Nissedal kommune Møteinnkalling Formannskapet Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: 02.10.2014 Tidspunkt: 13:00 Forfall skal meldast på tlf. 35 04 84 00. Varamedlemmer møter berre ved særskilt innkalling. Halvor Homme ordførar Side1
Saksliste Utvalssaksnr PS 21/14 PS 22/14 Innhald Saker til behandling Søknad frå Tarraldsen Trappa om støtte ved kjøp av industribygg Referat- og drøftingssaker Side2
Sakertilbehandling Side3
Sakertilbehandling Side4
Nissedal kommune Arkiv: Saksmappe: Sakshandsamar: Dato: U33 2013/1590-13 Kari Hagelia Olstad 23.09.2014 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 121/14 02.10.2014 Kommunestyret 71/14 02.10.2014 Søknad frå Tarraldsen Trappa AS om støtte ved kjøp av industribygg Vedlegg: 1 Søknad om støtte Fakta i saka: Denne saka har etter kvart ei lang historie. 19.12.13 vedtok kommunestyret at Nissedal kommune skulle stifte eit eigedomsselskap saman med Sparebanken Din for å kjøpe industribygget til Tarraldsen Trevare. Eigarandelane skulle fordelast med 52% på Nissedal kommune og 48% på Sparebanken Din. Nissedal kommune skulle legge inn kr 500.000 i selskapet. Dette var ei investering som blei lagt inn i investeringsbudsjettet for 2014. 19.06.14. Forhandlingar i etterkant medførte ny sak med framlegg om at Nissedal kommune skulle kjøpe bygget aleine for kr 5,1 mill med føremål å leige ut bygning og tomt til Tarraldsen Trappa AS. Føresetnaden var at det kom i stand ein leigeavtale mellom Nissedal kommune og Tarraldsen Trappa AS. Leiga skulle dekke utgiftene kommunen hadde; sjølvkost. Leigetakar skulle ha rett til kjøp, prisen skulle då vere gjenståande gjeld. Kommunestyret vedtok samrøystes å utsetje saka.." for å kunne stadfeste reell marknadsverdi av bygget". Nissedal kommune engasjerte så takstmann for å berekne marknadsverdien. Denne blei berekna til kr 4,275 mill. Ny sak blei lagt fram for Kommunestyret 4.09.14 der framlegget var at Nissedal kommune kjøpte bygget til denne prisen. Føremålet var utleige til Tarraldsen Trappa AS som tidlegare. Eit fleirtal i Kommunestyret røysta mot kjøp. Det var diskusjon kring reell marknadsverdi og strategiar for Nissedal kommune sitt engasjement i næringsbygg. Tarraldsen Trappa AS ønsker nå å kjøpe eigedomen sjølv, og søker Nissedal kommune om tilskot på inntil kr 500.000 for å klare krav til eigenkapital ved låneopptak. Vurdering: Under handsaming av dei føregåande sakene har det stadig kome fram at det beste ville vere om verksemda Tarraldsen Trappa AS kjøpte næringseigedomen sjølv. Side5
Problemet for verksemda har vore at dei har lagt inn mykje eigenkapital og tatt opp lån for å overta sjølve driftsapparatet. I oppstartfasen har det vore stor risiko for verksemda å ta opp lån til kjøp av bygget. Tarraldsen Trappa AS har vist svært stor vilje og arbeidsinnsats for å vidareføre trappefabrikken. Leiinga har informert om god ordretilgang og eit godt driftsresultat 1.halvår. Det er ein viktig lokal arbeidsplass med 12 tilsette. Nissedal kommune og Sparebanken Din har begge uttalte mål om å støtte opp om lokalt næringsliv. Tarraldsen Trappa AS har lånt i Sparebanken Din. Det er viktig for banken at verksemda går godt, og at banken gir denne gode vilkår slik at dei kan handtere gjelda. Ved lån til kjøp av industribygget må banken ta eit større ansvar i oppstartfasen t.d vedrørande krav til eigenkapital, rentesats, avdragsfri periode - for å legge eit godt grunnlag for vidare drift. Dette vil også banken vere tent med. Nissedal kommune har to næringsfond; Nissedal kommunale næringsfond og Kommunalt næringsfond KMD-midlar.( Midlar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, tidlegare KRD)Nissedal kommune deltar også i Småkommuneprogrammet. Dette er eit program som skal styrke kommunens utviklingskapasitet, og det er knytta sterke føringar til bruken av midla. "Midlene kan ikke brukes til faste driftskostnader eller til investeringer i fysiske installasjoner (bygninger, veier, torg etc.)" Nissedal kommunale næringsfond hadde kr 268.000 til disposisjon for 2014. Her står igjen ca kr 30.000. Tarraldsen Trappa AS har tidlegare søkt om tilskot til marknadsføring. Det blei lagt fram sak til formannskapet 21.08.14 med tilråding å løyve kr 25.000. Saka blei utsett " til sak om kjøp av næringsbygg er avklart". Det er mogleg å legge til desse midla. Det kan også vere mogleg å løyve midlar forskotsvis dvs. å gje tilsegn om midlar frå fondet i 2015. Dette vil sterkt redusere handlingsfridomen for neste år. Kommunestyret må godkjenne