Klage Løyve til bruk av utanlandske treslag på eigedomen gnr. 36, bnr. 4 i Sirdal kommune



Like dokumenter
Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

KLAGE LØYVE TIL UTSETTING AV UTANLANDSKE TRESLAG TIL JULETREPRODUKSJON PÅ EIGEDOMEN GNR. 110, BNR 49 I KRISTIANSAND KOMMUNE

Klage løyve til å plante sitkagran Øksnevad vid. Skule

KLAGE VEDTAK OM LØYVE TIL UTSETTING AV VRIFURU

KLAGE LØYVE TIL Å PLANTE VRIFURU

KLAGE LØYVE TIL Å PLANTE SITKAGRAN/HYBRIDLERK/ JAPANLERK PRESTVAD - GRØVLE I EIGERSUND

Dispensasjon til oppsett av gjerde og beiting m.m. på gnr/bnr 5/1,7 i Linemyra naturreservat, Time kommune.


FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Klage løyve til å plante sitkagran Spanne

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Melding om oppstart av frivillig skogvern på Skarvatun i Kvinnherad

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Klimaraser. (proveniens) Treslaga våre har gjennom generasjonar tilpassa seg veksestaden. Trea har utvikla klimarasar,

Klage på vedtak om tillatelse til utsetting av utenlandske treslag Spansdalen, Lavangen kommune

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

KLAGE LØYVE TIL Å PLANTE SITKAGRAN HETLAND I BJERKREIM

Klage på avslag på søknad om utsetjing av utanlandske treslag på Tveit i Gulen kommune nytt vedtak

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING

Kopi til: Rauma kommune Vollan 8a 6300 ÅNDALSNES Miljødirektoratet Administrativ faggruppe Fylkesmannen i Møre og Romsdal

VOLLASETRA I SUNNDAL

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Kvalitetsplan mot mobbing

KLAGE VEDTAK OM SKOGSVEG - RAKSTANG

KLAGE LØYVE TIL Å PLANTE SITKAGRAN GNR 55 BNR 3 I AURE KOMMUNE

KLAGE LØYVE TIL Å PLANTE VRIFURU

Løyve til planting av utanlandske treslag til juletreproduksjon

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Klage på vedtak om tillatelse til utsetting av utenlandske treslag gnr. 25 bnr. 1 i Vikna kommune

SÆRUTSKRIFT. GODKJENNING AV ENDRING AV KOMMUNEDELPLAN FOR EIKEN HEIEMARK, LANDDALEN.

Rapport frå inspeksjon 7. november 2012

Månadsplan for Hare November

Addisjon og subtraksjon =1234 =1199 =1149

Naturvernforbundet sin representant har sett på areala det er søkt om dyrking av, og elles dei dyrka areala som ligg mellom.

Løysingsforslag til eksamen i MA1301-Talteori, 30/

Til deg som bur i fosterheim år

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

2/12 Søknad om motorferdsel på og vedlikehald av vegar i Traudalen Rygg og Grov sameige

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Det er sett krav til støvreduserande tiltak og rapportering kvar månad.

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Miljødirektoratet v/fylkesmannen i Nordland 12. februar 2018

Konsesjonsfritak ved kjøp av fast eigedom - eigafråsegn

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Finansiering av søknaden

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Kulturhistoriske registreringar

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Tingvoll, Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1. Viser til brev av , sak 2016/19-2

Nytt lovverk for utsetting av utanlandske treslag. Utfordringar og alternativ for skognæringa. Fylkesskogsjef Harald Nymoen,

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

16. april Kurs i matrikkelføring. Adresseoppgåver

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

mmm...med SMAK på timeplanen

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Rapport frå inspeksjon ved Lindum Bioplan Odda komposteringsanlegg 25. mars 2014

Kva er økologisk matproduksjon?

Namning av vegar i Fræna Kommune

Altas bosetningshistorie

Løyve til utsetting av utanlandske treslag til skogproduksjon på 7/1, Øksnevad i Klepp kommune

ROS-ANALYSE OG VURDERING NATURMANGFOLDLOVA. DETALJREGULERING DEL AV GNR. 12, BNR. 2 I KLÆBU KOMMUNE.

