GLOPPEN KOMMUNE KOMMUNESTYRET TILLEGGSSAK Møtedato: 23.03.2015 Møtestad: Kommunestyresalen Møtetid: Kl. 09:00 Gloppen kommune 17. mars 2015 Anders Ryssdal ordførar Jan Kåre Fure Rådmann SAKLISTE: Sak nr. Sakstittel 024/15 Framlegg om avvikling av kommunal skotpremie
GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Kultur- og miljøutvalet 17.03.2015 008/15 Kommunestyret 23.03.2015 024/15 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Peter Andresen Objekt: Arkiv: K4 Arkivsaknr.: 12/554-15 Framlegg om avvikling av kommunal skotpremie Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 241073 Innspel til sak om fellingstilskot frå kommunen til fangst av raudrev Bakgrunn for saka: Gloppen kommune har «i alle år» hatt ei ordning med skotpremie på raudrev og villmink. Ordninga er i dag lite brukt og det har dei siste to åra ikkje vore utbetalt skotpremie. I januar 2015 kom det inn ein søknad om utbetaling, som rådmannen avslo på grunn av at det ikkje er avsett midlar i budsjettet og at ordninga er så lite i bruk at den frå administrasjonen sin side har vore rekna som avslutta. Rådmannen ønskjer nå å ta opp saka og få ordninga avslutta formelt. Saksutgreiing: I Sogn og Fjordane er det berre Gloppen og Luster kommunar som har ordning med kommunal skotpremie på rev og mink. Dei fleste kommunar avskaffa slike ordningar på 90- talet og i den grad ordningane er vidareført, er det ofte i regi av småfeorganisasjonane. Status for ordninga i Gloppen kommune er at det dei siste to åra ikkje vore utbetalt skotpremie, mens ordninga dei siste 10 åra generelt har vore lite bruk: År 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 Utbetalt skotpremie 1.350 600 1.050 1.050 1.350 600 900 0 450 0 0 Tal rev/villmink 9/0 4/0 7/0 7/0 9/0 4/0 6/0 0/0 3/0 0/0 0/0 Etter endringar i det kommunale viltfond i 2008, vart skotpremiar frå 2009 utbetalt frå driftsmidlar, utan nokon særskild budsjettpost. Satsane har i heile perioden vore kr 150,- for rev og kr 10,- for villmink. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Med den noverande bruk av ordninga vil innsparinga for Gloppen kommune ved å avskaffe ordninga, vere på inntil kr 1.500 årleg. Det er derfor ikkje årsaker som gjer at rådmannen tilrår å avvikle ordninga.
Viltfondsmidlar kan ikkje nyttast til skotpremie. Rådmannen si vurdering: Skotpremie var i utgangspunkt meint å redusere lammetap og avgrense utbreiing av reveskabb. Reven kan vere eit problem i forhold til lammetap. I det vedlagte innspelet frå Gloppen- og Breim sau og geit skriv dei, at raudrev kan vere ein trussel mot især lam på vårbeite. Tidligare undersøkingar utført av Bioforsk konkluderte med, at raudrev og sjukdom er dei dominerande årsaker til tap av lam. Rådmannen er einig med Gloppen- og Breim sau og geit i at rev kan vere problematisk i forhold til småfenæringa og har forståing for at dei ynskjer å halde bestanden på eit lågt nivå. Men rådmannen meiner ikkje at det er Gloppen kommunen si oppgåve å gå føre i slike saker og stimulere til uttak av raudrev. Rådmannen er av den oppfatning at dersom småfeorganisasjonane vurderer at det er eit behov for skotpremie på rev for å halde oppe uttaket, bør det vidareførast i regi av organisasjonane og ikkje kommunen. Ser ein på tal felte dyr det er betalt ut skotpremie for dei siste 10 åra, har den kommunale skotpremien neppe mykje å seie for å stimulere uttaket og avgrense lammetapet. Gloppe- og Breim sau og geit skriv og at reven ikkje er sårbar/truga og at den utgjer ein trussel mot resten av artsmangfaldet i naturen. At reven ikkje sårbar eller truga er det ingen tvil om, og i dei seinare år har det vore rapportert om ein aukande bestand i fylket. Det at reven ikkje er truga ser rådmannen på som ein føresetnad for å jakte på reven, men meiner ikkje at dette er eit moment for å oppretthalde ordninga med skotpremie. Saka handlar om det er ein kommunal oppgåve å stimulere til uttak gjennom skotpremie og ikkje om å avslutte ordninga på grunn av bestandssituasjonen for raudreven. Reven kan ha ein negativ påverknad på andre småviltarter, især hønsefuglar. Rådmannen vurderer ikkje at reven er ein direkte trussel mot resten av artsmangfaldet i naturen slik Sau og Geit skriv. Ein må hugse på at reven er ein naturlig heimehøyrande predator i norsk natur. Som nemnt er rådmannen ikkje imot at bestanden av raudrev vert halden nede, men meiner ikkje at han utgjer ein så stor trussel mot naturmangfaldet, at det er naudsynt for kommunen å stimulere til uttak gjennom skotpremie. Eit av føremåla med å innføre kommunal skotpremie, var å avgrense utbreiinga av reveskabb. Mattilsynet i Nordfjord opplyser at dei ikkje har eksakte tal på skabb i regionen i dag. Utbrot kjem i bølgjer som varierer tid og lengde. Mattilsynet seier at dei ikkje har inntrykk av at det er utbrot av skabb nå. På generelt plan er utbreiinga av skabb i dag ikkje eit så utbreidd problem som på 80- og 90-tallet, då reven i dag er meir motstandsdyktig mot parasitten. Rådmannen meiner difor, at avgrensing av utbreiing av reveskabb ikkje kan brukast som eit argument for å oppretthalde ordninga i dag. Minken er ein introdusert og uønskt art i den norske naturen. Som følgje av fleir oter og mindre pelsdyroppdrett, har bestanden av villmink gått mykje ned dei seinare år. Med tanke på at det ikkje har vore utbetalt skotpremie for mink sidan 2004, vil det ikkje spille nokon rolle for bestanden av villmink om skotpremien fell bort. Miljødirektoratet (MDIR) skriv i brev datert 13.01.14 at det er grunn til å moderere tidligare års krav om varsemd, i forhold til å godkjenne skotpremie-ordningar der det er tale om vanlig predasjon. Vidare skriv dei at «det må derfor i dag anses som relativt kurant for fylkeskommunen eller kommunen å gi tillatelse til til skuddpremie på smårovvilt med jakttid
som f.eks. rødrev og mink.». Å ha skotpremie eller godkjenne nye ordningar er såleis ei kurrant sak ifylgje MDIR. Sjølv om det ikkje er noko til hinder for å ha kommunal skotpremie, held rådmannen fast på at det i dag ikkje er ei kommunal oppgåve å fremme uttak av rev og villmink gjennom utbetaling av skotpremie. Om småfenæringa meiner det er behov for skotpremie for å halde nede bestanden av rev, meiner rådmannen at ei slik ordning må halde fram i deira regi. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Kommunestyret vedtek å avvikle den kommunale ordninga med skotpremie på raudrev og villmink. 17.03.2015 KULTUR- OG MILJØUTVALET 008/15 VEDTAK: Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt.
side 1