SUPERETTERFORSKARANE dei første stega mot gjennomtenkt internettbruk

Like dokumenter
Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Superetterforskerne de første skrittene mot bevisst internettbruk

mmm...med SMAK på timeplanen

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Jon Fosse. For seint. Libretto

Kva er økologisk matproduksjon?

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Månadsplan for Hare November

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Rom ved havet, rom i byen


I N N H O L D. Forord

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Kom skal vi klippe sauen

Til deg som bur i fosterheim år

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Nokon kjem til å komme (utdrag)

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Sofies hemmelegheit.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Ordenes makt. Første kapittel

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Brannsår, rus eller friheit?

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Valdres vidaregåande skule

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Benedicte Meyer Kroneberg. Hvis noen ser meg nå

OK, seier Hilde og låser.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

«Ny Giv» med gjetarhund

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Vi lærer om respekt og likestilling

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Samansette tekster og Sjanger og stil


Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Brødsbrytelsen - Nattverden

Info til barn og unge

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

POLITISKE SAKSDOKUMENT:

Brukarrettleiing E-post lesar

Det Norske Samlaget Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

Jon Fosse. Lilla. Skodespel

FANTASTISK FORTELJING

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Informasjon til elevane

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Vibeke Tandberg. Tempelhof. Roman FORLAGET OKTOBER 2014

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK


Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Refleksjon og skriving

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Barterapi. B: Denne kunden er nok under diagnosen: Sterkt depressiv og trur at verda hatar ein. Best å gi han ein behandling med min spesielle drink.

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Transkript:

SNUSE PÅ NETT: SUPERETTERFORSKARANE dei første stega mot gjennomtenkt internettbruk Barnehagens oppstartspakke i digital kompetanse

Den vesle figuren blunkar, tek sats og flyg rett ut gjennom skjermen. Vil du bli med og etterforske? Emma sit ved datamaskina. Mor roper på henne: Emma? Eeeeemma? Kva held du på med på datamaskina? Emma sukkar. Mamma forstyrrar alltid når ho held på med noko på datamaskina. Det er faktisk ganske irriterande. Alltid eit evig mas om å ikkje sitje stille for lenge og ikkje klikke på noko ho ikkje veit kva er. No har ho akkurat funne ei side med glade fargar og mange fantasifulle blomar. Det ser ut som eit spel. Emma klikkar på blomane, og ho høyrer glade tonar. Det blir til ein melodi når ho klikkar fort, og ho prøver å finne forskjellige melodiar. Plutseleg opnar ein av blomane seg, og ein liten figur flyg opp. Han har store fiolblå auge, øyre så store som tallerkar, ein lang snute og små lysegrøne venger på ryggen. Han flagrar fram og tilbake på skjermen, og no blir melodien spelt heilt av seg sjølv. Emma ser spent på figuren og lurer på kva som skjer vidare i spelet. Ho prøver å klikke på ein ny blom, men klarer ikkje å styre dei lenger. Spelet går av seg sjølv, og den vesle figuren flyg lukkeleg frå blom til blom. Nokre gonger stappar han heile snuten oppi blomen, andre gonger blir blomen skjult heilt av dei kjempestore øyra hans. Han stoggar brått. Berre vengene flyttar seg hurtig i takt med musikken, som når ei blomsterfluge står heilt stille i lufta. Han vrir på det vesle hovudet sitt. Det ser ut som han ser rett på Emma. Hei! Vil du bli med og etterforske? Klikk på meg viss du har lyst til å vere med og leike, seier ei stemme ut av høgtalarane til datamaskina. Emma klikkar sjølvsagt på figuren, ivrig etter å få vite korleis spelet fortset. Den vesle figuren blunkar, tek sats og flyg rett ut gjennom skjermen. Han flyg ein runde rundt hovudet på Emma, set seg på toppen av skjermen og sit der og dinglar med beina. Emma held på å falle av stolen av skrekk! Hjelp! Dette må vere eit virus! Mamma kjem til å bli kjempesint. Emma hugsar kor sint ho blei då storebror Filip hadde lasta ned noko han trudde var eit nytt spel. Datamaskina måtte sendast på verkstad, og Filip fekk dataforbod ein heil månad. Emma skundar seg å skru av datamaskina. Når vifta stoppar, pustar ho letta. Håper berre ikkje viruset har sett seg fast. Så lyftar ho blikket, men den vesle figuren sit framleis oppe på skjermen 2 3

