAG ARBEIDSÅRET 2006

Styremøte Sogn og Fjordane Sau og Geit på Reset

ÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR Innhald Kva har vi gjort i læringsnettverket... 2

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

SLUTTRAPPORT PROSJEKT K1. Synliggjering av gjennomgåande perspektiv i Fylkesplan Pilotfylke Møre og Romsdal

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG

Kulturhistoriske registreringar

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

HORNINDAL KOMMUNE. Tilsynsplan. Plan for tilsyn i saker etter plan- og bygningslova. Hornindal kommune 2011

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

Fra: Inge Bjørdal Til: 'Erling' Kopi: Arlen Synnø ve Bidne

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Prosjekt Småkraft i Hordaland refleksjoner i etterkant

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Rapport konferanse og tilhørande studietur til Hamamatsu, Japan

Stemnehandboka for NKSF

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Felles Landbrukskontor ÅLA. Tiltaksplan landbruk Handlingsplan for 2015 og 2016

Samnanger kommune Møteprotokoll

Kommunedelplan for oppvekst

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar

Hordalandsmodellen med kurs for tverrkulturell kompetanse - ein tilnærmingsmåte.

Å utvikle og drifte spennende og fremtidsrettede helsetjenester er en kontinuerlig prosess

Kva er økologisk matproduksjon?

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

RAPPORT FRÅ MEDVIRKNINGSMODELLEN GJESTEBUD

Prosjekt Oppstartspakke gårdsoverdragelser. Evalueringsrapport versjon Oppstartspakke ved gårdsoverdragelser

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

Kvam herad. Arkiv: N-016 Objekt: Tilråding frå Hardangerrådet om vidareføring av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Referat og meldingar Drøftingssaker til rådet for eldre og funksjonshemma til møtet

Postboks SOGNDAL - Tlf: MØTEPROTOKOLL. Faste medlemmar: Medlemmar med tale- og framleggsrett:

GLADE ELDRE PÅ SYKKEL EIT PROSJEKT I REGI AV NASJONALFORENINGEN JØLSTER HELSELAG

Eigarskapspolitisk plattform for Aurland

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

Prosjektplan for Inn på tunet-løftet for Hallingdal

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Kl : Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

1. Mål med samhandlingsreforma

Vegvisar til vilbli.no

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Medlemmer som er ugilde i ei sak vert bedne om å gi melding, slik at varamedlemmer kan verte kalla inn. Jf. 8, 3. ledd i forvaltningslova.

Rapport ungdomskurs i bridge på Os februar 2016

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

SAKSFRAMLEGG. 36/15 Næring og miljøutvalet

Vinje kommune. Sluttrapport

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

SAKSLISTE. Sak-møte-år Sak Ansvar / Frist Referat sist møte Robert las gjennom referatet. Nokre punkt er ikkje gjennomført.

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

Skjema Samarbeids- og utviklingstiltak for arkiv og museum 2012 (nynorsk) Referanse Innsendt :20:41

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda. BrosjyreA5_husetibygda.indd

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Kvam herad. Arkiv: N-031 Objekt: SATS- prosjekt i Kvam - Samordning A-etat, Trygd- og Sosialkontor - P19031

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

Brødsbrytelsen - Nattverden

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

Transkript:

NY NÆRING UNDER GAMLE TAK Låveprosjekt Det er to sider ved en bygning; bruken og skjønnheten. Bruken tilhører eieren, skjønnheten hele verden Victor Hugo Sluttrapport 1

Innleiing Låvebygg er og har vert eit viktig element i landbruket sitt kulturlandskap i lange tider sjølv om form og funksjon har endra seg gjennom tidene. Som følgje av store endringar i landbruket dei siste 30-50 åra, har den mange stader mista sin funksjon i høve til opprinneleg bruk. Tidsmessig kan bygningar som for 50 til 100 år sidan vart laga for å huse både dyr, fôr og reiskap i dag være mindre aktuelle å bruke slik dei opprinneleg var, tilsvarande og for enno eldre låvebygg. Nokre stader kan dei bli gjort om til lager eller reiskapshus, medan andre stader står dei tomme. Tomme låvebygg treng like mykje vedlikehald som bygg som er i bruk om dei skal kunne haldast vedlike. Skal ein forsvare å halde låven ved like må ein dei fleste stader prøve å finne nye bruksområde for låven som gjer at denne kan fylle ein funksjon og være med på å gje inntening. Prosjekt Ny næring under gamle tak har sikta seg inn mot gardbrukarar og andre som har hatt tomme låvebygg ståande som dei har hatt eit ønske om å bruke i samband med ny næring. Prosjektet har vert opent for deltakarar frå heile Telemark. Prosjekt Ny næring under gamle tak er ei vidareføring av Den Raude Låve som vart gjennomført i Midt-Telemark og Notodden i perioden 2008-2010, men har hatt ein kortare tidshorisont med færre samlingar. Prosjektperioden har vert frå januar til og med mai 2011. Låveprosjekt 1. 2

