Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 21.10.2015. Faktatal Pr 1. oktober 2015 hadde vi slike tal drosjeløyve i drift i Møre og Romsdal:



Like dokumenter
Drosjeløyva i Møre og Romsdal - Statusrapport

Drosjeløyva i Møre og Romsdal - Statusrapport

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet

Fordeling av kommunale næringsfond og hoppid.no-midlar 2016

Prøveprosjekt med ekspressrute E39 Mørebyane - Trondheim

Totalt Møre og Romsdal 2014: ,8 Totalt Møre og Romsdal 2015: ,3 Totalt Møre og Romsdal 2016: ,1

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

-Ein tydeleg medspelar. Aukra og Midsund i eit regionalt perspektiv

TT-ordninga i Møre og Romsdal endring og utvikling. Regionale møte, hausten 2013 prosjektleiar Marianne Halseth Hole

LANDSKONFERANSEN 2017 Fylkeskommunale eldreråd. Ålesund mai

Oversikt over regionar og funksjonar hausten 2013

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Brukarkvotar i Transportordninga for funksjonshemma

Ole Helge Haugen Fylkesplansjef Møre og Romsdal fylke

ARBEIDSINNVANDRING EIN RESSURS FOR VESTLANDET KVA KJENNETEIKNAR KOMMUNANE I MØRE OG ROMSDAL?

I landet er det heilt ledige. Dette er 3,1 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 7,3 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Møre og Romsdal. Sjåfør: Andre/Preben 57-01

Kystekspressen - Hurtigbåtsamarbeid fylkeskryssande rute

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

I landet er det heilt ledige. Dette er 2,9 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 10,9 prosent samanlikna med same periode i fjor.

I landet er det heilt ledige. Dette er 2,9 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 7,4 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Guri Bugge Tlf: Saksnr Utval Møtedato Miljøutvalet

Bransjeprogrammet. Møre og Romsdal. 13. Juni 2019, Astrid F. Paulsen, avd.dir NAV Arbeidslivssenter Møre og Romsdal

:50 QuestBack eksport - Brukerundersøkelse hos NAV Møre og Romsdal

Kurs/Fagdagar.

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Arbeidsnotat til bymøtet 7. mai 2007, tiltaket Tilflytting 2017 Av Heidi-Iren Wedlog Olsen og Severin Aarsnes

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

Dato: Fredag 25. februar :52 Emne: Sak til OD-møtet 9.mars Notat til organisasjonane. Sak til OD-møtet 9.mars 2011

Kommunereforma i Møre og Romsdal 10. feb Oppstartsmøte Nye Norddal og Stordal kommune

Fagforbundet ønsker på OD-møte 9.mars å få en orientering om bruk av bemanningsbyråer i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

STATUS FOR DEMENSOMSORGA I MØRE OG ROMSDAL Demenskonferansen 2017 Ålesund, den mars Eli Mette Finnøy, rådgivar Omsorg 2020

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Organisering av folehelsearbeidet

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Distriktsfylke Møre og Romsdal? Kjelde: SSB/PANDA

Tilskot til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket - 2. utlysing 2015

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

TILRÅDING. Kommunereforma i Møre og Romsdal. Oslo 8. des Prosjektleiar Vigdis Rotlid Vestad

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsstyret REVIDERING AV SKYSSREGLEMENTET I MØRE OG ROMSDAL FYLKE - HØYRINGSUTTALE

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Tiltaksbase etter Plan- og bygningsloven. Trude Lien

OPPREISNINGSORDNING FOR TIDLEGARE BARNEVERNSBARN I MØRE OG ROMSDAL SØKNADSSKJEMA

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Gjeldsbøra i kommunane Møre og Romsdal

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

Anbefaling kommunestruktur Molde-regionen. Forsker Anja Hjelseth, Molde 9. juni 2015

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

Stigande utdanningsnivå i Møre og Romsdal

Kommunereforma Tilråding. Pressekonferanse Molde 3. okt. 2016

Møre og Romsdal 57-01

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

KOMMUNEREFORMA Ordførarsamling 11. nov v/fylkesmann Lodve Solholm

Fylkesstatistikk 2010

UTGIVELSESDAGAR AVIS. Motta korrektur på mail, godkjenn for trykk eller korriger evt. feil.