Heilt sidan eg var liten, har eg øvd meg på å etterforske korleis saker og ting verkar. Skal vi begynne å etterforske utan datamaskina? spør den vesle figuren og legg hovudet på snei, før han sjølv svarer: Ja, det er faktisk ein god idé. Kva vil du gjere først? Emma hikstar. Ho klyper seg hardt i armen for å sjekke om ho kanskje søv, men det gjer vondt. Figuren sit framleis og ser på henne og vinkar oppmuntrande med vengene. Emma strekkjer forsiktig fram handa og kjenner på figuren. Han er mjuk og god å ta på og sit heilt stille. Så tek han sats og hoppar opp i handa hennar. Det kjennest som om ho held ein liten fugleunge eller ei lita mus. Det er bra, seier den vesle figuren. Du bør alltid vere litt lur når du møter nokon du ikkje kjenner. For det er ikkje alt som er slik du trur. Men meg treng du ikkje vere redd. Eg er ein superetterforskar! No klarer Emma endeleg å opne munnen, og med svak stemme spør ho: Kva heiter du? Figuren blir plutseleg litt sjenert. Han ser ned, kremtar, og så ser han Emma rett i auga og svarer: Eg heiter Lurifaks. Det er eit fint namn, synest eg, seier Emma. Å! Vi kjem til å bli gode venner! Det er eg heilt sikker på, roper Lurifaks. Men no må eg fortelje kvifor eg er her. Eg kjem frå ein kjend familie av superetterforskarar. Heilt sidan eg var liten, har eg øvd meg på å etterforske korleis saker og ting verkar. Eg har sett, snust, smakt, lytta, kjent, eksperimentert og kontrollert. Men det er framleis mykje eg ikkje har utforska, og no treng eg hjelp av eit menneskebarn for å finne ut korleis saker og ting fungerer her. Og så kan eg lære deg om korleis ein superetterforskar jobbar. Har du lyst til å vere med? Emma treng ikkje lang tid til å områ seg. Dette høyrest spennande ut, og det er faktisk mykje ho har lyst til å utforske nærmare. Eg er med, seier ho bestemt. Eg òg vil vere superetterforskar! Lurifaks hoppar opp og ned av lukke i handa hennar. Hurra, kvitrar han. Dette er toppen! Vi kjem til å bli dei beste superetterforskarane i verda! Først vil eg lære deg superetterforskaranes første lov. Lurifaks rettar seg opp, pustar djupt, gjer seg høgtidsam og seier med tydeleg stemme: Kva vil du etterforske, og korleis kan du gjere det? Undersøk, samanlikn, test og prøv! Bruk alle sansane dine. Tenk gjennom: Kven er det som eigentleg snakkar? Du kan undersøkje og etterforske akkurat kva du vil. Superetterforsking er moro! Ha tru på deg sjølv. Ver lur! 4 5

Kva kan du undersøkje og etterforske? Ein solstråle kilar Emma i ansiktet. Ho rynkar på nasen og ser ut på det freistande vårvêret utanfor. Regnet frå i natt glitrar som små perler i graset. Emma lengtar etter å få springe i graset, og det rykkjer i foten. Må vi vere inne ved datamaskina heile tida? spør Emma litt forsiktig. Det ser så fint ut i graset. Nei, nei, roper Lurifaks. Det er klart at vi ikkje treng å vere inne! Forresten, det første ein superetterforskar treng å lære, passar det fint å gjere ute. Vi skal lære korleis vi kan etterforske lurast, og finne ut kva vi kan undersøkje meir om. Emma ser ut som eit levande spørsmålsteikn. Kva i alle dagar er det han meiner no? Ho kan ikkje spørje Lurifaks, for han har floge som ei glad humle ut gjennom det opne vindauget. Emma spring ut i gangen og tek på sko. Så skundar ho seg ut til Lurifaks. Kom igjen, roper Lurifaks. Eg skal vise deg kva eg meiner. Tenk deg at du lurer på kor mange bein ein edderkopp har. Korleis kan du finne det ut? Eg kan vel finne ein edderkopp og telje, svarer Emma raskt. Vi prøver! Kom, så går vi på edderkoppjakt. Lurifaks flyg rundt med eit stort forstørringsglas og leiter i graset, og Emma skundar seg etter. Plutseleg stoppar han og kastar seg ned på den runde magen sin. Eg har ein edderkopp. Kom og sjå! Emma tel. Ein, to, tre, fire, fem, seks, sju, åtte. Han har åtte bein, seier Emma. Når edderkoppen blir sleppt fri igjen, spring han fort vekk. Han verkar ikkje interessert i matematikk i det heile teke. Her er ein til, roper Lurifaks frå ei anna grastue. Ein, to, tre, fire, fem, seks, sju! Kva no, då? Han har berre sju bein. 6 7

