Ein tydeleg medspelar Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset 6404 Molde Telefon 71 25 80 00 E-post: post@mrfylke.no www.mrfylke.no Årsmelding 2012 for SENTRALE KONTROLLORGAN
MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE KONTROLLUTVALET ÅRSMELDING OM VERKSEMDA I 2012 1. INNLEIING/HEIMEL Fylkestinget har etter kommunelova 76 det øvste ansvaret for tilsyn og kontroll med verksemda i fylkeskommunen, og skal velje eit kontrollutval som på sine vegne skal ha det løpande tilsynet. Kontrollutvalet skal etter kommunelova 77 nr 1 sørge for at lovpålagte revisjons- og kontrolloppgåver blir utførte, og utvalet rapporterer og gjev innstilling direkte til fylkestinget i saker som vedkjem desse oppgåvene. Kontrollutvalet skal sjå til at fylkeskommunen har ein betryggande revisjon, og sørge for at det blir utført rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Fylkestinget gjorde i sak T-8/04 vedtak om å halde fast ved ordninga med ein eigen revisjonsetat, fylkesrevisjonen, som ivaretek alle revisjons- og kontrolloppgåvene i fylkeskommunen. Kontrollutvalet behandla i møte den 28.11.12 ein førespurnad frå styreleiaren i Kommunerevisjonsdistrikt 2 i Møre og Romsdal, om samarbeid om revisjonsordninga i fylkeskommunen og kommunane i distriktet (6 Romsdalskommunar og 3 Nordmørskommunar). Kontrollutvalet såg positivt på invitasjonen til samarbeid, men ønskte først å legge spørsmålet fram for fylkestinget før det ev. vart gjort noko meir med førespurnaden. Ei sak om dette blir venteleg lagt fram for fylkestinget i april 2013. Etter koml. 77 nr 10 skal kontrollutvalet ha eit eige sekretariat. I nemnde sak vart det oppretta eit sekretariat for kontrollutvalet, og sekretariatsfunksjonen blir ivareteke av kontrollsjef Hans Blø. 2. SAMANSETTING Fylkestinget har oppnemnt følgjande medlemmer til kontrollutvalet for perioden nov. 2011 okt. 2015: H: Knut Anders Oskarson (leiar)* Sp: Ann Kristin Sørvik, nestleiar V: Trond Hansen Riise Sml: Per-Helge Nordstrand FrP: Rolf Bergmann * medlem av fylkestinget. Det er oppnemnt 11 varamedlemmer.
3. FORSKRIFTER, REGLEMENT, PLANDOKUMENT I medhald av kommunelova 77 nr 11 har Kommunaldepartementet fastsett "Forskrifter om kontrollutval". I forskrifta er det gjeve nærare reglar for val og samansetjing av utvalet, om utvalet sitt ansvar og oppgåver, om saksbehandling og sekretariat. I sak T-4/11 har fylkestinget vedteke eit reglement for kontrollutvalet, sekretariatet og fylkesrevisjonen. Reglementet presiserer nærare kva fullmakter kontrollutvalet har fått delegert, om møteverksemda og om oppgåvene til kontrollutvalet. Det er gitt reglar for saksbehandlingsmåten for ulike sakstypar mellom kontrollutvalet, sekretariatet og fylkesrevisjonen og det formelle tilhøvet mellom desse. Reglementet fastset m.a. kven som har møte- og talerett utanom medlemene, og at møta skal vere opne for allmenta. Fylkesordføraren og fylkesrevisjonssjefen har møte- og talerett i kontrollutvalet. Utanom å føre tilsyn med at revisjon av årsrekneskapen skjer på ein forsvarleg måte, skal utvalet sjå til at det blir utført forvaltningsrevisjon og ført tilsyn med utøving av eigarskapen i selskap der fylket er eigar eller deleigar (selskapskontroll). Revisjon av årsrekneskapen skal skje etter god kommunal revisjonskikk, som medfører at utføringa av revisjonen føregår etter forskrift om revisjon i kommunar og fylkeskommunar og fastsette revisjonsstandarar. Den valde revisoren har eit sjølvstendig ansvar for at revisjonen blir utført etter desse krava. Forvaltningsrevisjon