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak

Møteinnkalling. Utval: Ungdomspanelet Møtestad: Rica Seilet i Molde Dato: Tid: Kl.12.00

Alternative «ekteskap» i Molde-regionen. Forsker Anja Hjelseth, Raumakonferansen

Vegadresseprosjektet Overgang fra matrikkel- til vegadresser

Vedlegg 5: Liste over verneområde i Møre og Romsdal vassregion

VOLDA KOMMUNE. PowerPoint-fila inneheld grafisk framstilt statistikk på kommunenivå, kommunen samanlikna med kommunegrupper, fylket og landet.

Finansiering av dei offentlege fagskolane

Møre og Romsdal 57-01

Kommunereforma. Tilråding. 18. okt. 2016

-Ein tydeleg medspelar. Haram kommune 2015

-Ein tydeleg medspelar. Ålesund kommune 2015

Utvandring, etter statsborgerskap og kommuner i Møre og Romsdal

Utvalgte KOSTRA tall.

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Endringer ved nytt inntektssystem. Virkningstabeller Møre og Romsdal

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 58223/2014/ Melvin Tornes,


Møre og Romsdal 57-01

AURE KOMMUNE. Rutetabell gyldig frå BESTILLINGSTRANSPORT

Søknad om nye ruteløyve for Nordfjordekspressen og Møreekspressen : : : Sett inn innstillingen under denne linja

Ny kommune av Volda og Ørsta er det en god idé? Innlegg på Volda videregående skole 31. mars 2016 Geir Vinsand, NIVI Analyse

Fylkesstatistikk Møre og Romsdal

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Marit Hovde Syltebø Rådgivar Møre og Romsdal fylke Om kompetanseutvikling i lys av St.meld.nr. 25

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Erfaringer fra tilsyn med krisesenter!

Retningslinjer for. Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland

Forfall skal meldast til koordinator, Anne Berit Svenkerud Halle, mob Til dette møtet er både faste- og varamedlemmar innkalla.

SAKSFRAMLEGG EIGEDOMSSKATT - ORIENTERING. Saksbehandlar: Magne Værholm Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 05/00651

Verknader av lågare aktivitet i petroleumsretta næringar

PowerPoint-fila inneheld grafisk framstilt statistikk på kommunenivå, kommunen samanlikna med kommunegrupper, fylket og landet.

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden til no i Avslag i perioden til no i

Erfaringer med drift av båndsiler og store slamavskillere

Transkript:

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 05.10.2015 62175/2015 Jan Eirik Søraas Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 21.10.2015 Drosjeløyva i Møre og Romsdal - Statusrapport Bakgrunn Faktatal Pr 1. oktober 2015 hadde vi slike tal drosjeløyve i drift i Møre og Romsdal: Spesialutrusta (høgst 9 sete) Utvida løyve (10-17 sete) Utvida spesialutrusta (10-17 sete) Tal løyvehavarar 192 Ordinære løyve 207 5 2 Reserveløyve 88 5 8 24 Tal løyve totalt 295 10 8 26 Det er i alt 15 drosjeløyve (hovudløyve) som på grunn av nedgang i køyregrunnlaget har blitt lagt på is i påvente av nærare avgjerd om pasienttransporten for helseføretaket. Reserveløyve er fleire stader tildelt som mellombels erstatning. I desse kommunane blir behovet for tal drosjeløyve vurdert nærare. Berre ein av kommunane i fylket Stordal er pr. dags dato heilt utan drosjeløyve. Etterspurnaden etter drosjetransport i Stordal har blitt utført av drosjane i nabokommunane (Norddal og Ørskog). Vi har fått på plass ny løyvehavar på følgjande stader: Haramsøya/Flemsøy/Skuløy Vi manglar framleis løyvehavarar på følgjande stader: Lepsøy i Haram kommune. Voksa/Sandsøy i Sande kommune. Batnfjorden i Gjemnes kommune (løysing med stasjonert reservedrosje). Vi har elles fått inn nye kvalifiserte løyvehavarar i Eide, Molde, Nesset, Norddal, Tingvoll og Giske/Sula/Ålesund (i både Ring Taxi og Ålesund og Omegn Taxi). Framleis er tendensen i utviklinga innan drosjetransporten nedgang i køyregrunnlaget i distrikta, medan det i sentrale strøk er aukande/stabil etterspurnad. Norges Taxiforbund avd Møre og Romsdal har sende over eit notat (vedlagt) om situasjonen for drosjane i dei kommunane som har mista pasienttransporten for helseføretaket.

