Haustfest Tips til gjennomføring

Like dokumenter
Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen.

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Rekrutteringsplan FBK Voss

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Utdeling av premiar til mestvinnande spaniels i fylket 2018 (sjå årsmeldinga for namn). Utdeling av premiar adventskonkurranse.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Reglar og retningslinjer for organisering og gjennomføring av Dana Cup

Refleksjon og skriving

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Månadsbrev for Rosa september 2014

UNG I RADØY SOMMARCAMP FOR UNGDOM 2017

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Velkommen til songarstemne i Florø!

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Elevundersøkinga 2016

Sogn og Fjordane krets av NSF JOTA/JOTI

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2018/2019

Til deg som bur i fosterheim år

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

Velkomen som konfirmant

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Veslefrikk. Mai Helsing Oddbjørg, Vibeke, Gunn-Iren og Elida

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

Søk regionale miljøtilskot elektronisk

HOLMØYSKARRENNET 2002

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

Trinn for trinn -Legge inn arrangementsøknad i Sportsadmin. -Ta ut påmeldingsfiler for import i FriRes. -Resultat/rapportering på mindre stevne.

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Å løyse kvadratiske likningar

Brukarrettleiing. epolitiker

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Eksamensreglar og rettleiing for eksamenskandidatar ved Herøy vidaregåande skule

Velkomen som konfirmant!

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Velkomen til Superhelg inspirasjonssamling! Klårt hovud Varmt hjarte Flinke hender God helse

Biletbruk på nettet 1 2

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

SJØPOSTEN OKTOBER Hei!

Stemnehandboka for NKSF

Månadsbrev for Blå, april 2016

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Granvin barne- og ungdomsskule 5733 GRANVIN Rektor mobil: Assisterande rektor mobil:

Velkommen til. årsmøte!

Bjørnehiet SFO - informasjon

Informasjon frå Sula kyrkjelyd

Korrigering til tidlegare utsendt informasjon, «prøvar som pasienten tek sjølv»

Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no

Forord. Mål: Alle skal ha ei god psykisk helse. Visjon: Likeverd openheit respekt

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar.


Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

ehandel og lokalt næringsliv

Dato: 24. januar 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset Bergen Møterom Nordhordland 4. et. Saknr.: 1/12-5/12

VEKEPLAN 6. trinn, veke 11

Info til barn og unge

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

VELKOMEN SOM KONFIRMANT

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

(Leikarringen vart skipa 14. november Lov og styringsføresegner sist endra )

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Dersom du står fast tek du kontakt med Malin Olivia Dahlberg på eller telefon

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

6-åringar på skuleveg

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2015/2016

Studentinformasjon Maurtuå Barnehage 2018/19

SEEK AND FIND PREMIE TIL DITT LAG? FREDAG 21. SEPTEMBER Påmeldingsfrist 15. september.

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Levering av årsrapport og medlemslister for 2010

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Medlemsundersøking for Mållaget i Kristiansand november 2018

Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Til deg som brukar: Her kjem Fritidskalendaren for juni 2007 i Lindås. Me vonar du har lyst å delta på dei aktivitetane me har sett opp.

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

Norli Junior lesekonkurranse informasjon til lærarar

VURDERINGSKRITERIUM I MAT OG HELSE SÆBØ SKULE

ÅRSMØTE RauaLøo Søndag 22. mars 2015, kl Bjarne Øymyr

Invitasjon til kurs og haustsamling oktober 2015

Transkript:

Haustfest 2020 Tips til gjennomføring Haustfesten er ei viktig 4H-tilstelling. Vanlegvis er den eit glimrande høve til å vise omverda kva 4H-klubben arbeidar med i år er det minst like viktig å gjennomføre Haustfesten for at 4H-medlemmene skal få ei fin avslutning på eit annleis 4H-år. 2020 er året der vi skal vere rause med prosjektvurderingane og med deltakinga på klubben sine møte og arrangement. For at Haustfesten skal gå greitt er det ein del brikker som skal falle på plass. Vi håpar at dette vesle tips-heftet kan hjelpa dykk slik at de får ein vellukka fest innanfor gjeldande retningslinjer når det gjeld smittevern Det som står i dette heftet passar nødvendigvis ikkje for alle 4H-klubbane, det viktigaste er at de finn dykkar eigen måte å gjere det på og som passar for dykk, men likevel håpar vi at alle kan finne svar på spørsmål om, og inspirasjon til Haustfesten. Uansett: Godt planlagt er halvt gjennomført. LUKKE TIL!