og selskapskontroll blir utført etter nærare bestilling frå kontrollutvalet, der omfanget meir er bestemt ut frå ressurstilgangen til tilsyns- og kontrollverksemda. Sekretariatet skal m.a. sjå til at sakene som blir lagt fram for kontrollutvalet blir forsvarleg utgreidde og følgde opp, og på vegne av kontrollutvalet føre det nærare tilsynet med utføringa av revisjonstenestene. Etter framlegg frå kontrollutvalet vedtok fylkestinget i sak T-3/12 ein plan for verksemda i kontrollorgana for perioden 2012-2015. Planen fastsett kontrollstrategiane i perioden, og føresetnader og målsettingar som blir retningsgivande for aktivitetar og arbeidsformer. Plandokumentet legg føringar for dei årlege bestillingssakene for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Planen legg elles opp til auka aktivitet i kontrollutvalet, m.a. med gradvis auke i talet på møte for å få meir tid til andre aktivitetar enn rein saksbehandling. Satsinga er ei oppfølging av regjeringas oppmoding om å styrke eigenkontrollen 1, dvs. den folkevalte delen av dette. 4. VERKSEMD 4.1 Møteverksemd Kontrollutvalet har hatt 7 ordinære møte i 2012, og behandla 49 nummererte saker. To av møta vart avvikla utanom Fylkeshusa, medan eitt vart avvikla i samband med ein konferanse for kontrollutval i Surnadal. Møtet den 15. februar 2012 vart lagt til Muritunet A/S i Valldal, der fylkeskommunen er medeigar. Medlemene fekk ei orientering om institusjonen frå leiinga, om utbyggingsplanane og føretok ei synfaring av anlegget. I møtet den 20. juni besøkte kontrollutvalet attføringsverksemda Astero A/S i Molde, og på same vis vart det frå 1 Brev frå Kommunalministeren av 29.01.10 saman med rapporten 85 tilrådingar om styrkt eigenkontroll i kommunane (KRD).
leiinga orientert om utfordringane som denne type verksemd står overfor. Medlemene ser det som nyttig på denne måten å få nærare kjennskap til fylkeskommunens eigarengasjement, m.a. i samband med tilsynet av eigarskapsoppfølginga. Fleire av medlemene i kontrollutvalet har elles møtt i fylkestinget og på gruppemøte ved behandlinga av saker frå kontrollutvalet. Meininga med ordninga er å sikre god og gjensidig kontakt mellom fylkestinget og kontrollutvalet, med bakgrunn i det nære forholdet som er mellom dei to organa. Medlemene meiner kontakten med fylkestinget og gruppene er viktig for arbeidet i kontrollutvalet. Møta i kontrollutvalet er opne. På same måte som for øvrige politiske utval blir det gjennom annonsar opplyst om møtetidspunkt og -stad, og i pressemeldingar til media i fylket orientert om saklista og eventuelt om enkeltsaker som skal til behandling i kontrollutvalet, t.d. gjennomførte forvaltningsrevisjonar. Saksdokument og møteprotokollar blir publiserte på fylkeskommunens websider. Frå inneverande valperiode blir og møteprotokollane til kontrollutvalet sendt fylkestingets medlemmer og varamedlemmer. 4.2 Saker fremja til behandling i fylkestinget Det vart fremja 14 saker frå kontrollutvalet til fylkestinget i 2012, av desse 4 forvaltningsrevisjonsprosjekt: T-29/12: Strategiar for å rekruttere lærarar og behalde dei vi har. T-30/12: Samhandlinga med Statens Vegvesen, bestillarfunksjonen, kontraktsoppfølging. T-50/12: Mindreforbruket av budsjetterte midlar innan vegformål. T-69/12: Spesialundervisning innan vidaregåande opplæring. Det sistnemnde prosjektet vart utført av revisjonsselskapet KPMG, etter anbodsinnhenting, og ein representant frå selskapet deltok i møtet i kontrollutvalet ved behandlinga av rapporten. I sak T-28/12 behandla fylkestinget kontrollutvalet