ØRSTA KOMMUNE PROTOKOLL Utval: Ørsta formannskap Møtestad: Ørstafjord, rådhuset Dato: 10.03.2015 Møtet starta 11:00 Møtet slutta 15:10 Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Rune Hovde Ordførar H Monika Barstad Rebbestad Medlem H Gunnar Knutsen Medlem V Paul Kristian Hovden Varaordførar KRF Wenche Volle Medlem FRP Petter B Bjørdal Medlem AP Ola Perry Saure Medlem SP Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Hanne Stokke Medlem AP Hans Olav Myklebust Medlem FRP Varamedlemar som møtte: Namn Møtte for Representerer Karen Høydal Hanne Stokke AP Odd Magne Vinjevoll Hans Olav Myklebust FRP Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Wenche Solheim Rådmann Mathias Kårstad Planleggjar Gunnar Wangen Leiar plan og miljø Rolf-Magnus Sundgot Leiar tekniske tenester, møtte innleiingsvis Toril Langlo Politisk sekretær, førte protokoll frå møtet Odd Magne Vinjevoll og Paul Kristian Hovden vart valde til å skrive under protokollen saman med ordførar.
Orientering i møtet Rolf-Magnus Sundgot, som er nytilsett leiar tekniske tenester, presenterte seg sjølv. SAKLISTE: Sak nr Tittel Arkivsaknr PS 25/15 PS 26/15 Godkjenning av innkalling og sakliste Referat og meldingar RS 16/15 Oppsummering frå møte om det interkommunale barnevernet 20.2.2015 2014/166 RS 17/15 Møre og Romsdal-Regional delplan klima og energi 2015-2020 2015/227 RS 18/15 Uttale frå årsmøtet i Ørsta Frp 2015/286 RS 19/15 Kjære ordfører! 2015/312 RS 20/15 Kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovdebygda - Ørstafjordkryssing 2012/1410 RS 21/15 Gjeld veg til kommunale tomter på Vartdal. 2014/1943 RS 22/15 Hovden skule tid for å investere i framtida 2015/308 PS 27/15 Legesenter - eige eller leige 2014/1922 PS 28/15 Offentleg ettersyn: Detaljreguleringsplan for Pettermarka 2013/1054 PS 29/15 Lenging av Torvmyrvegen - alternativ trase 2014/2336 PS 30/15 PS 31/15 2. gongs offentleg ettersyn: Kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovdebygda (vedlegg til saka er lagt som eige dokument på nettbrettet med tittel: Justering i planframlegg: Kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovdebygda) Eigengodkjenning: Detaljreguleringsplan for delar av næringsområdet ved Melsvegen 2012/1410 2014/366 PS 32/15 Åmbø - detaljreguleringsplan for massetak/deponi 2013/972 PS 33/15 Utvida eigengodkjenning: Områdereguleringsplan for Hovden næringsområde 2010/329 PS 34/15 Byregionen Volda-Ørsta. Analyse 2014/1842 PS 35/15 Månadsrapport januar 2015 2015/313 PS 36/15 Val av styremedlemar i Tussa Kraft AS 2015 - innstilling til valkomite 2015/138 PS 37/15 Tilbod om å ta over forvaltningsansvar for naturvernområde 2014/2528 PS 38/15 Galleri Bjørk - søknad om varig skjenkeløyve for lukka selskap 2014/2443
PS 25/15 Godkjenning av innkalling og sakliste Saksprotokoll i Ørsta formannskap - 10.03.2015 Innkallinga vart godkjent utan merknad. Saklista vart godkjent utan merknad. Innkallinga vart godkjent utan merknad. Saklista vart godkjent utan merknad. PS 26/15 Referat og meldingar Saksprotokoll i Ørsta formannskap - 10.03.2015 Referat og meldingar vart refererte utan merknader. Referat og meldingar vart refererte utan merknader.