Koronavirus og retningslinjer for gjennomføring av arrangement i 4H 4H Norge sine retningslinjer for gjennomføring av Haustfest og arrangement i 4H finn ein alltid oppdatert på 4h.no. Retningslinjene følgjer råda frå dei norske helsemyndigheitene. Generelle retningslinjer for 4H A) Vi held oss oppdatert på nasjonale retningslinjer, og sørgjer for at alle aktivitetar og arrangement er i tråd med råd og anbefalingar om smittevern frå helsemyndigheitene. B) Vi gir informasjon om gjeldende reglar og rutiner til alle deltakarar i førekant av arrangementet. C) Vi vaskar hendene godt og legg opp til gode hygienetiltak. D) Personar som er sjuke eller har forkjølelsessymptom skal ikkje delta på 4Haktivitetar. E) Vi held oversikt over kven som deltek på aktivitetar og arrangement. Ansvarleg arrangør skal ha deltakerlister med kontaktinformasjon i minst tre veker etter arrangementet. F) Unngå fysisk nærkontakt og hald anbefalt avstand mellom personar. G) Vi følgjer Folkehelseinstituttets sjekkliste for godt smittevern i forbindelse med arrangementer og aktiviteter for barn og unge. Planlegging av festen Styret og klubbrådgjevarane bør i god tid før festen diskutere og planleggje korleis, kven og kva for festen. Kortid skal festen vere? Kvar skal festen vere? Kven skal vere med på festen? Påmelding? Kva skal vi servere? Kven har ansvar for kva? Hugs at det er heile 4H-klubben sin fest, alle må få lov å gjere noko, og alle har plikt til å ta eit tak. Lag grupper som har ansvar for kvar sine ting, t.d. utstilling, mat, underhaldning, loddsal, borddekking og rydding. Klubbrådgjevaren si rolle er å få ting til å gå, ikkje gjere arbeidet sjølv! Meld frå til 4H-kontoret, Hordaland@4h.no om datoen for festen. I god tid før haustfesten er det viktig å sjå om 4H-prosjekta er registrert i medlemsregisteret, og at alle medlemmene er registrert. Meld evt inn dei som manglar, eller minn utmelde medlemmar om å betale medlemskontingenten slik at dei kan vere med på haustfesten og få godkjent 4H-året.

Kortid skal festen vere? Her står 4H-klubben nokså fritt. Haustfesten må vere gjennomført før klubben har årsmøte og årsmøtet må ein ha innan 1. desember. Fristen for innsending av årsmelding, rekneskap, årsrapport og oppdatering av styreverv er også 1. desember. Men vi vil rå dykk til å ikkje vente for lenge, spesielt om de vel å ha Haustfesten ute. Erfaringa tilseier også at det vert like travelt om ein ventar med Haustfesten til starten av november. Finn ein dag som passar for 4H-klubben, Haustfest tysdag ettermiddag er like fint som laurdag kveld. Kvar skal festen vere? Haustfesten treng absolutt ikkje vere på Grendahuset eller skulen. I år vil mange 4Hklubbar møte ei utfordring ved at lokalet ein vanlegvis nyttar vil vere i minste laget. Her vil vi komme med ulike forslag til korleis ein kan løyse dette. På naturmøteplassen I idrettshallen På skuleplassen / skulen I Grendahuset / ungdomshuset Det er mange fordeler ved å flytte haustfesten ut, ute er det færre avgrensingar kor mange ein har plass til. Servering av mat kan gjerast enklare, det finst mange gode matrettar ein kan lage på bål, gjestene på haustfesten kan sjølve vere med å skape aktiviteten på haustfesten ved å delta på tilrettelagde aktivitetar. Det kan til dømes vere natursti, lage bålmat, knyte knutar osv. Nokre utfordringar finst sjølvsagt, den største er kanskje veret. Dersom det er dårleg ver må ein ordne seg med noko tak over prosjektutstillingar og servering. Men folk er flinke til å kle seg, og dei som vil vere med kjem uansett ver. Inne kan de leggje til rette for at det er god plass mellom gjestene, ha gjerne reserverte plassar for alle og syt for at familiar sit i lag. Hugs også at «kino-oppsett» med berre stolar tek mindre plass enn bord og stolar. Har de høve til det kan det vere kjekt å kombinere ute og inne. Då kan utstillinga av prosjektet vere inne, medan det andre kan vere ute. Då får de spreidd dei som er tilstades på festen. Dersom de har dårleg med plass eller mange medlemmer kan det også vere aktuelt å dele opp klubben og arrangere Haustfest for dei ulike aldersgruppene. Kven skal vere med på festen Haustfesten er først og fremst medlemmane sin fest. Haustfesten markerer slutten på 4H-året. I år må de kanskje avgrense talet på deltakarar. 4H-klubben bestemmer sjølv kor mange de eventuelt kan invitere. Det er heilt greitt å sei at i år er Haustfesten berre for 4H-klubben sine medlemmer, det er heilt greitt å sei at kvar medlem får ta med seg 2

