Kommuneplan for Skodje - referat frå arbeidsmøte gruppe 2-18.09.14



Like dokumenter
Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Sandeid skule SFO Årsplan

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

5. Soknerådsmøte mai Referat

Rådet for funksjonshemma Leikanger Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

10/60-14/N-211//AMS

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

Velkomen til Mork barnehage

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Ei kartlegging av faktorar som påverkar endringsprosessar i helsesektoren. Ei anonym spyrjeundersøking i ei medisinsk avdeling.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Kvalitetsplan mot mobbing

Auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Styrke samarbeidet mellom stat, fylkeskommune og kommune. Prosjektkoordinator Ny Giv Sissel Espe

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Forslag frå fylkesrådmannen

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune,

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Trudvang skule og aktiv læring. Aktiv læring som metode for alle elevar i eit folkehelse- og pedagogisk perspektiv

Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte Det er med bakgrunn i

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Plan for overgangar. for barn og unge

Q1c Korleis stiller du deg til at Skodje kommune skal danne ei ny kommune med andre kommuner? Er du

Bustadområde i sentrum. Vurdering

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

KAPASITETSUTFORDRINGAR BORE SKULE OG KLEPPE SKULE OG NY IDRETTSHALL

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Referat og meldingar Drøftingssaker til rådet for eldre og funksjonshemma til møtet

Tilvising til PPT. Etternamn Fornamn og mellomnamn Fødsels- og personnummer. Teneste som er ønska frå PPT (set kryss):

Øystese barneskule April - 08

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Møtebok. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti. Ugilde Sak Følgjande varamedlem møtte

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Oslo, 7. april møte i gjetarhundnemnda måndag den 6. april kl på lagskontoret i Parkveien 71.

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

«Nordhordland kommune»

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Samhandlingsreforma -Kva skal på plass?

Resept for eit sunnare FørdeF

Referat. Godkjenning av protokoll frå førre styremøte. Vedtak Protokoll frå førre styremøte er godkjent

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Planutvalet sluttar seg til ny framdriftsplan for arbeidet med planprogrammet for regional plan for folkehelse.

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato

Plan for Liabygda SFO

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Møteinnkalling. Side1. Utval: Yrkesopplæringsnemnda Møtestad: 102 Fylkeshuset i Molde Dato: Tid: 10:30

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Transkript:

Skodje kommune Teknisk avdeling Møtereferat Kommuneplan for Skodje - referat frå arbeidsmøte gruppe 2-18.09.14 Dato / tid: 18.09.14 Referent: Stad: Møteleiar: Til stades: Ingunn Stette Rådhuset Rådmannen Tone Fylling (Ap), Kjell Arve Reiakvam (Frp), Reidun Holm Aure (Krf), Aina Gundersen Strand (Ap), Rolf Stavset (V), Leif Glomset (H), Ane Halsebakke Hoff og Maria Mælan Bill (Ungdomsrådet) Inger Lise Mikkelsen Tellnes (Mental Helse) Frå adm: Bente Glomset Vikhagen (rådmann), Malin Piegsa (folkehelse), Kristian Skålhavn (kommunalsjef Helse), Arnhild Skjeggstad (psyk. sjukepleiar), Anne Ferstad Åsen (Skodje u-skule) Lene Solheim og Regine Bruteig (Storfjorden Barnevern) og Ingunn Stette (planleggar) Arbeidsgruppe 3 Barn og ungdom, folkehelse og frivilligheit. Rådmannen innleia møtet med å orientere om det pågåande kommuneplanarbeidet. Det er definert satsingsområder for planarbeidt, og dette møtet omhandlar barn og ungdom, folkehelse og frivilligheit. Det er ei målsetjing for kommunen å utarbeide klare mål for dei ulike satsingsområda. Det vart gått nærare inn på korleis vi arbeider med folkehelse på overordna nivå i Skodje. Kommuneplanarbeidet bør gi oss svar på : Kva er folkehelse? Kva er frivilligheit? Korleis styrke samhandlinga med dei frivillige? -og ikkje minst i høve til barn og ungdom? Kommunen må ha ambisjonar, m.a. og om å få til effektiv. Det går alltid an å gjere ting på andre måtar, men vi treng «vyer og guts»! Arbeid som betrar folkehelsa treng ikkje nødvendigvis å koste pengar, men vi treng eldsjeler og fokus på visjonar og kreativitet. Sak- /dok.nr.: 14/445-22 Arkivkode: 140 Dato: 07.10.2014

