Lærdal kommune PLANPROGRAM Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet 2015-2019
Innhald Innhald... 1 1 Innleiing... 2 2 Overordna føringar og rammer for planarbeidet... 3 2.1 Nasjonale føringar... 3 2.2 Regionale føringar... 3 2.3 Kommunale planar... 3 3 Gjeldande plan... 4 3.1 Handlingsprogram for anlegg og område 2010-2013... 4 4 Omfang av planarbeidet viktige problemstillingar... 5 5 Behov for utgreiingar... 6 6 Organisering og medverknad... 6 6.1 Organisering... 6 6.2 Medverknad... 6 6.3 Økonomi... 7 7 Framdriftsplan og planprosess... 7 1
1 Innleiing Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet 2010 2013, vedteken 10.12.2009, skal reviderast. Revidering starta opp i 2012, og mykje arbeid vart gjort då. Det vart likevel naudsynt å utsette planarbeidet, noko kommunen fekk høve til av kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Revideringa startar no opp att. Alle anlegg i handlingsdelen frå førre periode er ferdigstilt og spelemidlar utbetalt. Spesielt for revideringa er at folkehelse skal inn i kommunedelplanen. Planarbeidet er ei oppfølging av vedteken kommunal planstrategi, der kommunedelplan for idrett, friluftsliv, fysisk aktivitet og folkehelse var ein av dei prioriterte planane. Planprogram skal etter plan- og bygningslova 4-1 utarbeidast som grunnlag for planarbeidet for alle regionale planar, kommuneplanar og kommunedelplanar. Planprogrammet skal gjera greie for føremål med planarbeidet, planprosessen og opplegg for medverknad. Planprogrammet skal vidare fastsette rammene for planarbeidet og sikra ei politisk forankring, samstundes som at det gjev moglegheit for innspel før det konkrete planarbeidet vert sett i gang. Planen vil vera tematisk, med status som kommunedelplan, for å formelt knyte planen mot kommuneplanen sin samfunnsdel, arealdel og handlingsdel med økonomiplan og andre kommunedelplanar. Planen vil ikkje gje heimel for arealdisponering, men skal kunne gje tilrådingar til kommuneplanen sin arealdel. Kommunedelplanen vil ha fleire viktige funksjonar. Ein av dei vil vera å gje grunnlag for å søke om spelemidlar til idrettsanlegg, nærmiljøanlegg, og anlegg til friluftsføremål. Ut i frå eit helsemessig synspunkt skal ulike tiltak i planen sjåast i samanheng med folkehelsearbeid, knytt til folkehelselova og samhandlingsreforma. Det er difor viktig at kommunen no får eit oppdatert planverktøy, som speglar dagens situasjon og behov i framtida, i høve statlege, regionale og kommunale føringar. Planen skal vera eit overordna politisk styringsdokument og eit utgangspunkt for rådmannen sitt administrative arbeid innan områda idrett, fysisk aktivitet, friluftsliv og folkehelse. Såleis vil planen vera styrande i høve samarbeid mellom kommunen og dei frivillige organisasjonane. Planen skal utgreie og sikre: - Klare målsettingar for kommunen si satsing på idrett, fysisk aktivitet, friluftsliv og folkehelse - Tydelege innsatsområde og tiltak for folkehelsearbeidet - Mål for anleggsutbygging og sikring av areal til idrett og friluftsliv - God kommunal styring av anleggsutbygginga - Klare politiske prioriteringar innan planfeltet - At riktige mål og vegval vert teke - Gode strategiar for å nå måla - Tydelege rolle- og ansvarsliner i høve organisasjonar og lokallag 2
