Interkontrollhandbok Side: 1 av 10 18. RETNINGSLINJER FOR AKAN For å få klare reglar på området rusmiddelbruk og arbeid har arbeidsmiljøutvalet (AMU) i Samnanger kommune 24.04.01 vedteke ein AKAN-avtale med retningslinjer. AKAN-avtalen er ein del av kommunen sitt HMT-system. Retningslinjene er eit supplement til punkt 3.9 i kommunen sine personalpolitiske retningslinjer: Arbeidstakaren må ikkje innta eller vere påverka av rusmiddel i arbeidstida. Dersom ein arbeidstakar har problem med rusmiddel skal arbeidsgjevar tilby hjelp i samsvar med retningslinjer i HMT systemet. FØREMÅLET MED AKAN Føremålet med AKAN i Samnanger kommune er å oppretthalda eit rusfritt arbeidsmiljø, og å hjelpa tilsette med rusproblem. Vidare ønskjer me å forhindra ulukker, sikra kvalitet og eit godt arbeidsmiljø. Vidare er det ei målsetting at tilsette, som kjem i ein situasjon der rusbruk er i konflikt med utføringa av arbeidet, skal ha eit reelt tilbod om bistand før eventuell oppseiing blir vurdert. Avtalen inneber at ingen skal seiast opp på grunn av rusproblem, utan at dei har fått høve til å rydda opp sjølv og/eller fått eit behandlingstilbod som er tilpassa den enkelte. ORGANISERING AV AKAN Arbeidsmiljøutvalet (AMU) AMU fattar vedtak om AKAN-avtale og vel medlemmar til AKAN-utvalet. AMU er ansvarleg for utforminga av rusmiddelpolitikken i Samnanger kommune, og for at retningslinjene fungerar og blir følgde opp. AKAN-utvalet Dette er eit underutval av AMU og har følgjande samansetnad: Personalkonsulent Hovudverneombod Bedriftshelsetenesta AKAN-hovudkontakt AKAN-utvalet si hovudoppgåve er å organisera og tilretteleggja AKAN-arbeidet i kommunen. Utvalet skal også vera ein pådrivar i det førebyggjande og haldningsskapande arbeidet. Utvalet skal minst 2 gongar i året gå ut med informasjon til dei tilsette i kommunen. AKAN-utvalet rapporterar årleg til AMU om aktivitetar og framdriftsplanar. Forslag til endringar og/eller tillegg til eksisterande AKAN-avtale må leggjast fram for AMU. NB! Utvalet skal ikkje behandla personsaker
Interkontrollhandbok Side: 2 av 10 Bedriftshelsetenesta (BHT) BHT er representert både i AMU og AKAN-utvalet. BHT skal vera med på det generelle rusførebyggjande arbeidet, og evaluering av AKAN-reglane i kommunen. I individuelle saker har BHT saman med hovudkontakt hovudansvar for oppfølging av individuelle AKAN-opplegg. Dersom den aktuelle arbeidstakar ikkje er innmeldt i bedriftshelsetenesta, vert tenesta fakturert. Leiarar Alle med leiaransvar i Samnanger kommune har ansvar for å formidla kommunen sin rusmiddelpolitikk. Dei skal sørgja for at alle kjenner AKAN-retningslinjene og dei vedtekne kjørereglane (sjå side 4). Det er leiarar på alle nivå som har det formelle ansvaret for å sjå til at arbeidsreglementet blir følgd (jf. 16.2 i arbeidsmiljølova). Det er også næraste overordna, på avdelingsleiarnivå og høgare, som har ansvar for å reagera og gje advarsel etter AKAN-retningslinjene. Av dette følgjer at ein som er rusa på på jobb må sendast heim på ein betryggande måte. Ei slik heimsending på grunn av ruspåverknad må alltid etterfølgjast av ein personleg samtale. I samband med individuelle AKAN-opplegg vil leiar på avdelingsnivå og høgare normalt ha den daglege oppfølginga reint arbeidsmessig. Den aktuelle leiar kan rådføra seg med sin overordna og eventuelt også be om hjelp frå denne i samband med einskildsaker. AKAN-hovudkontakt Hovudkontakt blir utnemnt av administrasjonssjefen. Fagforeiningane skal ha høve til å uttala seg før hovudkontakt blir utnemnt. Hovudkontakt skal vera ein arbeidstakar som kjenner kommunen sin organisasjon, og vedkomande må ha tillit. Utover dette treng hovudkontakt i utgangspunktet ingen spesielle faglege kvalifikasjonar. Hovudkontakt skal ha høve til å skaffa seg nødvendig kunnskap (f.eks. grunnkurs i AKAN-regi) og til å vedlikehalda/supplera kunnskapane. Hovudkontakt skal: vera medlem i AKAN-utvalet saman med bedriftshelsetenesta vera ansvarleg for at individuelle AKANopplegg kjem i stand og vert følgt opp medverka i informasjonsarbeid og opplæring i kommunen, saman med dei andre i AKAN-utvalet vera tilgjengeleg for kollegaer og leiarar som ønskjer å diskutera eige/andre sine rusproblem ha ansvar for opplæring og rettleiing av personkontakter