Men viss du vil finne ut kor mange tenner ein tiger har, kva gjer du då? Dei leiter etter edderkoppar og tel edderkoppbein ei god stund. Alle dei andre edderkoppane dei finn, har åtte bein. Dei funderer over dette, men så bestemmer dei seg for at den sjubeinte truleg har mist det eine beinet sin ein gong. Emma prøver å byggje eit par edderkoppkrykkjer, men den stakkars edderkoppen bryr seg ikkje om å lære korleis dei fungerer. Han hinkar heller vidare til eit stort løvetannblad. La han gøyme seg der dersom han har lyst til det, seier Lurifaks. No har vi prøvd ein måte å lære noko nytt på, gjennom å etterforske. Men viss du vil finne ut kor mange tenner ein tiger har, kva gjer du då? Spør Filip, sjølvsagt. Han veit alt om tigrar. Han forska på det på skulen i fjor. Han skal faktisk bli tigerpassar når han blir stor. Bra, du kan spørje nokon som seier dei veit. Men korleis lærte Filip absolutt alt om tigrar? Har han talt tenner på tigrar? Korleis veit du at han har rett? Emma ser fornærma ut. Sjølv om ho kranglar ganske ofte med Filip, liker ho ikkje at andre seier noko dumt om broren hennar. Lurifaks prøver å forklare kva han meiner. Sjølvsagt kan du stole på familien din, vennene dine og andre som du kjenner. Ja, eigentleg kan du stole på dei aller fleste. Men vil du bli ein skikkeleg superetterforskar, er det ikkje nok å stole på ein person berre fordi han eller ho er snill og grei. Då må du vurdere og tenkje over om det du får vite, er heilt sant. Dette gjeld faktisk ikkje berre når du spør ein person. Det gjeld akkurat like mykje dersom du les ei bok, ei avis eller ei side på Internett, og når du ser noko på TV eller høyrer om noko på radioen. Skal du vere superetterforskar, må du sjølv vurdere og tenkje over om det du får vite er heilt sant. Du må vere lur! Av og til må du òg finne ein måte å kontrollere det du høyrer, ser eller les på. Men korleis skal eg gjere det? spør Emma med panna rynka som ei rosin. Eg kan jo ikkje hoppe inn i hovudet på dei og sjå kva dei veit og ikkje veit, heller. Du kan sjekke om det er fleire som seier det same. Kanskje ein person seier at ein tiger har 30 tenner. Så kan du lese i ei bok og sjå om det står det same der, eller du kan lese om tigrar på Internett. Dersom det står fleire ulike stader at ein tiger har 30 tenner, er det større sjanse for at det er sant. Akkurat der graset møter skogen, har Emma ei hemmeleg hytte innimellom ei klyngje av buskar. Berre dei som veit om hytta, kan sjå henne. Inngangen er berre ei smal opning mellom buskane, men dersom du kryp lenger inn, kjem du til eit lite rom. Der inne veks det mjukt gras til golv. Emma bestemmer seg for å vise Lurifaks den hemmelege staden. Dei kryp inn saman. Emma legg seg så lang ho er i graset med hovudet på ei mjuk tue, og ser opp på himmelen mellom blada. Lurifaks kryp saman i armhola hennar. Sollyset siv gjennom dei lysegrøne blada på greinene til buskane. Høgt over buskane jagar lette skyer kvarandre over den knallblå himmelen. Det er éin ting til du må tenkje på når du etterforskar noko, seier Lurifaks. Korleis kan du finne nokon som verkeleg veit mykje om det du lurer på? Du fortalde at Filip forska på tigrar på skulen. Det er bra, då veit han sikkert meir om tigrar enn mange vaksne gjer. Men veit du om nokon vaksen som kan mykje om tigrar? 8 9

