PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR FYSISK AKTIVITET, IDRETT OG FRILUFTSLIV 2017 2027 Høyringsutkast Høyringsfrist 6. april 2016
2
INNHALDSLISTE 1.0 Innleiing... 4 1.1 Formål... 4 2.0 Bakgrunn... 6 3.0 Tema og innsatsområde i planen... 9 4.0 Overordna føringar... 11 Nasjonale føringar... 11 Regionale føringar... 12 Lokale føringar... 13 5.0 Planprosessen... 14 6.0 Framdriftsplan... 15 7.0 Vedlegg... 16 3
1.0 INNLEIING Gjeldande Kommunedelplan for idrett og friluftsliv 2006 2009 (http://www.kvam.no/lag/filarkiv/26092006_095312.pdf) vart vedteken av Kvam heradsstyre 5. sep 2006 (084/06). I samsvar med Planstrategien for 2012 2015 vert det no utarbeidd ein ny kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv for 2017 2027. Kommunedelplanen skal vera eit politisk og administrativt styringsdokument for både kortsiktige og langsiktige tiltak innan fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Planen vil vera styrande for kommunen sine prioriteringar og for samarbeid mellom kommunen og dei frivillige organisasjonane. Innanfor temaet fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv konkretiserer planen dei overordna strategiane som er å finna i kommuneplanen sin samfunnsdel. Planen vil gje grunnlag for arealdisponering i kommuneplanen sin arealdel. Planen utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing, jmf «Forskrift om konsekvensutgreiingar for planar etter plan- og bygningslova». Det er eit krav frå Kulturdepartementet å ha ein kommunal plan som tek opp behov for nye anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Dette er eit krav for å kunna delta i spelemiddelordninga. 1.1 Formål Det er viktig for Kvam herad å få ein oppdatert plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv for mellom anna å sikra deltaking i spelemiddelordninga i åra som kjem. Det er òg svært viktig å ha ein oppdatert plan i tråd med gjeldande kommuneplan, samt trendar og utvikling innan områda fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Utforming av mål og strategiar er ein vesentleg del av planprosessen. Det er ei målsetting at planen skal seia noko om tilrettelegging for aktivitet for ulike brukargrupper og fysisk aktivitet i kvardagen. Vidare er det eit mål at fysisk aktivitet skal stimulera til samarbeid, og gje positive opplevingar og auka livskvalitet. Planprogrammet løfter fram følgjande aktuelle tema/innhald for arbeidet med ny kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv i Kvam herad: - Utarbeida eit kunnskapsgrunnlag for vidare beslutningar i planarbeidet (samfunnsmessige trendar og utfordringar med omsyn til fysisk aktivitet). - Utforma mål for kommunen si satsing på fagfeltet. - Gjennomføra resultatvurdering av førre planperiode og utarbeida statusoversikt. - Utforma mål for anleggsutbygging og sikring av areal for idrett og friluftsliv. - Kartleggja og verdsetja friluftsområde for ulike brukargrupper. - Kartleggja nærmiljøanlegg og uteområde for ulike brukargrupper. - Vurdera kortsiktige og langsiktige behov for både anlegg og aktivitet. 4
- Vurdera Kvam si rolle som regional aktør i høve fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. - Utarbeida prioritert handlingsprogram for idretts- og friluftslivsanlegg. - Utarbeida oversikt over forventa kostnader knytt til drift og vedlikehald av idretts- og friluftslivsanlegg. - Utarbeida uprioritert liste over langsiktige behov for anlegg. - Utforma oversikt/kartgrunnlag for eksisterande og planlagde anlegg og friluftsområde. 5