RS 16/15 Oppsummering frå møte om det interkommunale barnevernet 20.2.2015 RS 17/15 Møre og Romsdal-Regional delplan klima og energi 2015-2020 RS 18/15 Uttale frå årsmøtet i Ørsta Frp RS 19/15 Kjære ordfører! RS 20/15 Kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovdebygda - Ørstafjordkryssing RS 21/15 Gjeld veg til kommunale tomter på Vartdal. RS 22/15 Hovden skule tid for å investere i framtida PS 27/15 Legesenter - eige eller leige Saksprotokoll i Ørsta formannskap - 10.03.2015 TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET: 1. Ørsta kommune går vidare med avtale med Ivar Asengt.10 AS og Legesenteret AS om etablering av nytt legesenter første halvdel av 2016. - Forhandlingsutvalet får mynde til å forhandle og inngå avtale med Ivar Aasengt.10 AS. - Forhandlingsutvalet får mynde til å inngå ny samarbeidsavtale med Legesenteret AS om kostnadsdeling og legevakt. 2. Administrasjonen skal synleggjere kostnad for samlokalisering av legesenter og helsestasjon i Ivar Aasengt. 10. Vurdering av økonomi og tilbodet til brukarane for dette alternativet. - Ei slik samlokalisering vil ivareta ei sterk tverrfagleg kompetanse. 3. Administrasjonen skal i 2022 legge fram sak for samordning av helsetenester på BakkOlamarka. Handsaminga (9 r.f) Saksprotokoll frå levekårsutvalet si handsaming av saka 03.03.15, samfunnsutvalet si handsaming av saka 03.03.15, eldrerådet si handsaming av saka 25.02.14 og råd for likestilling av funksjonshemma si handsaming av saka 16.02.15 vart utsendt før møtet på e-post og føya til saka på lesebrettet 09.03.15. Presentasjon med bilete, teikningar og situasjonsplan av Ivar Aasengt. 10 vart føya til saka på lesebrettet 09.03.15. Rådmannen orienterte i møtet om saksgangen og prosessen. AP og SP hadde slikt alternativt forslag til vedtak: 1 Ørsta kommune går vidare med tilbygging av ny fløy ved legesenteret i Dalevegen 24.
- Forhandlingsutvalet får mynde til å inngå samarbeidsavtale med legesenteret om kostnadsdeling og legevakt. 2 Tiltaket vert å legge inn i økonomiplanen 2016 2020 og i årsbudsjettet for 2016. 3 Oppstart bygging tidleg 2016 FRP fremja levekårsutvalet sitt vedtak pkt 2 som alternativt forslag til rådmannen si tilråding pkt 2 : 2 Administrasjonen skal synleggjere kostnad for samlokalisering av legesenter og helsestasjon i Ivar Aasengt. 10. Vurdering av økonomi og tilbodet til brukarane for dette alternativet. - Ei slik samlokalisering vil ivareta ei sterk tverrfagleg kompetanse. Ordførar bad om gruppemøte og gruppemøte vart halde. Røysteavklaring: Det vert røysta alternativt mellom rådmannen si tilråding og forslaget frå AP og SP. Dersom rådmannen si tilråding vert vedteken, vert det røysta punktvis over rådmannen si tilråding pkt 2 og alternativt forslag frå FRP til pkt 2. Vedtak: Rådmannen si tilråding vart vedteken med 6 mot 3 røyster (AP/SP) FRP sitt alternativ til pkt 2 vart samrøystes vedteke. 1. Ørsta kommune går vidare med avtale med Ivar Asengt.10 AS og Legesenteret AS om etablering av nytt legesenter første halvdel av 2016. - Forhandlingsutvalet får mynde til å forhandle og inngå avtale med Ivar Aasengt.10 AS. - Forhandlingsutvalet får mynde til å inngå ny samarbeidsavtale med Legesenteret AS om kostnadsdeling og legevakt. 2. Administrasjonen skal i samband med budsjetthandsaminga for 2016 legge fram sak med utgreiing av konsekvensar ved å leige areal til helsestasjonen i Ivar Aasengt.10. 3. Administrasjonen skal i 2022 legge fram sak for samordning av helsetenester på BakkOlamarka. PS 28/15 Offentleg ettersyn: Detaljreguleringsplan for Pettermarka Saksprotokoll i Ørsta formannskap - 10.03.2015 VEDTAK: Ørsta formannskap, som planutval, syner til framlegg til detaljreguleringsplan for Pettermarka. Med heimel i plan- og bygningslova 12-10, gjer planutvalet med dette vedtak om å legge
