Spesielle forhold knytte til spørsmål i skjema RA 0604 Partifinansiering 2014 («Ofte stilte spørsmål») Innhald Punkta A, B og C i Altinn (A og B på papir)... 1 Om spm 1, 2, 3 og 4 Kva blir rekna med som offentleg støtte?... 2 Om spm 2: Kor får SSB opplysninga frå om støttebeløp som blir gitt opp her?... 2 Om spm 5: Kontingentar... 2 Om spm 7: Kapitalinntekter... 2 Om spm. 11: Bidrag... 2 Om spm. 12: Ulovlege bidrag... 2 Om spm 13, 16, 19, 22, 25: Pengegåver... 2 Om spm 14, 17, 20, 23, 26: Andre gåver... 2 Om spm 15, 18, 21, 24, 27: Identifisering av givar... 3 Om forskjellen på spm 14 15 samt tilsvarande for 17-18, 20-21, 23-24 og 26-27... 3 Om spm 28.1-2-3 Avtaler med bidragsytarar eller sponsorar, gåver til tilknytte organisasjonar... 3 Om samanhengen spm 29-34 og spm 35-38. Kostnader etter art og etter aktivitet... 4 Kva med resultatet, gevinst ev. tap i rekneskapen?... 4 Om spm 43 Formålskapital. Kva er det?... 4 Feilmelding om at «eigedelar > gjeld og formålskapital» eller «eigedelar < gjeld og formålskapital», korleis skal eg svare?... 4 Samanheng rekneskap og spørsmåla i skjemaet... 5 Punkta A, B og C i Altinn (A og B på papir) Altinn Punkt A viser kva partilag skjemaet gjeld for. De må bruke skjema for riktig lag fordi nokre av felta er fylte ut på førehand for kvart enkelt lag. Spm 48. Kontaktinfo Førehandsutfyllinga i punkt A i papirskjemaet finst i spm 48 i Altinn. Punkt B Spørsmål om laget var aktive i 2014. Dersom JA, DELVIS kjem punkt C fram der de skal gi opp datoar. Desse laga skal svare med skjema. Dersom NEI, kjem det fram felt der vi ber respondenten ta utskrift av den eine sida, datere Papir Same opplysningar som i Altinn øvst på papirarket, ikkje markert med A. Punkt A (kontaktinfo) SSBs kontaktinfo er fylt ut på førehand. Vi ber respondenten om å gi opp korrekt kontaktinfo om opplysningane som er fylte ut på førehand ikkje er korrekte. Punkt B Spørsmål om laget var aktive i 2014. Dersom JA, DELVIS: Vi ber laget gi opp datoar. Desse laga skal svare med skjema. Dersom NEI: Vi ber laget om å datere og signere den eine sida og sende den inn til SSB.
og signere og sende den inn til SSB i papirform SSB. Finansiering politisk partier 2014. Spesielle forhold vdr spørsmålene, s. 2 Om spm 1, 2, 3 og 4 Kva blir rekna med som offentleg støtte? Sjå definisjon i skjemaet + i Rettleiing til papirversjonen av RA 0604 Dersom summen av alle andre inntekter enn offentleg støtte er under kr 12 000, svarer partilaget NEI på spørsmål 1 og går deretter rett til spørsmål 12, og så for dei fleste vidare til spm 28, 44, osv. Altinn fører respondenten vidare til «riktig» spørsmål, papirversjonen rettleier ved kvart spørsmål der det kan vere aktuelt å hoppe over ei rekkje spørsmål. Om spm 2: Kor får SSB opplysninga frå om støttebeløp som blir gitt opp her? Frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane for kommune-, og fylkeslag, - for dei sentrale partiorganisasjonane frå departementet, KMD. Om spm 5: Kontingentar Sjå forklaringar i skjemaet Om spm 7: Kapitalinntekter For dei aller fleste laga vil dette berre gjelde renteinntekter frå bank. Enkelte lag kan ha oppnådd gevinstar ved sal av aksjar, fondsdelar mv. Slike gevinstar skal de føre her. + i Rettleiing til papirversjonen av RA 0604 Om spm. 11: Bidrag Sjå forklaringar i skjemaet + i Rettleiing til papirversjonen av RA 0604 Om spm. 12: Ulovlege bidrag Loven krev at de skal gi opp ulovlege bidrag, derfor må skjemaet gi moglegheit til å svare på dette. Spørsmålet blir stilt til samtlege partilag uavhengig av inntektene til laget. Om spm 13, 16, 19, 22, 25: Pengegåver Eventuelle kostnadsrefusjonar som er mottekne frå organisasjonar utanfor partiorganisasjonen, skal førast under det spørsmålet som passar til givarorganisasjonen. Slike refusjonar vil ofte bli betrakta som kostnadsrefusjonar etter rekneskapsloven, men blir rekna som inntekt etter partiloven, altså som bidrag. + i Rettleiing til papirversjonen av RA 0604 Om spm 14, 17, 20, 23, 26: Andre gåver Andre gåver frå dei forskjellige typane av givarar skal de berre gi opp her dersom verdien av ei eller fleire gåver frå den enkelte givaren er lik eller meir enn «terskelverdiane» under eller dersom gåva er ulovleg uavhengig av beløp. I spm 14, 17 osv skal de gi opp summen. Terskelverdiane er: kr 12 000 frå kvar enkelt givar til kommunelag kr 23 0000 frå kvar enkelt givar til fylkeslag kr 35 0000 frå kvar enkelt givar til sentrale partilag 2