Målgruppe Eigarar av låvebygningar som det er aktuelle å bruke til ny næringsverksemd. Prosjektet har vert opent for deltakarar frå heile Telemark. Prosjektet byrja med planlegging og førebuing i desember i 2010 og starta formelt opp frå 01.januar 2011. I januar og byrjinga av februar gjekk tida for ein stor del med til å drive marknadsføring av prosjektet. Det var sendt invitasjon til alle landbrukskontora i Telemark. Ein del av desse vart og med og marknadsførte prosjektet mot faglaga lokalt, og la ut informasjon på nettsidene til den enkelte kommune. Enkelte kommunar gav oss veldig mykje hjelp i høve tips om aktuelle deltakarar, og det har vert veldig viktig for oss. Me har og marknadsført prosjektet på vår eige nettside på www.landbruketshus.no Her vart det og samla linkar til låvar som har fått nytt liv i Telemark og andre stader, som har eige nettside. Prosjektleiar bruka mykje tid på kontakt med fylkes og lokalaviser. Me fekk til fleire fine oppslag med lokale døme på låvar som hadde fått nytt liv med nye bruksområde. Me var på Skare Gard i Morgedal, Grisebusten Maleverkstad i Bø, Galleri Nyhuus i Sauherad og me var hjå Olav Langkås på Hørte. Dei to sistnemnde stadene var dei med på Den Raude Låve. I tillegg fekk me og fleire mindre oppslag og notisar i fylkes og lokalaviser som resultat av at dei hadde lese om prosjektet på kommunale nettsider og i postlister. Under vegs i prosjektet vart det og eit oppslag med ein av deltakarane i prosjektet, Miguel Utreras, som har planer om å lage eit interkulturelt senter. Me hadde og annonser i fylkes- og lokalavisene i forkant av frist for påmelding, men effekten av desse var på langt nær så god som avisoppslaga. Prosjektleiar var og i kontakt med NRK Telemark og i april fekk me til eit innslag med utgangspunkt i gardsbutikken til Torgrim Kaasa og Halvor Holtan. Blant ideane som vart lufta blant dei prosjektet hadde kontakt med i forkant av kurset var nettbutikk, galleri, gjestehus, festlokale, teaterscene, kafé, vinhus, hus til baking, lager, gardsbutikk, treningssenter, forsamlingslokale, klatresenter og tradisjonelt landbruk. Prosjektet hadde kontakt med mange fleire enn det tal deltakarar me enda opp med til slutt. Målsetning Målsettinga var å få med 10 prosjekt for å skape nye næring i ledige låvebygningar og slik sikre låven sin plass i kulturlandskapet. Me hadde i utgangspunktet fått med 7 prosjekt, men 2 av dei trakk seg rett før oppstart. Kurset vart difor gjennomført med 5 prosjekt. 3

Låveprosjekt 2. Delmål 1: Stimulere til utvikling av eksisterande eller ny næring med lokalitet i låvebygningen. Her stilte deltakarane litt ulikt. Nokon hadde drive med alternativ næring i lengre tid og trong meir plass til å utvikle denne ytterlegare, medan andre vil ha ein litt lengre veg å gå. Uansett utgangspunkt gav prosjektet dei høve til å arbeide og utvikle sine idear vidare. Deltakarane hadde gode idear som dei fekk sett enno meir i system gjennom blant anna å arbeide med foretningsplan og konkret handlingsplan for sine prosjekt. Delmål 2: Identifisere hindringar for bruksendring og gjenbruk. Dette var blant dei emna som vart diskutera. Ei av samlingane var på Lien Fjellgard, der fekk med og omvisning og fekk høyre om deira erfaringar med å utvikle staden. I tillegg organiserte prosessrettleiar Hans Huseby ein tur til Vestfold som vart eit tillegg til den formelle delen av kurset, der alle som var med vart invitert med på ein rundtur som starta på Hedrum Bygdetun i Kvelde og med vidare med besøk på Hasle Gard som driv med grøn omsorg og lukka selskap i Sandefjord. Så fekk med mat heime hjå Hans Huseby og til sist var på besøk hjå Hunsgaar som hadde gjenbruk av byggemateriale som utgangspunkt for fleire av sine bygningar på garden. Her var fleire originale løysingar, blant anna i høve bruk av vindauge. For kursdeltakarane var det lærerikt å sjå ulike løysingar. 4