Eldrerådet har gjennomført undersøking blant fleire pleietrengande om innføring av nytt system for tryggleiksalarm. Resultatet av undersøkinga var positivt, og det var brei oppfatning om at systemet fungerte ganske bra. Det er absolutt ikkje håplaust for Skodje kommune. Vi må vurdere kva muligheitsrom vi har, og finne dei beste løysingane for å nå måla våre. Ungdomsrådet har tenkt nytt, og gjennomført fleire positive inntektsbringande tiltak(t.d. ungdomskveld). Inntekter gjev ungdomen eit vist handlingsrom, som er svært positivt i høve til å kunne stå bak også andre arrangement for ungdomen. Frisklivssentralen skal avviklast og det er fleire tankar om kva lokala kan nyttast til. Nedlegginga skaper naturligvis engasjement, og fleire tenkjer seg at det kan gjerast noko her gjennom å kople ulike interesser og utvikle tilsvarande eller nye tilbod. Ungdomslaget og Røde Kors - samarbeider om barne og ungdomskveldar, og quiz-kveldar for vaksne. Det er mange positive krefter, og dei frivillige ønskjer samarbeid. Korleis kan vi best mogeleg stimulere til «frivilleg-blomstring»? Skodje kommune bør gå føre som eksempel, og vi bør truleg spisse måla. Skodje -ei reinare kommune -unngå forsøpling -samle plast Kulturmidlar - det er ein reduksjon i utbetalingane, men laga disponerer kommunale bygg fritt t.d. Gomerhuset til sine aktivitetar. Fri bruk av lokalar, er eit svært godt tiltak for å støtte frivilligheita. Tiltaket er med på å stimulere til stor aktivitet. Kommunen ønskjer å vidareføre denne praksisen. Det er alltid ein viss fare for at stort og positivt engasjement forsvinn i samband med nedlegging eller bortfall av stønadsordning. Samfunnsdelen til kommuneplanen skal gjelde for heile kommunen. Vi skal no utarbeide ein plan som skal omhandle alle grupper og alle tema. Målsetjingsarbeidet kva verdiar ønskjer vi å halde fast på? Vi må setje oss mål for satsingsområda barn og ungdom, folkehelse og frivilligheit, uavhengig av lokale og regionale strukturendringar. Skodje ei reinare kommune med friskare folk!! I kommuneplanarbeidet er det viktig å ha vyer! Når vi snakkar om mål, er det lett å lande på tiltak. Folkehelsearbeidet er svært viktig for kommunen. Det er god økonomi i å drive førebyggande arbeid. Arbeidet må koordinerast, noko som kan sikrast gjennom m.a. planverk. 2