SSB. Finansiering politisk partier 2014. Spesielle forhold vdr spørsmålene, s. 3 Dersom ein har svara ja på nokre av desse spørsmåla, må ein nødvendigvis identifisere givaren/givarane i neste spørsmål. Om spm 15, 18, 21, 24, 27: Identifisering av givar Har t.d. NN gitt eit kommunelag kr 5 000 i pengegåver og i tillegg utført ein jobb gratis for partilaget som normalt ville ha kosta 7 000 kr inkl. mva, er gåva frå NN på kr 12 000 dermed må ein gi opp namnet og bustadadressa til givaren og verdien (her kr 12 000). Vi går ut frå her at jobben er noko vedkommande normalt ser på som sin yrkesjobb, og ikkje som dugnadsarbeid. Dersom jobben i dette tilfellet er dugnad, dvs. eit arbeid som vedkommande ikkje har som yrke, skal ein ikkje rekne med verdien av jobben (her kr 7 000,-), dermed skal ingen av dei to gåvene førast opp i oversikta. Om forskjellen på spm 14 15 samt tilsvarande for 17-18, 20-21, 23-24 og 26-27 Spm 14 og 15 (hhv. 17 og 18 osv) er ganske like, men spm 14 spør etter bidrag som er motteke i form av noko anna enn pengar underforstått at den samla verdien frå den enkelte givaren er større enn terskelverdien (berre gåver anna enn penger og over terskelverdi skal reknas med). Eventuelle ulovlege, ikkje-monetære gåver skal de likevel gi opp uavhengig av verdi (definisjon av ulovleg bidrag i spm 12). mens under spm 15 skal den enkelte bidragsytaren som har gitt bidrag i pengar og/eller noko anna på til saman over terskelverdien, identifiserast (identifisering av alle personlege givarar der verdien per givar > terskelverdi). Dessutan skal de ta med alle ulovlege bidrag sjølv om dei ikkje kan identifiserast (definisjon i spm 12). Det same gjeld for spørsmålspara 17-18, 20-21, 23-24 og 26-27. Dette inneber at dersom eit partilag har svara JA på det første av desse to spørsmåla, må laget svare JA på det andre og identifisere givaren/givarane. Om spm 28.1-2-3 Avtaler med bidragsytarar eller sponsorar, gåver til tilknytte organisasjonar Spørsmåla om avtaler og om tilknytte organisasjonar må de svare på uavhengig av eigne inntekter i partilaget, jf. partiloven 20 (2) og (4). Forretningsmessige avtaler, døme: Motteke offentleg støtte er kr 15 000,-, andre inntekter kr 11 500,-, partilaget vil da ha svara NEI på spørsmål 1 og så gått til spørmål 12 osv. og så spørsmål 28. Vi går vidare ut frå at inntektene på kr 11 500,- bl.a. består av eit bidrag på kr 5 000,- som er motteke frå ein leverandør, f.eks. ein butikk for PC-utstyr. Samtidig har partilaget ein eller annan avtale med butikken, t.d. om levering av minst to PCer i året eller avtale om levering av printerpapir og blekk. Då skal de gi opp namnet på denne leverandøren i lista i spørsmål 28.1. Sponsormidlar: Sponsoren behøver ikkje vere givar, sponsormidlar krev ei motyting frå mottakaren. I spørsmål 28.2 om sponsormidlar skal kommunelag svare JA dersom sponsorbeløpet er på minst 12 000 kr, for fylkeslag er grensa minst 23 000 kr og for sentrale lag minst 35 000 kr. 3