si melding om status i den administrative oppfølginga av tidlegare forvaltningsrevisjonar, og tok m.a. stilling til kva prosjekt frå tidlegare år som kunne avkvitterast, eventuelt som framleis skulle stå til observasjon. Etter statusgjennomgangen vart 5 tidlegare prosjekt ståande i kategorien til observasjon, dvs. 3 gjaldt prosjekt frå 2010 og 2 frå 2011. Frå 2012 vart det innført ei ny rutine for oppfølging av forvaltningsrevisjonar, ved at prosjektrapportane etter behandlinga i fylkestinget blir oversendt vedkomande politisk ansvarlege hovudutval. Meininga er at hovudutvalet skal gi tilbakemelding til kontrollutvalet om på kva måte anbefalingane i rapporten og fylkestingets vedtak vil bli følgde opp av hovudutvalet. Tilbakemeldinga frå det ansvarlege hovudutvalet og gjennomgangen av den administrative oppfølginga vil vere grunnlaget for kontrollutvalets årlege melding til fylkestinget om statusen for oppfølginga. I 2012 har utdanningsutvalet gitt tilbakemelding på rapporten Strategiar for å rekruttere lærarar og behalde dei vi har (sak Ko-45/12), og samferdselsutvalet på rapporten Samhandlinga med Statens Vegvesen, bestillarfunksjonen, kontraktsoppfølging (sak Ko-46/12). Fylkestinget vart elles i sak T-51/12 invitert til å ta stilling til eit forslag frå kontrollutvalet om kva forvaltningsrevisjonar som skulle utførast i 2013. Forslaget baserte seg m.a. på ei spørjeundersøking blant medlemene i fylkestinget om kva område som burde utsettast for forvaltningsrevisjon. Det vart fremja ei sak til fylkestinget knytt til selskapskontroll:
T-70/12: Rapport frå kontrollutvalet om utført selskapskontroll i 2012. Elles vart det i 2012 fremja 2 saker til fylkestinget om godkjenning av byggjerekneskapar. Øvrige saker gjaldt i hovudsak pålagt rapportering om gjennomføring og oppfølging av andre tilsyns- og kontrolloppgåver, m.a. fråsegn og revisjonsmelding til årsrekneskapen for 2011, og gjennomsyn av fylkesutvalet og klagenemnda sine møtebøker. I sak T- 03/12 slutta fylkestinget seg til eit framlegg til plan for verksemda i kontrollutvalet for perioden 2012 2015. 4.3 Behandling av statlege tilsynsrapportar Eit av dei tilrådde tiltaka for å styrke den folkevalte eigenkontrollen var å engasjere kontrollutvalet i oppfølginga av statlege tilsynsrapportar. I KRD-rapporten 85 tilrådingar om styrkt eigenkontroll i kommunane er dette formulert slike: Tilråding 84: Sekretariatet bør sørgje for å halde kontrollutvalet orientert om planar og rapportar frå statlege tilsynsmyndigheiter som har interesse for kommunen og kontrollarbeidet. Premissar: - kontrollutvalet kan ha nytte av å kjenne til fylkesmannen sine planar og rapportar når ein planlegg forvaltningsrevisjonen. - statlege tilsynsrapportar bør bli behandla på ein eigna måte i dei folkevalde organa i fylkeskommunen. Ulike statlege tilsyn, som Fylkesmannen, Arbeidstilsynet, Mattilsynet, Helsetilsynet m. fl., gjennomfører årleg fleire tilsyn mot fylkeskommunal verksemd innan særskilt utvalde område. Tilsyna skal m.a. avdekke om vedk. verksemd oppfyller lovfastsette krav til tenestetilbodet m.v. Det blir normalt utarbeidd ein rapport om resultatet av tilsynet, som blir oversendt fylkeskommunen til fråsegn, og ev. oppfølging ved påviste avvik. Kontrollutvalet fastsette i sak Ko-3/12 korleis tilsynsrapportane skal behandlast av kontrollutvalet. Følgjande prosedyre vart vedtatt: Ansvaret for oppfølginga ligg til fylkesrådmannen, men det bør etablerast ei rutine der kontrollutvalet får melding om status for oppfølging av eventuelle påpeika