gjester og det er heilt greitt å sei at alle som vil kan komme dersom de har plass til det og har gode smitteverntiltak. Det kan vere greitt å ha ei oversikt over kor mange og kven som kjem på festen. Då kan de be gjestene om å melde seg på i førekant. Korleis de vil ta i mot påmelding bestemmer de sjølve, enten det er ved sms, i Facebookgruppa til 4H-klubben eller de lagar eit google form-skjema som de sender til inviterte gjester. De må ha ei deltakarliste der de registrerer kven som er tilstades. Det gjer de når folk kjem til festen, gjerne ved inngangen. Der skal de notere namn og telefonnummer. Lista må de oppbevare i 3 veker etter festen for eventuell smittesporing. Dersom utstillinga står inne, og de har høve til å la den stå ei stund kan de invitere foreldre og andre interesserte til å komme å sjå til ulike tidspunkt. Uansett kan det vere kjekt for alle som ikkje kan vere med å sjå bilete frå Haustfesten dykkar i sosiale media eller de kan sende inn til lokalavisa. I nokre høve er det kanskje også mulig å få til streaming frå festen som interesserte kan følgje med på. Underhaldning Dette er ein viktig del av festen og av 4H-arbeidet. Planlegg i god tid. I år er det lurt å tenkje at det ikkje skal vere så mange på scena samtidig. Små sketsjar, musikk-innslag, kahoot eller bingo kan høve som underhaldning. Eit godt tips kan vere å bruke 4H-prosjekta som ein del av underhaldninga. Medlemmar med friluftsliv kan vise bilete og fortelje frå nokre turar, dei med matstell organiserer pinnebrød på bålpanna, dei med 4H fotografen kjem med tips til korleis ein skal ta betre bilete. Dette kan de også gjere ved å ha ulike «postar» som gjestene besøkjer. Pass på at det er god avstand. Det er også råd å organisere underhaldningsarbeidet til Haustfesten som ein studiering og få stønad til det. For å ha ein studiering må minst 3 stykke som fyller 14 år i løpet av året fullføre. Kurset må minst vere på 8 timar. Søknaden sender de på www.naturogmiljo.no/. Gå inn på søknad om tilskot på menyen på venstre sida og fyll ut skjemaet. Studieplannummeret er 1217, Revy ekstremsport for pyser. Tilskotet er kr 100,- pr time. Loddsal Mange 4H-klubbar brukar Haustfesten som eit høve til å skaffe klubben pengar til aktiviteten sin. Når de sel lodd er det lurt å ta betaling på Vipps, eller de kan informere i førekant om at de ikkje har vekslepengar slik at alle har med akkurat beløp dei vil kjøpe lodd for. Det er også lurt å ha ein «loddselje-stasjon» slik at dei som vil kjøpe lodd går dit i staden for å selje ved borda. Bruk papirlodd eller skriv i bok. 4H har mange fine ting som kan brukast som gevinstar, sjå nettbutikken til 4H Norge, www.4h.no.