Interkontrollhandbok Side: 3 av 10 Personkontakter Tilsette som går inn i eit indivuduelt AKAN-opplegg har rett til å velgja ein personkontakt. Bedriftshelsetenesta, personkontakten sjølv, hovudkontakten og næraste overordna må akseptera dette valet. Personkontakten sin jobb er å vera til støtte og oppmuntring, i utgangspunktet i arbeidstida. Rolla som personkontakt må definerast konkret i den einskilde sak/individuelle avtale. Her er det mellom anna viktig å avklara oppgåver og tidsbruk, samt personkontakten sine eigne grenser for kva han/ho kan ta på seg av oppgåver. Personkontakten skal få rettleiing undervegs av dei ansvarlege for opplegget. Tillitsvalde Tillitsvalde skal sjå til at AKAN-retningslinjene blir følgt og at arbeidstakarar får sakleg og forskriftsmessig behandling. Under føresetnad av at den aktuelle arbeidstakar ønskjer det, skal tillitsvald også vera til stades i dei formelle åtvaringssituasjonane. Tillitsvalde bør visa solidaritet med dei som har rusproblem ved å motivera for bruk av AKAN-systemet, samt å motivera sine medlemmar til å ta på seg oppgåve som personkontakt. TEIEPLIKT Alle som har ansvar i samband med AKAN-arbeidet i Samnanger kommune har teieplikt i personsaker, utover retningslinene sine reglar om samarbeid og meldeplikter.
Interkontrollhandbok Side: 4 av 10 SAMNANGER KOMMUNE SINE KJØREREGLAR FOR BRUK AV RUSMIDLAR Av omsyn til kommunen sin tenesteproduksjon, arbeidsmiljø, tryggleik og den einskilde medarbeidar si helse, har AMU den 24.04.01 vedteke følgjande kjørereglar som gjeld for samtlege medarbeidarar og einingar i kommunen. Rusmiddelpåverknad under arbeid eller på arbeidsplassen vert ikkje tolerert. Dette gjeld alle typar rusmidlar (m.a. alkohol, narkotika, medikament som gir rus), og omfattar også bakrus og alkohollukt. Kurs og konferansar, samt dagar etter spesielle merkedagar eller høgtidsdagar er vanlege arbeidsdagar, og reglane om rusmiddelpåverknad er dei same for slike dagar som for andre arbeidsdagar. På arrangement i kommunen sin regi blir det normalt ikkje servert alkohol. Unntak frå desse kjørereglane skal klarerast av kommunen si administrative leiing på førehand. ARBEID MED INDIVIDUELLE AKAN-SAKER Bedriftshelsetenesta, hovudkontakten og den det gjeld kartlegg omfanget av problemet og utarbeidar saman eit opplegg. Kva slags tiltak som blir iverksett kan variera mykje frå sak til sak. I nokre tilfelle kan ein samtale med næraste overordna vera nok til å endra ei negativ utvikling. Andre kan ha opparbeidd seg eit så alvorleg rusmisbruk at det blir nødvendig med profesjonell, ekstern hjelp. For å sikra eit så vellukka resultat som mogleg, må derfor kvar enkelt avtale tilpassast den det gjeld. Innhaldet i eit individuelt AKAN-opplegg Ein individuell AKAN-avtale er strukturert støtte på arbeidsplassen. Ekstern behandling, både poliklinisk og institusjonsinnlegging, kan vera ein del av opplegget. Internt o regelmessige samtaler o motivasjon og støtte frå eigen BHT, hovudkontakt og personkontakt Eksternt o poliklinisk behandling - individuelt og/eller grupper o behandlingsopphald på institusjon/klinikk o psykiatrisk hjelp/rådgjeving o deltaking i ideelle organisasjonar, f.eks. Anonyme Alkoholikere Den individuelle AKAN-avtalen må tilpassast det aktuelle tilfellet. Den skal vera skriftleg og avklara dei punkta som er lista opp nedanfor.