Pasienttransport Helse Midt-Norge har inngått avtale om pasienttransporten med følgjande aktørar (sjå òg vedlagte kart): Herøy Taxisentral: Sande, Volda og Ørsta. Lenes Bussreiser: Kristiansund, Eide, Norddal, Stordal/Ørskog, Stranda, Hareid, Herøy, Ulstein og Vanylven, Kristiansund og Eide. Nordvest Taxi: Aure, Smøla, Halsa, Rindal, Surnadal, Sunndal, Tingvoll, Averøy, Nesset, Molde, Fræna, Aukra, Midsund, Rauma, Vestnes, Sandøy, Skodje, Haram, Giske, Sula og Ålesund. I desse kommunane har Lenes Bussreiser vidare dels inngått samarbeid med drosjane i desse kommunane: Vanylven, Norddal, Stranda, Eide og Kristiansund. Bestillingstransport I kommunane Aure, Halsa og Herøy planlegg ein å vidareføre prøveperioden med å bruke FRAM Flexx for prosjekta som inneber bestillingstransport med drosje gjennom KID-ordninga. Frå januar 2016 vil også kommunane Haram og Volda ha FRAM Flexx. Tinging av drosje for denne bestillingstransporten går då gjennom FRAM Kundesenter i Kristiansund. Målet er å vise konkrete resultat og hauste erfaringar i desse kommunane før eventuelt vidare satsing i andre kommunar i fylket. Målet er òg å kunne samordne andre distriktstransportar med drosje, jfr. til dømes samarbeid med Helse Midt-Norge om pasienttransport. TT-transport I fleire kommunar har redusert køyregrunnlag for drosje spesialutrusta for transport for funksjonshemma medført at desse tilboda har forsvunne. Kommunane har valt å løyse spesialtransporten på forskjellige måtar, m a at brukarane nyttar eigne spesialtilpassa bilar med sjåfør. Den tilrettelagte transportordninga for funksjonshemma TT-transport skal i utgangspunktet berre tingast og utførast med drosje. I transportordninga blir det nytta både vanleg motorvogn (høgst 8 sitjeplassar, i tillegg til førarsetet) og småbuss/maxi-taxi (9 16 sitjeplassar, i tillegg til førarsetet), spesialutrusta for transport av rullestolbrukarar. I dag dekkjer mange av dei spesialutrusta drosjane fleire kommunar. I tillegg til den vanlege transportordninga er Møre og Romsdal fylkeskommune saman med to andre fylkeskommunar (Østfold og Nord-Trøndelag) godkjent av Samferdselsdepartementet å delta i ei forsøksordning for å betre TT-ordninga (tilrettelagt transport) for brukarar med tyngre funksjonshemming. Ordninga vart gjort gjeldande for perioden 1. juli 2012 1. april 2014, og seinare vidareført ut 2015. Ordninga er under utprøving i Averøy, Kristiansund, Molde, Rauma, Surnadal, Vestnes, Volda, Ørsta og Ålesund. Det vart i løpet av 2015 utvida til å gjelde for alle blinde/sterkt synshemma og rullestolbrukarar i sone M2 og M4.