2.0 BAKGRUNN Ved utarbeiding av denne kommunedelplanen er det ei rekkje utviklingstrekk som er viktige å ha kunnskap om, for å setja oss i stand til å prioritera i tida som kjem. Fysisk aktivitet Fysisk aktivitet og mosjon er ein av dei vanlegaste fritidsaktivitetane i befolkninga. Trass i at stadig fleire rapporterer at dei trenar og mosjonerer på fritida, har det totale omfanget av fysisk aktivitet gått ned. Dette skuldast i stor grad at dei fysiske kvardagsaktivitetane går ned. Nasjonale undersøkingar viser at gutar gjennomgåande har eit høgare aktivitetsnivå enn jenter. Objektivt registrert fysisk aktivitet viser eit tydeleg fall i andelen barn og unge som oppfyller minimumstilrådinga om ca. 60 minutt moderat fysisk aktivitet kvar dag. Omkring 90% av 6-åringane oppfyller tilrådinga mens berre om lag 50% av 15-åringane gjer det. Undersøkingar gjort blant vaksne viser at ein av tre (32%) oppfyller Helsedirektoratet si tilråding for fysisk aktivitet. Kvinner har vist seg å ha eit høgare aktivitetsnivå enn menn. Folketalsutvikling I perioden 2008-2014 har det vore ein svak auke i tal innbyggjarar i Kvam, medan det siste året har hatt ein svak nedgang igjen. SSB-prognosar (basert på tal frå 2014) viser at me innan 2035 sannsynlegvis vil nå 10 000 innbyggjarar i heradet. I likskap med landet elles, utgjer barn og unge (0 19 år) i Kvam om lag ¼ av befolkninga. Framskrivingar tyder på at storleiken på denne aldersgruppa vil halda seg relativt stabil i åra som kjem. Figur 1 viser tal innbyggjarar i ulike aldersgrupper i Kvam i perioden 2000 2040. Framskrivinga er basert på middelsvekst (Kommunehelsa 2015). 6
2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 tal medlemskap Planprogram fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv Kvam er ein langstrakt kommune med fleire bygder i ulike storleikar. Befolkningsutviklinga og alderssamansettinga vil påverka aktivitetstilboda og utviklinga av aktivitetstilboda i kommunen. Dette må takast omsyn til i planen. Deltaking i idrett og friluftslivsaktivitet Mange innbyggjarar er medlem i eitt eller fleire idrettslag. Frå 2007 har det vore omkring 3 800 idrettsmedlemskap i Kvam (inkludert dobbeltmedlemskap) (sjå figur 2). 5000 4500 4000 3500 3000 2500 2000 1500 1000 500 0 Figur 2 viser tal medlemskap i idrettslag i Kvam i perioden 2000 2014. Det er fleire menn som har medlemskap i idrettslag i Kvam enn kvinner (i overkant av 400). For barn og unge har det vore ei stabil utvikling i tal medlemskap dei siste fem åra, med berre små svingingar. Frå 2000 til 2014 har det vore ein auke i tal idrettslag, frå 15 til 26 i Kvam. Denne utviklinga har vore i tråd med den generelle tendensen i landet (frå organisering i allidrettslag til meir særidrettslag). Utviklinga i fleire idrettslag kan gje ei større breidde i tilbodet, men kan òg føra til ein uheldig «konkurranse» mellom idrettstilboda. På landsbasis ser me ein ny trend med at ein går tilbake til organisering i større allidrettslag. Kvam har relativt god dekning av idrettsanlegg. Døme på dette er idrettshallar, kunstgrasbanar, preparerte skiløyper, skytebanar, skiheisar, ballbingar, sandvolleyballbanar, biketrial-bane, friidrettsanlegg med meir. Nokre av anlegga er kommunale, andre er eigd av idrettslag eller private. I kommunen er det også treningssenter som tilbyr gruppetrening og/eller eigentrening. Private aktørar samt lag og organisasjonar tilbyr òg ulike former for dans, yoga og pilates. Turgåing er den fysiske aktiviteten som nordmenn totalt sett brukar mest tid på. I ei kartlegging utført av Norges idrettshøgskole i 2015 rapporterte 55% at dei går tur ein gong per veke eller meir. I Kvam er det ulike lag og organisasjonar som har faste turar kvar veke eller som legg til rette for turar i nærmiljøa eller i fjellet. Både generelt i landet og i Kvam er det ei aukande interesse for friluftsliv som utfordrar grensene i større grad enn tidlegare. På den andre sida er det òg ein trend mot meir nær-friluftsliv (små/korte turar i nærområda der folk bur). Desse to trendane rettar seg mot og når ulike målgrupper. 7
