Arbeidskrav 2 del 3, eplejuice Her er mine tre første skisser eg laga, etter vi fekk oppgåva: «I heimeoppgåve til neste gong får de velje mellom tre produkt. Alle tre produkta slit med å appellere til dagens unge. De skal redesigne (lage ny grafisk design for) emballasjen til eitt av desse produkta! Med det meinar eg etiketten eller innpakningspapiret, men du kan også redesigne heile emballasjen altså forma på boksen. Husk at du berre skal velje eitt av produkta (fritt val).» Og eg valde alternativ1: eplejuice. Eg valde eplejuice fordi eg likte den oppgåva veldig godt, og eg hadde nokon idear på korleis eg skulle re-designe emballasjen til produktet. Her er svaret mitt på del 1 av eplejuiceprosessen: «På eksempel nummer 1 vil eg bruke svart/kvitt og fargane rød, grøn og lysegul. Desse fargane vil eg bruke fordi det er dei fargane epla har. På kartongen er bakgrunnen stripa og på skrå. I venstre hjørne er der ei grein frå eit epletred. På sida av kartongen kan du sjå trestamma, og greinene breia seg ut over kartongen. Midt på framsida er logoen til firmaet som sel denne eplejuicen. På kartongen er der mykje luft, som gjer kartongen lettare og enkel. Skrifta er fin men enkel, for å vise at eplejuicen er god og enkel. Denne kartongen appellerer til målgruppa «menn og kvinner, 20-30 år. Studentar på høgskulenivå som bur på hybel i ein småby/tettstad i Norge» fordi den ser både billig ut, men også så fin ut at kven som helst vil kjøpe den. Den viser heller ikkje til berre kvinner, eller berre menn, så kven som helst kan kjøpe denne eplejuicen. Bakgrunnen til det ferdige designe skal vere enkelt. Kartongen skal stå på eit kvitt bord ute, der du kan sjå epletred i bakgrunnen. Denne eplejuicen har fargane grøn, rød og lysegul, og svart skrift. Dette fordi det er såkalla eplefargar. Hadde eg skulla brukt oransje og gul på denne eplejuice-kartongen, hadde det sett ur som ein appelsinjuice-kartong. Her har eg brukt enkel bakgrunn på kartongen, med et lite design øvst til venstre. Nedst er der eit bildet med mange grøne eple på. Luft er det mykje av på den øvste halvdelen av kartongen, men nedst, der alle epla er, er det ikkje luft i det heile tatt. Skrifta er enkel for å vise at det er enkelt og billig, men designe gjer kartongen en smule meir «dyrare». Sidan målgruppa er «menn og kvinner, 20-30 år. Studentar på høgskulenivå som bur på hybel i ein småby/tettstad i Norge», så er kartongen er enkel og grei. Eplejuicen skal derfor vere billig, slik at studentar som bur på hybel kan kjøpe den. 1
Fotoet skal vere i eit fotostudio, der bakgrunnen er kvit, og ein ser berre kartongen, med litt skrift som er laga til i Photoshop rundt om kring. På denne kartongen har eg også brukt eplefargar, fordi det gir meir meining sidan det er ein eplejuice-kartong. Fargane er grøn, rød og lysegul, pluss svart og kvitt. I det gjennomsiktige glaset midt på kartongen skal der vere eplejuice nedi. På sida av kartongen skal der vere mange grøne eple med rød bakgrunn. Men det kan hende det blir så mange eple at den røde bakgrunnen trengst ikkje. Luft på kartongen er der for å gjere eplejuicen enkel og lett, medan glaset viser at eplejuicen er frisk og god. Skrifta på denne kartongen er enkel men fin, for å vise at eplejuicen er både enkel men at den smakar godt sjølv om at den er billig. Målgruppa til denne eplejuicen er «menn og kvinner, 20-30 år. Studentar på høgskulenivå som bur på hybel i ein småby/tettstad i Norge», og derfor er det enkelt design, for å vise at den er billig, men der er også noko som viser at den ikkje er så billig at den ikkje smakar godt. Bakgrunnen til kartongen skal vere noko fancy-photoshop-kunst, sidan kartongen har sterke fargar, og for å få fram at eplejuicen er for litt «yngre» folk.» Neste designtime, gjekk vi saman i grupper på tre, der eg, Stian og Runar var på gruppe ilag. Dei såg på dei tre alternativa mine, og kom fram til at nr.3 var den beste av dei tre. Det dei ville sjå annleis på den, var sjølve kartongen. Dei ville at eg skulle gjere om kartongen om til en «melkekartong», fordi det er så mykje lettare å tømme frå ein «melkekartong». Det andre dei ville at eg skulle forandre var bakgrunnen på eplejuice-kartongen. Dei ville ikkje at den skulle vere lysegul, men kvit. Til slutt sa dei at dei likte glaset på kartongen, men dei ville sjå ei hand som skulle komme inn frå sida, som tømmer eplejuice i glaset. Her er den nye skissa: 2
I neste designtime, fekk vi ein ny feedback igjen. Denne gongen fekk eg feedback frå heile klassa. Dei ville ha vekk handa, og heller la det renne eplejuice frå bokstavane og ned i glaset. Eg prøvde meg på å lage nokon eksempel i Photoshop, noko som var vanskeleg fordi eg fekk ikkje det til å bli slik eg ville ha det, og eg følte kartongane såg ut som om at dei var laga i Paint. På bilde nr 3 fann eg fonten på dafont.com, og eg likte den svært godt. 1) 2) 3) 4) 5) Eg likte nr 4 best fordi den var enkel, og eg likte fonten på «Eple juice» veldig godt. Så eg satt meg ned, og skrudde på Photoshop, for å lage den litt betre, sidan det såg ut som om at den var laga i Paint. Eg fjærna eit av epla fordi det såg litt myke ut med fire eple. Eg tenkte også at eg skulle lage den om til 3D, sidan det kanskje såg litt betre ut. Slik blei resultatet: 3
Her teikna eg først strekane i Photoshop, også gjekk eg over i Illustrator for å gjere den mein «clean», fordi i Photoshop såg ikkje strekane noko særlig bra ut, også tilbake i Photoshop, fordi i Illustrator blei det sjåande slik ut: Derfor måtte eg inn i Photoshop igjen for å sette på epla og glaset, for å viske litt ut, og å skrive teksta på kartongen igjen. Men heilt til slutt er eg passe fornøgd med eplejuicekartongen eg laga. Den er heilt OK, fordi den ser passe bra ut, men den kunna sett betre ut om eg var profesjonell i Illustrator. 4
Her fann eg bilda av glaset og epla: Glas: http://ak.picdn.net/shutterstock/videos/1962148/preview/stock-footage-pouring-apple-juice-intoglass.jpg Eple: http://thetased.files.wordpress.com/2010/10/green_apple.jpg 5