Folkehelsearbeidet i kommunen vart gjennomgått i eigen presentasjon, som ligg som eige vedlegg til dette referatet. SLT-arbeid og ungdata kartlegging Skodje kommune har vore SLT-kommune sidan 2011. SLT funksjonen(samordning av lokale kriminalitetsborebyggande tiltak), er implementert i barnevernstenesta. SLT arbeidet omfattar m.a. rusmiddelarbeid, psykiatri og folkehelse. Arbeidet er lagt opp som 2-nivå modell, med SLTstyringsgruppe og koordineringsgruppe, og utførande gruppe. Gruppene møtast annankvar månad, vurderer kva som røyrer seg i skulane og idrettslaga, set inn tiltak og sørgjer for at arbeid som vert sett i gang ikkje overlappar andre tiltak. Ungdata starta opp i 2010. Kartleggingane er standardiserte, noko som gjer at det vert mogeleg å samanlikne eigne tal med tala til andre kommunar. Tala er representative, og føremålet med kartleggingane, er at det skal vere mogeleg å følgje utviklinga over tid. Ungdata er ei kartlegging som vert gjennomført årleg. Vedlagt følgjer ein gjennomgang av ungdatastatistikken 2014. Fullstendig oversikt over resultat av kartlegginga finn vi på ungdata sine nettsider: http://www.ungdata.no/id/27828.0. Mental Helse Skodje/Ørskog Mental Helse starta opp hausten -78 med 9000 medlemmar, fordelt på 200 lokallag i 19 fylker. Mental Helse er avhengig av lokal støtte. Mental Helse Skodje og Ørskog er leia av Anne-Lise M. Tellnes. Laget er eit lokallag av Mental Helse i Møre og Romsdal og dekkjer Skodje og Ørskog. Mental Helse Skodje/Ørskog har om lag 25 medlemmar. I tillegg er det nokre medlemmar frå Haram, der lokallaget for tida ikkje er aktivt. Mental Helse er ei aktiv gruppe. Laget står mak mange aktivitetar, og har eit aktivt styre. Det er svært viktig å få folk med. Det er ikkje svært mange som møter på alle møta, men dei som er der trivast godt. Mental Helse har kontor i lokala til Frisklivssentralen i Skodje sentrum. Laget har ein anstrengt økonomi, og håper å få behalde dei lokala dei har i dag også framover. Laget har i dag noko dagaktivitet, og ønskjer å utvide dette tilbodet til aktivitetar også på kveldstid. Mental Helse Skodje/Ørskog har fått stønad til drift frå Ørskog kommune, Haram og staten, og har m.a. fått støtte frå Lions til å arrangere Verdensdagen 9.oktober 2014. Mental Helse har eiga gruppe for ungdom i 20-30 åra. Dei vil ha sine eigne aktivitetar, men er knytt til MH. Folk flest taklar stort sett eit «vanleg liv». For menneske med psykiske lidingar, er det ikkje like enkelt. Mental Helse arbeider ut frå at helse er å meistre kvardagens krav. Livet handlar om å takle «bagatellane» i kvardagen, gå på butikken, NAV osv. Psykiske lidingar er like naturleg som fysisk sjukdom. Mental Helse arbeider med å vere opne om eit vanskeleg tema. 3

Det vart opna for dialog, spørsmål og innspel knytt til satsingsområda barn og ungdom, folkehelse og frivilligheit. Mental Helse gjer eit svært viktig arbeid i Skodje og Ørskog m. fl. Psykiske lidingar har tilsynelatande auka. På den andre sida var desse lidingane meir skjult for 50 år sidan, og det er såleis ikkje så lett å vurdere kor stor auken eigentleg er. Resultat av ungdata undersøkinga, viser at ungdomen oppfører seg veldig bra. Det er eit ope spørsmål, korvidt det kan seiast å vere noko gale med foreldregenerasjonen. Kva gjer foreldra feil i dag, og korleis grip vi dette an(t.d. mat og tannpuss). Det som gjev grunn til den største bekymringa, er at mange unge i dag er lei seg, einsame og ikkje får i seg mat som er god nok. Utfordringar med splitta familiar verkar inn på mange ungdommar. -begge foreldre er i arbeid -høgt stressnivå om morgonen Det er ting som tyder på at foreldra må strammast opp m.a. i forhold til matstellet. Samfunnet har endra seg, og kanskje det er på tide å gjere noko med mattilbodet i skule og barnehage. Vi ser at m.a. barnehagane tek over fleire og fleire av «foreldreoppgåvene», og til dømes tilbyr alle måltida. Skulefrukt ordning er eit godt tiltak. Ungdomsskulene har kantinesal av melkeprodukt, og sel av og til pizzahorn, som er laga på skulekjøkkenet. Ungdata-kartlegginga er ein svært god reiskap. Vi kan m.a. samanlikne data frå 9. trinn og 10. trinn, vite kva vi vil ha fokus på, og gjennom samarbeid og målretta tiltak bygge samfunnet på ein betre måte. Det er viktig for trivsel og motivasjon, at det er gode relasjonar mellom lærarar og elevar. MOT arbeidet er ei svært viktig satsing i vår kommune. I skulen vert ein utfordra på å ha tiltakspakkar som: -fremmar psykisk helse -motverkar rus -motverkar kriminalitet MOT kan nyttast inn i alle desse viktige satsingsområda, og er med på å gi oss robust ungdom. Det er viktig å bruke MOT-i samfunnsplanlegginga, m.a. gjennom forplikting i langsiktige planar og systematisk og målretta bruk av dei verkemiddel vi har. 4