Kommunen har ingen samla oversikt over tal medlemmer i friluftslivsorganisasjonar i Kvam. Kvam er ein kommune som kan by på flotte naturopplevingar heile året. Det er ein rekkje turvegar/turstiar, skiløyper, friluftsområde og sykkelvegar mange stader i heradet. Deltaking på «Kryss og krakje», «Kom deg ut-dagar», og ulike opne dagar relatert til tur og friluftsliv viser at mange i Kvam set pris på friluftsliv. Det er òg mange som vitjar Kvam i løpet av året, anten som turistar som oppheld seg her i korte periodar, eller folk som har hytte i kommunen og vitjar Kvam ofte. Til dømes er Kvamskogen eit mykje brukt friluftsområde for folk frå Bergensregion både sommar og vinter. 8
3.0 TEMA OG INNSATSOMRÅDE I PLANEN Kommunen ønskjer å leggja til rette for at fleire vel å auka aktivitetsnivået sitt. Det er eit ønskje at denne planen skal femna vidt og inkludera alle innbyggjarane i kommunen. Samtidig vil planen ha særleg fokus på grupper som har behov for særskild tilrettelegging for å kunna delta i organiserte aktivitetar eller driva eigen aktivitet. Planen vil òg sjå på kva som skal til for at fleire tilreisande finn det attraktivt å vera fysisk aktive i kommunen vår. Fysisk aktivitet er ei kjelde til helse og livskvalitet, og nødvendig for normal vekst og utvikling hos barn og unge, og viktig for å oppretthalda god funksjonsevne gjennom livet. I denne planen vil fysisk aktivitet vera det samlande omgrepet som vert nytta. Med dette som utgangspunkt tenkjer me at planen vert delt inn i tre ulike hovudtema og derunder fleire innsatsområde (sjå figur 3). Fysisk aktivitet Idrett Eigenorganisert fysisk aktivitet Friluftsliv Figur 3 viser utvalte tema i planarbeidet Innsatsområda er dei områda der samfunnet og kommuneorganisasjonen skal prioritera ressursar for å nå måla for kvart tema. Desse områda er felles for alle tema. Sentrale innsatsområde i denne planen er: - Frivilligheit o Frivilligheit er alt ubetalt ikkje-obligatorisk arbeid ein enkelt person eller ein organisasjon gjer gjennom aktivitetar utanfor eige hushald. o Frivilligheit er ein føresetnad mellom anna for utvikling av nye aktivitetar og arenaer, gjennomføring av trening, konkurransar, turar og arrangement og drift og vedlikehald av arenaer/anlegg. o Det er mange frivillige i Kvam som gjer at barn, unge og vaksne kan driva med fysisk aktivitet saman med andre og på eiga hand. - Anlegg og tilrettelegging o Omhandlar særleg tilrettelegging for å kunna driva fysisk aktivitet. Det omfattar heile spennet frå fleirbrukshallar til skilting av turløyper. o Aukande mangfald i samfunnet og nye trendar fører òg til utvikling på anleggsida. 9
- Aktivitet o Ein person kan nytta ei rekkje ulike aktivitetar, organiserte og uorganiserte. o Sentrale stikkord er tilrettelegging for kvardagsaktivitet, lågterskel aktivitet, bruk av ny teknologi for å skapa aktivitet mv. - Kommunen o Kommunen skal tilretteleggja for fysisk aktivitet og trivsel for alle innbyggjarar gjennom mellom anna planlegging, økonomisk støtte og dialog. o Kommunen skal informera og driva haldningsskapande arbeid for å fremja helsa. - Samarbeid/samhandling o Samhandling mellom ulike sektorer (offentleg, privat, frivillig). o Samarbeid mellom nivå (lokalt, regional, nasjonalt og internasjonalt). o Samarbeid mellom fag og interessefelt. Kommuneplanen sin samfunnsdel har sett retning med visjon, mål og satsingsområde som òg gjer føringar for det vidare arbeidet med kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Kommuneplanen