framlegget ut til offentleg ettersyn slik det ligg føre på plankart sist revidert 03.03.15 og med tilhøyrande føresegner. Før utlegging til offentleg ettersyn må det leggast fram justerte illustrasjonar, jf. endringane som forslagsstillar har innarbeidd i dei øvrige plandokumenta. Frist for å kome med merknader vert sett til 6 veker frå kunngjeringsdato. Monika Barstad Rebbestad bad om at gildskapen hennar vart vurdert då ho er medeigar i selskap som er part i saka. Ho gjekk frå møtet medan gildskapen vart vurdert. (8 røysteføre) Monika Barstad Rebbestad vart samrøystes kjend ugild. (8 røysteføre) Rådmannen si tilråding vart vedteken med 8 mot 0 røyster Ørsta formannskap, som planutval, syner til framlegg til detaljreguleringsplan for Pettermarka. Med heimel i plan- og bygningslova 12-10, gjer planutvalet med dette vedtak om å legge framlegget ut til offentleg ettersyn slik det ligg føre på plankart sist revidert 03.03.15 og med tilhøyrande føresegner. Før utlegging til offentleg ettersyn må det leggast fram justerte illustrasjonar, jf. endringane som forslagsstillar har innarbeidd i dei øvrige plandokumenta. Frist for å kome med merknader vert sett til 6 veker frå kunngjeringsdato. PS 29/15 Lenging av Torvmyrvegen - alternativ trase VEDTAK: Formannskapet syner til spørsmålet om ei alternativ vegløysing for forlenging av Torvmyrvegen. Formannskapet ber rådmannen iverksette ei fagleg utgreiing ved leige av konsulentteneste for å avklare om det er teknisk mogleg med ei slik løysing i området vest sørvest for dagens flyplassende. Det vert føresett at kostnadene vert dekt ved omprioritering innanfor eksisterande budsjett. Dersom det vert naudsynt å vurdere styrking av budsjettet for fullføring av utgreiinga eller andre prioriterte oppgåver som følgje av omprioriteringa, må anna finansiering avklarast. Vedtak samrøystes i samsvar med tilrådinga.
Formannskapet syner til spørsmålet om ei alternativ vegløysing for forlenging av Torvmyrvegen. Formannskapet ber rådmannen iverksette ei fagleg utgreiing ved leige av konsulentteneste for å avklare om det er teknisk mogleg med ei slik løysing i området vest sørvest for dagens flyplassende. Det vert føresett at kostnadene vert dekt ved omprioritering innanfor eksisterande budsjett. Dersom det vert naudsynt å vurdere styrking av budsjettet for fullføring av utgreiinga eller andre prioriterte oppgåver som følgje av omprioriteringa, må anna finansiering avklarast. PS 30/15 2. gongs offentleg ettersyn: Kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovdebygda VEDTAK: Ørsta formannskap syner til framlegg til kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovdebygda, samt til innkomne merknader til 1. gongs offentleg ettersyn. Med heimel i plan- og bygningslova 11-14, vert planframlegget lagt ut til 2. gongs offentleg ettersyn slik det ligg føre på plankart merka 2012007-01B, sist revidert 15.01.2015 og med tilhøyrande kartutsnitt og føresegn sist revidert 15.01.2015, samt andre plandokument sist revidert 15.01.2015 og 03.03.2015. Det må i tillegg gjerast slik endring: Det må innarbeidast naudsynte omsynssoner knytt til skog som er vurdert som avgjerande for dei fastsette rasfaregrensene. Rådmannen kan innarbeide desse sonene i samråd med NVE/rasfarekonsulent, men formannskapet ber om at omfanget vert avgrensa slik at dei i minst mogleg grad kjem i konflikt med skogbrukinteressene. Om naudsynt må plangrensene justerast. 1. Turveg til Brekkeheida, som synt på skisse i møtet 2. Industriområde Vikeurda/Selbervika, på område som i dag er regulert til småbåthamn, i tillegg til areal vestover, avgrensa som synt på kart i møtet Frist for å kome med merknader vert sett til seks veker etter kunngjeringsdato. Rådmannen orienterte og svarte på spørsmål. Rådmannen endra si tilråding slik (endringane er i kursiv): Med heimel i plan- og bygningslova 11-14, vert planframlegget lagt ut til 2. gongs offentleg ettersyn slik det ligg føre på plankart merka 2012007-01B, sist revidert 15.01.2015 og med tilhøyrande kartutsnitt og føresegn sist revidert 15.01.2015, samt andre plandokument sist revidert 15.01.2015 og 03.03.2015. Det må i tillegg gjerast slik endring: Det må innarbeidast naudsynte omsynssoner knytt til skog som er vurdert som avgjerande for dei fastsette rasfaregrensene. Rådmannen kan innarbeide desse sonene i samråd med NVE/rasfarekonsulent, men formannskapet ber om at omfanget vert