Nynorsk. Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo. 4. klasse

RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Kommetarar til merknader til forslag til forvaltningsplan og føresegner til områdefreding av Stødleterrassen

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde avgjerd i sak om klage på avslag på søknad om dispensasjon for bygging av småkraftverk

Delvis løyve til utsetting av utanlandske treslag til skogproduksjon på 27/3 og 24/48, Kvernaland i Time kommune

Granvin herad Sakspapir

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Vår ref. 2012/ Særutskrift - DS - 144/229 - deling av eigedom - Borvika -

Løyve til utsetjing av utanlandske treslag, skogproduksjon Hellebrekkene, gnr/bnr 147/1 Tysvær

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Ny vurdering av søknad om utsetting av utenlandske treslag omgjøring av vedtak etter klage

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Saksbehandling kva er no det?

Aust-Agder Venstre og Vest-Agder Venstre v/fylkessekretær Jan Kløvstad Kongens gate Kristiansand. Førde, 14.

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Forskrift for namnsetting, adressering og adresseforvaltning i Åmli kommune. Vedteke i kommunestyret , sak K 09/128

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Flaggreglement. for. Fjell kommune

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

KONTROLLUTVALET FOR MASFJORDEN KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Transkript:

Miljødirektoratet v/fylkesmannen i Vest-Agder fmvapostmottak@fylkesmannen.no 19. februar 2015 Klage Løyve til bruk av utanlandske treslag på eigedomen gnr. 36, bnr. 4 i Sirdal kommune Vi viser til vedtak av 21.1.2015, som var tilgjengeleg for oss 26.1.2015, og vidare e-post som gir oss utsett frist til 20.2.2015. Hovudtema i denne klaga er vurderinga av verknaden japanlerk kan ha på landskapet rundt omsøkte utplantingsområde. Vurderinga av spreiingsevna til treslaget får noko merksemd. Vidare er det sider ved sjølve sakshandsaminga som ikkje er tilfredsstillande. Søkjar sine føresetnader for å kunne følgje opp utplantinga går vi også inn på, likeeins manglande vurderingar av fordelar og ulemper med plantinga. Omsøkte område Søknaden gjeld eit areal på 4 dekar der det er ønskje om å setje ut 900 stk japanlerk. I følgje søknaden er det furuskog i området frå før. Det finst ikkje opplysningar om bruk av japanlerk i området frå før, verken i søknaden, vedtaket eller i Artskart. Naturbase seier noko om naturverdiar rundt omsøkte plantefelt. Naturvernforbundet Mariboes gt 8, 0183 Oslo naturvern@naturvernforbundet.no SABIMA Pb. 6784 St. Olavs plass, 0130 Oslo sabima@sabima.no WWF-Norge, Postboks 6784 St. Olavs Plass, 0130 Oslo wwf@wwf.no

Figur 1. Kartgrunnlag frå Gislink. Gul sirkel er omsøkte område. Raud sirkel har radius på ca. 5 km. Naturtypelokalitetar med grøn skravur, verneområde med raud skravur. Fylkesmannen bør gå gjennom alle naturtypelokalitetar og verneområde innan ein radius på 5 km som følgje av at dette er område som ein reknar kan bli påverka av langdistansespreiing 1. Ein del slike lokalitetar kan ein sannsynleggjere ikkje vil bli påverka og lett kvittere ut med ei enkel vurdering. Resten bør få ei nærare vurdering etter naturmangfaldlova. Vi vel å ta fram verneområdet sørvest for omsøkte lokalitet, Øykjeheia naturreservat (VV00001470), der skogvern er hovudføremål. Det verna arealet er på over 13 km 2 og dei naturfaglege kvalitetane er skildra slik i Naturbase: «Større barskogsområde med partier med både gammel furuskog og gamle bjørkeskoger og ospeholt. Også områder med innslag av edellauvskog og sumpskog. I sør en høstingsskog med over hundre gamle, hule eiker. I dette området er det utarbeidet skjøtselsplan for høstingsskogen samt at det gjøres insektsundersøkelser knyttet til hule eiker.» Det vil heilt klart vere negativt viss ein får utanlandske treslag inn i eit slikt område. Det ser ut som Fylkesmannen i Vest-Agder ikkje har kjennskap til dette verneområdet, eventuelt meiner at det ikkje kan bli påverka og at vurderinga ikkje skal skrivast i vedtaket. Dette er ein feil i sakshandsaminga. Avstanden frå omsøkte område til grensa for naturreservatet er noko over ein kilometer. I førnemnte litteratur¹ om langdistansespreiing går det fram at ein for vindretningar som ikkje er dominerande må ta høgde for langdistansespreiing på 2 km. På austsida av vatnet ligg det ein stor naturtypelokalitet Hoggfjell, rik edellauvskog, med verdi A. Vi ser ikkje føre oss nokon enkel måte å drive spreiingskontroll i t.d. verneområdet. Vilkåret om rømlingkontroll er heller ikkje nærare definert når det gjeld areal, og det vil bli rom for tolking. Dette er ugreitt. 1 H. Sandvik 2012. Kunnskapsstatus for spredning og effekter av fremmede bartrær på biologisk mangfold. DN-utredning 8-2012

Japanlerk Japanlerk kjem frå Japan og førekjem i område med temperatur og klima ganske likt vårt. T.d. i fjellsida på vulkanen Fuji. Bilete av japanlerkskog henta frå Wikipedia Japanlerk har vore i sal i Noreg sidan 1904 2, men det har truleg vore planta heilt frå 1870- talet. Bruken har vore avgrensa, og Artsdatabanken 3 reknar med at det samla er planta 7-8 km 2. Ein heil del av dette er truleg i lebelte der ein heilt til no har vore glad til om arten har vore så livskraftig at han har spreidd seg. Artsdatabanken har plassert japanlerk i risikokategori LO, dvs. låg risiko for spreiing. Det er sannsynleg at japanlerk har ei viss evne til å spreie seg, men det er ikkje gjort større undersøkingar av spreiingspotensialet for denne arten i norsk natur. Det finst 15 registreringar av arten på Artskart, og ein del av observasjonane gjeld nok frøspreidde individ. Det er ikkje utenkjeleg at spreiingspotensialet kan likne det som gjeld for europalerk, som har meir enn hundre år forsprang på japanlerka i norsk natur. På Artsdatabanken sitt faktaark blir det opplyst: «Den er lyskrevende og har lokalt spredt seg på åpne arealer i nærheten av eksisterende bestand, men det er usikkert hvor mye av dette som bidrar til rekruttering av voksne trær da den er utsatt for viltskader og snøbrekk. Japanlerk er resistent mot lerkekreft (Børset 1985). Den etablerer seg i liten grad i sluttet skog, slipper mye lys ned til feltsjiktet, har begrenset spredning og representerer neppe noen økologisk risiko.» I bestandsskogbruket vil det ved hogst oppstå ein periode der mykje lys kjem ned til bakken samtidig som bakken blir rota opp. Dette fører til spiring om det finst frø. Lerkeartane ser ut til å setje kongler ganske ofte, slik at det er stor fare for at det vil vere ein aktiv frøbank på det tidspunktet at det er tilhøve for spiring. Viltskader har vi sett både på europalerk og japanlerk. Det blir ikkje sagtømmer nedst av dette, men dei fleste trea lever over og blir i alle fall i stand til å setje konglar. 2 Lerk (Larix) i Norge - del I. Dyrkningshistorien. Bernt-Håvard Øyen. Aktuelt fra Skog og landskap 2/2006 http://skogforsk.pdc.no/index.php?seks_id=26401&t=a 3 http://databank.artsdatabanken.no/fremmedart2012/n63763