Kven er det som snakkar? Eg synest enno litt synd på den sjubeinte, seier Emma. Lurifaks sit og prøver å setje saman nokre legoklossar. Når Emma begynner å snakke om den sjubeinte, forstår han ingenting, men etter ei stund lyser han opp. Ja, du meiner edderkoppen vi såg i graset? Det er klart eg meiner edderkoppen, svarer Emma. Kor mange andre med sju bein har du treft? Eg håper han finn mat sjølv om han ikkje kan springe så fort. Det er trist å tenkje på at han kanskje sit der aleine, sur og svolten under løvetannbladet sitt. Eg lurer forresten på kva han et. Skal vi sjå i småkrypboka mi? Ein tigerpassar, sjølvsagt! Ja! Ein person som arbeider med det du har lyst til å undersøkje, veit sjølvsagt meir enn andre vaksne. Det finst også vaksne forskarar. Dei har ofte lese mykje om det dei forskar på, og etterpå har dei som arbeid å finne ut endå meir. Forskarar testar og gjer mange forskjellige undersøkingar for å kunne forklare korleis verda er, og korleis alt passar saman. I fjor sommar døydde Morris, katten vår, seier Emma sakte. Eg lurer på om han er i kattehimmelen. Farmor seier at han er det, og pappa seier at han kanskje er det. Dersom eg finn ein forskar som seier at det er sant, kan eg stole på det då? Det er enkelte ting ingen kan vite helt sikkert, svarer Lurifaks etter at han har tagd lenge. Til dømes kva som skjer når vi døyr. Det er eitt av livets mysterium. Du bestemmer sjølv kva du vil tru om det, og ingen kan seie sikkert om det er rett eller gale. Eg lurer forresten på kva han et. Dei ligg lenge inne i hytta blant buskane og funderer på dei mange mysteria i livet. Det er ein fin tanke at ikkje alt kan provast. Til slutt må Emma gå, for pappa roper at det er middag. 10 11

Lurifaks kastar legoklossane frå seg og går bort til Emma for å lese i boka saman med henne. Det er ei fin bok med mange fargebilete. Aller mest spennande er eit nærbilete av ein edderkopp med åtte bein og noko som ser ut som store, hårete hoggtenner. Dei grøssar av spenning og studerer edderkoppen lenge. Til slutt lukkar Emma boka med eit fornøgd sukk. Boka landar med baksida opp. Der er det eit fotografi av ein blid og skjeggete mann og ei ung kvinne. Ole Olsen og Line Larsen, spesialistar på insekt og edderkoppar. Dei tek deg med inn i småkrypa si fortryllande verd, står det. Bra, seier Lurifaks. Der får vi vite kven som snakkar. Emma ser spørjande på han. Kva? Snakkar? Ei bok kan vel ikkje snakke? Ho er jo heilt stille! Ja, det stemmer. Men på baksida av alle bøker kan du sjå kven som har skrive det som står i boka. Ei bok kan ikkje skrive seg sjølv. Hugsar du at vi snakka om at ein ekte superetterforskar må vurdere om personen verkeleg kan det han eller ho fortel om? Då er det sjølvsagt viktig å vite kven som har skrive det. Dessutan er det viktig å tenkje gjennom kvifor personen har skrive det. Eg synest framleis dei verka litt rart, sukkar Emma. Kom, så skal eg vise deg kva eg meiner på datamaskina, roper Lurifaks og surrar i veg. No skal du få sjå ein supersurfar! Emma skrur på datamaskina. Lurifaks hoppar opp på datamusa og flagrar vilt med vengene. Musa flytter seg hit og dit, men det tek ikkje lang tid før Lurifaks finn den rette teknikken og får musepeikaren til å flytte seg dit han vil. Når han kjem til symbolet for Internett, stoppar han musa og tek to raske hopp på museknappen slik at programmet startar. Så flyg han opp på skuldra til Emma, der han stolt og andpusten seier: Ikkje dårleg, kva? No er det din tur til å jobbe. Veit du korleis du finn fram på Internett? Berre litt, seier Emma. Eg har ikkje lært å lese skikkeleg endå, men mamma og Filip har vist meg nokre nettsider eg liker, og lagra dei som favorittar. Då er det lett for meg å finne dei igjen. Emma klikkar på ei av favorittsidene sine og kjem til ei side med mange bilete av forskjellige dyr. Emma viser Lurifaks. Under mange av bileta er det eit lite symbol som dei kan klikke på, og då kan dei lytte til dyrelyden. Det er mykje tekst òg på nettsida, men den bryr dei seg ikkje om. Lurifaks surrar ivrig rundt framfor skjermen for å komme så nær bileta som mogleg. Skal vi gå nærmare og sjå om vi kan finne ut kven som snakkar her? spør Lurifaks. Han er ivrig. Ei bok kan vel ikkje snakke? 12 13