skisserer fire satsingsområde: 1. Stadutvikling 2. Kommunikasjon og infrastruktur 3. Verdiskaping gjennom samarbeid 4. Livskvalitet I arbeid med denne kommunedelplanen vil alle desse områda vera aktuelle, men særleg punkt 3 og 4. Folkehelsearbeid er samfunnet sin samla innsats for å styrkja faktorar som fremjar helse, reduserer faktorar som medfører helserisiko og beskyttar mot ytre helsetruslar. Folkehelsearbeidet skal bidra til utjamning av sosiale faktorar som indirekte og direkte påverkar helsa. Dette vil verta vektlagt i arbeidet med planen. 10
4.0 OVERORDNA FØRINGAR NASJONALE FØRINGAR Lovverk, meldingar, rapport, planer St.meld.nr 26 (2011-2012). Den norske idrettsmodellen «Friluftslova» (sist endra i 2015) Nasjonal strategi for et aktivt friluftsliv (2013) St.meld.nr 39 (2000-2001). Friluftsliv ein veg til høgare livskvalitet Meld.St.19 (2014 2015). Folkehelsemeldinga Mestring og mulighet St.meld.nr 39 (2006 2007). Frivillighet for alle Hovudinnhald Overordna mål er idrett og fysisk aktivitet for alle. Gjennom verkemiddelbruk skal det leggjast til rette for at alle som ønskjer det skal ha moglegheit til å delta i idrett eller driva eigenorganisert fysisk aktivitet. Utvikling av attraktive idrettstilbod til barn og unge er særleg viktig. Satsinga på anlegg skal aukast. Samfunnet skal vera godt tilrettelagt for eigenorganisert fysisk aktivitet. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld-st-26-20112012/id684356/?ch=1&q= Verna friluftslivet sitt naturgrunnlag og sikra ålmenta fri rett til ferdsel og opphald i naturen, slik at moglegheita til å utøva friluftsliv som ein helsefremjande, trivselsskapande og miljøvenleg fritidsaktivitet vert bevart og fremja. https://lovdata.no/dokument/nl/lov/1957-06-28-16 Målsettinga er at endå fleire skal utøva friluftsliv jamleg. Det vert lagt føringar om at friluftsliv i og ved byar og tettstader skal prioriterast i åra framover. Allemannsretten og det miljøvenlege friluftslivet med lite konfliktar i høve naturgrunnlaget må vidareførast. Naturoppleving bidreg til auka livskvalitet. Barn og unge skal gjevast moglegheiter til å utvikla ferdigheiter i friluftsliv. https://lovdata.no/dokument/nl/lov/2011-06-24-29?q=folkehelseloven Det vert sett fokus på barn og ungdom si deltaking i friluftsliv. Barn og unge sine moglegheiter for å utvikla seg fysisk, mentalt og sosialt gjennom å leika i, ferdast i og oppleva natur skal styrkjast. Motivering, informasjon, uteaktivitetar i regi av barnehage og skule og auka kompetanse i kommunane er av tiltaka. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/stmeld-nr-39-2000- 2001-/id194963/ Strategiar for å styrkja folkehelsearbeidet og leggja til rette for sunne helseval. Psykisk helse vert integrert som ein likeverdig del av folkehelsearbeidet. Arbeidet med livsstilsendring skal få ei ny og meir positiv vinkling og det skal utviklast ein moderne eldrepolitikk med vekt på aktivitet og deltaking. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-19-2014- 2015/id2402807/ Målet er å oppretthalda ein omfattande frivillig sektor i Noreg gjennom tiltak for å sikra rekruttering av aktive og tillitsvalde. Frivilligheitspolitikken skal leggja til rette for at flest mogleg har moglegheit for å delta i frivillige aktivitetar og organisasjonar. Merksemda 11
