SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato



Like dokumenter
MØTEINNKALLING. Medlemer som kan vere ugilde i ei sak vert bedne om å gje melding, slik at varamedlemer kan verte kalla inn.

Giske kommune. Nettverksamling for Frisklivsentraler Ulsteinvik 4. og 5.sept.

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

ORIENTERING OM FYSIOTERAPITENESTA I VOLDA KOMMUNE. UTVIDING AV DRIFTSAVTALAR.

Risør Frisklivssentral

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

MØTEINNKALLING. Hå seniorråd. Eventuelt forfall må meldast til telefon / Vararepresentantar får eiga innkalling dersom dei skal møte.

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Helse i alt vi gjør Ny folkehelselov sett frå fylkesmannen

Sogn frisklivssentral Innovasjonskonferanse Helse&omsorg Tysdag 20.mai 2014

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsstyret Kommunestyret DRIFT AV HELSESTASJONANE I AUSTEFJORDEN OG DALSFJORDEN

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

NASJONAL FOLKEHELSEKONFERANSE. Molde, september Kafedialog 1 Kosthald i Helse i plan, Volda kommune

Forslag frå fylkesrådmannen

1. Mål med samhandlingsreforma

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

FRISKLIVSSENTRALAR. Nettverksamling for leiarar i kommunane sine helse- og omsorgstenestar, Skei

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsstyret REVIDERING AV SKYSSREGLEMENTET I MØRE OG ROMSDAL FYLKE - HØYRINGSUTTALE

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte Det er med bakgrunn i

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet AVTALAR MED TILTAK SOM GJELD OVERGREP, VALD OG LIKNANDE

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Offentleg helsearbeid i kommunehelsetenesta Leikanger, Synne Aafedt Liljedahl, helserådgjevar.

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Handlingsplan mot «Vald i nære relasjonar»

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Luster kommune Styre, råd og utval På lag med frisklivssentralen!

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet

Samhandlingsreforma -Kva skal på plass?

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Vurdering av allianse og alternativ

Kan vi få til eit solid forskingsprosjekt?

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Frisklivssentralen Levanger kommune

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Jorunn Nyttingnes Arkiv: G10 Arkivsaksnr.: 14/907-1

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak

MØTEINNKALLING. Forfall til møter i kommunale organer skal vere gyldig i hht. Lov om kommuner og fylkeskommuner 40, nr. 1.

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Friskliv Ung år

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

Øving Fårikål Oppsummering. Krisehandteringsøving for kommunane i Møre og Romsdal Måndag 29. september Fylkesmannen i Møre og Romsdal Adm

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Veileder for kommunale frisklivssentraler. Ellen Blom Seniorrådgiver avd forebygging i helsetjenesten Helsedirektoratet

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Frisklivssentral Verdal kommune. Oppstart

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Kommunal plan for folkehelse. Skjåk kommune

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

-en forebyggende helsetjeneste for endringer av levevaner

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Frisklivssentralen Verdal kommune. Oppstart 01. januar 2012

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Frå prosjekt til fast drift Helene Fjellheim Midthun, Suldal Kommune

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

GRUPPEBASERT UNDERVISNING FOR PERSONAR MED KOLS, DIABETES, OVERVEKT OG/ELLER HJARTE-KARSJUKDOM. Helene Fjellheim Midthun, Suldal Kommune

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

NORDFJORDRÅDET HOVUDUTSKRIFT

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunestyresalen Dato: Tid: 13:30

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Samhandlingskonferanse 17. januar 2011

HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Resept for eit sunnare FørdeF

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Transkript:

VOLDA KOMMUNE SAKSDOKUMENT Sakshandsamar: Runa Bakke Arkivsak nr.: 2011/466 Arkivkode: Utvalsaksnr Utval Møtedato ETABLERING AV FRISKLIVSSENTRAL I VOLDA KOMMUNE Administrasjonen si tilråding: Volda kommune opprettar 50% prosjektstilling som leiar for frisklivssentral i Volda. Midlar til stillinga, kr.220.000, vert finansiert ved bruk av delar av samhandlingsmidlane, som totalt er på kr. 437.000 (sjå under). Kommunen har i tillegg fått kr. 175.000 frå Møre og Romsdal Fylkeskommune i tilskotsmidlar for oppstart og etablering av frisklivstilbod. Dette er ein eingongssum og er tenkt nytta til kompetanseheving, hospitering, utstyr og evt. frikjøp av Folkehelsekoordinator i 15% stilling. Folkehelskoordinator og leiar av Aktiv i Volda, må ha eit tett samarbeid for å etablere rutinar, samarbeidsavtalar, m.m. Vedleggsliste: Uprenta saksvedlegg: Veilder for kommunale frisklivssentraler (Helsedirektoratet): http://www.helsedirektoratet.no/vp/multimedia/archive/00324/veileder_for_kommun _324379a.pdf St.meld. nr. 47(2008-2009) Samhandlingsreformen Rett behandling på rett sted til rett tid Samandrag av saka: Volda kommune fekk i 2010 tilført kr. 437.000 i frie inntekter i samband med Samhandlingsreformen for å styrke førebyggjande helsetenester. Desse har blitt vidareført i Volda kommune sitt budsjett for 2011 og er å sjå på som varig tilførte midlar.

Eit av satsingsområda i Samhandlingsreformen er å styrke det førebyggjande arbeidet og kome tidleg inn med tiltak. Dette er betre for den enkelte, men også billegare enn å reparere oppstått sjukdom/helseplage. Frå sentralt hald er det ei målsetjing at alle kommunar skal ha eit frisklivstilbod. Volda kommune har tidlegare lagt ned mykje arbeid i Aktiv i Volda. Ein har ikkje lukkast så godt som ein skulle ønskje med dette tiltaket. Hovudårsaka er at ein har mangla ressursar til å koordinere og ha det oppfølgjande ansvaret for tiltaket Aktiv i Volda, og også i høve til å følgje opp deltakarane. Etablering av ein Frisklivssentral vil difor vere ei vidareutvikling av Aktiv i Volda. Evalueringar av frisklivstilbod og erfaringar frå kommunar som har drive friklivstilbod ei stund, er gode; tiltaka virkar. Folkehelsearbeid og frisklivstilbod er ei sterk nasjonal satsing, og ein må forvente at det vil kome midlar til kommunane vidare for å styrke dette området, jfr. St.meld.47 2008-2009: Regjeringen vil framover legge til rette for at en større andel av forventet vekst i helsesektorens samlede budsjetter kommer i form av frie inntekter til kommunene. Innenfor denne veksten vil Regjeringen styrke forebyggingsarbeidet. Saksopplysningar: I samband med Samhandlingsreformen fekk kommunane gjennom statsbudsjettet for 2010 styrka sine frie inntekter med 230 millionar kroner til førebyggande helsetenester. For Volda kommune utgjorde dette kr. 437.000. Volda kommune etablerte ei samhandlingsgruppe med representantar frå pleie- og omsorgsavdelinga og helseavdelinga (pleie- og omsorgssjef, ass. pleie- og omsorgssjef, dagleg leiar på ei avd. på omsorgssenteret, helsesjef, kommuneoverlege, folkehelsekoordinator) som skulle vurdere bruken av midlane. Det var forventa at Samhandlingsreformen vart vedtatt i Stortinget i april 2010. Ein dagleg leiar på omsorgssenteret vart engasjert i 40% stilling for å ha ansvar for å drive samhandlingsarbeidet framover. St.meld.47 2008-2009 Samhandlingsreformen vart vedtatt som stortingsmelding som planlagt i april 2010, men finansieringsordningar m.m. vart ikkje vedtatt som forventa og det har vorte noko uklart kvar vegen vidare skal gå for kommunane. Samhandlingsgruppa har konkludert med at ein hensiktsmessig bruk av midlane ein har fått til no, vil vere å etablere eit Frisklivstilbod i kommunen. Dette er heilt i tråd med Samhandlingsreformen der det m.a. blir lagt vekt på at ein skal kome tidleg inn med tiltak for å førebygge. Det er også i tråd med Helsedirektoratet sitt mål om Frisklivssentral i alle kommunar i landet. Det er betre å førebygge enn å reparere/behandle både for det enkelte individ og også sett i eit samfunnsøkonomisk perspektiv. Erfaringar frå kommunar som har drive med Frisklivstilbod ei stund, er gode. Dei når målgruppa og mange klarer å gjere endring i livsstil som har hatt positiv verknad på helsa. Ved å knyte 50% prosjektstilling til ei fysioterapistilling, får ein utløyst fastlønstilskot (163.000 pr. år for 100% stilling). Fysioterapeutar har god kompetanse på førebyggjande faktorar relatert til helse. Dei andre fysioterapeutane i kommunen vil kunne ta over delfunksjonar for kortare periodar ved fråver og på den måten sikre kontinuitet i tilbodet. I Samhandlingsmeldinga (St.meld nr.47 2008-2009) stå følgjande (utdrag): Framtidas nordmenn vil i større grad enn i dag få utfordringer med hensyn til et økende omfang av livsstilssykdommer; økt andel med overvekt og fedme fører til at flere får type 2- diabetes med en påfølgende ny økning av forekomsten av hjerte-karsykdommer, kols-andelen blant kvinner ventes å øke. Det ventes flere eldre med kreftsykdom og demens på grunn av økt levealder.