Ein profesjonell superetterforskar må likevel tenkje over kven som snakkar, og kvifor dei gjer det. Før Emma rekk å seie noko som helst, tek han henne i handa og slår nokre raske slag med vengene. Kva som eigentleg hender etterpå, forstår ho ikkje. Alt spinn rundt som ei vindmølle med mange fargar, og til slutt står dei saman på eit kvitt teppe med store, svarte figurar på. Emma hoppar høgt av skrekk når ho plutseleg ser ein kjempestor bjørn som stirer på henne med eit stivt blikk. Det er ingen fare, ler Lurifaks. Det er berre eit bilete. Det ser berre litt meir verkeleg ut no når vi er inne i sjølve nettsida. Inne i datamaskina, hikstar Emma. Det går jo ikkje an! Nei, det gjer kanskje ikkje det. Iallfall ikkje i di verd. Men det er kjempepraktisk når vi undersøkjer og etterforskar! No ser Emma at dei store, svarte figurane er bokstavar. På ein forunderleg måte har dei hamna inne på sjølve nettsida. Ho ligg under dei, flat som eit teppe. Lurifaks er allereie i full sving med å snuse rundt. Når han finn ei lenkje eller noko han kan klikke på, tek han eit elegant hopp, og vips, så blir nettsida endra. Rett under Emma er det no eit bilete av ein hjort. Han ser eigentleg ganske søt ut. Ho begynner å ønskje at det ikkje berre var eit bilete. Lurifaks flyg fram og tilbake inne på nettsida og undersøkjer ytterkantane. Han bøyer dei litt opp og studerer det som er under. Så les han teksten i adressefeltet, bokstavane som står heilt øvst, og til slutt flyg han tvers over skjermen for å studere dei små bokstavane heilt nedst. Jau då, seier han til slutt. Det er ingen tvil om det. Det er ein dyrepark som eig denne nettsida. Det veit eg vel, seier Emma. Eg har jo vore i denne dyreparken fleire gonger. Det var derfor Filip viste meg denne nettsida. Lurifaks granskar sida: Dessverre står det ikkje kven som har skrive teksten, men eg synest ikkje det gjer så mykje. Vi kan jo seie at det er dyreparken som snakkar, altså dei som eig dyreparken, og dei som jobbar der. Trur du dei veit kva dei snakkar om? Ja, sjølvsagt gjer dei det, svarer Emma. Dei passar på dyra, så dei må jo vite mykje om dei. Eg er einig med deg. Men for å vere heilt sikre, bør vi likevel kontrollere på ein eller annan måte. Kanskje vi kan lese om dyra i ei bok? Leik og lureri Lurifaks og Emma er framleis inne i datamaskina og undersøkjer nettsida til dyreparken. Kvifor trur du dyreparken har laga denne nettsida? spør Lurifaks. Kvifor og kvifor. Dei synest kanskje det er moro å skrive på datamaskina? Eller kanskje dei vil gjere alle dyreinteresserte barn glade, svarer Emma. Ja, slik kan det vere, nikkar Lurifaks. Det er mange som lagar nettsider berre fordi dei synest det er moro. Mange vil òg fortelje om noko dei er flinke til, for å gjere andre glade. Men når det gjeld denne sida, trur eg det er éin grunn til. No veit eg det! roper Emma. Eg trur dei vil at alle som ser på sida, skal få lyst til å komme til akkurat denne dyreparken. Akkurat ja, det trur eg òg. Har du lagt merke til at det berre er bilete av nokre dyr på nettsida? Det er sjølvsagt berre bilete av dei dyra som finst i akkurat denne dyreparken. Dei som eig dyreparken, vil sikkert ikkje at du skal få lyst til å sjå på andre dyr, til dømes kenguruar. For då reiser du kanskje til ein heilt annan dyrepark og bruker pengane dine der i staden. Men då er det er jo litt lureri! Emma blir verkeleg lei. Dette har ho ikkje tenkt på før. Ja, litt lureri, svarer Lurifaks. Men sånn er det med svært mange sider på Internett. Dei som snakkar gjennom nettsida, vil kanskje at du skal få lyst til å gjere noko eller kjøpe noko. Det kan vere sider som er både interessante og morosame. Ein profesjonell superetterforskar må likevel tenkje over kven som snakkar, 14 15

