Overrca avtale samhandling mellom det kommunale barnevernet i omrle Fonna cget statlege barne i Region Vest Bokn Bømlo Eidfjord Etne Fitjar Haugesund Karmøy Kvinnherad Jondal Odda Sauda Stord Suldal Sveio Tysnes Tysvær Ul ensvang Vindafjord Utsira
1. RAMMER Lov om Barneverntjenester Rundskriv Q-06/2007 "Oppgaver og Ansvarsfordeling mellom kommuner og statlige barnevernmyndigheter herunder om betalingsordninger i barnevernet". Desse regulerer oppgåvene og forplikting til betaling som er tillagt det kommunale og statiege barnevernet. Samarbeidsavtale om barnevernet mellom Barne og likestillingsdepartementet og KS, av august 2011. Ansvar og oppgåver i barnevernet i Norge er delt mellom kommunane og staten. Begge er gjensidig avhengig av kvarandre for å få utført sine oppgåver. Partar i denne avtala er kommunane i område Fonna og det statlege barnevernet, Bufetat Region Vest. 2. FORMÅL Det statlege og kommunale barnevernet skal fremje openhet, samhandla og utfylla kvarandre på en slik måte at tenestene framstår som heilskaplege, og gir barn, unge og familiar den hjelp dei har behov for. Avtala skal gi ei felles forståing av kva rammer som ligger til grunn for samarbeidet ved å tydeliggjere partane sine roller og mandat. Avtalen skal være kjent for alle tilsette i statlege og kommunale tenester. 3. STRATEGISKE SAMARBEIDSOMRÅDE Partane skal ha føljande samarbeidsområde:
Tidleg innsats Auke kompetansen på utgreiing av nyfødde og foreldre, Bli tydeleg på ansvarsdeling mellom kommune og Bufetat når det gjeld innsats for spedbarn. Fosterheim Partane skal samhandle på dette området for å sikre god kvalitet på fosterheimstilbodet, gjennom felles innsats på føljande tema: Rekruttering Opplæring Formidling Oppfølging Familieråd Akutt/krise Utvikle samhandlingsrutiner som kan hindre plassering av barn og unge. Partane må skape ei felles forståing for kva som er "beste" akutt-tiltak. Partane må utvikle felles rutiner for inntak i - og utskriving frå akutt-tiltak. Generell kom etanseutviklin Følje opp og vidareutvikle etablerte utdanningsprogram for kartlegging av barn og unge. Evalueringskompetanse partane vil utvikle dette i fellesskap for å stimulere kommunikasjon og samhandling. Institus'onso hald Partane må sikre ei felles forståing for mål, innhald og varighet ved institusjonsopphald. Jobbe for ein felles inkluderande kultur i samfunnet, der utstøtingsmekanismer ikkje får rå. 4. PARTANE FORPLIKTAR SEG TIL Partane skal bidra til å sikre at barn og familiar med behov for hjelp frå barnevernet, får samordna tenester med god kvalitet. Partane skal bidra til at utviklinga i barnevernet skjer i tråd med felles mål, viser til kap. 2,
Partane skal bidra til at det vert lagt til rette for tverrfagleg samarbeid der brukaren vert sett i sentrum. Samarbeidet skal omfatte relevante tenesteområde på kommunalt og statleg nivå som yter tenester til barn og unge, viser til kap.3 Samarbeidet skal skje på ein måte som fremjar partane sin respekt for kvarandre, kvarandre sin kompetanse og dei ulike rollane partane har. Partane skal gjere avtale kjent i eigen organisasjon. 5. SAMHANDLINGSSTRUKTUR Strukturen på samhandlinga skal bygge opp under formålet (kap.2) og fremje arbeidet på dei strategiske samarbeidsområda (kap.3). Partane er samde om at utfordringar i samarbeidet skal handterast på lågast mogleg nivå. Det vil sei at det meste av kommunikasjonen skal gå på tvers, mellom det kommunale barnevernet og einingane i det regionale statlege barnevernet. 5.1. Årle to leiarm te Det skal gjennomførast eit årleg toppleiarmøte mellom politisk og administrativ toppleiing, toppleiar i det kommunale barnevernet, leiinga i Bufetat Region Vest, område Fonna og KS. Formål: Sikre forankring og oppfølging av den overordna samhandlingsavtala Organisering: Ansvar for å legge til rette for dette møtet ligg hjå KS. Eit årleg toppleiarmøte for heile område Fonna. KS har ansvar for å legge til rette for dette. Det årlege kontaktmøte (kap.5.2) etablerer eit arbeidsutval for å planlegge innspel til toppleiarmøte. 5.1.1. Eit årleg møte mellom Haugesund kommune ved rådmann og regiondirektør i Bufetat. 5.2. Faste m ter mellom kommunalt o statle barnevern
Formål: Sikre oppfølging av samhandlingsavtala på det operative nivået. Både kommunemøte og kontaktmøte skal nyttast til å spele inn saker for toppleiarmøte. Organisering: Bufetat har ansvar for å invitere til kommunemøte og kontaktmøte. Bufetat har ansvar for at det vert etablert og konstituert eit arbeidsutval (kap. 5.1) som skal komme med innspel til toppleiarmøtet. Arbeidsutvalet skal bestå av ein representant frå kvar region (dei tre regionrådsområda) og ein representant frå Bufetat. 6. EVALUERING Samarbeidsavtala skal evaluerast i 2013 og 2014 i samband med toppleiarmøte. 7. VED USEMJE Usemje om avtala skal løysast på lågast mogelege nivå. Usemje skal uansett handterast slik at den ikkje går ut over tilbodet til barn og familiar, og slik at tilliten til barnevernet i heilskap ikkje vert svekka. 8. AVTALEPERIODE Avtala gjeld frå 2012 til 31.12.2014. Underordna avtaler som vert inngått i denne perioden bør falle saman med denne overordna avtala sin utløpsdato. Denne avtala erstattar eksisterande avtaler mellom partane. Stad dato Regiondirektør Bufetat Ordførar kommune