avvik. Kontrollsjefen vil foreslå at denne statusmeldinga blir lagt inn i den etablerte rutinen for oppfølging av forvaltningsrevisjonar, dvs. den årlege rapporten som blir fremja for fylkestinget. Rapportane frå tilsyna og saksbehandlinga av desse i fylkeskommunen blir lagde fram for kontrollutvalet som orienteringssaker. I tilfelle det blir påvist avvik og gitt pålegg om forbetring, er det meininga at kontrollutvalet skal følgje opp og orienterast om korleis avviket blir lukka. I 2012 behandla kontrollutvalet 4 tilsynsrapportar frå statlege tilsynsorgan, men alle vart avslutta av tilsynsorganet anten ved at det ikkje vart påvist avvik, eller avvika var blitt lukka. I samband med dette vart det elles etablert ei rutine der Fylkesmannen blir orientert om resultatet av gjennomførte forvaltningsrevisjonar i fylkeskommunen. 4.4 Saksbehandling elles m.m. Oppdrag innan forvaltningsrevisjonar og selskapskontroll, ev. andre oppdrag til fylkesrevisjonen, blir fremja og behandla som bestillingssaker, dvs. at det i saksframstillinga og vedtaket blir gitt føringar og mandat for det tilhøvet eller området som kontrollutvalet ønskjer undersøkt. Kontrollutvalet får seg førelagt prosjektskisser for
forvaltningsrevisjonar, og elles involvert undervegs i prosjektarbeidet dersom det er naudsynt med korrigeringar. Det har i møta vore gjeve orienteringar frå fylkesadministrasjonen om aktuelle utfordringar, gjerne knytt til forvaltningsrevisjonar o.a. saker som har vore til behandling. Såleis har juridisk sjef, økonomisjefen og fylkeskasseraren, personalsjefen, samferdselssjefen, kst. fylkesutdanningssjef og rådgivarar for desse vore til stades for å klargjere saksforhold og svare på spørsmål frå medlemene. Kontrollutvalet får seg førelagt periodiske rapportar om finansforvaltninga, og blir orientert om endringar og utvikling i bankinnskot og renter, verdet av aksje- og obligasjonsplasseringar med avkastning, samt detaljar om utviklinga i kapitalfondet og gjeldsporteføljen. Fylkesrevisjonssjefen o.a. tilsette ved fylkesrevisjonen har elles delteke i alle møta, og gitt orienteringar i saker som fylkesrevisjonen har oversendt eller sjølv førebudd, og om det løpande revisjonsarbeidet. 4.5 Opplærings- og utviklingstiltak Det avtroppande kontrollutvalet i 2011 meinte det burde lagast til eit systematisk opplegg for opplæring av medlemene i det nyvalde kontrollutvalet for perioden 2012 2015. Ettersom ein tidlegare hadde samarbeidd med andre fylkeskommunale kontrollutval om dette, var det naturleg å ta kontakt med sekretariata for kontrollutvala i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland fylkeskommunar, for eit mest mogleg samordna opplegg. Ein vart samde om tre felles opplæringstiltak, ei felles opplæringssamling i januar 2012 basert på den då nyutkomne Kontrollutvalsboka (KRD), ein felles studietur til Brussel i september 2012, og ein felles studietur til Oslo i mars 2013. I tillegg skulle det supplerast med lokale tiltak i møta i resp. utval. Kontrollutvalet søkte fylkestinget om ei ekstraløyving til å gjennomføre tiltaka, som vart imøtekome i budsjettramma for 2012 med kr 194.000. Både opplæringssamlinga i januar og studieturen til Brussel i september vart gjennomførte som planlagt, og studieturen til Oslo vart avvikla 18. 