Moro! seier Lurifaks. Her må vi verkeleg vere både lure og raske. Kan du vise meir? Superspillere og kvifor dei gjer det. Andre gonger kan det vere nokon som vil prøve å få deg til å bli einig med det dei tenkjer og meiner. Men dette gjeld ikkje berre Internett, det er akkurat likt i avisar, bøker, TV og mykje meir. Har du sett ein reklamefilm? Der kan det vere enda meir lureri, fortset Lurifaks. Ja, det er klart eg har. Der pleier det å vere pene damer som seier at dei får vakkert hår av sjampoen sin. Det er ganske masete, synest eg. Forresten så liker eg ikkje å vaske håret. Dei damene har sikkert ikkje funne på sjølv å seie at den sjampoen dei reklamerer for, er den beste, seier Lurifaks. Kanskje dei ikkje bruker han sjølv ein gong. I ein reklamefilm er det ofte andre enn dei personane vi ser, som eigentleg snakkar. Og det er dei andre som bestemmer kva personane skal seie for å lokke oss til å kjøpe. Emma nikkar. Ho forstår at det Lurifaks seier, er viktig. Men no har ho lyst til å gå vidare til ei av dei andre favorittsidene sine. Det er ei side om ein teikneseriefigur, med massevis av bilete, spel og pusleri. Det tek ikkje lang tid å finne ut at det er dei som sel teikneseriebladet, som snakkar gjennom nettsida. Emma viser Lurifaks nokre av spela, og etterpå bestemmer dei seg for å ta ein pause i superetterforskinga og prøve å bli superspelarar i staden. Emma synest det er litt vanskeleg å spele spelet når ho er inne i datamaskina, men etter ei stund finn ho ut korleis ho kan hoppe på spelebrettet med eit spesielt hopp, og då klarer ho nesten alt. Har du tenkt på at ein superetterforskar kan lære mykje av å spele spel? seier Emma til Lurifaks. Eg skal vise deg! Emma hoppar opp til lista med favorittsidene sine og vel ei anna nettside. Ho begynner med eit spel der ho skal byggje vassrøyr. Det er ikkje lett. Det gjeld å byggje raskt så vatnet ikkje renn ut, men samtidig slik at røyra til slutt endar på rett stad. Emma har gjort det fleire gonger før og klarer å byggje mange baner. For Lurifaks, som prøver for første gong, er det mykje vanskelegare. Vatnet fløymer over fleire gonger. Han fniser glad når han blir våt på tærne. Moro! seier Lurifaks. Her må vi verkeleg vere både lure og raske. Kan du vise meir? Emma finn fram eit minnespel. Her gjeld det å ha godt minne og hugse kvar bileta skjuler seg. Det går som ein dans. Når dei har spelt litt, byter dei til eit anna minnespel, der eit bilete skal koplast saman med ein bokstav. Det er vanskelegare, men det går ganske bra, det òg. Eigentleg er det endå meir moro å spele minnespel saman med heile familien ved kjøkkenbordet, seier Emma. Lurifaks nikkar. Han forstår akkurat kva ho meiner. Det er mykje som er meir moro å gjere saman med andre enn aleine. Men no speler dei jo saman i datamaskina, og han er ivrig etter å prøve ut meir. Emma viser og fortel. 16 17

Du må heile tida tenkje over kva du klikkar på. Det finst spel der du skal leite etter mønster, spel der du skal lytte etter lydar, og mange andre typar spel. Det finst detektivspel òg, der du går rundt og stiller spørsmål for å finne løysinga på mysterium, seier Emma. Det er ganske vanskeleg, men nokre gonger får eg spele saman med Filip. Når Emma klikkar på ei ny lenkje, kjem det opp ein grå boks på skjermen. Vil du installere? les Lurifaks. Synest du vi skal gjere det? Nei, seier Emma bestemt. Det vil eg ikkje. Eg har lovt mamma å aldri klikke på nokon knappar i slike boksar eller å prøve å laste ned programvare. I så fall må vi først hente ein vaksen som kan sjekke kva det er. Emma tenkjer at det ikkje er så lurt å rope på ein vaksen akkurat no når ho er inne i datamaskina. Ho er ikkje heilt sikker på kva dei hadde tenkt om Lurifaks heller. Derfor hoppar ho på det raude krysset i øvste hjørnet av boksen. Då lukkar ho boksen. Du har heilt rett, seier Lurifaks. Å spele spel gir massevis av trening for superetterforskarar. Du må heile tida tenkje over kva du klikkar på. Dessutan er det jo lurt å tenkje over kven som snakkar gjennom spelet. Mange av spela vi har sett på, er laga av personar som sel noko som kanskje barn ønskjer seg. Har du tenkt over kvifor dei har laga spelet, og kvifor dei vil at du skal spele akkurat deira spel? Det har Emma tenkt på. Ho begynner å bli ein riktig erfaren superetterforskar. Men no synest ho det er nok snakk. Ho går til eit spel der det verkeleg gjeld å reagere raskt. Dukk! Hopp! Spring! 18 19