Det foreligger god dokumentasjon på effekten av sunt kosthold, økt fysisk aktivitet og røykeslutt i forhold til forebygging og behandling av en rekke sykdommer og lidelser. Utfordringen har imidlertid vært å utvikle tiltak som gjør at denne kunnskapen kan omsettes i praksis bl.a. som en del av helsetjenestens tilbud. På bakgrunn av dokumentasjon som foreligger har det i de nordiske landene over flere år pågått et utviklingsarbeid for å utvikle modeller for lavterskeltilbud tilrettelagt for personer som trenger hjelp og støtte til endring av levevaner. Sverige og Danmark har utviklet og drevet hhv. «Fysisk aktivitet på resept»(far)og Motion og Kost på Recept» i mange år. Rapporter fra disse landene viser at lavterskeltiltakene har god effekt i forhold til økt aktivitetsnivå, økt fysisk form og økt helserelatert livskvalitet hos deltakerne. Lavterskelaktivitetene er tilrettelagt for personer med økt risiko for sykdom (fysisk eller psykisk), personer med etablert sykdom, personer som har falt utenfor arbeidslivet med mer. Evaluering av lavterskelmodeller for endring av levevaner (som også inkluderer røykeslutt) som har pågått i Norge, understøtter funn fra andre nordiske undersøkelser/evalueringer. En studie gjort i Norge viser at 74 prosent av alle inaktive voksne (20 74 år) ønsker å komme i gang med regelmessig fysisk aktivitet. Undersøkelsen viser også at befolkningen har størst tiltro til helsepersonell når det gjelder å få råd om fysisk aktivitet. Forebygging er et viktig element i samhandlingsreformen. Med utgangspunkt i de framtidige helseutfordringene er det behov for å styrke de forebyggende helsetjenestene i kommunen. Målsetningen vil være å benytte og videreutvikle dokumenterte tiltak som reduserer, og til dels motvirker, risiko for funksjonstap med bortfall fra skole og yrkesliv, og som påvirker individets egenmestring og reduserer risikoen for sykdomsutvikling. Kva er eit Frisklivstilbod? Veileder for kommunale frisklivsentraler (2011) seier følgjande: Frisklivssentral er eit gruppe- og individretta folkehelsetiltak for å møte helseutfordringane. Helseutfordringane i Noreg i dag, kan i stor grad knytast til helseåtferd. Frisklivssentralane har tilbod til personar som ikkje nåast av eksisterande tilbod om hjelp til å bli meir fysisk aktive, slutte å røyke og å få eit betra kosthald. Frisklivstilbod er altså eit lavterskel helsetilbod der ein kan tilvise pasientar som har behov for og er motiverte for å gjere endringar i livsstil. Målgruppa er personar som kan ha nytte av å gjere endringar i livsstil i eit helsefremjande og sjukdomsførebyggjande perspektiv og som treng hjelp for å få til dette. Frisklivstilbod har tre fokusområde: Kosthald, fysisk aktivitet og tobakk. Tilbodet er for heile befolkninga uavhengig av diagnose/plager eller alder. Helsepersonell, NAV med fleire, kan tilvise deltakarar som kan ha nytte av fysisk aktivitet, slutte å røyke eller gjere endringar i høve til kosthald. Frisklivssentralen vil ha nokre eigne grupperetta tilbod. I tillegg vil det bli etablert samarbeid med eksisterande aktørar/lavterskeltilbod i kommunen. Metodane ein nyttar er: Helsesamtale: Samtale ved start for å kartlegge motivasjon. Deltakaren skal styrke eiga tru på meistring og motivasjon for endring. Deltakaren er i sentrum og skal være aktiv. Ut i frå motivasjonssamtalen blir det laga ein aktivitetsplan. Fysisk aktivitet: Tilpassa trening i grupper eller individuelt Røykesluttkurs/hjelp til røykeslutt Bra mat-kurs (Kosthald) Oppfølgjande samtalar/kontakt

