I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING A. Førebyggjande arbeid i skuletida 1. Elevsamtaler 2. Klassemøter 3. Sjå ulike videoar om mobbing v/skulehelsesyster 4. Lese bøker om emnet 5. Turar med ei eller fleire klassar 6. Aktivitetar på tvers av trinna 7. Trening i å stå fram med eige arbeid (alle sitt arbeid er like verdifullt) 8. Trening i å akseptere andre sitt arbeid når dei står fram 9. Skape vi-kjensle. Snakke saman og seie vi og oss, ikkje eg og mitt 10. Holdningsskapande temaarbeid B. Førebyggjande arbeid på kveldstid 1. Elev-/foreldrekveld 2. Foreldre-temamøte om mobbing/respekt mm. 3. Foreldrestyrte aktivitetskveldar/klasseklubb II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING 1. Observasjonar a. I klasserom b. I friminutta c. På skulevegen 2. Elevsamtalar a. Kontaktlærar har samtale med den einskilde elev kvar haust og vår 3. Elevundersøkinga 4. Foreldreundersøkinga Side 1 av 5
III. TILTAKSPLAN NÅR MOBBING VERT OPPDAGA Enkeltvedtak: I alvorlege mobbesaker, og dersom føresette ber om det, skal det gjerast enkeltvedtak i høve 9a. Rektor har ansvaret for det. Ved mindre episodar: Ta affære på staden og marker tydeleg til kvar enkelt mobbar at dette ikkje kan godtakast. Ikkje diskuter. Ta kontakt med heimen. Følg opp mobbarane og mobbeoffer med spørsmål om korleis det går. Ved alvorlege episodar Informer rektor Strakstiltak, dersom situasjonen er kritisk Samtaler med offeret og føresette Samtaler med mobbarane og føresette Arbeid over tid Samtale med offeret og føresette 1. Start samtalen med å seie at du veit at eleven blir mobba 2. Gje eleven støtte 3. La eleven fortelje utan å presse 4. Fortel i grove trekk kva som skal gjerast og at rektor er informert 5. Sei at du skal informere vidare 6. Avtal nytt møte 7. Kontakt dei føresette til eleven Side 2 av 5
Samtaler med mobbarane og føresette Individuelle samtaler: 1. Hent eleven ut frå klassen 2. Sei klart frå at du veit om mobbinga 3. Sei klart og bestemt frå at du og skulen ikkje akseptera det og at rektor er informert. 4. Spør om eleven vil seie noko (lytt og ikkje gå inn i diskusjonen) 5. Gjenta at mobbinga skal ta slutt straks 6. Du kan så invitere mobbaren til samarbeid, eksempelvis ved å spørje om han/ho har sett at andre mobbar mobbeofferet. 7. Dersom ja, spør kva eleven kan bidra med 8. Avslutt og gå med eleven til klassen Hent ut neste elev Gruppesamtale 1. Lat siste elev vente og hent dei andre 2. Sei kva du og kvar enkelt har snakka om og kva som var konklusjonen 3. Gje ros om mogeleg 4. Gjenta at mobbinga tar slutt straks og at du vil følgje nøye med 5. Sei at rektor vil bli halden informert 6. Sei at dei føresette blir kontakta (til vanleg gjer ein dette) 7. Eventuelt forespeiling av problem som kan oppstå 8. Avtal nytt møte om ca. 3 dagar 9. 1-2 slike gruppemøte i tillegg er vanlegvis nok Mobbeofferet og mobbarane Alternativ 1: Alternativ 2: Partane møtest etter ei tid, t.d. etter 1-2 møte med mobbarane. Begge partar må førebuast. Læraren deltar på fellesmøtet. Partane møtest alt ved slutten av første møte med mobbarane Mobbeofferet må då vite dette på førehand og være førebudd Læraren må også kort førebu mobbarane Side 3 av 5
Dei føresette til mobbeofferet Forklar grunnen til møtet Spør korleis dei oppfattar situasjonen (du får da vite kor mykje dei veit) Gje støtte, ikkje gå i forsvar Marker at skulen har regien og sei generelt kva som er gjort og skal gjerast Sei at rektor er informert Dei føresette til mobbarane Modell 1: Ring heim og forklar saka kort Spør om dei vil møte foreldra til dei andre mobbarane, utan å seie kven det er Ved OK, avtal felles møte etter telefonrunden. Elles individuelle samtaler Modell 2: Kall inn dei føresette til kvar mobbar for seg. Eventuelt fellesmøte etterpå, sjå modell 1 Modell 3: Løys saka med mobbaren utan å dra inn foreldra Prinsipp for samtaler med mobbarane sine foreldre Ansvar Informer kort om elevsamtalane Ver ivaretakande, men tydeleg på at mobbinga ikkje blir akseptert Be foreldra snakke alvorleg med barna sine og følgje dei opp Avtal kontakt vidare Kontaktlærar har ansvaret for at dette vert gjort. Det er naturleg at kontaktlærar samarbeider med spes.pedlærar. Skrifteleg notat skal leverast til rektor og avdelingsleiar. Side 4 av 5
Dersom mobbinga held fram: Ein oppfølgingsplan skal utarbeidast. Han inneheld individuelle avtalar for mobbar og mobbeoffer om ønska åtferd. Skulen og føresette lagar i samarbeid framlegg til konesekvensar for mobbaren. Tilbakemelding til føresette kvar veke. Døme på tiltak overfor mobbaren: Mobbing på skulevegen/skulebussen: Dei føresette følgjer/hentar mobbaren på skulen Mobbing i friminutta: Mobbaren blir følgd av vaksne i friminutta Mobbaren må sitta inne i friminutta Mobbaren sine føresette kjem til skulen og deltek i inspeksjonane Mobbing i timane: Mobbaren må byte klasse/gruppe ei tid Mobbaren blir følgd av vaksen heile tida Mobbaren sine føresette er til stades i nokre av timane Kontaktlærar og administrasjonen avgjer i samarbeid med dei føresette om andre partar (PPT, skulehelsetenesta, barnevern, politi eller konfliktråd) skal inn i saka. Om mobbinga ikkje tek slutt sjølv om alle desse tiltaka er prøvde, kan det vere aktuelt at mobbaren byter klasse eller skule. Arbeid i personalet Episodar og alvorlege saker skal alltid drøftast i kollegiale fora. Rektor vurderer om større deler av personalet, utover dei som er involvert, evt. om heile kollegiet skal informerast. 28. februar 2012 Side 5 av 5