Det var jammen bra du kom, så eg kunne spele spel inne i datamaskina. Då fekk eg jo røre meg masse. Lurifaks og Emma fer rundt på skjermen. Dei må vere på vakt for fallande steinar, hoppe etter sommarfuglar og springe så fort dei kan for å fullføre bana. Til slutt høyrer dei ein glad trudelutt, og dei har nådd målet. Hikstande etter luft tumlar dei ut av datamaskina igjen. Det tek lang tid før Emma klarer å snakke, ho er så andpusten. Dette skulle mamma og pappa ha sett! Dei snakkar nesten alltid om at eg og Filip ikkje må sitje for lenge roleg når vi speler spel. Ja, det har dei jo faktisk rett i, seier Lurifaks. Synest ikkje du? Kroppen har det mykje betre når vi beveger oss, enn når vi sit stille, men vi kan sjølvsagt ikkje røre på oss heile tida. Oi, då hadde vi blitt slitne. Emma ler litt av tanken. Og tenk kor vanskeleg det blir å sove dersom vi skal bevege oss heile tida. Det var jammen bra du kom, så eg kunne spele spel inne i datamaskina. Då fekk eg jo røre meg masse. No ser Lurifaks litt lei seg ut. Han ser alvorleg på Emma. Emma. Eg kjem ikkje til å bli verande stort lenger. Om ei stund må eg fortsetje til ei anna verd for å undersøkje og etterforske den verda òg. Du veit snart det ein superetterforskar treng å vite. Etterpå gjeld det berre å øve, alltid følgje nøye med og tenkje over det du møter. Det tek lang tid å bli ein verkeleg proff superetterforskar, men du kjem til å klare det etter kvart. Det er eg heilt sikker på. Emma blir lei seg, men så heiser ho på skuldrene og seier: Eg hadde faktisk ein mistanke om akkurat det. Vi får leike saman medan vi kan. Men dersom vi ikkje kan spele fleire spel inne i datamaskina, synest eg at vi skal finne på ein annan morosam leik før du reiser. Emma klatrar opp på stolen og strekkjer hendene høgt opp i lufta, akkurat som dei gjorde då dei fanga sommarfuglar. Lurifaks er straks med. Han legg seg på golvet og snur seg fram og tilbake som ei minnebrikke. Dei finn på mange morosame rørsler som liknar spela dei nett har spelt. 20 21

No taklar du skumle monster Nattbordslampa strålar det milde lyset sitt ut over senga til Emma. Pappa har akkurat vore inne og lese eit godnatteventyr. Mens han las, låg Lurifaks gøymd under dyna, men no har han floge opp og prøver å balansere på sengekanten. Er du redd monster? spør Lurifaks plutseleg. Vel, ikkje akkurat, seier Emma. Før var eg redd av og til, men no veit eg at det ikkje verkeleg finst monster. Tenk om det hadde komme eit monster likevel. Sjølv om dei ikkje finst, seier Lurifaks. Då ville eg sett sint på det, trampa med foten og sagt at eg bestemmer! Så ville eg ropt på mamma eller pappa med éin gong. Munnen til Lurifaks opnar seg i eit stort, varmt smil. Han flyg ned og tek handa til Emma og ristar henne energisk opp og ned. Gratulerer! Du hadde takla eit monster. Du er sanneleg på veg til å bli ein ekte superetterforskar! Hugsar du då vi snakka om at det er viktig å alltid tenkje over kven som snakkar, og kva dei vil? Nokre gonger er det slik at personen som snakkar, ikkje kan så mykje som han eller ho lèt som. Av og til kan du tru at den som snakkar, eigentleg vil at du skal få lyst på noko eller kjøpe noko. Dei aller fleste er sikkert både hyggjelege og greie. Men det finst nokre monster på datamaskina som verkeleg kan vere til skade. Som superetterforskar må du vere førebudd og passe deg for dei. Du må vere lur! Korleis då, lurer Emma. Skal eg bokse til skjermen? Det trur eg ikkje Filip hadde likt. Han blir alltid så utruleg sint dersom det er fingeravtrykk på skjermen. Nei, du skal gjere akkurat som du sa. Dersom du ser noko rart eller noko som verkar feil på ein eller annan måte, så må du hente ein vaksen og la den vaksne bestemme kva de skal gjere. Ikkje klikk på knappar og ikkje skriv namnet ditt i nokon boks. Dersom det ikkje finst nokon vaksen i nærleiken, så synest eg at du skal gå bort frå datamaskina og vise det til ein vaksen seinare. Det er viktig å alltid tenkje over kven som snakkar, og kva dei vil. Emma er stille. Ho tenkjer på korleis det var då ho møtte Lurifaks. Tenk at det var i formiddag! Det kjennest som om dei har vore saman så lenge. Veit du kva, seier ho. Då du kom flygande ut av skjermen, skrudde eg av datamaskina, for eg trudde du var eit virus. Men du forsvann jo ikkje. Nei, det var fint for deg at eg ikkje var eit monster. Eller kanskje eg er det! 22 23