Deltakarane tek del i Frisklivstilbodet ei avgrensa periode. Etter dette er tanken at dei skal klare å gjennomføre varige livsstilsendringar på eiga hand og eventuelt ta del i allereie etablerte aktivitetar. Det vil variere kor lang tid ein vil ha behov for å vere i Frisklivstilbodet, og vi veit også at endring tek tid. Nokre vil kanskje ha behov for oppfølging etter ei tid på eiga hand. Ein frisklivsprosess kan sjå slik ut: Resept Tilbakemelding til tilvisar Kontakt med Frisklivssentralen Helsesamtale 1 Aktivitetsplan med mål og tiltak Reseptperiode (12-16 veker) Test før/etter Helsesamtale 2 Etablert aktivitetar og endringar utan resept Kva har vi i kommunen i dag? Aktiv i Volda - Aktiv Resept Aktivitetsplan som er vegvisar til ulike tilbod om fysisk aktivitet i regi av kommunen, lag og organisasjonar. Tilbod om Bra Mat- og praktisk matlagingskurs. Volda kommune har vore pilotkommune på helse i plan/kosthald og ernæring, og har pr. i dag 12 kursleiarar i Bra mat -konseptet der det er fokus på endring av livsstil gjennom endra kosthald og meir fysisk aktivitet. Dette er under vidareutvikling i lag med mellom anna diabetespoliklinikken ved Volda sjukehus. Lavterskel treningsgruppe i fysioterapitenesta Etablerte aktørar (Tren, Innersvingen, varmtvassbassenget med fleire) Natur/turmoglegheiter Røyk-Tobakk: Har årlege informasjonskampanjar i samband med Tobakksfri dag i lokalavis og på helseavdelinga. Manglar ein person som kan halde røykesluttkurs ut frå Motivasjonssamtalen. Mange frå likevel hjelp gjennom fastlegen. Dette er noko av det som finst pr. i dag. Her er også fleire tilbod som er aktuelle å i implementere i eit Frisklivstilbod og noko må utviklast ut i frå behov som blir avdekte. Vurdering og konklusjon: Det ligg god til rette for etablering av frisklivssentral i Volda kommune. Satsinga er i tråd med nasjonale føringar og er eit viktig ledd i å møte framtida sine helseutfordringar.

Helse og miljøkonsekvensar: Kartleggingar viser at ein stor del av dei personane som i dag er fysisk inaktive, ønskjer hjelp til å kome i gang med fysisk aktivitet. Å ha bra fysisk form gjer at ein har meir overskot i det daglege; både til arbeid og fritidsaktivitetar. Ein orkar å vere meir aktive på alle plan og dette har stor betydning for den enkelte si fysiske og psykiske helse og opplevd livskvalitet. Forsking viser at fysisk aktivitet er av stor betydning for ei rekkje livsstilsrelaterte sjukdomar. Kunnskap om riktig kosthald fører til meir opplagte barn, unge og vaksne. Med rett energiinntak vert barnehage, skule- og arbeidsdag lettare for den einskilde. Gode vaner i tidleg alder er viktig for helsa på lang sikt. Vi veit også at røykeslutt har store positive konsekvensar for helsa. For Voldasamfunnet vil det sjølvsagt vere positivt å ha friske, fornøgde og aktive innbyggjarar. Økonomiske konsekvensar: Volda kommune har nyleg tilsett fysioterapeut i 50% fast stilling. 50% stilling i Frisklivstilbodet blir knytt til denne stillinga. Ein vil då kunne utløyse fastlønstilskot for prosjektstillinga på kr. 81.000 pr. år. Stillinga blir finansiert ved bruk av samhandlingsmidlane. Total kostnad vil verte på kr. 220.000 inkl. driftsmidlar. Kostnadar til etablering, kompetanseheving, utstyr og liknande, vert dekt gjennom midlane ein har fått frå Møre og Romsdal Fylke. Beredskapsmessige konsekvensar: Ikkje aktuelt Jarle B Krumsvik adm. sjef Utskrift av endeleg vedtak: Klageinstans: