SOGNDAL KOMMUNE SAL- OG SKJENKEREGLEMENT Utdrag frå RUSPOLITISK HANDLINGSPLAN for Sogndal kommune 2009-2012
7. KOMMUNALE REGLAR FOR SAL OG SKJENKING AV ALKOHOL Dette kapitlet skal omhandle følgjande område: 1. Retningsliner for utøving av politikken når det gjeld tildeling av sals- og skjenkjeløyve 2. Retningsliner for bruken av gebyrinntektene frå løyvehavarane 3. Retningsliner for utøving av kontrollfunksjon 4. Retningsliner for sanksjonar ved brot på Alkohollova sine reglar 5. Retningsliner for administrativ utøving av delegert mynde når det gjeld sakshandsaming og forvaltning av saker med heimel i Alkohollova Generelt Ved endring av alkohollova pr. 01.07.2005 vart inndelinga i øl, vin og brennevin endra til ei inndeling som er basert på alkoholinnhaldet målt i volumprosent. Bakgrunnen for å endre dette var å likestille alkoholhaldig drikk med same alkoholstyrke. Løyve til å skjenke øl og vin gjev såleis ein rett til å skjenke opp til 22 volumprosent. Aldersgrensene er regulert i samsvar med dette, og reglane for sal og skjenking av alkohol knyter seg til følgjande grupper: 2,5-4,7 volumprosent alkohol - aldersgrense 18 år 4,7-22 volumprosent alkohol - aldersgrense 18 år 22-60 volumprosent alkohol - aldersgrense 20 år 7.1. Retningsliner for utøving av sals- og skjenkeløyvepolitikken SALSLØYVE SALSTIDER Eitt vinmonopol Løyve til sal av øl og rusbrus opp 4,7 volumprosent alkohol er avgrensa til daglegvarebutikkar. Det kan ikkje gjevast løyve til sal av øl og rusbrus til bensinstasjonar og kioskar jf. forskrift til alkohollova 3-4. Departementet fastset opningstida for Vinmonopolet Salstida for øl og rusbrus opp til 4,7 volumprosent alkohol vert kl. 0900 2000 på kvardagar kl. 0900 1800 på dagar før søn- og helgedagar. SKJENKELØYVE 1. Tal løve Ikkje avgrensing i tal løyve 2. Type løyve Type verksemd/vurderingskriterium 2.1. Generelt løyve for servering av brennevin, vin og øl Hotell Restaurantar og andre serveringsverksemder avgrensa mot eit vakse publikum der kommunen meiner at staden sin karakter tilseier at brennevinsservering kan forsvarast, jf. Alkohollova 1-7A (. staden sin karakter, plassering, målgruppe, trafikk- og ordenstilhøve næringspolitiske omsyn og omsynet til lokalmiljøet elles.. )
2.2. Generelt løyve for servering av øl og vin (opp til volumprosent 22) 2.3. Løyve til servering av vin og øl (opp til volum- prosent 22) ved enkeltarrangement Reiselivsverksemder som pensjonat, vertshus, mindre overnattingsverksemder o.l. Restaurantar med annan karakter enn restaurantar spesielt for brennevinsløyve, eller retta mot eit breiare publikum enn spesifisert for brennevinsløyve, jf. pkt. 2.1. Pubar Stader retta mot ungdom frå 18 år og eldre Ferjer og båtar i chartertrafikk Uteserveringsstader Forsamlingslokale med blanda føremål: Kulturhuset avgrensa til foajeen (kulturhusadm.) Kulturhuset avgrensa til kantina (SISOF) Musea Andre offentlege forsamlingslokale, evt. med kombinert bruk som t.d. ungdomshus og grendahus Uteservering i samband med spesielle arrangement men ikkje i samband med idrettsarrangement. Løyve til servering av øl og vin ved enkeltarrangement skal vere i samband med særskilde arrangement og det kan gjevast inntil 4 løyve pr. år til kvart forsamlingslokale. Det vert ikkje gjeve løyve til uteservering i sentrumsparken i samband med enkeltarrangement. 2.4. Ambulerande løyve. Løyve til servering av brennevin, vin og øl ved lukka lag Følgjande lokale er aktuelle: Selskapslokale Verksemder som har generelt løyve avgrensa til vin og øl Stader som får løyve ved enkeltarrangement avgrensa til vin og øl jf. pkt. 2.3. Det er ikkje øvre grense på tal ambulerande skjenkeløyve. Tildeling av ambulerande løyve/enkeltløyve skal ikkje kunne gjevast til stader som er unnatekne for skjenking i lov, forskrifter eller kommunale retningsliner. 2.5. Alkoholservering utan løyve Privatpersonar som leiger/låner eit lokale kan servere alkohol utan løyve ved særskilt høve og i lukka lag jf. Alkohollova 8-9 siste lekk. Eit slikt fritak gjeld ikkje organisasjonar som leiger/låner eit lokale. 3 INGEN LØYVE TIL Stader som er spesielt retta mot ungdom under 18 år Lokale/arenaer som vert nytta til idretts- og mosjonsaktivitetar medrekna motorsport Idrettsarrangement Kantiner, kafear, restaurantar i tilknyting til butikksenter. Kioskar og bensinstasjonar.
Verksemder/lokale med idrett/skule i sambruk med t.d. overnatting/konferansar/reiseliv/selskapslokale/servering kan få løyve på nærare vilkår. Eventuelle konfliktar med sambruk og samtid må reduserast mest mogleg knyta til vilkår og kva delar av verksemda som kan få løyve. Slike søknader skal sendast på høyring. 4. SKJENKETIDER Konsum av skjenka alkoholhaldig drikk må opphøyre seinast 30 minutt etter skjenketids slutt jf. Alkohollova 4-4. Brennevin Søndag-torsdag/fredag til kl. 2400 Fredag-laurdag/søndag til kl. 0100 Vin og øl (opp til Søndag-torsdag/fredag til kl. 0100 volum-prosent 22) inne Fredag-laurdag/søndag til kl. 0200 Vin, øl og brennevin Til kl. 2400 alle vekedagar. ute Utvida skjenketid Utvida skjenketid (til kl. 0100/0200) inne den 23.12, 26.12, 31.12, 30.04 og 16.05. Det er ikkje naudsynt å sende søknad. Det vert ikkje gjeve løyve til utvida skjenketid ute i sentrum. Utover dette skal det utøvast ei restriktiv haldning til søknader om utvida skjenketider. Berre tildeling ved spesielle arrangement dvs. arrangement som ikkje er ei årleg hending eller oftare for den det gjeld, som t.d. jubileum. 5. GEBYRINNTEKTER/ SALSOVERSKOT 5.1. Gebyrinntekter Dei årlege gebyra som vert kravd inn, skal nyttast til kommunen si utøving av kontroll med sals- og skjenkestadene, gjennomføring av kunnskapsprøva og til førebyggjande tiltak. 6. KONTROLL Kommunen har med heimel i Alkohollova 1-9 ansvar for kontroll med utøving av kommunalt skjenkeløyve. Det er utarbeidd forskrift for ordninga. I følgje kommunen sitt delegasjonsreglement er forvaltningsutvalet kommunalt kontrollutval med heimel i Alkohollova. Kontroll av sals- og skjenkestader skal gjennomførast av innleigde kontrollørar. 7. INNDRAGING AV SALS- OG SKJENKE- LØYVE Kommunen vil ha rett til inndraging av løyve ved følgjande brot på Alkohollova/kommunale retningsliner: Gruppe A: 1. Skjenking av mindreårige 2. Skjenking til rusa personar 3. Narkotikamisbruk. Gruppe B: 1. Skjenking utover skjenketid 2. Ikkje levert omsetjingstal i rett tid 3. Ikkje betalt løyvegebyr i rett tid.
8. SANKSJONS- REGLEMENT Prosedyrar og tiltak ved brot på alkohollovgjevinga Følgjande prosedyre og tiltak skal setjast i verk overfor salsog skjenkestader som ikkje driv i samsvar med alkohollovgjevinga, andre relevante lover og kommunale retningsliner for alkoholomsetnaden: 9. SAKSHANDSAMING 1. Dersom alkoholkontrollørane etter alkoholkontroll meiner å påvise brot på alkohollova/ kommunale retningsliner ved salseller skjenkestad, skal kontrollørane skrive utfyllande, detaljert rapport til kommunen. 2. Administrasjonen sender gjenpart av rapporten til den aktuelle sals- eller skjenkestaden og ber om merknader og/eller kallar inn til samtale for å klargjere dei faktiske tilhøva. I slike samtalar skal sals- eller skjenkestaden gjere greie for korleis dei vil syte for at eventuelle brot på alkohollovgjevinga/kommunale retningsliner ikkje skal skje i framtida. 3. Dersom det er påvist klare lovbrot/regelbrot, skal administrasjonen ved første gongs tilfelle sende skriftleg åtvaring til den aktuelle verksemda, og forvaltningsutvalet skal verte orientert om saka. 4. Dersom det er påvist klare lovbrot/regelbrot trass i tidlegare åtvaring, skal det fremjast sak om inndraging av sals- eller skjenkeløyvet for forvaltningsutvalet. Gruppe A: Ved brot nr. 2 vert løyvet drege inn for 2 veker. Ved brot nr. 3 vert løyvet drege inn for 4 veker. Ved brot nr. 4 vert løyvet drege inn for 6 veker. Gruppe B: Ved brot nr. 2 vert løyvet drege inn for 1 veke Ved brot nr. 3 vert løyvet drege inn for 2 veker Ved brot nr. 4 vert løyvet drege inn for 3 veker. Dette punktet gjeld for ein skjenkeløyveperiode. 5. Dersom lovbrotet/regelbrotet etter administrasjonen si vurdering er av særs alvorleg karakter, skal det fremjast sak til forvaltningsutvalet om inndraging av salsløyvet/ skjenkeløyvet umiddelbart. 6. Ved lovbrot/regelbrot av alvorleg karakter, har administrasjonen fullmakt til å dra sals- eller skjenkeløyvet attende med øyeblikkeleg verknad fram til forvaltningsutvalet har fått saka til handsaming. 7. Delegasjonsreglementet ligg til grunn for ansvarsdeling mellom kommunestyret formannskapet forvaltningsutvalet rådmannen jf. K.sak 55/08.