Lurifaks byrjar å lage dei skumlaste grimasane han kan komme på. Han rekkjer ut tunga og lèt auga snurre rundt i sirklar, men han ser ikkje farleg ut, berre morosam. Emma dreg ned augnelokka med peikefingrane samtidig som ho pressar opp nasen med tomlane og prøver å få munnen til å sjå ut som om ho nett har ete ein kjempestor sitron. Til slutt fell dei lattermilde saman i ein haug. Når dei har roa seg, geispar Emma. No er det på tide at eg reiser, seier Lurifaks sakte. Eg har fleire verder å etterforske. Men kven veit, kanskje vi møtest igjen ein dag? Han flyg opp og klemmer nasen til Emma ei lita stund. Nasen hennar er akkurat passe stor til å halde rundt. Så flyg han ein runde rundt lampa og snurrar ut gjennom den opne døra mot datamaskina i romma utanfor. Sjølv om datamaskina er slått av, flyg han rett inn gjennom skjermen. Når han flyg inn, blir det tent eit mjukt, blått lys som lyser opp heile rommet. Så blir lyset svakare til skjermen er heilt svart igjen. Plutseleg begynner skrivaren å røre på seg. Emma smyg seg ut av senga og går bort til skrivaren. Eit papir kjem fram. Ho tek det opp og ser at det er eit diplom. Emma klarer å lese namnet sitt på toppen av diplomet. Det står meir på papiret, men det vil ho be Filip lese i morgon. Ha det, Lurifaks. Vi møtest sikkert igjen, seier Emma stille til den mørke dataskjermen og går tilbake til rommet sitt. Som ein ny superetterforskar, klar for nye eventyr! 24 25

Superetterforskardiplom til Emma No har du teke dine første skritt mot å bli superetterforskar. Dette veit du: Du kan undersøkje og etterforske akkurat kva du vil, men først må du tenkje gjennom korleis du kan gjere det. Når du har undersøkt og etterforska noko, må du vurdere og tenkje over om det du har funne ut, er sant. Det er lurt å sjekke fleire stader. Bak kvart ord og kvart bilete er det ein person som vil fortelje deg noko. Tenk gjennom: Kven er det eigentleg som snakkar? Dersom du ser noko som er rart, eller som verkar gale, skal du hente ein vaksen. Kroppen din treng å hoppe og sprette. Ta pausar og rør på deg! Superetterforsking er moro! Ha tru på deg sjølv! Ver lur! Helsing Lurifaks DESIGN: Tank ILLUSTRASJONER: Illustratør Eva-Lena Hedvall TRYKK: R.K Grafisk PUBLISERT 2012 ISBN: 978-82-998698-2-9 26 27

SNUSE PÅ NETT: SUPERETTERFORSKARANE - dei første stega mot gjennomtenkt internettbruk Hei! Vil du bli med og etterforske? Klikk på meg dersom du har lyst til å vere med og leike, seier ei stemme ut av høgtalarane til datamaskina. Slik er Emma i gang med å bli superetterforskar. Ved å veksle mellom to verder den fysiske og den på nett lærer Emma meir både om seg sjølv og om å vere kritisk til eigen nettbruk. Denne historia om kva ein som barnehagebarn kan oppleve på nett, skal både underhalde og stimulere til samtale og utvikling. Superetterforskarane dei første stega mot gjennomtenkt internettbruk er den første oppstartspakken i digital kompetanse til norske barnehagar frå Senter for IKT i utdanninga. Ved å lese, fortelje, diskutere og leike tek superetterforskarane barna med inn i den digitale verda og stimulerer til å tenkje gjennom korleis vi bruker informasjonsog kommunikasjonsteknologi (IKT) og ulikt medieinnhald. Kompetansepakken er utvikla av Skolverket og Statens Medieråd i Sverige. Materialet er omsett og omarbeidd av Marianne Undheim i samarbeid med prosjektleiar Barbro Hardersen og resten av barnehagesatsinga i Senter for IKT i utdanninga, med sikte på å tilby eit oppdatert supplement til Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen (2011) gitt av Kunnskapsdepartementet. Ved å ta i bruk historieboka og rettleiaren får både barn og pedagogisk personale høve til å snuse på det mangfaldet av leik, kommunikasjon og kunnskapsinnhenting som bruk av IKT tilbyr. IKT kan brukast i samband med alle oppgåvene og utviklingsområda i rammeplanen og for å styrkje kvaliteten i barnehaganes tilbod til nysgjerrige, kreative og lærevillige barn. Last ned eller bestill kompetansepakken Superetterforskarane dei første stega mot gjennomtenkt internettbruk iktsenteret.no/superetterforskarane