Det er gjennomført ei MOT-undersøking blant ungdomen. Ungdom i Skodje oppfattar MOT som positivt tiltak. Følelsen av meistring er svært viktig. Vi må alle kjenne at vi meistrar, at det er noko vi verkeleg kan! Meistring er viktig i lag og organisasjonar, det skapast miljø der har noko til felles. Det er svært viktig å ha ein plass å vere. Frivilligheita har endra seg. Korleis kan Skodje kommune samarbeide og sikre tett samarbeid med frivilligheita? Og korleis kan frivilligheita sikrast også i framtida? Breiddesamarbeid mellom frivillige, næringsaktørar og lag og organisasjonar er ein del av SLTtankegangen. Barnevern, PPT, familieveiledar er viktige samarbeidspartnarar. Kommunen, lag -og organisasjonar bør saman arbeid for å fjerne tabua og skam knytt til «vanskelege» tema. Mental Helse viser til at ei aukande gruppe med unge, m.a. som er uføretrygda, har behov for å bruke utstyr som kommunen v/frisklivssentralen i dag har hand om. Det er i dag mange unge som treng tilrettelagd bustad. Nye brukarar av psykiatritenesta vert henvist til Mental Helse, då kommunalt tilbod i Ørskog er borte. Aktivitetssenter, slik dei har gjort det i Stordal, kan vere eit godt døme. I Stordal er set starta ein frivilligsentral i ein nedlagd møbelfabrikk, med ei 50 % administrativ stilling. Frivilligsentralen i Stordal står for aktivitetar for eldre, «karatreff», tilbod til småbarnsforeldre og kvinnegruppe. Psykisk helse er ein del av dette tilbodet. Lokala vert nytta av ungdomen om kvelden. Det er mykje som er mogeleg å få til her i Skodje, og det forenklar naturligvis om kommunen kan bidra med lokalar til slike aktivitetar. Meistring er eit stikkord som peikar seg ut i folkehelsearbeidet. Folkehelse meistring av utfordringar i kvardagen. Realitetsorientering er viktig framover. Vi må ha visjonar for folkehelseog frivilligarbeidet, og det vert viktigare og viktigare å få til samarbeid om dette arbeidet. Ungdomsrådet har ei viktig rolle i arbeidet for barn og unge. Ungdata kan hjelpe oss i å halde oss oppdatert på korleis dei unge har det i kvardagen. Det er ein tankevekkjar at mange unge i dag går rundt å ikkje har det bra. Eit viktig verktøy i arbeidet for å betre tilhøva for barn og ungdom er MOT. Viktige arenaer der kommunen når ut til alle unge, er i skular og barnehagar. Førebygging er svært viktig i denne samanheng. 5

Det er mykje godt arbeid som er sett i gang. For å få ei oversikt over alt det frivillige arbeidet som allereie skjer i kommunen, kunne eit tiltak vere at frivillige lag-og organisasjonar fekk presenterer seg samla for innbyggarane på ein hensiktsmessig måte. Mental Helse peikar på kor viktig det er at lokalar er tilgjengeleg for laga, og ønskjer eit styrka samarbeid med kommunen. Vegen vidare. Vi må sette måla og finne fram til dei beste arbeidsformene. I kommuneplanprosessen må vi klare å flytte fokus frå tiltaka og opp til vyane. Skodje kommune tek med seg innspela som er kome inn i dette møtet og i dei føregåande samlingane, og vil starte med å formulere målsetjingar. Dei politiske arbeidsgruppene skal samlast igjen for å bearbeide målforslaga. 6