19. mars 2013. Frå studieturen til Brussel er laga ei eigen rapport, som er lagt ut på https://mrfylke.no/politikk/tilsyn-og-kontroll/kontrollutvalet/moete. Utanom dette vart det i møta utover i 2012 gitt innføring i rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. I apriltinget vart det gitt orienteringar til fylkestinget om kontrollutvalets verksemd ved leiaren i kontrollutvalet, og om selskapskontroll ved kontrollsjefen. Medlemer har elles deltatt på Fylkesmannens omdømmekonferanse i april, og eit medlem på KS si folkevaltopplæring for kontrollutvalsmedlemer. Det faste mønsteret frå tidlegare periodar om deltaking frå kontrollutvalets side på konferansar og i lokale/regionale nettverk har halde fram i 2012. Formålet har vore å gi medlemene aktuell oppdatering og konkret innføring i utfordringane som kommunesektoren møter, og korleis dei bør møtast. Kontrollutvalet meiner denne deltakinga er nyttig, som saman med orienteringar under møta, besøk på skolar m.m., medverkar til at medlemene får eit mykje betre grunnlag i å ivareta ansvaret sitt. Medlemene deltok m.a. på Norges Kommunerevisorforbunds kontrollutvalskonferanse i februar 2012 på Gardermoen, og 2 medlemer på Forum for Kontroll og Tilsyn sin fagkonferanse i Trondheim i juni. Vidare deltok medlemene på den årlege regionale
samlinga for kontrollutval i fylkeskommunar i Midt-Noreg, i Surnadal i september, som denne gongen var Møre og Romsdal sin tur å arrangere. I nokre tilfelle ved forfall frå medlemer, har enkelte varamedlemer deltatt på arrangementa ovanfor. 4.6 Verksemda i kontrollutvalssekretariatet Kontrollsjefens oppgåver speglar naturleg nok verksemda til kontrollutvalet, og har såleis lagt til rette for og deltatt i alle møte og aktivitetar i kontrollutvalet som er nemnt ovanfor, og elles vore dagleg kontaktpunkt for kontrollutvalet mot fylkesrevisjonen, fylkesadministrasjonen og den utoverretta verksemda. Det har elles vore løpande kontakt og nødvendig samråd mellom kontrollsjefen og leiaren i kontrollutvalet, og til medlemene. Kontrollsjefen har hatt ansvar for det meste av saksførebuinga til kontrollutvalet, bortsett frå rapportar vedrørande arbeidet i fylkesrevisjonen der fylkesrevisjonssjefen har vore saksførebuar. Kontrollutvalet er ikkje lenger styreorgan for fylkesrevisjonen, dvs. behandlar ikkje personalsaker o.l., av omsyn til den uavhengige stillinga fylkesrevisjonen skal ha. Kontrollutvalssekretariatet er bedriftsmedlem i Norges Kommunerevisorforbund, og elles saman med kontrollutvalet medlem i Forum for Kontroll og Tilsyn, som er ei fagleg foreining for kommunale og fylkeskommunale kontrollutval og deira sekretariat. Kontrollsjefen har elles tatt del i ulike faglege samlingar og nettverk, t.d. møta i det regionale nettverket for kontrollutvalssekretariata i Midt-Noreg og på Vestlandet, og det tilsvarande nettverket for sekretariata i fylket vårt. Det har vore arbeidd for å ha ein beredskap ved eit ev. uventa fråvær i kontrollsjefstillinga, som følgje av den sårbare ordninga som eit einmanns-sekretariat utgjer. Avtalebaserte ordningar for vikariat ved korttids- og langtidsfråvær kom på plass i 2012. Ved kortare fråvær (1 2 møte) vil kontrollsjef Einar Ulla ved sekretariatet for kontrollutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune vikariere (gjensidig avtale). Ved lengre fråvær er avtalt ei ordning der rådgivar Eirik Jenssen ved juridisk avdeling går inn i stillinga som vikar for kontrollsjefen på full tid og blir underlagt kontrollutvalets instruksjonsmynde. Kontrollutvalet har og vurdert arbeidssituasjonen i sekretariatet som følgje av at ein stadig større del av tidsressursen går med til å følgje opp teknisk retta aktivitetar framfor meir faglege. Vonleg vil den planlagde etableringa av eit felles sekretariat i sentraladministrasjonen for dei folkevalte organa i fylkeskommunen i 2013 avhjelpe noko av dette, noko kontrollutvalet vil vurdere løpande. 