Interkontrollhandbok Side: 5 av 10 Kontaktform: o Kor ofte, med kven, kva dagar, kvar? o Kva skal personkontakten gjera, kor ofte og kor mykje tid? o Avklara korleis AKAN-kontakten si rolle skal vera o Kontakt med BHT, korleis og kor ofte? Leiars ansvar: o Den daglege oppfølginga på jobb o Eventuelle mellombelse endringar jobbmessig o Avklara nødvendige informasjonsrutinar Fråvær: o Skal meldast til kven og på kva måte? o Kva skjer dersom ein ikkje melder frå? o Bruk av eigenmeldingar? o Heimebesøk eventuelt av kven? Tilbakefall: o Trekk i løn ved fråvær? o Kven skal informerast/kven gjer kva? Ekstern behandling/rådgjeving: o Kvar, og kva for eit opplegg? o Kven skal følgja opp den tilsette før, under og etter? o Kven skal informerast? Kontinuitet: o Kven gjer kva i samband med feriar/fridagar for dei som er ansvarlege for AKAN-opplegget? AKAN-opplegget: o Tidfest avtalen o Sett opp dato for vurdering av opplegget o Avtalen kan også justerast ved eventuelle behov Fullmakt: o Det vert føresett at tilsette som er i eit AKAN-opplegg gir BHT fullmakt til å samarbeida med eksterne behandlarar/institusjonar. ÅTVARINGSSYSTEM
Interkontrollhandbok Side: 6 av 10 Reaksjonsgrunnlag for åtvaring, jfr pkt 3.9 i kommunen sine personalpolitiske retningslinjer: Å innta rusmidlar i arbeidstida Å vera påverka av rusmidlar i arbeidstida Å bruka rusmidlar utanom arbeidstida slik at det medfører: o fråvær o at arbeidet ikkje blir utført tilfredsstillande o at tryggleiken vert sett i fare Det er etablert eit åtvaringssystem som skal ivareta behovet for dokumentasjon, rutinar og likebehandling i samband med tilsette som har eit konstatert rusproblem. Som nemnt er det næraste overordna på avdelingsleiarnivå og høgare som har ansvar for åtvaringar til tilsette. Dersom det er behov for hjelp frå høgare hald i organisasjonen, må aktuell leiar ta dette opp med sin næraste overordna. Første gongs åtvaring: Ved første gongs brot på kjørereglane gir den aktuelle leiar ei skriftleg åtvaring til vedkomande. Åtvaringa skal følgjast opp med ein personleg samtale, der det er ønskjeleg at tillitsvald er til stades. Den tilsette skal orienterast om at det er etablert eit AKAN-system i kommunen, og at vedkomande har tilbod om å nytta seg av dette. Åtvaringa skal skrivast på skjema Første gongs åtvaring, og det skal sendast kopi til AKAN-hovudkontakt og personalavdelinga. Dersom den tilsette på dette tidspunkt vil gå inn i eit AKAN-opplegg, tar den aktuelle leiar kontakt med AKAN-hovudkontakt for å starta arbeidet med å utarbeida og få i gang eit AKAN-opplegg for den tilsette. Andre gongs åtvaring: Ved andre gongs brot på kjørereglane, eller ved sterk mistanke om fortsatt misbruk av rusmidlar, gir den aktuelle leiar vedkomande ei ny åtvaring. Åtvaringa skal gjevast skriftleg på skjema Andre gongs åtvaring, med kopi til AKANhovudkontakt og personalavdelinga. På bakgrunn av andre gongs åtvaring skal den aktuelle leiar kalla saman til eit møte mellom alle involverte; den tilsette, hovudkontakt, BHT og den aktuelle leiar + evt. personkontakt og plasstillitsvald (etter ønske frå den tilsette). Vedkomande som mottar andre gongs åtvaring får i møtet tilbod om å gå inn i/fortsetja med eit AKAN-opplegg. Dersom den tilsette ikkje vil nytta seg av tilbodet om AKAN-opplegg, skal den aktuelle leiar oversenda saka til personalkontoret. Saka vil då bli behandla som ei ordinær personalsak. Tredje gongs åtvaring:
Interkontrollhandbok Side: 7 av 10 Ved tredje gongs brot på kjørereglane skal den aktuelle leiar gi nok ei skriftleg åtvaring. Åtvaringa skal gjevast skriftleg på skjema Tredje gongs åtvaring. På bakgrunn av tredje gongs åtvaring skal det kallast saman til nytt møte, med dei same deltakarane som etter andre åtvaring. Dersom ein i møtet vurderer det iverksette AKAN-opplegget som positivt, held opplegget fram, med eventuelle korrigeringar. I motsett fall blir saka oversend personalavdelinga for å bli behandla som ei ordinær personalsak. Brot på kjørereglane etter tredje gongs åtvaring Det vert ikkje gitt meir enn tre åtvaringar. Dersom den tilsette også etter tredje gongs åtvaring bryt kjørereglane for rusmiddelbruk, skal den aktuelle leiar oversenda saka til personalavdelinga for å bli behandla som ei ordinær personalsak. Går det meir enn 2 år etter førre åtvaring, skal alle tidlegare åtvaringar sjåast på som bortfalde og makulerast. Skriftleg åtvaring nr. 1 for brot på personalvedtektene i Samnanger kommune, jfr. kommunen sine AKAN-retningslinjer
Interkontrollhandbok Side: 8 av 10 Til Dato På bakgrunn av at du (dato) har brote vårt personalreglement ved å (konkret omtale av kva som har skjedd) får du med dette i tråd med kommunen sine AKAN-retningslinjer første gongs åtvaring. Du får med dette også informasjon om at du kan få tilbod om eit støtte-opplegg gjennom AKANorganisasjonen i kommunen dersom du ønskjer det. Nærare informasjon om AKAN kan du finna i kommunen si internkontrollhandbok. SAMTALE: Eg Eg ber deg møta til samtale på mitt kontor (dag/tid) Det er ønskjeleg at tillitsvald er til stades under samtalen. Det er opp til deg om du vil ha med tillitsvald eller ikkje. NB! Me gjer merksam på at åtvaringa er å rekna som bortfallen etter to år, dersom det fram til då ikkje oppstår fleire situasjonar der bruk av rusmiddel har influert på arbeidet. Kopi til: AKAN-hovudkontakt, personalavdeling Skriftleg åtvaring nr. 2 for brot på personalvedtektene i Samnanger kommune, jfr. kommunen sine AKAN-retningslinjer
Interkontrollhandbok Side: 9 av 10 Til: Dato: Me viser til skriftleg åtvaring som vart gjeven av at du (dato). På bakgrunn (dato) igjen har brote våre personalvedtekter ved å (konkret omtale av kva som har skjedd) får du med dette i tråd med kommunen sine AKAN-retningslinjer andre gongs åtvaring. Samnanger kommune har i sine AKAN-vedtekter forplikta seg til å tilby deg eit støtteopplegg. Dette vert utarbeidd av hovudkontakt for AKAN i kommunen og bedriftshelsetenesta, i samarbeid med deg. Føremålet med dette er at du skal få nødvendig hjelp slik at ditt arbeidsforhold i kommunen kan forsetja. MØTE: Eg På denne bakgrunn vert du med dette innkalla til møte (dag/tid) på (stad) saman med hovudkontakt for AKAN, bedriftshelsetenesta og underteikna + tillitsvald dersom du ønskjer det. Føremålet med møtet er å leggja opp ein AKAN-avtale for deg. Dersom du ikkje ønskjer å nytta deg av kommunen sitt tilbod om eit AKAN-opplegg, vil saka bli behandla som ei ordinær personalsak. Gi melding til underteikna snarast dersom du ikkje ønskjer individuelt AKAN-opplegg. Med helsing (sign. leiar) NB! Me gjer merksam på at åtvaringa er å rekna som bortfallen etter to år, dersom det fram til då ikkje oppstår fleire situasjonar der bruk av rusmiddel har influert på arbeidet. Kopi til: AKAN-hovudkontakt, personalavdelinga Skriftleg åtvaring nr. 3 for brot på personalvedtektene i Samnanger kommune, jfr. kommunen sine AKAN-retningslinjer
Interkontrollhandbok Side: 10 av 10 Til: Dato: Me viser til skriftleg åtvaringar som vart gjevne På bakgrunn av at du (datoar). (dato) igjen har brote våre personalvedtekter ved å (konkret omtale av kva som har skjedd) får du med dette i tråd med kommunen sine AKAN-retningslinjer tredje gongs åtvaring. MØTE: Eg På denne bakgrunn vert du med dette innkalla til møte (dag/tid) på (stad) saman med hovudkontakt for AKAN, bedriftshelsetenesta og underteikna + tillitsvald og personkontakt dersom du ønskjer det. Føremålet med møtet er å gjera opp status og vurdera om det er tenleg å forsetja AKAN-opplegget. Dersom AKAN-avtalen ikkje vert fornya, vil saka bli oversendt til personalavdelinga for å bli behandla som ei ordinær personalsak. Med helsing (sign. leiar) Kopi til: AKAN-hovudkontakt, bedriftshelsetenesta, personalavdelinga