ei slik løyving. Gjennom Kommunalt næringsfond KMD, har kommunen tilsegn om kr 309.000 for 2014.Handlingsplan for bruk av midla er godkjent av Kommunestyret 19.06.14 og er nå til godkjenning i fylket. Eit overordna mål er å utvikle arbeidsplassar og auke verdiskapinga. Pkt 3 i planen lyder :" Støtte til næringsetablering med særleg fokus på nærings basert på lokale ressursar, utvikling av nye tilbod og styrking av kompetanse." Planen har 4 prioriterte område, og nokre av midla er bundne opp til profilering, infrastruktur og administrasjon; tilsaman ca 115.000. Det ligg også inne ein søknad om midlar frå ei anna lokal bedrift, denne er ikkje behandla sidan ein har venta på godkjenning frå fylket. Ledige midlar vil vere ca kr 100.000. Midla må i prinsippet søkjast gjennom www.regionalforvaltning.no Det er mogleg å kombinere desse fonda og gje ei samla løyving. Ein har elles undersøkt om kommunen har ståande midlar på ubundne fond, men her er ikkje tilgjengelege midlar. Hadde kommunen gått inn med investeringsmidlar i eit selskap saman med Tarraldsen Trappa AS, ville ein kunne lagt løyvinga inn i investeringsbudsjettet. Dei politiske vedtaka tyder på at det ikkje er ønskeleg. Ved løyvingar av næringsfondsmidlar må ein freiste i størst mogleg grad å likebehandle. Til enkeltmannsføretak har løyvingane vore på kr 20.000 kr 30.000 frå Nissedal kommunale næringsfond. Til større verksemder har ein løyvd større beløp. I 2013 blei Side6
det løyvd kr 50.000 til Nissedal totalbygg AS og kr 175.000 til Telemark Treindustri frå KRD-fondet. Hitec products fekk løyvd kr 50.000 ved oppstart av lokalkontoret i Treungen. Gjennom Småkommuneprogrammet har Treungen Teknologipark fått midlar til utvikling av kompetansearbeidsplassar - kr 250.000 fordelt på 2 år. Tarraldsen Trappa AS er ei verksemd med 12 tilsette med eit sterkt behov for å få trygge rammer for å drive vidare. Ei samla løyving kan vere: Nissedal kommunale næringsfond 2014: kr 55.000 Kommunalt næringsfond KMD 2014 : kr 100.000 Nissedal kommunale næringsfond 2015: kr 150.000 Til saman : kr 305.000 Hovudmålet i Strategisk næringsplan for Nissedal kommune er: "Styrke og vidareutvikle lokalt næringsliv for å vere attraktiv for busetjing og reiseliv. Nissedal skal framleis vere ein ja-kommune der ulike regelverk skal nyttast for å sjå moglegheiter ikkje hindringar." Under arbeidet med næringsplanen blei det lagt vekt på at det var viktig med næringsareal, både uteareal, og ikkje minst innandørs areal for å møte utviklinga med auka satsing på kompetansearbeidsplassar. Eit delmål i planen er: " Legge til rette for attraktive bustad- og næringstomter/ næringsareal i alle grender". Kommunen har i dag utandørs næringsareal, men har vore forsiktig med å involvere seg i bygg. I debatten kring deltaking i næringsbygget til Tarraldsen har det kome ønske om at Nissedal kommune skal ha ein god strategi på korleis ein skal engasjere seg i næringsbygg. Andre kommunar går inn med aksjekapital i næringsbygg saman med bedrifter og næringsselskap t.d Vest-Telemark næringsbygg. Næringshagane i Fyresdal og Kviteseid er døme på dette. Eit slikt samarbeid er mest aktuelt ved nybygg eller ei vidareutvikling av eit eksisterande bygg. I denne aktuelle saka er det spørsmål om eit reint tilskot, som ein må ta stilling til. Nissedal kommune bør likevel utarbeide ein strategi for deltaking i næringsbygg for framtida. Rådmannen si tilråding: Nissedal kommune løyver tilsaman kr 305.000 til Tarraldsen Trappa AS. Tilskotet skal nyttast i samband med overtaking av næringsbygg/ næringstomt gnr 33 bnr 166 og dermed bidra til eit godt grunnlag for vidare drift av verksemda i Tarraldsen Trappa AS. Løyvinga fordeler seg slik: Nissedal kommunale næringsfond formannskapet konto 14703.1410.3250 budsjett 2014: Kr 55.000, løyvinga omfattar også tidlegare søkt marknadsføringsstøtte på kr 25.000. Nissedal kommunale næringsfond formannskapet konto 14703.1410.3250 budsjett 2015: Kr 150.000 under føresetnad av godkjenning frå Kommunestyret. Kommunalt næringsfond, KMD konto 14700.1414.3250 budsjett 2014: Kr 100.000. Nissedal kommune forutset at Sparebanken Din legger til rette for gunstige vilkår for Tarraldsen Trappa AS. Side7
Side8
Side9
Nissedal kommune Arkiv: Saksmappe: Sakshandsamar: Dato: 033 2014/26-43 Anne Aarak 02.10.2014 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 122/14 02.10.2014 Referat- og drøfingssaker a) Ulike næringssaker Rådmannen si tilråding: Referat- og drøftingssaker vert teken til vitande. Side10