2 Overordna føringar og rammer for planarbeidet Etter plan- og bygningslova skal nasjonale og regionale rammer og retningsliner leggast til grunn ved kommunal planlegging. Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet skal utarbeidast i samsvar med desse. Anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv, som det skal søkast om spelemidlar til, må vere innarbeidd i ein kommunal plan. Eit av måla med planen er å få ein politisk vedteken og oppdatert langsiktig plan for utvikling av idrettsanlegg i kommunen. 2.1 Nasjonale føringar Grunngjevinga for statleg medverknad og støtteordning til idrettsføremål er knytt til eigen- og nytteverdien av fysisk aktivitet, der nytteverdien særskild er knytt til førebyggande helsearbeid. Viktige planar og meldingar er: o St.meld. 14 (1999-2000), Idrettslivet i endring o St.meld. 39 (2000-2001), Friluftsliv - ein veg til høgare livskvalitet o St.meld. 16 (2002-2003), Resept for et sunnare Noreg o St.meld. 39 (2006-2007), Frivillighet for alle o St.meld. 26 (2006-2007), Om rikets miljøtilstand o Handlingsplan for fysisk aktivitet 2005-2009, Saman for fysisk aktivitet o St. meld. 47 (2008-2009), Samhandlingsreforma o Ny Idrettsmelding frå Kulturdepartementet 2011 o Friluftslova- St.meld nr 39 (2000-2001) og Prop. 88 L (2010-2011) o Folkehelselova- Helse og omsorgstjenesteloven 2011 Folkehelselova gjev dei viktigaste formelle rammene for folkehelsearbeidet, der kommunen vert pålagt det heilskaplege ansvaret. 2.2 Regionale føringar Sogn og Fjordane fylkeskommune har fleire regionale planar som legg føringar for arbeidet. o Fylkesplan 2005 2010 o Regional planstrategi o Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv, 2014 2017 2.3 Kommunale planar o Kommuneplan for Lærdal, arealdel og samfunnsdel o Økonomi- og handlingsplan o Kommunal planstrategi o Trafikktryggingsplan o Helse- og omsorgsplan 3
3 Gjeldande plan Gjeldande plan vart utarbeidd for perioden 2010-2013. Handlingsprogrammet er rullert årleg i planperioden. Overordna mål Auka fysisk aktivitet for innbyggjarane i Lærdal kommune. Det overordna målet er at innbyggjarane i Lærdal kommune får gode tilhøve for idrett og fysisk aktivitet, slik at dei kan få høve til å halde seg i aktivitet ut i frå eigne interesser og føresetnader. Dette skal vera mogleg på allment tilgjengelege område og i anlegg som er lagt til rette i rimeleg geografisk nærleik til der dei bur og elles i naturen. Delmål Med bakgrunn i dette ønskjer Lærdal kommune å leggja tilhøva til rette slik at alle sosiale grupper skal kunne driva idrett ut frå eigne føresetnader å arbeida for eit tilbod som og omfattar personar som i dag er inaktive, med hovudvekt på barn og unge å stimulera til ei breiare deltaking friluftsliv for alle at areal avsett til friområde/grøntområde, ikkje skal vera mindre enn det dei er i dag at det ved utarbeiding av kommune- og reguleringsplanar vert innarbeidd areal og anlegg for leik, idretts- og friluftslivsaktivitetar som ein del av bumiljøet å leggja til rette for både konkurranseidrett og mosjonsidrett at det bør vera høve til å kunna konkurrere innanfor dei største idrettane i Noreg generelt, og i dei idrettane som det eventuelt vil vera stor interesse for i Lærdal spesielt at det vert lagt vekt på å sikra område, og at det vert bygt og vedlikehalde fleirbruksanlegg som dekker trongen til fleire idrettsgreiner, aktivitetar og brukargrupper at rørslehemma skal ha tilgang til idrettsanlegg og gjevast gode og varierte tilhøve for friluftsliv at organisasjonane skal legga til rette for å utvikla kvinnelege utøvarar og leiarar at det ved bygging av anlegg og tilrettelegging av område for idrett og fysisk aktivitet, vert teke omsyn til landskapsvern, miljømessige og estetiske tilhøve å stimulera lokalbefolkninga til å bruka det som vert opparbeidd, og å bruka naturen slik han er 3.1 Handlingsprogram for anlegg og område 2010-2013 Dette er prosjekta som kommunen satsa på i førre planperiode. Nærmiljøanlegg, rehabilitering og friluftsliv er prioriterte område frå statleg og fylkeskommunalt hald. 4