5. ØKONOMI Rekneskapen for 2012 viser eit mindreforbruk for kontrollutvalet og sekretariatet på kr 301.000 etter at budsjettramma vart tilført kr 171.000 frå mindreforbruket i 2011. Kontrollutvalet fekk som nemnt ei ekstraløyving på kr 194.000 i 2012 til opplæringstiltak, der kr 45.000 står ubrukt til studietur til Oslo i 2013. Rekneskapen for kontrollutvalet og sekretariatet blir revidert av distriktsrevisor Sigmund Harneshaug, Revisjonsdistrikt 3 i Møre og Romsdal. 6. AVSLUTNING
Tilsyn og kontroll er ikkje noko mål i seg sjølv, men eit verkemiddel til å nå mål. Det er i verksemdplanen for kontrollutvalet for perioden 2012 2015 målsettingar om at tilsynsog kontrollorgana skal vere nyttige medspelarar i fylkeskommunen, og at ordninga skal medverke til å skape tillit til at fylkeskommunen framstår som truverdig for brukarane i tenesteproduksjonen, myndeutøvinga og øvrige forvaltningsfunksjonar. Tilsyns- og kontrollordninga skal medverke til å skape legitimitet til desse prosessane med ei kritisk, men samstundes konstruktiv og realistisk tilnærming. Tilsyn og kontroll er likevel noko alle i fylkeskommunen har ansvar for, og ein betryggande intern kontroll kombinert med ein etisk haldningsskapande leiarstil er grunnleggande føresetnadar for å sikre god styring og førebygge uheldige tilhøve. Knut Anders Oskarson, leiar (s) Ann Kristin Sørvik, nestleiar (s) Trond Hansen Riise (s) Per-Helge Nordstrand (s) Rolf Bergmann (s) Hans Blø (s)
MØRE OG ROMSDAL FYLKE FYLKESREVISJONEN ÅRSMELDING OM VERKSEMDA I 2012 Fylkestinget i Møre og Romsdal har valt Fylkesrevisjonen som revisor. Vår oppgåve er å utføre revisjon etter kommunelovens reglar. Oppgåvene er i forskrift om revisjon delt inn i rekneskapsrevisjon og forvaltningsrevisjon. Begge revisjonsformene skal skje i samsvar med god kommunal revisjonsskikk og standardar på området. Rekneskapsrevisjon Oppgåvene innan rekneskapsrevisjon er å: Vurdere om årsrekneskapen er avlagt i samsvar med lov og god kommunal rekneskapsskikk Sjå til at rekneskapstala stemmer med gyldig budsjett og at det er gjort greie for vesentlege avvik Vurdere om opplysningar i årsmeldinga er konsistente med årsrekneskapen Vurdere om den økonomiske internkontrollen er god I tillegg skal vi gjennom vår revisjon medverke til å førebygge og avdekke mishøve. I revisjonsplanane for 2012 har vi prioritert å være synlege for etatane og skulane i fylket. Vi har dei seinare åra følgt opp intensjonane våre om å gjennomføre besøk på dei enkelte vidaregåande skulane i løpet av ein fireårs periode. På desse besøka legg vi og opp til ein god dialog med skulane slik at vi og kan få innspel til risikoområde. Revisjonsmeldinga for rekneskapsåret vil etter plana bli lagt fram 18. mars 2013. Vi har ikkje vesentlege forhold som er uavklara ved avslutning av revisjonsarbeidet. Forvaltningsrevisjon Oppgåvene innan forvaltningsrevisjon er å: Vurdere om forvaltninga brukar ressursane i samsvar med fylkestingets vedtak. Resultata i tenesteproduksjonen skal og vurderast mot fylkestingets føresetnadar. Vurdere om ressursbruk og verkemidlar er effektive i forhold til måla. Om forvaltninga sine styringsverktøy og verkemiddel er føremålsteneleg skal og vurderast. Vurdere om regelverket blir etterlevd og om vedtaksgrunnlaget for politiske organ samsvarar med offentlege utgreiingskrav Vi har i 2012 gjennomført 4 forvaltningsrevisjonsprosjekt som alle er lagt fram for kontrollutvalet og behandla i fylkestinget. Det siste prosjektet er gjennomført ved hjelp av innleid revisor. Rapport 1/12: Rekruttere og behalde lærarar Rapport 2/12: Samhandling med Statens Vegvesen bestillarfunksjon og kontraktsoppfølging Rapport 3/12: Mindreforbruket av budsjetterte midlar innan vegformål