avgrensa slik at dei i minst mogleg grad kjem i konflikt med skogbrukinteressene. Om naudsynt må plangrensene justerast. Ordførar bad om gruppemøte og gruppemøte vart halde. Fellesforslag som tillegg til rådmannen si endra tilråding: 1. Turveg til Brekkeheida, som synt på skisse i møtet 2. Industriområde Vikeurda/Selbervika, på område som i dag er regulert til småbåthamn, i tillegg til areal vestover, avgrensa som synt på kart i møtet Rådmannen si endra tilråding m/tillegg vart vedteken med 9 mot 0 røyster Ørsta formannskap syner til framlegg til kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovdebygda, samt til innkomne merknader til 1. gongs offentleg ettersyn. Med heimel i plan- og bygningslova 11-14, vert planframlegget lagt ut til 2. gongs offentleg ettersyn slik det ligg føre på plankart merka 2012007-01B, sist revidert 15.01.2015 og med tilhøyrande kartutsnitt og føresegn sist revidert 15.01.2015. Frist for å kome med merknader vert sett til seks veker etter kunngjeringsdato. PS 31/15 Eigengodkjenning: Detaljreguleringsplan for delar av næringsområdet ved Melsvegen TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET: Ørsta kommunestyre syner til framlegg til detaljreguleringsplan for deler av Næringsområdet ved Melsvegen og til innkomne merknader. Etter ei samla vurdering finn kommunestyret å eigengodkjenne planframlegget jf. pbl 12-12, slik det ligg føre på plankart 2014001-01A sist revidert 02.03.15 med tilhøyrande føresegn sist revidert 04.03.15. Gunnar Knutsen er onkel til ei som driv konkurrerande verksemd og bad om at gildskapen hans vart vurdert. Knutsen gjekk frå møtet medan gildskapen vart vurdert. (8 røysteføre) Knutsen vart foreslått kjend gild i saka. Knutsen vart samrøystes kjend gild. (9 røysteføre)
Formannskapet vedtok med 7 mot 2 røyster (V/Krf) å legge saka fram for kommunestyret i samsvar med rådmannen si tilråding, Ørsta kommunestyre syner til framlegg til detaljreguleringsplan for deler av Næringsområdet ved Melsvegen og til innkomne merknader. Etter ei samla vurdering finn kommunestyret å eigengodkjenne planframlegget jf. pbl 12-12, slik det ligg føre på plankart 2014001-01A sist revidert 02.03.15 med tilhøyrande føresegn sist revidert 04.03.15. PS 32/15 Åmbø - detaljreguleringsplan for massetak/deponi TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET: Ørsta kommunestyre syner til Detaljreguleringsplan for massetak/deponi Åmbø og til innkomne merknader ved offentleg ettersyn. Med heimel i plan- og bygningslova 12-12 finn kommunestyret etter ei samla vurdering å eigengodkjenne planen slik den ligg føre på plankart 2013004-01A datert 02.03.2015 med tilhøyrande føresegn sist revidert 04.03.2015. Formannskapet vedtok med 9 mot 0 røyster å legge saka fram for kommunestyret i samsvar med rådmannen si tilråding Ørsta kommunestyre syner til Detaljreguleringsplan for massetak/deponi Åmbø og til innkomne merknader ved offentleg ettersyn. Med heimel i plan- og bygningslova 12-12 finn kommunestyret etter ei samla vurdering å eigengodkjenne planen slik den ligg føre på plankart 2013004-01A datert 02.03.2015 med tilhøyrande føresegn sist revidert 04.03.2015.
PS 33/15 Utvida eigengodkjenning: Områdereguleringsplan for Hovden næringsområde TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET: Ørsta kommunestyre syner til framlegg til områdereguleringsplan for Hovden næringsområde. Etter ei samla vurdering finn kommunestyret å eigengodkjenne planframlegget jf. pbl 12-12, slik det ligg føre på plankart 2011006-01C sist revidert 03.03.15 med tilhøyrande føresegn sist revidert 04.03.15. Formannskapet vedtok med 8 mot 1 røyst (Odd Magne Vinjevoll) å legge saka fram for kommunestyret i samsvar med rådmannen si tilråding. Ørsta kommunestyre syner til framlegg til områdereguleringsplan for Hovden næringsområde. Etter ei samla vurdering finn kommunestyret å eigengodkjenne planframlegget jf. pbl 12-12, slik det ligg føre på plankart 2011006-01C sist revidert 03.03.15 med tilhøyrande føresegn sist revidert 04.03.15. PS 34/15 Byregionen Volda-Ørsta. Analyse TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET: 1. Kommunestyret tek rapport 62: Byregionen Volda-Ørsta Utfordringar og muligheiter for regional utvikling og attraktivitet til vitende. 2. Kommunestyret vil ikkje søkje deltaking i KMD sitt Byregionprogram, del 2, men nytte rapporten i det vidare arbeid med kommunereform og revisjon av kommunal planstrategi, og seinare revisjon av samfunnsdelen av kommuneplanen. Formannskapet vedtok med 9 mot 0 røyster å legge saka fram for kommunestyret i samsvar med rådmannen si tilråding. 1.Kommunestyret tek rapport 62: Byregionen Volda-Ørsta Utfordringar og muligheiter for regional utvikling og attraktivitet til vitende.