knytt til inkludering og integrering må aukast. Rammevilkåra for frivillig sektor må betrast. Idrett og friluftsliv er sektorar som er omtalte i meldinga. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/stmeld-nr-39-2007- /id477331/ Veileder Kommunal planlegging for idrett og fysisk aktivitet (2014 redigert 2015). Folkehelselova Plan- og bygningslova Nasjonal handlingsplan for statlig sikring og tilrettelegging av friluftslivsområder 2014-2020 Norge Universelt utformet 2025 Rettleiar for å utvikla gode planar innan idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/veileder---kommunalplanlegging-for-idrett-og-fysisk-aktivitet-v-0798/id764295/ Sikra at tiltak vert sett i verk og samordna i folkehelsearbeidet og sikra eit langsiktig og systematisk folkehelsearbeid. https://lovdata.no/dokument/nl/lov/2011-06-24-29 Set rammer for innhaldet i ein kommunedelplan og prosessuelle krav til medverknad, konsekvensutgreiingar og risiko- og sårbarheitsanalysar under utarbeidinga. https://lovdata.no/dokument/nl/lov/2008-06-27-71 Handlingsplanen er knytt til dei nasjonale måla om at alle skal ha moglegheit til å utøva friluftsliv som helsefremjande, trivselsskapande og miljøvenleg aktivitet i nærmiljøet og i naturen elles, og at område av verdi for friluftsliv skal sikrast og forvaltast slik at naturgrunnlaget verte teke vare på. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/handlingsplanfrilutslivsomrader/id734337/ Regjeringa sin visjon er at Noreg skal vera universelt utforma innan 2025. Dette motverkar diskriminering av personar med nedsett funksjonsevne og gjev betre omgjevnader for heile befolkninga. Regjeringa legg opp til trinnvis gjennomføring av den mest omfattande satsinga på universell utforming noko sinne. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/norge-universeltutformet-2025-regjering/id570031/ REGIONALE FØRINGAR Lovverk, meldingar, rapportar, planer Regional kulturplan for Hordaland 2015 2025 Regional plan for Folkehelse i Hordaland 2014 2025 Hovudinnhald Eige kapittel i planen om idrett og friluftsliv. Hovudsatsinga er retta mot barn og unge. Framhevar òg kvardagsaktivitetar, arbeid retta mot utsette grupper og anlegg som møter trendar, behov og endringar i samfunnet. http://www.hordaland.no/hordalandfylkeskommune/kultur/kulturplan/ Det overordna målet for folkehelsearbeidet i Hordaland er å bidra til eit langsiktig og systematisk arbeid som gjev fleire gode leveår, og som utjamnar sosiale helseforskjellar. Planen inneheld 5 temaområde: 1. Heilskapleg folkehelsearbeid og universell utforming. 12
2. Lokalsamfunn, nærmiljø og bustad. 3. Oppvekst og læring. 4. Arbeid og arbeidsplassen. 5. Aktivitet og sosial deltaking. http://www.hordaland.no/hordaland-fylkeskommune/regionalutvikling/folkehelse/regional-plan-folkehelse/ LOKALE FØRINGAR Lovverk, meldingar, rapportar, planer Planstrategi for perioden 2012 2015 Kommuneplanen sin samfunnsdel 2015 2030 Oversikt over folkehelsa (under arbeid) Trafikksikringsplan 2016 2020 Helse og omsorgsplanen 2015 2025 Strategiplan for integrering 2015 Kommunedelplan for næring og kompetanse 2015-2023 13
5.0 PLANPROSESSEN Organisering og medverknad i planarbeidet Styringsgruppe: Formannskapet Prosjektansvarleg: Rådmannen Arild McClellan Steine Prosjektleiar: Folkehelsekoordinator Reidun Braut Kjosås Prosjektgruppe: Folkehelsekoordinator Reidun Braut Kjosås Leiar for kultur Knut Markhus Oppveksteininga Teknisk eining Jeger- og fiskarlaget Kvam turlag Kvam idrettsråd Saksordførar valt frå Kvam heradstyre følgjer arbeidet til prosjektgruppa. I tillegg vil Jon Nedkvitne, leiar for Samfunn og utvikling, verta teken med etter behov, og det vil vera ope for å dra inn andre ressurspersonar undervegs. Medverknad Kommunen skal gjennom heile planarbeidet sørgja for open, brei og tilgjengeleg medverknad i lokalsamfunnet og dialog med organiserte og uorganiserte interesser. Planen følgjer ordinær prosess for kommunedelplanar etter Plan og bygningslova. Dette inneber at dei som ønskjer det kan koma med innspel både til innhald og prosess (planprogrammet). Vidare