Trygt heim for ein 50-lapp Trygt heim for ein 50-lapp er eit trafikktryggingstiltak som tek sikte på å få ungdom trygt heim på kveld- og nattetid gjennom at dei kan nytte drosje i staden for å vere passasjerar i privatbilar. I Møre og Romsdal er ordninga innført i 28 kommunar. I Aure, Halsa og Herøy inngår ordninga i eit prøveprosjektet på bestillingstransport (FRAM Flexx). Erfaringar så langt har ikkje synt særleg endring i talet på bestilte turar etter omlegginga, prøveprosjektet blir truleg likevel vidareført i 2016. Ut frå erfaringar ein gjer seg i desse kommunane, kan det bli aktuelt å legge Trygt heim for ein 50-lapp inn i FRAM Flexx (Flexx natt). Brukarar og drosjesentralar/løyvehavarar vil bli haldne orientert om moglege endringar i ordninga. Skole- og rutekøyring Det er ruteselskapa som er delegert mynde til å inngå kontrakt med undertransportørar om skole- og rutekøyring i fylket. I stor grad gjeld dette kontrakt med drosjesentralar/drosjeløyve havar. I ein del utkantdistrikt er skole- og rutekøyring for ruteselskap hovudinntekta for drosjeløyvehavar. Slik transport blir utført med både vanlege drosjar og maxi-taxi. Nye ruteselskap som har vunne anbod på skole- og rutekøyring har ikkje medført store endringar på undertransportørsida. Merknader og vurdering Drosje er fastsett å vere ein del av den kollektive transportordninga i Møre og Romsdal. Drosje er etter yrkestransportforskrifta pålagt driveplikt, dvs 24 timers vakt dersom den ikkje er knytt opp mot ei vaktskiftordning gjennom nærare samarbeid med andre drosjeløyvehavarar/drosjesentral. Samferdselssjefen konstaterar: Pr 21. oktober 2015 er det i år tildelt 11 ordinære drosjeløyve og 5 reserveløyve. I tillegg er det tildelt fleire mellombelse reserveløyve. Prosessen med anbod på pasienttransporten for helseføretaket gjorde at fleire ledige drosjeløyve vart lagt på is. Vurdering av behovet for desse løyva pågår. Det har i år ikkje vore framlagt saker for Klagenemnda i fylket. Tal klagesaker har gått ned dei siste åra. Det pågår framleis arbeid med å godkjenne/ajourføre vedtekter og reglement for drosjesentralane/samarbeidsordningar, jfr samferdselsutvalet sitt vedtak i møte 14. desember 2009 om å godkjenne felles vedtekter og reglement for drosjesentralane i Møre og Romsdal. Avtale om pasienttransporten med helseføretaket er avklåra. Lenes Turbiler har i ein del kommunar inngått avtale med drosjane for å dekkje opp pasienttransporten. Blant mange av kommunane som ikkje har fått avtale om pasienttransport er det blitt eit sterkt redusert køyregrunnlag. Dette har/vil kunne medføre reduksjon i tal løyve, og eit redusert drosjetilbod. For dei små drosjesentralane kan dette medføre problem dersom det blir færre enn 3 løyvehavarar i ei vaktordning. Det kan eventuelt vere aktuelt å slå kommunar saman til større løyvedistrikt for drosjar.