Anlegg Type anlegg Status Elektroniske skyteskiver Ordinært Nedbrent Kunstgras Lærdal stadion Ordinært Etablert Ridebane Borgund Ordinært Etablert Friidrettsanlegg LØS Nærmiljø Etablert Ballbinge Ljøsne skule Nærmiljø Etablert Honing bru med flaumlaup Friluftsliv Etablert Turveg Maristovelii Friluftsliv Etablert Oddebruene Friluftsliv Etablert Honingane støl Friluftsliv Under bygging 4 Omfang av planarbeidet viktige problemstillingar Kulturdepartementet har følgjande krav til innhald som skal innarbeidast i kommunedelplanen: Målsetting for kommunen si satsing på idrett og fysisk aktivitet, friluftsliv og folkehelse Målsetting for anleggsutbygging og sikring av areal for idrett og friluftsliv Resultatvurdering av førre plan, med statusoversikt Analyse av langsiktige og kortsiktige behov for både anlegg og aktivitet Det skal gjerast greie for samanhengen med andre planar i kommunen Prioritert handlingsprogram for utbygging av idretts- og friluftsanlegg Økonomiplan knytt til drift og vedlikehald av eksisterande og planlagde anlegg Uprioritert liste over langsiktige behov for anlegg Lokaliseringa av eksisterande og planlagde anlegg, område for friluftsliv og arealbehov for planlagde anlegg og friluftslivsområde bør gå fram av relevante kart Viktige problemstillingar i planarbeidet: - Utforming av mål, strategiar og tiltak skal underbygge statlege og fylkeskommunale føringar og vera grunnlag for langsiktig politikk i kommunen - Idrett i Lærdal status og utfordringar - Friluftsliv i Lærdal status og utfordringar - Uorganisert aktivitet status og utfordringar - Fysisk aktivitet for utvalde grupper val av fokusgrupper status og utfordringar - Folkehelsa i Lærdal kommunen skal ha nødvendig oversikt over helsetilstanden i befolkninga og positive og negative faktorar som kan verke inn på den. Kommunen skal fastsette overordna mål og strategiar for folkehelsearbeidet. Folkehelsearbeidet bør vera kunnskapsbasert - Universell utforming av anlegg ute og inne status og utfordringar - Korleis motivere til frivillig innsats for fysisk aktivitet og folkehelse i Lærdal 5
5 Behov for utgreiingar Registrering av aktivitet - Organisert idrett - Eigenorganisert fysisk aktivitet o Kven driv med tilrettelegging for fysisk aktivitet o Kven kan sette i verk nye prosjekt Registrering av anlegg - Hovudanlegg status behov - Nærmiljøanlegg status behov - Grøntanlegg - Registrering av turstiar/vegar Vurdering av aktivitetsbehov: - Kva grupper har kommunen eit spesielt ansvar for - Kva for enkle tiltak ønskjer dei ulike gruppene 6 Organisering og medverknad 6.1 Organisering Planen er knytt til fleire einingar i kommunen: Kultur og oppvekst, Helse og omsorg og Teknisk drift. Styringsgruppe Formannskapet (planutvalet) er styringsgruppe. Referansegruppe/fokusgruppe Idrettsrådet, Råd for eldre og funksjonshemma, ungdomsrådet, skyttarlaga, Lærdal turlag, LHL, m.fl. Ressursgruppe frå administrasjonen Kulturkontoret, Helse og omsorg og Teknisk drift/planavdelinga. Planen vert ført i pennen av kulturkontoret. 6.2 Medverknad Dialogmøte/temamøte med aktuelle grupper innanfor idrett, friluftsliv, fysisk aktivitet og folkehelse. 6
Fokus: barn og unge friluftsliv universell utforming idrett 6.3 Økonomi Planarbeidet er forankra i kommunal planstrategi og økonomi- og handlingsplanen. Arbeidet med planen skal så langt råd er løysast innanfor ordinær drift. 7 Framdriftsplan og planprosess Kva Når Melding om oppstart og høyring av forslag til planprogram (6 veker) Mai 2014 Møte i referansegruppa August 2014 Innarbeiding av innspel til planprogram August 2014 Politisk vedtak av planprogram August 2014 Dialogmøte August 2014 Utgreiingsarbeid/kartleggingar August 2014 Medverknad dialog med aktørar/brukarar August 2014 Utarbeiding av planforslag August/September 2014 Politisk vedtak om utlegging av planframlegg til offentleg ettersyn September 2014 Offentleg ettersyn (6 veker) September/oktober 2014 Innarbeiding innspel og justering av framlegg til plan Oktober/november 2014 Vedtak av planframlegg Desember 2014 7