vert det høve til å kommentera og koma med framlegg til endringar når det føreligg høyringsutkast til planen. Tilstrekkeleg og brei medverknad er ein grunnleggjande føresetnad i eit lokaldemokrati. Medverknad og systematisk dialog med innbyggjarane er nødvendig for å sikra kvaliteten i planarbeidet. Dialog med og innspel frå grupper som representerer idrett og friluftsliv er heilt sentralt i planarbeidet. Idrettsrådet, Kvam turlag og Øystese jeger- og fiskarlag kjem tett inn i planarbeidet som del av prosjektgruppa. Utover dette vert det lagt opp til møteplassar med ulike interessegrupper undervegs i planprosessen. Det kan vera aktuelt å invitera inn t.d. Hordaland fylkeskommune og andre aktørar med spisskompetanse til å belysa viktige tema og utfordringar på områda fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Kommunen skal òg leggja til rette for å få innspel til planarbeidet frå personar som ikkje er organiserte i lag og foreiningar. Næringslivet og grunneigarar vil òg verta høyrt i planarbeidet. Kommunen har eit særleg ansvar for å sikra aktiv medverknad frå samfunnsgrupper som treng spesiell tilrettelegging. I denne planen er det lagt særleg til rette for medverknad frå barn og unge, innvandrarar og personar som av ulike årsaker opplever barrierar for å vera fysisk aktive. 14
6.0 FRAMDRIFTSPLAN 2016 2017 1.kv 2.kv 3.kv 4.kv 1.kv 2.kv 3.kv 4.kv Utarbeiding av framlegg til planprogram Godkjenning i heradsstyret Kunngjering om planoppstart og utsending av framlegg til planprogram Godkjenning av planprogram Høyring planprogrammet Handsaming av innspel frå høyringsrunden Politisk handsaming av planprogrammet Utarbeiding av planforslag Utgreiingar og analysar Utarbeiding av framlegg til plan Politisk handsaming av planforslag Høyring Ferdigstilling av plan Handsaming av innspel frå høyringsrunden Ferdigstilling av plandokument Politisk handsaming i råd og utval Godkjenning i heradsstyret 15
7.0 VEDLEGG Følgjande omgrep inngår i definisjonen av anlegg som vert lagt til grunn for dette planarbeidet: Fleirbrukshall/-anlegg Fleirbrukshallar/-anlegg er først og fremst treningsanlegg, og ikkje nødvendigvis tilrettelagt for avvikling av konkurransar på høgt nivå. Dei skal kunna brukast vekselvis til ulike idrettsaktivitetar utan at det medfører tidkrevjande omgjering/klargjering. Parallell sambruk av ulike aktiviteter inngår også i omgrepet. Friluftslivsanlegg Dette er anlegg som for eksempel turvegar, turløyper, turstiar, badeplassar og fiskeplassar. Desse kan få tildelt spelemidlar frå Kulturdepartementet. Friluftsområde Store, oftast uregulerte område som er omfatta av allemannsretten. Det er ikkje krav om parkmesseg opparbeiding, berre tilrettelegging for bruk. Områda vert nytta til turliv, jakt, fiske, fysisk aktivitet og trening. Friområde Avgrensa område med spesiell tilrettelegging og opparbeiding for rekreasjon og opphald. Områda er vanlegvis erverva, opparbeidde og vedlikehaldne av kommunen, og kan vera parkanlegg, turvegar, lysløyper, leikeplassar, nærmiljøanlegg og badeplassar. Gymsal Gymsal er aktivitetsanlegg spesielt tilrettelagt for kroppsøvingsfaget i skulen. Ein tradisjonell gymsal er 10 x 20 m. Idrettsanlegg I spelemiddelfordelinga nyttar Kulturdepartementet følgjande klassifisering av idrettsanlegg: o Nærmiljøanlegg Utandørsanlegg eller område for eigenorganisert fysisk aktivitet, hovudsakleg i tilknyting til buog/eller opphaldsområde utomhus. o Ordinære anlegg Anlegg knytt til konkurranse- eller treningsverksemd for den organiserte idretten. o Nasjonalanlegg Idrettsanlegg som tilfredsstiller tekniske og funksjonelle standardkrav for avvikling av internasjonale meisterskap og konkurransar. 16