Redusert køyregrunnlag vil også framkalle spørsmål/søknad om redusert køyreplikt. Det er Samferdselsdepartementet som kan gje dispensasjon, etter positiv tilråding frå samferdselssjefen. Dette vil vere mest aktuelt i utkantdistrikta/øyane. Framhaldande problem med å oppretthalde maxi-taxiløyva spesialutrusta for transport for funksjonshemma, spesielt i utkantane. Fleire blir søkt nedgradert til motorvogn registrert for høgst 8 sitjeplassar, pga problem med m a å skaffe sjåfør(ar) med utvida sertifikat. Slike motorvogner skal vere godkjent etter Forskrift om universell utforming av motorvogn i løyvepliktig transport mv. Vi er i utgangspunktet skeptiske til slik godkjenning pga tryggleiken til passasjer(ar). Det er mange stader i fylket framleis store utfordringar med å leggje til rette for god drosjeservice. Interne konfliktar gjer dette til ei stor utfordring. I Molde er det inngått avtale mellom Nettbuss, Aukra Auto og Molde Taxisentral om flyplasskøyringa. I Molde er det inngått avtale mellom fylkeskommunen og Molde Taxisentral om bestillingstransport gjennom FRAM Flexx i samband med stenging av Fannefjordstunnelen. Kontaktmøta med drosjenæringa vil bli oppretthalde som ein viktig møteplass for diskusjon om framtida for næringa. Vi avvikla eit slikt møte 12. februar 2015. Fylkeskommunen er avhengig av at det blir oppretthalde drosjeløyve i distrikta, for å kunne løyse dei transportordningane fylkeskommunen i dag har og har planer om i framtida. Å oppretthalde drosje i distrikta er viktig for både kommunane, innbyggjarane, ruteselskapa og fylkeskommunen. Vi opplever stor frustrasjon blant distriktsdrosjane, spesielt der pasientransporten er overteken av turvognselskap. Løyver har blitt sagt opp og mange av løyvehavarane vurderer å avslutte drosjedrifta pga stor nedgang i næringsinntekta. Vi prøver best mogleg å legge til rette slik at køyregrunnlaget for drosjane skal bli oppretthalde/eller auka gjennom fylkeskommunale transportar, t d bestillingstransport, skoletransport, rutekøyring mv. Kommunane har i liten grad engasjert seg for å få auke køyregrunnlaget til drosjane, heller tvert imot einskilde stader. Den tidlegare opparbeidde 24-timars vaktberedskapen drosjane har hatt vil kunne forsvinne. Dette er noko kommunane i ettertid oppdagar når drosjetilbodet er borte. Framleis er det diskusjon rundt om i kommunane om kjøp av institusjonsbilar/- miljøbilar. Vi meinar at kommunane nøye bør vurdere kostandene ved både innkjøp og drift av slike småbussar. Nedgang i køyregrunnlaget for dei spesialutrusta drosjane har medført/vil kunne medføre at transporttilbodet for dei funksjonshemma/rullestolbrukarar forsvinn. Mange eldre og uføre i kommunane vil ved bortfall av drosjeløyve få problem med å kome seg til/frå serviceinstitusjonar, butikk, lege m v. I møte 12. november 2014 orienterte vi fylkeseldrerådet om situasjonen for distriktsdrosjane. Eldrerådet har gjeve kommentarar til m a Økonomiplanen 2015-2018 om bestillingstransport med drosje. I Kollektivstrategi 2012-2021 har fylkeskommunen som mål å arbeide for å samordne dei transportane Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr. I tillegg er det ved organisering av bestillingstransport eit mål å opprette eit felles køyrekontor. I distrikta skal vi ha eit samarbeid med kommunar, stat, drosjenæringa og andre for å få til god løysingar for bestillingstransport.

Målet er å sjå dei ulike transportbehova ute i distrikta i samanheng, og å samordne desse transportane gjennom ei felles bestillingsordning, jfr prøveprosjekt på bestillingstransport. Vi er no i gong med å teste ut ei slik samarbeidsløysing FRAM Flexx. Det må framleis fokuserast på samarbeidsordningar mellom drosjeløyvehavarane for å leggje til rette for eit best mogleg køyregrunnlag, arbeidstilhøve, rekruttering til yrket og til framhaldande tilgjenge for drosjetenester. Forslag til vedtak: Samferdselsutvalet tek saka til vitande. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Vedlegg 1 Norges Taxiforbund avd Møre og Romsdal - Statusrapport 2 Tildelt pasienttransport Arild Fuglseth samferdselssjef