Delmål 3: Hjelp til planlegging, ombygging og dimensjonering Me hadde ein eigen kveld med bygningsteknikk som tema. Me hadde fått med oss Kjell Tangen frå Norsk Landbruks Rådgivning Østafjells og Trond Lage Edvardsen frå Skien Kommune. Kursdeltakarane sendte inn bilete av sine låvebygg og dei som hadde teikningar sendte inn desse. Kjell Tangen tok så utgangspunkt i desse og tok ein gjennomgang av kvart enkelt prosjekt. Trond Lage Edvardsen gjekk gjennom krav i høve Plan og Bygningsloven. Låveprosjekt 3. Aktivitet Me har hatt til saman 4 seminar i kurset. Eit på Bø Hotell, eit på Lien Fjellgard, på landbrukets Hus og på Norsjø Hotell. Me har hatt foredrag frå fagpersonar i Norsk Landbruks Rådgivining Østafjells, Skien Kommune, Innovasjon Norge og Midt- Telemark Landbrukskontor. I tillegg har me arrangert eit ope møte på Evju Bygdetun der tema var låven som eit viktig element i kulturlandskapet. Her viste Halvor Sem lysbilete og fortalde frå forprosjektet til Raude Låver, Dag Gjermund Roheim tok for seg SMIL midlar til restaurering og Trond Lage Edvardsen gjekk gjennom krav i høve Plan og Bygningsloven. Me fekk og sjå oss om og fekk omvisning i delar av bygdetunet for dei som ville. Det kom 15 personar på møtet. 5

Dialog med og forankring i kommunens byggansvarlige etat. Her har Trond Lage Edvardsen i Skien kommune vert ein verdifull støttespelar og ressurs for prosjektet. Prosjekt 4. Organisering Prosjektleiar har hatt ansvar for marknadsføring av kurset og for den tekniske og praktiske gjennomføringa. Hans Huseby har vert prosessrettleiar og har hatt ansvar for å følgje opp kvart enkelt prosjekt med heimelekser og gjennomgang på samlingane. Prosjektet har hatt ei styringsgruppe som har bestått av : Karl Erik Gonsholt - Fylkesmannes landbruksavdeling Trond Lage Edvardsen - Skien Kommune, Planetaten. Astrid Staurheim - Telemark bondelag Teresa Dalen Grenland Landbrukskontor Tora S.Aarnes - Midt-Telemark Landbrukskontor 6

Prosjektleiar har vert Halvor A.Midtbø. Han har fungert som sekretær for styringsgruppa. Det har vert 2 møte i styringsgruppa i løpet av prosjektperioden. Samandrag I kurset Ny næring under gamle tak har me hatt med 5 ulike prosjekt som har vil skape ny eller utvikle eksisterande næring med utgangspunkt i tomme låvebygg. Eit av prosjekta har vert eit bryggerhus/ eldhus. Dette var på ein gard der låven var godt utnytta frå før. Me har hatt følgje med 5 spennande prosjekt frå ulike delar av Telemark. Gjennom heimearbeid og arbeid på samlingane har kvart prosjekt utvikla sin eigen foretningsplan og konkret handlingsplan for å nå sine ønska mål. Dette har vert eit spennande arbeid med mange gode idear, spenstige forslag og konstruktive tilbakemeldingar frå prosessrettleiar og internt mellom dei deltakande prosjekta. Me har forsøkt å sette fokus på dei utfordringane som ein møter i prosessen med å skulle skape ny aktivitet innanfor ramma av ein tom låve. Landbrukets Hus 30.05.11 Halvor A.Midtbø prosjektleiar Vedlegg 1: Artikkel i Varden 20.12.2010 Vedlegg 2: Omtale i Telen desember 2010 Vedlegg 3: Artikkel i Kanalen 26.01.2011 Vedlegg 4: Artikkel i VTB 01.02.2011 Vedlegg 5: Artikkel VTB nett 01.02.2011 Vedlegg 6: Artikkel i TA 02.02.2011 Vedlegg 7. Artikkel i Bø Blad 10.02.2011 Vedlegg 8: Artikkel i Telen 29.02.2011 7

Vedlegg 1.

Vedlegg 2.

Vedlegg 3.

Vedlegg 4.

Vedlegg 4.

Vedlegg 5.

Vedlegg 5.

Vedlegg 6. Vedlegg 6.

Vedlegg 7.

Vedlegg 8.