SSB. Finansiering politisk partier 2014. Spesielle forhold vdr spørsmålene, s. 4 Spørsmålet om sponsormidlar er lagt inn i denne spørsmålssekvensen for å forenkle skjemaet. Er grensa på 12 000 kr for fullstendig rapportering ikkje sprengt (NEI på spørsmål 1), skal laget svare NEI på spørsmål 28.2 også. Men dersom laget har motteke rapporteringspliktige sponsormidlar, må laget også svare JA på spørsmål 1. Bidrag motteke av tilknytt organisasjon: Dette kan t.d. vere bydelslag eller mindre lokale partilag for delar av ein bestemt kommune. Forklaringar elles: I skjemaet + i Rettleiing til papirversjonen av RA 0604 Om samanhengen spm 29-34 og spm 35-38. Kostnader etter art og etter aktivitet Partiloven krev at kostnadene i partilag som skal rapportere fullstendig, skal grupperast på to ulike måtar. Laget kan sjølv velje om det skal føre kostnadene i årsrekneskapen i utgangspunktet etter kostnadsaktivitetar eller kostnadsarter. Enkelte større lag vil kan hende ha bokføringssystem som gir moglegheiter for systematisk fordeling etter begge inndelingane. Alt etter som korleis rekneskapen er ført, kan laget fordele kostnadene etter beste skjønn på art dersom rekneskapen i utgangspunktet blir ført på aktivitetskoder eller omvendt etter beste skjønn fordele på aktivitetar dersom rekneskapen blir ført etter artskoder. Kostnaden «Overføring til andre partiledd», spm. 34, er i partiloven definert både som ein kostnadsart og som ein kostnadsaktivitet. Spørjeskjemaet spør etter denne kostnaden berre på ein stad, nemleg som ein kostnadsart. Kva med resultatet, gevinst ev. tap i rekneskapen? Spørjeskjemaet stiller ikkje spørsmål om rekneskapsresultatet, partiloven krev ikkje at de skal gi opp dette særskilt. Men resultatet kan bereknast og bli vist automatisk på Oppsummeringssida for dei laga som nyttar Altinn. Resultatet kjem fram som differanse mellom alle inntektene og alle kostnadene etter art. Resultatet vil normalt også kome til uttrykk som endringa av formålskapitalen i året (beløp per 31.12. beløp per 01.01.). Om spm 43 Formålskapital. Kva er det? Partiloven nyttar omgrepet formålskapital, omgrepet er i prinsippet identisk med omgrepet Eigenkapital. Formålskapitalen utgjer summen av alle eiendelane som partilaget råder over minus alle gjeldspostane. Dersom partilaget ikkje har gjeld per 31.12., vil Formålskapitalen vere lik summen av alle eigedelane. Partilaget skal då setje inn den verdien i spm. 43. Formålskapitalen kan vere negativ. Då er gjelda større enn alle eiendelane til saman, og partilaget vil ha behov for å få tilført midlar, i form av lån, tilskot frå andre partilag eller på annan måte for å kunne betale rekningane sine, eventuelt kan det innebere at partilaget ikkje klarer å innfri forpliktingane sine. Feilmelding om at «eigedelar > gjeld og formålskapital» eller «eigedelar < gjeld og formålskapital», korleis skal eg svare? Partilaget må passa på at samtlege eigedelar og gjeldspostar er fylte ut. Har de svara korrekt på dei spørsmåla, skal differansen førast som Formålskapital, spm 43. Differansen blir berekna som summen av alle eigedelane per 01.01. minus all gjelda per 01.01. hhv. som sum alle eigedelane per 31.12. minus all gjelda per 31.12. Formålskapitalen vil normalt vere positiv, men kan vere eit beløp med minus som forteikn. 4
SSB. Finansiering politisk partier 2014. Spesielle forhold vdr spørsmålene, s. 5 Er alt korrekt utfylt, vil endringa i formålskapitalen over året normalt svare til resultatet som gir seg av inntekter minus kostnader. Det kan oppstå ein forskjell dersom det er skote inn eller teke ut midlar som berre blir ført på bank og formålskapital i balansen utan verking på resultatet (etter partiloven skal dette førast som inntekt eller kostnad og dermed få innverknad på resultatet). Samanheng rekneskap og spørsmåla i skjemaet Det finst eit eige oppsett som viser samanhengen mellom kontogruppene i Norsk Standard Kontoplan og spørsmåla i skjema. Dette er berre rettleiande. Rekneskapen dannar grunnlaget for svara. Partiloven og forskrifta krev at rekneskapen blir sett opp i ei bestemt form. Nyttar de denne malen, kan de få svar på spørsmåla i skjemaet direkte ut frå tala i rekneskapen. Sjå dessutan https://lovdata.no/dokument/nl/lov/2005-06-17-102 (loven) https://lovdata.no/dokument/sf/forskrift/2014-02-05-107 (forskrifta) https://lovdata.no/static/sf/sf-20140205-0107-01-01.pdf (rettleiing til forskrifta) 5