Matservering I år er det viktig å unngå matkø og at folk stimlar saman rundt kakebordet. Dersom de vel å servere mat bør det vere folk som serverer altså auser opp betasuppa i tallerkenen og legg kakestykket på asjetten. Eit anna alternativ kan vere å dele ut ferdiglaga «matpakkar» der maten på førehand er lagt opp eller pakka porsjonsvis. Ein kan også be gjestene om å ta med eigen matpakke og servere drikke. Godkjent 4H-år For å få godkjent 4H-året sitt og få utdelt merke er det to hovuddelar som må oppfyllast. Fullføringa av 4H-prosjektet og deltaking i klubbarbeidet. Godkjent 4H-prosjekt: Det er klubbrådgjevar eller andre vaksne hjelparar som avgjer om 4H-prosjekta blir godkjent eller ikkje. I dette ligg det rom for å tilpasse både til det enkelte medlem, klubb, stad, men ikkje minst i forhold til dette merkelege korona-året. -Det viktigaste er at medlemmene gjennom 4H-prosjektet meistrar og lærer. Om ikkje prosjektet går slik ein i utgangspunktet planla, er dette også læring og meistring i høgaste grad. Ofte lærer ein i slike tilfelle noko ingen hadde tenkt på, seier Monika Swigon, fagrådgjevar i friluftsliv og prosjektleiar for digitale 4H-prosjekt. Ho oppfordrar klubbrådgjevarane til å vektleggje læringsvilje og innsats, mykje høgare enn resultatet. Dersom den som har vurdert 4H-prosjektet ikkje kan godkjenne det, skal han / ho ta kontakt med klubbrådgjevaren. Deltaking i klubbarbeidet: Hovudregelen er at alle må vere på minst 50% av møta og tilstellingane i klubben for å få deltakinga i klubbarbeidet godkjent. I år kan det vere mange grunnar til at det har vore vanskeleg å oppfylle for mange. Her BØR 4H-klubbane vere romslege i vurderingane sine og ikkje stenge nokon ute fordi dei av ulike grunnar ikkje har vore aktive i klubbarbeidet. Merke Klubben må sjølv bestille merka som medlemmene skal få utdelt på haustfesten i nettbutikken til 4H, 4h.no. Ved spørsmål om innlogging ta først kontakt med tidlegare klubbrådgjevar om du er ny, eller 4H-kontoret. Hugs å logge dykk inn som 4H-klubben for å få tilgang til å bestille merke. Aspirantar (10 og 11-åringar, og evt yngre medlemmer i 4H-klubben) får aspirantmerket. I 2020 er det blått. Alle aspirantane får same merket, til neste år vert det ein ny farge.

Juniorar (12, 13 og 14-åringar) får bronse-, sølv- og gullmerke. Dersom nokon startar i 4H når dei er 14 år skal dei likevel ha bronsemerket første året, neste år får dei sølvmerke osv. Seniorar (15, 16, 17 og 18-åringar) får fagskjold i bronse-, sølv- og gull. Siste året får 4Hmedlemmen plakettnåla. Dette er det sjuande godkjende 4H-året som junior og senior. Dersom nokon startar i 4H som 16-åring er ein senior og skal fylgje krava til seniorane ved gjennomføring av 4H-prosjektet. 16-åringen får likevel bronsemerke på haustfesten, fordi det er det første godkjende 4H-året til medlemmen. Sjølv om de ofte har gjester som deler ut merka er det heilt i orden at klubbrådgjevaren gjer det. Etter Haustfesten Hugs å registrere i medlemsregister: Prosjekt med Aspirant eller Fritt val må ha tilleggsopplysningar om kva prosjektet er. T.d. katt, hund, fotball, baking. Er det medlemmar som ikkje fekk godkjent 4H-prosjektet sitt, skal registrerast med Ikkje Fullført Har de gløymt å melde inn medlemmer? Må ordnast snarast. Vi i 4H Hordaland blir svært glade dersom de melder tilbake til oss korleis haustfesten var Korleis organiserte de Haustfesten i år? Legg gjerne med nokre bilder som vi kan publisere. Send svar på e-post til Hordaland@4h.no Lukke til med årets haustfest!!!! Gjer det kjekt for 4Hmedlemmene, hald det enkelt og ver raus med handspriten!