2.Kommunestyret vil ikkje søkje deltaking i KMD sitt Byregionprogram, del 2, men nytte rapporten i det vidare arbeid med kommunereform og revisjon av kommunal planstrategi, og seinare revisjon av samfunnsdelen av kommuneplanen. PS 35/15 Månadsrapport januar 2015 TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET: Ørsta kommunestyre tek månadsrapporten for januar 2015 til vitende. Formannskapet vedtok med 9 mot 0 røyster å legge saka fram for kommunestyret i samsvar med rådmannen si tilråding. Ørsta kommunestyre tek månadsrapporten for januar 2015 til vitende. PS 36/15 Val av styremedlemar i Tussa Kraft AS 2015 - innstilling til valkomite VEDTAK: Ørsta formannskap innstiller med dette følgjande til vervet som Ørsta kommune sin styrerepresentant i Tussa Kraft AS, som er på val for perioden 2015-2017: Styremedlem: Inger Sandvik Sundnes Personleg vara: Knut Olav Standal Ordførar hadde forslag på: Styremedlem Inger Sandvik Sundnes, personleg vara Knut Olav Standal. Petter Bjørdal foreslo Karen Høydal som styremedlem.
Det vart røysta alternativt mellom forslaga. Karen Høydal fekk 4 røyster (AP/SP/Krf) og 5 røysta for Inger Sundnes som vart vald som styremedlem. Knut Olav Standal vart samrøystes vald som personleg vara. Ørsta formannskap innstiller med dette følgjande til vervet som Ørsta kommune sin styrerepresentant i Tussa Kraft AS, som er på val for perioden 2015-2017: Styremedlem : personleg vara : PS 37/15 Tilbod om å ta over forvaltningsansvar for naturvernområde VEDTAK: Ørsta kommune ønskjer å avvente prosessen med kommunestruktur før ein tek stilling til spørsmålet om overtaking av forvaltningsansvaret for naturvernområda i kommunen. Det lyt også følgje økonomi med overføring av nye oppgåver til kommunane. Vedtak samrøystes i samsvar med tilrådinga. Ørsta kommune ønskjer å avvente prosessen med kommunestruktur før ein tek stilling til spørsmålet om overtaking av forvaltningsansvaret for naturvernområda i kommunen. Det lyt også følgje økonomi med overføring av nye oppgåver til kommunane.