Rapport 4/12: Spesialundervisning innan vidaregåande opplæring Alle rapportane er lagt ut på www.mrfylke.no, der finn ein og rapportar frå tidlegare år. Selskapskontroll Som tidlegare år er det føreteke ein gjennomgang av fylket sine rutinar på oppfølging av eigarinteressene. Organisasjon og kompetanse Vi har ved utgangen av 2012 seks tilsette, fire kvinner og to menn. Vi har ein flat organisasjon med revisjonssjefen som ansvarleg revisor for alt revisjonsarbeidet, og ein fagansvarleg for forvaltningsrevisjon. Ved utgangen av 2012 arbeider to av våre tilsette med forvaltningsrevisjon på fulltid. I tillegg har nokre av dei andre tilsette også delteke i denne revisjonsforma. Vi har dei seinare åra tilsett to nye medarbeidarar innan forvaltningsrevisjon, begge desse har utdanning på masternivå. Den eine har fullført mastergrad og den andre arbeider no med å gjennomføre masteroppgåva og ved dette få sin mastergrad. Vi vil då ha oppfylt vårt interne krav om kompetansenivå på desse stillingane. Innan rekneskapsrevisjon har vi 3 registrerte revisorar og ein som har bachelorgrad innan revisjon. Vi har spesialkompetanse innan meirverdiavgift og har i rimelig grad gitt råd til kommunar i fylket som har hatt behov for bistand på området. Også Stortinget sine rådgjevarar har tatt kontakt med oss på dette området for å få innspel. Vi opplever dette som god reklame for oss og for Møre og Romsdal Fylkeskommune. Oppgåvene vi skal utføre set store krav til kompetanse, samstundes som det er eit krav om etterutdanning. Dei tilsette har i 2012 delteke på ulike kurs og etterutdanningstiltak slik at dei oppfyller krava. Vi ser og at vår oppdragsgjevar forventar at vi har spesialkompetanse som er nyttig for organisasjonen. Vi har som mål at fylkesrevisjonen skal være ein moderne, omstillingsdyktig og attraktiv arbeidsplass. Vi ser kompetanseutvikling som ein viktig del av arbeidet for å nå dette målet. Økonomi Rekneskapen viser for 2012 eit forbruk på 4,414 mill. kroner, som er eit mindreforbruk på 54 691 kroner i høve til budsjettet, etter overføring av mindreforbruket frå 2011. Det vart overført kr 170 000 i mindreforbruk frå 2011, det er difor inntekter frå våre eksterne oppdrag som balanserer budsjettet vårt. Utfordringar i framtida Som revisor er vi avhengig av tillit og kompetanse for å yte gode tenester, det er difor bevaring og oppbygging av ny kompetanse i organisasjonen framleis er vår fremste utfordring. Våre eksterne inntekter og mindreforbruk frå tidlegare år gir oss høve til å gjennomføre nødvendige tiltak på dette området. I tillegg legg vi vekt på å delta i vårt fagmiljø med kurs, kvalitetskontroll og andre ting, då dette gjev oss faglege utfordringar og impulsar. Det er svært viktig for oss å behalde og rekruttere revisorar som kan dekke fylket sitt behov for kompetent revisjonsarbeid.
Fagleg er det nok utfordringar i fylkeskommunen til å behalde våre gode medarbeidarar. Eit større fagmiljø kan være ønskeleg, men det kan og løysast ved godt samarbeid med dei andre revisorane i fylket som arbeider med offentleg revisjon. Her er vi godt i gang på forvaltningsrevisjonssida, vi ønskjer også i få dette samarbeidet betre innan rekneskapsrevisjon. Molde, 8. mars 2013 Finn Å. Ødegård fylkesrevisjonssjef