Figur 2. Spreiing av europalerk på Gyl i Tingvoll. Opphavet var langs bortkanten av enga sentralt på biletet, kring 1780. Europalerka held no på å etablere seg i stort tal i snaufjellet nord for Gyl. Foto Øystein Folden 10.02.2015. Sjølv om japanlerk er rekna for å ha låg risiko for spreiing, så meiner vi at grunnlaget for denne vurderinga er såpass ufullstendig at ein bør rekne med at arten kan ha potensiell høg risiko for spreiing. Som for fleire andre framande treslag er det mogleg at kategoriseringa på svartelista reflekterer manglande undersøkingar, og ikkje reelt spreiingsomfang. Kva kategori som er rett vil ein først kunne vurdere når ein får undersøkt nærare stader der arten har vore i bruk over lengre tid. Dessutan må ein ta høgde for at daglengdetilpassing o.l. hemmar frøing første gong, men at neste generasjon ikkje vil vere hemma på same måten. Søkjars kvalifikasjonar I tillegg til ei vurdering av areal og treslag som er omsøkt er det også eit element av om søkjar kan vere i stand til å følgje opp mellom anna dei krava som blir knytt til eit løyve. Søkjar har eit naturleg høve til å presentere dette gjennom søknadsskjemaet. I dette høvet er det eit firma, AT Skog, som søkjar på vegne av grunneigar. Grunneigar sjølv har adresse Bryne, og skogfirmaet har heller ikkje lokal adresse. Ein grunneigar som bur på staden treng ikkje sjå til skogen sin ofte, men det kan vere endå litt meir usikkert når ein ikkje bur på plassen. I søknaden er det ikkje fylt ut noko på pkt. 9, 20 og 21, der søkjer plikter å fylle ut det han veit noko om. Punkt som er valfrie å fylle ut er ikkje fylt ut. Naturtypar (pkt. 9) kan vere litt vidløftig å ha oversikt over. Men på pkt. 20 og 21 må ein vise fram kunnskap

på om ein skal ha truverde til å kunne følgje opp dette. På desse punkta står det ikkje noko, og ein må følgjeleg anta at grunneigar manglar kompetanse på området. I naturmangfaldlova ligg det ei opning for at fordelar og ulemper med tiltaket til ein viss grad skal vegast opp mot kvarandre. I forskrifta om utanlandske treslag står det ikkje noko om ei slik veging av fordelar av ulemper. I denne saka er det tale om eit ganske lite areal. Det går ikkje fram nokon stad at det finst japanlerk i området frå før. Vi ser ikkje noko i søknaden eller vedtaket som er til hinder for å halde fram med furuskog på teigen. Økonomiske skilnader mellom furu og japanlerk er truleg ikkje så stor, og ikkje nødvendigvis til fordel for japanlerk. Såleis er dette prosjektet eit eksperiment som set naturmangfaldet mellom anna i naturreservatet i nærleiken i fare, utan at fordelane for søkjar kan vere nemneverdige. Dei er i alle fall ikkje nemnt. Konklusjon Det finst naturområder i form av naturreservat i overkant av ein kilometer frå omsøkte område, utan at det er vurdert i saka om dette kan bli påverka. Det finst også naturtypelokalitetar innafor mogleg påverkingsområde som verken er lista opp eller der moglege verknader er vurdert. Det er dessutan i liten grad vurdert korleis kjente verdiar vil kunne bli påverka av tiltaket. Søkjar har ikkje gjort noko for å vise fram sin kompetanse til å drive internkontroll. Det vil truleg vere svært vanskeleg å følgje opp rømlingar mellom anna til naturreservatet. Det finst truleg ikkje japanlerk i området frå før. Det er lite truleg at ein så liten teig med japanlerk vil gi økonomiske fordelar framfor å halde fram med furu. Vedtaket må gjerast om og søknaden må avslåast. Med venleg helsing Honorata Kaja Gajda rådgjevar i naturmangfald, Naturvernforbundet Christian Steel generalsekretær, SABIMA Heidi Sørensen teamleder, WWF-Norge