PS 38/15 Galleri Bjørk - søknad om varig skjenkeløyve for lukka selskap VEDTAK: Ørsta formannskap har vurdert søknaden om alminneleg skjenkeløyve frå Galleri Bjørk Marita Bett Jensen (org.nr. 993 842 303) motteke 27.11.2014 og fråsegnene som er mottekne i saka. Formannskapet gjev varig løyve for skjenking i lukka selskap i røykstova og i kunstgalleriet i Bakketunet. Det vert vidare gitt løyve for skjenking utandørs for lukka selskap ved kunstnarbustaden og på uteplassen. Områda er avmerka på vedlagde kartutsnitt. Løyvet gjeld alkohol i varegruppe 1, 2 og 3. Skjenkeløyvet for alkohol inn til 22 vol. % innandørs gjeld mellom kl. 11.00 og 01.00, men med løyve til skjenking til 02.00 natt til laurdag og søndag. Det vert gjeve løyve til å utvide skjenkinga til kl. 02.00 i romjula, med unnatak for natt til 1. juledag og natt til 2. juledag. Generell utviding til kl. 02.00 gjeld også for påskeveka, så nær som natt til langfredag og natt til 2. påskedag. Skjenkeløyvet for brennevin, varegruppe 3, innandørs gjeld mellom kl 13.00 og kl 24.00 alle dagar. På uteareala gjeld løyvet for alkohol inn til 22 vol % mellom kl. 11.00 og 01.00, men med løyve til skjenking til 02.00 natt til laurdag og søndag. Skjenkeløyve for brennevin, varegruppe 3, gjeld mellom 13.00 24.00. Konsum av alkohol på dei omtalte areala skal vere slutt seinast 30 minutt etter at skjenketida er ute. Løyve gjeld for perioden 15. mars 2015 30. juni 2016. Marita Bett Aakre vert godkjent som styrar for skjenkeløyvet, og Torbjørn Hoel Saure vert godkjent som vara for skjenkestyrar. Det vert sett som vilkår at styrar må ha avlagt godkjent kunnskapsprøve innan 15. mars 2015. Ørsta formannskap minner om at forskrift om omsetning av alkohol pålegg alle sals- og skjenkestadar å utarbeide eit internkontrollsystem, med sikte på systematisk opplæring av tilsette og oppfølging av lovverk og vilkår for løyve. Vedtaket er heimla i alkohollova 1-6 1-7c, 1-10, og 4-1 4-4, rusmiddelpolitisk plan kapittel 7 og delegeringsreglement for Ørsta kommune. Oversendingsframlegg til rådmannen: Søknadsskjema skjenkebevilling side 4 (av 5). Skjenkeareal innandørs/utandørs. Søkjar må gjere greie for om lokale er i samsvar med universell utforming og evt. korleis dei vil løyse det. Karen Høydal hadde følgjande forslag som oversendingsframlegg til rådmannen, og som vart fellesforslag:
Søknadsskjema skjenkebevilling side 4 (av 5). Skjenkeareal innandørs/utandørs. Søkjar må gjere greie for om lokale er i samsvar med universell utforming og evt. korleis dei vil løyse det. Vedtak 8 mot 1 røyst (Krf) i samsvar med tilrådinga. Oversendingsframlegget vart samrøystes vedteke. Ørsta formannskap har vurdert søknaden om alminneleg skjenkeløyve frå Galleri Bjørk Marita Bett Jensen (org.nr. 993 842 303) motteke 27.11.2014 og fråsegnene som er mottekne i saka. Formannskapet gjev varig løyve for skjenking i lukka selskap i røykstova og i kunstgalleriet i Bakketunet. Det vert vidare gitt løyve for skjenking utandørs for lukka selskap ved kunstnarbustaden og på uteplassen. Områda er avmerka på vedlagde kartutsnitt. Løyvet gjeld alkohol i varegruppe 1, 2 og 3. Skjenkeløyvet for alkohol inn til 22 vol. % innandørs gjeld mellom kl. 11.00 og 01.00, men med løyve til skjenking til 02.00 natt til laurdag og søndag. Det vert gjeve løyve til å utvide skjenkinga til kl. 02.00 i romjula, med unnatak for natt til 1. juledag og natt til 2. juledag. Generell utviding til kl. 02.00 gjeld også for påskeveka, så nær som natt til langfredag og natt til 2. påskedag. Skjenkeløyvet for brennevin, varegruppe 3, innandørs gjeld mellom kl 13.00 og kl 24.00 alle dagar. På uteareala gjeld løyvet for alkohol inn til 22 vol % mellom kl. 11.00 og 01.00, men med løyve til skjenking til 02.00 natt til laurdag og søndag. Skjenkeløyve for brennevin, varegruppe 3, gjeld mellom 13.00 24.00. Konsum av alkohol på dei omtalte areala skal vere slutt seinast 30 minutt etter at skjenketida er ute. Løyve gjeld for perioden 15. mars 2015 30. juni 2016. Marita Bett Aakre vert godkjent som styrar for skjenkeløyvet, og Torbjørn Hoel Saure vert godkjent som vara for skjenkestyrar. Det vert sett som vilkår at styrar må ha avlagt godkjent kunnskapsprøve innan 15. mars 2015. Ørsta formannskap minner om at forskrift om omsetning av alkohol pålegg alle sals- og skjenkestadar å utarbeide eit internkontrollsystem, med sikte på systematisk opplæring av tilsette og oppfølging av lovverk og vilkår for løyve. Vedtaket er heimla i alkohollova 1-6 1-7c, 1-10, og 4-1 4-4, rusmiddelpolitisk plan kapittel 7 og delegeringsreglement for Ørsta kommune.